ØRJAN HÅSKJOLD NYLAND i samarbeid med Eirik Ingebrigtsen
Samlaget Oslo
Utspark ................................................................. 11 Ă˜rjans historie ..................................................15 Trening og keeperteknikk ...........................23 Keeperens hovud ............................................ 61 GjennombrotsĂĽret 2012 ...............................77 Ein keeperkampdag for meg .....................85
Kjelder ............................................................... 100
10
Konsentrasjonen er i kroppen lenge før dommaren blæs kampen i gang. Eg sjekkar målet, røskar litt i nettet, gjer meg liksom kjend med akkurat dette målet, på akkurat denne banen. Hanskane sit som støypt på hendene. Der, avspark! Auga følger med på spelet, beina følger etter, eg står aldri i ro på streken. Eg ropar og snakkar med forsvaret frå første stund.
utover i feltet, kjappar meg tilbake til streken og ventar på nytt angrep. Eller eg ser ballen gå i mål bak meg … Då må eg omstille meg, ikkje la meg knekke av eit mål imot. 2 × 45 minutt med denne konsentrasjonen! Eg er glad du har kasta deg over keeperboka mi. Eg håper du kan bli inspirert, få lyst til å byrje å stå i mål – eller få lyst til å stå meir i mål. Og at du lærer noko. Eg skal dele nokre keepertips med deg, ting eg synest er viktige.
Så: Auga er på ballen, føtene er klare, hendene er i utgangsposisjon, magen er stram. Først kjem motspelaren susande, så ballen. I det same skotet kjem, har eg som keeper vore «på jobb» lenge, prøvd å plassere meg riktig. No kastar eg meg inn i ei redning. Mykje kan hende: Eg reddar med hendene, med magen, med beina. Eg held ballen og har kontroll, set ballen kjapt i spel igjen. Eg fistar ballen ut til corner, fyrer opp forsvaret til å stå på tå hev når corneren kjem. Eg rykker ut og boksar ballen
Kva er det ein keeper skal, då? Han skal vere teknisk, taktisk lur og fysisk god. Hindre mål, ja, men også bidra til at laget hans scorar mål sjølv. No tar eg utspark! God lesing, og lykke til med alle treningane og kampane! Helsing Ørjan 11
12
• får lyst til å springe ut på fotballbanen for å trene • får lyst til å trene meir • forstår at du må trene mykje grunnteknikk for å ha framgang som keeper • forstår meir om fotball og keeperrolla • blir betre kjent med deg sjølv som keeper • lærer noko om å takle motgang • forstår kva som skal til for å utvikle deg som keeper
13
14
Eg har sparka fotball så lenge eg kan hugse. Heilt frå eg kunne gå, har ballen vore med meg, og det har gitt mykje trening på vegen. Eg var ikkje meir enn fire år då det var OL på Lillehammer, og i etterkant har videoopptaket gått i reprise mangfaldige gonger. Eg såg heller det enn teiknefilmar om igjen. Folkefesten og det at dei norske utøvarane gjorde det så godt, gjorde inntrykk. Noreg tok heile ti gull! Dette tidlege minnet har heilt sikkert vore med på å skape allsidig interesse for ulike sportsgreiner. Idrett og fysisk aktivitet har alltid lege hjartet mitt nær. Sidan eg alltid har vore så glad i idrett, er det enkelt å legge ned det arbeidet som trengst for å lykkast som keeper.
barnehage før barneskolen på Mork. Eg og barndomskompisane leika og spelte fotball saman støtt. Det var nettopp i dette miljøet og med desse folka eg fekk min første fotballklubb, og det er frå Mork IL eg har mine første minne frå fotballbanen. Det spesielle her var at laget blei danna på tvers av fleire aldersgrupper, berre slik kunne vi stille lag i ei avdeling. Ingen på min alder spelte fotball på Mork IL, så då blei eg minstemann. Eg er overtydd om at dette er ein av grunnane til at eg nådde langt i tidleg alder. Eg måtte finne meg veg i spel og motspel mot spelarane som var eldre og fysisk sterkare enn meg. Eg måtte strekke meg. Og det gjorde også at eg bygde opp ein fysikk som var svært god for alderen. Eg måtte vere uredd, smidig, raskare i bevegelsane, tenke kjapt og ha ballkontroll.
Etter nokre år på Sunndalsøra flytta familien min til Volda, der eg gjekk i
15
Då eg var mini/vesleputt, gjekk karrieren vidare til Volda Turn- og Idrettslag. Pappa Jostein Nyland blei trenar for 1990-laget saman med far til Rasmus, Ragnar Aarflot. Vi var ein fantastisk gjeng som opplevde mykje kjekt saman. Eg hugsar fleire enkelttreningar den dag i dag. Vinnarinstinktet vårt var allereie sterkt som ni–ti-åringar, som den gongen eg og Magnus Liaskar, ein annan bestekamerat, gjekk i klinsj. Begge hata å tape og gjorde alt som stod i vår makt for å vinne. Vi var i ein duell, den eine meinte det var frispark, den andre meinte at det absolutt ikkje var frispark. Det enda i eit lite basketak og høglydt krangling på legendariske Steinrøysa grusbane i Volda. Vi måtte skiljast av lagkameratane, så alvorleg var fotballen for oss begge. Det heile
I denne alderen hadde eg enno ikkje bestemt meg for om eg ville vere keeper eller utespelar, så eg spelte både keeper og spiss. Eit av dei gode minna mine frå barnehagetida er frå hagen til bestekompisen min, Rasmus Aarflot jr. Dei budde i same gate, og vi storkoste oss, spelte mot kvarande og drøymde oss vekk til dei beste spelarane i verda. Vi bytte på å stå i mål og å skyte. Ein gong det var min tur til å skyte, skaut eg alt det eg makta, og trefte garasjevindauget så det gjekk i tusen knas. Det blei heilt stille, og vi sprang bort for å sjekke tilstanden. Rasmus blei sjølvsagt litt uroleg, men eg prøvde å roe han ned og sa at «pappa har superlim» og kunne fikse dette.
