Det aller meste er politikk Kva parti ville du stemme på dersom det var val i dag? Kva synest du er bra med det norske samfunnet? Kva vil du endre med det norske samfunnet?
Leiaren i ungdomsorganisasjonen til den Norske Turistforening, Hanna Melhus, overleverer ei uttale om snøscooterkøyring i marka til Øyvind Dannevig i Klima- og miljødepartementet. Den Norske Turistforening meiner det er for mykje snøscooterkøyring.
I dette kapittelet skal du lære om
• korleis politikken påverkar deg i kvardagen • dei forskjellige politiske partia i Noreg • forholdet mellom lokalval og stortingsval • forholdet mellom storting og regjering • de tre nivåa i det norske politiske systemet: kommunestyre, fylkesting og Stortinget • Sametinget Noras måndag Nora vaknar ein tysdag morgon og gruar seg litt til den store matteprøva. Ho tek ein slurk vatn frå vassglaset på nattbordet,1 står opp og går på do.2 Etter ein dusj går ho inn på kjøkkenet for å ete frukost.3 Pappa har gjort ferdig ein god frukost til henne som ho et før ho dreg til skulen.4 På skulevegen må ho krysse to store, trafikkerte vegar som er dårleg sikra for fotgjengarar.5 Nora synest skuledagen av og til kan bli lang, og somme fag er utruleg kjedelege, som matematikk, men heldigvis trur ho at prøva gjekk fint. Andre fag skulle ho gjerne hatt mykje meir av, særleg gym, engelsk og samfunnsfag.6 Etter skulen hentar ho veslebror sin, Carl, som går i 3. klasse, i skulefritidsordninga.7 Når dei kjem heim, hender det dei ser litt på tv,8 før Nora dreg på handballtrening.9 Ho elskar å spele
handball! Det er tre kilometer til idrettshallen, så Nora plar køyre buss om vinteren og sykle om sommaren.10 Det kjedelege med bussen er at han går så sjeldan, så det blir ofte til at Nora ventar meir enn ein halvtime på busshaldeplassen.11 Om kvelden plar Nora chatte med venner på internett12 mens ho gjer lekser. Før ho legg seg, tek Nora ein lang dusj, men blir forstyrra av pappa, som ropar på henne: «Er du ikkje ferdig snart? Spar på varmtvatnet! Tenk på straumprisen!»13
Handball er ein av mange lagidrettar som er avhengig av løyvingar frå politikarane. Når politikarane løyver pengar til noko eller nokon, betyr det at dei tildeler pengar.
1
Det er kommunepolitikarane sitt ansvar å sørgje for reint vatn til innbyggjarane i kommunen. Dei same politikarane bestemmer kor høg vassavgift innbyggjarane i kommunen skal betale. 2 Kloakkrøyr og forsvarleg behandling og reinsing av kloakkavfallet er kommunepolitikarane sitt ansvar. Også denne tenesta betaler vi ei avgift til kommunen for. 3 Maten som Nora har kjøpt, har ho betalt moms for. Moms er ei avgift vi betaler for nesten alle slags varer. Stortingspolitikarane bestemmer kor høg momsen skal vere. Politikarane bestemmer òg korleis ein skal kontrollere matvarene, slik at maten er trygg å ete. 4 Det er politisk bestemt at alle innbyggjarar i Noreg skal ha ein grunnleggjande skulegang, og at skulen skal vere gratis. 5 Det er politikarane på fleire nivå som har ansvar for å sikre vegane med for eksempel trafikklys, bruer eller undergangar for fotgjengarar. 6 Politikarane bestemmer kor mange timar du skal ha på skulen, kva fag du skal ha, kor mange eksamenar du skal ha, kor mange feriedagar det skal vere i året, osv. Dei bestemmer også mykje av innhaldet i undervisninga. 7 Stortingspolitikarane har bestemt at alle skulebarn på småskuletrinnet skal ha tilbod om plass i skulefritidsordninga. Kommunepolitikarane bestemmer kor mykje det skal koste. 8 Politikarane bestemmer at alle som har fjernsyn, skal betale lisens til NRK, og dei bestemmer kor mykje det skal koste. Politikarane lagar også mange reglar for kva som er lov og ikkje lov å vise på fjernsyn. 9 Nesten alle idrettsanlegg i Noreg er støtta med pengar som politikarane både lokalt og nasjonalt har løyvd. 10 Kommunepolitikarane har ansvar for å byggje gang- og sykkelvegar. 11 Kollektivtransporten, for eksempel buss, tog, trikk og T-bane, er politisk styrt. Politikarane på ulike nivå kan vere med på å bestemme kor ofte bussen skal gå, kva han skal koste, osv. 12 Politikarane på fleire nivå er med på å leggje til rette for at det skal byggjast ut breiband for internett i heile Noreg. 13 Straumprisen er blant anna avhengig av kor mykje straum som blir produsert. Det er stor politisk debatt om utbygging av vasskraft, gasskraft og vindkraft, om boring etter olje og gass, osv.
33
Politikk vedkjem deg! Du har heilt sikkert høyrt nokon seie at dei ikkje er interesserte i politikk, eller at politikk ikkje angår dei. Kanskje tenkjer du også slik? Ordet politikk kjem frå gresk og betyr det som gjeld byen eller staten. I antikkens Hellas blei dei som ikkje brydde seg om politikk eller bidrog med fagkunnskapen sin til fellesskapet, kalla «idiotes», som betyr privatperson eller uvitande person. Dersom du seier at du ikkje er interessert i politikk, seier du eigentleg at du ikkje er interessert i skulen du går på, stader til å drive idrett, jobben du har lyst til å få ein gong, miljøproblem, sveltkatastrofar, krig, terrorisme, OL, fotball-VM, kor mykje det skal koste å gå til legen – og mykje meir. Kvar einaste dag møter du noko som har med politikk å gjere, men du har kanskje aldri tenkt over den politiske sida av alt som er viktig i kvardagen din? Alle menneske har ei meining om noko kommunen eller staten har vedteke eller late vere å vedta. Derfor kan vi trygt seie at alle er interesserte i politikk. I samfunnskunnskapsboka for 8. trinn las du at demokrati betyr folkestyre. Det norske demokratiet byggjer blant anna på folkesuverenitetsprinsippet. Det vil seie at makta i landet kjem frå folket sjølv, og at vi vel politikarar til å styre for oss. I Noreg fekk menn allmenn stemmerett i 1898 og kvinner i 1913. Stemmerettsalderen er no 18 år. Alle norske statsborgarar som fyller 18 år innan utgangen av valåret, og som er eller har vore registrerte som busette i Noreg,
Har gitt frivillig innsats i parti, organisasjon eller gruppe for å påverke ei sak siste 12 månader Har kontakta politikar eller offentleg tenestemann for å påverke ei sak siste 12 månader Har skrive innlegg på internett for å påverke ei sak siste 12 månader Har skrive innlegg i avis eller tidsskrift for å påverke ei sak siste 12 månader 0
34
2
4
6
8
10
12
14
16
Politikk Fordeling av gode og byrder i samfunnet
Politisk deltaking i prosent etter alder. 2014. Kjelde: SSB
I alt 16–24 år 25–44 år 45–66 år 67 år og over
Har delteke i lovleg offentleg demonstrasjon siste 12 månader
Helsekontroll av barn har med politikk å gjere. Kva trur du hadde skjedd dersom dette tilbodet ikkje var gratis?
18
har stemmerett. Ved kommunevalet i 2015 var det eit forsøk med stemmerett for 16-åringar i 20 kommunar. Alle som lever i eit demokrati, må vise demokratisk ansvar for at systemet skal fungere. Vi kan forstå demokratisk ansvar som ansvar for å stemme, halde seg informert og delta aktivt i samfunnet. Det er mange måtar å påverke samfunnet på, blant anna ved å stemme ved val, arbeide i organisasjonar og politiske parti, bruke media til å spreie informasjon og prøve å påverke dei som sit i maktposisjonar. Vi kan også delta i demonstrasjonar og andre markeringar. Du hugsar kanskje òg at alle norske kommunar blir styrte av eit kommunestyre, som blir leia av ein ordførar. Kommunen har mange forskjellige ansvarsområde – alt frå skular, barnehagar, helsetilbod og eldreomsorg til idrettsanlegg, kultur- og musikkskular, parkanlegg og kinoar. Kva sak kunne fått deg til å vere med på ein politisk demonstrasjon?
Ungdomsorganisasjonen Natur og ungdom demonstrerer mot regjeringa sitt forslag til ny klimalov.
Organisasjon Ein samling av fleire menneske som har same mål, for eksempel den ideelle organisasjonen Norsk Luftambulanse eller interesseorganisasjonen Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO). Politisk demonstrasjon Fleire menneske som meiner det same om eit spørsmål, gir uttrykk for den politiske meininga si offentleg ved for eksempel å gå i tog der det blir vist slagord på plakatar, eller ved å samlast på ein offentleg stad til massemøte med taler og appellar.
35
Hadia Tajik og Stefan Heggelund er eit par privat og politikarkollegaer på Stortinget. Ho er vald representant for Arbeidarpartiet, mens han representerer Høgre. Her kjem dei til Stortingets avsluttingsfest på Akershus slott i Oslo i juni 2013.
Kva gjer politikarane? Ein politikar er ein person som deltek aktivt i politisk arbeid, som oftast for eit politisk parti. Politikarar er ofte usamde. Derfor oppstår det motsetnader, og dei ulike partia må kjempe for å få det som dei vil. Samtidig er det viktig at politikarane er i stand til å samarbeide for å bli einige om viktige saker. For å få gjort noko, må ein ta avgjerder, det vil seie at politikarane må bestemme korleis tinga skal vere. Dersom vi for eksempel seier at utdanning, bibliotek, idrettshallar og helsetenester er gode, handlar politikk om korleis ein skal fordele desse goda. Skal goda for eksempel vere «gratis», eller skal vi betale for dei? Kva gode eller kva for nokre av goda er dei viktigaste? Kva skal vi droppe dersom vi ikkje har råd til alt? Skal alle menneske i Noreg ha same tilbod, eller er det for eksempel greitt
36
at ikkje alle har tilgang til symjehall der dei bur? Det finst ikkje eitt rett svar på desse spørsmåla. Politikk handlar om kva vi meiner eller synest er det beste. På same måte kan vi for eksempel seie at det er ei byrde å betale skatt og avgifter, å få bøter eller fengselsstraff, å få eit avfallsanlegg, ein flyplass eller ein motorveg plassert i nærmiljøet, eller å måtte køyre langt med skulebussen fordi den lokale skulen er lagt ned. Igjen handlar politikk om korleis ein skal fordele desse byrdene. Kor mykje er det rett å betale i skatt? Skal alle betale like mykje, eller skal dei som tener mest, betale meir enn dei som tener minst? Kva skal staten betale, og kva skal innbyggjarane betale for sjølve? Kva skal vere lov, og kva skal vere forbode? Korleis skal vi straffe lovbrytarar? Kven skal ta belastninga med å ha avfallsanlegg, flyplassar eller vegar i nærmiljøet? I tillegg til å «fordele gode og byrder i samfunnet» handlar politikk om korleis ein skal styre samfunnet, og kva slags samfunn vi ønskjer å leve i, i framtida. Blant anna er det ei politisk avgjerd om Noreg skal vere eit monarki med ein konge eller ei dronning i staden for ein republikk med ein president. Det er også politisk bestemt kven som har stemmerett, kor mange representantar som sit på Stortinget, og alle andre forhold som handlar om korleis vi styrer landet.
Avfallsanlegg Eit anlegg som tek imot avfall som ein kan resirkulere og gjenvinne. Tidlegare fanst det berre søppelfyllingar i Noreg. Søppel er avfall som ikkje blir teke hand om på forsvarleg måte.
Prinsesse Ingrid Alexandra og kronprins Håkon saman med kronprinsesse Mette Marit og Marius Høiby på markeringa av at det var 70 år sidan kongefamilien kom heim att etter den andre verdskrigen, 7. juni 2015. Trur du Ingrid Alexandra nokon gong blir dronning i Noreg?
37
Om vi ønskjer eit samfunn med for eksempel stor eller lita militærmakt, eit samfunn som legg stor eller lita vekt på utdanning, eit samfunn med spreidd busetnad over heile landet eller eit samfunn der nesten alle bur i byar, er også eksempel på politiske spørsmål.
Sesjon 11. mars 20015. Det er stadig fleire som ikkje får avtent verneplikta fordi det ikkje trengst så mange til å gjere militærteneste. Kva meiner du om det?
Kven driv med politikk? Dei som er valde til å vere politikarar, driv sjølvsagt med politikk. Politikarar har sjølve valt å delta aktivt i politisk arbeid. Av og til blir likevel nokre personar valde inn i kommunestyret utan at dei medvite har valt å bli politikarar. Det kjem av at alle som har stemmerett i Noreg, er valbare og har plikt til å ta imot val. Politikarane samarbeider dagleg om avgjerder som påverkar korleis gode og byrder blir fordelte. Men det er også mange andre som deltek i politikken på ulike måtar for å påverke samfunnet. Dersom for eksempel ei velforeining i eit bustadområde bestemmer kvar det er lov å spele fotball, og kvar det skal setjast opp
38
Velforeining Ei foreining for innbyggjarane i eit bestemt avgrensa område, som i fellesskap arbeider for å skape eit betre og sikrare bu- og nærmiljø.
støyskjermar og gjerde, driv dei fordeling av gode og byrder. Og når styra i store bedrifter bestemmer kvar dei skal ha fabrikkar, og kva fabrikkar som skal leggjast ned, får det svært store konsekvensar både for enkeltpersonar og for det lokalsamfunnet som blir råka. I denne boka har vi valt å kalle det politikk både når vi snakkar om avgjerder som blir tekne direkte av politikarane, og når vi snakkar om forhold som blir bestemte av andre enn politikarar, men som får konsekvensar for langt fleire enn dei som tek avgjerda.
Jens Stoltenberg besøkte spesialstyrkane i Afghanistan i 2014. Han har vore leiar av AUF og av Arbeidarpartiet, har vore Noregs statsminister i mange år og er no generalsekretær i NATO.
Kva kan vere grunnen til at det ikkje er lov å spele fotball overalt?
39
Kor mange og kva flyktningar Noreg skal ta imot, er eit viktig politisk spørsmål. Politiets Utlendingsdirektorat på Trandum tek imot personar som ikkje har lovleg tilhald i Noreg. Dei fleste er der under 24 timar før dei blir tvangssend ut av landet.
Lokal, nasjonal og internasjonal politikk Politikk blir ofte delt inn i tre grupper – lokalpolitikk, nasjonal politikk og internasjonal politikk. Lokalpolitikk handlar om saker som blir behandla i kvar enkelt kommune. Bygging og drift av barnehagar og av grunnskular og skulefritidsordningar, idrettsanlegg, fritidstilbod, sjukeheim og barnevernsteneste er nokre eksempel på lokalpolitiske oppgåver. Saker som gjeld heile landet, kallar vi gjerne nasjonal politikk eller rikspolitikk. Det kan for eksempel vere saker knytte til jernbaneutbygging, bygging av riksvegar, innvandringspolitikk, kriminalpolitikk, bygging og drift av sjukehus, økonomisk politikk, skattepolitikk, vern av villmark og vassdrag og olje- og gassutbygging. I tillegg har vi saker som gjeld internasjonale forhold, der mange land er involverte. Det kallar vi internasjonal politikk. Eksempel her kan vere internasjonale handelsavtaler, internasjonale miljøavtaler om å redusere utsleppa av klimagassar, forsvarsavtaler og alliansar
40
Det å byggje firefelts motorveg med tunellar for å korte ned på ei reisestrekning er ei rikspolitisk avgjerd. Somme politikarar ville heller ha prioritert dobbeltspor for jernbane. Kva tenkjer du om det?
NATO-soldat i feltuniform framfor flagget til NATO. Kva symboliserer flagget?
som NATO, naudhjelp, bistand, utviklingssamarbeid og FN-aksjonar for å førebyggje eller løyse valdelege konfliktar.
Alt kostar I det norske samfunnet har vi mange gode som er gratis eller nesten gratis. Det skal for eksempel ikkje koste noko å gå på skule. Universitetsutdanning er også tilnærma gratis. Det er gratis å bruke biblioteket. Det er gratis å gå til tannlegen fram til du fyller Helsevesenet i Noreg tilbyr nærast «gratis» hjelp: Skulle vi ha betalt det tenestene eigentleg kostar, måtte for eksempel ei fødande kvinne ha betalt 35 500 kroner (2014) for ein fødsel på sjukehus. Ein person som treng nytt hofteledd, måtte ha betalt 134 000 kroner (2014) for det kunstige leddet og sjølve operasjonen. Kjelde: Aftenposten 8. desember 2014.
41
18 år. Det kostar ingenting å bli operert på eit offentleg sjukehus. Sjølv om det finst mange bomstasjonar, er dei fleste vegar gratis å køyre på. Alt dette kostar samfunnet milliardar av kroner kvart år. Når vi som enkeltpersonar ikkje betaler for desse goda direkte, er det fordi staten har betalt det for oss. For å ha pengar til alt dette, trekkjer staten inn skattar og avgifter frå privatpersonar og bedrifter. Alle som betaler skatt, er med andre ord med på å betale for dei felles goda. Det går an å tenkje seg at enkeltpersonar spleisar på goda med staten ved å betale ein eigendel. Vi betaler for eksempel ein eigendel når vi går til legen, når vi kjøper medisinar på resept, og når vi reiser med kollektive transportmiddel. Vi betaler også for barnehageplass, skulefritidsordning osv. Sjølv om vi altså betaler ein eigendel for slike tenester, har også staten betalt ein stor del av kostnadene. Korleis vil innbyggjarane i Noreg merke det dersom dei betalte mindre skattar og avgifter?
42
Kva trur du ein barnehageplass kostar for kommunen din per år?
Operasjon Eit kirurgisk inngrep utført av ein lege på ein pasient.
Eigendel Det beløpet privatpersonar må betale sjølve når dei brukar det offentlege helsevesenet eller andre offentlege tenester.
Tre politiske nivå I det norske politiske systemet vel vi politikarar til tre forskjellige nivå: kommunestyre, fylkesting og Stortinget. Valperioden i Noreg er fire år. Det vil seie at dei som er valde inn i kommunestyret, fylkestinget eller Stortinget, er valde for fire år. Kommuneval og fylkestingsval blir haldne samtidig og blir kalla lokalval. Stortingsval
Opninga av Stortinget i 2013 med fullsett stortingssal. Kjenner du att måleriet som heng bak kongen?
Fylkestinget i Akershus stemmer i ei utbyggingssak i Asker.
43
blir halde to år etter kvart lokalval. Dei forskjellige styringsnivåa har ulikt ansvar: 1 Kommunestyre Det er 428 kommunar i Noreg i 2015. Kvar kommune har eit kommunestyre. I dei store byane blir kommunestyret kalla bystyre. Talet på representantar i kommunestyret eller bystyret varierer. Kommunestyret har blant anna ansvaret for grunnskular, barnehagar, sosialhjelp, barnevern, legehjelp, sjukeheim, arealbruken i kommunen, vassforsyning og avfallsbehandling. 2 Fylkesting Kvar fylkeskommune har eit fylkesting. Det er 19 fylkeskommunar i Noreg. Kor mange representantar det er i fylkestinget, varierer frå fylke til fylke. Fylkestinget har blant anna ansvaret for vidaregåande skular, lokal kollektivtransport, tannhelseteneste, kultursatsing og næringsutvikling.
Sosialhjelp Økonomisk støtte til personar som ikkje er i stand til å sørgje for eige livsopphald. Arealbruk Handlar om korleis arealet i for eksempel ein kommune blir nytta. Noko areal er bruka til jordbruk, noko til bustader, noko til fabrikkar, kontor og butikkar, noko til skog og noko til vegar.
På noregskartet her har dei 19 fylka fått ulike fargar. Kor mange av fylka våre klarer du å plassere på kartet? Kvar ligg fylkestinget i fylket ditt? Kva andre fylkesting klarer du å plassere på noregskartet? Sjå òg på karta i geografiboka di, der du blant anna finn informasjon om administrasjonsstadene i dei enkelte fylka.
44
3 Stortinget I Stortinget er det til saman 169 representantar, valde frå 19 valkrinsar. Kvart fylke er ein valkrins. Stortinget driv rikspolitikk og internasjonal politikk. Stortinget bestemmer også kva oppgåver fylkeskommunane og kommunane skal ta seg av.
Rådhuset i Oslo. Oslo er både ein kommune og ein fylkeskommune, og har derfor både kommunale og fylkeskommunale oppgåver.
Sametinget I tillegg til kommunestyra, fylkestinga og Stortinget har vi eit sameting. Sametinget blei oppretta i 1989 for å styrkje den politiske stillinga til samane og bidra til ei rettferdig behandling av samane som eit eige folk. «Sametinget skal styrkje samane sin politiske stilling og fremme samane sine interesser i Noreg, og dessutan jobbe for å leggje tilhøva til rette for at samane kan sikre og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet sitt.» (sametinget.no) Sametinget kan til ein viss grad bestemme i saker som handlar om samisk språk, kultur, næring og utdanning, men det må rette seg etter den politikken Stortinget vedtek. Valet til Sametinget blir halde samtidig med stortingsvalet.
45
Sametinget består av 39 representantar som er valde frå sju valkrinsar. Ein viktig grunn for å opprette Sametinget var at samane som minoritet hadde problem med å nå fram med sine saker gjennom dei etablerte politiske kanalane i Noreg, som er baserte på at fleirtalet bestemmer. Sametinget skulle bidra til å gjere denne situasjonen betre og gi samane ei felles stemme. Det finst ein stad mellom 50 000 og 80 000 samar. Dei aller fleste av desse, om lag 40 000, bur i Noreg. Grunnen til at det er vanskeleg å seie akkurat kor mange samar som finst, er at mange ikkje veit om dei er samar eller ikkje. Sametinget har sagt dette om kven som er same: «Alle som avgir erklæring om at dei oppfattar seg sjølv som same, og som anten a) har samisk som heimespråk, eller b) har eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som heimespråk , eller c) er barn av person som står eller har stått i manntalet kan krevje seg innført i samemanntalet.» På kva måte trur du Sametinget har hatt noko å seie for samar som minoritet i Noreg?
46
Sametingspresident Aili Keskitalo talar til Sametinget i Karasjok i 2015 under 10-årsjubileet for avtala mellom regjeringa og Sametinget.
Minoritet Ei folkegruppe som er i mindretal i befolkninga i eit land.
Når ein kjend politikar har komme med eit forslag eller har uttalt seg om ei bestemt sak, er som oftast mange representantar frå riksaviser, radio og tv til stades for å få fleire uttaler frå politikaren. I slike situasjonar er politikaren utsett for eit enormt press og må vere nøye med kva han eller ho seier. Dersom noko blir uklart, kan bodskapet lett bli noko heilt anna enn det som var tenkt.
Personar og parti Politikk handlar om alt frå heilt nære og lokale forhold til dei store, verdsomspennande sakene. Kven er så desse politikarane som bestemmer alt dette? Du har sikkert sett nokre av dei mest kjende politikarane våre på tv, på internett og i avisene. Dei uttalar seg gjerne om alle slags saker og meiner mykje om det aller meste. I Noreg har vi eit system med mange forskjellige politiske parti. Politikarane som er valde inn i kommunestyre, fylkesting eller på Stortinget, er vanlegvis representantar for eit politisk parti. Når dei
Partileiardebatt på NRK tv i september 2014. Kjenner du att nokre av politikarane, og veit du kva parti dei representerer?
47
uttalar seg om ulike saker, er det altså ikkje berre si eiga meining dei presenterer, men partiet si meining om den aktuelle saka. Vi seier at dei formidlar partiet sin politikk. For å forstå meir av kva som går føre seg i den politiske debatten, er det derfor nødvendig å vite kva dei ulike partia meiner, kven som samarbeider med kven, og kvar dei forskjellige partia står i forhold til kvarandre. Kva politikarar har du lagt mest merke til i det siste, og kva har dei uttalt seg om?
Kven bestemmer politikken til partia? Ein komité lagar forslag til programmet til eit parti. I dette forslaget står det kva partiet skal meine om dei fleste aktuelle saksområda. Forslaget blir sendt ut til partimedlemmene, lokallaga og fylkeslaga, som så diskuterer det og kjem med sine forslag til endringar. På landsmøtet i partiet vedtek til slutt representantar frå alle lokallaga i partiet kva som skal stå i programmet. Er det noko som er uklart i programmet, blir det diskutert og endra. Dette blir gjort av styret i partiet og/eller blant partiet sine representantar i kommunestyra, fylkestinga og på Stortinget. Dersom det dukkar opp saker som partiet ikkje har skrive om i programmet, blir desse diskuterte i styret i partiet og blant dei valde representantane før ein bestemmer kva partiet skal meine om desse sakene. Når eit parti utarbeider programmet sitt, blir det ofte ein offentleg debatt om kva som skal stå i det. Då kan for eksempel ulike organisasjonar, privatpersonar, mediefolk og kanskje andre parti vere med på å påverke korleis politikken til eit parti blir.
48
Når ein politikar står på talarstolen, kan ho eller han som regel komme med bodskapet utan å bli avbroten. I debattar blir dei gjerne avbrotne av andre politikarar som kjempar om å komme til orde.
Komité Utvalde personar som har fått ei spesiell oppgåve, for eksempel å undersøkje noko, førebu noko eller komme fram til noko.
Frå Arbeidarpartiets landsmøte i 2015 med partileiar Jonas Gahr Støre som held tale.
Kvifor blei dei norske partia stifta? Det norske partiet Venstre (V) blir i dag rekna som eit sentrumsparti, men då partiet blei stifta i 1884, blei det oppfatta som svært radikalt. Noreg var i union med Sverige, og det var embetsmennene som hadde den politiske makta. Regjeringsmedlemmene var stort sett embetsmenn, og dei allierte seg med den svensknorske kongen for å halde på makta. Venstres viktigaste og første kamp var kampen for demokratiet. Dei viktigaste enkeltsakene var utviding av stemmeretten, lekdommarar i rettsvesenet og auka lokalt sjølvstyre. Aller viktigast var kampen for å gi Stortinget kontroll over regjeringa og kongemakta, altså parlamentarisme. Andre viktige saker for Venstre den gong var kampen for eit eige norsk skriftspråk og ein offentleg grunnskule som skulle vere for alle. Du kan lese meir om lekdommarar og rettsvesenet i kapittel 3. Embetsmenn og andre motstandarar av Venstres politikk gjekk saman og stifta partiet Høgre (H) i 1884. Høgre er dermed Noregs nest eldste parti. Det hadde støtte først og fremst blant medlemmer av borgarskapet. Høgre var eit konservativt parti som ønskte få endringer. I 1887 blei Arbeidarpartiet (Ap) stifta. Målet var å samle arbeidstakarar og fagrørsla til kamp for sosialismen, som dei meinte ville gi eit meir rettferdig samfunn. Partiet hadde først og fremst støtte blant menneske som høyrde til i det som blei kalla arbeidarklassa. Senterpartiet (Sp) blei stifta i 1920 under namnet Bondepartiet. Som Arbeidarpartiet var det eit typisk klasseparti. Senterpartiet ville betre vilkåra for primærnæringane og blei støtta først og fremst av bønder og fiskarar. Mens det i starten samarbeidde mest med partia Høgre og Venstre, har det i dei siste åra samarbeidd mest med Arbeidarpartiet. Partiet blir i dag rekna som eit sentrumsparti. Kristeleg Folkeparti (KrF) blei stifta på ein bibelskule i Bergen i 1933, først og fremst av politikarar som forlét partiet Venstre. Dei meinte at det norske samfunnet blei meir og meir sekularisert. Sekularisering vil seie at religionen spelar ei mindre viktig rolle i samfunnet. Partiet byggjer verdigrunnlaget sitt på menneskerettane, det kristne menneskesynet og nestekjærleiken slik dette kjem til uttrykk gjennom Bibelen.
Embetsmenn Personar som er utnemnde av Kongen i statsråd, det vil seie regjeringa, til ei høgare stilling i staten. Lokalt sjølvstyre Menneska i lokalsamfunnet, innbyggjarane og lokalpolitikarane, kan bestemme i mange saker som gjeld lokalsamfunnet. Borgarskapet Omgrep som blei bruka om dei som var rike og hadde eigedom. Borgarskapet har også gjerne blitt kalla middelklassa.
Verdigrunnlag Kva kvar enkelt oppfattar som rett og gale.
49
Framstegspartiet (FrP) blei stifta i 1973 som Anders Langes parti til sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlege inngrep. Med offentlege inngrep siktar partiet til lover og reglar eller andre vedtak politikarane gjer, som inneber at enkeltpersonar ikkje lenger får bestemme sjølv i saker som gjeld han eller henne. Framstegspartiet fekk det noverande namnet sitt i 1977. Sosialistisk Venstreparti (SV) blei stifta i 1975. Partiet blei først og fremst til fordi nokon var svært misnøgde med at Arbeidarpartiet tok side for den vestlege verda under den kalde krigen. Ideologien i det kommunistiske Aust-Europa låg eigentleg mykje nærare Arbeidarpartiets sosialdemokrati enn ideologien som galdt i den kapitalistiske vestlege verda, meinte dei. SV ville vere eit sosialistisk, feministisk og antirasistisk miljø- og fredsparti. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) blei stifta i 1988 for å redusere forbruket i samfunnet slik at det skulle vere mogleg å berge livsmiljøet. Samtidig ønskte partiet å arbeide for fred og for betre livsforhold for det enkelte mennesket. Partiet ønskjer å vere uavhengig av venstre- og høgresida og meiner at kampen står mellom grønt og grått i staden for mellom raudt og blått. Raudt (R) blei stifta i 2007 etter ei samanslåing av dei sosialistiske partia Raud Valallianse (RV), Arbeidarane sitt kommunistparti (AKP) og Raud Ungdom. Partiet har som mål å kjempe for «eit samfunn der fridom, økonomisk rettferd, internasjonal solidaritet og hensynet til naturen er sett i sentrum». Kva for ein av grunnane til å stifte dei norske partia synest du er den beste?
Ideologi Oppfatningar om korleis eit samfunn skal styrast.
Internasjonal solidaritet Å ta val som inneber at andre sine behov blir dekte i like stor grad som dine eigne. Solidaritet er det motsette av egoisme.
