Skip to main content

Norsk start 8-10 Grammatikk

Page 1

Kirsti Mac Donald

Grammatikk

8–10

Nynorsk

Norsk start Denne grunnleggjande norske grammatikken inneheld ein kombinasjon av forklaringar, reglar og oppgåver. Boka kan brukast som ei sjølvstendig støttebok, uavhengig av kva læremiddel elevane elles bruker. Ho er tilpassa læreplanen Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. Målet for boka er å hjelpe elevane med å utvikle eit sikrare og betre norsk språk, samtidig som dei lærer enkel grammatisk terminologi. For læraren kan arbeidet med grammatikkboka vere til hjelp for å finne ut kor den einskilde eleven har styrken sin og svakheitene sine.

ISBN 978-82-02-36298-0

9

788202 362980 www.cappelendamm.no


Norsk start 8–10 Grammatikk nynorsk Kirsti Mac Donald


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2011 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskilt avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatnings­ansvar og inndraging, og kan straffast med bøter eller fengsel. Norsk start følgjer læreplanen i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar og er laga til bruk på ungdomstrinnet i grunnskolen. Illustratør: Smaapigerne Omslagsdesign: RenessanseMedia AS Grafisk formgiving: Sandvik design Forlagsredaktør: Unni Wiel Trykk og ferdiggjering: Livonia Print SIA, Latvia 2011 Omsett til nynorsk av Arve Lauvnes. Utgåve 1 Opplag 1 ISBN 978-82-02-36298-0 www.cdu.no http://norskstart.cappelendamm.no FOTO iStockphoto: s. 4ø, 15, 29, 38, 49, 52, 59, 88 Scanpix: Cornelius Poppe s. 4n Thinkstock: s. 6, 11, 12, 13, 16, 19, 20, 21, 22, 24, 25, 27, 29, 31, 35, 40, 44, 45, 47, 53, 59, 63, 64, 68, 69, 70, 76, 76, 77, 79, 84, 86


InnhAld 1 SUBSTANTIV 4

8 PREPOSISJONAR 63

Eigennamn og fellesnamn 4 Ubunden artikkel 6 Bøying av substantiv 7 Genitiv 12 Samansette substantiv 13 Peikeord + substantiv 15

2 PRONOMEN 16

Personlege pronomen 16 Refleksivt pronomen 21

Stad 63 Tid 65 Tilhøyr 67

9 ADVERB 68

Måtesadverb 68 Tidsadverb 70 Stadadverb 70 Gradsadverb 71 Setningsadverb 71

3 VERB 22

10 SETNINGSLEDD 73

Modalverb 23 Bøying av verb 24

4 SETNINGAR 40

Forteljande setningar 40 Spørjesetningar 42 Imperativsetningar 44

Subjekt 74 Objekt 74 Predikativ 75 Adverbial 76 Indirekte objekt 77 Analyse 78 Ordstilling i heilsetningar 78

5 ADJEKTIV 45

11 LEDDSETNINGAR 79

Bøying av adjektiv 47

Ordstilling i leddsetningar 83

6 TAL 53

12 DET-SETNINGAR 84

13 TEKST 86

Grunntal 53 Ordenstal 56 Andre mengdeord 57

7 EIGEDOMSORD 58

Konjunksjonar 86 Subjunksjonar 87 Adverb 87


1 Substantiv Ord som fortel kva noko eller nokon heiter, kallar vi substantiv.

Eigennamn og fellesnamn 1

Kven er dette? Kva heiter dei? Kvar bur dei?

Nür vi snakkar om namnet pü ein bestemt person eller ein bestemt stad, kallar vi det eigennamn. Eigennamn skriv vi med stor bokstav først: Tatiana, Nader, Oslo, London, Noreg, Iran.

4 norsk start


2 Vi har også ein annan type namn: Det eg sit på, heiter ein

.

Bøkene mine ligg i ein

.

Når det er kaldt, må eg ha på meg ei Oslo er ein

og eit

.

.

Noreg er eit

.

