Skip to main content

Morfane_sin_lesefest_nyn_bla_i_bok

Page 1


Lesebok for 1. trinn

Eg heiter Elliot.

Så gøy at du har komme på besøk til Gøymselhotellet! Det er jo ikkje så ofte pappa og eg får gjester her på hotellet vårt.

Hotellet ligg så langt frå folk, heilt inntil skogen og Gøymseldalen.

Pappa seier at eg ikkje får gå lenger inn i dalen enn til elva. Før lurte eg alltid på kvifor eg ikkje fekk lov til det. Men no veit eg grunnen. Gøymseldalen er full av store

skogar, mørke vatn, endelause fjell og djupe dalar. Der inne kan det finnast kva som helst.

Hekser, drakar, troll eller merkelege vesen.

Det er eg ganske sikker på.

Bestevennen min er forresten ei heks!

Ho heiter Sol. Ho kjem på besøk nesten kvar dag.

Det spesielle med Sol er at ho aldri er redd for noko. Det er kanskje vanleg for hekser, men det er ikkje vanleg for sånne som eg. Eg er nemleg redd for det meste.

Hadde det ikkje vore for at Sol er ei sånn lita og gøyal heks, så hadde eg nok vore redd for henne òg. Men ho er snill. Ho stel veldig sjeldan, ho tryllar berre fine ting, og ho har nesten aldri ete verken barneøyre eller morfar.

Ja, du veit kanskje ikkje kva morfar er? Ein gong Sol og eg sneik oss inn i Gøymseldalen, fann vi dei 29 morfane under ei

gammal rot. Dei var redde, svoltne og bitte små. Vi ville redde morfane, så vi tok dei med heim og laga hi til dei i ei korg på biblioteket.

I byrjinga låg dei berre i korga medan dei peip og klynka, litt som kattungar. Men no har dei blitt store og bråkete. Så no er det jammen meg ikkje lett å skjule alle morfane for pappa.

Du skjønner, pappa har nemleg alltid sagt nei

til kjæledyr. Så viss han oppdagar at eg har teke inn ein heil haug med småmonster, så må eg sikkert kvitte meg med dei. Derfor er det best at han ikkje merkar noko.

Morfane er jo så morosame og søte, sjølv om dei er litt kranglete. Og så kan dei så mange festlege ting. Til dømes kan dei morfe seg! Altså skifte form!

Morfar som veks opp i skogen i nærleiken av fuglar, lærer å forandre form til fuglar.

Morfar som veks opp i nærleiken av hjort eller rev, lærer å forvandle seg til dyr. Men morfane mine vaks opp på biblioteket med bøker og bokstavar. Derfor har dei lært å morfe seg om til bokstavar.

Eg håpar du vil vere litt her på Gøymselhotellet saman med oss!

Snoki heller slim, sjampo og såpe i badekaret. Svisj-svosje-ti-svosj, seier det når han rører med halen.

Elliot elskar show. No skal Snoki overraske

Elliot med eit slimete såpebobleshow.

Snoki ser seg rundt.

Oppå skapet står tre krukker. Snoki veit at han ikkje får røre dei. Men Snoki klarar ikkje å la vere. Han les på skilta. Sjøbanan-slim, salamander-sirup og sveve-pulver.

Superraskt heller han alt opp i vatnet. Og så rører han rundt med halen, sjølv om han ikkje får lov til å røre.

Ei såpeboble sprettar opp. Ho glitrar og sprakar. Snart er det fleire. Boblene veks seg

slimete, svevande og større. Ei av boblene blir kjempestor. Ho veks seg rundt Snoki. Å, nei, Snoki er fanga inni bobla!

Bobla lettar frå badekaret med Snoki inni.

– Elliot! ropar Snoki. – Hjelp! Eg er fanga!

Døra til badet går opp. Det er Elliot.

– Her oppe! klynkar Snoki.

Elliot klatrar opp på vasken. Han slår tryllestaven mot bobla.

Han klarar å stikke hòl!

Bobla eksploderer. Snoki fell rett ned i armane til Elliot. Det er slim, såpe og skum overalt.

– Oi, seier Snoki.

– Ikkje oi, berre gøy! For eit stilig show. Kan du gjere det ein gong til, Snoki?

Snoki hikkar. Ei såpeboble sprett ut av munnen hans.

– Helst ikkje, hikkar han igjen.

ssss

Hihi, eg veit noko som rimar på IS ...

Sjå, LIM rimar på SLIM!
Sol seier lim.
Snoki seier SLIM!

Snoki badar.

Snoki smakar på skum.

Snoki smakar på slim.

Snoki smakar på såpe.

Oi!

Snoki fis!

Sjå den såpebobla!

Eg har også smakt på slim.

Kva er det raraste DU har smakt på?

BA-DE

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook