Aldri fred 책 f책 ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 1
1
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 3
Ingunn Røyset
Aldri fred å få Roman
Samlaget Oslo 2015
Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 5
1 – Dritbaby! Eg held meg for øyra, men eg høyrer det likevel. Kvifor må sånne skitungar skrike så fælt? Det er lyst ute, sjølv om det er natt. Snart midt på natta, ser eg på telefonen min. Ikkje eingong om natta kan den skitungen halde stilt. Det vart ein gut, sjølvsagt. Så heldig kunne eg ikkje vere at når mamma endeleg skulle ha baby, så vart det ei veslesøster. Nei da, såpass flaks går det ikkje an å ha. Han kom altfor tidleg også. Eg rakk nesten ikkje å gle meg til å bli storesøster, så måtte mamma på sjukehuset. Broren var så liten at han heldt på å døy med det same han vart fødd. Det er derfor mamma har vore på sjukehuset så lenge. Ho og babyen kom ikkje heim før i går. Og då fekk eg ikkje halde han eingong. Han skreik heile tida. Pappa lurte på om det var noko med magen. Det er noko med magen, min mage. Eg har ete for mykje sjokoladepålegg. Det har blitt slik no når mamma har budd på sjukehuset, med Kjartan. Han skal heite 5
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 6
Kjartan, den skrikarungen! Dei klarte ikkje å finne eit verre namn. Eg har ikkje fortalt noko om det på skulen. Eg har sagt til Stine at han ikkje har fått noko namn enno. Stine har ei veslesøster. Ho er lita og søt og smiler når ho ser meg. Ho har ein bror også. Han er ikkje søt. Han går i klassa under oss. Dei bur like ved brua, men vi går ikkje i lag til skulen. Pappa køyrer meg. Eg har ikkje sagt noko om at det går an å gå heile vegen. Eg snakkar ikkje om gamle dagar med pappa. Han berre ler og tøysar med meg. Eg prøvde å fortelje mamma om krigen med det same eg kom heim frå gamle dagar, men ho berre strauk meg over panna og sa at eg hadde drøymt. Etterpå var ho så trøytt, heile tida. Og så reiste ho på sjukehuset og kom ikkje heim igjen. Ikkje før i går. Men eg og mormor snakkar om det. Vi snakkar mykje om gamle dagar. Vi har vore der, begge to. I krigen. Både mormor og eg veit kor skummelt det er å sitje i ein mørk potetkjellar når du ikkje anar om bombene vil treffe deg, eller ein båt ute på sjøen. Og kor rar du blir i magen når du ser ein mann i uniform kome mot deg. Eller så er det fordi du har ete rå brødskive til frukost, berre fordi det ikkje er noko anna å ete. Vi veit korleis morfar såg ut då han var liten, både 6
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 7
eg og mormor. Og at han var fin når han smilte. Vi kjenner Belinda også. Det er bestevenninna vår. No må eg klare meg med Stine. Eg har ikkje vore i gamle dagar fleire gongar, ikkje etter at eg vart bra igjen av øyreverken. Det stikk i øyra mine berre av og til. Mamma masar om at eg må gå med hue. Ho veit ikkje at det berre er vondt fordi tyskaren slo meg. Han sinte med støvlane. Eg vil ikkje tilbake. Når eg legg meg om kvelden, i den gamle skuvsenga eg har arva etter mormor, passar eg på å ikkje tenke på krigen. Eg kan kome dit igjen. Spesielt når eg har sjokoladesmak i munnen, det var sånn eg kom dit sist. Eg berre vakna, og så var det krig. Eg var mormor i gamle dagar. Eg måtte ha på meg kleda hennar på skulen. Ein veldig rar skule. Det var nokon som mobba der også. Spesielt nokon som heitte Guldis og Perry. Det er ikkje så lett å la vere. Eg tenker ofte på oldefar og oldemor. Og Kalla, som vart morfaren min då han vart gammal. Det er heilt sprøtt å tenke på. Og så har eg ofte sjokoladesmak i munnen. Eg har vore mykje hos mormor når mamma har vore på sjukehuset. Eg har sprunge over marka til huset hennar. Mormor har alltid sjokoladepålegg i skuffa, og så kan ho mange historier. Dei fleste har ho fortalt før, men av og til fortel ho ei ny. Ei som eg aldri har høyrt før. 7
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 8
Men eg har sagt til henne at eg berre vil høyre slike som endar godt. Vi snakkar ikkje om Rikka meir. Då begynner eg alltid å gråte. Eg vil ikkje tenke på eksplosjonen og metallbitane som regna ned over oss. Eg vil ikkje tenke på Rikka og kor redd ho måtte vere, rett før steinen trefte henne i magen. Eg kan aldri meir klappe Rikka. Stine kan klappe kattane sine. Ho har til og med to. Men dei er ikkje like fine som Rikka var. Det er ingen som er så fin som Rikka. – Snufs. No er det nokon som går oppe på loftet, på soverommet til mamma og pappa. Eg høyrer det er han, på stega. Han går slik som han gjekk i går kveld, rundt i ring, med babyen liggande på armen. Så liten er han. Men han vræler høgt, han der Kjartan. Det er ikkje berre fordi han hyler, det er vanskeleg å sove, eg tenker på krigen kvar kveld no. At eg ikkje skal tenke på han. At eg ikkje må vakne og vere i gamle dagar igjen. Heldigvis er det lyst ute. Sola er utanfor vindauget mitt når eg legg meg. Det er varmt, sjølv om oldemor ikkje har lagt ein oppvarma stein i senga mi. Eg veit kvar oldemor er no. Eg har sett gravsteinen på kyrkjegarden, med namnet hennar og oldefar sitt. Gravsteinen til morfar har eg også sett. Det er rart å tenke på at Kalla er død. 8
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 9
Belinda er levande, men ho bur langt vekke. I Finnmark. Eg klarer ikkje å lese kva ho skriv i breva til mormor, det er for mange krøllar på bokstavane. Dei har blitt venner igjen, og no skriv dei brev til kvarandre. På papir. Mormor fortel meg når det er noko spennande. I dag vart ho heilt still då ho las. – Store mi tid! sa ho. – Kva er det? spurde eg. Då begynte mormor å fortelje. Først var det den forteljinga eg kunne frå før, den om faren til Belinda som levde i skjul som engelsk agent under krigen, med ein radiosendar han sende meldingar med til London. Han vart oppdaga og måtte rømme, men alle som hjelpte han i Noreg, var tatt av tyskarane, slik at han låg og venta på ein båt frå Shetland som aldri kom, og heldt på å svelte i hel. Men det gjekk bra. Det var fordi Belinda, Kalla og eg ikkje klarte å ro heilt til England, men i staden hamna på akkurat den øya faren til Belinda var. Og så sa eg at mormor godt kunne hoppe over den neste delen av historia, den med at eg rota det til. For det gjekk bra til slutt, det gjorde det. Faren til Belinda redda seg over til England, og alle jubla då han kom tilbake til Noreg etter krigen, men akkurat der begynte den nye historia. 9
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 10
– Han hadde det ikkje så greitt etter krigen, han Ammen. Det er det faren til Belinda heiter. – Ja, han er død no, sa mormor. Han også. – Men då han levde, hadde han så mykje mareritt om natta at han ropte høgt, skriv Belinda. Mormor såg ned i brevet. – Og så sa han ting, slikt som var vanskeleg å forstå. Ho las høgt. – «Han snakka om ei kasse eller kiste frå den tida han låg i skjul i Noreg. Det var litt vanskeleg å forstå. Han var litt uklar på slutten, han far. Men han fekk ikkje ro for den kista. Det var det siste han bad meg om, at eg måtte leite henne opp og ta henne derifrå. Hadde eg berre visst kva han meinte.» Det stod ikkje noko meir. Berre at Belinda skulle kome og besøke mormor snart, om helsa heldt. Men det skriv Belinda i kvart brev. Ho har ikkje kome enno. Eg veit ikkje kva han Ammen meinte, eg heller. Men eg hugsar han hadde mange tunge kasser med seg då det var krig. Kanskje det var ein skatt i ei av dei? Då trur eg eg veit kvar eg skal leite. Det er stilt på loftet no. Pappa har slutta å gå. Det er ingen lydar, anna enn bølgjene som slår mot fjørestei10