Ord som ein stol, ein sekk, ein bag, ei lue, ei jakke, eit skjerf, eit skaut, ein by og eit land kallar vi fellesnamn fordi dei er felles for alle av den typen. Ei jente er fellesnamn, for det kan brukast om alle jenter. Tatiana er eigennamn, fordi det er namnet på ei bestemt jente. Eit land er fellesnamn, for det kan brukast om alle land. Noreg, Polen, Sudan og Iran er eigennamn, for det er namnet på bestemte land. 3

Fyll ut med fellesnamn og eigennamn som passar. Fellesnamn ein gut

Eigennamn Stanislav

eit land ein by ei jente ei elv eit fjell ein innsjø ei bok Polen Bagdad Safia Jamil

Substantiv 5


Ubunden artikkel 4

Skriv inn rett substantiv.

ei

ein

eit

ei

ein

eit

Ofte står det ei, ein eller eit framfor eit fellesnamn. Ei, ein og eit kallar vi ubunden artikkel.

Ubunden artikkel viser kva for kjønn orda er: ei jente, ei lue, ei sol, ei klokke, ei heimelekse Hokjønn: Hankjønn: ein gut, ein genser, ein sekk, ein stol, ein venn, ein film Inkjekjønn: eit flagg, eit språk, eit vindauge, eit bord, eit skjerf, eit sjal Vanlegvis kan vi ikkje vite kva for artikkel eit ord skal ha. Vi må lære artikkelen saman med ordet. 5

Skriv desse orda med artikkelen på rett plass: ein ball, ei hand, eit bein, ein shorts, eit kne, ein sko, eit hovud, ein arm, ei fotballtrøye 1

9

2 3 4

7

6

5 8

5 4

6 7 8 9

6 norsk start

2

3

1


Bøying av substantiv Når vi bøyer eit ord, endrar vi det på bestemte måtar.

Eintal og fleirtal Eintal

Fleirtal

ein kopp

fire koppar

ei flaske

to flasker

Orda med strek under står i fleirtal: Nader og Stanislav er elevar på Fagersjø. Somme dagar gjer dei lekser saman. Men somme dagar ser dei filmar i staden for å gjere lekser. 6

Substantiv i fleirtal a Sjå på teksten over. Kva skjer med eit ord når det fortel at det er fleire enn éin av noko? b Korleis ser orda med strek under ut når dei står i eintal?

7

Fyll ut med rett form av orda til venstre. Eintal Fleirtal ein elev

elevar

Det er 15

ei jente

jenter

åtte

ein gut

gutar

sju

ei dør

dører

Det er ei

ei lampe

lamper

Det er fire

ein stol

stolar

Det er atten

ei hylle

hyller

På veggen er det fem

!

i klassen, og . i klasserommet. her. i rommet. .

Dei fleste hankjønnsord sluttar på -ar i fleirtal. Dei fleste hokjønnsord sluttar på -er i fleirtal.

Substantiv 7


Ord som endar på -ar i eintal og fortel om personar, får også -ar i fleirtal: ein fotballspelar – to fotballspelarar, ein tyrkar – mange tyrkarar, ein bakar – to bakarar 8

Set inn den rette forma av orda. ein spelar

Kor mange

er det på eit fotballag?

ein lærar

Kor mange

har de?

ein irakar

Kor mange

er det i klassen?

ein somaliar

Kor mange

er det i klassen?

ein indar

Kor mange

er det i klassen?

Inga ending i fleirtal Ein del ord får ikkje ending i fleirtal. Det gjeld inkjekjønnsord og nokre hankjønns- og hokjønnsord.

9

Fyll ut med fleirtal av orda til venstre. eit år

Nader er 14

.

eit ord Vi har lært mange nye

.

eit spel

Eg har fått to nye

eit språk

Kor mange

forstår du?

eit fag

Kor mange

har de på skolen?

ein ting

Jamil har mange

ein feil

Eg liker ikkje å gjere

ei mil Vi har reist mange ein meter

8 norsk start

Eg kasta 30

til pc-en.

i sekken sin. når eg snakkar. i ferien. med ball.


Spesielle former Nokre ord har spesielle former i fleirtal.

10 Les orda i eintal og fleirtal. Etterpå kan de dekkje over høgre side og prøve å seie rett fleirtalsform. Eintal Fleirtal ei syster to systrer ein bror to brør ei mor to mødrer ein far to fedrar ei bok to bøker ein fot to føter ein mann to menn 11 Lag så mange setningar som mogleg med eitt ord frå kvar kolonne. For eksempel: Eg har ei bok. Eg har mange bøker. jakker sykkel eit bøker Eg har ein brør ei jakke to spel mange lærarar bok bror

Bunden form 12 Korleis kan de endre orda til venstre for at dei skal passe betre i setninga? (ei klokke)

er elleve.

(eit friminutt)

Eg gleder meg til

.

(ein klasse)

Det er 18 elevar i

mi.

(ein skole)

Eg liker meg på

(ein lærar)

Eg liker

. mine.

Klokka, friminuttet, friminutta, klassen, skolen, lærarane står i bunden form.

Substantiv 9


I bunden form får substantivet ei ending. Endingar i bunden form Eintal Hokjønn -a klokka

Hankjønn -en skolen

Fleirtal Inkjekjønn -et brevet

Hokjønn -ene klokkene

Hankjønn -ane skolane

13 Når vil du seie a, og når vil du seie b? a Eg har lese ei bok. b Eg har lese boka. Vi bruker ofte bunden form når det vi snakkar om, er kjend. Den vi snakkar til, veit kva vi snakkar om. 14 Set inn orda i bunden form eintal. eit brev

Har du fått

ei jakke

Denne

ein lærar ei bok

? er dyr! kan hjelpe oss.

Eg har gløymt

mi heime.

15 Set inn orda i bunden form fleirtal. eit friminutt Vi speler basket i ein kamerat

Eg speler fotball med

eit ord

Eg hugsar ikkje alle dei nye

eit dataspel

Skal vi prøve

ei jente

Korleis er

10 norsk start

. mine. . dine? i klassen din?

Inkjekjønn -a breva


16 Ubunden og bunden form a Les denne historia. Ei mus kom til ein bekk. Det var ikkje noka bru over bekken, så musa visste ikkje korleis ho skulle komme over. Da kom det ein rev gåande. Han snakka vennleg til musa: – Eg har mykje lengre bein enn deg, så eg kan klare å vasse over, sa han. Musa var litt redd for reven, men sidan han var så vennleg i stemma, blei musa ståande der ho var. – Om du vil, kan du sitje på hovudet mitt, så kjem du tørr over bekken, sa reven. – Dersom du lovar å vere snill, så, sa musa usikkert. Og det lova reven. Musa visste ikkje korleis ho elles skulle komme over bekken, så ho bestemte seg for å seie ja takk til reven. Reven bøygde seg ned slik at musa kunne klatre opp på hovudet. Da musa var på plass, gjorde reven eit kast med hovudet og opna gapet, og så var musa borte. Og reven hadde vore snill – mot seg sjølv. Sjå på ordet mus i teksten. Den første gongen vi høyrer om musa, står ordet i ubunden form. Historia handlar om ei mus som vi ikkje kjenner. Etterpå veit vi kva for ei mus det handlar om, og da står ordet i bunden form. b Set strek under substantiva rev og bekk også, og sjå kva som skjer med dei. c Finn ordet hovudet i teksten. Dette ordet står i bunden form også den første gongen det blir nemnt, for det er klart at det er hovudet til reven. Dei fleste substantiva har desse formene: Eintal ubunden form

bunden form

ei jente ei dør

jenta døra

ein gut ein skole

guten skolen

eit bilete eit land

biletet landet

ubunden form Hokjønn jenter dører Hankjønn gutar skolar Inkjekjønn bilete land

Fleirtal bunden form jentene dørene gutane skolane bileta landa

Substantiv 11


▲

Jenta har beina på stolen!

Genitiv Når nokon har eller eig noko, kan vi bruke genitiv. Genitiv bruker vi berre saman med eigennamn. Vi dannar genitiv ved å leggje ein -s til namnet: Nader fekk låne Tatianas sykkel.

17 Skriv det som står i parentes, med genitiv. (hovudstaden i Noreg) (sykkelen til Tatiana)

heiter Oslo. Eg låner

(mobilen til Martin) Nokon har teke (historia om Sudan) Kva kan du fortelje om

!

Ordet etter genitiv står i ubunden form.

12 norsk start

. . ?


