

Ressursar på rett veg
VIKTIG INFORMASJON FRÅ SIMAS
Velkommen til framtida med SIMAS
Visste du at me i Sogn allereie når nasjonale krav til utsortering?
Utsortering av papp og papir, glas- og metallemballasje, samt våtorganisk avfall er allereie god nok til å oppfylle krava som kjem ein gong på 2030-talet. Den gode sorteringa er eit resultat av innbyggjarar med stort engasjement for å ta vare på ressursane. Me ønskjer difor å rette ei stor takk til innbyggjarane i Sogn for at de er så flinke til å kjeldesortere!
Hausten 2025 gjennomførte me ei kundeundersøking blant innbyggjarane i Sogn. Undersøkinga viste at de ønskjer meir informasjon frå
Utvikling av

oss. I dag deler me mykje informasjon på heimesida vår og i sosiale medium, men likevel opplever me at det kan vere utfordrande å nå fram til alle. På bakgrunn av svara frå undersøkinga, og etter ønskje frå eigarkommunane våre, sender me difor ut denne informasjonsbrosjyra.
Eg håpar du tek deg tid til å lese gjennom heftet, då det inneheld viktig informasjon me ønskjer å formidle.
Dagny Ugulsvik Alvik direktør

tilbod for hytteog fritidsrenovasjon
Per i dag er mange av returpunkta lite eigna for ei utviding med meir sortering. Arbeidet med å etablere større returpunkt som er meir sentralt plasserte, er allereie i gang. Fleire av dei små returpunkta me har i dag, vil difor bli fjerna.
Målet er å etablere nye returpunkt som ligg strategisk til, med tanke på ferdselsårer til og frå hytter og fritidsbustader.
Meir informasjon om renovasjon for hytte- og fritidseigedomar, i tillegg til kart som viser dei ulike returpunkta, finn du på heimesida vår.
Visste du at du som abonnent for renovasjon av hytte- og fritidseigedom kan levere inntil 1,5 kubikkmeter avfall gratis kvart år på miljøstasjonane våre?

HUGS å sortere farleg og elektrisk avfall, lever på miljøstasjon!

Forskyvd tømmekalender
- Obs. Endring i tømmedag
I 2026 går SIMAS over til forskyvd tømmekalender. Det vil seie at tømmedagane ikkje vert den same dagen i veka heile året. Me anbefaler å bruke appen MinRenovasjon for å holde deg oppdatert, i tillegg har me oppretta eit søkefelt på framsida av heimesida vår. Der kan du søke opp din adresse for å sjå neste tømmedag, og laste ned PDF av kalender.
Slik fungerer det
Ved første raude dag i påska 2026 vil kalenderen bli endra. Alle tømmedagar skyvast fram etter
raude dagar. Ny tømmedag gjeld for alle renovasjonsruter, sjølv om di rute ikkje har tømming på ein heilagdag.
Kvifor gjer me denne endringa
Me ser at denne endringa kan gjere arbeidskvardagen til renovatørane våre meir føreseieleg, spesielt rundt jul, påske og andre raude dagar som kan liggje til vekedagane.
Med forbehald om endringar, ved å søke opp adressa di, kan du allereie no sjå tømmedagar for heile året.
Slik sorterer du i Sogn


GLAS- OG METALLEMBALLASJE
Rett i dunk utan pose.

PLASTEMBALLASJE
Rett i plastsekk utan pose.




RESTAVFALL
Pakk i pose og legg i dunken.

MATAVFALL
Nytt biopose og legg i dunken.
Abonnentane våre har fire behaldarar heime: Papp og papir, våtorganisk, restavfall, og glas- og metallemballasje. I tillegg får alle utlevert eigne sekkar til plastemballasje som ein set fram ved tømming. Alt anna avfall må leverast på ein av miljøstasjonane våre.
Unngå skade på person og eigedom, lever farleg avfall på miljøstasjon!

Farleg avfall er til dømes:
• Spillolje Maling, lim og lakk
• Sprayboksar
• Løysemiddel, frostvæske og kjølevæske
• Vaskemiddel
• Batteri
• Syrer og basar
• Plantevernmiddel
• Lysstoffrøyr, sparepærer og lyspærer
• PCB
www.simas.no

• Asbest og eternitt
PAPP & PAPIR
Rett i dunk utan pose.
Knytt sekken og set att med behaldar på tømmedag.
Det skal løna seg å sortere
Visste du at du kan endre til ein større behaldar for glas- og metallemballasje eller papp, papir og drikkekartong utan at det aukar avfallsgebyret? Du kan også sette ut fleire sekkar med plastemballasje per tømming.
Meir informasjon om pris på avfallsgebyr og ein steg-for-steg guide til korleis du kan bestille endring finn du på heimesida vår her.
Hugs at det berre er tinglyst heimelshavar/ festar av eigedommen som kan endre abonnent.




Utdeling av sekkar til plastemballasje føregår framover på hausten. Avfallsgebyret dekker kostnad av innkjøp til ein rull sekkar per hushaldning, treng du fleir kan du kjøpe dette på ein av våre miljøstasjonar. Tom for bioposar? Knyt ein pose på behaldaren for matavfall ved neste tømming, så får du ny rull utlevert av renovatørane. Dette gjeld abonnentar som betalar for renovasjon av private hushaldingar.
Bur du i burettslag? Ta kontakt med styreleiar i burettslaget for å bli kjent med deira rutinar for utlevering av bioposar/plastsekkar.
Korleis sortere tekstil og kle

Avfallskalender med varsling på mobilen
Last ned «Min renovasjon», så får du varsel på mobilen når det er tømming.
Me ynskjer at flest mogleg brukar appen, då den alltid er oppdatert.



Få gratiskvote med MiljøID
Me har innført tilgangsbevis (Miljø ID) for å levere avfall på miljøstasjonane til SIMAS. Dette gir gratiskvote på 3 kubikk per hushaldingsabonnement.
Tilgangsbeviset får du ved å laste ned appen MiljøID på telefonen, eller ved å nytte fysisk kort som du kan bestille hjå SIMAS.
Er du utleigar? Då er du ansvarleg for å dele kvota for levering på miljøstasjon med leigetakar.
SIMASkompost
Alt mat- og hageavfall me samlar inn i Sogn, blir gjort om til næringsrik kompostjord. Me nyttar også slam i produksjon av ParkKompost.
Kompostjorda frå SIMAS er eigna både for private hagar, større byggeprosjekt og dyrking i stor eller liten skala.
Du kan kjøpe kompostjord på alle miljøstasjonane våre eller sende inn skjema via nettsida for å avtale større mengder. I Festingdalen kan du få hjelp til lasting av større mengdar kvar onsdag (ta kontakt på førehand).

www.simas.no




1. Rein kompost 2. Kompostmix 3. Parkkompost 4. Parkkompostmix
Tilgjengeleg på alle miljøstasjonar.
Tilgjengeleg på alle miljøstasjonar.
Hjelp oss å unngå mikroplast i komposten, bruk berre biologisk nedbrytbare posar!
Usikker på sorteringa? Sortere.no har svaret!
Tilgjengeleg på jordtoget i Festingdalen og ved bestilling.
Tilgjengeleg på jordtoget i Festingdalen og ved bestilling.
