Skip to main content

Mat og helse 5 7 elevhefte nyn

Page 1

P

P P

P

Mat og helse 5–7 er eit tilrettelagt læremiddel. Læreverket består av: Nettstad Elevhefte

P

Nettstaden inneheld eit stort utval engasjerande tilnærmingsmåtar til fagstoffet, blant anna interaktive oppgåver og filmar. Fagstoffet blir presentert med utgangspunkt i ulike matvaregrupper. All elevaktivitet blir logga.

Elevhefte

Bokmål Elevheftet er bygd opp på same måte som nettstaden, og inneheld oppskrifter på sunne og gode matretter innanfor kvar matvaregruppe.

Nynorsk Bokmål

Cathrine Fulland

Cathrine Fulland

5–7 P

http://matoghelse.cappelendamm.no P

P ISBN 978-82-02-32073-7

P www.cappelendamm.no

Mat og helse_omslag_5-7_NYN.indd 2-3

06.12.11 09.10


1

Elevhefte 5–7 Nynorsk Cathrine Fulland

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 1

06.12.11 09.09


Velkommen Mat og helse er eit spennande fag der du blir teken med på ei reise inn i matverda. Du blir kjend med matkulturar frå framande land og dei norske mattradisjonane. Du lærer å velje matvarer og bruke dei på ein måte som tek vare på miljøet på jorda. Du får vite kva maten består av, og korleis kroppen bruker næringsstoffa i maten. Du får også lære om korleis matvanane dine kan påverke helsa di. Dette heftet er delt inn i 16 kapittel. I det første kapitlet blir du kjend med faget og lærer korleis du kan jobbe på «mat og helse-rommet». Dei neste kapitla inneheld oppskrifter og oppgåver. Kvart kapittel handlar om ei matvaregruppe, for eksempel bær.

fram i kokebøker, å bruke forskjellige matlagingsteknikkar, å sørgje for god kjøkkenhygiene og å smake på mat. Du lærer også å servere mat og ete eit hyggjeleg måltid saman med andre. Alle fag har eigne fagord eller omgrep. I mat og helse er det spesielle ord som blir brukte om matvarer, hygiene, oppbevaring eller matlaging. Slike ord er skrivne i kursiv. Dersom du lurer på kva dei betyr, kan du finne dei bak i heftet. Der står alle orda med forklaringar. Her kan du også finne bilete av ulike arbeidsreiskapar vi bruker på kjøkkenet.

Da står det berre att å seie: Skjerp sansane, lær, og kos deg!

Alle kapitla startar med mål som fortel deg kva du skal lære og kunne etter å ha jobba med oppskriftene eller oppgåvene. Du lærer å lese oppskrifter, å finne

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 2

06.12.11 09.09


Innhald På kjøkkenet............................. 4 Haust.............................................. 15 Bær......................................................... 16 Sopp....................................................... 22 Frukt....................................................... 24 Grønsaker................................................ 29

Vinter............................................. 35 Poteter.................................................... 36 Korn........................................................ 41 Nøtter, frø og krydder................................ 48 Matfeitt................................................... 54

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 3

Vår.................................................... 61 Mjølk....................................................... 62 Kjøtt........................................................ 68 Fisk og skaldyr......................................... 75 Egg ......................................................... 82

Sommar........................................ 87 Sukker..................................................... 88 Vatn........................................................ 93 Urter og blomar........................................ 96

Nyttig å vite........................... 100

06.12.11 09.09


4

På kjøkkenet Innhald Arbeidsfordeling......................................... 5 Å vaske opp............................................... 6 Bakteriar.................................................... 8 Eit hyggjeleg bord....................................... 9

Å lese ei oppskrift..................................... 10 Smaker maten?........................................ 12 Kjøkkenquiz............................................. 13

Læringsmål Når du har arbeidd med oppgåvene, skal du kunne: • sørgje for god hygiene ved oppvask • sørgje for god hygiene ved bruk av handkle og klutar • sørgje for god hygiene ved smaking • vaske hender grundig • dekkje bord • lese og bruke ei oppskrift • smake på mat og drikke

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 4

06.12.11 09.09


På kjøkkenet

5

Arbeidsfordeling Det er mange oppgåver som skal løysast når du lagar mat. I tillegg til sjølve matlaginga må du rydde og vaske etter deg. Det må gjerast for å sikre god hygiene og orden på kjøkkenet. Nedanfor ser du ein måte å fordele arbeidet på. Kvar veke får du tildelt eit nummer frå 1 til 4. Nummeret viser kva du har ansvar for. Einaren har ansvar for oppvask • Skyl av matrestar (= forvask) i kaldt vatn • Vaskar opp i varmt såpevatn • Reingjer og tørkar oppvaskbenker og oppvaskkummar

