Ein vakker dag er vesle Feisbukk blitt den største og sterkaste bukken i Våtedalen. Ja, i heile verda! Geitene er galne etter han. Men Feisbukk går berre og trakkar for seg sjølv. Han bryr seg ikkje om å leike med geitene eller stange med dei andre bukkane. Ein morgon klatrar han heilt opp til Tindefjellet. Feisbukk må passe på sola og vinden og regnet, slik at graset kan vekse og dei andre bukkane kan overleve nede i dalen. Eller … er Feisbukk berre verdas største tullebukk?