Skip to main content

Mylder4grunnboknn blabok

Page 1

Heidi Antell Haugen Toril Hægeland Magnus Henrik Sandberg Anne Synnøve Steinset

Grunnbok

Naturfag og samfunnsfag

Kor lenge lever ei døgnfluge, kva er alle ting bygd opp av, og kva slags konstruksjonar toler mest? Kvifor må vi bruke nettvett, kor mange bein finst i kroppen vår, og kva vil det seie å vere fattig? Korleis levde samane før, er det lov å slå barn, og korleis kan vi ta vare på miljøet? Så mykje spennande og viktig å lære! Mylder er eit læreverk i naturfag og samfunnsfag for barnetrinnet 1–4. Mylder dekkjer alle kompetansemåla i Kunnskapsløftet, etter revidert plan 2013.

rfag u t a N

Sam

funnsfag

Mylder 4 består av: • Grunnbok • Arbeidsbok • Læraren si bok • Naturkort • Brettbok • Mylder digital med tavlebok: mylder.cdu.no

www.cdu.no

Nynorsk

ISBN 978-82-02-50653-7

Nynorsk


Heidi Antell Haugen Toril Hægeland Magnus Henrik Sandberg Anne Synnøve Steinset

Grunnbok

fag r u t Na

Sam

funnsfag

Hovudillustratør: Johnny Dyrander Nynorsk


Velkommen til Mylder 4

Gratulerer med ny bok! Heidi Antell Haugen Toril Hægeland Magnus Henrik Sandberg Anne Synnøve Steinset

I denne boka skal du lære mykje spennande. Du skal blant anna få lære meir om det myldrande livet i naturen, om planetane i solsystemet, kva ein kjemisk reaksjon er, og korleis menneska levde i forhistorisk tid.

Arbeidsbok

Naturfag og samfunnsfag

Hvor lenge lever en døgnflue, hva er alle ting bygd opp av og hva slags konstruksjoner tåler mest? Hvorfor må vi bruke nettvett, hvor mange bein fins i kroppen vår og hva vil det si å være fattig? Hvordan levde samene før, er det lov å slå barn og hvordan kan vi ta vare på miljøet? Så mye spennende og viktig å lære!

Sam

funnsfag

Arbeidsbok

Mylder er et læreverk i naturfag og samfunnsfag for barnetrinnet 1–4. Mylder dekker alle kompetansemålene i Kunnskapsløftet, etter revidert plan 2013.

rfag Natu

Mylder 4 består av: • Grunnbok • Arbeidsbok • Lærerens bok • Naturkort • Brettbok • Mylder digital med tavlebok: mylder.cdu.no

ISBN 978-82-02-50655-1

www.cdu.no

Bokmål

Du skal få teste ut og fortelje om ting du lærer, utforske og gjere dine eigne eksperiment. Kanskje du får svar på noko du lurer på, eller kanskje du begynner å lure på nye ting?

Bokmål

Mylder har ei fin arbeidsbok med mange spennande oppgåver.

Lykke til med Mylder 4, vi håper du får mange fine stunder!

Helsing forfattarane

Anne Synnøve, Heidi, Magnus og Toril

Mylder har også ein eigen nettstad: mylder.cdu.no Ta ein kikk, då vel. Det er heilt gratis!


Til dei vaksne På 4. trinn er mange av elevane blitt gode lesarar, men dei vil stadig møte nye ord og omgrep. Hjelp dei med å tolke og forstå tekstane i Mylder. Det kan vere nyttig å sjå på bileta og snakke om dei først. Overskrifter og bilettekstar vil hjelpe barna til å få ei betre oversikt over hovudteksten. Les gjerne tekstane saman og snakk om innhaldet. Planeter i bane

Merkur

Et planetsystem er planeter som går i bane rundt en stjerne. Vårt planetsystem kalles solsystemet, fordi stjernen vår heter sola.

Merkur er den minste planeten i solsystemet vårt, og den som ligger nærmest sola. Den er lagd av stein. På overflaten har Merkur store, dype kratre og høye fjell.

Planetene beveger seg rundt sola i samme retning. Hver planet har sin egen bane som den alltid følger.

Merkur er den planeten som har de største temperatursvingningene i hele solsystemet. Temperaturen kan variere fra 170 kuldegrader til over 400 varmegrader! Merkur Sola

Romsonden Messenger gikk i bane rundt Merkur i fire år for å undersøke planeten. Den

Merkur. Denne planeten har ingen måner.

brukte 7 år på reisen fra jorda til Merkur. Da hadde den tatt mange omveier for å komme

Visste du at …

inn i riktig bane.

Naturfag har grøn rammefarge.

En astronom er en som forsker på verdensrommet. En astronaut er en som reiser i verdensrommet.

Messenger sendte bilder til oss på jorda for

Venus

at vi skulle finne ut mer om Merkur. I 2015 krasjet den inn i Merkur og lagde et nytt stort krater der.

Saturn

Messenger Jorda

Visste du at …

En romsonde er et romfartøy med utstyr til å utforske verdensrommet. Det er ingen mennesker ombord.

Mars

Oppgave

Neptun

Jupiter

Uranus

1. Hvor mange grader forskjell er det mellom den høyeste og den laveste temperaturen på Merkur? 2. Tenk deg at du kunne reise til Merkur og hadde med deg et glass med vann. Hva tror du hadde skjedd med vannet?

48

49

Mamadou bor i Senegal

78

AFRIKA, land, fakta og landskap Land i Afrika

Landskap

MARO

TUNISIA

KKO ALGERIE

VestSahara

KAPP VERDE

MALI

SENEG

AL

NIGER

GAMBIA

Ekvator

Dyrket mark

ERITREA

TSJAD BENI

BURKINA FASO

ELF

LIBERIA

ENB ENS KYS TEN

GUINEA SIERRA LEONE

Dakar

NIGERIA

EKVATORIALGUINEA SÃO TOMÉ OG PRI´NCIPE

GABON

SUDAN

DEN SENTRALAFRIKANSKE REPUBLIKK

REPUBLIKKEN KONGO

DJIBOUTI

ETIOPIA

SØRSUDAN

SOMALIA UGANDA

KENYA

RWANDA

DEMOKRATISKE REPUBLIKK KONGO

BURUNDI

(før ZAIRE)

SEYCHELLENE

TANZANIA

Savanne

Hva gjør deg redd? Jeg vet ikke helt.

ANGOLA

KOMORENE

MALAWI

ZAMBIA ZIMBABWE

NAMIBIA

MADAGASKAR MAURITIUS

BOTSWANA

MOSAMBIK

Sørlige vendesirkel

Hva gjør deg glad? Å spille fotball med vennene mine.

Samfunnsfag har raud rammefarge.

el

N

GUINEABISSAU

Hva drømmer du om? Jeg ønsker å bli lege sånn at jeg kan hjelpe folk som er syke i byen min.

irk vendes Nordlige

EGYPT

TANIA

N

Dette er skolen til Mamadou

LIBYA

MAURI

NA

Hvis du kunne bestemme noe for hele Senegal, hva ville du bestemme? Jeg ville bygd flere sykehus, sånn at folk som er syke får hjelp.

ERU

Hva er dumt med landet du bor i? Jeg vet ikke helt.

TOGO

Hva liker du å gjøre på fritiden? Å spille fotball.

Hva er bra med landet du bor i? Det er fred her.

GHA

Mamadou bor i Dakar, hovedstaden i Senegal, sammen med mamma, pappa og bestemor. Han har ingen kjæledyr, men moren hans har sauer. Skolen han går på heter Bonjour l’Afrique (som betyr God dag, Afrika). Det er 17 elever i klassen hans.

KAM

SENEGAL

SWAZILAND

SØRAFRIKA

LESOTHO

Steppe

Hvis du skulle flytte og bare fikk ta med deg fem ting, hva ville du velge? Kofferten min, ryggsekken min, klærne mine, matteboka og skoene mine. Her er huset til Mamadou.

Fakta om Afrika Areal: 30,3 mill. km² Folketall 2015: 1 155 mill.

MAMADOU

ALDER: 9 år av ris FAVORITTMAT: dekhine (lagd og peanøttsmør) FAVORITTFAG: matte – FAVORITTSTED I SENEGAL: Futa helt nord i Senegal. Der bor onkelen min, og dit reiser jeg på ferie. FAVORITTBOK/-TEGNESERIE: Cahier multidisciplinaire (matteboka mi) og Kirikou

Antall land: 53 (verdensdelen med flest land)

Fakta om Senegal

1

Største land: Algerie 2 381 741 km²

2

Størst folketall 2015: Nigeria 183,5 mill.

3

Største byer: Kairo 12,0 mill., Lagos 10,8 mill., Kinshasa 9,0 mill.

4

Høyeste fjell: Kilimanjaro 5895 moh.

5 6 7 8 9 10 11

Tropisk regnskog

Hovedstad: Dakar Areal: 196 190 km² Befolkning: 14 millioner Lengste elv: Kagera-Nilen 6671 km (verdens lengste) Tidssone: UTC +0 Største innsjø: Victoriasjøen 484 km² (verdens tredje største) Offisielt språk:69fransk Største øy: Madagaskar 587 000 km² Andre språk: fulfulde, Største ørken: Sahara (ca. ¼ av Afrika – verdens største) kriol og wolof Laveste område: Assalsjøen i Danakil-ørkenen i Djibouti 160 muh. Nasjonalsang: «Pincez tou vos Verdens største kunstige innsjø: Voltasjøen 8482 km² koras, frappez les balafons» Verdens høyeste temperatur: al’Aziziya, Libya 58 ºC (1922) Nasjonaldag: 4. april

Temperert blandingsskog

Ørken

ark5_72_79_15.indd 78

178

2015-06-10 10:58:46

179

I Mylder 4 Arbeidsbok finst det oppgåver til alle kapitla. Her finn de også eit skjema for eigenvurdering til kvart kapittel. For elevane på 4. trinn finst det ei grunnbok, ei arbeidsbok og ein nettstad. Alle komponentane er delte i ein naturfagdel og ein samfunnsfagdel. Lykke til med arbeidet saman! Helsing forfattarane


Innhald Naturfag

Kapittel 1

Myldrande liv

side 6

Kapittel 2

Ta vare på miljøet

side 26

Kapittel 3

Ei verd av stoff

side 36

Kapittel 4

Sjå opp på himmelen

side 46

Kapittel 5

Kroppen

side 66

Kapittel 6

Bygg, reis deg!

4

side 84


Innhald Samfunnsfag Kapittel 7

Ă… vere saman

side 96

Kapittel 8

PĂĽ nett

side 110

Kapittel 9

FrĂĽ stein til jern

side 128

Kapittel 10

Kvar bur du?

side 152

Kapittel 11

Tida og verda

side 166

Kapittel 12

Likskapar og skilnader

side 186

5


Kapittel 1x Naturfag Kapittel Naturfag

Xxxxxxx liv Myldrande Her skal : du lære

6

xxxxxxxxxxxxxx k va ein livssyklus er å samanlikne livssyklusar korleis nokre dyr blir fødde og utviklar seg korleis frø blir til planter kva som skjer med eit tre gjennom eit år kva du kan gjere for å hjelpe til med å ta vare på artane


Kor mange artar finst det på jorda? På jorda finst det millionar av ulike plante- og dyreartar. Ingen veit nøyaktig kor mange artar det er. Nokre biologar meiner det er 10 millionar artar. Andre meiner det finst så mange som 80 millionar! Men noko er alle einige om: Det finst flest artar av små dyr, og dei aller fleste er insekt. Vi menneske har til no oppdaga og gitt namn til cirka to millionar ulike artar av planter og dyr. Alle artane er ein del av det vi kallar det biologiske mangfaldet.

Flugeblomen lokkar til seg insekt som kan pollinere han. Kvifor har blomen fått dette namnet, trur du?

Pilgiftfrosken er veldig giftig. Han har fått namnet sitt fordi gifta blir bruka til å lage giftige piler.

Visste du at …

Ein biolog studerer den levande naturen.

7


Nokre artar blir borte Planter og dyr som ikkje klarer å overleve og formeire seg, vil forsvinne. Artar kan bli utrydda ganske raskt, for eksempel etter ein naturkatastrofe. Det var nok det som skjedde med dinosaurane. Artar kan også bli utrydda over millionar av år, fordi andre, betre tilpassa artar vinn konkurransen om mat eller levestad. Vi menneske er hovudgrunnen til at artar forsvinn i

Regnskog

dag. Vi forureinar, øydelegg levestader og haustar for mykje ut av naturen. Naturen består av enorme nettverk av dyr, planter, sopp og mikroorganismar, der alle er avhengige av kvarandre. Derfor er det like alvorleg at ei lita bille eller ein mark er utryddingstrua, som at ein stor bjørn er det.

Når klimaet endrar seg Endringar i klima kan også føre til at artar blir utrydda. Klimaet på jorda har alltid endra seg. Men i dag er forskarane einige om at det i stor grad er menneska si skuld. Vi slepper ut for mykje CO2-gass og høgg ned for mykje regnskog. Dette fører til at temperaturen på jorda stig, og då kan mange artar bli utrydda. Ein av dei mest øydeleggjande tinga menneska gjer, er å hogge ned regnskogen. Regnskogen er den mest artsrike naturtypen i verda.

Orangutang

Tiger

Panda

8


Ta vare på artane Det finst fleire tusen utryddingstrua artar i Noreg. Det er både dyr, planter og sopp. Dei fleste av artane er trua fordi vi menneske har øydelagt levestadene deira. Biologar jobbar med å ta vare på mangfaldet. Når dei oppdagar at det er blitt få av ein art, blir arten skriven opp på ei liste som blir kalla raudlista. Dei som skal byggje ein ny veg, eller eit hus, eller lage ein ny åker, må sjekke om det finst artar frå raudlista i området. Dersom det lever artar frå raudlista der, kan det hende at det blir forbode å byggje.

Isbjørn

Visste du at …

Biologar forskar på dyreliv og planteliv. Dei kan jobbe både ute i naturen og inne på laboratorium.

Myrflangre

Oppgåve

1. Finn namn på tre dyr og tre planter som er sterkt trua i Noreg. Søk i artsdatabanken.no. 2. Vel to av artane på bileta. Finn ut kvar dei lever og kvifor dei er utryddingstrua.

Bloddropesvermar

Ulv

9


Kva kan vi gjere? Bier, humler og mange andre insekt er viktige for at vi skal få bær, frukt og grønsaker. Blomane på tre og andre planter lagar berre frukter når dei er blitt befrukta av pollen frå ein annan blomme. Insekt fraktar pollen rundt frå blomme til blomme og hjelper til med befruktinga. Det er viktig at vi hjelper humler og andre insekt med stader der dei kan leggje egg. Noko av det viktigaste er å ta vare på blomeenger. Vi kan også lage insekthotell i nærmiljøet.

Prøv sjølv

Lag eit insekthotell Du treng kvistar i ulik tjukkleik hagesaks eller sag ein stor hermetikkboks eitt bor dersom du vil ha ein tjukkare kvist inni Slik gjer du 1. Sag eller kapp kvistane, slik at dei passar akkurat inn i hermetikkboksen. 2. Legg kvistane tett oppå kvarandre heilt til boksen er full. 3. Har du tjukke kvistar, borar du djupe hòl i den eine enden av dei. 4. Heng opp eller legg boksen i nærleiken av ein stad med mange blomar. 5. Vent og følg med på om hotellet blir fylt opp.

10

Eit insektshotell kan vi lage på mange ulike måtar. Bruk fantasien!


Mangfaldet i naturen Alle artar er tilpassa det miljøet dei lever i. Dersom miljøet endrar seg, vil ikkje lenger artane vere like godt tilpassa. Over tid kan artar døy ut. Då mister vi noko av mangfaldet i naturen. Vi har lover som seier at vi menneske har plikt til å ta vare på mangfaldet i naturen. Vi skal leve slik at vi ikkje brukar opp ressursane eller øydelegg naturen for dei som kjem etter oss. Dette blir kalla berekraftig utvikling.

Artar i ulike miljø

I myra er artane tilpassa eit fuktig miljø. Soldogg er ei plante som likar seg best i våte myrområde.

I ørkenen må alle artane som lever der tole tørke og varme.

Artar som lever i høgfjellet, må tole sterk kulde og vind. Fjellreven har hår under føtene, slik at han held varmen når det er snø.

Mange artar lever i havet. Blåkvalen er eit pattedyr som er tilpassa livet i vatn. Han er det største dyret som har levd på jorda.

11


Kor lenge varer eit liv? Nokre dyr lever lenge, og nokre lever kort. Dersom ein samanliknar alle pattedyr i verda, vil ein sjå at små dyr lever kortare enn store dyr. Kvifor det er slik, veit ikkje biologane heilt. Mennesket skil seg ut, sidan vi lever mykje lenger enn andre like store pattedyr.

Grønlandskvalen kan bli 200 år.

Ein indisk elefant kan bli nesten 70 år gammal.

Dei fleste hundar blir ikkje meir enn 15 år gamle.

Spissmus lever berre i litt over eitt år.

Snakk saman

Kor gamle kan menneske bli? Kor mange hundeår er 15 menneskeår? Kvifor kan det vere vanskeleg å finne ut kor gamle dyr kan bli?

12


Livssyklus Ingen levande organismar lever evig. Livet til både dyr og planter har ein start og ein slutt. Vi seier at alle organismar har ein livssyklus.

Livssyklusen til ein sommarfugl

1. Livet til ein sommarfugl startar som eit befrukta egg. 5. Sommarfuglen parar seg, og hoa legg egg. ­Sommarfuglen døyr etter kvart.

2. P å neste stadium i utviklinga er sommarfuglen ei larve.

4. Ut av puppa kjem det ein vaksen sommarfugl. 3. L arva utviklar seg til ei puppe.

13


Laks

Laks Yngel

Fiskar

Når fiskar formeirar seg, seier vi at dei gyter. Hoa legg egga (rogna), og hannen befruktar dei med sæden sin (mjølke). Ut av egga kjem små fiskeyngel. Dei har ei matpakke (plommesekk) fest til kroppen.

Plommesekk

Yngelen veks, og når plommesekken er bruka opp, må yngelen finne eigen mat. Laks gyter i elver. Etter eit års tid har laksen blitt større og meir sølvglinsande. Då er han klar for å symje ut i havet. Her veks laksen seg stor. Så sym han tilbake til elva der han blei fødd, for å gyte.

Larve

Neslesommarfugl

Rumpetroll

Egg

14

Puppe

Frosk

Froskeegg


Kattugle

Fuglar

Alle fuglar legg egg. Kattugla legg kvite, kuleforma egg i hòlrom i tre eller kråkereir som står tomme.

Kråkereir

Etter ein månads tid klekkjer egga. Når dei er tre månader gamle, klarer kattugleungane å fly. Når dei er om lag eit halvt år gamle, må dei ut av reiret og klare seg på eiga hand.

Amfibium

Froskar, salamandrar og padder blir kalla amfibium. Amfibium tyder «på begge sider». Det er fordi alle amfibium lever delvis i vatn og delvis på land. Froskeegga blir lagde i vatnet om våren. Då ligg dei i klasar på fleire hundre. Ut av egga kjem rumpetroll som pustar med gjeller. Etter kvart veks det ut armar og bein på rumpetrollet. På seinsommaren blir rumpetrollet til ein frosk og kryp opp på land. Frosken pustar med lunger, men også gjennom huda. Han er heile livet avhengig av å leve i eit fuktig miljø.

Nymfe

Augestikkar

15


Laks

Laks Yngel

Plommesekk

Insekt på land

Mange insekt har eit puppestadium i livssyklusen. Vaksne insekt legg massevis av egg som blir klekte til larver. Larvene brukar mesteparten av tida på å ete, slik at dei veks. Når dei er fullt utvaksne, lagar dei seg eit lite «hus» som blir kalla ei puppe. Der ligg dei mens dei blir skapte om til eit vakse insekt med venger. Etter dagar, veker eller månader kryp det ferdige insektet ut av puppa, klar for å pare seg og legge nye egg. Fluger, bier, sommarfuglar og biller har puppestadium. Neslesommarfugl

Larve

Egg

16

Rumpetroll

Puppe

Frosk

Froskeegg


Kattugle

Kråkereir

Insekt i vatn

Mange insekt lever størstedelen av livet sitt i vatn. Egga blir lagde i vatn. Larva eller nymfa som kjem ut av egget, sym, jaktar og et i vatn. Nymfa til augestikkarar kan leve opptil 5 år i vatn.

Oppgåve

1. Kor lenge lever ei vaksen døgnfluge? 2. Kva er å gyte? 3. Kva er eit rumpetroll? 4. Kvifor lever det ikkje froskar i tørre område?

Når nymfa er ferdig utvaksen, kryp ho opp på land, og ut av nymfeskalet kjem ein ferdig augestikkar. Augestikkaren parar seg og legg nye egg. Han lever berre i 1–2 månader før han døyr. Døgnfluger lever i 1–2 veker som flygande insekt, trass i namnet sitt. Ho kan leve 1–2 år som nymfe i vatn.

Nymfe

Augestikkar

17


Kor gamle er trea? Tre er dei plantene som er størst, høgast og som lever lengst. Tre kan bli veldig gamle. Det aller eldste treet i verda er eit grantre som veks i Dalarna i Sverige. Det er 9950 år gammalt!

Kvistkrans

Det høgaste treet i verda er redwood-treet, eit bartre som veks blant anna i USA. Det kan bli nesten 120 meter høgt. Dei eldste redwood-trea i verda er fleire tusen år gamle. Korleis kan vi finne ut kor gamle tre er? På dei fleste tre kan vi ikkje sjå kor gammalt treet er før vi har hogge det ned. Då kan vi sjå årringar på den avskorne trestamma. For kvart år veks trestamma seg litt tjukkare. Det ho veks om våren, blir lys ved, og det ho veks om sommaren og hausten, blir mørk ved. Du finn alderen til eit tre ved å telje årringane. Oppgåve

Tenk deg at du var eit tre som har stått på same stad i 1000 år. Skriv ei historie frå noko du har opplevd. Start forteljinga di med å skrive kva slags tre du er, og kvar du står.

I tropane har ikkje trea årringar. Kvifor ikkje?

Årring = eitt års vekst

18

På unge grantre kan vi finne alderen til treet ved å telje kvistkransar. Kvart år veks det ut ein ny krans av kvistar rundt stamma. Over kransen veks ein ny tretopp ut.

Visste du at … År med mykje fukt og varme gir tjukke årringar. År med tørke gir tynnare årringar. Slik kan vi finne ut noko om korleis vêret har vore gjennom å studere årringar.


Observer eit tre året rundt I Noreg har vi to hovudtypar av tre: bartre og lauvtre. Dei fleste bartrea har blad heile året, mens dei fleste lauvtrea mister sine om hausten. Trea gjennomgår store endringar i løpet av eit år. Det er enklast å sjå endringane på lauvtrea.

Sommar Om sommaren tek trea opp mykje vatn og næringsstoff gjennom røtene. Treet lagrar viktige næringsstoff som det kan leve på fram til neste år. Blada er grøne på grunn av fargestoffet klorofyll. Fotosyntesen skjer i klorofyllet.

Vinter Om vinteren sluttar treet heilt å ta opp vatn og næringsstoff. Treet er i ein slags dvale og overlever på dei næringsstoffa det har lagra i løpet av sommaren. Barken vernar treet mot frost og uttørking.

Haust Når hausten kjem, blir det kaldare og mindre lys. Næringa blir trekt ut av blada og inn i stamma og greinene før blada fell av. Treet får knoppar som skal springe ut til våren.