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 5

Toaren har ansvar for arbeidsbenker og matbord • Reingjer arbeidsbenker • Ryddar av felles servise etter måltid • Skyl oppvasken fri for såpe • Kostar under benker og bord Trearen har ansvar for borddekking og rydding • Dekkjer bord • Tørkar oppvasken • Ryddar på plass det som er vaska opp Firaren har ansvar for fellesområde og innkjøp • Ryddar bort matvarer etter bruk • Reingjer fellesområde • Gjer innkjøp • Hjelper til der det trengst

06.12.11 09.09


6

På kjøkkenet

Å vaske opp Når du vaskar opp, er det viktig å skilje det reine frå det skitne. Det som skal vaskast, skal plasserast på ein benk ved sida av oppvaskkummen. Det som er vaska opp, blir sett på ein rein benk i nærleiken. På denne måten unngår vi å overføre bakteriar eller virus frå det skitne til det reine. Skal du vaske opp for hand, er det lurt å vaske opp i ei bestemt rekkjefølgje. Det minst skitne bør leggjast først i oppvaskvatnet.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 6

Her er ei god rekkjefølgje for oppvasken: 1. Glas og koppar 2. Bestikk 3. Tallerkar og serveringsfat 4. Kjøkkenreiskapar og kasserollar

06.12.11 09.09


På kjøkkenet

7

Oppvaskreglar Følgjer du desse oppvaskreglane, tek du vare på hygienen på ein god måte. 1. Skyl bort matrestar i rennande, kaldt vatn.

9. Skyl oppvaskbørsten nøye i varmt vatn. Skyljinga skal avsluttast med kaldt vatn. Det gjer det vanskelegare for bakteriar å formeire seg. Legg brukte klutar og handkle til vask.

2. Set oppvasken på benken etter rekkjefølgja han skal vaskast i. 3. Sørg for at oppvaskkummane er reine. Vask opp i varmt såpevatn. 4. Skyl oppvasken i varmt, rennande vatn. 5. Set oppvasken opp ned på eit rennebrett eller på ein rein benk slik at vatnet kan renne av. 6. Tørk oppvasken med reint kjøkkenhandkle. Hugs at alt må vere heilt tørt før det kan setjast på plass. 7. Byt vatn undervegs dersom det ser skite ut eller blir avkjølt. 8. Reingjer oppvaskkummane og avløpssilane med oppvaskbørste, varmt vatn og litt oppvaskmiddel. Vask benkene med ein rein klut. Tørk dei deretter med eit reint handkle.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 7

06.12.11 09.09


8

På kjøkkenet

Bakteriar Du har sikkert høyrt at det er viktig å vaske hender? Det er fordi det kan vere bakteriar og virus på hendene dine. Somme av desse kan gjere oss sjuke. Heldigvis forsvinn dei med ein grundig handvask. Har du mange bakteriar på hendene? Det kan du finne ut i dette forsøket.

Oppgåve Dyrke bakteriar Du treng 2 stk. petriskåler næringsagar

Petriskål med agar

Slik gjer du 1. Ha agar i begge petriskålene. 2. Merk skålene, den eine med med handvask og den andre med utan handvask. 3. Press fingertuppane dine forsiktig ned på skåla utan handvask. 4. Vask hendene dine grundig med vatn og såpe. Tørk godt. 5. Press fingertuppane forsiktig ned på skåla merkt med med handvask. 6. Undersøk skålene ein gong per dag i ei veke. I kva skål blir bakterieveksten størst? Kvifor trur du det blir slik?

Bakteriar sedde i mikroskop

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 8

06.12.11 09.09


På kjøkkenet

9

Eit hyggjeleg bord Det er hyggjeleg å setje seg ved eit fint dekt bord. Når du skal dekkje bordet, kan du følgje nokre felles reglar for borddekking. Tallerken skal alltid stå rett framfor der du sit. Til venstre for tallerken legg du gaffelen, og til høgre legg du kniven. Ei suppeskei skal

leggjast til høgre, mens ei dessertskei skal leggjast på oversida av tallerken. Glaset eller koppen skal alltid stå rett ovanfor kniven. Elles kan du pynte slik du ønskjer.

