Skip to main content

KRLE 5 frå Cappelen Damm Grunnbok nyn blaibok

Page 1

KRLE 5 frå CAPPELEN DAMM Grunnbok

Tonje Baugerud Amina Siječić Selimović

Nynorsk


Tonje Baugerud og Amina Siječić Selimović KRLE 5 frå Cappelen Damm Grunnbok © CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2026 ISBN 978-82-02-92625-0 1. utgåve, 1. opplag 2026 KRLE 5 frå Cappelen Damm følgjer læreplanen i KRLE i LK20 og er laga til bruk på barnetrinnet på grunnskulen. Omsetjing til nynorsk: Eirik Ulltang Birkeland, for Nye Tillen Illustratør: Annette Saugestad Helland Omslagsdesign: Tank design Omslagsillustrasjon: Annette Saugestad Helland Grafisk formgiving: Tank design Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, Latvia Forlagsredaktør: Frøya Elisabeth Astrup Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. All bruk av heile eller delar av utgivinga som input eller som treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller anna innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane. Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel. Cappelen Damm arbeider aktivt for å redusere miljøbelastninga frå utgjevingane våre. Les meir om miljøarbeidet vårt ved å skanne QR-koden:

www.cdu.no

|

www.laerer.cdu.no

|

www.skolen.cdu.no


1

Religionar og livssyn

6

Hinduisme Buddhisme Jødedom Kristendom Islam Sikhisme Livssynshumanisme

16 26 34 42 52 60 66

2

Heilage hus

72

Hinduisk tempel Buddhistisk tempel Synagoge Kyrkje Moské Gurdwara

78 82 90 94 100 106

3

Rett og gale

114

Etikk og moral Etiske dilemma Den gylne regelen

116 122 134

4

Å leve saman

138

Barndom og familie Kultur og kulturarv Minoritetar og mangfald

140 146 154


Likskapar og skilnader Dei aller fleste menneske er einige om nokre grunnleggjande levereglar. Til dømes meiner mange at det er gale å lyge, såre og stele, og at det er rett å hjelpe, vere ærleg, vise omtanke og vere rettferdig. Men det er òg nokre ting vi menneske er ueinige om eller har ulike meiningar om. Til dømes meiner nokre at det finst reglar for kva vi skal eller ikkje skal ete, korleis vi skal kle oss, eller kvar og korleis menneske bør be.


Å sjå noko frå andre sitt perspektiv Vi menneske er både like og ulike. Vi ser forskjellige ut, har ulike meiningar og kan ha ulik tru. At vi oppfattar verda på ulike måtar, tyder at vi har ulike perspektiv. For at vi skal møte kvarandre med respekt og forståing, må vi prøve å forstå kva som er viktig og rett for andre enn oss sjølv. Om vi øver på å sjå ting frå andre sitt perspektiv, blir det enklare å snakke saman og leve fredeleg og godt saman, side om side – sjølv om vi er ulike.

Innanfrå og utanfrå Ein som seier at «alt i verda er brahman», eller at «Jesus er Guds son», skildrar religionane hinduisme og kristendom innanfrå. Ein som seier at «mange hinduar trur at alt i verda er brahman», eller at «kristne trur at Jesus er Guds son», skildrar religionane utanfrå. I KRLE-faget skal du lære om religionar og livssyn både innanfrå og utanfrå. Forteljingar frå ulike religionar og livssyn er innanfrå-perspektiv som kan gi deg empati og forståing. Fakta om kor mange som høyrer til ein religion, eller om korleis religiøse ber eller tilber, er utanfrå-perspektiv som kan lære deg om samanhengar og likskapar mellom ulike religionar og livssyn.