Høgresida og venstresida i politikken Å skilje dei ulike politiske partia frå kvarandre er ikkje alltid like enkelt. Ideologiane spelar ikkje ei så stor rolle lenger. Kanskje har du høyrt uttrykk som høgresida og venstresida i politikken, sosialistiske og borgarlege parti, raude og blå parti, sentrum osv. Dette er omgrep som på ulike måtar seier noko om kva parti og menneske meiner, og kvar dei står i politikken. Høgre og venstre som politiske motsetnader kjem frå England på 1500-talet. Då møttest medlemmene av Underhuset i den vesle kyrkja St. Stephens i Londons Westminster Palace. Under debattane sette tilhengjarar av den politikken kongen førte, seg til høgre for ordførarstolen, som stod framfor alteret. Motstandarane av kongen
50
Alter Oppbygd plattform der eit offer blir sett fram til ein guddom. I kristendommen er alteret det bordet i ei kyrkje som presten står framfor under gudstenesta, og der ein del kyrkjelege handlingar går føre seg, for eksempel nattverd.
sin politikk tok plass til venstre. Benkane i kyrkjebygget var vende mot midtgangen slik at dei to gruppene såg rett på kvarandre. Omgrepa venstre og høgre blei vidareførte i det aller første franske parlamentet etter den franske revolusjonen i 1789. Dei radikale sette seg til venstre for podiet og dei konservative til høgre. Hovudregelen i politikken i våre dagar er at partia til venstre ønskjer at det offentlege (staten og kommunane) skal styre hovudtrekka i økonomien. Det offentlege skal ha hovudansvaret for skule, helse, velferdstilbod og kultur og skal sørgje for ei jamnare fordeling av gode mellom innbyggjarane i landet. Partia til høgre ønskjer mindre offentleg styring og meiner at privatpersonar og bedrifter skal bestemme meir over sin eigen økonomi. Partia til høgre er også meir opne for at private firma kan få stå for ulike velferdstilbod, for eksempel innanfor skule, helse og omsorg. For å danne oss eit bilete av nokre viktige skilnader i norsk politikk, kan vi setje opp partia på ei linje frå venstre mot høgre, ein høgre–venstre-akse. På venstresida i politikken plasserer vi partiet Raudt, Sosialistisk Venstreparti (SV) og Arbeidarpartiet (Ap). På høgresida plasserer vi partia Høgre (H) og Framstegspartiet (FrP). «Mellom» desse partia er det tre parti som gjerne blir kalla sentrumsparti, nemleg Senterpartiet (Sp), Kristeleg Folkeparti (KrF) og Venstre (V). I tillegg er det no vanleg å rekne Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) som eit sentrumsparti, sjølv om dei som høyrer til dette partiet, ikkje ønskjer å ta stilling til ein slik høgre–venstre-akse.
Statsminister William Pitt d.y. talar til politikarane i Underhuset i St. Stephens kyrkje i samband med krigsutbrotet mellom Frankrike og Storbritannia i 1793. (Anton Hickel, 1745–1798)
Podium Ei sceneliknande forhøging i ein sal. Radikal Kjem frå det latinske ordet radix, som betyr rot. Ein radikal person ønskjer å endre på det som finst. Viktige radikale endringar i historia har for eksempel vore avskaffinga av eineveldet, å få eit eige norsk skriftspråk og å gi stemmerett til kvinner. Politisk betyr det å vere radikal å høyre til venstresida i politikken. Konservativ Kjem frå det latinske conservare, som betyr å ta vare på. Å vere konservativ vil seie at ein ofte ønskjer å ta vare på tinga slik dei er. Politisk betyr det å vere konservativ å høyre til høgresida i politikken. Akse Ei (vanlegvis tenkt) linje gjennom eit system. I dette kapittelet blir omgrepet bruka om korleis vi tenkjer oss partia politisk.
51
Partia på venstresida blir også kalla sosialistiske parti og utgjer den «raude» sida i politikken. Partia på høgresida blir kalla borgarlege og er «blå» parti. Høgre–venstre-aksen seier noko om kva parti som står nær kvarandre, og kva parti det er stor avstand mellom, særleg i saker som handlar om økonomisk makt, statleg styring og kontroll og fordelingspolitikk. Raudt
SV
Ap
Sp
MDG
KrF
V
H
FrP
Venstresida
Sentrum
Høgresida
Sosialistiske parti
Sentrumsparti
Borgarlege parti
Ikkje-sosialistisk side i politikken
Partileiarane si forklaring av eigen politikk Mange synest det kan vere vanskeleg å skilje partia frå kvarandre og finne kjernen i politikken til kvart enkelt parti. I arbeidet med denne boka bad vi derfor partileiarane for dei største partia i Noreg om å fullføre tre setningar som skulle beskrive partiet dei leier og politikken til partiet. Her ser du kva dei svarte: Bjørnar Moxnes, partileiar Raudt: 1 Raudt er eit parti som samlar folk som vil stå saman i kampen for rettferd og mot omsynslaus kapitalisme. 2 Dei viktigaste sakene for oss er mindre skilnad mellom rik og fattig, leksefri skule og at Noreg ikkje skal krige i andre land. 3 Vi vil heller bruke pengar på betre skule og miljøvennleg teknologi enn på høge leiarlønningar og krig. Audun Lysbakken, partileiar Sosialistisk Venstreparti (SV): 1 SV er eit parti som arbeider for miljø og rettferd – i Noreg og i verda. 2 Dei viktigaste sakene for oss er kampen mot klimaproblema, og ei meir rettferdig fordeling av makt og ressursar – fordi alle menneske er like mykje verde. 3 Vi vil heller bruke pengar på velferd til alle enn på skattekutt til dei som har mest frå før, og vil satse mindre på olje og meir på grøn energi.
52
Grøn energi Betyr fornybar energi. Eksempel på grøn energi er blant anna vasskraft, vindkraft, solenergi og bioenergi.
Jonas Gahr Støre, partileiar Arbeidarpartiet (Ap): 1 Arbeidarpartiet er eit parti som vil ha eit samfunn med små skilnader og store moglegheiter. 2 Dei viktigaste sakene for oss er å sørgje for arbeid til alle og gode offentleg finansierte velferdstenester, som skule og helsetenester. Vi må både skape verdiar og dele rettferdig for å få eit godt samfunn. 3 Vi vil heller bruke pengar på betre skule og eldreomsorg enn på skattekutt til dei som har mest frå før. Trygve Slagsvold Vedum, partileiar Senterpartiet (Sp): 1 Senterpartiet er eit parti som trur at ein kan løyse dei fleste sakene best lokalt. Vi vil derfor at ein skal ta avgjerdene nærast mogleg dei det gjeld. 2 Dei viktigaste sakene for oss er levande distrikt, små skilnader mellom folk og eit samfunn der vi tek vare på naturen og miljøet. 3 Vi vil heller bruke pengar på skule, omsorg og andre velferdstenester i heile landet enn på skattelette. Hilde Opoku og Rasmus Hansson, partipolitiske talspersonar Miljøpartiet Dei Grøne (MDG): 1 Miljøpartiet Dei Grøne er eit parti som vil sikre framtida for dei som er unge i dag. Vi vil ta vare på jorda, dyra som lever her, vatnet, skogane, klimaet og demokratiet fordi naturen har ein verdi i seg sjølv, og for at menneska som kjem etter oss kan få leve gode og rettferdige liv. 2 Dei viktigaste sakene for oss er at vi begynner å skape eit berekraftig samfunn med mange typar arbeidsplassar der løysingane på forbruk av mat, energi, transport og klede er i balanse med det naturen toler at vi brukar av råstoff for å produsere det vi treng. Å vidareutvikle samfunnet vårt så fleire folk har det bra, har tid til kvarandre og blir verdsette for kven dei er. Dette vil vi skal gjelde for alle menneske, ikkje berre dei som lever i Noreg. 3 Vi vil heller bruke pengar på å lage fornybar energi, miljøvennlege jobbar og byar og bygder som er fine å bu i enn å øydeleggje endå meir natur og klima med endå fleire motorvegar og oljefelt som verda ikkje treng.