Oppgåve Dessertgaffel

Å dekkje bordet til ei spesiell anledning Dessertskei

Gaffel

Matskei

Kniv

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 9

Vel eit tema frå lista nedanfor, og pynt bordet så fint du kan. • Sommarfest • Haustfest • Barnebursdag • Familiemiddag • Spøkjelsesfest • Romantisk middag

06.12.11 09.09


10

På kjøkkenet

Å lese ei oppskrift Ei oppskrift består av to delar, ei ingrediensliste og ei brukstilvising. I ingredienslista får du vite kva matvarer du skal bruke. Du får også vite kor mykje du treng av dei ulike matvarene. Ingrediensane i lista står i ei bestemt rekkjefølgje.

Kal

Hau

3–4 Ingr

Slik gjer du: Ei brukstilvising for korleis du skal lage matretten

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd E10

lev

de d rik ker me

Bæ e bruke først, står øvst i Dei råvarene dur skal drik r godt s ke bruke sist, omstår nedst. lista. Dei du skal ho smo r. Dei v anle vuding othi redi e, m gast ein e bgjer ilkkalla friskblir ofte Brukstilvisinga «Slik du»ens i k s æ h r a d alde ke o o elle rikk g bo korleis r bæ g god Ho edu eller «Framgangsmåte». forklarer n e d wle. rikk e r. Fr isbi Smo r tadet skal gjere duukskal ommatrett. ta o lage sein r elnår o er la ler y g bæ ga a thie er ogh r a v fru blir urt i Milk blan k ein k shak da m t og/ h u r e men tigm er n e d ju på iksa in e s, r. yogh neheld sten dIngrediensar: et s me urt. mjø ame lk o Matvarer s du treng g is o ligg i sta m smo o den for å lage ein matrett thie bær for j , .D us o serv g ert

glas

stsm

oot

hie

edie ns 2,5 dL j ar ord 200 g fro bær- el ler v sne 1/2 a jord ban an bær niljeyog 1 dL hurt app elsin jus Slik gj 1. M er du å 2. H l opp y ogh a urt i 3. T yoghur ei ten ilset i ein t desilit jord 4. H erm h bær a ål og b urtigmi 5. K i appel k a s nan s ar. øyr . blan injus. mo ding aih 6. T sa. urtig ilset mik m sare eir j tjuk us d n til k. erso alt e mb r land inga Serv er fo e r r ings Smo tips othi ! en k på p an p inne yn , stj erne tast m ed h fruk eile t ell er a jord nna b n fru ær kt. 06.12.11 09.10


ker

sik ald ne e e r ooth ie e r fruk to med g/ jus,

ttthie , og

På kjøkkenet

11

Slik følgjer du ei oppskrift 1. Finn fram alle matvarene som står i ingredienslista.

med

Bær

bær

2. Begynn med punkt 1 i brukstilvisinga, gå så til punkt 2, osv. Du må ikkje hoppe over Bnokre owle av punkta eller byte på rekkjefølgja. blir bli øydelagd! stDa of ar kan matretten

19

te s ten e av s kose elsk rvert so seg mivbrukstilvisinga, ablir p. Gnemnd matvare p3. elko å mNår ei m e j e d sten mst m a t e e drik ns d e fstår n. iBingredienslista. Der det med les du å k r de kor ei p owle kmykje r o rata Ver nøyaktig med i lsyredu trengblav matvara. ligg i r r sa nok , jus laga det oå av m man og elle gjemåla. bær med r ne rne i v n . Dr e e ntar k isbi ikke tar o tar. Op ralvatn serv n er4. p d blir g p t iH er rikk psko til imatretten eiald alla foropunkt n stfram kpunkt e n r b e o owle n fru r gla ferdig laga. kt o sbol ford g i ha le. n of t e bl Nokre vanlege forkortingar ir Forkorting

Tyding

krm

kryddermål

1 mL

ts

teskei

5 mL

ss

matskei

15 mL

dL

desiliter

100 mL

L

liter

1000 mL

g

gram

0,001 kg

kg

kilogram

1000 g

min

minutt

60 sek

t

time

60 min

stk.

stykk

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 11

Mengd

06.12.11 09.10


12

På kjøkkenet

Smaker maten? Mat kan sjå god ut, men likevel smake kjedeleg eller rart. Du må derfor smake på maten før han blir servert. Du treng to skeier når du skal smake på maten, éi til å putte i

maten, og éi til å smake med. Når du bruker to skeier, hindrar du spreiing av bakteriar og virus frå munn til mat.

1. Bruk to skeier.

3. H ell over til skei nummer to.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 12

en eine skeia 2. D puttar du i maten.

