
1 minute read
Rekne med negative tal
Døme
Ada skal på ferie og sjekkar temperaturen på feriestaden. Der ho bur, er det –5 °C, og på feriestaden er det 18 °C varmare. Kva er temperaturen på feriestaden?
Løysing + 5 + 13
–5 0 13 –5 + 18 = 13
Svar: Temperaturen på feriestaden er 13 °C.
1.67 Rekn ut. Bruk tom tallinje. a) –8 + 5 = b) –4 + 12 = c) –11 + 2 = d) –5 + 12 = e) –1 + 7 = f) –8 + 20 =
1.68 Yesmin vaknar om morgonen og sjekkar gradestokken. Det er –12 °C ute. Yesmin ventar til det er 7 gradar varmare, før ho går ut på tur. Kor mange gradar er det ute når Yesmin går ut?
1.69 Når mormor opnar kjøleskåpet ein morgon, er all maten frosen, og temperaturen viser –7 °C. Mormor seier at vi må vente til temperaturen har stige med 11 °C før vi kan bruke det igjen. Kor mange gradar er det i kjøleskapet når det kan brukast?
1.70 Ein gradestokk viser –6 °C. Kva viser gradestokken dersom temperaturen a) stig med 2 gradar? b) stig med 5 gradar? c) stig med 12 gradar?
1.71 Ein gradestokk viser 20 °C. Kva viser gradestokken dersom temperaturen a) går ned med 20 gradar? b) går ned med 25 gradar? c) går ned med 27 gradar?
1.72 Keisar Augustus blei fødd i år –63. Han gifta seg for tredje gong med Livia i år –38. I år –30 sigra han over sin sterkaste konkurrent og blei einerådande i heile Romerriket. Keisar Augustus døydde i år 14. Kor gammal var keisar Augustus a) då han gifta seg med Livia? b) då han døydde? c) då han blei einerådande i Romarriket? d) i år 0? e) Kor mange år er det sidan keisar Augustus blei fødd?
1.73 Lag ei oppgåve til kvar av teikningane nedanfor. a) b)
–10 0 1 –10 0 5