53
Trine Skei Grande, partileiar Venstre (V): 1 Venstre er eit parti som er framtidsoptimistisk, sosialt og liberalt. Vi ønskjer at menneske i størst mogleg grad skal kunne ta eigne val, samtidig som vi tek omsyn til fellesskap og miljø. 1 Dei viktigaste sakene for oss er skule, miljø, velferd og verdiskaping. 3 Vi vil heller bruke pengar på dei menneska som treng det mest enn på dei som har mykje frå før. Knut Arild Hareide, partileiar Kristeleg Folkeparti (KrF): 1 KrF er eit parti som meiner alle menneske er like mykje verde uansett kven dei er eller kvar dei kjem frå. 1 Dei viktigaste sakene for oss er ta betre vare på jordkloden vår, kamp mot all fattigdom og ein skule utan mobbing. 3 Vi vil heller bruke pengar på hjelp til fattige enn på billigare bensin. Erna Solberg, partileiar Høgre (H): 1 Høgre er eit parti som jobbar for eit samfunn med moglegheiter for alle – moglegheiter til å mestre eigne liv og få ein ny sjanse dersom du treng det. 2 Dei viktigaste sakene for oss er kunnskap i skulen, raskare bygging av veg og kollektivtransport, kvalitet og valfridom i helsetenesta og å skape trygge arbeidsplassar. 3 Vi vil heller bruke pengar på meir kunnskap, samferdsel, helse og trygge arbeidsplassar enn på meir byråkrati, subsidiar og ordningar som gjer at det ikkje lønner seg å jobbe. Siv Jensen, partileiar Framstegspartiet (FrP): 1 FrP er eit parti som meiner at folk er betre i stand enn politikarane til å bestemme over seg og sine. Vi ønskjer derfor å skape ein enklare kvardag ved å fjerne unødvendige påbod og reguleringar. Vi ønskjer å redusere byråkratiet og gjere det enklare å drive bedrifter i Noreg. Vi vil styrke eldreomsorga fordi våre eldre fortener ein verdig alderdom med valfridom. FrP vil satse på skule, helse og samferdsel, samtidig som vi styrkjer ressursane til politiet og forsvaret for å sikre tryggleiken i kvardagen til folk flest. 2 Dei viktigaste sakene for oss er helse og eldreomsorg, samferdsel og justis.
54
Samferdsel Transport av varer, personar og informasjon med transportmiddel som bil, båt, buss og tog eller med telefonlinjer og breiband.
3 Vi vil heller bruke pengar på betre vegar og ei verdig eldreomsorg enn på offentleg byråkrati. Det finst fleire politiske parti i Noreg, men vi har valt å ikkje gi desse stor plass. Dei aller fleste av desse partia stiller ikkje liste ved stortingsval, berre til kommunestyreval og fylkestingsval. Felles for alle desse partia er at dei er lite representerte på landsbasis. I aviser og i valsendingar på tv blir dei samla i det som blir kalla «Andre». Kystpartiet (KP), Pensjonistpartiet (PP), Samfunnsdemokratane, Samefolkets parti, Verdipolitisk parti og Noregs Kommunistiske Parti (NKP) er nokre eksempel på desse partia.
Politisk samarbeid Vi har sett korleis vi kan plassere partia på ein høgre–venstre-akse. Det er naturleg å tenkje at dei partia som ligg nærast kvarandre på denne aksen, samarbeider mest og best. Men det politiske livet er likevel meir komplisert enn det. I enkeltsaker har for eksempel Arbeidarpartiet og Høgre vore einige om mykje. Sjølv SV og FrP, som ligg veldig langt frå kvarandre på aksen, har samarbeidd for å få vedteke saker i Stortinget. Det er nyttig å kjenne partia si plassering på høgre–venstre-aksen, men det er like viktig å vite at denne inndelinga ikkje stemmer for alle saker. Nokre parti bind seg derfor
Avgiftene på drivstoff er politisk vedtekne. Synest du avgiftene bør aukast, eller bør dei gå ned?
Byråkrati Eit system med faste reglar for korleis sakene skal behandlast og utførast. Eit byråkrati der det er openheit rundt kva reglar som gjeld, minskar risiko for korrupsjon, og på den måten blir alle like saker behandla likt. Justis Rett, rettferd, orden og rettsvesen
Mange norske bønder får subsidiar (økonomisk støtte) for å drive landbruk i Noreg. Politikarane vil at vi framleis skal ha matproduksjon i distrikta, sjølv om det ikkje lønner seg overalt. Kva synest du om denne politikken?
55
ikkje til eit fast samarbeid med andre parti, men samarbeider med mange forskjellige parti frå sak til sak. Dersom vi tenkjer oss ein akse for saker som handlar om landbrukspolitikk, distriktspolitikk, norsk matproduksjon og EU-medlemskap, er ikkje Senterpartiet noko «sentrumsparti». Tvert imot må vi plassere partiet heilt i ytterkanten av den aksen. På same måte må vi plassere KrF i ytterkanten av ein tenkt akse for saker som handlar om familieverdiar, religion, bistand og kampen mot alkohol. Sjølv om FrP er plassert lengst til høgre på høgre–venstre-aksen, ønskjer dei statleg styring i saker dei meiner er spesielt viktige, for eksempel bensinprisar, sjukehus og tilbod til pensjonistar. Kvifor trur du nokon seier at Noreg gir for mykje bistand, mens andre meiner at vi kunne gitt mykje meir?
Valkamp Før det er politiske val i Noreg, driv politikarane valkamp. Dei største partia tek i bruk reklamebyrå og medierådgivarar for at nettopp deira parti skal nå fram til veljarane. Valkamp går
56
Usalta torsk blir tørka utandørs på hjell (stillas). Han heng som regel i tre månader før han mognar vidare innandørs i to–tre månader. Det meste av tørrfisken blir eksportert til Sør-Europa.
Bistand Naudhjelp ved humanitære kriser som svoltkatastrofar eller naturkatastrofar, eller pengestøtte for å skape langsiktig økonomisk og sosial utvikling i fattige land.
nemleg ut på å fremme sine eigne politiske saker og fortelje kvifor løysingane til dei andre partia ikkje er så gode. På denne måten ønskjer dei politiske partia å påverke veljarane til å stemme på nettopp deira parti. I månedane før valet blir det delt ut reklamemateriale på stands rundt om i landet, og i radio- og tv-sendingar deltek dei viktigaste politikarane i partia i debattar om dei store sakene, for eksempel om utdanning, helse, økonomi og miljø. Lokalpolitikarane brukar ofte lokalavisa til å fremme politikken til sitt eige parti i lesarinnlegg, og i dei siste åra har politikarane lært at dei kan påverke veljarane via sosiale medium òg. Politikarane og rådgivarane har no sjølve blitt «redaktørar» for informasjonen dei deler på for eksempel Twitter og Facebook. Dei sosiale media fører derfor til ei maktforskyving frå journalistane til politikarane og rådgivarane deira. Før var politikarane avhengige av pressa og journalistane for å nå fram med bodskapet sitt til befolkninga. No er bodskapet frå politikarane lett tilgjengeleg for alle. Bruken av sosiale medium har også ført til
Frå ein miljøverndebatt utanfor Nationaltheatret i Oslo. Bård Vegar Solhjell frå SV og Nikolai Astrup frå Høgre diskuterer, og Eivind Trædal frå Naturvernforbundet leier debatten.
57
Avisene har oppdateringar om valkampen og ferske meiningsmålingar i dagane fram til valet. Ei meiningsmåling under ein valkamp viser ganske godt korleis partia ligg an i forhold til kvarandre.
større merksemd rundt dei viktigaste politikarane til partiet slik at politikken til partiet kjem litt i bakgrunnen. Valkampen blir avslutta før valdagen. Kvifor trur du mange menneske lèt seg påverke av valkampen? Korleis kan sosiale medium vere med på å påverke valresultatet?
