
1 minute read
Loppemarknad
Det er loppemarknad i Fermat, og vennene våre er på utkik etter nokre godbitar.
1.54 Plex kjøper tre tekoppar. Dei kostar 11 kr, 7 kr og 9 kr. Kor mykje må ho betale til saman for tekoppane?
1.55 Maxi har med seg 240 kr på loppemarknaden. Ada har med seg 60 kr meir enn Maxi. Kor mange kroner har dei med til saman?
Maxi
Ada
1.56 Henrik vil kjøpe ein trompet. Han kostar 495 kr, men Henrik prutar og får 90 kr i avslag. Kor mange kroner må han betale?
1.57 Maxi vil kaste ballar på boks. Ho kan kaste tre ballar. Dersom ho treffer berre primtal, får ho ein premie.
3 4 5 7 8 10 11 12 13
a) Kva boksar bør ho prøve å treffe?
Henrik kastar også tre ballar. Han får poengsummen 22. b)Kva tre boksar kan han ha treft?
1.58 Henrik samlar på frimerke. På loppemarknaden kjøper han fire frimerke som har lik pris. Han betalar 24 kr. Kor mykje kostar kvart frimerke?
1.59 Plex steikjer eitt fat med 63 kjøtkaker og eitt fat med 46 kjøtkaker. Då ho kjem for å hente kjøtkakene, er det 104 kjøtkaker att. Kor mange kjøtkaker har Radius ete?
63
104 46
