Vedvarande svake lag

Page 1



Kjersti Kollbotn

Vedvarande svake lag


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2022 ISBN 978-82-02-72169-5 1. utgave, 1. opplag 2022 Omslagsdesign: Elisabeth Vold Bjone Omslagsfoto: Live Andrea Sulheim Sats: Type-it AS, Trondheim 2022 Trykk og innbinding: ScandBook UAB, Litauen 2022 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel www.cappelendamm.no


Han stikk nøkkelen i døra, vrir til han høyrer klikket i låskassa. Dei snødekte fjella skin på andre sida av sundet. Huset hans ligg enno i skugge. Først om eit par timar vil sola nå fram til tomta, sige over plenen og krype vidare mot veggar og vindauge og til slutt fylle alle rom. Dette årvisse ritualet. Sola som viser seg over horisonten. Så når ho litt høgare for kvar dag, driv mørket unna. Først går det sakte, men så aukar tempoet. Og i mai er natta borte. Himmelen er stålfarga. Ein kjølig trekk finn opninga langsmed skjortekragen. Han tek på anorakkhetta, blir ståande og dvele på øvste trappetrinnet. Lèt auga henge ved namna gravert inn i messingplata. Overflata er blass og spettete, bokstavane delvis fortærte.

5


Ei blanding av is og gammal vårsnø knekk under skoa då han tek snarvegen over plenen. Leirfivelen, som har krope fram innmed husmuren, står med stengde hovud. Frå den nakne rogna kjem eitt og anna skrik. Ein einsleg spurv fer rastlaus fram og tilbake mellom kvistane. Juletreet han kasta ut vindauget utpå nyåret har smelta fram. Barnålene har gjort snøhaugen brun under dei pistrete greinene. Han hadde somla med juletrekjøpet og hadde fått treet gratis. Det einaste som var igjen, like før Hanna og Stig landa på flyplassen veslejulaftan. Reine Tsjernobyl-buska, tenkjer han. Ute i sundet er ein lastebåt på veg inn. Kjølstripa ligg som eit brudeslep. Båten er raud med kvit baug og ei kvit stripe langsetter. Han ser hurtigbåten til Harstad legg frå kai i sentrum. Katamaranen skyt fart, ein kaskade av luftbobler sprutar i bakkant.


Vanen har han parkert med fronten ut. Han ser mot nabohusa. Ingen er å sjå bak glasrutene, ingen gardiner eller persienner som rører på seg. Bilnøkkelen har han klar mellom tommel og peikefinger. – Emil! Du hugsar møtet i kveld? Klokka åtte. Han gløttar halvvegs i retning lyden, løftar handa med nøkkelen til eit slags tommel opp. Det er naboen i nummer ein som står på trappa. Han har eit barn på armen. Naboen smiler med ein kaffikopp i neven. Breibeint under open morgonkåpe. – Klokka åtte, svarar Emil, – den er grei. Vender seg mot mannen og barnet, trekkjer skuldrene bakover, tvingar seg til oppreist. Naboen vinkar med koppen, skal til å flagre inn, så ombestemmer han seg. – Er ikkje du på jobb? Skulkar du? ler han. Nøkkelen ramlar ut av neven. Idet Emil bøyer seg for å plukke opp, høyrer han naboen seier tok deg på fersken, der. 7


Han bryt på giret, treffer reversen. I sidespegelen ser han halve kortveggen på søppelskuret klint mot bakparten på vanen. Han skrensar ut i gata. Han er på veg. Han snur ikkje. Han skal ikkje snu. Han skal sveve over asfalt, gjennom skogar, og landskap skal kome imot og forsvinne, og nye landskap skal dukke opp, bygder, bruer, elvar, vatn.