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 11
nane. Der nede ligg båten, den gamle til oldefar. Pappa har sagt vi skal ta han ut og fiske når det blir vår. Han veit ikkje at eg har vore på tur i han alt, mykje lenger enn ut til Fludene. Stine trudde ikkje på det, at eg har rodd heilt ut til Skorpa. Eg angrar på at eg fortalde henne det. Eg er redd ho skal seie til dei andre i klassa at eg er ei sånn som finn på ting. Derfor har eg ikkje sagt noko meir om gamle dagar. Eg kjenner dei ikkje enno, alle i klassa mi. Eg har ikkje gått der så lenge. Det er i alle fall ein normal skule, utan utedo. Nei, det må eg ikkje tenke på, eg må ikkje tenke på gamle dagar i det heile. Eg må tenke på båtturen, min og pappa sin. Eg skal spørje han i morgon tidleg, om vi kan dra på fisketur. Kanskje han har tid då. – Ææææææææææææææææ! Eller eg kan spørje Stine.
11
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 12
2 – Båttur? Stine ser ut som om ho ikkje forstår kva eg meiner. – Ja, med ein sånn som ligg på sjøen og du kan ro med, fram og tilbake. Eg viser med hendene. – Ro? Eg lurer på om ansiktet til Stine kunne sett enda rarare ut viss eg hadde fortalt at det var ein gong eg hadde tenkt å ro heilt til England, eg og Kalla og Belinda. Stine har ikkje tenkt seg ut på sjøen. Eg blir med henne inn. Veslesøstera hennar er der. Ho smiler og peikar på meg. – Da! – Dagny, rettar eg. – Da, seier ho. Broren hennar er her også. Eg veit han heiter Anton. Han sit framfor TV-en med nettbrettet sitt. Han ser ikkje opp. – Kva skal vi halde på med? spør eg. – Veit ikkje, seier Stine. 12
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 13
Ho seier ofte det, men ho var den einaste som spurde om eg ville vere med i det første friminuttet den første dagen på den nye skulen. Denne skulen er ny, med rullestolrampe utanfor og do inne. Dei andre i klassa mi veit ikkje kor heldige vi er som slepp å tørke oss i rumpa med avispapir. Eg veit kva eg har lyst å gjere. Eg skubbar til sides blendingsgardinene og ser ut på sjøen. – Slutt, seier Anton. – Eg ser ingenting. Han kikar ikkje opp frå nettbrettet sitt. På TV-en ler dei høgt. Katten ligg i ein ring og seier ingenting. Eg klappar han. Veslesøstera kjem bort og klappar han, ho også. Så skvett ho. – Kva i søren? seier Anton. Det er heilt stilt. Mora har slått av TV-en. No går ho bort og dreg vekk gardinene også. Anton held seg for auga, så lyst blir det. – Legg vekk det nettbrettet, eller så kastar eg det i do, seier mora. Stemma hennar er høg. – Mamma, då, seier Stine. Mora er raud i ansiktet, men ho seier ikkje noko meir. Ho berre løftar opp veslesøstera og går ut av rommet. Like etterpå kjem ho inn igjen. No har ho på seg jakke. 13
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 14
