Eli Fossdal Vaage
Hekla myter D IK T
I
Ho elskar å fortelja om då ho blei fødd om han som slo hol med åra tråkka uti, spente ifrå rodde om kapp med døden over ein islagt fjord Stilla i rommet då dei trådde inn, fødekona og faren til ingen nytte her fanst ikkje teikn til liv Kanskje trong ho berre tenkja seg om ein gong til før denne blendande spolen av fargefilm å kopla seg på eller av spann vidare, ei anna retning Kvar var vi på veg, søsken? Og til kva for ei rett tid kom den avgjerande rørsla det første skriket som henta håpet inn att i stova meg og alle mine inn att i verda
7
II
Dei svøpte barnet, og la henne i ein margarinkasse vaska kroppen med bomull bløytt i geitemjølk og olje Det sovande andletet skremde dei minna dei om kva som kan forsvinna kva som kan koma til å skje
8
I II
Ho voks seg ut av kassen inn i hjarto til dei omkring opp i senga til foreldra blei ein unntakets unge overgitt til vaksne kvinner seinare til unge gutar utan Gud
9
IV
Visse triks lærte ho tidleg Kaldt vatn fjernar eggeprotein, mjølk, fastsvidd saus Feitt kan smeltast for så å skyljast ned i vasken Grønsåpe, klor, tårer tar flekkene
10
V
Så sa ho ein vårdag endeleg sitt Ja reiste seg, la ned handarbeidet ho sat med, gjekk mot han som bad henne koma Frå vindauga såg ho enga ho leika på som barn nokre lauvtunge eiketre det kvitmåla huset i bakken ovanfor før til sist sletta som førte heim like inn i den tette, mørke skogen
11
VI
Ho hadde ei mor som ho strauk over kinnet til farvel Ho hadde ein far som såg vekk då brudgommen kom Ho hadde små systrer som hadde lært seg å plystra og å be Ho hadde ein hund som berre lydde henne og ein ungdom som hang att på loftet då ho flytta ut Men kven kan nå seg sjølv att i døra be ho som står der, reiseklar, om å bli Seia hugs meg, syster Skriv meg eit brev frå framtida vår
12