Religionar og livssyn

1 Lær om · religionar og livssyn · religionar og livssyn i Noreg · bøn

Kvar kjem vi frå? Kva er meininga med livet? Kva skjer når vi døyr? Mange meiner at religionar og livssyn har vakse fram som svar på store spørsmål om livet. Nokre meiner at det finst éin eller fleire gudar som gir svar på spørsmåla. Andre meiner at krefter i naturen eller fornufta til mennesket kan gi oss svara.


Ofte er det umogleg å sjå utanpå menneske om dei høyrer til ein religion, eller om dei ikkje gjer det.

Kva er religion? Religion handlar om tru og praksis. Å tru kan tyde å ha ei meining om noko eller å håpe på noko. For nokre tyder det å ha ein religion å tru på éin eller fleire gudar. Praksis er det menneske gjer. Religiøs praksis kan vere å feire høgtider, bruke bestemte klesplagg, lage mat på spesielle måtar eller besøkje heilage hus. Mange religiøse gjer ulike ritual òg. Ritual er handlingar menneske gjentek på bestemte måtar, som å be eller meditere. Tradisjonar, mat, klede og feiringar knyter menneske saman. Derfor kan religion òg handle om identitet og fellesskap. Felles for religionar er at dei undersøkjer store spørsmål i livet, som kven vi er, kvifor vi lever, og korleis vi bør behandle kvarandre.

Snakk saman 1 Kva kan det tyde å tru? 2 Kvifor er religion viktig for nokre menneske, trur du? 3 Korleis kan religion gi menneske fellesskap?

8

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Religion

høgtid – religiøs feiring eller markering meditere – konsentrere seg djupt for å slappe av eller utvikle seg åndeleg


Nokre menneske brukar spesielle klede for å vise kva religion dei høyrer til.

Å høyre til ein religion Menneske som høyrer til ein religion, er religiøse. Men religionar er ulike, og det er mange måtar å vere religiøs på. Ein del religiøse gjer dei same tinga, til dømes

· ber og/eller mediterer · besøkjer heilage hus eller stader · les eller lyttar til heilage tekstar · lærer og deler forteljingar · følgjer felles levereglar · feirar høgtider Skriv Svar på minst tre av oppgåvene nedanfor. 1 Kva tyder det å vere religiøs? 2 Skriv minst to ting mange religiøse har til felles. 3 Kva for høgtider kjenner du til? 4 Kva tyder ordet heilagt for deg? 5 Kva kan vere grunnar til at nokre religiøse ber eller mediterer ofte, medan andre religiøse sjeldan eller aldri gjer det?

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

9


Eit livssyn er tankar og meiningar om korleis menneske bør leve.

Kva er livssyn? Alle menneske har eit livssyn. Eit livssyn er ein måte å sjå og forstå verda og livet på. Eit livs-syn = eit syn på livet. Innanfor eit livssyn prøver ein å finne ut av korleis vi kan forstå verda, og korleis vi bør leve. Derfor handlar livssyn om store spørsmål som menneske har undra seg på i alle tider, til dømes:

· Korleis blei universet til? · Kva er eit godt liv? · Korleis bør menneska leve saman? · Kva skjer etter døden? · Kva er viktig i livet? Store spørsmål om livet har ingen enkle svar. Likevel kan livssyn hjelpe oss til å gjere gode val, leve saman med andre og leve meiningsfylte liv.

Skriv Svar på minst tre av oppgåvene nedanfor. 1 Kva tyder livssyn? 2 Kvifor kan vi seie at alle menneske har eit livssyn? 3 Kan to personar i same familie ha ulike livssyn? Forklar. 4 Kva er eit godt og meiningsfylt liv, meiner du? 5 Vel eitt av dei store spørsmåla ovanfor. Gi minst to ulike svar på spørsmålet.

10

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Livssyn


Religiøse og ikkje-religiøse livssyn Nokre livssyn er religiøse. Dei forklarer livet og verda med utgangspunkt i ein religion. Mange som har eit religiøst livssyn, trur til dømes at éin eller fleire gudar har skapt universet og alt som lever. Andre livssyn er ikkje-religiøse. Dei forklarer livet med utgangspunkt i vitskap og erfaringar menneske har med livet her og no. Livssynshumanisme er eit ikkje-religiøst livssyn. Livssynshumanistar trur ikkje på gudar, ånder eller overnaturlege makter.

Kva er eit godt liv?

Snakk saman 1 Kva er skilnaden mellom eit religiøst og eit ikkje-religiøst livssyn? 2 Kva kan vere bra med å ha eit livssyn som gir svar på store spørsmål?

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

11


Religion og livssyn i Noreg

92

I dag bur det menneske med ulike religionar og livssyn i Noreg. Alle som bur i landet vårt, har rett til å tru på det dei vil, eller ikkje tru på noko.

00

r. f.K

til 1750 f.Kr.

Steinalder

i

05 l1

0e

.Kr.

Jernalder Mange samar trudde at noaidane, dei religiøse leiarane, kunne slå på ei tromme for å komme i kontakt med gudar og krefter i naturen.

50 0

f.K r. t

Nokre meiner at menneska i steinalderen laga helleristingar for å kommunisere med gudar eller overnaturlege krefter.

5 10

1536 0 til

Mellomalder

Vikingtid Norrøn mytologi er forteljingar om dei gudane folk trudde på her i nord. Vikingane trudde at når guden Tor køyrde i vogn over himmelen, blei det torevêr.

12

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Livssyn

800 til 105

0

Då kongen Olav Haraldsson bestemte at alle i Noreg måtte tru på kristendommen, begynte mange å gå i kyrkja på søndagar.


Fornorskingspolitikk

6 153

Politikarar i Noreg meinte at samar, kvener/norskfinnar, skogfinnar, romar og romanifolk/taterar måtte lære seg norsk språk og kultur, og bli kristne.

185

Reformasjonen Reformasjon tyder forandring. Martin Luther kjempa for at kyrkja ikkje skulle ta betalt for å gi menneske tilgiving, og for å omsetje Bibelen til mange språk.

1960

6 195

Human-Etisk Forbund Human-Etisk Forbund er ein organisasjon for eit ikkje-religiøst livssyn. Forbundet blei oppretta som eit alternativ for menneske som ikkje trur på nokon gud eller gudar.

70 19

f

rå

0 til

1964

Innvandring og flytting Noreg har alltid vore mangfaldig. Menneske frå ulike land og kulturar har teke med seg tradisjonane og religionane sine hit. Frå 1970-åra auka innvandringa til Noreg.

Religions- og livssynsfridom Då Grunnlova blei skriven i 1814, var det ikkje religionsfridom i Noreg. No står det: Alle innbyggjarar i riket har fri religionsutøving.

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

13


Gud og gudar Menneske trur ulikt om gudar. Nokre meiner at det finst éin gud som har skapt alt. Nokre meiner at det finst mange gudar med ulike oppgåver. Andre meiner at det heilage finst i alt som lever, eller at det ikkje finst nokon gudar i det heile teke.

Éin eller fleire gudar? Monoteisme tyder å tru på éin gud. I religionane jødedom, kristendom, islam og sikhisme er det vanleg å tru på éin gud. Nokre hinduar er òg monoteistar. Dei meiner at alle dei ulike gudane eigentleg er uttrykk for éi stor kraft, brahman. Polyteisme tyder å tru på fleire gudar. Mange som høyrer til religionen hinduismen, trur på ulike gudar med ulike roller og eigenskapar. I vikingtida trudde folk flest i Noreg på fleire gudar. Tor, Odin og Frøya var nokre av dei norrøne gudane.

Skriv Svar på minst tre av oppgåvene nedanfor. 1 Kva er skilnaden mellom monoteisme og polyteisme? 2 Skriv namnet på minst éin religion der ein trur på éin gud. 3 Skriv namnet på minst éin religion der ein trur på fleire gudar. 4 Kva kan vere grunnar til at menneske trur på gudar? 5 Kva for spørsmål trur du menneske prøver å få svar på ved å tru på gudar?

14

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Gud og gudar


«Skapinga av Adam», måla av Michelangelo i 1508–1512.

Kven eller kva er Gud? I hinduisme og buddhisme er det vanleg med bilete og statuar av gudar. Gudane kan framstillast som menneske eller dyr, eller ei blanding av begge delar. Mange monoteistar meiner det er umogleg å seie korleis Gud ser ut, fordi Gud er meir fantastisk enn menneske kan sjå føre seg. I jødedom, islam og sikhisme er det uvanleg å lage bilete eller statuar av Gud. Mange jødar, muslimar og sikhar meiner at dei heilage tekstane seier at menneske ikkje skal avbilde Gud. Blant kristne er det ulike tradisjonar: Nokre viser Gud, nokre lèt vere. Gjennom historia har mange kunstnarar freista å skildre Gud i kristendommen. Kunstnarar har vist Gud som ein gammal mann, eit lys, ein flamme eller ei hand som kjem ned frå himmelen.

Snakk saman 1 Kva for religionar er monoteistiske? 2 Kva kan vere grunnar til å ikkje avbilde gudar? 3 Skildre biletet «Skapinga av Adam».

Finn ut 1 Kva er skilnaden mellom å skrive gud med stor og liten g? 2 Kvar i verda kan du sjå biletet «Skapinga av Adam»?

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

15


Anjali Det er tidleg vintermorgon heime hos Anjali, og framleis lenge til januarsola står opp. Det einaste lyset i stova kjem frå dei tende lysa på det vesle altaret. Det er berre Anjali og mamma som er oppe. Storesøster og pappa søv framleis. Sjølv om Anjali er trøytt, synest ho det er koseleg med litt tid med mamma for seg sjølv. Anjali dryper vassdropar på dei små gudestatuane. Etterpå set ho seg på golvet framfor altaret med beina i kors, på same måten som mamma gjer. – Det er viktig å sitje rett under pujaen, seier mamma og rettar ryggen. Anjali gjer det same. Dei smiler til kvarandre. Saman syng dei eit mantra for Murugan. Anjali synest orda er så fine. Dei gjer henne på ein måte varm inni seg. No kjenner ho seg vaken òg. Mamma løftar eit fat med blomstrar og lys i vêret og lèt det danse sakte rundt i lufta. No har dei takka Murugan for at han vernar dei. Og vern treng dei verkeleg! For det er på tide å vekkje storesøster …

16

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Hinduisme

altar – ein stad for bøn og tilbeding


Hindu Anjali og familien hennar er hinduar. Sjølv om det er mange ulike gudar i hinduismen, vel ein del hinduar éin eller eit par gudar som hovudgudar. Familien til Anjali har Murugan som hovudgud. Puja er tilbeding der hinduar viser respekt for og takksemd til gudane. Sjølv om ikkje alle hinduar gjer puja, er det ein viktig del av kvardagen for mange. Når det er puja, tenner hinduar lys og røykjelse, legg fram blomstrar eller set fram mat og søtsaker. Nokre seier eller kviskrar eit mantra òg. Då gjentek dei bestemte ord, stavingar eller setningar mange gonger.

Snakk saman 1 Kva gjer Anjali og mora? 2 Kva fortel teksten om kva som er viktig for familien til Anjali?

Finn ut 1 Omtrent kor mange hinduar er det i Noreg og i verda? 2 Skriv minst tre faktasetningar om guden Murugan.

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

17


Ein som høyrer til religionen hinduisme, er hindu.

Kva er hinduisme? Visste du at hinduisme er den eldste levande religionen i verda? Forskarar meiner at folk i India praktiserte ei form for hinduisme for meir enn tre tusen år sidan. I dag har religionen vakse til å vere den tredje største i verda, med omtrent 1,2 milliardar tilhengjarar. Mange hinduar bur i India, i Nepal og på øya Sri Lanka. I Noreg er det omtrent 20 000 hinduar. Hinduisme er ein mangfaldig religion med mange ulike tradisjonar og retningar. Derfor er det mange måtar å vere hindu på. Tru og praksis kan variere frå stad til stad, og frå familie til familie.

Både éin og mange gudar Hinduar trur på fleire ulike gudar som kan hjelpe menneska. Men mange hinduar meiner eigentleg at alle gudane kjem frå éi og same kraft: brahman.

Skriv Svar på minst tre av spørsmåla nedanfor. 1 Kvar oppstod hinduismen? 2 Omtrent kor mange hinduar er det i Noreg og i verda? 3 Kva tyder det at hinduismen er ein mangfaldig religion? 4 Kva er aum, og kvifor er aum eit viktig symbol for hinduisme? 5 Kva kan vere grunnar til at religionar endrar seg?

18

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Hinduisme

Stavinga aum skriven med det indiske alfabetet devanagari er eit vanleg symbol for hinduisme. Hinduar meiner at stavinga er lyden av heile universet og den første lyden i verda.


Gjenføding Hinduar trur at livet går i sirkel. Når eit menneske døyr, lever sjela, atman, vidare og blir fødd på nytt i ein ny kropp. Karma handlar om kva du seier og gjer, og korleis du behandlar andre. Hinduar meiner at det du gjer i dette livet, påverkar kva som skjer i det neste livet ditt. Gode handlingar gir god karma og eit betre neste liv. Dårlege handlingar gir dårleg karma, som kan gjere det neste livet vanskelegare. For mange hinduar er det endelege målet å stoppe den uendelege rekkja av gjenfødingar. Målet er moksha, som tyder «frigjering» eller «frelse». Då sluttar sjela å bli fødd på nytt og finn fred. Moksha er ikkje eit liv etter døden, men ein tilstand av fridom og ro der sjela ikkje er bunden til jorda eller kroppen.

Samsara er sirkelen av fødslar, død og nye fødslar.

Skriv Svar på minst tre av spørsmåla nedanfor. 1 Kva er samsara? 2 Kva for eit ord brukar hinduar for å skildre «sjel»? 3 Kva er moksha? 4 Korleis meiner hinduar at handlingar i livet her og no kan påverke det neste livet? 5 Korleis heng atman, samsara og karma saman?

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

19


Gudar i hinduismen Ein hindu kan tilbe ulike gudar og gudinner, men mange hinduar meiner at det eigentleg berre finst éin gud, og at guden viser seg på ulike måtar for menneska. Denne eine guden er krafta brahman, sjela i verda. Hinduar kan forklare brahman som luft: usynleg, men alltid til stades. Og noko som menneske treng for å leve! Dei hinduiske gudane liknar litt på menneske, men har nokre trekk som ikkje vi har. Nokre gudar har til dømes mange armar, hovud eller auge. Dessutan har gudane spesielle krefter. Tre gudar er spesielt viktige for mange hinduar: Vishnu, Shiva og Mahadevi – den store gudinna.

Hovudgudar Vishnu er god og rettferdig. Han passar på verda og vernar menneska. Bilete og statuar av Vishnu viser han ofte med blå hud og fire armar. Av og til er det eine auget mørkt og det andre auget lyst.

Shiva både øydelegg og skaper på nytt. Saman med gudinna Parvati har han sønene Ganesha og Murugan. Hinduisk tradisjon fortel at då Parvati la hendene sine over auga til Shiva, blei det mørkt på jorda. For å redde verda skapte Shiva eit tredje auge i panna. Då han opna auget, blei det igjen lyst og varmt på jorda.

20

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Hinduisme

KRLE5.Grunnbok.NN_Materie.indd 20

24.09.2026 11:35


Det er mange gudinner med ulike eigenskapar i hinduismen. Mange hinduar trur at alle gudinner eigentleg er uttrykk for éi stor gudinne, Mahadevi, som både skaper, vernar og øydelegg. Ho kan vere ei varm og snill mor og ein mektig vernar – samtidig.

Avatarar Hinduar trur at gudane kan vise seg for menneske i ulike former, som avatarar. Ein avatar kjem til jorda når det er kaos eller problem som menneske ikkje kan løyse åleine. Gjennom avatarane kan gudane vise menneske korleis dei bør leve og ta vare på kvarandre. Guden Vishnu har vist seg som ulike avatarar. Vishnu kjem for å verne verda og hjelpe menneske til å leve betre liv. Dei mest kjende Vishnu-avatarane er Rama og Krishna. Rama kjempar for rettferd. Krishna lærer menneske om kjærleik, plikt og visdom.

Snakk saman 1 Kva er brahman? 2 Kva tre gudar er spesielt viktige for mange hinduar? 3 Gi døme på korleis hinduiske gudar kan sjå ut.

Skriv Set saman setningsdelane og skriv setningane. Brahman er

god og rettferdig.

Vishnu er

den store gudinna.

Shiva er

verdssjela.

Mahadevi er

skapar og øydeleggjar.

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

21


Denne familien gjer puja heime, til guden Ganesha.

Puja Puja er å tilbe eller be til gudane, heime eller i tempelet. Nokre gjer puja åleine. Nokre gjer puja saman med andre. Mange hinduar har eit lite altar heime med bilete eller statuar av gudar. Nokre set fram blomstrar, mat eller søtsaker til gudane. Dette blir kalla offergåver og er teikn på takksemd og respekt.

22

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Hinduisme


Snakk saman 1 Kva er puja? 2 Korleis heng puja og karma saman?

Skriv 1 Kvifor gjer mange hinduar puja kvar dag, trur du? 2 Forklar kva minst tre av orda i ruta nedanfor tyder. hinduisme   ·   hindu   ·   polyteistisk   ·   India   ·   atman   ·   karma   ·   moksha

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

23


Forteljing frå Mahabharata og Ramayana

Då Ganges kom til jorda For lenge sidan budde det ein konge i India som var lei seg fordi det var døde i familien hans som ikkje hadde fått reinsa sjela si, slik skikken var. Berre når sjelene var reinsa, kunne dei komme til himmelen og få fred, meinte kongen. Gudane meinte at vatnet i den himmelske elva Ganges kunne reinse sjela til dei døde. Kanskje gudane skulle sende Ganges ned på jorda? Men elva var så sterk at ho kom til å knuse jorda dersom alt vatnet rann ned på henne. Guden Shiva ville hjelpe. – Eg kan bere Ganges på hovudet mitt, sa Shiva. Elva Ganges rann som ein foss mot jorda. Shiva fanga vatnet med håret sitt. Etter kvart rann Ganges roleg ned til menneska. Vatnet glitra fordi det hadde vore i kontakt med guden Shiva.

Snakk saman 1 Kva meinte kongen måtte skje før sjelene til dei døde kunne få fred? 2 Kva skjedde då vatnet frå Ganges skulle ned til jorda?

Finn ut 1 Skriv tre faktasetningar om elva Ganges. 2 Skriv tre faktasetningar om guden Shiva.

24

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Hinduisme


Forteljing frå Ramayana

Rama og Sita For lenge sidan budde det ein prins i India som heitte Rama. Rama og kona hans Sita var godt likte av folket, og mange gledde seg til prinsen skulle bli konge. Men stemora til Rama ville at hennar eigen son skulle ta over trona, og sørgde for at Rama og broren Lakshmana blei forviste. Saman med Sita flytta dei ut i skogen.

demon – vond ånd

Ein dag Sita var åleine heime, kom ein fattig mann og tigga etter mat. Då Sita fann fram brød og frukt til han, gjorde plutseleg tiggaren seg om til ein demon. Sita hadde blitt lurt! Og demonen røva henne med seg! Då Rama og Lakshmana kom heim den dagen, begynte dei straks å leite etter Sita. Brørne oppdaga ei perle som låg i graset. Etter ei stund fann dei ei perle til. Sita hadde slite sund kjeda si og kasta perlene undervegs. Brørne følgde perlesporet heilt til kysten. Då skjønte dei at demonen hadde teke med seg Sita til øya Lanka. Brørne var fortvilte. Korleis skulle dei komme seg ut til øya, og korleis skulle dei få Sita tilbake? Då kom ein flokk apar til unnsetning. Apane bygde ei bru frå fastlandet, som brørne kunne gå på. Etter ein lang kamp på øya klarte dei å overvinne demonen og frigjere Sita. Etterpå reiste dei tilbake til heimbyen. Folka der jubla. Mange tende lys og lykter langs vegen. Endeleg blei Rama konge og Sita dronning.

Snakk saman 1 Kven er Rama og Sita? 2 Kvifor måtte Rama, Sita og Lakshmana flytte ut i skogen? 3 Kva for gode handlingar viser Rama, Sita, Lakshmana og apane i forteljinga?

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

25


Minh Minh set seg på golvet med beina i kors. Han lukkar auga og prøver å konsentrere seg. Han kjenner pusten strøyme inn gjennom nasen og ned i halsen, før han landar ein stad nede i magen. Så høyrer han det. Ei fluge? … Ein kvefs! Minh har blitt stukken av kvefs ein gong før, og det gjorde supervondt. Men han er ikkje ferdig med å meditere endå. Skal han gi opp og heller prøve å jage kvefsen ut av vindauget? Minh knip auga saman og prøver å gløyme kvefsen. Han prøver på nytt å flytte fokuset til pusten, slik bestemor har lært han å meditere. «Bzzzz», høyrer han igjen. Det er verkeleg umogleg å stengje lyden ute! Minh rettar ryggen og lèt handbakane kvile mot knea. Dei opne handflatene peikar opp mot taket. Då han trekkjer pusten roleg inn, legg han merke til at det har blitt heilt stille. Klarte han det? Han kjenner i alle fall på ei herleg indre ro. Då kjem pappa ut frå badet. Han held noko i høgrehanda. – Har du sett den nye elektriske tannkosten min? spør han. – Nei, men eg høyrde han, ler Minh. – Eg klarer ikkje å meditere når du bråkar sånn. – Du får berre øve deg på å stengje lydar ute, seier pappa. – Og tru meg, det vil vere endå vanskelegare å meditere om eg får tannverk!

26

1

RELIGIONAR OG LIVSSYN · Buddhisme


Buddhist Minh og familien hans er buddhistar. Nokre buddhistar mediterer for å prøve å finne ro og konsentrere seg. Buddhistar som mediterer, legg gjerne beina i kors etter bestemte reglar, rettar ryggen og prøver å puste roleg. Nokre buddhistar mediterer sjeldan eller aldri.

Snakk saman 1 Kva prøver Minh å gjere? 2 Kva er det som distraherer Minh? 3 Har du nokon gong prøvd å konsentrere deg om ein ting, men mista fokus? Korleis var det?

Skriv Svar på minst tre av spørsmåla nedanfor. 1 Kvifor trur du bestemora til Minh har lært han å meditere? 2 Kva kan meditasjon brukast til, trur du? 3 Kvifor er meditasjon viktig for nokre buddhistar, trur du? 4 Kva prøver buddhistar på når dei mediterer? 5 På kva måtar kan ro og stille hjelpe når noko er vanskeleg?

KRLE 5 FRÅ CAPPELEN DAMM

27


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
KRLE 5 frå Cappelen Damm Grunnbok nyn blaibok by Cappelen Damm - Issuu