– Har de ikkje lyst ut? seier ho. – Ut? seier Stine. Vi står utanfor huset og ser på når mora ryggar ut bilen. Veslesøstera vinkar i baksetet. – Kva skal vi halde på med? seier eg. – Veit ikkje, seier Stine. Eg veit. Vi går i lag bortover til brua. Anton går bak oss. – Er det sant! spør Stine. – At det finst ein skatt der? Eg har ikkje sagt alt. Berre at det finst ei kiste ein stad, ei kiste med ein skatt frå gamle dagar. Eg seier ikkje at eg kanskje har vore med og løfta den kista. Her må det vere. Det står eit hus klin inni der stien brukte å starte. No er det ingen sti her, berre tett med tre. – Eg veit ikkje om det er her han gløymde igjen kista. Det kan vere ein annan stad også, seier eg. – Men vi kan sjå i hòla først, ho er nærmast. – Går det ikkje an å køyre dit? spør Anton. Eg ser på han. – Har du aldri vore der? Veit du ikkje kvar Ormeura er? Når eg seier det, høyrer eg at eg liknar på Kalla. Det ser ikkje ut som det er nokon som har vore der, ikkje på lenge. Eg finn ikkje stien før eg er langt ned14
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 15
over langs elva. Eg er ikkje sikker på at det er ein sti eingong, før eg ser Lisjebrua. Steinen ligg over elva slik som han skal ligge. Det er berre å gå over. Anton klagar heile vegen. Han seier han er våt på føtene. Eg kjenner eg er kald på beina, eg også, men no er vi der snart. Steinane har ikkje ramla lenger sidan sist. Dei ligg på same staden, men det har kome mange fleire tre. Kvar er den plassen han gøymde seg, faren til Belinda? Der han hadde radioen sin og vi kunne sjå nesten til England. – Sjå, ropar Stine. – Ei hòle. Ho står innimellom to steinar, men det er ikkje der. Det er ikkje skikkeleg tak over. Det må vere lenger nede. Kan det vere her? Eg må under denne steinen. – Er det farleg? spør Stine. Eg ser geværet når ho seier det. Inni meg. Eg ser for meg korleis geværet pressa på kåpa mi, rett nedanfor den øvste knappen. Eg hugsar trykket av den harde kanten mot brystet, og dei tyske støvlane rett framfor meg. – Nei, seier eg. – Dette er ikkje farleg. Eg bøyer meg og kryp, med den store steinen hengande over meg. Den som har ramla ned frå fjellet for lenge sidan. Når eg kan sjå framover igjen, er eg der, inne i hòla. Det er svart, med berre ein sprekk ut til havet og himmelen. 15
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 16
3 – Det er ekkelt her, seier Anton. Han er inne i hòla, han også. Saman med meg og Stine. – Det luktar. Anton løftar opp foten sin. Eg kjenner at det luktar, eg også. – Æsj, du har trakka i sauebæsj. Stine hyler. – Du har det på hendene også. Ikkje ta på meg! Når begge to har sprunge ut av hòla, kan eg sjå litt betre. Det var her han budde, faren til Belinda. Heilt til tyskarane kom og han måtte rømme igjen. Det er liten plass her inne, men det var her han hadde radioen sin. I ei kasse. Han pakka han berre ut når han sende meldingar. Han Ammen hadde fleire andre kasser også. No ser eg ingenting som liknar på krigen, sjølv om det er vanskeleg å sjå i krokane. Eg trur det der borte er sauebæsj. Dei er runde og små. Saueperler, sa Kalla. Han og eg hjelpte faren til Belinda med å gøyme ting. Det 16
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 17
gjekk så fort at eg ikkje hugsar heilt kvar vi gjorde av det. Det er i alle fall ingenting her inne. Eg kryp gjennom opninga ut til Stine og Anton. Dei ser ikkje på sjøen, dei ser på skoen til Anton. Det er sauebæsj på han enno. – Kva er eigentleg i den kista? spør Stine. – Veit ikkje, seier eg. Eg veit kva som var i nokre av kassene. Radioen, og så var det nokre med våpen i. Det hugsa eg Kalla kviskra. Eg seier det ikkje høgt no heller. Vi leitar litt i Ormeura. Det er ingenting mellom steinane. Berre nokre ròtne fjøler. Dei kan vere frå krigen. – Det er over 70 år sidan, seier Stine. Eller dei kan vere litt