Kjersti Kollbotn
Taxi!
© CAPPELEN DAMM AS 2011 ISBN 978-82-02-36624-7 1. utgave, 1. opplag 2011 Omslagsdesign: Bolt Designstudio / Anita Myhrvold Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: ScandBook Falun AB, 2011 Satt i 10,5/13,5 pkt. Sabon og trykt på Norbook Cream 80/1,6 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndragning og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no
1
Kunden nøler i baksetet. Akar seg til slutt ut og blir ståande lent mot bildøra før han går gangstien innover den velstelte hagen, mot den kvite villaen. Han spankulerer som ein stork. Beina heng som to pinnar under ein svart, lårkort frakk. Ganglaget hans minner om ein som går i høgt gras. Eg ventar for å sjå om han kjem seg i hus. Mannen skiftar stadig retning, først til den eine sida, så til den andre, sjanglar ut på plenen og inn på stien att. Trass i vinglinga held han fram med den kantete gangen. Han har berre nokre meter att til inngangsdøra, då han dett over ende og blir liggande med ansiktet i graset. Eg brettar ut femhundrelappen han betalte med. Sjølv om taksameteret stoppa på to hundre og trettifem kroner, sa han eg berre skulle behalde resten. På turen frå sentrum hadde det kome grynt frå baksetet, ei slags knurring, sjølv om mannen ikkje verka aggressiv eller på noko vis oppførte seg truande. Knurringa var meir som gråt han ikkje heilt fekk taket på. Setelen finn vegen ned i lommeboka medan eg følgjer med på passasjeren som buktar seg i graset som ei åme. Kontrasten mellom det kravlande mennesket på bakken og den påkosta eigedomen er slåande. Munnvikane mine dreg seg opp i eit smil. Eg set bilen i fri. 5
Singelen knasar under solane då eg listar meg opp stien. Ein hund bjeffar i det fjerne, og frå eit av dei store trea midt ute i det trimma graset, høyrest harde krafs. To feite ekorn rasar etter kvarandre opp og ned og rundt stammen. Den fulle ålar seg vidare. Hunden bjeffar ikkje lenger. No er det berre ekornklørne mot borken som bryt stilla. Og smattinga til gnagarane, som harde, korte klikk. Himmelen over er lyseblå, nesten kvit. Om nokre timar er det morgon att. Idet eg er like ved mannen, snur han hovudet mot meg, vrengjer auga og snerrar lågt at eg ikkje skal ta i han. Eg seier ingenting, løftar berre hendene, bøyer ut handflatene, sprikjer med fingrane for å signalisere at eg tek hintet, og trekkjer meg samtidig eit par skritt tilbake. Med eit krafttak stablar han seg opp i ståande ved eiga hjelp og tek til å gå dei få meterane mot huset. No er det ingenting att av det stive ganglaget, no sleper han kroppen sin det siste stykket fram til inngangsdøra. Ei stund fiklar han med nøklar og lås, til slutt gjev han opp og støttar seg mot ringjeklokka. Han står slik til ei kvinne opnar. Eg ser ho søkk saman som i lette inne i den raude kjolen, slår armane rundt den framoverbøygde mannen og dreg han inntil seg. Så forsvinn dei inn døra, smelta saman til eitt. Eg pirkar i plenen med eine skotuppen. Rullar munnkjøtet mellom tennene. Hendene flyt djupt i lommene på den vide, blå taxibuksa, klam mot låra. Eg stirer på det lukka huset. Og huset er mutt rundt mannen og ho som klamrar. 6
Huset vernar sine. Vernar alt mylder. Rugar som ei svær, brusande, kvit høne. Ekorna hoppar over stien like ved føtene mine då eg snur meg og går tilbake til bilen. Dyra stansar på plenen eit stykke borte og tek til å pusse pelsen. Dei korte framlabbane skrubbar bak i nakken, rundt øyra og framme på dei kremgule, runde magane. Labbane liknar stubbar som på thalidomidskadde. Halen er ein raudbrun sprut ut mellom dei kraftige bakbeina. Gnagarane stirer på meg frå rotteansikta. Dei utståande auga er svarte og blanke og fyller halve fjeset. Eg tek eit skritt inn på graset og ropar «bø!». Ekorna fell ned på alle fire og stiller seg som klare til åtak. Eg ler, trekkjer på skuldrene og går ut av hagen. Ved bilen snur eg meg og ropar «bø!» ein gong til. Ekorna står som før og lèt seg ikkje vippe av pinnen. Då eg set meg inn bak rattet, er dyra i gang att med pelspussinga. Gjennom eit vindauge i huset skimtar eg mannen og kvinna som står urørlege og held rundt kvarandre. Ingen nye oppdrag har tikka inn medan eg såg passasjeren trygt i hus. Eg legg armane rundt rattet og plasserer haka øvst, der hendene møtest. Ser eit avisbod springe i sikksakk mellom postkasser. Lokka slamrar, og ei kasse som heng berre i ein skrue, vrir seg på skeiva, ut av vertikal posisjon. Snart er avismannen borte og gata tom. Natta er varm til å vere seint i september. Eg knepper opp dei tre øvste knappane i blusen, dreg stoffet ut frå kroppen, bøyer hovudet og blæs ned i det klamme rommet. Det tynne, kvite stoffet slepper lys igjennom. To spinkle puppar heng lette i behåen. Magen er liten 7
og glatt, utan valkar eller feittgroper. Ein sveittedrope sig nedover, legg att ei våt stripe. Dropen er tømd idet han når beltet. Eg knepper blusen att. Spegelen fangar to blå, natttrøytte auge, eit usminka, bleikt ansikt under rett, halvlangt, lyst hår. Øyreflippane er utan pynt, halsen mager og naken, leppene tynne, og nasen er liten og symmetrisk. Vakta mi er over om ein times tid. Eg tenner lediglampa og køyrer tilbake i retning sentrum. Hovudet mitt ligg tungt mot nakkestøtta. Enno er natta natt. Enno held natta morgonen i munnen, og natta svelgjer og svelgjer lyset som likevel eser under tunga, eser ganen, eser og gjer tinningen tynn og svak, og svelget tjukt. * Du var frøet i den flate buken. Du festa deg og tok til å vekse. Blafra med lemmene allereie ved tretten veker. Så svulmande svær og umetteleg, tenkte eg. Og ved veke førti: Du vart fødd. Ein flott gut! gjalla det i klinikkorridoren. Folk fylte rommet med langstilka bukettar i glade fargar. Ekkoet gjennom alle vintrar: Ein flott gut!
2
Natta er ein svart okse som stuper tung mot jorda. Og lyset strøymer ut gjennom den opne mulen, snor seg langs bakken, breier seg utover, flak på flak på flak. Auga mine klør mot morgonen i frontruta. Armane følgjer rattet som heng fast i stammen. Ei jente går med tronge, raske skritt under greinene med rognebær som heng ut over fortauet. Jenta har eit hol i strømpebuksa øvst på låret, like under skjørtekanten. Holet har opna ei flengje i nylonstrømpa. Flengja strekkjer seg nedover, forbi kneet og heile leggen mot hælen. Jenta dreg ei stor handveske etter seg. Ho ser stadig vekk bakover, mistar litt av balansen idet hovudet snur enten den eine, eller den andre vegen. Ingen følgjer etter henne. Likevel vrir ho skallen ut av stilling lik ei dør som kan svinge til begge sider. Eg sakkar farten, men ho som streifar, ensar meg ikkje. Små jentebein jagar gatelangs. Eg lèt jenta fare. Ingenting truar henne. Ein ung gut kjem syklande opp på venstre side av bilen. Han snur seg og ropar eitkvart eg ikkje får tak i, 9
før han skyt fart forbi, svingar av ned ein bakke og blir borte. * Eg er Marit, førtifire år. Gift med Jens, førtiseks. Mor til to: Aksel, snart tolv. Og Solfrid, som er seksten. Ho minner meg om at alt ein gong var godt, at vi var tre lukkelege menneske. Med dagar som var friske og reine, dagar med sol og varme, og dagar med regn som lukta godt, og dagar med snø då vi lo og var saman og ikkje kunne kome kvarandre nær nok.
3
Haldeplassen ved torget er tom for drosjer. Heller ingen passasjerar ventar på tur. Eg stiller meg opp. Ei jente svaiar for seg sjølv ved ein skiltstolpe. Nokre ungdomar tyner ein måseunge som enno ikkje er flygedyktig. Den klumpete fjørkroppen flyttar seg så fort han greier, og inga måsemor er der og stuper mot dei som plagar. Eg tenkjer at ungen er for seint ute, sommaren er over, og han ligg tynt an. To kvinner på ein benk deler ein sigarett. Kvinnene sit med beina frå kvarandre og viser fram skrittet. Den eine har digre, sommarbrune lår som fløymer utover. Ein eldre mann sparkar til ei avfallskorg festa i eit stativ. Han sparkar igjen og igjen med harde knall. Håret er grått og langt. Siklet heng ut munnen, og pusten går tungt. Larmen frå brystkassa hans når inn til meg gjennom det opne vindauget. Vi er nattresten, tenkjer eg. Det er vi som held natta i nevane. Dei unge gutane bruker ungen som ball no. Dei svake vengjene baksar kast i kast bortetter. Eg tutar. Ein kort, liten støyt i hornet. Ungdomane stansar opp og ser mot meg. Og jenta og kvinnene og mannen. 11
Alle ser mot meg, og alt er ro. Eit smil breier seg over ansiktet til den eine guten. Han har eit godt smil, rekk eg å tenkje, før han tek fart, hoppar og landar med eit telemarknedslag. Gutane ruslar vekk i motsett retning. Kadaveret blafrar med eine vengja. Eg puttar eit drops i munnen. Søtsmaken flyt ut over tunga. Jenta, mannen og dei to røykjande kvinnene kjem imot. Jekslane mine lukkar seg om dropset. Så står dei samanklumpa utanfor, heilt inntil bilen. Som tiggarbarn. – Du skulle ikkje ha tuta. Den største av kvinnene bøyer seg ned. Blæs røyk. Overleppa hennar er rynkete som eit museband. – Nei, det skulle du ikkje ha gjort. Mannen pesar. – Du skulle ikkje ha tuta, apar han. – Ja, faen, kvifor gjorde du det? Jenta svaiar framleis. Stemma hennar er lys og skingrande. Tungespissen finn krateret bak hjørnetanna til venstre oppe i kjeften. Kantane rundt gropa er skarpe. Eg spyttar og tømmer munnen for drops, emalje og amalgam. I handa ligg blandinga i ein blank pøl. Døra på andre sida går opp. To fjes bøyer seg inn og spør på engelsk om eg er ledig. Eg nikkar, og dei smett inn i baksetet. Dei ville kjenne på snø, seier dei, om eg kan hjelpe? Eg nikkar igjen. Høyrer knaset av fugl. Knaset av tenner. 12
– Kvifor måtte du tute? Jentestemma er ein spiss i øyret rett ved. Den langhåra går bort til den øydelagde ungen, løftar han etter begge vengjene og slepper kroppen ned i avfallskorga. Eg vrengjer bilen ut frå haldeplassen og gjev gass. Tunga roterer i holet. Rundt holet. Leitar etter fleire tapte tenner. Passasjerane i baksetet er unge, dei ler og er fulle av liv. Dei er frå Tanzania og fortel at dei er her på konferanse. Dei er marinbiologar, begge to, får eg vite. Eg har ikkje spurt. Eg sender dropspakken bakover og spør om dei vil ha. Vegen svingar oppover mot fjellovergangen. Tett innunder det bratte henget ligg ein rest av vinter, ei grå fonn. – Der borte, seier eg og peikar mot berget. Mannen og kvinna går ut av bilen og spring mot snøen. Dei spring side om side utan å vere borti kvarandre. Kvinna i eit tettsitjande, raudt skjørt, med grøn bluse stappa nedi. Mannen i svart, trong bukse, med blå skjorte hengande laus over. Dei spring mot fonna og stuper framover med glade hyl. Ho hyler høgast. Så tek dei til å kaste snø på kvarandre, og dei veivar og ropar på meg, vil ha meg med. Eg står ved bilen, smiler og vinkar avverjande. Lèt berre blikket fare innover fjellet som flyt i grålysninga. Passasjerane er på veg tilbake. Dei spring ikkje lenger, dei går sakte kvar for seg, han eit stykke framom henne. Framme ved bilen ser eg at dei har våte flekkar på kleda, og snø har festa seg i det tjukke, tette håret til man13
nen. Vassdropar dinglar i korketrekkjarkrøllene hans. Kvinna set seg i passasjersetet, og eg kan sjå at ho har gråte. Han set seg inn bak. Eg tenkjer at han må trøyste henne. At han må bøye seg fram og kviskre det ho vil høyre inn i nakken hennar, under det kraftige håret. Kviskre at alt kjem til å bli bra, om det er det ho vil høyre. Kviskre at det berre er dei to, som før. Han må la noko som kan gjere henne glad, renne ut mellom dei svulmande leppene sine. Men han i baksetet er berre grå under den brune huda. Tennene i overkjeven klemmer den tjukke leppa flat. Og no græt ho. – You cannot cry here. Ho græt høgare. – She cannot cry here. In my car. Eg snur meg bakover. – What is the problem? – Make her stop. – I cannot. – Make her stop or you will have to walk back. Eg svingar ut i grøftekanten og stansar. Går ut. Går på do bak ein stor stein. Ingen seier noko heile vegen tilbake til byen. Då eg spør om dei vil ha eit drops til, takkar dei nei. Eg puttar eit i min eigen munn. Klokka tikkar mot fem. Eg slepper passasjerane av ved torget, seier adjø og køyrer vidare. Lediglampa lèt eg vere sløkt.
4
Siste turen er over. Sentrum ligg audt, berre eit par turistar er å sjå. Dei har stilt seg opp ved statuen utanfor rådhuset og tek bilete av kvarandre. Begge er mørke i håret og har bollesveis. Eg køyrer ned mot hamna, svingar ut på terminalområdet. Tek eit par rundar før eg stoppar, lèt motoren gå på tomgang. Hamneområdet er tomt for menneske. Bildekkfenderane skrik frå skutesida til eit stort seglskip som ligg til kai. Nokon kjeftar på eit språk eg ikkje forstår. To menn og ei kvinne kjem rundt hjørnet på eit av kaiskura. Det er mennene som bruker munn. Kvinna snublar mellom dei og ser ut til å vere svært ung. Då dei nærmar seg, skrur eg på radioen. Den eine mannen, ein skalla kar i singlet, bøyer seg inn vindauget. – Something wrong? Eg svarar at eg berre står her og slappar av. – Just relaxing, seier eg. – Ok, ok, seier han og klappar utolmodig på biltaket, tek tak i jenta og dreg henne med seg ut av syne. Ho dinglar i armen hans som ei dokke. Nattønsket sender helsingar utover landet til menneske som er vakne. Programleiaren snakkar til alle som av 15
ein eller annan grunn ikkje søv. Du skal ikkje sova bort sumarnatta, seier ho med mjuk og djup nattrøyst. Straks etter strøymer melodien ut gjennom høgtalarane. Eg skrur av og køyrer mot villaområdet sør for sentrum. Hagar, plenar, steinbed, rosebusker, hekkar og hus fer forbi. Nokre hus er små, nesten usynlege innimellom treklyngjer. Andre er store med vindauge som dekkjer heile veggar. Fluktstolar og parasollar står klare til neste dags bruk. Eit hagebord ligg velta inn mot ein mur. Ei hengekøye er spent ut mellom to tre. I ein av hagane har eit selskap gått frå ein urydda fest; glas, pappkrus, flasker, tallerkenar og bestikk ligg strødde på bord og benker og utover plenen. Det ryk enno frå mat på grillen