Valdagen Ved alle val er det kommunen som har ansvaret for den praktiske tilrettelegginga. Kommunestyret vel eit valstyre som har ansvaret for å gjennomføre valet i kommunen. Dersom veljarane kan stemme på fleire stader i kommunen, skal eit stemmestyre på minst tre medlemmer leie gjennomføringa av valet på kvar stad. Ved stortingsval og fylkestingsval skal det i kvart fylke også vere eit fylkesvalstyre. Fylkesvalstyret har ansvaret for å gjennomføre valoppgjeret på fylkesnivå, det vil seie samla for alle kommunane i fylket. På valdagen kan veljarane berre stemme i den kommunen der dei er innførte i manntalet. Er veljarane borte frå heimkommunen på valdagen, er det mogleg å avgi ei førehandsstemme. I Noreg er valdagen lagd til ein måndag, men kommunane kan også halde vallokala oppe dagen før. Noreg er eit demokrati. Det betyr at vi kan gi stemma vår til kva parti vi vil. Og ingen treng å fortelje andre kva dei stemmer, for i
58
Flagget er heist på Ulriken, det høgaste av dei sju fjella som omkransar Bergen. Valdagen i Noreg er offentleg flaggdag.
1884 blei det påbode med hemmelege val i Noreg. I vallokalet kan veljaren gå inn i ein bås slik at ingen ser kva partiliste ho eller han vel å ta med tilbake og leggje i valurna. Når det er lokalval, altså kommunestyreval og fylkestingsval, kan dei som stemmer, velje om dei også vil gi ekstra stemmer til bestemte personar på lista ved å setje eit kryss framfor namnet hans eller hennar på vallista. Det går også å gi personstemme til politikarar frå andre parti. Ved stortingsval kan dei som stemmer, endre rekkjefølgja på kandidatar og stryke kandidatnamn på vallista.
Fylkestinget Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylket, og representantane blir valde kvart fjerde år ved direkte val. Fylkestinget blir leidd av ein fylkesordførar. Fylka våre er dei eldste administrative einingane i Noreg, både kommunane og nasjonalstaten er yngre. Som vi har nemnt tidlegare i kapittelet, er Noreg delt inn i 19 fylke. Kvart fylke er også ein fylkeskommune. Fylkeskommunen er leddet mellom stat og kommune og tek seg av oppgåver som er for store for kommunane, eller som går på tvers av kommunegrensene. Dei siste åra har fylkeskommunen fått stadig færre oppgåver, men han har framleis ansvar for den vidaregåande skulen, offentleg transport, fylkesvegar og regional utvikling. Enkelte borgarlege parti ønskjer at fylkeskommunen skal avviklast eller gjerast om til større regionar.
I eit avlukke i vallokalet finn du vallistene du kan velje mellom. Ei valliste er det same som ein stemmesetel.
Partiliste Stemmesetelen for eit parti. På stemmesetelen står namna på alle politikarane som er nominerte for val. Å nominere tyder å peike ut kandidatane for eit parti ved val. Valurne Behaldar til stemmesetlar ved eit val. Etter at ein stemmesetel er stempla og godkjend, blir han lagd i valurna. Då får ein ikkje opna han før oppteljinga skal starte. Administrasjon Ei gruppe personar som leier og styrer for eksempel eit firma, ein organisasjon eller eit land (politisk).
Fylkesvåpenet til Nord-Trøndelag
59
Stortingsbygningen i Oslo. Oppkøyrsla framfor hovudinngangen blir kalla Løvebakken.
Den første statsmakta – Stortinget Den øvste styresmakta i eit demokrati blir kalla nasjonalforsamling. I Sverige, Finland og Tyskland heiter nasjonalforsamlinga Riksdagen. I Danmark heiter ho Folketinget, på Island Alltinget, i Storbritannia Parlamentet og i USA Kongressen. Den norske nasjonalforsamlinga heiter Stortinget. Stortinget er den første statsmakta i Noreg og blir leidd av ein stortingspresident. Stortinget har tre svært viktige oppgåver: 35 30 25 20 15 10 5 0 Ap
60
SV
Raudt
Sp
KrF
V
H
FrP
Andre
Resultatet av stortingsvalet i 2013. Kva for nokre parti fekk mindre enn 5 prosent av stemmene? Kva for eit parti saknar du på lista? Kjelde: SSB
1 Lovgivande styresmakt – Det er Stortinget som vedtek og endrar lover og reglar. 2 Løyvande styresmakt – Kvart år vedtek Stortinget eit statsbudsjett. Her blir det bestemt kva staten skal bruke pengane sine til, og korleis skattane og avgiftene skal vere. 3 Kontrollerande styresmakt – Stortinget kontrollerer regjeringa sitt arbeid. Regjeringa må gå av dersom eit fleirtal i Stortinget krev det. Denne ordninga blei innført i 1884 og blir kalla parlamentarisme. Korleis vil du forklare omgrepa maktfordelingsprinsippet og parlamentarisme til ein person som nettopp har flytt til Noreg?
Noregs riksvåpen
Teikninga illustrerer ei fleirtalsregjering. Her har «det blå partiet» fleire representantar enn «det raude» på Stortinget.
Teikninga illustrerer ei koalisjonsregjering. «Det blå, det lilla, det brune og det grøne partiet» samlar seg og dannar ei koalisjonsregjering.
61
Den andre statsmakta – Regjeringa Når valresultatet frå stortingsvalet er klart, ber kongen det partiet som fekk flest stemmer, om å danne regjering. Regjeringa er den andre statsmakta. Vi vel altså ikkje representantar til regjeringa direkte. Resultatet av stortingsvalet avgjer kva parti, eitt eller fleire, som dannar regjering. Vi kan ha mange forskjellige regjeringstypar:
Frå regjeringsskiftet på slottsplassen i 2013. Her er Erna Solberg og Siv Jensen med den nye regjeringa.
• Eittpartiregjering: Eitt parti dannar regjering aleine. • Koalisjonsregjering: Fleire parti dannar regjering saman. • Flertalsregjering: Det partiet, eller dei partia, som dannar regjering, har fleire enn halvparten av representantane på Stortinget. • Mindretalsregjering: Det partiet, eller dei partia, som dannar regjering, har færre enn halvparten av representantane på Stortinget. I Noreg har vi hatt alle desse ulike regjeringstypane.
62
Ei av løvene på Løvebakken framfor Stortinget.
Vanlegvis er det regjeringa som fremmer forslag til saker for Stortinget. Ei regjering som har fleirtal, kan derfor nesten alltid vere sikker på å få vedteke sakene sine. Mindretalsregjeringar må samarbeide med ulike parti på Stortinget for å få støtte i kvar enkelt sak. Leiaren for regjeringa blir kalla statsminister. Statsministeren og dei ulike statsrådane utgjer til saman regjeringa. Vanlegvis er statsrådane leiarar for kvart sitt departement. Statsrådane blir gjerna kalla ministrar, for eksempel er finansministeren leiar for Finansdepartementet, utanriksministeren leiar for Utanriksdepartementet, osv. Det er regjeringa sjølv som bestemmer kor mange departement og statsrådar ho vil ha. Dei siste regjeringane har hatt 18–19 statsrådar. Kvar fredag møter regjeringa kongen til statsråd på Slottet i Oslo, men alle avgjerder er tekne på eit møte dagen i forvegen. Kongen har ikkje noka politisk makt i Noreg, men ingen lover eller vedtak i eit statsråd er gyldige utan at kongen og statsministeren har skrive under på dei.
Slottet i Oslo der kongen tek imot regjeringa til statsråd kvar fredag. Kva slags regjering har vi i dag?
Du kan lese meir om den tredje statsmakta, domstolane, i kapittel 3.
63
I 1913 fekk kvinner i Noreg stemmerett. Då hadde kvinnerørsla kjempa for denne retten i over 30 år. Noreg var eit av dei første landa i verda som innførte stemmerett for kvinner på like vilkår som for menn.
