Innleiing
Dette er ei bok om fengselsundervisninga si historie i Noreg. Undervisning har vore ein viktig del av tukthusa og fengsla så lenge dei har eksistert. Motiva for å gje opplæring i fengsel var ein gong å gje fangane religiøs oppseding med von om ei sjeleleg forandring til eit nytt og betre menneske. Konfirmasjonen blei innført i Danmark-Noreg i 1736. For å gjennomføre konfirmasjonen måtte dei unge vera lesekunninge. Denne oppgåva blei gjeven til folkeskulen, som kom i 1739. Folkeskulen blei eit middel til å gjennomføre konfirmasjonen. Lesedugleiken skulle gjerast allmenn for at religionsundervisninga skulle bera rikare frukter. Dette omfattande skuleprogrammet var ledd i ein pietistisk tradisjon innført av danskekongen Kristian 6. Dette var også utgangspunktet for forbetringstankegangen i tukthus og fengsel. Målet for opplæringa i tukthusa og fengsla på 1700- og 1800-talet var på same måten som for Allmueskolen ute, religiøs påverknad. Vi ser at skulen og straffesystemet går i lag i ein tett allianse. Det var same hundreåret som vi fekk dei fire tukthusa i Noreg, der opplæringa og konfirmasjonsundervisninga følgde i same sporet som ute i samfunnet. Mange omgrep har blitt nytta: straff, kontroll, forandring, forbetring, tilbakeføring til samfunnet. Fengsel er det strengaste kontrolltiltaket samfunnet set i verk for å halde straffedømde vekke frå det samfunnet dei er ein del av. I dette systemet skal lovbrytaren rehabiliterast. Sidan 1600–1700talet har fengselsundervisninga vore innvoven i dette systemet. Velferdsstaten har utvikla seg over tid. Til ulike tider har staten med hjelp av dei gode menneska, filantropane, sett i gang tiltak for dei få som ikkje fell inn i det normale samfunnsmønsteret. Det har vore tukthus, fengsel og i dag alternative soningsformer i tillegg til fengslet. Opplæring i fengsla er i dag ein rett dei innsette har på lik linje med andre samfunnsborgarar. For meir enn førti år sidan blei importmodellen introdusert (1969). Opplæring blei på denne måten ein del av normaliteten ved at skuleverket også tok ansvar for opplæring i fengsla. Men det tok tid før politikarar og byråkratiet i Justisdepartementet og Kyrkje- og undervisningsdepartementet tok innover seg kva dei sjølve hadde vedteke. Det er eit paradoks at når det blir sagt at alle skal med, må det argumenterast særskilt for at dei få skal med. Importmodellen opna fengselssystemet opp for skuleverket, helsetenester, kulturtilbod, arbeidsformidling og prestetenester. Dei tenestene som hadde ansvaret ute i samfunnet, kom også inn i fengsla. Dette førte truleg
105227 GRMAT Bot og betring 150101.indd 13
19.05.15 15.10
14 Innleiing
til utfordringar for alle aktørane all den tid dei representerte ulike kulturar og verdigrunnlag. Importmodellen, eller forvaltningssamarbeidet som det heiter i dag, er også uttrykk for sektoriseringa/oppdelinga og profesjonaliseringa i samfunnet. Fengslet som institusjon skal ikkje ta hand om alle desse tenestene, difor må dei hentast utanfrå. På denne måten har fengsla også blitt meir opne og synlege for samfunnet omkring. Spørsmålet blir då om straff og pedagogikk kan sameinast. Det er eit langt steg frå konfirmasjonsundervisninga og den religiøse påverknaden i tukthus og fengsel til bruk av IKT og utvikling av digital kompetanse i dagens skule. Ei utvikling som har ført til ein større grad av verdighet for den innsette. Fengslet har forandra seg frå å vera ein religiøs institusjon til å bli ein meir moderne institusjon i velferdssamfunnet. I mange land i Europa og i USA får fengselsundervisninga i dag stor merksemd. Tenkinga omkring straffa og innhaldet i soninga kan vera forskjellig, vilkåra ulike, ressursane varierande, aktørane som tilbyr undervisning, er mange. Det grunnleggjande er at opplæring er ein menneskerett, også for