Bidger og Esmiluni bur i Bløygen og dei elskar kvarandre. Men Bidger drøymer om noko meir. Han drøymer om å bli far. Han går til Bøttefanten i Trøbbelkiosken for å få råd. Men ingen i Bløygen veit korleis barn blir til. Rune Belsvik skriv vakkert, direkte og humoristisk om eit tema som opptek oss alle, og illustrert med Inger Lise Belsviks uttrykksfulle teikningar blir dette ein spanande og viktig bok.