Litteraturdidaktikk Norsklæreren 3/2017

Page 1

82

N0RSKLÆREREN • BOKMELDING

LITTERATURDIDAKTIKK Atle Skaftun og Per Arne Michelsen Cappelen Damm Akademisk 2017

INVITASJON TIL FAGFELLESSKAP Litteraturdidaktikk har lenge har vore ein godt etablert vitskapeleg disiplin i Tyskland, og innføringsbøker med ordet «Literaturdidaktik» i tittelen finst det fleire av. Atle Skaftun og Per Arne Michelsens Litteraturdidaktikk er eit steg på vegen fram mot ei større vitskapeleggjering av feltet i Norden (jf. Kaspersen, 2012).

HALLVARD KJELEN Førsteamanuensis ved Nord Universitet hallvard.kjelen@nord.no

Litteraturdidaktikk er førebiletleg komponert som ein einaste lang invitasjon inn i ein fagfellesskap. I del 1 av boka blir nettopp omgrepa fag, faglegheit og fagleg praksisfellesskap presenterte, og tanken om at elevar og studentar skal inviterast inn i det litteraturfaglege, er grunnleggjande for heile boka. I del 2 leier forfattarane lesaren i handa og viser og modellerer korleis ein kan lese, analysere, tolke og skrive om litteratur. Lesaren får til og med vere med så langt inn i ekspertlesarens verkstad som bokmediet tillèt. Gjennom å trykke (meir eller mindre?) autentiske margnotat får lesarane eit blikk inn


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.