4. Smak med skeia som ikkje har vore i maten.

06.12.11 09.10


På kjøkkenet

13

Kjøkkenquiz 1. K vifor må du vaske hendene godt før du lagar mat? a) For å sjå fin ut b) For å fjerne bakteriar og virus frå hendene c) For å lukte godt 2. Kor mange bakteriar kan det vere under ein nagl? a) 50 b) 5000 c) 5 000 000 3. Kva rekkjefølgje er riktig når du vaskar opp? a) Glas og koppar, bestikk, tallerkar og serveringsfat, kjøkkenreiskapar og kasserollar b) Kjøkkenreiskapar og kasserollar, tallerkar og serveringsfat, bestikk, glas og koppar c) Glas og koppar, kjøkkenreiskapar og kasserollar, bestikk og tallerkar og serveringsfat

4. Kva temperatur skal du ha på vatnet når du skyl av matrestar? a) Kaldt b) Varmt c) Du skal ikkje skylje av matrestar før du vaskar opp

5. På kva side av tallerken skal kniven liggje? a) Venstre b) Høgre c) Over tallerken 6. Kvifor er det lurt å bruke forkle når du lagar mat? a) Det ser fint ut b) Du vernar kleda dine mot matsøl, og du hindrar bakteriar frå kleda dine å komme i kontakt med maten c) Det er fint når alle går i uniform 7. Kva trur du det er lurt å gjere dersom du tek fingeren i munnen mens du lagar mat? a) Slikke godt og lenge på fingeren b) Vaske deg med varmt vatn og såpe c) Skylje han i kaldt vatn

8. Kva bør dei med langt hår gjere med håret når dei lagar mat? a) Samle det i ein strikk, så det ikkje kjem hår i maten b) Vifte litt med håret, slik at det ikkje blir så varmt under matlaginga c) Klippe håret

Fasit: 1b, 2c, 3a, 4a, 5b, 6b, 7b, 8a Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 13

06.12.11 09.10


Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 14

06.12.11 09.10


15

Haust

Oppskrifter Bær.................................................... 16

Frukt............................................... 24

Rørte bær................................................ 17 Haustsmoothie......................................... 19 Bringebær- og ananassmoothie................... 20 Jordbærmilkshake..................................... 20 Velkomstdrikk........................................... 21

Solsmoothie............................................. 25 Tropisk slush............................................ 25 Min fruktsalat........................................... 28

Sopp................................................. 22 Crostini.................................................... 23

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 15

Grønsaker.................................. 29 Grønsaker med dipp.................................. 31 Grønsaksuppe med kylling......................... 32 Agurksalat................................................ 33 Kokt brokkoli............................................ 33

06.12.11 09.10


16

Bær Læringsmål Når du har arbeidd med oppgåvene, skal du kunne: • reinse og skylje bær • bruke miksmaster og hurtigmiksar • merkje emballasje • servere kalde drikker

Ut å plukke bær Tidleg på hausten kan du plukke bær i skogen eller i hagen. I skogen kan du finne blåbær, villbringebær, molter og tyttebær, mens du kan plukke jordbær, bringebær, rips og solbær i hagen. Bæra kan du bruke til frysetøy, syltetøy, saft, smoothies og dessertar. Bær må reinsast og skyljast før vi kan ete dei. Fjern hamsen, blad og anna rusk. Deretter skyl du bæra i kaldt vatn.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 16

Oppgåve Planlegg ein bærtur Før turen • Kvar kan de gå for å plukke bær? • Kva skal de ha med av utstyr? • Kva skal de lage av bæra? Forslag til utstyrsliste • matpakke og drikke • sitjeunderlag • klede etter vêr • bærplukkar • små plastbytter med lokk eller små plastposar • ryggsekk • pose til søppel

06.12.11 09.10


Bær

17

Frysetøy Frysetøy er ei blanding av mosa bær og sukker. Frysetøy kan lagast av friske eller frosne bær. Dei treng ikkje å kokast. Du treng berre å mose bæra og røre dei saman med sukker. Frysetøy blir også kalla rørte bær. Du kan tilsetje frysepulver for å få eit fyldigare frysetøy. Frysetøy held seg ikkje så lenge og må anten etast med ein gong eller frysast ned.

