Tollak til Ingeborg

Page 1



Tore Renberg

tollak til ingeborg Roman


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2020 ISBN 978-82-02-64562-5 1. utgave, 1. opplag 2020 Omslag: LACKTR Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: ScandBook UAB, Litauen 2020 Satt i pkt. 11/14 Adobe Garamond og trykt på 100 g Munken Premium Cream 1,3 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


1



brått rann blodet i kjeften, og eg spytta ei tann ut i handflata. Det hadde regna heile dagen, tungt og spylande, men no var seine kvelden kommen, og skyene hadde tømt seg. Eg kjende smaken av jern på tunga, eg svelgde og harka, eg såg månen bak stoveglaset, han hang halvskoren over Vestmarka. Ikkje så mange vekene att av november. Eg gjekk til leselampa, den Ingeborg alltid slo på etter at vi hadde ete middag, lyset ho sat under, kvar dag, bøker, aviser, lesande kvinne. Eg førte handa inn i skinet. Det var ein av jekslane i overkjeften. Munnblodet, vinraudt og friskt, rann i små elvar over emaljen. Eg gjekk til badet ute på gangen, bøygde meg over vasken, spytta. Meir blod. Eg løfta hovudet og studerte ansiktet mitt, det gamle ansiktet, fòrene kring auga, den breie overleppa, det strie skjegget; eg har aldri likt å glane på meg sjølv. Eg drog tunga over tennene, kjende etter der tanna hadde hatt bustad sidan ho ein gong slo rot. Eg opna spegelskapet og nappa ut ein bomullsdott frå ein pose. Den er Ingeborg sin, eg har ikkje rørt noko etter henne. Eg ville stappe bomulla oppi tannhòlet, men det kom meir blod. Eg spytta igjen, nakken reiste seg, eg klemde tanna mellom peikeog tommelfingeren, endå meir blod, tankane jaga etter kvarandre, og sakte, som om eg trekte ein stige opp etter meg, forstod eg kva som var i emning. Det var onsdag i førre veke, dette. Eg er Tollak til Ingeborg. Eg høyrer fortida til. Eg har ingen planar om å finne min plass nokon annan stad. 7


kva er klokka? Halv fem. Eg har ikkje sett nokon dyr i dag, dei har halde seg i ly for regnet. Ja. Så er det ikkje nokon veg tilbake. Dei svarte hundane jagar meg ned. Det mørknar, ser eg. Tunet, floren, sagplassen. Vestmarka, Sørfjellet. Omgivnadene mine i eit heilt liv. Snart ikkje synlege som anna enn skuggar. Snøen ville gitt noko varme til denne lysfattige plassen, men han er enno ikkje kommen, det er for tidleg. November. Kva var det Ingeborg pleidde å seie? Det er den tynne tida på året, Tollak. Ja. Hausten blomstrar av, vinteren må vente. Ho snakka fint, Ingeborg, eg lærte mange ord og vendingar av den kvinna. Vi har berre denne tida saman, Tollak, du får vere god med meg. Ja. Slik var det. Eg elska henne så høgt som nokon mann har elska ei kvinne, og eg forbannar helveteskreftene som tok henne ifrå meg.

8


lyset rustar der ute. Det er kaldt i huset. Eg får slenge nokre kubbar innpå peisen. Han brenn berre halvgodt, denne veden, det er mugg i han. Eg har vore slarven med tørkinga dei siste åra. Det var eg aldri før. Ho Ingeborg var frosen av seg. Gjekk alltid og trekte strikkejakka tettare om brystet. Eg kan høyre stemma hennar: Legg du i litt, Tollak? Eg la i. Noko seinare på kvelden: Er det glør der, Tollak? Ungane fraus òg. Spesielt ho Hillevi, tynnhuda jente. Høyrde ikkje anna då ho var lita. Det er så kaldt i huset. Kle på deg, då, sa eg. Far min bygde det slik, han meinte hus skulle ha god lufting. Dei kjem snart no. Hillevi og Jan Vidar. Eg ringde torsdag morgon. Dagen etter at eg spytta ut tanna. Eg bad dei komme opp i dalen. Heim. Tida er kommen, slik eg ser det. No som eg ikkje har lenge igjen. Dei har gått i uvissa lenge nok. Oddo.