nyare. Vegen ned gjennom Ormeura er ikkje nokon snarveg, i alle fall ikkje når Anton klagar. – Eg er svolten. Han syter når han må klatre over steinane også. Heile tida. Nede ved naustet finn eg nøkkelen. Eg veit kvar han er. Det er berre å stige på ein stein og hekte han av spikaren han heng på under taket. Nøkkelen er stor og rusten. Han passar til den vesle døra på sida av naustet. Det var ingen kasser i Ormeura, tyskarane fann nok alt som var gøymt der. Dei fann til og med det hemmelege geværet til faren til Kalla. Då er det berre ein stad skatten kan vere. Ute på Skorpa. 17
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 18
Den øya finst, sjølv om det er lenge sidan krigen. Ho ligg der ute på havet enno, litt utanfor Fludene. Den fiskeplassen pappa vil vise meg når han får tid. Og viss han får ut båten. Det er mykje rot her inne i naustet, men eg ser ein båt under alt tauet og fiskesnøra. Der er jakka til oldefar. Den kjenner eg igjen. Det var den faren til Belinda lånte då tyskarane kom og han skulle late som han var ein vanleg far som var ute og rodde. Det er eigentleg ikkje så vanleg at fedrar er ute og ror. Eg har aldri sett pappa gjere det. – Er det der du er? Du må hugse å seie ifrå når du går nokon stad, seier pappa. Vi har gått opp heile sjøvegen for å be pappa hjelpe å ta ut båten, men det nyttar ikkje å spørje han no. Han trillar Kjartan fram og tilbake på steinhellene framfor gamlehuset. Eg ser berre barnevogna, men eg høyrer skrikinga. – Kvar er mamma? – Ho ligg og kviler seg litt. Kjartan sluttar ikkje å skrike. Pappa trillar barnevogna opp på bilvegen og går utover, forbi postkassestativet. Det er heilt stilt ved gamlehuset. Stine og Anton står ved sida av meg. Anton ser på spelet på telefonen sin. – Eg er svolten, seier han. 18
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 19
Vi får skive av mormor, med sjokoladepålegg på. Stine og Anton får lov å ete det sjølv om det er måndag. Det er påskeferie enno. – Det er lenge sidan den båten har vore på sjøen, seier mormor. Ho har ikkje vore nede ved naustet på lenge. Det er så tungt å puste i motbakkane, seier mormor. Det synest Anton også. – Men han er liten og lett å ro, den båten. Han pappa fór aldri lenger enn ut på Fludene med han, seier ho. Eg ser på henne. – Bortsett frå når han hadde eit viktig ærend ein annan stad, seier mormor. Vi ser på kvarandre og veit. Men eg har ikkje tid til at mormor skal snakke om oldefar og krigen no. Eg må høyre meir om skatten til Belinda. – Kva trur du er i den kista, mormor? – Er det gullmyntar i henne? spør Stine. Anton stoppar å spele på telefonen. – Ja, det har eg lese om i avisa, seier eg. Mormor får aviser av papir i postkassa. Eg les dei, sjølv om eg ikkje går på utedo lenger. – Dei måtte springe og gøyme gullmyntane i Noregs Bank då tyskarane kom, elles hadde han Hitler tatt alt saman. 19
Aldri fred å få ferdig.qxd_mat 01.07.15 11:08 Side 20
Eg ser på mormor. – Ikkje sant, mormor? Mormor nikkar. – Kanskje dei gøymde gullet ute på Skorpa? Bak sommarfjøsen? seier eg. – Eg trur no helst det er noko som kom frå England, seier mormor. – Noko som faren til Belinda hadde med seg. – Noko fint som Belinda skulle få? spør eg. Eg tenker på den fine dokka tyskaren hadde kjøpt til jenta si. Ho som budde i Tyskland og var død, slik at Belinda fekk dokka i staden. Den dokka vart sprengd i lufta saman med toppen av huset til Kalla. – Ja, det er ikkje godt å vite, seier mormor. Ho set sjokoladepålegget ned i skuffa igjen. – Berre pass på å setje nygla i båten.
20