Rørte bær Ingrediensar 400 g bær 100 g sukker 15 g frysepulver Slik gjer du 1. Reins bæra og skyl dei i kaldt vatn. 2. Legg bæra i ein arbeidsbolle. 3. Knus bæra inntil kanten av bollen dersom dei er store eller faste. 4. Mål opp sukker og frysepulver 5. Bland frysepulveret godt med sukkeret. 6. Hell sukkerblandinga over bæra i bollen. 7. Rør med gaffel eller miksmaster på den lågaste hastigheita. 8. Før du går vidare, må du smake om frysetøyet er passe søtt. Sure bær som tyttebær treng ofte meir sukker enn søte bær som jordbær. 9. Hell frysetøyet i ein plastboks. 10. Merk emballasjen med vassfast tusj. 11. Legg frysetøyet i frysaren dersom det ikkje skal brukast med ein gong.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 17

06.12.11 09.10


Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 18

06.12.11 09.10


Bær

19

Kalde drikker med bær Bær er godt som hovudingrediens i kalde drikker. Dei vanlegaste bærdrikkene er smoothie, milkshake og bowle. Smoothie er ein frisk og god drikk som er laga av frukt og/ eller bær. Frukta og bæra blir blanda med jus, isbitar eller yoghurt i ein hurtigmiksar. Milkshake er nesten det same som smoothie, men inneheld mjølk og is i staden for jus og yoghurt.

Bowle blir ofte servert som velkomstdrikk i starten av selskap. Gjestene får dermed noko å kose seg med mens dei pratar saman og ventar på maten. Bowle blir laga av mineralvatn med kolsyre, jus eller nektar. Oppi drikken ligg det gjerne isbitar og oppskoren frukt og bær. Drikken blir kalla bowle fordi han ofte blir servert i ein stor glasbolle.

Haustsmoothie 3–4 glas Ingrediensar 2,5 dL jordbær- eller vaniljeyoghurt 200 g frosne jordbær 1/2 banan 1 dL appelsinjus Slik gjer du 1. Mål opp yoghurt i eit desilitermål 2. Ha yoghurten i ein hurtigmiksar. 3. Tilset jordbær og banan. 4. Ha i appelsinjus. 5. Køyr blandinga i hurtigmiksaren til alt er mosa. 6. Tilset meir jus dersom blandinga er for tjukk.

Serveringstips! Smoothien kan pyntast med heile jordbær på pinne, stjernefrukt eller annan frukt.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 19

06.12.11 09.10


20

Bær

Bringebær- og ananassmoothie 3–4 glas Ingrediensar 3 2 1 2

dL ananas i bitar dL frosne bringebær ts vaniljesukker dL appelsin- eller ananasjus

Slik gjer du 1. Mål opp ananasbitar i eit desilitermål. 2. Ha ananasen i ein hurtigmiksar. 3. Tilset bringebær og vaniljesukker. 4. Ha i jus. 5. Køyr blandinga i hurtigmiksaren til alt er mosa. 6. Tilset meir jus dersom blandinga er for tjukk.

Serveringstips! Pynt glasa med bringebær og ananasbitar på pinne.

Jordbærmilkshake 2 glas Ingrediensar 2 dL jordbær 4 ss vaniljeis eller jordbæris 2 dL mjølk Slik gjer du 1. Reins og skyl bæra. 2. Ha bæra i ein hurtigmiksar. 3. Tilset is og mjølk. 4. Køyr blandinga i hurtigmiksaren til blandinga er luftig og jamn.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 20

Serveringstips! Pynt glasa med heile jordbær på pinne.

06.12.11 09.10


Bær

21

Velkomstdrikk 4 glas Ingrediensar 6 dL bær: friske jordbær, blåbær, bringebær og bjørnebær 1 limefrukt 0,5 L mineralvatn med lime- eller sitronsmak 0,5 L eplejus sitronmelisse (urt)

Slik gjer du 1. Reins og skyl bæra. 2. Ha bæra i ein stor glasbolle. 3. Del limefrukta i tynne båtar eller skiver, og ha dei i bollen. 4. Tilset mineralvatn og eplejus.

Serveringstips! Pynt med friske skot av sitronmelisse.

Sitronmelisse

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 21

06.12.11 09.10


22

Sopp Læringsmål Når du har arbeidd med oppgåvene, skal du kunne: • reinse sopp • grovhakke sopp • gratinere med ost • servere ein smårett

Å plukke sopp I skogen veks matsopp og giftsopp side om side. Somme av soppane liknar kvarandre, så det er lett å ta feil! Dersom du skal plukke sopp, er det lurt å levere soppen til ein soppkontroll. Soppkontrollørane er ekspertar på sopp. Dei kontrollerer om soppane du har funne, er etande eller giftige.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 22

Sopp som blir plukka i skogen, må reinsast før han kan brukast til mat. Du må fjerne sporane som er under hatten på soppen, og børste bort jord frå stilken. Når du kjøper sopp i butikken, er soppen som regel ferdig reinsa.