og eg køyrer igjennom lukta av svidd kjøt og brent feitt. I neste hage heng ein gul, ermelaus kjole på ei klessnor, og ved sida av tørkestativet, i ein hagesofa, har nokon lagt seg til å sove under eit rutete pledd. Eit par herresko med spisse tuppar peikar mot himmelen. Ein grå katt sit på ein trampoline og slikkar seg. I aust står fjella svarte mot den lyse himmelen. Byen ligg framleis i skugge. Sola har berre nådd dei høgaste toppane. Om kort tid vil dei som bur her, både dyr og menneske, kome veltande ut dørene og ta alt i bruk: søppeldunkane, postkassene, plenklipparane, bilane, syklane, sandkassene, hundehusa, katteskålene og kontorbygga, byggeplassane, butikkane, stillasa, kaféborda, drosjene, flya og båtane. Menneska vil strøyme vekk og kome tilbake til kvarandre, seinast i kveldinga, og dei vil ete i lag og vere saman, legge seg, sove tett omslyngde, stå opp og ta til att på nytt. Og på nytt. 16
Eller dei vil gå ut døra for aldri meir å vende heim. Og kattar vil vente, og ungar vil vente, og hundar vil klynke etter matmor. Postkasser blir fullstappa, graset vil vekse, blomar visne, kjærastar, foreldre, barn blir ståande ved vindauget og speide. Vinteren vil kome og legge seg bleik og tung i hengekøyene, over hekkane og i båtane, på klessnorer, på steinbord og i verandakasser og fluktstolar. Og ingen lagar spor inn porten og fram til døra. Sebrastripene ligg kvite og feite i den glinsande asfalten. Bilen trillar lett bortetter nyasfalterte flater, alle hol og sprekkar er borte. Eit arbeidslag frå entreprenørfirmaet Stig Johansen & co. merker fotgjengarfelt. Eg tenkjer dei er som måseungen: for seint ute. Nylagde sebrastriper skal ha den varmaste årstida framfor seg. Det eine køyrefeltet er stengt med kjegler for å hindre bilane i å dra med seg gummiblandinga før stripene har tørka. Ein av arbeidarane gløttar inn i bilen min idet eg køyrer forbi. Eg smiler til han, oss nattarbeidarar imellom. Han ser glad ut. Er slank og sterk i oransje bukse og kvit T-trøye med oljeflekkar. Trøya strammar over brystkassa. Håret hans krøllar seg i nakken. Han legg ut sjablongane, siktar og rettar opp slik at stripene blir beine i lengderetninga. I spegelen ser eg han står og kikar etter bilen min medan han dreg lua av og tørkar seg i ansiktet. Han minkar og minkar, og så blir han borte idet han bøyer seg ned bak merkemaskina, og eg svingar inn i ei gate som er skilta «stengt for gjennomkøyring». Eg lèt bilen sige av garde. Langsetter, delvis utanfor asfalten, i ingenmannsland mellom gate og plen, står 17
bilar parkerte. Eg svingar ut av gata att og køyrer tilbake mot sentrum, forbi 7-Eleven, der eg kjenner att eit par kollegaer som er på veg ut døra med nattmaten i nevane: pølser i brød med potetsalat. Begge held den eine handa under medan dei fører pølsa med tilbehøret mot munnen. Noko vil alltid ramle av, fordi brødet er overfylt og majonesdressingen gjer pølsa upåliteleg. Det glepp for den eine denne gongen også. Han fangar pølsa med neven han har klar under, så dyttar han pølsa tilbake i brødet og set tennene i henne. Eg helsar ved å løfte handa til tinningen, som om vi skulle ha eit militært fellesskap og ikkje er sjåførar i Din Taxi. Begge viftar tilbake. Eg tenkjer at helsevesenet ein gong, kanskje om ikkje så lenge, må ta hand om feittet som hopar seg opp i krikar og