I 1904, i amerikanske St. Louis, blei gull, sølv og bronse delt ut til OL-utøvarane første gong. Kvifor akkurat desse metalla? Kom ideen frå USA? Eller strekker inspirasjonen seg heilt tilbake til antikken? Gudmund Skjeldal fekk andreplass på femmila i Holmenkollen 1993, og gir oss ei personleg inngang til idéhistoria om gull, sølv og bronse – som også blir historia om amatøridrettens vekst og fall.