06.12.11 09.10


Sopp

23

Crostini Crostini er ein italiensk smårett. Fint brød blir skore i tynne skiver og dekt med fyll. Deretter blir dei gratinerte i omnen. Veit du forresten kva «crostini» betyr? Det betyr lite, rista brød.

Crostini

Timian

4 porsjonar Ingrediensar 6–8 skiver loff (2 skiver per porsjon) 2 ss olje 200 g sopp 2 fedd kvitløk 2 ts timian 1/2 bunt persille 2 ms olje 1/2 ts salt 1/2 ts pepar 1/2 ts balsamicoeddik 1/2 dL kavringstrø 100 g ost Pynt timian (urt)

Slik gjer du 1. Set omnen på 225 °C. 2. Rist loffskivene øvst i omnen i 5 minutt eller i brødristar i 1 minutt. 3. Reins soppen dersom nødvendig. 4. Grovhakk soppen. 5. Ha 2 ms olje i ei varm steikjepanne og steik soppen. 6. Ha den steikte soppen i ein arbeidsbolle. 7. Skrell og finhakk kvitløk. Ha han i bollen. 8. Ha persillen i ein kopp. Klipp han i små bitar med saks, og ha det i bollen. 9. Ha i timian, salt, pepar, olje, balsamicoeddik og kavringstrø. 10. Bland godt. 11. Riv osten. 12. Legg soppen oppå loffskivene, og strø osten over. 13. Gratiner crostini i 7–10 minutt (til osten har smelta og blitt gyllen).

Serveringstips! Pynt crostini med stilker av frisk timian.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 23

06.12.11 09.10


24

Frukt Læringsmål Når du har arbeidd med oppgåvene, skal du kunne: • vaske og skrelle frukt • fjerne kjernehus i eple • kutte frukt i skiver og små bitar • hindre at oppskoren frukt blir brun • presentere ei frukt • servere sunne og freistande dessertar

Vaske frukt Frukt med etande skal må skyljast godt i kaldt vatn. Mange menneske har teke på frukta du kjøper i butikken, og dei kan ha virus og bakteriar på hendene sine. Når du vaskar frukta i kaldt, rennande vatn, fjernar du mikroorganismane frå skalet.

Oppgåve Unngå brune bananskiver Når vi deler opp ein banan, blir skivene raskt brune i fruktkjøttet. Da ser han ikkje så god ut lenger! Heldigvis kan du bruke litt kjøkkenkjemi for å hindre at bananen blir brun. Du treng • 2 skåler • 2 bananskiver • 1 båt sitron Slik gjer du 1. Legg ei bananskive på kvar skål. 2. Dryp sitronsaft over heile den eine bananskiva. 3. Sjå korleis bananskivene ser ut etter 5 minutt, 10 minutt og 30 minutt. Kva trur du kjem til å skje med bananskivene du drypte sitronsaft over? Kvifor?

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 24

06.12.11 09.10


Frukt

25

Solsmoothie 2 glas Ingrediensar 1 1 2 2 1

appelsin fersken dL ferskenyoghurt dL appelsinjus banan

Slik gjer du 1. Skrell appelsinen, del han i bitar, og ta ut steinane. 2. Ha appelsinbitane i ein hurtigmiksar. 3. Skyl ferskenen, del han i to, og ta ut steinen i midten. 4. Legg ferskendelane i hurtigmiksaren. 5. Ha i ferskenyoghurt og appelsinjus. 6. Skrell bananen, og ha han i hurtigmiksaren. 7. Køyr blandinga i hurtigmiksaren til alt er mosa. Tilset meir jus dersom blandinga er for tjukk. 8.

Serveringstips! Pynt glasa med appelsinskiver.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 25

Tropisk slush 3–4 glas Ingrediensar 0,5 L eplejus (isterningar) 1 moden mango 1/2 honningmelon Slik gjer du 1. Ha eplejus i isposar, og legg posane i frysaren. La dei liggje i minst 3 timar. 2. Del mangoen i to ved å skjere langs den flate steinen i midten på frukta. 3. Del bitane i båtar, og skjer av skalet. 4. Ha mangobåtane i ein hurtigmiksar. 5. Del honningmelonen i to delar. Det er berre den eine delen som skal brukast. 6. Fjern steinane med ei skei. 7. Del melonen i skiver, og skjer av skalet. 8. Del melonskivene i mindre bitar, og ha dei i hurtigmiksaren. 9. Ha i isbitane av eplejus. 10. Køyr blandinga i hurtigmiksaren til alt er mosa.

