Skip to main content

Kap. 4 - Nye Makt og Menneske 10 Samfunnskunnskap (NN)

Page 1

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 66

15.07.2016 09.40


«Likegyldigheita er den verste fienden vår» Kvifor meiner mange at likegyldigheita er den verste fienden til menneskerettane?

Tusenvis av demonstrantar fylte gatene i New York 4. desember 2014 for å protestere mot at ein politimann som arresterte 43 år gamle Eric Garner, vart frikjend. Arrestasjonen var svært brutal, og politimannen tok mellom anna nakkegrep på Garner for å leggje han i bakken. Dette er ikkje lov ut frå retningslinjene til New York-politiet sjølv. Garner vart henta i ambulanse, men døydde kort tid etter at han kom til sjukehuset. Dei siste åra har det vore mange liknande protestar mange stader i USA. Demonstrantane meiner politiet bruker for mykje vald og for ofte skyt mistenkte. Demonstrantane hevdar òg at dette går hardast utover afroamerikanarar, og at maktbruken frå politiet strir med menneskerettane.

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 67

15.07.2016 09.40


I dette kapittelet skal du lære om

• FNs menneskerettsfråsegn – kva som står i fråsegna, og kvifor og korleis ho vart til • kvifor FN vart stifta, og korleis organisasjonen

bruker menneskerettane i arbeidet for utvikling, fred og tryggleik brot på menneskerettane og korleis ulike land, organisasjonar og enkeltmenneske jobbar for at menneskerettane skal følgjast reglar som finst i krig – det som formelt heiter internasjonal humanitær rett

• •

I ei mørk fengselscelle sit ei 17 år gammal jente på huk og græt. Ho kjenner eit spark i magen, men klarer ikkje å glede seg over livsteiknet det ufødde barnet hennar viser. For ho er ikkje gift. Ho er gravid, men ikkje gift. Slikt kvalifiserer til dødsstraff i landet ho bur i. I morgon skal saka hennar opp i retten. Ho veit at dommaren er ein mann. Ho veit ho ikkje har ein forsvarar til å hjelpe seg. Ho veit at landet ho bur i, praktiserer dødsstraff for utruskap. Ho veit at også mindreårige blir avretta. Ho veit ingenting sikkert om utfallet av rettssaka mot henne, men ho har ei dårleg sak fordi ho er gravid og ugift. Slikt kan ein døy av somme stader i verda.

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 68

15.07.2016 09.40


Hjelpearbeidarar frå FNs høgkommissær for flyktningar deler ut mat til to jenter på flukt. Biletet er teke på den greske øya Lesvos i 2015. Jentene har nyleg komme i land etter ein svært farleg båttur over Middelhavet. Over 1000 menneske har drukna under freistnaden på å gjere den same reisa. FNs menneskerettsfråsegn artikkel 14 seier dette: «Alle som blir forfølgde, har rett til å søkje og ta imot asyl i eit anna land.» Kva kan verdssamfunnet gjere for å sikre denne retten? Kva kan Europa gjere? Kva kan Noreg gjere?

Det handlar om å bry seg Overskrifta til dette kapittelet er lånt av Elie Wiesel. Han opplevde noko av det forferdelegaste vi kan tenkje oss da han var fange i Auschwitz under den andre verdskrigen. Seinare fekk han Nobels fredspris for arbeidet sitt for fred, forsoning og menneskeverd. Bodskapen hans er at vi må tilgi, men aldri gløyme. For gløymer vi, kan vi bli likegyldige til det som hender rundt oss. Og «det er ikkje hatet som er den verste fienden kjærleiken har», seier Wiesel, «det er likegyldigheita. Kampen mot likegyldigheit overfor hat er like viktig som kampen mot sjølve hatet». Den britiske politikaren og filosofen, Edmund Burke, tenkte i same retning da han sa: «The only thing necessary for the triumph

Likegyldigheit  Å ikkje bry seg om noko, ikkje vise interesse for noko.

69

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 69

15.07.2016 09.40


of evil, is for good men to do nothing.» (Alt som skal til for at vondskapen sigrar, er at gode menneske ikkje gjer noko.) Menneskerettar er rettar absolutt alle menneske har, berre fordi vi er menneske. Det er rettar som skal gi oss grunnleggjande vern og høve til eit godt liv. Men å vedta rettar er i seg sjølv ikkje nok. Dersom ingen kjempar for menneskerettane, kan dei fort bli verdilaus tekst på eit stykke papir. Derfor er sitata til Elie Wiesel og Edmund Burke så viktige. Dersom menneskerettane og menneskeverdet skal sigre over likegyldigheit og vondskap, må gode menneske bry seg. Bry seg – og handle. Kva trur du Edmund Bruke meinte da ha sa at «alt som skal til for at vondskapen sigrar, er at gode menneske ikkje gjer noko»? Kan dette sitatet også vere aktuelt i ungdomsmiljø i Noreg?

Elie Wiesel til høgre besøkjer konsentrasjonsleiren i Buchenwald i Tyskland saman med president Barack Obama og den tyske rikskanslaren Angela Merkel. Til venstre er leiaren av Buchenwaldmuseet i dag.

Dei sameinte nasjonane – FN Det er den 14. august 1941. For andre gong på litt over tjue år er verda herja av krig. Ein krig som skulle vise seg å bli den forferdelegaste nokon gong. 60 millionar menneske miste livet. Mange av dei var sivile, og 6 millionar vart drepne fordi dei var jødar. I Atlanterhavet utanfor Newfoundland ligg det eit

Dei sameinte nasjonane (FN) er den største internasjonale organisasjonen i verda. FN vart grunnlagt i 1945 for å sikre fred, menneskerettar og målretta fordeling av ressursar i verda. Du kan lese meir om FNs arbeid, menneskerettane og FN-pakta på FNs eigne heimesider eller på heimesidene til FNsambandet. FN-sambandet er ein informasjonsorganisasjon med FN og internasjonale spørsmål som arbeidsområde.

70

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 70

15.07.2016 09.40


amerikansk krigsskip. Denne dagen får skipet eit uvanleg besøk. To av dei mektigaste mennene i verda, USAs president Franklin D. Roosevelt og Storbritannias statsminister Winston Churchill, kjem om bord. Dei møtest på eit krigsskip i Atlanterhavet fordi dei ønskjer fred. Slik startar historia om dei sameinte nasjonane (FN). Om bord på dette krigsskipet ein augustdag i 1941, før USA offisielt vart med i den andre verdskrigen, underteikna Roosevelt og Churchill Atlanterhavsfråsegna. Denne fråsegna var ein plan for korleis demokratiske land kunne samarbeide for å skape ei fredeleg verd. 24. oktober 1945 er rekna som FNs fødselsdag, og det er ein dato som blir markert mange stader over heile verda. Da tok FN-pakta til å gjelde, og organisasjonen hadde på det tidspunktet 51 medlemsstatar. FN-pakta kan vi kalle FNs «grunnlov». I dag (2016) har FN 193 medlemsland. Vatikanstaten er den einaste sjølvstendige staten som har valt å ikkje vere medlem.

Vatikanstaten  Paven er den øvste sjefen. Staten er ikkje medlem av FN fordi han skal vere politisk nøytral.

Vegen fram mot menneskerettane I FN-pakta blir det fleire stader vist til grunnleggjande menneskerettar utan at det konkret blir sagt kva rettar dette er. Det vart derfor nødvendig med eit dokument som presiserte dette. I 1948 vedtok Hovudforsamlinga i FN «verdsfråsegna om menneskerettane». FN seier at kampen for menneskerettane skal

Dans og musikk i Berlin 14. februar 2016 for å markere menneskerettane for kvinner og kampen mot vald mot kvinner.

71

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 71

15.07.2016 09.40


vere ei av hovudoppgåvene til organisasjonen, og at dette arbeidet skal vere grunnlaget for ei fredelig, fri og rettferdig verd. Det å arbeide for verdsfreden handlar altså ikkje berre om å hindre krig og konfliktar mellom statar. FN og medlemslanda må også styrkje menneskerettane for å skape fred. I denne samanhengen er verdsfråsegna om menneskerettane ein svært viktig reiskap.

Historia til menneskerettane FN starta arbeidet for menneskerettane for alvor etter at fråsegna vart vedteken i 1948. Men tanken om at alle menneske er fødde med ei rekkje grunnleggjande rettar, er på ingen måte ny. Vi finn spor av slik tenking i fleire kulturar og religionar allereie for over 2000 år sidan. Til dømes hevda dei greske filosofane Platon og Aristoteles at menneske skulle ha like politiske rettar og lik røysterett, og at det skulle vere likskap for lova. I juridiske og politiske dokument som det engelske fridomsbrevet «Magna Carta» (1215), den amerikanske fridomsfråsegna (1776), den franske revolusjonsfråsegna (1789) og den norske Grunnlova (1814) finn vi også tydelege døme på rettar som skulle beskytte borgarane. I dei aller fleste religionane og livssyna finn vi det som er kalla gjensidigprinsippet, den gylne regelen eller nestekjærleiksbodet. Dette er prinsippet om at vi skal behandle andre på same måten som vi sjølve ønskjer å bli behandla. Den same tanken finn vi att i den første artikkelen i menneskerettsfråsegna, som seier: «Alle menneske er fødde til fridom med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.» Den franske revolusjonsfråsegna frå 1789 er også kalla den franske menneskerettsfråsegna, og her vart det mellom anna slått fast at

Tidlegare generalsekretær i FN, Kofi Annan, er ein av mange som har jobba hardt for at menneskerettane skal respekterast. To av dei mest kjende sitata hans er: «Menneskerettane er grunnlaget for eksistensen til menneska. Menneske­ rettane er det som gjer oss til ­menneske.» «Vi veit alle kva problema er, og vi veit alle kva vi har lova å oppnå. No treng vi ikkje fleire fråsegner eller lovnader, men handling for å oppfylle lovnadene våre.»

Kva trur du Kofi Annan meinte med dette?

• alle menneske har like rettar • alle menneske har tankefridom, ytringsfridom og religionsfridom • det skal vere likskap for lova, uavhengig av til dømes sosial, etnisk, eller religiøs bakgrunn • ingen kan straffast utan lov og dom • folket er suverent og bestemmer gjennom dei valde representantane sine • alle menneske skal vernast mot undertrykking

72

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 72

15.07.2016 09.40


Martin Luther King Jr. fekk Nobels fredpris i 1964 for arbeidet sitt for like rettar for svarte og kvite i USA. Han har vorte ståande som eit svært viktig fredssymbol i vår tid, men var ein svært omstridd person i samtida. Det var ikkje sjølvsagt at han skulle få prisen. Det var berre to grupper som hadde føreslått King som kandidat til Nobels fredspris: den kristne gruppa Kvekarsamfunnet og åtte politikarar i det svenske parlamentet (Riksdagen). I 1968 vart Martin Luther King skoten og drepen på eit motell i Memphis, USA, og han vart ein av mange som har mista livet i kamp for menneskerettar og for at alle skulle ha like moglegheiter.

Nobels fredspris har mange gonger vorte tildelt menneskerettsforkjemparar. På den måten viser den norske Nobelkomiteen at medlemmene der støttar FN i synet på at fredsarbeid er meir enn berre å hindre krig. I tillegg må ein sikre menneskeverdet og rettane og fridommane menneska har. Biletet viser Rigoberta Menchú som fekk Nobels fredspris i 1992 for arbeidet ho har gjort for sosial rettferd og rettane til urfolk.

På slutten av 1700-talet var ideen om at alle menneske var like mykje verde, slett ikkje noko sjølvsagt. Tvert imot var dette ei svært radikal haldning. Likevel hadde slike tankar vorte meir og meir utbreidde i løpet av det vi kallar opplysningstida på 1700-talet. Denne perioden vart prega av tenking om at menneske var likeverdige, fornuftige

Opplysningstida  Ein periode på 1600- og 1700-talet der sentrale filosofar og samfunnsdebattantar var særleg opptekne av at det var fornufta som skulle bestemme korleis samfunnet skulle utviklast og styrast. Fornuft var viktigare enn til dømes tradisjon.

73

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 73

15.07.2016 09.40


skapningar som kan løyse problem utan å undertrykkje andre menneske. Dette prinsippet om likeverd danna utgangspunktet for ein ideologisk kamp mot eineveldige kongar og særrettane som adelen hadde. Slik kan vi seie at menneskerettane var med på å leggje grunnlaget for det som seinare skulle bli utviklinga av demokrati og demokratiske grunnlover frå 1800-talet og utover.

Ideologisk kamp  Usemje og konflikt på grunn av ulike idear og grunnsyn om korleis samfunnet bør vere.

Menneskerettar, for kven? Det er svært viktig å vere klar over at desse første skriftene om dei grunnleggjande rettane til mennesket slett ikkje retta seg mot alle menneske. Dei galdt berre «frie menn», men ikkje til dømes kvinner, slavar, svarte, fattige og ein del andre grupper. Desse viktige rettane omfatta med andre ord berre ein liten del av befolkninga.

Afrikansk gut som får nødvendig hjelp. Artikkel 1 i verdsfråsegna om menneskerettane lyder slik: «Alle menneske er fødde til fridom med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.»

74

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 74

15.07.2016 09.40


Universelle og individuelle rettar Verdsfråsegna om menneskerettane som FN vedtok i 1948, gjeld utan unntak alle menneske i heile verda. Derfor meiner mange at vi kan sjå på verdsfråsegna som det at menneskerettane vart «fødde». Tidlegare hadde slike rettar vore avgrensa til lovgivinga i kvart land. Men no fekk verda ei fråsegn som skulle gjelde absolutt alle utan omsyn til lovgivinga og styreforma i kvar enkelt stat. Det var mellom anna erfaringane frå den andre verdskrigen og dei brutale og nådelause handlingar mot jødane og andre minoritetsgrupper som nazistane stod for, som endra oppfatninga om at menneskerettar berre var viktige innanfor grensene til kvart enkelt land. Den andre verdskrigen viste derfor at det var nødvendig å arbeide internasjonalt for å beskytte dei ukrenkjelege rettane til alle menneske i verda. Gjennom verdsfråsegna blir to heilt sentrale prinsipp markerte: 1. Menneskerettane er universelle. Det vil seie at dei gjeld for alle, uavhengig av bustad eller bakgrunn. 2. Menneskerettane er individuelle. Det vil seie at dei viser rettane til kvart enkelt menneske.

Frå konsentrasjonsleiren i Auschwitz-Birkenau i Polen.

Ukrenkjelege rettar  Rettar alle menneske har, og som er så viktige at dei ikkje kan brytast sam kva slags situasjon som oppstår.

Verdsfråsegna om menneskerettane. Vedteken av Hovudforsamlinga i FN den 10. desember 1948 Artikkel 1 Alle menneske er fødde til fridom med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør. Artikkel 2 Alle har krav på all den rett og fridom som fråsegna nemner, utan skilnad av noko slag på grunn av rase, farge, kjønn, språk, religion, politisk syn eller andre meiningar, nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, fødsel eller andre forhold. Det skal heller ikkje gjerast nokon skilnad på grunn av den politiske, rettslege eller internasjonale stillinga det landet eller det området har som ein person høyrer til, anten landet er uavhengig, er ikkjesjølvstyrande eller på andre måtar har avgrensa suverenitet. Artikkel 3 Alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik. Artikkel 4 Ingen skal haldast i slaveri eller trældom. Slaveri og slavehandel av alle slag er forbode.

75

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 75

15.07.2016 09.40


Artikkel 5 Ingen må torturerast, pinast eller straffast på umenneskeleg eller nedsetjande vis. Artikkel 6 Alle menneske har krav på at dei overalt blir godtekne som rettssubjekt.

til

Artikkel 7 Alle er like for lova og har utan diskriminering rett til det same rettsvernet lova gir. Alle har krav på same vern mot at det blir gjort skilnad på folk i strid med denne fråsegna, og vern mot alt som oppmodar til slik diskriminering. Artikkel 8 Alle har rett til å få fullgod hjelp frå dei lovlege nasjonale domstolane når det gjeld handlingar som krenkjer den retten kvar og ein har fått i grunnlova eller lovverket elles. Artikkel 9 Ingen må utan lov og rett arresterast, setjast i fengsel eller visast ut or landet. Artikkel 10 Alle har rett til under full likestilling å få saka si rettferdig og offentleg granska av ein sjølvstendig og upartisk domstol, både når det er pliktene og rettane deira som skal fastsetjast, og når eit klagemål mot dei skal avgjerast. Artikkel 11 1. Den som er klaga for ei straffbar handling, har rett til å bli rekna som skuldlaus inntil ein offentleg domstol, der han har fått alle garantiar som er nødvendige for å forsvare seg, har bevist at han er skuldig etter lova. 2. Ingen skal dømmast for ei straffbar handling eller utsegn når det han har gjort eller sagt, ikkje var straffbart ut frå nasjonal lov eller folkeretten på den tida dette hende. Han må heller ikkje dømmast hardare enn det lova gav høve til da den straffbare handlinga vart utført. Artikkel 12 Ingen må bli utsett for vilkårleg innblanding frå andre i privatliv, familie, heim, korrespondanse eller for åtak på ære og omdømme. Alle har krav på at lova vernar dei mot slik innblanding eller slike åtak. Artikkel 13 1. Alle menneske har rett til å ferdast fritt og til å velje bustad innanfor grensene i sitt eige land. 2. Alle har full rett til å reise ut av det landet dei bur i, same kva land det er, og til å vende attende til sitt eige land. Artikkel 14 1. Alle som blir forfølgde, har rett til å søkje og ta imot asyl i eit anna land. 2. Denne retten mot forfølging gjeld ikkje i rettssaker som har reelt grunnlag i upolitiske brotsverk eller handlingar som strir mot formåla og prinsippa til Dei sameinte nasjonane.

76

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 76

15.07.2016 09.40


Artikkel 15 1. Alle har rett til eit statsborgarskap. 2. Ingen skal miste statsborgarskapet sitt vilkårleg eller bli nekta retten til å endre det. Artikkel 16 1. Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og stifte familie utan avgrensingar av noko slag på grunn av rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav på like rettar når det gjeld ekteskap, både så lenge ekteskapet varer og når det blir oppløyst. 2. Ekteskap må berre komme i stand etter fritt og fullt samtykke frå dei to som skal gifte seg. 3. Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på vern frå staten og samfunnet. Artikkel 17 1. Alle har rett til å eige eigedom aleine eller saman med andre. 2. Ingen må vilkårleg bli fråteken eigedommen sin. Artikkel 18 Alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom. Denne retten gjeld fridom til å endre religion eller tru og fridom til å gi uttrykk for sin eigen religion eller si eiga tru gjennom undervisning, utøving, tilbeding og ritual, anten aleine eller saman med andre, offentleg eller privat. Artikkel 19 Alle har rett til meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å hevde meiningar utan innblanding og til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalane som finst, og utan omsyn til landegrenser. Artikkel 20 1. Alle har rett til fritt å vere med på møte og organisasjonar med fredelege formål. 2. Ingen må tvingast til å vere med i ein organisasjon. Artikkel 21 1. Alle har rett til å vere med på å styre landet sitt, direkte eller gjennom representantar som er peikte ut i frie val. 2. Alle har same rett til å gjere teneste i offentleg ombod i landet sitt. 3. Folkeviljen skal vere grunnlaget for den makta som er lagd til styresmaktene. Folkeviljen skal kome til syne gjennom regelfaste og reelle val med allmenn og lik røysterett i hemmelege val eller på annan likeverdig røystemåte. Artikkel 22 Alle har som medlemmer i samfunnet rett til sosial tryggleik og har krav på at dei økonomiske, sosiale og kulturelle goda, som han ikkje kan vere utan om han skal ha vørdnad for seg sjølv og kunne utvikle den personlege karakteren sin, blir løyste gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt samarbeid i samsvar med det kvar stat har ressursar til.

77

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 77

15.07.2016 09.40


Artikkel 23 1. Alle har rett til arbeid, til fritt å velje yrke, til rettferdige og gode arbeidsforhold og vern mot arbeidsløyse. 2. Alle har utan diskriminering rett til å få lik betaling for likt arbeid. 3. Alle som arbeider, har krav på ei rettferdig og god betaling som sikrar familien og dei sjølve eit menneskeverdig liv, og om det trengst, får hjelp gjennom andre og utfyllande sosiale midlar. 4. Alle har rett til å stifte og melde seg inn i fagforeiningar for å verne interessene sine. Artikkel 24 Alle rett til kvile og fritid, og dermed til ei rimeleg avgrensa arbeidstid, og til ferie med løn. Artikkel 25 1. Alle har rett til ein levestandard som kan sikre helsa og velværet til forsørgjaren og familien hans, og gi dei mat klede, husvære, helsestell og nødvendige sosiale ytingar og rett til tryggleik ved arbeidsløyse, uførleik, dødsfall, alderdom eller andre forhold som forverrar livskåra, og som forsørgjaren ikkje er herre over. 2. Mor og barn har rett til særskild omsorg og hjelp. Alle barn skal ha same sosiale vern anten dei er fødde i eller utanfor ekteskapet. Artikkel 26 1. Alle har rett til undervisning. Undervisninga skal vere gratis, i det minste på dei elementære og grunnleggjande trinna. Den elementære undervisninga skal vere obligatorisk. Alle skal ha høve til å få yrkesopplæring, og det skal vere like vilkår for alle til å få høgare utdanning, alt etter evnene dei har. 2. Undervisninga skal ta sikte på å utvikle den menneskelege personlegdommen og styrkje respekten for menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane, fremje forståing, toleranse og vennskap mellom alle nasjonar, folkeslag og religiøse grupper og stø fredsarbeidet til Dei sameinte nasjonane. 3. Foreldra har førsteretten til å velje den opplæringa barna deira skal få. Artikkel 27 1. Alle har rett til fritt å vere med i det kulturelle livet i samfunnet, til å nyte kunst og til å få sin del av dei vitskaplege nyvinningane og goda som følgjer med dei. 2. Alle har rett til få verna dei åndelege og materielle interessene som er eit resultat av vitskapleg, litterært eller kunstnarleg arbeid dei har skapt. Artikkel 28 Alle har krav på å få leve under slike sosiale kår og internasjonale forhold at dei fullt ut kan gjere til røyndom retten og fridommen i denne fråsegna. Artikkel 29 1. Alle har plikter overfor samfunnet, da det berre er der dei fritt og fullstendig kan få utvikla personlegdommen sin.

78

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 78

15.07.2016 09.40


2. Rettane og fridommane til kvar enkelt skal ikkje vere avgrensa av anna enn det lova tydeleg slår fast for å sikre den anerkjenninga og respekten alle andre har krav på når det gjeld rettar og fridommar, og dei krava som eit demokratisk samfunn med rette kan setje til moral, offentleg orden og allmenn velferd. 3. Desse rettane og fridommane kan ikkje i noko tilfelle i strid mot formåla og prinsippa til Dei sameinte nasjonane. Artikkel 30 Ikkje noko i denne fråsegna skal tolkast slik at det gir nokon stat, noka gruppe eller nokon person rett til å ta del i tiltak eller handlingar av noko slag som tek sikte på å øydeleggje dei rettane og fridommane som er nemnde i denne fråsegna.

Fråsegner og konvensjonar, den juridiske posisjonen til menneskerettane Alle landa i verda med unntak av Vatikanstaten er medlem av FN, og medlemslanda har gitt si støtte til prinsippa i FNs menneskerettsfråsegn. Men denne fråsegna er ikkje ein internasjonal lovtekst, så derfor er ho ikkje juridisk bindande. Eit land som bryt ein artikkel i fråsegna, kan ikkje bli stilt rettsleg til ansvar for dette brotet. Landet er altså ikkje rettsleg bunde av fråsegna. For at menneskerettane skulle bli internasjonal lov, vedtok FN i 1966 også to konvensjonar (avtalar) om menneskerettane. • Konvensjonen om dei sivile og politiske rettane Desse rettane handlar om rettstryggleik, vern mot overgrep og rett til å delta politisk i samfunnet. Døme er retten til liv, ytringsfridom og likskap for lova. • Konvensjonen om dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane Desse rettane handlar om retten til å få dekt dei grunnleggjande behova våre, til dømes retten til ein tilfredsstillande levestandard, retten til utdanning og retten til arbeid. Ein konvensjon er juridisk bindande for dei landa som ratifiserer han. Å ratifisere vil seie at styresmaktene i landet, til dømes ei nasjonalforsamling, vedtek at landet skal slutte seg til avtalen. Dei to konvensjonane ovanfor konkretiserer og spesifiserer innhaldet i menneskerettsfråsegna. Vi kan kalle menneskerettsfråsegna frå 1948 og dei to konvensjonane frå 1966 for «grunnlova til menneskerettane».

Fråsegn  Ein tekst som uttrykkjer noko dei landa som har underskrive, meiner er spesielt viktig. Juridisk bindande  Ein avtale gjeld som lovtekst i eit land. Konvensjon  Ein avtale som er juridisk bindande for dei landa som har ratifisert han.

Levestandard  Nivået i økonomiske og materielle forhold for ein person eller ei samfunnsgruppe, forbruksnivå. Ratifisere  Nasjonalforsamlinga i landet, det vil seie Stortinget her i landet, vedtek å vere ein del av avtalen.

79

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 79

15.07.2016 09.40


Verdsfråsegna om menneskerettane (1948) (ikkje rettsleg bindande) Konvensjonen om dei sivile og politiske rettane (1966) (Juridisk bindande for dei landa som har ratifisert)

Konvensjonen om dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane (1966) (Juridisk bindande for dei landa som har ratifisert)

Spesialkonvensjonar, m.a. konvensjonen om • rettsstillinga til flyktningar • avskaffing av alle former for rasediskriminering • avskaffing av alle former for kvinnediskriminering • tortur og anna brutal, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff • urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar • barnerettane (Alle spesialkonvensjonane er rettsleg bindande for dei landa som har ratifisert dei.)

Nokre av dei viktigaste menneskerettsdokumenta.

I tillegg har FN vedteke ei rekkje spesialkonvensjonar som utdjupar bestemte område av menneskerettane, eller som konkretiserer rettane til spesielt utsette grupper. Dei mest kjende av desse spesialkonvensjonane er • Konvensjonen om rettsstillinga til flyktningar (1951) • Konvensjonen om avskaffing av alle former for rasediskriminering (1965) • Konvensjonen om avskaffing av alle former for kvinnediskriminering (1979) • Konvensjonen mot tortur og anna forferdeleg, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff (1984) • Konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar (1989) • Konvensjonen om barnerettane (1989) Noreg har ratifisert alle FNs konvensjonar om menneskerettar og gjort dei til ein del av norsk lov. Dette gir innbyggjarane i landet rettsvern mot brot på menneskerettane.

Når menneskerettane blir brotne

Ei syrisk mor med baby kom til den greske øya Lesvos i oktober 2015 etter å ha flykta frå heimlandet sitt. Dei fekk hjelp av frivillige som køyrde dei til registreringskontoret.

Nesten alle landa i verda hevdar at dei støttar menneskerettsfråsegna. Likevel blir menneskerettane brotne mange stader kvar einaste dag. Mellom anna har FN og organisasjonane Amnesty International og Redd Barna dokumentert dette:

80

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 80

15.07.2016 09.40


Den 7. mai 2014 vart den saudiarabiske bloggaren Raif Badawi dømd til 10 års fengsel og 1000 piskeslag for å ha oppretta ei nettside for politisk debatt og for å ha forlate islam. Saudi-Arabia er eit av dei landa i verda som står for flest brot på menneskerettane. Forfølginga og dommen mot Badawi er dessverre berre eitt av mange døme på grove brot på ytringsfridommen, religionsfridommen og retten til politisk deltaking. Straffa han fekk, er eit svært alvorleg brot på retten til vern mot tortur og brutale og umenneskelege straffer.

• 2 466 menneske vart dømde til døden i 2014. • Det var tilfelle av tortur og uverdig behandling i 141 ulike land og i alle verdsdelar i perioden 2009–2014. • Om lag 20 millionar menneske i verda er offer for menneskehandel. Rundt ein firedel av desse er barn, og mange blir tvinga inn i prostitusjon og sexindustri. Vanlegvis kjem dei frå Aust-Europa, Asia, Vest-Afrika og Latin-Amerika og blir sende til Vest-Europa, Nord-Amerika og Asia. • Minst ei av tre kvinner i verda har vorte slått, valdteken eller på andre måtar vorte utsett for overgrep. Overgriparen er vanlegvis ein i familien til kvinna eller ein ho kjenner.

Menneskehandel  Organisert handel med menneske. Menneskehandel er ulovleg og inneber å utnytte barn, kvinner og menn til å gjere arbeid og/ eller drive prostitusjon ved å bruke tvang, vald og trugsmål eller ved å utnytte menneske som er i svært vanskelege situasjonar.

81

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 81

15.07.2016 09.40


Vi veit også at det skjer til dømes kidnapping av barn som så blir nytta som barnesoldatar. Vi veit at barn blir tvinga til alvorleg, helseskadeleg barnearbeid. Vi har dokumenterte tilfelle av straffer som piskeslag og død ved steining for å ha hatt sex utanfor ekteskap eller for å ha kritisert den leiande religionen i nokre land. I tillegg lever millionar av menneske i land der dei ikkje har ytringsfridom, religionsfridom eller røysterett. Fleire enn 750 millionar menneske lever utan tilgang på reint drikkevatn. Like mange lever i ekstrem fattigdom og må klare seg med ein pengesum som svarer til litt over 10 kroner dagen. 60 millionar barn får ikkje gå på skole. Dessverre kunne lista over brot på menneskerettane vore mykje lengre. Det er ikkje mogleg å gi ei fullstendig oversikt. Kva slags menneskerettsbrot som skjer, varierer svært mykje. Det kan vere mange årsaker til at menneskerettane blir brotne, mellom anna desse: 1. Mange av menneskerettane kan tolkast på ulike måtar. Sjå til dømes det vi har skrive om dødsstraff på side 88–89. 2. Fleire land har teke reservasjonar når dei har ratifisert konvensjonane. Det vil seie at det er nokre punkt dei ikkje har slutta seg til.

Straff for sex  Kven du vel å ha sex med, er noko som høyrer til privatlivet, og som staten ikkje skal blande seg bort i. Amnesty International jobbar til dømes mot lover, reglar og tradisjonar som straffar kvinner som har hatt sex utanfor ekteskapet, i land som Sudan, Pakistan, Iran, Somalia, Afghanistan, Indonesia og Dubai. Straffene kan vere mellom anna fengsel, pisking og nokre stader dødsstraff ved steining. Heldigvis blir fleire av desse dommane oppheva etter internasjonale protestar frå organisasjonar, statar og enkeltmenneske. Reservasjon  Ta atterhald.

Ein milliard menneske har ikkje tilgang på reint drikkevatn. Menneskerettsfråsegna seier dette: «Alle har rett til ein levestandard som kan sikre helsa og velværet til forsørgjaren og familien hans …». Kva synest du at du sjølv treng for å ha ein god nok levestandard? På biletet har ei indisk kvinne med seg dottera si for å hente vatn.

82

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 82

15.07.2016 09.40


Barnearbeid er framleis vanleg mange stader i verda. Eit av problema med barnearbeid er at det øydelegg retten barn har til utdanning og gode oppvekstforhold. I tillegg skjer barnearbeid mange stader under svært skadelege arbeidsforhold. Kva veit vi som forbrukarar i Noreg om korleis produkta vi kjøper, er produserte? Burde vi få vite meir? Guten her jobbar med å lage suvenirar av lêr i Seam Reap i Kambodsja.

3. Nokre av menneskerettane kan komme i konflikt med kvarandre. Til dømes kan det vere konflikt mellom ytringsfridom og retten til ikkje å bli utsett for rasisme. 4. Nokre av dei sosiale og økonomiske rettane kan vere vanskelege å følgje opp for dei fattigaste landa, til dømes retten til mat, helsetilbod, utdanning, arbeid osv. 5. Nokre makthavarar bryt menneskerettar som ytringsfridom og organisasjonsfridom for å undertrykkje opposisjonen og halde på makta i samfunnet sjølve. 6. FN og verdssamfunnet har i liten grad høve til å bruke sanksjonar mot dei som bryt menneskerettane.

Opposisjon  Motstandarar av dei som styrer landet. Sanksjonar  Negative reaksjonar, straff.

Når krigen gjer barn til soldatar «I den augneblinken vart byen fylt av mange skot, som ei rekkje lynnedslag mot alle blekktaka. […]På berre nokre sekund begynte folk å skrike og springe i ulike retningar mens dei dytta og trødde på dei som fall på bakken. Ingen hadde tid til å ta med seg noko som helst. Alle berre sprang for å berge livet. Mødrer miste ungane sine, som ein kunne høyre gråte forvirra og trist mellom skota. Familiar kom bort frå kvarandre og sprang frå alt dei hadde arbeidd for heile livet sitt. Hjartet mitt slo raskare enn det nokon gong før hadde slått. Det kjendest som om kvart skot klistra seg til hjarterytmen min.» Utdrag frå En bedre dag i morgen av Ishmael Beah, her omsett til nynorsk

83

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 83

15.07.2016 09.40


Ishmael Beah fekk hjelp av UNICEF til å flykte frå krigsmarerittet i Sierra Leone. På biletet møter han Kristin Eskeland att, fleire år etter at ho tok imot han i New York, USA som 16-åring.

Da Ishmael Beah var 12 år gammal, tok han og nokre kameratar på seg posete bukser, basketballsko og kaps, fylte lommene med kassettar med rappmusikk og gjekk frå landsbyen sin for å vere med i ein talentkonkurranse i nabobyen. Men Ishmael og vennene hans fekk aldri framført showet sitt. Før dei kom så langt, innhenta borgarkrigen i Sierra Leone dei. Ishmael såg aldri meir familien sin. Dei vart drepne av opprørsstyrkane som kom til landsbyen dagen etter at vennegjengen drog. Livet vart tøft for dei fire vennene. Dei hadde ingen til å passe på seg, dei hadde ikkje pengar, ikkje mat og ikkje nokon stad å bu. I desperasjon drog dei ut på mållaus flukt. Dei streifa rundt i månadsvis, stal og åt det dei kom over for å overleve. Tretten år gammal vart Ishmael tvinga inn i regjeringshæren som barnesoldat. I over tre år gjennomlevde han eit mareritt der han dagleg vart dopa ned og tvinga til å drepe, og dei såg fryktelege ting, verre enn dei fleste er i stand til å førestille seg. Da Ishmael var 16 år gammal vart han henta av hjelpearbeidarar frå UNICEF (FNs barnefond). Det er her den forferdelege historia til Ishmael også blei ei historie om håp – om at det nyttar. Trass i år med kamphandlingar, tortur og grufulle hendingar klarte Ishmael å vende tilbake til eit normalt liv. Han blei send til USA, fekk ein fosterheim, tok universitetsutdanning og jobbar no sjølv for å hjelpe barn i organisasjonen Human Rights Watch.

84

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 84

15.07.2016 09.40


Ishmael vart utsett for brot på så godt som alle menneskerettane som finst. Og han er ikkje aleine. Ingen veit sikkert kor mange barnesoldatar det er, men ifølgje Redd Barna er det mange hundre tusen barn som blir tvinga til å delta i krig som soldatar, sexslavar, kokkar, berarar eller bodberarar. «Eg vil ikkje at folk skal synest synd på meg», seier Ishmael i eit intervju med Dagbladet. «Eg overlevde jo. Folk må heller tenkje på kva dei kan gjere. Som å støtte UNICEF i arbeidet deira mot bruk av barnesoldatar. For dette

Noko av det viktigaste for barn og unge som har opplevd krig og andre vanskelege ting i livet, er å få utdanning og sjanse til ei betre framtid. Her får indiske barn og ungdom på ein barneheim undervisning. Kva moglegheiter ser du for deg at du sjølv ville hatt utan skolegang i det heile? Kva ville du i så fall gjort for å overleve?

skjer jo enno, og ikkje berre i Afrika.»

Demokrati og menneskerettar eller «krig mot terror»? Etter terroråtaka mot World Trade Center og Pentagon den 11. september 2001 stilte USA seg i spissen for det dei kallar ein «krig mot terror». Denne «krigen» blir spesielt ført mot ekstremistar som er villige til å gjennomføre valdelege terroraksjonar. Krigen mot terror rettar seg også mot land som er skulda for å beskytte

Ekstremist  Ein som har ytterleggåande meiningar og synspunkt, og som er villig til å bruke ekstreme metodar for å nå måla sine, til dømes vald, drap, trugsmål eller terror.

85

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 85

15.07.2016 09.40


Demonstrantar i Honolulu, USA, markerer motstanden sin mot det spesielle Guantánamofengselet. Motstandarane hevdar at amerikanske styresmakter bryt rettar som vern mot tortur og høve til ei rettferdig rettssak. Biletet er teke i 2014.

terroristar, og er mellom anna noko av bakgrunnen for at USA og deira allierte invaderte Afghanistan og Irak. Målet om å stanse terrorisme er dei fleste i verda samde om. Men det er stor usemje om verkemidla som blir tekne i bruk. Kritikarane viser til at krigen mot terror fører til mange brot på menneskerettane. Mellom anna oppretta USA eit fengsel på Guantánamo-basen på Cuba. Hit sende dei fangar som på ulike måtar var mistenkte for å vere involverte i terrorverksemd. Men Guantánamo er langt frå noko vanleg fengsel.

86

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 86

15.07.2016 09.40


Amnesty International og Raudekrossen er berre to av mange organisasjonar som hevdar at det dagleg skjer alvorlege brot på grunnleggjande menneskerettar der. Mellom anna blir mistenkte fengsla utan at dei har fått saka si prøvd for retten. Dei som får saka si behandla av retten, får ikkje hjelp av ein forsvarar. Amnesty hevdar at den spesielle militærdomstolen som held til på Guantánamo, ikkje sikrar ei rettferdig rettssak. Det har også komme mange rapportar om tortur og uverdig behandling av fangane. Etter kvart har svært mange, både i USA og i det internasjonale samfunnet, stilt seg bak kravet om at USA må leggje ned dette fengselet. Også president Barack Obama har stadig freista å stengje fengselet, men har mellom anna møtt motstand i den amerikanske Kongressen. I februar 2016 hevda Obama at Kongressen hadde gått med på å stengje Guantánamofengselet og overføre dei siste fangane derfrå til fengsel i USA. Men noko tidspunkt for når dette skal skje, opplyste ikkje presidenten om. Det er ikkje berre i behandlinga av fangar at krigen mot terror kan vere i konflikt med menneskerettane. Fleire land har vedteke spesielle lover eller reglar som politiet og etterretningstenesta i landet skal følgje i arbeidet med å hindre terrorisme. Mange hevdar at desse reglane bryt med rettstryggleiken til folk og med menneskerettane. Mellom anna er mange skeptiske til graden av overvaking av enkeltpersonar. Med grunngiving i å kjempe mot terrorisme har styresmaktene i mange land til dømes skaffa seg innsyn i bankkontoane, breva, e-postane, internettsurfinga, telefonsamtalane og tekstmeldingane til folk. I Noreg vedtok styresmaktene i 2011 det som er kalla EUs datalagringsdirektiv. Direktivet skulle gi landa i EU og EØS-området høve til å lagre digital informasjon om menneske slik at til dømes politiet kunne bruke desse opplysningane når dei etterforska alvorleg kriminalitet og terrorisme. Men i 2014 fann EU-domstolen at heile direktivet var ulovleg, fordi det strir mot EUs eigne reglar om dei grunnleggjande rettane mennesket har. Døma ovanfor viser noko av problema med å sameine respekt for menneskerettane med kampen mot terrorisme. Det er heilt avgjerande å vinne denne kampen. Samstundes er det viktig å stille krav om at menneskerettar og rettstryggleik blir respekterte i samfunnet.

Fange på Guantánamo.

Direktiv  Forskrift, påbod eller rettesnor.

87

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 87

15.07.2016 09.40


Soldatar patruljerer utanfor Europa-parlamentet i Brussel, Belgia i 2016. Kva kan politikarane gjere for både å ta vare på tryggleiken til innbyggjarane og beskytte mot terror og samstundes ha demokrati der ein sikrar rettane og fridommen til individet?

Kor langt synest du det er greitt at styremaktene går i kampen mot terror? Kvar går grensa for deg?

Les meir om kampen mot terror i historieboka i kapittel 5.

Dødsstraff – eit brot på menneskerettane? Dødsstraff har lenge vore eit svært viktig tema for menneskerettsaktivistar. Men det er ikkje eit enkelt spørsmål å jobbe med, og det er ikkje sjølvsagt at dødsstraff bryt med dei internasjonale avtalane om menneskerettar. Temaet dødsstraff er eit godt døme på korleis kritisk tenking og faglege vurderingar er nødvendig i mange samfunnsfaglege spørsmål. Ifølgje Amnesty International forbyr ikkje dei grunnleggjande menneskerettsdokumenta dødsstraff. Altså er ikkje dødsstraff forbode i verdsfråsegna om menneskerettane eller konvensjonen om sivile og politiske rettar. Men samstundes er det vedteke ein

Dødsstraff  I 2014 vart ifølgje Amnesty International 607 personar i 22 land avretta. I 2013 var talet 778. I Iran hevda styresmaktene at 289 personar vart avretta, medan Amnesty International har fått vite om 454 andre avrettingar frå andre pålitelege kjelder. Saudi-Arabia avretta minst 90 menneske, Irak minst 61 og USA 35. I Kina blir det meste som gjeld dødsstraff, rekna som ei statshemmelegheit, men Amnesty International har grunn til å tru at fleire tusen blir avretta i Kina kvart år.

88

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 88

15.07.2016 09.40


tilleggsprotokoll til konvensjonen om sivile og politiske rettar som forbyr dødsstraff både i krigstid og fredstid. Over 70 land, mellom anna Noreg, har ratifisert denne tilleggsprotokollen. Om dødsstraff er eit brot på menneskerettane, kjem altså an på kva dokument som ein legg til grunn. I tillegg kjem det inn eit element av tolking. Den norske regjeringa meiner til dømes at dødsstraff er i strid med retten til liv, og på nettsidene sine skriv regjeringa: «Retten til liv er fastslått både i globale og regionale menneskerettighetskonvensjoner. Retten til liv og respekten for individets verdighet og ukrenkelighet er forutsetninger for alle andre menneskerettigheter og er bærende prinsipper i et rettssamfunn. Dødsstraff bryter med disse prinsippene og er i seg selv inhumant.»

Demonstrasjon mot dødsstraff i Maryland, USA.

Inhumant  Umenneskeleg, ikkje humant.

Ikkje alle tolkar retten til liv på same måten som den norske regjeringa. I konvensjonen om sivile og politiske rettar, står det mellom anna i artikkel 6: «2. I dei statane der dødsstraffa ikkje er avskaffa, skal dødsstraff berre dømmast for dei mest alvorlege brotsverka, i samsvar med den lova som galdt da brotsverket vart utført. (…) Dødsstraff skal berre fullbyrdast etter ein endeleg dom som ein kompetent domstol har gitt.» «4. Ein som er dømd til døden, skal ha rett til å søkje nåde eller få omgjort straffa. Amnesti, nåde eller omgjering av straffa skal kunne bli gitt i alle tilfelle.»

Amnesti  Å frita ein person for straff, særleg for politiske fangar.

«5. Dødsstraff må ikkje dømmast for brotsverk som personar under 18 år har gjort, og må ikkje fullbyrdast mot gravide kvinner.»

Med andre ord inneheld konvensjonen ikkje eit absolutt forbod mot dødsstraff. Men han set nokre klare avgrensingar. Til dømes kan dødsstraff berre bli gitt for svært alvorlege brotsverk, gravide kan ikkje avrettast, og heller ikkje personar som var under 18 år da dei braut lova. I tillegg stiller andre menneskerettar klare krav om at straffa ikkje skal vere brutal eller spesielt smertefull. Derfor er til dømes dødsstraff ved steining eit klart brot på menneskerettane. Utgreiinga ovanfor viser at spørsmålet om dødsstraff bryt med menneskerettane, er samansett og utan eit eintydig svar. Slik er det ofte med samfunnsfaglege problemstillingar. Derfor må alle samfunnsdeltakarar vere kritiske når dei vurderer slike tema. Å vere kritisk i denne samanhengen inneber mellom anna å skaffe påliteleg informasjon frå fleire ulike kjelder, lese informasjonen svært grundig

89

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 89

15.07.2016 09.40


for å skjøne nyansane og dei ulike synspunkta og vurdere reflektert på grunnlag av denne informasjonen. Informasjonen om dødsstraff kan vi oppsummere slik: • Det er ikkje eit eintydig forbod mot dødsstraff i dei grunnleggjande menneskerettsdokumenta. • Styresmaktene i nokre land, mellom anna Noreg, tolkar retten til liv slik at ein ikkje kan ha dødsstraff. Styremaktene i andre land har ei anna tolking. • Det er eit forbod mot dødsstraff i dei 70 landa som har slutta seg til ein spesiell tilleggsprotokoll. • Det er eit eintydig forbod mot dødsstraff for personar som var under 18 år da dei braut lova. • Det er eit eintydig forbod mot dødsstraff for gravide kvinner. • Det er eit eintydig forbod mot dødsstraff som blir gjennomført på ein spesielt brutal eller smertefull måte.

Protokoll  Her er ordet brukt om ei avtale som fleire er einige om.

Kva er den faglege vurderinga di av denne informasjonen? Meiner du at dødsstraff er eit brot på menneskerettane?

Reglar i krig – internasjonal humanitær rett I dømet med barnesoldaten Ishmael Beah tidlegare i dette kapittelet, viser vi korleis krig rammar og tek frå ein person nesten alle menneskerettar. Men gjeld eigentleg menneskerettane i krig? Eller er det slik det gamle ordtaket seier, at «i krig og kjærleik er alt lov»?

Krig er ekstremt og brutalt, men det betyr ikkje at det ikkje finst reglar som ein må følgje. Genèvekonvensjonane er dei viktigaste avtalane om reglar i krig, og dei er laga for å avgrense menneskelege lidingar.

90

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 90

15.07.2016 09.40


Den første Genèvekonvensjonen gir spesiell rett til behandling for alle såra og sjuke soldatar og vernar helsepersonell mot å bli utsette for åtak.

Krig er ein ekstrem situasjon, og i krig er mange av dei vanlege spelereglane sette til sides. Men det betyr ikkje at det ikkje finst reglar som ein må følgje også i krig. Desse reglane kallar vi «internasjonal humanitær rett», og dei skal avgrense menneskelege lidingar i krig. Dei viktigaste avtalane om reglar i krig er kalla Genèvekonvensjonane. Det er fire av dei, og dei er underteikna av alle statar i verda. Arbeidet med dette regelverket tok til alt i 1864. Når vi studerer kven som får spesielt vern i dei ulike avtalane, kan vi lære noko om korleis krig har endra seg gjennom historia. Her er nokre viktige hovudtrekk: Den første Genèvekonvensjonen vart for første gong vedteken i 1864 etter krigen mellom Sardinia, Frankrike og Austerrike. På denne tida vart krigar utkjempa mellom store styrkar som møttest til kamp på slagmarka. Krigsoffera var først og fremst soldatar. Derfor er noko av det viktigaste innhaldet i denne konvensjonen: • Sanitetspersonell (legar og andre helsearbeidarar) skal vernast og ikkje bli utsette for åtak i krig. • Alle sjuke og såra soldatar på slagmarka skal få same behandling og hjelp.

Humanitær  Å vere oppteken av det beste for mennesket og arbeider for det.

Slagmark   Område der det har vore eit slag, ofte ein væpna kamp.

Den andre Genèvekonvensjonen vart vedteken i 1907 etter sjøkrigen mellom Japan og Russland. Sjøkrigen viste at det ikkje berre var sjuke og såra soldatar på land som hadde behov for hjelp. Derfor er noko av det viktigaste innhaldet i denne avtalen: • Sanitetsarbeidarar til sjøs skal ha vern og ikkje bli utsette for åtak. • Sjuke og såra soldatar til sjøs skal få behandling og hjelp.

91

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 91

15.07.2016 09.40


Den tredje Genèvekonvensjonen vart vedteken i 1929 etter den første verdskrigen. Denne krigen viste at krigsfangar var spesielt utsette for umenneskeleg behandling. Derfor er noko av det viktig ste innhaldet: • Reglar som vernar krigsfangar. Den fjerde Genèvekonvensjonen vart vedteken etter den andre verdskrigen, ein krig som gjekk ut over sivilbefolkninga på måtar ingen krig før hadde gjort. Derfor inneheld konvensjonen: • Reglar som vernar sivilbefolkninga i krig.

Sivilbefolkning  Den delen av innbyggjarane i eit land som ikkje er med i dei militære styrkane. Gjeld særleg i eit land som er i krig.

Genèvekonvensjonane og Raudekrossen Genèvekonvensjonane gir den internasjonale Raude Kross- og Raude Halvmånerørsla ein spesiell rett til å beskytte offer for krig. Raudekrossen/Raude Halvmåne skal ha tilgang til å hjelpe blant For at helsepersonell ikkje skal bli utsette for åtak når det er krig, er det viktig å merke menneske og materiell med eit symbol som alle må respektere. Logoen til Raudekrossen, den raude krossen på kvit bakgrunn, er vedteken som eit slikt symbol. Genèvekonvensjonane forpliktar alle partar til ikkje å gå til åtak på nokon som ber dette symbolet. Eit problem med krossen er at nokre opplever det som eit kristent merke, og enkelte kan meine at det da ikkje er nøytralt. Derfor er også ein raud halvmåne sidestilt med krossen, og det fullstendige namnet til organisasjonen er Den internasjonale Raude Kross- og Raude Halvmånerørsla. Halvmånen kan vere problematisk på same måten som krossen. Nokre tykkjer at halvmånen symboliserer islam, og somme meiner da at dette ikkje er eit nøytralt symbol. Derfor er også ein raud krystall på kvit bakgrunn godkjend som offisielt emblem. Alle tre emblema – krossen, halvmånen og krystallen – er sidestilte og gir same vern for personell og materiell.

92

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 92

15.07.2016 09.40


andre krigsfangar, såra og sivile, og dei skal hjelpe alle uavhengig av kva for ei side av konflikten offera står på. Hjelpearbeidarane skal ikkje bli utsette for åtak, og det skal heller ikkje materiellet deira, som feltsjukehus eller køyretøy. Ingen partar i ein krig har lov til å gå til åtak på køyretøy, bygningar eller personar som er merkte med anten ein raud kross, ein raud halvmåne eller ein raud krystall.

Reglar i krig – nokre døme Nokre synest det er nesten sjølvmotseiande at det skal vere reglar for noko så ekstremt som krig. Men reglane er der for å sikre eit minimum av humanitet. Her er nokre konkrete døme på ting som er forbodne, også i krig: • Det er forbode å gå til åtak på sivile som ikkje direkte deltek i krigshandlingar. • Det er forbode å gå til åtak på sivile bygningar eller andre gjenstandar, til dømes skolar, sjukehus, bustader og religiøse bygningar. • Det er forbode å øydeleggje gjenstandar og forsyningar som sivile treng for å overleve, som mat, jordbruksområde og vassforsyning. • Det er forbode å bruke våpen som ikkje klarer å skilje mellom sivile og militære mål. • Det er forbode å bruke våpen som fører til unødvendig lidingar. • Det er forbode å gi ordre om eller truge med at ingen skal overleve. • Det er forbode å ta nokre som gislar. • Det er forbode å drepe eller såre ein som overgir seg. • Det er forbode å delta i kamp mens ein gir seg ut for å vere ein sivil.

Kvifor er det viktig med ei avtale som seier at køyretøy merka med Raude Krossen-symbol, ikkje kan angripast?

93

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 93

15.07.2016 09.40


• • • • •

Det er forbode å bruke barn under 15 år i krig. Det er forbode å øydeleggje verdifulle kulturgjenstandar. Det er forbode å gå til åtak på helsepersonell og religiøst personell. Det er forbode å gå til åtak på såra som ikkje lenger deltek i kamp. Det er forbode å bruke tortur, seksuell vald og audmjukande behandling. • Det er forbode å bruke sivile som menneskeleg skjold for å beskytte militære mål.

Audmjukande Krenkjande, vanærande.

Kjelde: Raude Krossen

Det nyttar! Når vi jobbar med brot på menneskerettane, studerer vi mellom anna saker der enkeltmenneske eller grupper av menneske blir brutalt behandla. Desse sakene kan det vere vondt og vanskeleg å Nelson Mandela (1918–2013) var Sør-Afrikas første svarte president. Før han vart president, hadde han sete 27 år i fengsel på grunn av kampen mot apartheid.

94

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 94

15.07.2016 09.40


lese om. Det kan i tillegg vere vanskeleg å fatte korleis nokon kan vere så brutale. Somme tider kan det vere både freistande eller heilt nødvendig å verne oss sjølve ved ikkje å tenkje for mykje på det grufulle som skjer. Samstundes er det er viktig å vite kva som går føre seg rundt oss, sjølv om det kan vere kunnskap vi nokre gonger tenkjer at vi gjerne skulle vore forutan. Det å vite kan nemleg vere det første steget på vegen til endring. Og det er mykje positiv endring som skjer, fordi nokon bryr seg – både som enkeltmenneske og gjennom grupper og organisasjonar. Verda over finst det mange organisasjonar som driv vellykka arbeid for at menneskerettane skal bli følgde. Amnesty International, Redd Barna, Human Rights Watch og Raudekrossen er berre nokre få døme. Det finst hundrevis av organisasjonar som på ulike måtar driv aktivt menneskerettsarbeid. Og kvar dag vinn menneskerettsaktivistane små og store sigrar. Internasjonalt press gjer mellom anna at • fangar som sit urettmessig i fengsel, blir sette fri • grufulle straffer og dødsdommar blir oppheva • land endrar lovgivinga slik at menneskerettane blir sikra på ein betre måte • FN og andre internasjonale organisasjonar vedtek fråsegner, resolusjonar og konvensjonar som sikrar menneskerettane betre

Biletet viser den årlege menneskerettsmarsjen i Tel Aviv, Israel. Kva trur du symbolet på ballongen prøver å fortelje?

95

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 95

15.07.2016 09.40


Oppsummering Platon og Aristoteles hevdar at alle menneske burde ha like politiske rettar og lik røysterett, og at det skal vere likskap for lova.

Den franske menneskerettsfråsegna (revolusjonsfråsegna) er rekna som det første reine menneskerettsdokumentet i verda. Her står det mellom anna at menneske er frie og like mykje verde, og at dei har ytringsfridom, religionsfridom, rettstryggleik og demokrati.

1929

1907

1864

1789

1776

1215

300-talet før vår tidsrekning

1814

Den norske Grunnlova inneheld viktige menneskerettar, til dømes ytringsfridom, religionsfridom, forsamlingsfridom, rettstryggleik og demokrati.

Magna Carta – det engelske fridomsbrevet inneheld mange rettar som skulle sikre borgarane overfor kongemakta.

Den første Genèvekonvensjonen blir vedteken for å beskytte såra i krig og helsepersonell som skal behandle dei såra.

Den amerikanske fridomsfråsegna (sjølvsendefråsegna) blir innleidd med ei fråsegn om menneskerettar, mellom anna retten til liv, fridom og like moglegheiter for alle.

Den andre Genèvekonvensjonen blir vedteken for å verne såra og helsepersonell i sjøkrig. Den tredje Genèvekonvensjonen blir vedteken for å beskytte krigsfangar.

96

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 96

15.07.2016 09.40


Den fjerde Genève­ konvensjonen blir vedteken for å beskytte sivilbefolkninga i krig.

Konvensjonen om å avskaffe alle former for kvinnediskriminering.

Hovudforsamlinga i FN vedtek verdsfråsegna om menneskerettane. Arbeidet for menneskerettar skal vere ei av dei viktigaste oppgåvene til FN. FNs menneskerettsfråsegn er universell, det vil seie at ho gjeld absolutt alle menneske i heile verda.

2016

Konvensjonen mot tortur og anna brutal, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

1989

1979

1966

Konvensjonen om å avskaffe alle former for rasediskriminering.

1951

1949

1948

1945, 24. oktober

1941

Dei sameinte nasjonane (FN) blir oppretta, og FNpakta tok til å gjelde. FN er den største internasjonale organisasjonen i verda og har som mål å jobbe for fred, menneskerettar og ei rettferdig utvikling i verda.

FN vedtek konvensjonen om dei sivile og politiske rettane og konvensjonen om dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane. Desse konvensjonane konkretiserer menneskerettsfråsegna og er juridisk bindande for dei statane som har ratifisert dei.

1984

Konvensjonen om retts­ stillinga til flyktningar.

1965

Roosevelt og Churchill underteiknar Atlanterhavsfråsegna som var ein plan for korleis verda kunne samarbeide om å skape fred.

Konvensjonen om barne­ rettane.

Framleis blir mange menneskerettar brotne kvar dag. Samstundes får menneskerettane ei stadig stilling, og både arbeidet som FN, statar, organisasjonar og enkeltmenneske gjer for å sikre menneskerettane og menneskeverdet, fører til at mange får det betre. Trass i dei mange enorme problema verda står overfor, er det viktig å hugse på at aldri før har så mange hatt det så bra som no.

97

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 97

15.07.2016 09.40


Spørsmål  1 Når vart FN stifta, og kor mange medlemsland hadde organisasjonen frå starten?  2 Når vart Atlanterhavsfråsegna underteikna?  3 Når vart verdsfråsegna om menneskerettane vedteken?  4 Kor mange medlemsland har FN no?  5 Kvifor vart FN stifta?  6 Korleis kan arbeidet for menneskerettar vere med på å sikre fred i verda?  7 Kvifor underteikna Roosevelt Atlanterhavsfråsegna i 1941 sjølv om USA på det tidspunktet ikkje var med i den andre verdskrigen?  8 Forklar kva vi meiner med at menneskerettane er universelle og individuelle.  9 Kor mange av landa i verda kan vi seie at formelt støttar innhaldet i FNs menneskerettsfråsegn? 10 Kva er skilnaden på ei fråsegn og ein konvensjon? 11 Kvifor har mange land som er medlem av FN og derfor støttar menneskerettsfråsegna prinsipielt, ikkje ratifisert ein eller fleire av konvensjonane?

Demonstrasjon for rettane til homofile og lesbiske i Roma i 2015.

Oppgåver  1 Verdsfråsegna om menneskerettane Studer verdsfråsegna om menneskerettane på sidene 75–79 nøye. Skriv deretter ned kva artikkel eller artiklar du meiner blir brotne i dei ulike tilfella på lista nedanfor. Fleire svar kan vere rette. Du må derfor kunne grunngi svara du gir. a) menneske som lever i fattigdom b) kvinner som får lågare lønn enn menn for same arbeid c) barnearbeid d) når staten sensurerer TV-sendingar, aviser eller bøker e) tvangsekteskap

98

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 98

15.07.2016 09.40


f) menneskehandel (trafficking) g) arbeidsgivarar som nektar eller gjer det vanskeleg for tilsette å vere medlem i fagforeiningar h) stader der det ikkje finst gratis skoletilbod i) skolar som i undervisninga påstår at nokre menneskegrupper er betre enn andre, eller at éin religion er betre enn andre j) barn som blir tvinga til å vere barnesoldatar  2 Samanlikn prinsippa for den norske rettsstaten med verdsfråsegna om menneskerettane I boka for niande trinn las du om det norske rettssystemet og studerte mellom anna dei viktigaste prinsippa for den norske rettsstaten. Nedanfor har vi sett opp ei liste med nokre av desse prinsippa. Studer verdsfråsegna om menneskerettane nøye (sidene 75–79), og prøv å finne ut kva for artiklar i fråsegna som handlar om det same som dei ulike prinsippa. a) Ingen skal straffast utan etter lov og dom b) Alle er uskuldige til det motsette er bevist c) Inga lov skal ha tilbakeverkande kraft d) Likskap for lova e) Alle har rett til å forsvare seg mot tiltale

Ein kaukasisk ung gut lærer å skyte.

3 Menneskerettane og FNs berekraftmål I kapittel 2 «Levedyktige samfunn» skriv vi om FNs berekraftmål på sidene 60 og 61. Studer berekraftmåla og verdsfråsegna om menneskerettar nøye. Lag ei liste over dei menneskerettane du meiner blir sikra dersom vi når FNs tusenårsmål.  4 Likegyldigheita er den verste fienden vår Bruk gjerne Arnulf Øverlands dikt «Du må ikke sove» som inspirasjon til denne oppgåva. Skriv ein tekst med overskrifta «Likegyldigheita er den største fienden vår». Du kan sjølv velje sjanger. Mellom anna kan både dikt, artikkel, lesarinnlegg eller novelle fungere fint. Dersom du vil dele teksten din med andre, kan du til dømes sende han til lokalavisa eller leggje han ut på diskusjonssider på internett.

FN organiserer hjelp til område som treng det. Her blir det lasta kveite som skal til Midtausten.

99

106450 GRMAT Samfunnskunnskap 10 NYN 160101.indb 99

15.07.2016 09.40


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Kap. 4 - Nye Makt og Menneske 10 Samfunnskunnskap (NN) by Cappelen Damm - Issuu