
1 minute read
Problem, stjerneloggen min og spel
Problem 1
Olga, Mattis og Jon kastar 5 ballar kvar. Olga får 20 poeng, Mattis får 15 poeng, og Jon får 18 poeng.
Korleis kan dei ha kasta ballane? Kor mange løysingar finn du?
Problem 2
Mira lagar eit armband med gule og rosa perler. Det skal vere to gule perler mellom kvar rosa perle. Det er 10 rosa perler. Kor mange gule perler treng ho?
Problem 3
Mira og Jon bakar bollar. Ho deler deigen sin i 24 bollar. Korleis kan ho plassere bollane på eit brett? Finn to ulike løysingar.
Jon deler deigen sin i 32 bollar. Korleis kan han plassere bollane på eit brett? Finn to ulike løysingar.
Sant eller usant?
6 · 3 er det dobbelte av 3 · 3.
4 · 4 er halvparten av 8 · 8.
3 firarar er det same som 3 · 4.
5 barn får like mange kroner kvar når dei deler 12 kr likt.
3 hestar har til saman 10 bein. JA NEI
JA NEI
JA NEI
JA NEI
JA NEI
Elevane fortel korleis dei tenkjer, og grunngir svara sine.
Stjerneloggen min
Lag rekneforteljingar til biletet. Skriv multiplikasjonar og divisjonar som passar til.


Doble og halvare
To elevar spelar saman. 1 Spelarane kastar terning etter tur. 2 Får spelarane oddetal, får dei flytte spelebrikka det dobbelte. Får dei partal, får dei flytte halvparten. Til dømes: Ein spelar får 3 prikkar og flyttar 6 plassar fram. Ein spelar får 4 prikkar og flyttar 2 plassar fram. 3 Viss spelarane landar på rutene med stjerne, må dei multiplisere talet på prikkar dei fekk på terningen, med talet som står på ruta.
Viss dei reknar feil, må dei stå over eit kast. 4 Spelaren som kjem først til kinoen, har vunne.
Spelaren må ha akkurat for å komme inn på kinoen. De treng • terning • ei spelebrikke kvar
Mål
Start