06.12.11 09.10


Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 26

06.12.11 09.10


Frukt

27

Frukt frå heile verda Frukt finst i forskjellige fargar, former og storleikar. Dei kan smake surt og bittert, men som oftast søtt og godt. Frukt veks over heile verda. Somme trivst i kalde strøk. Andre har behov for eit varmt og fuktig klima. Visste du at frukt er ein del av verdshistoria? Somme har reist med kjende sjøfararar over store hav. Andre har blitt brukte som pengar. Det er til og med somme som har vore symbol for kjærleik og forelsking!

Oppgåve Å presentere ei frukt Start med å velje ei frukt du har lyst til å fortelje om. Skriv kort om frukta du har valt. Dette kan du skrive om: • Namnet på frukta på to–tre ulike språk • Kvar frukta kjem frå • Spennande historier om frukta • Kva næringsstoff frukta inneheld mykje av • Korleis vi kan bruke frukta i matlaging eller til å lage gode drikker • Korleis vi bør oppbevare frukta Tips: Foredraget blir ofte morosamare å høyre på dersom du lagar spørsmål til publikum. Server gjerne smaksprøvar av frukta di.

Litchi, kjærleiksfrukt

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 27

06.12.11 09.10


28

Frukt

Fruktsalat Fruktsalat er ein enkel og god dessert, og kan også etast som eit sunt mellommåltid. Fruktsalat kan du lage av dei fruktene du liker aller best. Du må vaske eller skrelle fruktene. Deretter deler du dei i små bitar. Bland alt forsiktig saman – og vips, så har du ein kjempegod fruktsalat!

Min fruktsalat 3–4 porsjonar Ingrediensar 100 g steinfrie raude eller blå druer 1 liten boks ananas i bitar 1 appelsin 1 grønt eple 1 banan 2 ruter 70 % kokesjokolade Slik gjer du 1. Skyl druene godt i kaldt vatn. 2. Del druene i to, og legg dei i ein arbeidsbolle. 3. Del ananasbitane dersom dei er for store, dersom ikkje kan dei leggjast rett i bollen. 4. Ha i ananasjus frå boksen. 5. Skrell appelsinen. 6. Skyl eplet godt i kaldt vatn, og fjern kjernehuset. 7. Del appelsinen og eplet i små bitar, og legg dei i bollen. 8. Skrell bananen, skjer han i tynne skiver, og legg dei i bollen.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 28

9. Bland salaten forsiktig saman ved hjelp av to gaflar. 10. Hell fruktsalaten over i ein serveringsbolle. 11. Grovhakk sjokolade til pynt, og dryss over fruktsalaten.

Serveringstips! Server fruktsalaten rett etter at han er ferdig laga.

06.12.11 09.10


29

Grønsaker Læringsmål Når du har arbeidd med oppgåvene, skal du kunne: • vaske og reinse grønsaker • bruke riktige knivar og fjøler til grønsaker • dele grønsaker i stavar, bukettar, skiver og terningar • velje kokeplater som passar til kasserollar • koke grønsaker møre • servere varme og kalde retter med grønsaker

Reine grønsaker Akkurat som frukt må grønsaker med etande skal vaskast godt. Den etande delen av rotgrønsaker og løkplanter veks under jorda. Kålvekstar veks rett over bakken. Grønsakene kan ha jord på seg når du kjøper dei. Jorda fjernar du når du skyl grønsakene i rennande, kaldt vatn. Det er viktig å skylje ekstra godt mellom blada på salathovud og purrestilker.

Oppdelte grønsaker Dele grønsaker i stavar og bukettar Grønsaker kan delast i stavar og bukettar når du skal lage grønsaker med dipp.

Dele grønsaker i terningar Del grønsaker i terningar og skiver når du skal lage suppe. Det er lurt å dele grønsakene først i stavar og deretter i terningar.

Eigne knivar og fjøler til grønsaker Du skal alltid bruke eigne knivar og fjøler til grønsaker. Desse fjølene skal du ikkje bruke til kjøtt eller fisk. På denne måten unngår du at bakteriar blir overførte frå grønsakene til kjøtt og fisk, eller omvendt.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 29

06.12.11 09.10


Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 30

06.12.11 09.10


Grønsaker

31

Sunt og fargerikt Grønsaker med dipp er sunt, godt og lett å lage. Vask eller skrell grønsakene, og del dei i stavar eller bukettar. Legg dei oppdelte grønsakene på eit fat. Du kan lage ein enkel dipp med rømme og dippkrydder frå pose, eller du kan lage din eigen variant.