I fleire veker hadde han leita fram utstyr frå kjellar, bod, skåp og skuffer. Danderte tinga utover golvet. Kart, kompass, turkjøkken, sovepose, ryggsekk, liggeunderlag, ski, telt, primus, gassboksar. Siste veka skreiv han matliste. Handla alt han trong like før stengetid på butikken. Gleda over å planlegge tur hadde blaffa opp. I sentrum stoppar han ved 7-Eleven og kjøper kaffi. Han stiller seg ved vanen, løftar koppen mot leppene. Tromsøbrua midt imot kvelvar seg frå øya over til fastlandet, kviler på massive brukar, solide fundament som held menneska trygge i overfarten. Gjerdet på toppen av rekkverket synest å vere konstruksjon for avskrekking, eller som ei påminning om at det å leve alltid har ein hake. Ein flokk duer ligg og varmar seg på det svarte tekket på taket av eit trehus. Den grålilla glansen i fjørdrakta glitrar. Han lener seg mot bilen og nyt synet. Eit par måser kviler i vassyta like ved kaia. Ein bil med røyrleggarlogo par9


kerer ved sida av vanen. Mannen seier god morgon og fyk inn på butikken, straks er han tilbake med eit kaffibeger. – Hektisk? smiler Emil. – Våren, veit du, tineskader, lekkasjar, all slags drit. Folk er desperate. Mannen set seg inn, men lèt døra stå open. – Måtte ut klokka fem i dag, seier han og slurpar grådig. Han legg seg bakover mot seteryggen. – Stilig vogn. Årsmodell? – 93. Toyota. – Rattgir? Emil nikkar. – Bygd han om sjølv? – Flikka litt, ja. Emil gnikkar på ein flekk i lakken. Vanen er lys gul i fargen. Listene brune. – Lite rust? – Kva? – Rust. Er du plaga med rust? – Så godt som ikkje. – Vel, eg får kome meg vidare. Mannen krøllar saman kaffikoppen. – Vakkert stykke bil, det der. Mannen ropar god tur ut gjennom vindauget. Emil løftar handa tilbake. Han køyrer inn på brua. Ein syklist kjem nedover i godt driv på fortauet. Ein fotgjengar har stansa på det høgste punktet. Då han passerer, ser han at kvinna fotograferer. Ho har Tromsø sitt kjernemotiv, Ishavskatedralen med Tromsdalstinden i bakgrunnen, i siktet. Ved kyrkja tek han til høgre. Snart kjem han inn i åttisona, og byen blir borte bak han.


Fine ting vil skje. Han pressar vanen i nitti. Midtdelaren held alle trygge for det som måtte kome imot. Garbarek i spelaren. Saksofonen får han til å sitre. Den sørgmodige klangen bombarderer han med forventing. I krysset der E8 møter E6 blinkar han inn på eit industriområde. Plasserer seg sjølv på norgeskartet, ser korleis landet breier og buktar seg, smalt og langt i nord, breitt og raust i sør, som eit fang. Det buttar i han. Han må beslutte og bestemme. Køyre nordover og krysse inn i Finland og Sverige. Eller reise endå lenger nord og inn i Russland, inn i det store og veldige. Og vil nabolanda ta imot folk utanfrå, menneske som berre skal farte rundt på måfå, utan mål og meining. Han svingar ut. Tek europavegen sørover.


Gradvis endrar landskapet seg. Trea blir høgare, skogen breier seg på vide moreneflater. Fjella meir massive. Snølause stup minner om ryggar på svarte, ustrokne mannsskjorter. Snømengdene veks dess lenger vekk frå kysten han kjem. Husa færre. Det ryk frå piper. Røyken leikar seg i lufta. Ein eldre mann dreg ein avfallsdunk etter seg fram til hentepunktet. Dyner heng til lufting på verandaer og gjennom opne vindauge. Driftsbygningar fer forbi, småskala næringsområde, med anleggsmaskiner parkerte utanfor. Eit uthus har ei blinkande julelyslenke på veggen. Han rullar gjennom bygder. Ein kafé, ein matvarebutikk, ein bensinstasjon, ein barnehage, ein skule, ein idrettsplass. Små samfunn, neddempa liv. Tunge hjul tett mot vanen. Vogntog med svingeskive. Einslege menn med last. Mjøl, dopapir, tannbørster, lyspærer, koppar, kar, vaskemaskiner, sement, vindauge henta frå Aust-Europa. Menn bak frontruta med dingeldangel, høgt 12


over bakken, langt borte frå kone og ungar. Fedre som søv bak ei gardin i pålagt kviletid. Han kjenner lufttrykket i rattet. Vanen skjelv idet semitraileren kostar forbi. Han lèt blikket sveipe, ser sollyset flaume over fjelltoppane, ser nutar og knattar, renner og kløfter kløyver landskapet, kjegleforma skredvifter ved fjellfoten, festar auga på den loddrette fjellsida som stuper og stuper.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.