4 minute read

NATURLEG rundt skoghytta

HARMONI Den beste hyttehagen får du ved å passe på at hytta og naturen ho er plassert i, kler kvarandre.

Ver varsam med hyttehagen

Advertisement

ORKIDE Er du heldig, kan du få vårmarihand til å etablere seg i graset utanfor hytta.

Går du med planar om å lage hage rundt ei hytte i skogen, gå varsamt fram. Trea har stått der lenge, og økosystemet i skogbotnen er sårbart for inngrep.

TEKST OG FOTO KARL LALID

Det enklaste er å la tomta vere som den er. La den naturlege vegetasjonen rå grunnen, rydde opp i gamle skogholt og tynne det som trengst.

Dei fleste vil ha ein hage som krev lite stell og til dels kan greie seg sjølv, men for ivrige hagedyrkarar er det ikkje alltid nok. Då løner det seg å studere naturen omkring, slik at det ikkje blir inngrep som bryt med naturmiljøet på staden. Å ta vare på det som er, men også ta tida til hjelp for nye justeringar, er i samsvar med naturen sine lover.

Blomstereng Velfriserte plenar høver lite i skogsterreng, men ofte finst det små grassletter som kan gjerast rikare ved å plante inn villblomster. Orkidear, som flekkmarihand

og vårmarihand, finn seg vel til rette i grasmiljø, og på meir våtlendte stader vil jåblom (Parnassia palustris), myrhatt (Comarum palustre) og kjempesoleie (Ranunculus lingua) gi frodige innslag.

Veks det hasselkratt på tomta, la delar av krattet stå. Det kan gi nøtter til julebordet, og bryr vi oss ikkje med det, så vil alltid ekorn og nøtteskriker ta del i nøttehaustinga. Hasselkratt på tomta tyder elles på god jord, slik at meir kravstore planter vil trivast der. I hasselkratt veks det ofte liljekonvall (Convallaria majalis). Dei er lette å formere opp og spreier seg villig. Liljekonvall på frukostbordet høyrer med til vårens små gleder.

På mager jord Ved utgraving av hyttetomter blir det ofte jordvollar av grus, stein og mager jord. Der kan ingenting vekse, tenkjer somme, men det finst planter som greier seg med lite. Maiblom (Maianthemum bifolium), skrubbær (Chamaepericlymenum suecicum syn. Comarum palustre) og myske (Galium odoratum) er nøysame, små planter som ofte spreier seg og vil med tida gi fint botndekke. Dei har alle kvite blomster som lyser når sommarnatta fell på.

Rundt ei hytte i skogen er det gjerne eit grenseland mellom lys og skugge. Mange større villblomster likar seg under slike forhold. Er jorda djup og næringsrik, kan ein plante inn kvitsoleie (Ranunculus), turt (Lactuca) og kvitbladtistel (Cirsium). Alle desse har vakre blomster, frodig bladverk og likar å vekse ilag.

Fortrolla Ei interessant staude som høver på ei hyttetomt er trollbær (Actaea spicata). Den ber med seg noko av det ukjende og forventningsfulle ein kan møte når ein ferdast i skogen. Trollbær blir stundom dyrka i hagar og har sortar med kvite, svarte og raude bær. Bæra smaker vondt og skal vera giftige, men nyare forsking har funne ut at dei også inneheld eit krefthemmande stoff som kallast transakonitsyre.

1 Raude trollbær. 2 Villrose, truleg sjølvsådd mandarinrose. 3 Kvite trollbær. 4 Raude bær av krossved.

1 2

3 4

3 4

1 Liljekonvall. 2 Skrubbær. 3 Maiblom. 4 Myske.

I GRASET Jåblom trivst på myrlende stader.

I tidlegare tider var bæra nytta både i heksebrygg og trolldomsmedisin, og skulle vera verksame til slike formål.

Det som mange minnest lenge, er lukta av kaprifol eller vivendel i varme sommarkveldar. Plant ein kaprifol ved hytteveggen, og du vil kjenne den søte angen av blomstene både morgon og kveld. Kanskje får du også besøk av nattsommarfuglar som er på leiting etter nektar i kaprifolblomstene.

Vil du ha fleire gode lukter i hyttehagen, plantar du ein eller fleire krossvedar (Viburnum opolus). Krossved er ein stor busk eller lite tre med kvite blomster i tidleg sommar og vakre, glinsande bær til langt på haust. Krossved er vinterherdig og høver godt i naturmiljøet ved ei hytte i skogen.

Villroser Foredla roser passar lite inn i ein naturhage, men villroser er minst like vakre i det miljøet dei høyrer til. Villroser lever sitt eige liv utan stell og utan annan vatning enn det som kjem ovanfrå. Dei bleikrosa blomstene høyrer sommaren til, og kjem du tilbake seint på hausten, møter dei deg med raude nyper. Villroser, meir enn nokon, melder årstidene sin gang, både i vemod og glede.

Planteutvalet til ein hage ved ei hytte i skogen vil sjølvsagt variere etter landsdel, klima og høgd over havet. Biotopar i barskog og lauvskog kan vera temmeleg ulike, og jordlaget kan variere alt frå sand og grus til god moldjord.

Det gjeld å gå gradvis fram og sjå til at det ein flytter inn både vil trivast og harmonere med miljøet ikring l

SHUTTERSTOCK

BLONDER Krossved får vakre, kvite blomster om sommaren og raude bær om hausten.

This article is from: