Ronny Johansen og Marte J. Tovsrud
2
2 Kaleido 2 Lesebok A
Kaleido er Cappelen Damms nye norskverk for barnetrinnet. I dette verket legg vi vekt på arbeid med lesestrategiar og metodar som rettleidd lesing, men med Kaleido tek vi òg med skriving frå første stund.
Kaleido 2 har desse komponentane: •
Kaleido 2 Lesebok A og B
•
Kaleido 2 Arbeidsbok A og B
•
Kaleido LES (småbøker)
OK A LES EB
• Kaleido 2 Lærarens bok •
Kaleido Digital: – elevnettstad med oppgåver
– lærarressurs med tavlebok og tilleggsstoff
www.kaleido.cdu.no
ISBN 978-82-02-40866-4
9
788202 408664 www.cdu.no
Nynorsk
I S B N 978-82-02-40866-4
Nynorsk
Ronny Johansen og Marte J. Tovsrud
Lesebok A
Nynorsk
Velkommen til 2. trinn! Det andre skuleåret er i gang, og barna skal vidareutvikle ferdigheitene sine i lesing og skriving. Vi som har laga desse bøkene, ønskjer å bidra til at det blir ei motiverande, meiningsfylt og morosam tid for sju- og åtteåringane. I Kaleido 2 Lesebok A og B finn de tekstar som skal: • gi gode leseopplevingar • trene leseforståing • gi lesetrening • gi moglegheit til å øve lesestrategiar • vere eksempel for eiga skriving Nokre tekstar krev grundig gjennomgang og medlesing, mens elevane fint vil kunne klare andre tekstar på eiga hand. Læraren bør alltid gi rettleiing om korleis ein tekst skal lesast. Lesetekstane er merkte på to måtar: Les sjølv Tekstar dei fleste barna vil ha føresetnad for å kunne lese utan støtte. Les saman Tekstar som bør lesast saman med ein vaksen. Det kan vere fordi teksten er meir krevjande, eller fordi han passar godt til vidare arbeid med leseforståing, lesestrategiar eller skriving. Vi ønskjer små og store lykke til med skuleåret! Helsing forfattarane
Innhald 1 Venner
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
side 4
Språkleg emne: Alfabetet Lesestrategi: Sjå over ein tekst før du les Eksempeltekstar: Lapp til hemmeleg venn / Dikt til ein venn
2 På menyen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
side 24
Språkleg emne: Spørjeorda Lesestrategi: Sjå over ein tekst før du les Eksempeltekstar: Hugseliste/Meny
3 Huttetu
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
side 44
Språkleg emne: Orda dei og det Lesestrategi: Bruke bilete for å forstå teksten betre Eksempeltekstar: Forteljing / Beskrivande tekst
4 Tida flyr
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
side 64
Språkleg emne: Ord med æ-lyd Lesestrategi: Bruke bilete for å forstå teksten betre Eksempeltekstar: Intervju/Timeplan
5 Mange slags ord
. . . . . . . . . . . . . . . . . .
side 84
Språkleg emne: Samansette ord Lesestrategi: Sjå over ein tekst før du les Eksempeltekstar: Samanlikningar/Teljeregle
6 Inn i bøkene
. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .
Språkleg emne: ng-lyden Lesestrategi: Lese overskrifter Eksempeltekstar: Bokliste/Bokmelding
side 104
1
Venner I dette kapittelet skal du: • jobbe med alfabetet • skrive lapp til ein hemmeleg venn • sjå over ein tekst før du les • skrive dikt om ein venn
4
Du berre du berre såg på meg du visste med ein gong kva eg ville ha eg visste det nesten ikkje sjølv eingong men du berre rette fram handa den gongen og sa: her er eg Oskar Stein Bjørlykke
5
Les sjølv.
Li skriv dagbok
Måndag 18. august Kjære dagbok! No går eg i 2. klasse. Eg har fått nye fargestiftar. Vi har eit nytt klasserom. Og vi har ei ny jente i klassen!
Tysdag 19. august Kjære dagbok! Den nye jenta heiter Zainab. Ho kan slå hjul. Eg har prøvd tusen gonger, men eg berre dett. Lisa og Emma kan òg slå hjul. Dei slår hjul i kvart einaste friminutt.
Kva er nytt i klassen til Li? Kva betyr å slå hjul? Kva likar du å gjere i friminutta?
6
Les saman.
Fredag 22. august Kjære dagbok! Ein skal eigentleg skrive i dagboka kvar dag, men eg har nesten ikkje hatt tid sidan sist. Zainab og eg har blitt venner! No er vi alltid saman etter skulen. Vi hoppar på trampoline, og vi hoppar strikk. Når vi er inne, så teiknar og perlar vi. Vi spelar spel av og til. Zainab er veldig grei. Ho har sagt at ho skal lære meg å slå hjul!
Kor ofte bør ein skrive i ei dagbok, synest Li? Kvifor har ikkje Li hatt tid til å skrive i dagboka sidan tysdag? Viss du skreiv dagbok, kva ville du ha fortalt om dagen i dag?
7
Les saman.
Alfabetet
Hei, min aller beste venn, Carl! Det var ekstra fint å bu på garden hos dykk i juni. Tante Kari laga masse nydeleg mat til oss. Eg fortalde pappa om då q-ene rømde. Han syntest vi var tøffe og utruleg modige då vi fanga dei att.
Kor mange bokstavar er det i alfabetet? Kva for bokstavar er raude? Kvifor er ikkje alle orda skrivne heilt rett?
8
Onkel Walter var x-tra nøye med å stengje ytterdøra til fjøset etterpå. Eg hugsar eg vaska støvlane mine med Zalo. Du hugsar kanskje eg trakka i ei kukake? Æsj … Eg ønskjer deg ein fin haust, og eg gler meg til neste år. Helsing din venn og fetter Even
Alfabetet. Arbeidsboka side 6.
9
Les sjølv.
Tobias ringjer
Tobias ringjer på nytt
Hei, det er Tobias.
Hei, Emil! Kan du leike i morgon?
Hei, Tobias.
Nei. Då skal eg symje etter skulen.
Hei, Simen. Kan du leike?
Å ja. Kan du leike på torsdag, då?
Nei. Vi skal ete no.
Nei. Då skal vi på besøk.
Så må eg bade.
På fredag, då?
Ja vel. Ha det, då.
Ja, då kan eg.
Ha det.
Fint. Nei, vent … Då skal eg til bestemor. Det var dumt. Vi får prøve igjen i neste veke!
Kvifor kan ikkje Simen leike? Kvifor kan ikkje Emil leike når dei skal på besøk? Kvifor er det nokre gonger vanskeleg å få leika saman?
10
Les saman.
Simen ringjer Hallo, er det Petter? Det er Simen. Hei, Simen. Går det bra? Ja, men eg har ikkje noko å finne på. Vil du vere med ut og leike? Klart det, kompis! Eg skal ikkje noko spesielt. Kva skal vi finne på? Skal vi sykle litt? Nei, sykkelen min er punktert. Skal vi spele på data’n? Nei, mamma seier eg må leike ute mens det enno er sommar. Kanskje vi kan spele fotball, då? Ja, topp! Eg har fått nye fotballsko! Så bra. Vi møtest på banen, då? Ja, ser deg snart!
Kven snakkar saman? Kvifor kan ikkje gutane sykle? Kvifor vil mor til Petter at han skal leike ute?
11
Les sjølv.
Hemmeleg venn
Til Emil Du er snill! Helsing ein venn
Til Ola Du er ein flink lærar. Du er kul. Du er flink til å lære bort. Helsing din hemmelege venn
12
Til Li Du er søt. Helsing ein venn
Til Lisa Eg likar å leike med deg fordi du er så grei! Du er flink til å teikne. Helsing din hemmelege venn
Til Elias Du er veldig flink til å syngje og til å skrive. Det er gøy å vere saman med deg. Helsing din hemmelege venn
Kvifor er Ola ein flink lærar? Kva er meininga med slike lappar? Kven er dei hemmelege vennene, trur du?
Til Trine Du er tøff og veldig flink til å sykle. Helsing din venn
Eksempeltekst. Arbeidsboka side 8 og 9.
13
Les saman.
Den vesle høna Det var ein gong ei lita høne. Ho hadde tre venner. Det var ei and, ein gris og ein katt. Ein dag fann ho nokre korn på bakken. «Kven vil hjelpe meg å plante korna?» spurde høna. «Ikkje eg», sa anda. «Ikkje eg», sa grisen. «Ikkje eg», sa katten. Høna planta korna sjølv. Kornet voks. Så skulle kornet skjerast og sendast til møllaren for å bli male. «Kven vil hjelpe med å skjere kornet?» spurde høna. «Ikkje eg», sa anda. «Ikkje eg», sa grisen. «Ikkje eg», sa katten.
14
Då mjølet kom tilbake, skulle høna bake brød av det. «Kven vil hjelpe med å bake brød?» spurde høna. «Ikkje eg», sa anda. «Ikkje eg», sa grisen. «Ikkje eg», sa katten. Til slutt var brødet ferdig baka. «Kven vil hjelpe meg med å ete brødet?» spurde høna. «Eg vil», sa anda. «Eg vil», sa grisen. «Eg vil», sa katten. «Å nei», sa høna. «Takk skal de ha, mine venner, men det klarar eg utan hjelp.» Og så åt høna brødet sjølv!
Kor mange gonger spurde høna om hjelp? Kvifor svara vennene «eg vil» til slutt? Kvifor ville høna ete brødet sjølv, trur du?
Tips til lesinga: Sjå over teksten før du les.
15
Les sjølv.
Kven er vennene dine, Lisa? Kven er vennene dine, Lisa? Sara, Emma og Li. Kva er ein god venn? Ein som er snill, og som vil vere saman med deg. Kva likar du å gjere med vennene dine? Vi likar å danse, bake og kle oss ut! Eg likar å spele kort med Li. Eg vinn nesten alltid!
Kven er Lisa venn med? Kva har Lisa og Li felles?
16
Les saman.
Kva er ein god venn, Elias? Kven er du venner med, Elias? Emil og Felix. Og så leikar eg litt med Ali. Og eg spelar fotball med alle gutane. Korleis synest du ein god venn skal vere? Han skal vere grei og ta deg med på leiken. Han skal vere snill. Og så er det ein ting til: Han skal låne bort leiker til deg. Helst skal han vere litt tøysete òg. Kva likar du å gjere med vennene dine? I tillegg til fotball synest eg det er gøy når vi syklar, og når vi lagar hytte. Emil og Felix er veldig flinke til å snikre!
Kven er vennene til Elias? Kva slags venner vil Elias ha? Kvifor tek ein god venn med andre på leiken?
17
Les saman.
Vennen min Vennen min er kul. Vennen min er fin. Vennen min er snill. Vennen min er ærleg. Vennen min er smart. Vennen min er hjelpsam.
Vennene mine Vennene mine er ganske ville, men vennene mine er alltid snille. Vennene mine er frykteleg søte. Det er vennene mine eg likar å møte. Vennene mine kan bråke og skrike, men vennene mine er lette å like. Vennene mine, dei er så fine. Og vennene mine kan òg bli dine!
Kva betyr det å vere ærleg? Kvifor gjer det ikkje noko at vennene er litt ville? Korleis kan «mine venner bli dine venner»?
18
Eksempeltekst. Arbeidsboka side 12 og 13.
Syng.
Hege er den beste venn jeg vet om Hege er den beste venn jeg vet om. Hun har også helt rødt hår. Hege bor i leiligheten over. Hun er også åtte år. Og du kan tro vi er gærne som har neglelakk på tærne og tar heisen opp og ned. Om igjen! Og tar heisen opp og ned. Om igjen! Og tar heisen opp og ned. Lillebjørn Nilsen
Kva likar jentene å gjere? Kva slags hus trur du jentene bur i?
19
Les sjølv.
Amanda sin medisin Dørklokka ringjer. Mamma går for å sjå kven det er. «Amanda! Pernille og Anna er her», ropar mamma. «Sei at eg ikkje er heime», kviskrar Amanda. «Ho kjem snart», ropar pappa. «Ho må berre ete desserten sin først.» Så kjem mamma inn att. «Dei ventar på rommet ditt», seier ho. «Eg vil ikkje leike med dei. Dei er dumme», seier Amanda. «Det er dei ikkje», seier mamma. «Leik med dei likevel», seier pappa. «Også dumme folk må leikast med stundom. Då hender det dei blir kjekke.» Utdrag frå Amanda sin medisin av Atle Hansen
Kven er det Amanda ikkje vil leike med? Kva gjer mammaen til Amanda? Kvifor synest pappaen til Amanda at ein må leike med dumme folk?
20
21
Les saman.
Den nye guten i gata Du er så rar. Du berre smiler. Du har grøn jakke og lyst hår og liten nase og store støvlar og brød i handa og bak-lommer bak. Deg har eg lyst til å leike med. Einar Økland
Korleis ser den nye guten ut? Kva gjer barna på det store biletet?
22
Før stormen av Bjørg Holene
23
2
På menyen I dette kapittelet skal du: • lære om spørjeord og spørjesetningar • skrive hugseliste • sjå over ein tekst før du les • skrive meny
24
Namn Ragnar heiter eg, det st책r i d책psattesten. Mor og far gav meg namnet Ragnar for at dei skulle ha noko 책 rope til meg n책r eg skulle inn til middag. Ragnar! ropte dei og eg tenkte: Er det middag no igjen? Ragnar Hovland
25
Les sjølv.
Fia er svolten
Fia si hugseliste
Fia likar å lage mat. I dag er Fia åleine heime. Det er lenge til middag. Fia er svolten. Ho vil lage vaflar. – Eg må lage ein plan, tenkjer Fia.
• Spørje Felix om hjelp • Finne oppskrifta • Finne fram det eg treng • Lage røre • Setje på vaffeljernet • Steikje og ete!
– Felix kjem snart heim. Kanskje han vil hjelpe meg?
Kva skal Fia lage? Kvar kan Fia finne oppskrifta? Kven er Felix?
26
Eksempeltekst. Arbeidsboka side 20 og 21.
Les saman.
Oppskrift på vaflar Du treng: 2 egg 2 matskeier sukker 150 gram mjøl ½ teskei bakepulver ½ liter mjølk 3 matskeier smør
Gjer slik: 1) Mål opp alt du treng. 2) Bland saman alt det tørre. 3) Visp inn mjølk og egg. 4) Visp til det er ei jamn røre. 5) Vent ein halv time mens røra kviler. 6) Smelt smøret og rør det inn. 7) Steik éin og éin vaffel.
Kva for ting på lista er «dei tørre» tinga? Kva er det siste du skal ha i røra? Kva betyr det at røra «kviler»?
Tips til lesinga: Sjå over teksten før du les.
27
Les saman.
Jon og eplet Eplet heng høgt på greina. Og armen hans Jon er så stutt. Men visst skal han Jon få eplet, berre han ventar trutt. No er han trøytt av leiken. Han set seg i graset ned. Kring han spring vinden og dansar og ruskar i alle tre. Og vinden tek epletreet og rister det hit og dit, og kastar det store eplet i fanget hans Jon der han sit. Halldis Moren Vesaas
Kvifor får ikkje Jon tak i eplet? Korleis får han tak i eplet til slutt? Kunne Jon ha fått tak i eplet på ein annan måte?
28
Les sjølv.
Korleis lage grønsaksuppe? Lett som ein plett! 1) Finn nokre grønsaker du likar, og ein skarp kniv. 2) Del grønsakene i bitar. 3) Ha bitane i ein kjele. 4) Hell over vatn. 5) La det koke til grønsakene er mjuke. Klar, ferdig, et!
29
Les saman.
Spørjeorda
Kven? Kva? Kvar? Korleis? Kvifor? Kva for ein? Kva for ei? Kva for eit?
Skal vi gå på kino? Kvifor spør du? Kven skal vi be? Kva tenkjer du på? Korleis finn vi ut av det? Kvar møter eg deg? Kva for ein film skal vi sjå? Når begynner han? Tek du godteri med?
Kor mange spørjeord står det i diktet?
30
Gåter Kva kan du drikke av, som rimar på sopp? Kva kan du ete med, som rimar på vaffel? Kva kan du steikje i, som òg er ein kroppsdel? Kva er godt å drikke, som òg er ein lyd fossen lagar? Kva kan du ete, som òg oksen har på hovudet?
Spørjeord. Arbeidsboka side 18 og 19.
31
Les sjølv.
Favorittmaten min Kva er favorittmaten din? Når et du han? Kvar et du han?
Kva? Pannekaker. Når? Til middag. Kvar? Hos bestemor. Ho lagar dei beste!
Kva? Pizza. Når? På fredag eller laurdag,
nokre gonger midt i veka.
Kvar? Heime på kjøkkenet.
Når et Ola pannekaker? Kvar et Nora pizza? Kva er favorittmaten din?
32
Les saman.
Smaken er som baken Smaken er som baken, han er delt. Nokon elskar lakris, mens andre synest det smakar pyton. Kvifor det?
Umami er japansk og betyr «god smak». Smaken er vanskeleg å beskrive, men somme kallar smaken «kjøtt-aktig».
Både smak og lukt bestemmer om vi likar det vi et. Med tunga kan vi kjenne smakane søtt, salt, surt, bittert og umami. Men det meste av smakssansen sit faktisk i nasen. Nasen kan skilje mellom tusenvis av ulike luktar. Mykje av det vi smakar, er eigentleg lukt! Luktesansen er ulik frå menneske til menneske. Derfor kan òg maten smake ulikt. Prøv å halde for nasen neste gong du et. Smakar maten det same?
Kva for to sansar bestemmer om du likar noko eller ikkje? Kva betyr umami? Kvifor heiter uttrykket «smaken er som baken», trur du?
33
Les sjølv.
Maria sine måltid
Frukost: Havregryn med mjølk og rosiner Lunsj: Brødskive med ost Brødskive med salami og agurk Eple Middag: Pølser og potetmos Kveldsmat: Brødskive med makrell i tomat
Når et Maria eple? Kva et Maria til middag? Kva for måltid et du på ein dag?
34
Les saman.
Meny
Lunsj Ostebolle . . . . . . . . . . . . . . . . 49,– Egg og bacon . . . . . . . . . . . . . 59,– Pizzastykke . . . . . . . . . . . . . . . 39,– Tomatsuppe . . . . . . . . . . . . . . 39,– Milkshake . . . . . . . . . . . . . . . . 25,– Brus . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 30,– Kaffi . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 20,– Vatn gratis
Eksempeltekst. Arbeidsboka side 24 og 25.
35
Les saman.
Sitronlimonaden Nasir har ei mamma. Den beste av alle. For mamma kan trylle. Mamma kan lage sitronlimonade. Ho tryllar sure sitronar til søt saft. Tryllar fram sol og smak frü Syria. Mamma har lagt ei flaske sitronlimonade i skulesekken. Nasir finn flaska fram og drikk. Ei flaske full av sol og smil og sitronar. Han kjenner korleis safta verkar. Korleis smaken kilar heilt opp til øyrene. Korleis smaken smiler bak i halsen. No orkar han meir. No klarar han alt. No er alt mogleg.