Samansette substantiv 18 Kva for ein ferie liker du best: sommarferien, haustferien, juleferien, vinterferien eller påskeferien? Kva for ein ferie er lengst? Kva for ein ferie er i desember? 19 Finn namnet på så mange ballar som mogleg. fotball

20 Lag samansette ord. a sko til å bruke om vinteren

vintersko

sko som er laga av skinn støvlar til å spele fotball i sko til å danse i b spel på data prøve i matte time i gym kamp i fotball prosjekt med film

Substantiv 13


Nokre ord får -s etter seg når dei står først i eit samansett ord. Det gjeld for eksempel ungdom, selskap, sport og arbeid: ungdomsskole, sportsbutikk. 21 Lag nye ord. skole for ungdom klede til å bruke i selskap tid til arbeid utstyr til sport gjeng med ungdom Nokre korte ord får -e etter seg, for eksempel barn, gut og jul: barnesko, guteklede, juletre. 22 Lag orda. klubb for gutar ferie i jula skole for barn tre til jul

!

Eit substantiv som står først i eit samansett ord, står i ubunden form eintal: klede for jenter > jenteklede, fest i jula > julefest

23 Kva slags bil? bil som fraktar varer bil som hentar søppel bil som politiet køyrer bil som sløkkjer brann bil som sel is

14 norsk start


Peikeord + substantiv

▲ – Sjå på alle dei buksene! – Eg liker denne buksa best. Peikeorda kan stå framfor eit substantiv når vi peiker på noko. Når vi peiker på noko som er eit stykke borte, bruker vi den, det og dei. Den genseren er super. Det biletet liker eg. Sjå på dei skoa! Når vi har tinga nær oss, bruker vi denne, dette og desse: Denne genseren er enda finare! Dette biletet har eg måla. Desse skoa er for tronge!

fjern nær

Hankjønn/Hokjønn den boka denne boka

Inkjekjønn det huset dette huset

Fleirtal dei bøkene desse bøkene

Substantiv har til vanleg bunden form etter peikeorda. 24 Set inn eit substantiv som passar. Eg liker ikkje denne

!

Kva skal du gjere med desse Dette

? kan du få!

Kor mykje kostar den Er dei Dei bur i det

? dine? der borte.

Substantiv 15


2 Pronomen Pronomen betyr «i staden for namn» og er ord som kan stå i staden for substantiv.

Personlege pronomen Ho, han, dei 1 Kva for eit ord kan vi bruke i staden for Safia i denne teksten? Safia sit på rommet og les. Safia har mange lekser, og Safia er ganske trøytt. Men Safia er nøydd til å bli ferdig før Safia skal leggje seg. Dersom du set inn pronomen, kan du heller seie: Safia sit på rommet og les. Ho har mange lekser, og ho er ganske trøytt. Men ho er nøydd til å bli ferdig før ho skal leggje seg.

16 norsk start


2

Kva for eit pronomen kan du bruke i staden for Nader? Nader sit på rommet og les.

3

har mange lekser,

og

er ganske trøytt. Men

før

skal leggje seg.

er nøydd til å bli ferdig

Kva for eit pronomen kan du bruke i staden for Chaima og Jamil? Chaima og Jamil sit på rommet og les. og

er ganske trøytte. Men

før

skal leggje seg.

han

har mange lekser, er nøydde til å bli ferdige

ho

dei

eg – du 4

Set inn eg eller du. Hugs stor bokstav i begynninga av ei setning. Stanislav:

Kor gammal er

, Nader?

Nader:

er 14 år. Kor gammal er

Stanislav:

er 15 år.

?

vi – de 5

Set inn pronomen i staden for orda i parentes under teksten. Nader spør: Kor gamle er

(Chaima og du)

Nader spør: Kvar kjem

? Jamil seier:

er 15 år.

(Chaima og eg)

frå? Jamil seier:

(Chaima og du)

kjem frå Marokko.

(Chaima og eg)

pronomen 17


Pronomen Eintal 1. person 2. person 3. person

Fleirtal 1. person 2. person 3. person

eg du ho han det vi de dei

Person, eintal og fleirtal Vi bruker han dersom pronomenet står i staden for eit hankjønnsord. Vi bruker ho dersom pronomenet står i staden for eit hokjønnsord. Vi bruker det dersom pronomenet står i staden for eit inkjekjønnsord. I fleirtal bruker vi dei: Kvar er sekken? Kvar er jakka? Kvar er kartet? Kvar er bøkene? 6

Han er her. Ho heng i skapet. Det er på side 10. Dei ligg i hylla.

Trekk linje til rett svar. Kva gjer Stanislav?

Ho lærer norsk.