Stemmerett og «myrmenn» Med Grunnlova av 1814 fekk om lag 40 prosent av alle norske menn over 25 år stemmerett. Blant dei som hadde stemmerett, var embetsmenn, jordeigarar, bønder som leigde jord, og gardeigarar i byane. Men utover på 1800-talet gjekk delen med stemmerett i Noreg ned fordi det blei fleire husmenn og eigedomslause. I 1860- og 70-åra hadde rundt 7,5 prosent av befolkninga stemmerett. Partiet Venstre gikk inn for allmenn stemmerett og stilte seg i spissen for ein kampanje der det blei kjøpt opp verdilaus jord, gjerne små myrlappar, til dei som var eigedomslause, slik at flest mogleg skulle få stemmerett. Dei som skaffa seg stemmerett på denne måten, blei kalla «myrmenn».
Stolar vi på politikarane? Det er få menneske i Noreg som må tole så mykje kritikk som politikarane. På ein måte er denne kritikken ofte fortent, for politikarane har sjølve valt å vere i denne maktposisjonen. I eit demokrati er det nødvendig og rett at folk får seie kva dei meiner om måten dei blir styrte på. Og det er viktig at veljarane kritiserer parti og politikarar dersom dei ikkje følgjer opp programma og valløfta sine. Det er jo desse personane og partia folk har stemt på og dermed har gitt sin tillit. Samtidig er det alltid nokon som går over streken og kjem med urimeleg kritikk og urettferdige skuldingar. Då snakkar vi gjerne om politikarforakt.
64
Husmenn Landarbeidarar som leigde husmannsplass med eit lite jordstykke av ein større bondegard.
Myrlapp Eit lite jordstykke av ei myr
Men sjølv om politikarane blir utsette for sterk kritikk, har nordmenn generelt svært stor tru på demokratiet. Internasjonale undersøkingar viser at den norske befolkninga er nøgd med demokratiet og uttrykkjer større tillit til politikarane enn det befolkninga i mange andre land gjer. Samtidig viser undersøkingar at alle parti har veljarar som ikkje stolar på politikarane. Mistilliten til politikarane er klart størst blant veljarane til Framstegspartiet og blant «heimesitjarane», dei som ikkje stemmer ved vala.
Vi vil gjerne stole på at politikarane klarer å ta vare på den flotte naturen i Noreg. Kva kan du gjere for å ta vare på miljøet vårt?
Mistillit Mangel på tillit, mistru, kan ikkje stole på
Kvifor er demokratiet viktig for deg?
65
Oppsummering Demokratisk ansvar:
• ansvar for å stemme • halde seg informert • delta aktivt i samfunnet Politikk handlar om konfliktar, samarbeid og avgjerder om
• fordeling av gode og byrder i samfunnet • korleis vi skal styre samfunnet • kva slags samfunn vi vil leve i, og korleis vi kan utvikle samfunnet på lengre sikt
Val:
• Lokalval (kommunestyre og fylkesting) kvart • •
fjerde år Stortingsval (og sametingsval) kvart fjerde år Vala blir haldne ujamt slik at det er val i Noreg kvart andre år
Maktfordelingsprinsippet:
• Den første statsmakta,
Stortinget – lovgivande makt
• Den andre statsmakta, •
regjeringa – utøvande makt Den tredje statsmakta, domstolane – dømmande makt
Sametinget: Leggje til rette for å sikre og utvikle språk, kultur og samfunnsliv blant den samiske befolkninga.
66
Tre politiske nivå:
• Kommunestyre – lokalpolitikk • Fylkesting – lokalpolitikk • Stortinget – rikspolitikk og internasjonal politikk
Høgresida har tradisjonelt lagt vekt på dette:
• marknadsøkonomi med fri konkurranse og • •
lite offentleg regulering fridom for det enkelte individet og vern om det beståande samfunnet privat eigedomsrett og privat næringsliv
Venstresida har tradisjonelt lagt vekt på dette:
• statleg styring av økonomien i samfunnet • tilbodet av velferdsgode skal vere eit offentleg •
ansvar statleg regulering av næringslivet
Politiske parti: Høgresida består av partia Høgre (H) og Framstegspartiet (FrP) Venstresida består av Partiet Raudt, Sosialistisk Venstreparti (SV) og Arbeidarpartiet (AP). Som ei eiga gruppering mellom høgreog venstresida finn vi sentrumspartia Senterpartiet (SP), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) høyrer ikkje til nokon av blokkane.
67
Spørsmål 1 2 3 4 5 6 7 8
Kor lang tid går det mellom to stortingsval? Kven er det vi vel når det er lokalval? Kor mange representantar er det til saman på Stortinget? Kva tre styringsnivå har vi i Noreg? Når blir det halde val til Sametinget? Kvifor blei Sametinget oppretta? Forklar omgrepet rikspolitikk med dine eigne ord. Kva parti høyrer til høgresida, venstresida og sentrum i norsk politikk? 9 Kva er skilnaden mellom ei eittpartiregjering og ei koalisjonsregjering?
Det samiske flagget
Oppgåver 1 Studer resultatet frå stortingsvalet i 2013 på side 60. a) Kva tre parti fekk berre litt over 5 prosent av stemmene kvar? b) Kongen bad leiaren for Arbeidarpartiet, som fekk flest stemmer, om å danne regjering. Kvifor trur du at Erna Solberg frå Høgre då blei statsminister? c) Kva parti trur du fekk gjennom mest av politikken sin etter dette valet? 2 Lag ein tabell der du listar opp minst fem ting som du anten gjer kvar dag eller av og til. Prøv å finne den politiske sida ved desse gjeremåla. Tabellen kan for eksempel sjå slik ut:
68
Gjeremål i kvardagen
Den politiske sida ved gjeremåla
Spelar gitar
Kommunen har løyvd pengar til drift av kulturskulen.
Syklar til skulen
Statens vegvesen har gjort det trygt for «mjuke» trafikantar ved å byggje gang- og sykkelvegar.
Går tur med hunden
§ 6 i hundelova seier at det er bandtvang for hundar frå og med 1. april til og med 20. august.
Det er politikarane som bestemmer kor trygt det skal vere for mjuke trafikantar. Dei kan bestemme om det skal brukast pengar på å lage fortau, gang- og sykkelvegar, eller om dei vil bruke pengar på noko anna i staden.
3 Studer figuren på side 34. a) Kor stor del av dei som er i aldersgruppa 45–66 år har skrive eit innlegg i ei avis eller eit tidsskrift for å påverke i dei siste 12 månadene? b) Kva fortel figuren om unge menneske si politiske deltaking i samfunnet? c) I kva former for politisk deltaking er gamle menneske lite representert? Kvifor trur du det er slik? d) Fortel figuren at det er lita eller stor politisk deltaking i Noreg? Grunngi svaret ditt. 4 Bruk aviser frå den siste veka eller nettutgåvene til avisene i arbeidet med denne oppgåva. Finn fram til ei rikspolitisk sak og ei internasjonal sak som ein eller fleire norske politikarar har uttalt seg om, og svar på desse spørsmåla: a) Kva handlar sakene om? b) Kva meiner den politikaren eller dei politikarane som har uttalt seg om saka? c) Kva meiner du om saka? Presenter funna dine munnleg for dei andre elevane (1–2 minutt), eller lag eit skriftleg notat (ca. éi side). 5 Vel deg eit politisk parti som du vil finne ut meir om. Bruk heimesida til partiet til å finne svar på desse spørsmåla: a) Når og kvifor blei partiet stifta? b) Kva er viktige saker for partiet no? c) Høyrer partiet til høgresida, venstresida eller sentrum når det gjeld økonomisk politikk? d) Er det eit sosialistisk eller eit borgarleg parti? e) Sit partiet i regjering? Dersom ikkje, har det sete i regjering tidlegare og i så fall når? f) Er partiet representert på Stortinget no? Dersom ja, kor mange representantar har det? g) Kor stor oppslutting har partiet hatt i dei siste meiningsmålingane? Presenter funna dine for dei andre elevane.
Du kan vere med på å påverke kva slags samfunn vi skal ha, med demokratisk deltaking.
Bjørvika i Oslo
69