Når var D-dagen? Kvar reiste romarane når dei skulle til Caledonia? Kor mykje er eit « snes » ? Under kva for ein krig vart stridsvogner først tekne i bruk? Dette er nokre av spørsmåla du kan bryne deg på i denne spørjeboka, som dekkjer verdshistoria – og litt til – frå antikken til i dag. Her er spørsmål om stort og smått, nokre lette, nokre meir krevjande, frå alle verdshjørne, epokar og tema. Det perfekte utgangspunkt for quiz konkurransar på puben, hytta eller ein regnfull sommardag – eller rett og slett for å teste deg sjølv. Sigrun Høgetveit Berg er doktorgrads stipendiat i historie ved Universitetet i Tromsø, og Harald Dag Jølle er histo rikar ved Norsk Polarinstitutt.
ISBN 8252176452
9
788252 176452