16
enda med fredsmekling etter trening, då far min og eg sette oss i bilen og køyrde heim til Magnus for å skvære opp. Det enda sjølvsagt veldig godt, og vi blei venner igjen over nybakte bollar som mor til Magnus hadde bakt. Eit fantastisk minne frå barneåra, synest eg! Og eit minne som viser blandinga av alvor og leik som finst i fotballen.
alltid fotball som kom på førsteplass av aktivitetane. Fotballen gav meg utruleg mykje glede og oppturar, men også nedturar og utfordringar som verkeleg trigga meg. Og så er det ein av dei største idrettane i verda. Heile vegen hadde eg ein draum om å bli profesjonell fotballspelar. Ja, du kjenner deg kanskje igjen? Eg bestemte meg som elleve–tolvåring. Det er framleis litt vanskeleg å setje fingeren på kvifor eg blei keeper, men som så mange andre barn hadde eg ein far eg såg opp til. Han var keeper og eit forbilde for meg, kanskje var det nok til å bikke valet i den retninga? Vanskeleg å seie. Eg syntest i alle fall det var kjekkare å forhindre mål enn å score dei. Dette trigga! Og eg skjønte tidleg at det kravde mykje å stå i mål. Ein keeper reddar ikkje
Vinnarinstinktet har vore, og er, utruleg viktig for suksessen min så langt. I barne- og ungdomsåra trente eg aktivt fotball, handball, golf, turn, alpint og langrenn. Mykje, tenker du kanskje? Eg trur eg kan seie eg både var flink og heldig som kunne trene så breitt. Eg slutta tidleg med turn og begynte seinare med golf, men det var 17
berre skot og står bakarst til pynt. Keeperen er kanskje den viktigaste brikka i eit lag, ein som kan avgjere kampen i enten positiv eller negativ retning. Eg forstod at eg var uredd, og det er ein klar styrke. Dessutan er eg god på å vere konsentrert. Du har vel høyrt ein fotballtrenar rope «fokus!» til spelarane sine?
han og Hødd ein gong i veka, stort sett kvar veke det var mogleg og eg fekk sjansen. Med greie foreldre som kunne køyre meg, og med ein vel så grei keepertrenar som ofte kunne hente på andre sida av ferja (Rjånes– Eiksund), var det eit faktum at eg fekk ein dyktig trenar og fekk prøve meg på eit høgt nivå i relativt ung alder.Mor mi stilte opp kvar dag som sjåfør, mens eg trente, satt ho i bilen og las studiebøkene sine. Å ha gode støttespelarar rundt seg veit eg no har hatt mykje å seie! I regi av Hødd var det også keepersamlingar for dei beste keeperane på Søre Sunnmøre. Eg var så heldig å få vere med her, trass at eg eigentleg var for ung. Her lærte eg mykje nytt og fekk testa meg mot eldre og betre keeperar. Har du
På denne tida var eg også for første gong på keeperskole i regi av Hødd fotball, A-lags-keeperar og keepertrenar. Det var ei utruleg kjekk oppleving for meg, og det gav meirsmak. I etterkant av denne keeperskolen var eg også så heldig å få byrje å trene med keepertrenaren til Hødd, Ronny Osnes. Han blei seinare også keepertrenaren min, og vi har mange kjekke minne frå alle åra vi jobba saman. Eg byrja å trene med
18
sjansen til å trene med eldre, så gjer det! Dette er eg overtydd om at har betydd mykje for utviklinga mi. Og det var avgjerande for at eg blei ein så god keeper i ung alder.
i kampar med jamaldringane mine. Enkelt og greitt ein fantastisk artig og lærerik kombinasjon! Som 15-åring debuterte eg i 3. divisjon for Volda (borte mot Skarbøvik), rett før eg blei tatt ut på mi første aldersbestemte landslagssamling.
Eg heldt fram med å trene med dei som var eldre enn meg, og då eg var 13–14, byrja eg å hospitere på A-laget til Volda. Samtidig spelte eg med jamaldringane mine, som var det beste av alt. Trenaren her, Lars Arne Nilsen (som eg har hatt i både Volda og Hødd, han er no i Brann), meinte eg kunne bli ein veldig god spiss. Derfor spelte eg først og fremst spiss under han. Det trur eg også har hatt noko å seie for utviklinga mi. Det er utruleg viktig å vere god med ballen i beina. Men det var keeper eg var, og eg trente fast med A-laget til Volda, mens eg spelte ute på treningar og
19
FØDD: Kristiansund HØGDE: 1,92 m VEKT: 90 kg SKOSTR.: 43 HANSKESTR.: 10,5 FAMILIE: sambuar Tine, sønene Oliver og Jonah HOBBY: golf, samvær med familien og venner, film og tv-seriar FAVORITTMAT OG -DRIKKE: heimelaga pizza og vatn med kolsyre KLUBBAR: Mork IL, Volda, Hødd, Molde, FC Ingolstadt MERITTAR: 3 cupgull med Hødd (2012) og Molde (2013, 2014). 22 A-kampar Noreg, bronse med U-21 i EM, kåra til EMs beste keeper i meisterskapet, årets keeper i Tippeligaen i 2014
20
21