Skip to main content

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu IV av Oddgeir Bruaset

Page 1

ODDGEIR BRUASET

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU iv FOTO: TOR SIVERTSTØL

98101_der ingen skulle tru_.indd 3

26/09/14 10:47


4

98101_der ingen skulle tru_.indd 4

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU

26/09/14 10:47


Orda kan stå som eit motto for dei avsides­ liggjande gardane. Gjestfridommen er stor, og stilla som rår, gjev fred i sinnet. Tavla heng på ein vegg på Skifterud.

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU

98101_der ingen skulle tru_.indd 6

26/09/14 10:47


FORORD w

I forordet til den tredje boka som er bygd på fjernsynsserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», slo eg fast at ho truleg ville bli den siste i rekkja. På det tidspunktet, våren 2012, trudde eg at eg var ved målet. Eg hadde arbeidd i NRK i meir enn 40 år, eg hadde halde på med soga om utkantfolket i 10 år og laga 60 program, og eg hadde nådd pensjonistalderen. Det var tid for å gje seg. Då fekk eg ein førespurnad frå NRK. Kan vi ta ein runde til? Eg snakka med mine næraste, og etter litt omrømmingstid vart det til at eg gjekk på nok eit år. Eg likte å reise og sjå nye stader, møte nye menneske, og eg syntest det gav meining å kunne fortelje om dei som aldri har komme til orde, men som har noko å seie oss. Året etter vart både spørsmål og svar repeterte. Dermed sat eg med eit dusin historier eg ikkje kjende då førre bok vart skriven, og mange av dei var blant dei mest interessante eg hadde fått del i. I tillegg fanst det flei e eg kunne ha ønskt å skrive om, frå tidlegare år, men som det av ulike årsaker ikkje hadde vore rom for. Ut frå dette syntest eg det var god grunn til å skrive ei fjerde bok. Bøkene gjev betre plass enn TV-programma, og derfor vil ei skriftleg framstilling kunne fortelje

mykje meir om stadene og menneska enn det eit halvtimes program kan gjere. Boka gjev innsyn i forhold som knapt er nemnde i programma. Soga om kvar stad er ikkje teikna som eit glansbilete. Dei mørke sidene lyt ha ein like rettkommen plass som dei lyse, om historia skal bli sannferdig. Sjølv om det for mange har kosta å gje eit realistisk bilete av historia om staden og livet dei lever, har alle sagt seg villige til å vere med. Eg takkar for den tilliten dei med det har synt. Til vederlag vonar både dei og eg at deira val og verdiar, haldningar og tankar kan vere lesaren til nytte. Takk også til alle dei som har gjeve oss tilgang til private foto. Dei nye bileta er, no som før, tekne av Tor Sivertstøl, mannen som også har stått bak kameraet under dei fle te TV-opptaka. Eg vonar boka vil gje lesaren gode stunder og tankevekkjande møte med dei som lever der ingen skulle tru …

Ålesund, september 2014 Oddgeir Bruaset

FORORD

98101_der ingen skulle tru_.indd 7

7

26/09/14 10:47


SÆTERSTAD w Småbruk med geitefjøs og fiskefjøs – og salt frå Himalaya

HO STÅR OG PAKKAR KAFFIOST, store mengder kaffi

t. Oppskrifta har ho lært av gamle grannar i grendene her inne på indre Helgeland. Men om oppskrifta er lokal, sender ho osten ut til heile landet. I nabohuset, dei kallar det fiskefjøset, står mannen og fangar røye med håv. Det er eit fjøs utan krøter på båsen, men med flust med fisk i kummane. No er det haust, og det er tid for å tenkje på julematen. Mannen har alt vunne flei e heiderstitlar for rakfisken sin. Men det såg ikkje slik ut då han for ein mannsalder sidan slo seg ned på småbruket som var til sals. Løa, fjøset og stovehuset var i dårleg stand, og dei 50 måla med dyrka mark var lite å leve av. No rømmer tunet ei rad staselege bygningar, og aktiviteten blømer.

Sæterstad gard i Hattfjelldal har totalt endra utsjånad og innhald gjennom den mannsalderen Siri Kobberrød og Knut Kastnes (over) har regjert her. Paret produserer ost og fisk i ulike variantar, dei driv gardsturisme, og dei har jamvel eit uvanleg helsetilbod å gje.

98101_der ingen skulle tru_.indd 9

26/09/14 10:47


Knut Kastnes er utdanna biolog, og under hovudfags­ studiet budde han i eitt år åleine i ei fangsthytte på Svalbard. Målet var å studere livet til villreinen. (Biletet er utlånt av Knut Kastnes)

GUTEN SOM VILLE BLI SAME Knut Kastnes var bygut. Han var fødd i Vadsø i 1951, og han voks opp i Bodø og Mosjøen. Men byguten vart gardbrukar, endåtil i utkanten av utkanten. I barneåra i Mosjøen sat Knut ein kveld i kinoen og såg ein film om samejenta Laila. Han vart fascinert av det frie livet som jenta frå vidda levde. Etter det hadde han eit mål med livet. Han skulle bli same! Då det etter kvart gjekk opp for han at det ikkje var så enkelt å nå målet, skifte han kurs. Heilt til han nådde tenåra, hadde han kvar sommar feriert på garden til besteforeldra i Kastneshamn i Dyrøy. Der hadde han teke del i gardsarbeidet, og han hadde likt det. No skulle han bli bonde, ein ny Isak Sellanrå. Like fullt gjekk vegen mot eit universitet og eit studium i biologi. Men det overordna målet var å komme til Svalbard. Han hadde ikkje berre lese Hamsun, han hadde lese det meste som fanst av litteratur om norske polarheltar. Når han no skulle ta fatt

10

98101_der ingen skulle tru_.indd 10

på si eiga hovudfagsoppgåve, gjekk ferda mot Svalbard. Han skulle studere livet til villreinen. Utstyrt med utlånt laserkikkert, slik at han også kunne sjå i mørke, sat han i ei fangsthytte og studerte reinsdyra – i 16 månader. Næraste nabo budde fem mil unna. Etter at det vart slutt på sommarbesøka hos besteforeldra i Dyrøy, hadde foreldra hans skaffa eg ei hytte i Hattfjelldal. Ho låg i Sørdalen på austsida av Røssvatnet, ein kilometer frå ein einsleg gard der ei eldre enkje, Maren Sæterstad, levde att. Og i denne hytta sat Knut og skreiv på hovudfagsoppgåva si. Frå tidlegare opphald var han godt kjend på den avsidesliggjande garden, og i pausane frå skrivearbeidet var han innom Maren og slo av ein prat. Men medan han enno budde på hytta, vart Sæterstad lagd ut for sal. Sonen til Maren hadde bygd hus i kommunesenteret, og den aldrande mora skulle flytte dit. Knut fekk noko å tenkje på. Kanskje kunne han bli bonde likevel?

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU

26/09/14 10:47


BYJENTA SOM VART BONDE Siri Kobberrød voks opp i sentrum av Trondheim, og lite tilsa at ho skulle ende som gardkone på eit fjerntliggjande småbruk. Men foreldra hennar var frilufts-e tusiastar som tok ungefl kken med på tur så fort høvet baud seg. I puberteten hende det nok at Siri opponerte mot den stadige utfarten, men det gjekk ikkje lenge før ho vart den største naturelskaren av dei alle. På fridagane i gymnastida var ho gjerne på telttur saman med nokre grønlandshundar, om ho då ikkje spelte handball for Strindheim. Etter examen artium drog ho til Tydal for å fin e ut om eit yrkesliv på kateteret var noko å satse på. Om sommaren prøvde ho seg som budeie på ei seter, der ho ikkje berre lærte å mjølke, men også koka sin første ost. Dessutan kom ho i kontakt med det sørsamiske miljøet i traktene rundt Tydal, og ho vart oppteken av samisk handverkskultur. Samstundes var ho tiltala av det enkle og frie livet samane levde. For å bli betre kjend med samisk kultur og levemåte drog ho til Kautokeino og vart elev ved den vidaregåande skulen i bygda. Ho vart kjend med samisk husfli skunst og lærte å lage klede slik urfolket i barske livstilhøve hadde utvikla dei. Ho lærte jamvel å spinne garn av hundehår. Strikka klede av underhåra til grønlandshundane er langt varmare enn dei klesplagga som er laga av saueull, fortalde samane. Og ho karda og spann og strikka vottar av hår frå den røytande hunden sin. Ho følgde naturfolket i kvardagslivet på vidda, og ho fekk innsikt i deira måte å nytte ressursane på. Og jammen rakk ho å lære å dykke også. Ja, mannen som kalla seg læremeister, kom jamvel til å få innverknad på den leia livet hennar skulle ta. Røynslene frå skulestova i Tydal kunne ikkje ha vore så verst, for etter Finnmarks-opphaldet venta fi e lærarskuleår. Rett nok var det ikkje berre lærar­ gjerninga Siri følte for. Like viktig var det at ho kunne fin e arbeid kvar i landet det skulle vere, og at ho kunne kombinere skulearbeidet og dei lange sommar­