Vår Når varmen kjem om våren, tek treet til å ta opp vatn og næringsstoff igjen. No spring knoppane ut til blad og blomar. Utover våren og sommaren veks treet og får frukter og frø.

Oppgåve

1. Kva er namnet på dei to vanlegaste bartrea i Noreg? 2. Finn namnet på tre ulike lauvtre i Noreg. 3. Kva kallar vi blada på eit bartre? 4. Vel ut eit lauvtre i nærleiken. Observer treet gjennom heile året. 5. Skriv ned observasjonane dine i Arbeidsboka.

19


Frø og frukter Planter er feste til bakken, og kan ikkje sjølve flytte seg til nye veksestader. I staden er det frøa til planta som flytter seg. Visste du at planter berre gror ut blomar for å kunne lage nye frø?

Frø Eit frø er ein del av ei plante, som gjer at planta kan formeire seg. Ei plante kan lage massevis av frø som kan bli til mange nye planter av same art. Frøet inneheld oppskrifta på den nye planta. I tillegg inneheld frøet litt mat til den første tida i livet til planta. Eit skal dekkjer frøet og vernar det viktige innhaldet.

Nokre frø er så små at vi må bruke mikroskop for å sjå dei. Dei minste vi kjenner til, er orkidéfrø. Ein million frø veg berre eitt gram!

20

Eit frø blir til Pollenkorn Arr

Sædcelle

Pollen­ knapp Pollenberar Eggcelle

Griffel Fruktemne Her skjer befruktinga

Pollen fester seg til arret på blomen. Pollenet inneheld sædceller som befruktar eggcella i botnen av blomen. Eit nytt frø blir til.

Ikkje alle frø er små. Frøet frå Coco de merpalma kan vege opptil 20 kilo.


Frukter Rundt frøa blir det danna frukt. Fruktene har ulik form og farge avhengig av kva plante det er. Fruktene vernar og spreier frøa på ulike måtar. Eit eple har eit kjernehus med fleire frø i midten av frukta.

Ein kastanje inneheld eitt frø som fell ut når frukta sprekk.

Ei bønne inneheld fleire frø som fell ut når frukta sprekk.

Eit blåbær inneheld mange frø som ligg inne i det saftige fruktkjøttet.

Oppgåve

1. Vel tre planter du kjenner, og finn ut korleis fruktene og frøa ser ut. Teikn plantene med frukter og frø. 2. Kvifor trur du frølageret ligg på Svalbard?

Vi tek vare på frøa På Svalbard ligg verdas største lager for frø. Der blir frø frå matplanter frå heile verda tekne vare på for framtida. Det er viktig at alle matvarefrø blir tekne vare på, slik at ikkje viktige matplanter blir borte, for eksempel ved ein naturkatastrofe.

Vaktene som passar på frølageret på Svalbard, må ha våpen for å verne seg mot isbjørn.

21


Frøet gjennom året Ulike planter har ulike måtar å spreie frøa sine på. Det kallar vi frøspreiiing. For at det skal vekse opp nye planter, må frøa spreie seg til stader der planta kan trivast og vekse.

Om hausten spreier frøa seg Vindspreiing Frø som blir spreidde med vinden, har ofte fnokk, slik som løvetannfrøet. Fnokken verkar som ein paraglider.

Nokre frø har venger, slik som bjørkefrøet. Frø som blir spreidde med vinden, kan sveve mange mil.

Frø frå borre kan setje seg fast i pelsen på dyr eller i fjøra på fuglar. Då kan frøa spreie seg over store avstandar.

Nokre frø ligg inne i ei frukt som dyr likar å ete. Frøa er i magen på dyret, før dei kjem ut att i bæsjen. Slik spreier frøa til både blåbær og eple seg.

Dyrespreiing

Vannspreiing Nokre planter slepper frøa sine ned i vatn. Frøa flyt av garde til nye stader. Slik er det for eksempel med kokospalmer og vassliljer. Frø frå kokospalma (kokosnøtter) kan flyte over store havområde før dei blir skylte i land og spirer på nye stader.

22

Frøa til vasslilja flyt av garde med vatnet.


Frøa kviler om vinteren I Noreg er det mørkt og kaldt om vinteren. Då skjer det ingenting med frøa. Dei ligg inne i skalet sitt i ein slags dvale.

Om våren og sommaren spirer frøa Dersom frøet har overlevd vinteren og trivst på den nye plassen sin, vil det begynne å spire. Frøet må ha vatn, lys og varme for å spire. Manglar frøet noko av dette, kan det ta fleire år før det spirer. Når frøet spirer, sprekk frøskalet og ei lita spire tittar fram. Spira består av ein stengel med eitt eller to blad på. Desse blada kallar vi frøblad.

Vekst, bløming og nye frø Spira veks vidare og dannar stengel, blad og blomar. Planter kan ha ulik blømingstid, frå tidleg på våren til seint på hausten. I blømingstida blir plantene befrukta og dannar frø. Frøa blir spreidde, og livssyklusen er ferdig.

Ei spire med stengel og frøblad Oppgåve

1. Kva ulike måtar kan frø bli spreidde på? 2. Når på året spreier dei fleste plantene frøa sine? 3. Kva er fnokk? 4. Kva må frøa ha for å kunne spire?

23


Samandrag et finst millionar av ulike plante- og dyreartar på jorda. D Det finst flest artar av insekt. Vi har gitt namn til cirka to millionar artar. Biologisk mangfald er alle dei ulike plante- og dyreartane på jorda. Planter og dyr som ikkje klarer å formeire seg, døyr ut. Ein som studerer den levande naturen, blir kalla ein biolog. Berekraftig utvikling er at vi skal leve slik at vi ikkje brukar opp eller øydelegg naturen for dei som kjem etter oss. in livssyklus er livet til ei plante eller eit dyr frå start til E slutt. Kor lenge eit liv varer, er ulikt frå art til art. Tre er dei største plantene på jorda og dei som lever lengst. Insekt er viktige for at vi skal få bær, frukt og grønsaker. Eit frø er ein del av ei plante som gjer at ho kan formeire seg. Frøet inneheld oppskrifta på korleis den nye planta skal bli. Frø kan spreiast med vinden, ved hjelp frå dyr og ved vasspreiing. Ulike planter har ulike måtar å spreie frøa sine på.

Inne i eit bitte lite bjørkefrø ligg alt som trengst for å starte livet til eit svært tre!

24


Kan du svara?

Kapitteloppgåver 1. Kor mange av artane på jorda har blitt oppdaga og fått namn til no? 2. Kva gjer ein biolog? 3. Skriv ei forklaring på kva biologisk mangfald er. 4. Kva tyder berekraftig utvikling? 5. Vel eitt av dyra frå kapittelet. Teikn og beskriv livssyklusen til dyret. 6. Kva kan vi gjere for å hindre at artar skal bli utrydda? 7. Skriv ned tre artar som er utryddingstrua i verda. 8. Skriv ned nokre grunnar til at ulike artar blir utrydda. 9. Les side 14–17 og finn svara: a Kva er amfibium? b Skriv ei forklaring på kvifor froskar er amfibium. c Kva blir egga til fiskar kalla? d Kor gammal er laksen når han sym frå elva og ut i havet? e Kor gammal er ei kattugle når ho må klare seg sjølv? f Skriv namnet på tre artar som har puppestadium i

utviklinga si.

10. Teikn livssyklusen til sommarfuglen. 1 1. Kva dyr lever lengst? 12. Kva planter lever lengst? 13. Skriv ei forklaring på korleis vi kan finne ut kor gammalt eit tre er. 14. Kvifor gror planter blomar? 15. Beskriv kva som finst inne i eit frø. 16. Kvifor er det viktig at vi tek vare på ulike typar frø? 17. På kva måtar kan planter spreie frøa sine? 18. Kva skjer i eit frø om vinteren?

25


Samfunnsfag Kapittel 7

Ă… vere saman Her skal : du lĂŚre

96

orleis du kan respektere eigne k og andre sine grenser om ulike kjensler om reglar og konsekvensar om kva du kan gjere om noko er vanskeleg


Å vere saman Noko av det viktigaste i livet er å vere saman med andre menneske. Vi kan dele fine opplevingar og hjelpe og støtte kvarandre. Fordi vi er ulike og meiner og likar ulike ting, kan det òg vere litt vanskeleg å vere saman.

Vi har òg mange reglar som ikkje er skrivne ned. Dei kan vere ulike i ulike samfunn og familiar, på skular og blant venner. Dei er ikkje alltid lette å forstå, og det kan gjere det vanskeleg å vite korleis vi skal oppføre oss. Viss vi bryt reglar, kan det få konsekvensar.

Lover og reglar I alle samfunn finst det mange reglar. Reglane skal hjelpe oss å skilje rett og gale. Dei kan fortelje oss kva vi kan gjere og ikkje kan gjere. Følgjer vi reglane, blir det enklare å vere saman. Mange av reglane i samfunnet er skrivne ned, for eksempel i lovene våre.

Oppgåve

1. Skriv tre reglar de har på skulen din. 2. Kva konsekvensar kan det få viss du bryt desse reglane? 3. Skriv ei liste over ulike konsekvensar av at nokon krenkjer eller mobbar andre. 4. Skriv ei forteljing som heiter «På skulen der alt er lov».

97


Grenser Vi er ulike. Det må vi ta omsyn til når vi er saman. Det som er fint for nokon, kan vere utrygt for andre. Derfor treng vi grenser for å ta vare på oss sjølve og kvarandre. Grensene våre er ulike. Vi må øve oss på å setje grenser på ein tydeleg måte. Du kan for eksempel seie «eg likar ikkje det der, men dette likar eg». Då blir det lettare å forstå dine grenser. Andre menneske skal alltid respektere dine grenser.

Viss nokon bryt reglar eller trakkar over grensene våre, kan vi reagere på ulike måtar. Somme blir sinte eller lei seg. Andre blir stille og tør ikkje seie noko, og somme kan få vondt i magen. Det er ikkje alltid lett å seie ifrå, men det er viktig å prøve. Snakk saman

va vil det seie å vere omsynsfull? K Kva vil det seie å vere omsynslaus? Hadde vi trunge andre reglar og lover viss alle hadde følgt Kardemommeloven?

Kardemommeloven Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.

Mine tankar Mine kjensler

98

Thorbjørn Egner

Min kropp Mine meiningar

Det er du som bestemmer kvar grensene dine er.


Er du pingle, eller? «Er du pingle, eller? Du tør aldri å gjere noko, du!» Dennis og Herman kom mot meg med Ari si hue i handa. Orda fekk hjartet mitt til å hamre, og knea begynte å skjelve. Stemma mi blei svak og rar. Dennis tok tak i jakka mi og heldt fram: «I dag er det din tur, Erik! Kast hua hans i do!» Det var som eit slag midt i magen. Eg kjende at eg blei varm og raud. Eg prøvde å protestere, men fekk ikkje fram ein lyd. «Slutt å plage vennen min!» hadde eg lyst til å rope, men klara det ikkje. Men så bestemte eg meg. No var det nok. Eg tok hua, trekte pusten, retta meg opp og kremta. Eg kjende at stemma var sterk att no. Så gjorde eg det …

Snakk saman

va trur du Erik bestemte seg for å gjere? K Korleis fortel kroppen til Erik om kjenslene han har? Korleis kan Erik setje grenser i denne situasjonen? Mange meiner at den som ser mobbing utan å gjere noko, er med på mobbinga. Kva meiner du?

Det er forbode å mobbe. Vi har lover som seier at vaksne skal gjere det dei kan for å hindre at mobbing skjer. Alle skular skal ha ein plan mot mobbing. Den planen må både barn og vaksne følgje.

Oppgåve

1. Kva betyr det å respektere nokon? 2. Kva kan du gjere for å respektere deg sjølv og grensene dine? 3. Korleis kjennest det å bli respektert? 4. Korleis kjennest det å ikkje bli respektert? 5. Skriv ei forteljing om nokon som tør å seie ifrå når andre blir mobba.

99


Kjensler Kjensler kan vi ofte kjenne i kroppen. Du har kanskje kjent at hjartet slår fort, eller at stemma di skjelv? Ikkje alle kjensler er så lette å kjenne igjen. Ofte kan vi ha fleire kjensler på ein gong, som når vi gru-gler oss, eller når noko er morosamt og skummelt samtidig. Du har kanskje kjent deg flau eller skamfull når du gjer noko du likar, eller noko du synest er spennande?

Somme kan bli sinte når dei eigentleg er redde. Andre blir heilt stille eller får vondt i magen. Somme græt av glede eller ler når dei eigentleg vil gråte. Kjenslene våre kan hjelpe oss med å setje grenser. Somme gonger har vi det vi kallar «ei magekjensle». Då kan vi kjenne kva som er rett eller gale, men vi greier ikkje setje heilt ord på kvifor. Har du opplevd det nokon gong?

Det er ikkje alltid lett å vise eller snakke om kjensler. Somme gonger kan det vere lettare å bruke bilete.

Snakk saman

va kjensler kan vi ha når vi ler, græt, K raudnar, skjelv, sveittar eller får vondt i magen? Kva for andre reaksjonar i kroppen fortel om kjensler? Korleis kan kjensler hjelpe oss til å ta gode val? Korleis kan kjensler åtvare og beskytte oss?

100


agbok

Tysdag

12.09

Kjære D

eg! likar m je k k i a e. m Amin rbi henn o o f å r p å r g e r r eg Eg lu noko nå je k lltid k i r e i var ho a r Ho se ø F ! r ed ar så su aman m s e r r på e Ho verk b til å gå o er ho g N e . g m e l r a je g gru hygg re? abiba. E al eg gje H k s g o a v a K Emm ånn. r sånn r det er s å n ifor ho e n e v l k je r sku ø sp eg skal ør … Kanskje g berre t e s s i v , Tea mot meg

Ulike kjensler

Av og til kan vi misforstå kvarandre. Vi kan ha veldig ulike kjensler og reaksjonar sjølv om vi opplever nesten det same. Viss vi ikkje forstår andre sine reaksjonar, er det Kjære Dag bok viktig å snakke saman om Tysdag 12.0 Eg er lei m 9 eg, litt irrite det vi føler. For å finne ut rt òg ... Kjenn magen, på er det i ein måte. T e a går berre fo utan å seie og forstå kva du eigentleg rbi meg noko. Ho s e n d e m d a e g òg. Kvifo g eit stygt føler, kan det vere nyttig r oppfører blikk i ho seg sån jo berre vo n ? Eg har re hygg jele å skrive ned tankane dine. gm

Oppgåve

ot henne! E ho ikkje lika g føler at r meg. Derf o r er eg mes med Emma t saman og Habiba. Men kansk prøve å seie je kan eg noko til hen ne? Veit ik eg tør. kje om

Vi kan ha mange ulike kjensler. Vi kan føle glede, frykt, sinne og sorg. Andre kjensler kan vere sjalusi, forelsking, tristheit, anger, skam og skuld.

1. Kva kjensler synest du er positive? Kvifor? 2. Kva kjensler synest du er negative? Kvifor? 3. Kvifor er det viktig å forstå og vise kjensler?

Amina

Snakk saman

vifor kan det vere vanskeleg K å forstå kva andre tenkjer og føler? Kvifor kan to personar oppleve den same situasjonen på veldig ulik måte?

101


Kvar går grensa? Alle treng kjærleik, omsorg og nærleik. Når vi er nære kvarandre, lærer vi å kjenne etter kva som er godt, og kva vi ikkje likar. Vi må alltid ta omsyn når vi tek på nokon. Det skal kjennast godt, trygt og riktig å bli teken på og å ta på andre. Vi kan ta på kvarandre på ulike måtar i ulike situasjonar. Det er skilnad på korleis venner, kjærastar, familie og framande kan vere borti kvarandre. Det kan derfor bli feil, og somme gonger ulovleg, å få ei kjærasteberøring av nokon som ikkje er kjærasten din.

Det kan vere fint å kose, klemme og tøyse med folk du kjenner. Viss du ikkje vil vere med på det meir, kan du seie stopp.

Det er alltid du som bestemmer korleis andre kan ta på kroppen din.

Når de leikar saman, kan andre komme borti deg. Det må du som regel tole. Viss nokon gjer noko ubehageleg med vilje, har du rett til å seie ifrå.

Snakk saman

orleis kan kjærastar ta på kvarandre? K Korleis kan foreldre ta på barna sine? Korleis kan venner ta på kvarandre?

102


Det var ikkje meininga Du har kanskje opplevd å trakke over grensene til andre utan å meine det? Eller at nokon har sagt og gjort noko du blei lei deg for? Når vi viser tydeleg kvar grensene våre går, unngår vi å såre kvarandre. Empati betyr å kunne setje seg inn i andre sin situasjon og prøve å forstå kva dei føler. Å utvikle empati er ein viktig del av det å vere menneske. Oppgåve

Kva skjedde her? Beskriv situasjonen frå begge barna si side.

Dumming, det gjer vondt!

Du lo jo, vi tulla jo berre?

Ein stad må grensa gå Somme masar om kos og klem. Eg seier nei og føler meg slem. Men ein stad må grensa gå! Eg må gjere det eg må! Somme kranglar med stygge ord, sjølv om dei er far eller mor. Men ein stad må grensa gå. Det må også foreldre forstå.

Somme snakkar og skriv på nett og gløymer kva som er godt og rett. For ein stad må grensa gå. Usynlege grenser kan trakkast på. Anne Synnøve Steinset

Somme tullar og dyttar deg, du likar det ikkje og seier nei. For ein stad må grensa gå. Du må gjere det du må.

103


Nærleik og grenser Seksualitet er ein naturleg del av det å vere menneske. Alle menneske har ein seksualitet som kan gi gode kjensler og lyst til å vere nær nokon. I nokre familiar er det vanleg å snakke om kropp og seksualitet. I andre familiar er det ikkje så vanleg. Vi har ulike grenser for kva vi vil snakke om og dele med andre. Det er heilt naturleg at barn har spørsmål og tankar om ting som har med seksualitet å gjere.