krokar, festar seg på hinner og overflater og vil hindre blod og andre væsker i å flyte fritt. Og ein dag blir hjartet ståande og stampe i ein seig masse, til det går i stå og heilt sluttar røre på seg, eller berre blir liggande og skjelve. Kanskje det skjer på eit tidspunkt bak rattet. At sjåføren vil sige sidelengs, enten ut mot døra på førarsida eller innover i bilen mot passasjersetet. Og om det er kundar i bilen, vil dei kanskje prøve å få liv i han ved å rope: VAKNE! VAKNE! Rive i taxigenseren bakfrå. Alt til inga nytte. Og bilen vil rulle av garde til atten hundre kilo stål og aluminium stansar av seg sjølv. Bilete flimrar gjennom hovudet mitt medan eg køyrer ut av sentrum att, forbi kyrkja og kyrkjegarden som ligg på ei høgd, ned bakken på den andre sida, og blinkar inn i gata som fører over brua til det store bustadområdet på nordsida av elva. Husa her er mindre prangande, dei fleste meir eller mindre oppgraderte husbankhus frå syttitalet. 18
Ein bil av same merke, modell og farge som den Jens køyrer, ein Hyundai, står parkert inntil veggen ved eit blått toetasjes hus med svær balkong. På rekkverket heng blomsterkasser i ei lang rekkje. Plantane er friske og fargerike. Nummeret på huset er åttiåtte. Tala er runde og svære, som var dei utforma for svaksynte. Eg bremsar og strekkjer hals for å få tak i skiltnummeret, men to avfallsdunkar står i vegen. Eg har leita etter andre kvinner. Jens har sagt at andre kvinner ikkje finst, og at det er derfor eg aldri finn nokon. Han ler når han kommenterer jakta mi slik. Han meiner eg jaktar for moro skuld. Når han seier dette, trur eg på han, men det varer berre ei lita stund, så finst dei likevel, dei andre. Av og til ber Jens meg om å halde fred. Han seier det oftare no enn før. I det siste har han også sagt at han ikkje kan garantere kva som vil skje om eg held fram. Bilen skyt fart idet eg girar opp og trakkar på gassen. Bak varehuset stansar eg. Parkeringsområda mellom dei store bygningane er tomme. Eg ser utover parkeringsplassen, trekkjer pusten, tenkjer at no finst dei andre, no finst ho, likevel. Den eine handa finn vegen ned til skrittet. Trailerane står oppstilte på ei rekkje i utkanten av handelsområdet, som ein karavane. Sjåførane søv i alkovene bak gardinene. Enkelte netter kjem bilar med ungdomar hit. Dei plasserer bilane tett inntil kvarandre, snakkar gjennom opne vindauge og spelar musikk. Av og til kjem politiet og jagar dei bort. 19
Nokre par kjem for å pule. Dei finn seg ein plass der dei trur at ingen ser, men dei er godt synlege likevel. Snart vil dei første kundane svinge inn på området, nokre målretta og med handlelister, andre berre for å traske rundt på måfå i dei enorme og nesten endelause lokala der ein kan kjøpe alt muleg som er frakta hit frå heile verda. Eg tenkjer at det ville ha vore fint å vere ein av desse med lang handleliste, eller ein av dei som skal på kafé og kanskje berre kjøpe nokre småting i ein av butikkane. Klokka er halv seks. Eg bruker gå ut av bilen, trakke litt rundt, tøye musklane, drikke eit beger kaffi og lese avisa eg har kjøpt på bensinstasjonen. Eg bruker også tenkje på kundane eg har hatt gjennom vakta. Eg kviler meg i livet deira. Fjernar søppel og eigedelar som dei har gløymt å ta med seg. No blir ingenting av dette gjort. Eg startar berre motoren og køyrer heimover.