Sæterstad ligg einsleg til på austsida av Røssvatnet, 400 meter over havet, i eit innbydande turterreng. Dottera på garden, Anja, dyrkar friluftslivet så fort høvet byd seg. (Biletet er utlånt av familien på Sæterstad)

feriane med eit liv på ein gard. Ho vart meir og meir oppteken av ressursutnytting og sjølvforsyning. Då ho så var klar for å gå ut si i lærargjerninga si, vart ho kontakta av ein mann som kalla seg Knut Kastnes. Han hadde kjøpt seg gard og var i beit for ein medhjelpar, og så hadde ein felles kjend av dei, ein dykkarinstruktør i Alta, tilrådd henne på det sterkaste. Det Knut ikkje fortalde, var at han nok var ute etter noko meir enn ein avløysar. Han var trass alt godt over dei tretti. Og Siri beit på. Ein sommardag i 1984 kom ho køyrande innetter vegen langs Røssvatnet med grønlandshunden Risky i baksetet.

FORGJENGARANE PÅ SÆTERSTAD Sæterstad er ingen gammal gard. Den første som slo seg ned her, heitte Kaspari Rødli. Han kom i 1926, og han kom saman med fru Julia Gustava og ein ungefl kk på seks. Og etter at dei tok inn i det einaste huset som fanst på Sæterstad, ei seterbu, kom tre born til. Han hadde ei fortid som amerikafarar, han Kaspari. Men etter sju lange år vende farmaren heim att til gamlelandet. «Det hjelper ikkje at ein tener gode pengar om ein ikkje trivst,» sa han og busette seg på fødestaden, Steikvasselva, i nordenden av Røssvatnet. Der gifte han seg, og der hadde Julia fått fi e born. Men så braut dei opp og fann seg ein gard

SÆTERSTAD

98101_der ingen skulle tru_.indd 11

11

26/09/14 10:47


SIRI OG KNUT, NESTE PAR UT Det var heller kummerlege kår som møtte den nye gardbrukaren på Sæterstad. Husa var merkte av elde, grunnmuren hadde svikta både under fjøset og bustadhuset, og tømmeret hadde roteskade. Straumen frå kraftverket til Sigurd var heller ustabil, og om det var innlagt kaldt vatn, var toalettforholda avgrensa til ein utedo i fjøset. Det var nok å ta tak i. Maren budde dessutan enno i huset, og Knut måtte nøye seg med å leve på eit lofts om. Men han visste kva han gjekk til, og han var full av ungdomleg glød og pågangsmot. Han reparerte grunnmurar og skifte øydelagde svillar, han bygde dusj og vassklosett i fjøset, han reiste mjølkerom, og han installerte høytørke i løa. Parallelt med vøling av hus og gard arbeidde han som lærar i Hattfjelldal, fi e mil unna. Han kjøpte ei ku, og han skaffa eg nokre sauer og geiter, ein gris og ein liten fl kk høner. Dermed hadde han det meste han trong til eige hushald. Av kumjølka fekk han smør, av geitemjølka ost, og etter at lamma og julegrisen var slakta, hadde han både ferskt kjøt, salta kjøt og spekekjøt. Då jula nærma seg, hekk metervis med pølse og morr til tørk. Knut var oppteken av mattradisjonar. Han såg at han trong ei hjelpande hand. Dessutan bar han på eit sakn. Det var då han rådførte seg med kameraten, dykkarinstruktøren i Alta. «Veit du om eit dugande kjerringemne?» Og kameraten visste … Dei hadde mykje til felles, Siri og Knut. Dei hadde begge syn for eit liv i samspel med naturen, dei hadde begge godhug for samisk kultur og levemåte, dei ønskte å leve av jorda, av å utnytte ressursane og vere mest mogleg sjølvforsynte, og sjølvsagt skulle dei drive økologisk. Ho kom eit par år etter at han sjølv hadde teke fatt. Sommaren 83 freste ho og grønlandshunden Risky inn på tunet, og ho vart sett til å byggje opp att låvebrua som hadde ramla ned. Mannen ville teste henne ut. Han såg, og han syntest ho var det beste

som hadde hendt han. Og ho, ja, ho likte både garden og mannen. Det kjendest som ei frigjering då rektor på skulen i Hattfjelldal ringde og tilbaud henne skulepost. I helgane var ho på Sæterstad og tok eit tak og vart endå betre kjend med husbonden, og då dei leid mot sommar, kom ho på nytt køyrande langsetter Røssvatnet, men denne gongen med flyttelasset, deriblant varmtvasstank og vaskemaskin. Ei ny kvinne og ei ny tid hadde nådd Sæterstad. Huset var medteke, og det enklaste ville kanskje ha vore å rive og byggje nytt. Men dei delte synet på gamle tømmerhus, og dei hadde respekt for han som hadde gått føre, han som hadde felt Sæterstad-furua, saga henne på gardssaga og tømra stokkane til heim for seg og sine. Så lét dei huset stå og gjekk i staden i gang med å reparere, restaurere og isolere. Seinare, då ungane kom og trongen om plass vart større, bygde dei på. Dei var saman om det meste. Dei saga tømmer på gardssaga, og dei snikra og mura og fekk høyet i hus. Han var dessutan elektrikar og røyrleggjar, og ho spann og vov, kinna og ysta. Ho var eit rivjern. I tillegg var ho ei over måteovermåte tiltrekkjande kvinne, syntest han. Han hadde gjort det store varpet. I byrjinga av det neste skuleåret vart Siri presentert som den nye læraren på grendeskulen i Varntresk, berre ei halv mil unna Sæterstad. Året etter kom det første barnet, ei jente. Seinare følgde tre gutar.

FISKEFJØSET Fort innsåg Knut at det var vanskeleg å leve av ein gard med 50 mål dyrka mark, i alle fall om han skulle drive konvensjonelt, og store investeringar måtte til. Inntekta ville umogleg kunne samsvare med arbeidsinnsatsen. Heller ikkje var det råd å dyrke meir jord. Trøysta var at Sæterstad hadde gode beiteområde for både geit og sau.

SÆTERSTAD

98101_der ingen skulle tru_.indd 13

13

26/09/14 10:47


«Å bli betre kjend med historia til heimstaden gjer at ein blir sterkare knytt til han,» seier Siri. I tillegg tenkjer ho på å få laga ein gangstig rundt vatnet like verd gardstunet. «Her er så rikt eit fugleliv,» seier ho. «Det er ei oppleving å gå og sjå og lytte.» Turistar som kjem for å smake på maten og sjå på geiter, må få noko meir. Dei må få nyte det fi e turterrenget som omkransar garden, Då vi laga programmet frå Sæterstad, meinte Siri og Knut med at alle dei fi e borna deira kunne leve av garden, om dei ville. Det står dei fast ved. «Anja er frilufts ennesket framfor alle.» Dessutan er ho interessert i lokalhistorie. «Ho må vere den fødde turguiden,» meiner Siri. Den andre i rekkja, Sondre, er meir urban enn dei andre. Han bur i Trondheim og har størst interesse for data og teknologi. Men han har tanke for det som skjer på Sæterstad, òg. «Han har utarbeidd heimesider for oss og lagt ut mykje informasjon om garden,» slår mora fast. Marius har gått landbruksskulen og er kanskje den som er mest etla til å bli geitebonde på Sæterstad, meiner ho. Kva yngstemann, Truls, vil fin e på, står att å sjå, men med den iveren og dugleiken han la for dagen som slåttekar sist sommar, gjev det håp om at også han skal bli bunden til barndomsheimen. Medan borna veks til og utdannar seg, lyt Siri og Knut ha leigd hjelp. Utanom at dei sjølve har arbeidsdagar på både ti og tolv timar, har dei fi e arbeidarar i full stilling. Dei styrer i fiskefjøs og geitefjøs, i ysteri og kjøken, eller på overnattingsstad og restaurant. Knut har jamvel bygd eit eige hus til gardsarbeidarane. Sjølv sit han og klekkjer ut nye planar og set dei ut i livet, eller han ystar ost, røykjer røye og rakar fisk. Siri steikjer brød og bollar i bakaromnen, ho helsar gjester velkomne, serverer ureist mat, tek imot bestillingar, fører rekneskap og pakkar og sender varer. Dei blir ikkje arbeidslause. Det vil dei heller ikkje vere. Men det blir ikkje lenger tid til å drive med plantefarging eller å karde og spinne garn av hundehår.

24

98101_der ingen skulle tru_.indd 24

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU

26/09/14 10:47


Besøkjande som finn vegen til Sæterstad, blir tilbydde servering av mat som er laga på garden, brødbakst, rakfisk, røykt fisk, eit titals ostesortar og eit utval av spekemat. Serveringslokalet er bygd i andre høgda over ysteriet, og vertskapet har også overnatting å tilby.

SÆTERSTAD

98101_der ingen skulle tru_.indd 25

25

26/09/14 10:47


18

98101_der ingen skulle tru_.indd 18

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU

26/09/14 10:47


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu IV av Oddgeir Bruaset by Cappelen Damm AS - Issuu