36
– Nasir har saft, ropar Ola. – Du må leggje ho bort, seier læraren. – Det er ikkje lov å drikke saft i timen. – Men det er ikkje saft, seier Nasir, – det er sitronlimonade. – Ikkje ver frekk, seier læraren. – Limonade er saft, og saft er ikkje lov. – Det er klissete på pulten, seier Eva. – Det er berre nokre dropar, seier Nasir og tørkar det vekk med genseren. – Æsj! seier Eva. – Æsj, han brukar genseren som klut. – Æsj, seier Ola. Pulten er klissete og læraren er sint. Ikkje drikke saft i timen. Ikkje søle saft på pulten. Ikkje, ikkje, ikkje. Utdrag frå Sitronlimonaden av Hilde Henriksen
Kvifor seier Nasir at mamma kan trylle? Kvifor er Nasir så glad i sitronlimonade? Kva trur du Nasir tenkjer no?
37
Les sjølv.
Visste du … at tomat er ei frukt? … at ingen ord rimar på pølse? … at vi kallar umoden frukt for kart?
Den tøffaste musa Tre mus kranglar om kven som er tøffast. – Eg er så tøff at eg brukar musefella som sofa, seier den første. – Men eg er så tøff at eg drikk rottegift som saft, seier den andre. Den tredje reiser seg og går. – Kvar skal du? spør dei to andre. – Eg skal berre heim og mate katten.
Mons
Kor mange mus kranglar? Kva heiter katten? Kven er den tøffaste?
38
Syng.
Matpakkespisevise Det er ikke morsomt å spise sin mat når den ligger i pakke og ikke på fat. Den øverste skiven var med syltetøy, det satt fast på papiret som med vinden fløy. Så skulle jeg starte med nummer to, men den var spist fra før, fordi den var så god. I to halve hadde jeg delt skive tre, da den ene var spist, var den andre falt ned. Den fjerde var med majones og tomat, majonesen var klemt ut, tomaten var flat. Den osten jeg hadde på skiven til sist satt fast under den forrige, som jeg hadde spist. Nei, det er ikke morsomt å spise sin mat, når den ligger i pakke, og ikke på fat.
Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen
39
Les saman.
Kva har vi til middag? Kvar onsdag etter skulen går Vera og Mari på symjing. Vera elskar å symje. Det einaste dumme er at ho blir så innmari svolten! Middagen blir seinare enn vanleg, og treninga gjer henne sliten. Når dei syklar heim, skjer alltid det same. Det einaste dei snakkar om er mat. – Å, tenk om vi skal ha pizza i dag! – Eller kjøttkaker i brun saus! – Eller taco! Med masse ost.
40
Slik held dei fram til munnen er fylt av vatn og svolten rumlar i magen. Når Vera går inn døra heime, kan ho nesten ikkje vente! – Eg er heime! Kva har vi til middag? ropar Vera frå gangen. – Så fint! svarar mamma. – Maten er klar. Det er sild og poteter. Har du hatt ein bra dag? – Mhm, mumlar Vera. – Heilt til no.
Når går Vera på symjing? Kvifor snakkar Vera og Mari så mykje om mat? Kvifor mumlar Vera «Heilt til no»?
41
Les saman.
Favorittgodteriet mitt
Klassen har undersøkt kva for eit godteri elevane likar best. Her ser du resultatet:
Skumputer
e
lad o k Sjo
Sur føte e r
x Fo
is r k
La
42
Lakris
II
Sjokolade IIII Skumputer I Fox I Sure føter I
5 4 3 2 1 Lakris
Sjokolade Skumputer
Fox
Sure føter
Kva for eit godteri er mest populĂŚrt i denne klassen? Kor mange har Fox som sin favoritt? To av elevane i klassen har same favorittgodteri. Kva for eit godteri er dette?
43