Kva gjer de? Vi snakkar saman. Kva gjer Safia?

Dei dansar.

Kva gjer Chaima og Jamil?

Du spør og spør.

Kva gjer eg?

Eg svarer på spørsmål.

Kva gjer du?

Han speler fotball.

18 norsk start


▲ Oslo er hovudstaden i Noreg. Kor mange innbyggjarar har Oslo? Han har om lag 600 000 innbyggjarar. (ein by = han) Kvar renn Otra ut? Ho renn ut i Kristiansand. (ei elv = ho) Kvar ligg Marokko? Det ligg i Nord-Afrika. (eit land = det) 7

8

Fyll ut med Han, Ho eller Det. Kor mykje er klokka?

er halv tolv.

Kva heiter skolen?

heiter Fagersjø.

Kvar er klasserommet?

er i oppgang B.

Kven eig dette skjerfet?

er mitt.

Kvar er jakka mi?

ligg i klasserommet.

Kvar er ballen?

ligg i skolegarden.

Kva heiter hovudstaden i Tyrkia?

heiter Ankara.

Kvar ligg Marokko?

ligg i Nord-Afrika.

Svar med pronomen. Kvar bur Ali?

bur i Bergen.

Kvar kjem foreldra hans frå?

kjem frå Pakistan.

Kvar bur bestemora hans?

bur i Pakistan.

Kva heiter byen ho bur i?

heiter Karachi.

Er Karachi større enn Oslo?

er mykje større.

pronomen 19


Objektsform

▲

Pronomena har ulike former: Subjektsforma bruker vi om personar som gjer den handlinga vi fortel om. Objektsforma bruker vi om personar som ikkje gjer handlinga.

Eintal 1. person 2. person 3. person Fleirtal 1. person 2. person 3. person

9

Eg liker deg. Liker du meg?

Subjektsform

Objektsform

Eg skriv. Kva gjer du? Ho dansar. Han speler fotball.

Læraren hjelper meg. Skal eg hjelpe deg? Vi kan sjå på henne. Eg skal heie på han.

No kjem vi snart. De er seine. Dei er ikkje her.

Kan de vente på oss? Vi kan ikkje vente på dykk. Eg kan ikkje sjå dei.

Les setningane først. Dekk deretter over setningane til høgre. Eg liker Anne, og Du liker Anne, og Lisa liker Anne, og Ali liker Anne, og Vi liker Anne, og De liker Anne, og Dei liker Anne, og

Anne liker meg. Anne liker deg. Anne liker henne. Anne liker han. Anne liker oss. Anne liker dykk. Anne liker dei.

10 Fyll ut med rett pronomen. eg – meg

No må

du – deg

Skal eg vente på

? Når kan

han – han

Kvar er Nader?

er ikkje her. Eg såg

ho – henne

Kvar er Lisa? Eg har ikkje sett

vi – oss

gå. Dei andre ventar på

komme?

Når skal

dei – dei

Kvar er Chaima og Jamil? Der kjem

i skolegarden.

i dag.

skal flytte. Du må besøkje

de – dykk

20 norsk start

.

flytte? Eg skal besøkje

er heime.

. . . Eg ser

.


Refleksivt pronomen Refleksivt pronomen Eg vaskar meg. Du vaskar deg. Ho vaskar seg. Han vaskar seg. Vi vaskar oss. De vaskar dykk. Dei vaskar seg. ▲

Guten vaskar seg.

Vi bruker refleksivt pronomen når pronomenet og han eller ho som gjer handlinga, er same person.

11 Skriv inn a og b på rett plass. a Ho sminkar henne. b Ho sminkar seg.

12 Fortel om dei. Les setningane, og dekk over. Anja fortel: Eg kjedar meg på skolen. Eg gleder meg til sommaren.

Fortel om henne: Ho kjedar seg på skolen. Ho gleder seg til sommaren.

Tobias fortel: Eg liker meg på skolen. Men eg gruer meg til matteprøva.

Fortel om han: Han liker seg på skolen. Men han gruer seg til matteprøva.

Tobias og Emma: Vi har forsove oss. Vi må skunde oss til skolen.

Fortel om dei: Dei har forsove seg. Dei må skunde seg til skolen.

pronomen 21


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Norsk start 8-10 Grammatikk by Cappelen Damm - Issuu