
1 minute read
Forord
Etter nokre års vandring i landskapet til det lange 70-talet saman med mange spennande aktørar, kan eg avslutte denne utforskinga av kontekstuell teologi i perioden med denne boka. Boka høyrer med til same prosjekt som den første, ‘Oppbrotsteologi på det lange 70-talet’ der vekta låg på marxisme, frigjeringsteologi, marxisme og sosialetikk. Eg kunne med glede konstatere at boka fekk stor merksemd.
Denne boka går inn på eit tilstøytanes område, forholdet teologien får til den nye samtalepartnaren, sosiologien. I vår periode var det eit spenningsfylt forhold.
Det vart ikkje mindre spenningsfullt då Helge Hognestad publiserte si doktoravhandling, der sosiologien blir bruk på ein avslørande måte overfor gjengs forkynning. Det er vanskeleg å tenkje seg i dag at ei doktoravhandling kan får så mykje bråk og brus omkring seg, med piping og trampeklapp. Vi er i ein fase kring 1980 der opprøret frå 68 har lagt seg, men enno var nært nok, der marxismen ikkje lenger var så fascinerande og der sekulariseringa hadde skapt ein avstand mellom aktivt kyrkjeliv og kulturen elles – men ikkje lenger enn at ein generasjon var svært engasjert når ein teolog vil kritisere kyrkja fordi ho ikkje forstår livet til folk og forsømmer ei rolle som endrande kraft i samfunnet.
Der er stor forskjell på då og no. Det er noko som vippar, historisk sett, mellom ei kollektiv periode og ei individualistisk. Og når vi ser denne konteksten i forhold til vår tids kontekst, så ser vi skilnaden. Mitt prosjekt er ført fram til litt over 1980, men eg har late meg overtale av fagfellen til risse nokre linjer fram til i dag. Er dette store materialet frå det lange 70-talet i grundigaste laget, så er skissa om ettertida desto meir skisse.
Det har vore ein svir å gå så mange bidrag etter i saumane, og eg tilstår ei glede ved å la dei få kome til orde medan dei formulerte seg – dei fleste har vore aktive skribentar sidan.
Eg vil nok ein gong ytre takksemd for eit konstruktivt fagmiljø ved Institutt for religion og livssyn – og ikkje minst ei tolmodig kone. Så skal Magnar Hjertenæs, Birger Løvlie, Anders Aschim, Knut-Willy Sæther og Rolf Werenskjold ha særleg takk for lesing og kommentarar i ulike fasar.
Takk også til Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, og Fritt Ord, for støtte til prosjektet. Det tok lengre tid og var langt større enn lova.