innsette i fengsel. Synet på om innsette har rett til opplæring, varierer frå land til land. Utdanning blir også vurdert som eit viktig verkemiddel for tilbakeføring til samfunnet, men det skal ikkje vera målet for opplæringa i fengsel. Mange spør om det å investere i utdanning i fengsel gjev ein samfunnsøkonomisk gevinst. Internasjonal forsking viser at opplæring i fengsel gjev mindre risiko for tilbakefall. Den tidlegare straffedømde kjem i større grad inn i arbeid og vidare opplæring. Både dei svenske Krami-prosjekta og det norske TAFU-prosjektet (Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning) konkluderer med ein tydeleg samfunnsøkonomisk gevinst. Den svenske forskaren Jess (2005) viser at ved å investere ei krone i dei svenske Krami-tiltaka får samfunnet tilbake frå 13 til 18 kroner. Omlag same resultata kjem Neumann og Pettersen (2013) fram til i si evaluering av det norske TAFU-prosjektet. Investering i utdanning i fengsel og i oppfølging etter avslutta soning er med andre ord ei vinning for den enkelte og for samfunnet. Bamford og Skipper (2008) viser korleis kunstfaga i fengsla kan møte dei kreative behova hos fangane og dermed lette tilbakeføringa til samfunnet. God oppfølging etter avslutta soning er i tillegg avgjerande for å koma vidare med arbeid, utdanning og etablering av sosiale nettverk. Skardhamar og Telle (2009), som såg på samanhengen mellom arbeid og tilbakefall, fann at for dei som hadde arbeid ved frigjeving, var det 42 prosent mindre sjanse til å koma tilbake i fengsel enn for dei som ikkje hadde arbeid å gå til. Oppfølging etter soning er eit område det er gjort altfor lite på med tanke på kor viktig det er for det enkelte individ og samfunnet. Opplæring i fengsel føregår i eit kontrollerande regime. Korleis påverkar det opplæringssituasjonen for lærarar og elevar? Opplæringssituasjonen
105227 GRMAT Bot og betring 150101.indd 14
19.05.15 15.10
15 Innleiing
er den same som ute i samfunnet, men rammene er annleis. Vi veit at både regelverk og disiplinærtiltak kan påverke undervisninga på ein negativ måte. Men kan det også føre til at undervisninga blir meir fleksibel og tilpassa elevane sine behov? Ein del eksempel som vi skal vise til seinare, kan tyde på at det er tilfelle. Dei innsette opplever opplæring i fengsel som svært positivt. Det å delta på skulen er eit middel til endring og meistring av framtida (Manger, Eikeland, Roth og Asbjørnsen 2013). Ugelvik (2011) får gjennom arbeidet sitt i Oslo fengsel fram korleis dei innsette gjer motstand i eit gjennomkontrollert system. Han viser korleis fangane utviklar strategiar for å vera frie i eit ufritt system. Skulen blir difor ein stad der innsette kan nytte tida på ein positiv og utviklande måte. Undervisning i fengsel er del av velferdsstaten sine tilbod. Velferdsstaten kan karakteriserast ved universelle ytingar og eit omfattande offentleg ansvar for alle, også for dei som av ulike grunnar er plasserte i institusjonar. Det vi ser, er at dei gruppene som treng dei velferdspolitiske tiltaka mest, får dei sist. Fengselsundervisninga blir difor sett i høve til rettsperspektivet, rehabilitering og velferdsstaten. Spørsmålet er også om fengselsundervisninga har vore med på å normalisere fengselssystemet.
105227 GRMAT Bot og betring 150101.indd 15
19.05.15 15.10
Kapittel 1
Straff og pedagogikk – to system i konflikt?
Det er i dag opplæring i alle fengsla i landet. Kvar dag går nesten 400 lærarar inn og ut av fengsla. Dei utøver si pedagogiske gjerning i eit straffande system. I dette kapitlet stiller vi spørsmålet om dei pedagogiske målsetjingane lar seg sameine med dei overordna prinsippa i straffesystemet. Straff og pedagogikk må difor klargjerast og definerast. Har importmodellen og fordeling av ansvar og arbeidsoppgåver ført til normalisering av systemet?
105227 GRMAT Bot og betring 150101.indd 17
19.05.15 15.10
18 Bot og betring?
Straff – påføring av pine Målsetjinga med straffegjennomføringa er tredelt: Straffa skal verke individualpreventivt ved å hindre nye lovbrot ved tap av fridom. Ho skal verke forbetrande på den dømde.1 Gjennom avskrekkande tiltak skal straffa fungere allmennpreventivt. Straffegjennomføringsideologien er todelt, tap av fridom og avskrekking på den eine sida og forbetring på den andre. For å gjennomføre straffa blir kontroll og tryggleik det overordna. Den innsette må innordne seg. I sin klassiske studie av The Society of Captives skriv Sykes (2007) at fengselsopphaldet fører med seg lidingar som det å bli isolert frå familie og vener. Den innsette mistar retten til å bestemme over eige liv. Personlege eigendelar blir tatt ifrå ein. Alt dette fører til at den innsette, for å overleva, tilpassar seg normer og reglar i fengselssystemet. Sykes gjennomførte arbeidet sitt på eit stort maximum security prison i staten New Jersey i USA på 1950-talet. Goffman (1974) definerer den totale institusjon som ein opphalds- og arbeidsstad der ei større gruppe med likestilte individ fører eit innestengt, formelt administrativt tilvære, avskore frå samfunnet utanfor. Han ser fengslet som eit godt døme på ein slik institusjon. Han hevdar at når eit menneske kjem inn i ein total institusjon, har det med seg eit bilete av seg sjølv som er forma gjennom visse, stabile sosiale forhold i heimemiljøet. Ved inngangen til institusjonen blir han fråteken alt dette. Det er en kendt sag fra nogle af vore ældste totale institusjoner, at han går ind til en række ydmygelser, nedværdigelser og krænkelser af personligheden (Goffman 1974: 19).
Det kom kritikk mot Goffman både frå fengselsforskarar og andre. Sundin (1972) meinte at han la for stor vekt på det totale ved institusjonane. Vidare overvurderte han følgjene av indre forhold og undervurderte den effekten referansegruppa ute i samfunnet kunne ha for klienten / den innsette. Han tok heller ikkje nok omsyn til det gjennomtrengelege i systemet, som besøk, permisjonar, brev og annan kommunikasjon med verda utanfor. Hammerlin (1994) har i Fangenes tapsliste samla den negative kritikken av fengselssystemet. Tapslista får fram korleis fengselsopphaldet får negative konsekvensar for den enkelte fange og korleis skadeverknadene følgjer med også i eit samfunnsperspektiv. Fleire forskarar har tatt for seg korleis klientane/innsette tilpassar seg institusjonslivet. Galtung (1959), som sjølv sona dom i Oslo kretsfengsel fordi han nekta militærteneste, skriv om ulike psykologiske forsvarsmekanismar og fluktreaksjonar dei innsette meir eller mindre medvete nyttar for å lette
105227 GRMAT Bot og betring 150101.indd 18
19.05.15 15.10
19 Kapittel 1 Straff og pedagogikk – to system i konflikt?
presset. Løchen (1976) viser til ulike tilpassingslinjer som pasientar på Dikemark psykiatriske nytta seg av. Goffman (1974), Galtung (1959) og Løchen (1976) har funne fram til nokså like mønster for korleis individa fungerer i ein total institusjon. Eit mønster er å trekkje seg tilbake. Den innsette/klienten isolerer seg og følgjer rutinane i institusjonen utan å gjera motstand. Ei anna gruppe er dei som gjer opprør mot fengselssystemet. Dei nektar å samarbeide med personalet og blir sett på som håplause kverulantar. Ei tredje linje er å innrette seg som best dei kan. Skaalvik og Stenby (1981) drøftar skadeverknadene av fengselsopphaldet i lys av stemplingsteori og meinte at stemplingseffektane gjorde seg gjeldande både på individplan og samfunnsplan: På individplan er negativt selvbilde, sosial usikkerhet og psykiske problemer viktige konsekvenser … På samfunnsplan er utstøting viktige konsekvenser av stemplingen. Tidligere innsatte blir mistenkeliggjort og unngått (Skaalvik & Stenby 1981: 384).
Fengselssystemet har forandra seg sidan Sykes si undersøking av Maximum security prison kom på 1950-talet, særleg i Norden. I Noreg har vi i dag fengsel med ulike nivå av tryggleik. Det er fengsel med høg grad av tryggleik, men blant dei kan det vera variasjonar. På Ringerike fengsel og i Telemark fengsel avd. Skien er det ei eiga avdeling med ekstra høg grad av tryggleik, for såkalla ekstra farlege innsette. Det er mange fengsel med låg grad av tryggleik (opne fengsel), med mindre vektlegging på tryggingstiltak og friare samværsformer. Eit tredje tiltak er overgangsfengsel, eller overgangsbustader som det heiter i dag. Der har dei innsette frigang til arbeid og skule på dagtid. Uansett variasjonar innanfor systemet vil nok opplevinga av tap av fridom vera til stades. Frå nyare forsking har Ugelvik (2011) levert eit interessant forskingsarbeid omkring Fangenes friheter. Det er ein studie av makt og motstand i Oslo fengsel. Fengsel er det strengaste maktapparatet staten tar i bruk mot borgarane. Han får gjennom feltarbeid – samtaler med innsette og fengselspersonale – fram korleis dei innsette i Systemet tar seg friheter, gjer motstand og dermed blir frie. Makta som fengslet har, gjev fangane fangestatus, men: De fleste fangene ønsker imidlertid ikke å være fanger og arbeider for å være noe annet (Ugelvik 2011: 314).
105227 GRMAT Bot og betring 150101.indd 19
19.05.15 15.10
20 Bot og betring?
Ugelvik går dermed noko i rette med tidlegare fengselsforsking om at det statlege kontrollsystemet gjer dei innsette handlingslamma, knuga og passiviserte. Han er fullstendig klar over fengslet som det gjennomførte maktapparat det i ytste konsekvens er, men like fullt utviklar dei innsette motstandsstrategiar for å vera noko anna enn fangar. Det lovar godt for utdanning og opplæring. Duguid (2000) frå Canada leverer eit tilsvarande resonnement. Han introduserer the opportunities model som motsats til nothing works-tankegangen til Martinson. Han (Martinson 1974) blei kjent ved å presentere ein studie om at behandling i fengsel ikkje nyttar. Duguid ser på fangane som sjølvstendige og ansvarlege menneske som kan ta eigne val også i eit kontrollerande system som fengslet er. Utdanningsinstitusjonar som kjem inn i fengslet med si humanistiske tilnærming, sine pedagogiske metodar og opplegg og møter fangen som eit likeverdig menneske, gjev støtte til ei normalisering av systemet. Duguid har lang erfaring med opplæring i fengsel. Universitetet han arbeider ved, Simon Fraser University i British Columbia, administrerte i mange år universitetsstudium, vidaregåande opplæring og livsmeistringskurs ved fire føderale fengsel i British Columbia (Duguid 1987).
Frigjerande pedagogikk? Ved pedagogikk forstår de fleste læren om oppdragelse (Ording og Boyesen 1972: 9)
Pedagogikken er ikkje eintydig. Ei side er den som legg vekt på å overtale, tilpasse og indoktrinere. Ei slik pedagogisk tilnærming vil truleg samsvara godt med målsetjinga for fengselsopphaldet. Ei anna side innanfor pedagogikken er den som ser overtyding, danning, politisering og utvikling til sjølvstendige menneske som viktig. Denne retninga kan truleg koma i konflikt med fengselslov- og reglement. Oppseding er ei form for sosialisering til samfunnet. Hellesnes (1975) skil mellom to former for sosialisering, to måtar å bli samfunnsvesen på, nemleg tilpassing i motsetnad til danning. Tilpassinga går ut på at folk blir sosialiserte på plass, at dei lærer seg spelereglane utan å sjå at «spelet» kan diskuterast og forandrast. Danninga går ut på at folk stiller spørsmål ved det som skjer rundt dei og med dei. Danningssosialiseringa frigjer menneska til politiske subjekt. Ut frå dette meiner Hellesnes at oppsedinga kan vera både indoktrinerande og politiserande. Om barna blir indoktrinerte og tilpassa, blir dei eit lett byte for seinare påverknad i vaksen alder, både
105227 GRMAT Bot og betring 150101.indd 20
19.05.15 15.10