9


mi ingeborg. Eg kan sjå ansiktet hennar. Det var godt skapt. Eg kan sjå stega over golvet og korleis dei forplanta seg, svaiande, i hoftene. Eg kan sjå ryggtavla, korleis ho bukta seg. Eg kan høyre lyden av stemma hennar, den hadde djupne og luft i seg: Du seier ikkje stort, du, Tollak. Av og til sa ho det med kjærleik. No og då med fortviling. Ein gong iblant med sorg. Ofte med irritasjon. Ho hadde rett til å seie det. Eg er ikkje stort til snakkemann. Ein kveld for mange år sidan kjem til meg her eg står framfor vindauget. Det var i den tida Hillevi og Jan Vidar gjekk i småskulen. Ungane hadde sovna, og vi låg i senga, Ingeborg og eg, menneskekropp attmed menneskekropp. Vi var varme og fæle etter å ha vore hos kvarandre. Vi var slik, Ingeborg og eg, tulla oss til som to dyr og kunne helst ikkje for det. Eg tenker på det støtt. Ho likte alltid å vere hos meg, eg likte alltid å vere hos henne. Denne kvelden kan eg sjå klart for meg. Eg hadde ete av henne, og ho hadde drukke av meg. Eg låg på rygg og kjende meg som eit slakt, men brått fekk eg liksom praten over meg. Du Ingeborg, sa eg og vende hovudet. Ho låg med attlatne auge, nokre hårtustar hadde klistra seg til den olivenfarga huda, og eg syntest ho var stas å sjå på. Det gjorde eg støtt. Dei såg det nok, grannane i dalen, kor stolt eg var av kona mi. Jaaa? 10


Ho drog på lyden, dovent. Det er ikkje slik, sa eg, at om eg ikkje seier stort, så er eg ordlaus. Ho opna auga. Rørte på hovudet og såg på meg. Eg veit det, sa ho. Inne i meg, heldt eg fram, ja, eg skulle snakka og snakka den kvelden, inne i meg er det ein heil del ord. Eg veit det, sa Ingeborg og greip handa mi, eg har alltid meint eg kan høyre dei orda som er inne i deg. Det kan du ikkje, hugsar eg at eg tenkte, men eg sa det ikkje. For så godt kjenner eg deg, sa Ingeborg, veit du det, Tollak? Eg nikka, for ho var fin og sann der ho låg, men inne i meg tenkte eg: Nei, no går du for langt, ingen kjenner meg. Eg meiner å hugse at ho lo. Ho hadde lett for å le, kona mi. Eg ser for meg at låtten alltid låg klar i brystet, og fekk han ein sjanse til å komme ut, då var han ikkje vanskeleg å be. Sjølv har eg ikkje så lett for å le. Eg har undra meg på kva det er. Eg får det helst ikkje til. Noko stansar meg. Ein rykk i musklane kring munnen. Noko seier meg at eg skal halde igjen og ikkje gjere meg til spott. Det skil ingen. Men akkurat når det gjeld ho Ingeborg, har eg dårleg samvit for det. Henne kunne eg godt ha ledd meir i lag med. Dei andre bryr eg meg lite om. Ja, ja. Anger gjer ikkje om på fortida. Eg går nærmare glaset, speidar ut over tunet. Det er lys i floren. Oddo. Han sit der oppe. Eg har ikkje sett han sidan i dag tidleg. Han hadde ein roleg morgon. Han veit ikkje at dei kjem.


omklamra som to krelande ormar låg vi der. Veke etter veke, år etter år, det er slik eg hugsar oss, Ingeborg og eg. Eg slo knokane i går kveld. Litt halvstygt, ser eg. Eg er ikkje så sterk som eg var ein gong. Knea, ikkje golvplankane, knirkar når eg går gjennom stova, tida har tatt sitt. Eg smelte neven i døra oppe i andre etasje. Berre hamra han inn i treverket. Før i tida ville knokane mine ha tolt det. Ikkje så godt no lenger. Dei kjem snart. Hillevi og Jan Vidar. Den flammande dotter mi, den seige sonen min. Eg får ta til å snakke. Dei har rett på å vite kva som hende. Flaska mi står i skapet, og eg kunne tenkt meg ein støyt, men eg skal la vere i dag. Vestmarka går i eitt med mørket no. Dei svarte hundane jagar meg ned, Ingeborg. Eg skulle gjerne halde om deg, slik som før.

12


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.