Ansvaret

Alle barn har rett til å få utvikle seg på ein trygg og god måte. Barn har lov til å utforske sin eigen kropp. Det er heller ikkje ulovleg for barn å utforske kroppane til kvarandre. Det kan vere spennande og fint. Men ingen har lov til å ta på deg viss du ikkje vil.

Det er dei vaksne som har ansvaret for å kunne lovene.

Alle barn har rett til å bestemme over sin eigen kropp.

Det er dei vaksne som har ansvaret for å følgje lovene.

Vaksne har aldri lov til å gjere noko seksuelt med barn. Det veit alle vaksne.

Snakk saman

vifor kan det vere fint å snakke om kropp og kjensler? K Kvifor kan det vere flaut å snakke om seksualitet og kjensler? Er det nokre situasjonar der ein ikkje bestemmer over kroppen sin? Kva kan de gjere om nokon tek på dykk på ein måte de ikkje likar? Korleis kan de vise med kroppsspråket at de ikkje likar det?

104


Viss noko blir veldig vondt Barn kan oppleve at vaksne slår, skadar og sårar dei. Vaksne kan òg krangle og bruke vald mot kvarandre når barna ser og høyrer det. Før i tida var det ganske vanleg at vaksne slo. Mange trudde at det var ein god måte å oppdra barn på. I dag veit vi at ingen lærer god oppførsel av å bli slått. I Noreg har ingen lov til å bruke vald mot barn. Det er forbode. Somme vaksne gjer seksuelle ting med barn, sjølv om dei veit at det er forbode. Derfor kan dei seie til barna at det skal vere hemmeleg. Mange barn som blir misbruka, er redde for at ingen skal tru på dei viss dei fortel om det. Det kan vere ekstra vanskeleg om den vaksne er ein person som barnet er glad i.

Somme vaksne som misbrukar barn, prøver å få kontakt med dei på internett. Derfor er det viktig å ikkje sende bilete eller dra åleine for å møte folk du snakkar med på nett. Sei alltid ifrå til nokon dersom du opplever noko som er ubehageleg.

Snakk saman

Er det lov å tvinge nokon til å halde på ei hemmelegheit?

105


Det er aldri barn si skuld Mange barn som opplever vald og seksuelt misbruk, kan tenkje at dei sjølve har skulda. Men det er aldri barn si skuld når vaksne gjer noko ulovleg. Vaksne har ansvar for å hjelpe og beskytte barn frå mobbing, vald og seksuelle overgrep. Alle vaksne som skadar og misbrukar barn, gjer noko dei veit er ulovleg.

Sei det til nokon Alle barn som opplever noko vondt og vanskeleg, har rett til å få hjelp. Det er

Mange vaksne kan og vil hjelpe barn som har det vanskeleg.

mange vaksne som kan og vil hjelpe barn. Viss du opplever noko vondt, kan du seie det til ein lærar, helsesyster eller ein annan du stolar på.

Her kan du få hjelp Det finst fleire stader du kan ringje og snakke med trygge vaksne som kan hjelpe deg. Ingen tema er for store, og ingen er for små!

Du kan ringje gratis på Alarmtelefonen for barn og unge. Telefonnummeret dit er: 116 111

Du kan ringje barneombodet. Telefonnummeret dit er: 22 99 39 50

Du kan ringje Kors på halsen. Telefonnummeret dit er: 800 33 321

106


Viktig å hugse på Det er ikkje di skuld viss ein vaksen gjer noko vondt mot deg. Prøv å seie «nei», eller dette «vil eg ikkje», sjølv om det er vanskeleg. Alle vaksne veit at det ikkje er lov å gjere noko seksuelt med barn. et er dei vaksne som har ansvar for å D kjenne til norske lover. et er viktig og riktig å fortelje om det D som er ulovleg. Alle barn har rett til å få hjelp.

Eit ordtak seier: Delt glede er dobbelt glede, delt sorg er halv sorg. Kva trur du er meint med det?

107


Samandrag i har mange reglar i samfunnet om korleis vi skal V oppføre oss. Nokre reglar er skrivne ned. Det er viktig å respektere eigne og andre sine grenser. Kjensler kan hjelpe oss med å setje grenser. Alle bestemmer over sin eigen kropp. Empati betyr å kunne setje seg inn i andre sin situasjon og prøve å forstå kva dei føler. Vi forstår kvarandre betre når vi viser kvar grensene våre går. Det er naturleg at barn har spørsmål om seksualitet og kjensler. Det er forbode for vaksne å bruke vald eller gjere noko seksuelt med barn. Dette veit alle vaksne. Viss nokon fortel deg vonde hemmelegheiter, er det lov og riktig å fortelje det vidare. Det er viktig å seie det til nokon viss du opplever noko som er vondt eller ulovleg. Barn som opplever vald og seksuelt misbruk, kan tenkje at dei sjølve har skulda, og tør derfor ikkje å seie det til nokon. Det er aldri barnet si skuld! Barn har rett til å få hjelp. Mange vaksne vil og kan hjelpe barn. Det er dei vaksne som har ansvaret for å kjenne til lovene i Noreg.

108


Kan du svara?

Kapitteloppgåver 1. Skriv tre reglar de har på skulen. 2. Kvifor treng vi lover og reglar? 3. Skriv tre eksempel på uskrivne reglar. 4. Korleis kan vi setje grenser på ein tydeleg måte? 5. Kvifor er det viktig å ta omsyn til og respektere andre sine grenser? 6. Korleis kan kroppen vår fortelje oss kva vi føler? 7. Kva er empati? 8. Kvifor er det viktig å snakke saman om det vi føler? 9. Kva kan du gjere viss du opplever noko som er vondt og vanskeleg? 10. Kven kan barn snakke med om ting dei lurar på? 11. Er det lov å tvinge nokon til å halde på ei hemmelegheit? Grunngi svaret ditt.

109


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Mylder4grunnboknn blabok by Cappelen Damm - Issuu