Grønsaker med dipp Ingrediensar grønsaker 3 gulrøter 1/4 kålrot 1 paprika 1/2 agurk 1/2 brokkoli Slik gjer du 1. Skrell gulrøter, og del dei i stavar. 2. Del kålrota i skiver, skjer bort skalet, og del ho vidare i stavar. 3. Del paprikaen i to på langs, fjern kjernehuset, vask inni og utanpå, og del han i stavar. 4. Vask agurken, og del han i stavar. 5. Vask brokkolien, og del han i bukettar. 6. Legg stavar og bukettar fint på eit fat.

Ingrediensar dipp 1 beger lettrømme 1 pose holidaydipp Slik gjer du Les på dipposen. Sjå også oppskrifter på tzatziki og kvitløksdressing på sidene 65 og 66.

Serveringstips! Bruk fantasien når du legg grønsakene på fatet. Kanskje dei kan formast i eit fint mønster eller som eit ansikt?

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 31

06.12.11 09.10


32

Grønsaker

Grønsaker som hovudrett Om hausten er det fint å lage grønsaksuppe. Da er det masse ferske grønsaker å få tak i. Grønsaksuppe er lettvint å lage, og ho er sunn

og god. Dersom vi tilset litt kjøtt i suppa, blir smaken ekstra fyldig.

Grønsaksuppe med kylling 3–4 porsjonar Ingrediensar 2 gulrøter 150 g kålrot 100 g sellerirot 1/2 purre 1 kyllingfilet 1L vatn 2 kyllingbuljongterningar 1/4 bunt kruspersille Tilbehør flatbrød og smør Slik gjer du 1. Vask og skrell grønsakene. 2. Del gulrot, kålrot og sellerirot først i stavar og deretter i terningar. 3. Del purren i skiver. 4. Skjer kyllingfileten i korte strimlar. 5. Vel ei kokeplate som passar til kasserollen du skal bruke. 6. Ha vatn i kasserollen, og kok opp vatnet. 7. Tilset buljong. 8. Ha grønsakene i kasserollen. 9. Kok grønsakene i 5 minutt. 10. Ha i kyllingstrimlane, og kok vidare i 4 minutt.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 32

Serveringstips! Pynt suppa med små persilleduskar. Bordet kan pyntast med haust som tema. Kanskje du finn nokre blad med flotte haustfargar? Dei kan leggjast utover bordet. Rognebær på berre greiner gir også flott hauststemning.

06.12.11 09.10


Grønsaker

33

Grønsaker som tilbehør Grønsaker blir ofte brukte som tilbehør. Dei kan skjerast opp og brukast i salatar eller råkost, kokast, wokkast eller leggjast i lake. Når grønsakene blir kokte, skal dei vere møre. Det betyr at dei skal vere mjuke, men ikkje blaute.

Agurksalat Ingrediensar 1/2 slangeagurk 0,75 dL vatn 1 ss eddik 1 ss sukker 1 krm salt 1 krm kvit pepar

Kokt brokkoli 4 porsjonar Ingrediensar

Slik gjer du 1. Skyl agurken i kaldt vatn. 2. Skjer agurken i tynne skiver med ostehøvel, og legg skivene i ei skål. 3. Kok opp vatn i mikrobølgjeomnen (ha vatnet i ein kopp, og set det på full effekt i cirka 1 minutt). 4. Rør eddik og sukker inn i det varme vatnet. 5. Tilset salt og pepar. 6. Hell laken i skåla med agurkskiver. 7. Set agurksalaten i kjøleskapet fram til servering.

Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 33

1 brokkoli 1 krm salt Slik gjer du 1. Skyl brokkolien i rennande, kaldt vatn, fjern alle blad frå stilken, og skjer av stilken cirka 3 cm opp frå botnen. 2. Skjer brokkolien i passe store serveringsstykke (del han i 6–8 bitar). 3. Set kasserollen på ei kokeplate, og skru plata på fullt. 4. Når vatnet koker, har du i saltet og legg i brokkolibukettane. 5. La brokkolien småkoke i 8 minutt.

06.12.11 09.10


Elevhefte 5-7_materie_NYN.indd 34

06.12.11 09.10


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Mat og helse 5 7 elevhefte nyn by Cappelen Damm - Issuu