2 minute read

Takka ja til fast jobb halvvegs i traineeåret

27­åringen kjem opphaveleg frå Kongsvinger og har ein master i økonomi og administrasjon. Då ho starta som trainee i Ullensvang kommune i fjor haust, såg ho fram til å lære mykje nytt, møte nye menneske og utforske naturen på Vestlandet. Vi ringer ho opp for å høyre om det så langt har stått til forventningane.

Full klaff i Ullensvang

– Korleis er livet i Odda, Anine?

– Det går veldig bra! Noko av det som trakk meg hit er friluftslivet. Eg er glad i å gå på tur og vere ute i naturen, og Ullensvang er ein flott stad for det. Så har eg blitt kjent med folk, og eg får interessante oppgåver på jobb, fortel ho entusiastisk gjennom Teams­ruta.

Det må vel kunne kallast full klaff. Når Framtidsfylket slår på tråden til Anine har ho akkurat kome igjen frå ei veke på kurs i offentlege anskaffingar på Gardermoen. Dette var i utgangspunktet ikkje med i stillingsinstruksen då ho vart tilsett, men noko ho ikkje nølte med å takke ja til då moglegheita baud seg.

– Endå eg ikkje i utgangspunktet skulle jobbe med anskaffingar, er det utruleg kjekt å få den moglegheita. Eg lærer mykje og har allereie køyrt anskaffingar der det er eg som har hatt ansvaret, seier ho.

Kan det ha å gjere med at ho jobbar i ein mindre kommune, der det er enklare å få ansvar og utvikling? Ja, det trur ho. Men også at Ullensvang kommune har tatt eit val om å satse på henne som nytilsett.

– Eg føler eg blir satsa på og at eg får sjå mykje av det som skjer i ei kommune. I større kommuner jobbar du kanskje med éin ting og blir skikkeleg god på det, mens her får eg innsikt i mange oppgåver. Eg får rett og slett lære og gjere meir av alt.

Tidleg tilbod om fast jobb

Det vanlege når du er trainee er gjerne at du fullfører størsteparten av traineeåret før du eventuelt får tilbod om fast tilsetting. Anine fekk imidlertid tilbodet allereie ved nyttår, mindre enn eit halvt år etter ho starta som trainee. Når vi snakkar med henne i mars har ho altså allereie vore fast tilsett i tre månadar.

– Det skjedde tidlegare enn venta og var ei positiv overrasking. Eg hadde sjølvsagt lyst til å fortsette i jobben, og i tillegg får eg fortsette i traineeprogrammet ut året. Eg får framleis god oppfølging og det er alltid nokon eg kan spørje om det er noko, fortel ho.

No som ho har fått fast stilling, ser ho for seg å bli lenger enn om det berre hadde vore med traineeåret.

– Framover skal eg fortsette å gå på sertifiseringskurs i offentlege anskaffingar og lære så mykje som mogleg. Eg vil bli god på dei arbeidsoppgåvene eg har fått, gå mykje på tur og fortsette å utforske Ullensvang, seier ho med eit smil.

Vestlandsliv er for deg som vil ha eit givande arbeidsliv, men også ei innhaldsrik fritid, eit vilt friluftsliv og meir tid til det som betyr mest. Oppdag arbeidsliv i Vestland – besøk framtidsfylket.no

This article is from: