Dagar eller veker sia, eg veit ikkje når det var Maman reiste, eg. Tar ei bok på skrivebordet hennar. Kamerat Papa sløkker, travel med å gå. Han seier ingenting. Seier aldri nokon ting. Anna enn for frigjeringskampen til dei strevsame massane. Vi går ned trappeburet. Vi bur i Sintannenstraat: gata til Sankta Anna, mamma til jomfru Maria. Utafor munnen på blokka står herrane i Maria-Anna-banden. Supporterane til storkapitalen. Politiet, bakstrevarsk lakeistyrke i borgarskapet si teneste, gjer ingenting fordi det er eit folkenabolag for proletarar her med raudlys. I Warmoesstraat snur vi til høgre. Skulegata. Og så gata til dei som sel kyssogklem. Mens vi lærer historie, gjer dei det eldste arbeidet i verda i det eldste nabolaget i byen.
Eg er fødd her. Eg kjenner alle utstillingsglasa med kyssogklem, og alle dei kjenner meg. Når folkeklassen er på utfart, goddagar eg heile gata. Misunneleg-Marko kviskrar «Klootzak» til meg. Reaksjon: automatisk hårriving og klassekamp. Vi endar i knute på fortauet. Dei andre ungane i folkeklassen skrik og skrattar, lærinnene galnar seg, Yolanda kjem ut og fakkar Marko oppå meg. Klassekampen er alltid kjempa utafor glaset til Yolanda.
Marko tar feil: Maman mi sel ikkje kyssogklem. Maman er berre ei sosialisthore, seier Kamerat Papa.
Yolanda er veldig mørkebrun, sånn som Kamerat Papa. Maman er veldig lysebrun, sånn som eg. Vi er brunestammen, seier Yolanda. I gata er ho den einaste brune som sel kyssogklem.
I kvar klassekamp gir ho meg o entleg repermande. På grunn av dei fordommane som auge har om farge, må den som er brun vere eksemplarisk. Rein bruneplikt. Når vi er oss to åleine, då seier ho: «Du er veldig modig.» Eg veit iallfall at dei små alltid må slåst for å rive klasseprivilegia ifrå dei store. Og MisunnelegMarko er den største i folkeklassen …
På reisedagen til meg og Kamerat Papa går vi forbi utstillingsglaset til Yolanda. Eg gjer teiknet vårt, ho ser ein annan veg. Yolanda ser ein annan veg kvar gong eg tristar ho. Slik som den gongen eg villa meg vekk heilt åleine på Amsterdam Centraal. Når Yolanda må sovne meg mens Kamerat Papa driv politisk aktivt for revolusjonære Kina ein plass og Maman studerer albanismen på storbiblioteket, har vi Yolanda-storkveld heime. Men den kvelden respekterte eg ikkje partidisiplinen. Ho leitte etter meg alle plassar. Rett før Yolanda daua av all skrekken ho fekk i magen sin, kom eg igjen av meg sjøl som ein bumerang. Då ho klemde meg hardt inn i storgodtane sine for herrar, høyrde eg hjartet i ho slo på den store tamtamen til Boni-maronane. Eg forklarte ho at eg gjekk ein tur og så villa eg meg vekk fordi eg hadde lyst å sjå det store klokkeuret og alle toga. At du kan ikkje vere fødd så like nær stasjonen og aldri sjå levande tog, berre på grunn
av partidisiplinen. At i høgtalarane på stasjonen kjende eg igjen stemma til Djevelska, ei kyssogklem-seljarske like så gammal som nabolaget. Då skratta ho for fulle ne tenner. Eg svor på bildet av kamerat Mao over senga mi at eg aldri meir skulle ville meg vekk utan å seie frå kor eg gjekk.
Yolanda tristar meg altså, når ho ser ein annan veg på denne dagen for mi første reise. Når Kamerat Papa og eg er heilt bortmed Oude Kerk, kjerka her, skrik Yolanda etter meg. Og spring midt i gata med kyssogklem-drakta på seg. Det er ulovleg for kyssogklem-arbeidarskene å svinge på skinkene andre plassar enn i utstillingsglasa. Særleg utafor kjerka der dei grov ned dei daude fattige før i tida. Augene til folk er fulle av fordommar mot kvinner og brune frå før. Så kva kjem dei til å seie om ei som er kvinne og brun og sel kyssogklem i same kroppen? Nei, no, altså, respekterer ikkje Yolanda mi partidisiplinen i heile tatt. Og dessutan kan bakstrevarske lakeistyrkar ligge i bakhald, klare til å hoppe fram og dele ut bøter som ruinerer dagevis med kyssogklem-pengar folk har sveitta for.
For kvart springesteg på pigghælane dansar storgodtane for herrar til folkets ære, den naste av alle dansar. Yolanda sigdar meg opp. Og ikkje berre at hjartet i ho slår på den store tamtamen til Boni-maronane i skogen i Surinam, Yolanda mi ho driv og græt òg. Ho får ikkje. For eg skal jo ikkje ville meg vekk på Centraal sånn som sist, eg er jo med Kamerat Papa. Ho klemmer meg hardt inn i storgodtane for herrar. Ho hammarar meg ned igjen og stappar ned i ranselen min ein stor pakke med smågodtar for ungar med lakrissmak. Dei beste godtane eg veit.
Yolandatrylling. Men eg er ein revolusjonær soldat av det sjølstendige folket som står rakrygga, ikkje eingong bestegodtane mine kan bestikke meg, så. Eg gir Yolanda refs. Ho sluttar å gråte, og til slutt skrattar ho av fulle ne tenner framfor mi revolusjonære halding. Ho lover å aldri begynne på ’an igjen. Eg ser på ho med propagandakommissæraugene mine eller augene til kontrolløren av avvik-frå-partilinja til Lin Bao-ane. Så sver ho på hovet til kamerat Mao over senga mi. Eg kjenner tilliten min igjen. Eg ser på ho med Boni-maron-augene mine. Vi gjer teiknet vårt. Der utafor Oude Kerk er eg ikkje eine åleine som ser på at ho går vekk. Ein gong snur ho seg og gjer teiknet vårt to gonger. På ho, på meg. Eg seier «Vaarwel Yolanda» innafor veggen av munnen min. I enden av «Warmoesstraat», yttergrensa for nabolaget, smyg vi og smett oss inn i ein liten smalveg. Då slepp vi å gå heilt rundt Damrak, demninga, og så endar vi forkorta på kaien til prinsen Hendrik. Kamerat Papa gløymer ikkje å rase noko mot alle kongefamiliar i heile verda. Eg høyrer ingenting, er altfor spent. Centraal er i enden av gata. & over 9 seier den store klokka på storklokkeuret. Amsterdam–Paris () over 9, seier djevelska i høgtalarane. Første reise. Førstemenn på toget. Kamerat Papa ber ko erten min med utanrikssaker. Ranselen min pakka eg sånn som til folkeklassen: berre bøker. Og så godtane til Yolanda no. Før vi stig opp på toget, forklarer Kamerat Papa meg at Maman er reist sin veg til sosialistparadiset sitt til kamerat Hoxha, herren i skyene på plakaten over skrivebordet hennar. Ho vil ikkje ha sånn anger som i året i *or, då kamerat Mao døydde. Og så har banden til Amédée Pierre bruk for
taktisk støtte frå ho. Ho fekk ikkje tid til å seie frå. Sosialistisk bråhast.
Kamerat Papa treng ikkje gjere seg bøs for å få meg til å stige opp. Eg som er så glad eg skal ta tog for første gong og med Kamerat Papa. Og til Pariskommunen til og med! Ingen damp, ingen +øyte, toget køyrer i gang utan bråk på grunn av straumen i elektrisiteten. Eg heng ut glaset. Folkemengda på perrongen ser eg for meg viftar med kvite lommetørklede til meg. Store styrmann viss mengda med folk er skeiva i augene, Vesle far viss mengda med folk er avskeiva i augene, skal ut på ei ferd og bere lyset mot ein framtidig revolusjon i ein landsdel. Og i Centraal er det fullt med folkerøre, men ikkje noko folkeglød. Underkastinga under storkapitalen tristar massane. Heldigvis at Kamerat Papa snart skal lykkast med revolusjonen og folk skal reise seg igjen og bli folket og nne igjen smila sånn dei er teikna på plakatane som har komme frå Folkets Kina og Dei øvste sovjeta og klistra seg opp på rommet mitt. Toget reiser i veg utan å bry seg om kva eg tenkjer på, utan eit smil frå nokon andre enn meg på stasjonen.
I togvogna snakkar Kamerat Papa høgt. Ingen klagar. Han snakkar på fransk. Folk tolererer høgrøysta preiking på eit språk dei ikkje forstår. Heime snakkar Maman til meg på skulenederlandsk, Kamerat Papa på revolusjonsfransk. Seg imellom snakkar dei på skrikisk. Skriket til det sjølstendige folket som fordømmer det vondskapsfulle kapitalistiske presset på produksjonsmiddel og ressursar. Det er anna skriking òg, som eg ikkje forstår. Men det sjølstendige folkeskriket mellom Maman og Kamerat Papa, det skriket kan eg godt høyre meir. Dei gongene er dei
iallfall med meg. På toget skal eg vere masse med god tid med Kamerat Papa, eg er glad og ein halv.
Når vi har Maman-storkveld, skriv ho notar i ein haug med bøker på skrivebordet sitt. Og eg hermar etter ho med skulebøkene mine. Eg galnar lærinnene med alle notane i skulebøkene og i skulebibliotekbøkene. Jo meir eg notar i bøkene, jo lenger får eg jo vere med Maman, så eg notar i veg. Og når eg notar lenge nok, så endar det med at ho sluttar. Ho reiser seg og klemmer meg i armane sine. Maman seier at dei forteljingane som grip oss, dei må vi stenge inne langt inni hjartet så vi ikkje skal gløyme. Så på Maman-storkveldane har vi fangeutveksling: mine forteljingar frå folkeklassen og slåstkampane med Misunneleg-Marko er rekna med, imot hennar draumar om afrikansk sosialisme. Ho snakkar også om agrare former i Albania eller i Sann-Korea, det i Nord, ikkje det med storkapitalen. Eg forstår ikkje alle fangane til Maman. Men ho har så veldig ne ord. Fangane mine, dei drar eg ut og vidar på og strekker og deler og altforlengar dei og når dei er utbrukte, så nn eg dei opp igjen med ord som eg nn på sånn at Maman skal synast at dei er veldig ne. Eg er i lag med ho så lenge orda og kroppen min klarer. Og når eg er heilt på randa av å sovne, nynnar ho ein song av Amédée Pierre-banden for meg.
Dagane etter Maman-storkveldane gjer eg ferdig natta mi i folkeklassen. Lærinnene forstyrrar ikkje meg. Eg ligg +eire lekser framfor. Til og med år, seier dei. Og dei vil at eg skal dra til ein spesialskule langt ifrå nabolaget. Skamprivilegum! Vi bur i det
!,
raude nabolaget. Det naste i heile byen. Kamerat Papa nektar med ein kategori at eg skal skifte folkeklasse fordi ein god revolusjonær skal aldri vere avskoren i proletariatlumpen. Det er sånn ein fabrikkerer forbrukarane i borgarskapet. Eg skammar meg for å ligge +eire år framfor. Eg vil ikkje vere ein hund til sjef og bje e på arbeidarane og få årevis på lager og ikkje dele dei med dei strevsame klassane.
På Kamerat Papa-storkveldane er absolutt alle ting våpen i kampen mot den blinde storkapitalen som er utan fedreland. Huset blir RAKO, Revolusjonært Anti-Kapitalistisk Område! Kjøleskapet er levekostreservar, sku ene med pasta og hermetikk i forsiktigmed-reservar, langkosten er automatisk mitraljøse, støvsugaren er stridsvogn, kottet strategisk HK og kommandosenter, og doen er retrettleir, eller forbetringsleir når ein har gjort noko dumt.
Menyen er planlagd i femårsplanar på re dagar. Eg er minister for det som skal gjerast, alt etter som. Minister for vatn og avløp og badet, minister for studiar og skuleutstyr, minister for lyriske saker og musikalsk begeistring, minister for krig mot kakerlakkar og toalettpapir, minister for kontroll med koking av pasta og ris, minister for korte og mellomlange bølgjer på radioen … Mens vi trena på å utvikle RAKO, hadde eg alle postane og titlane. Altså alle minus minister for propaganda, historisk perspektiv og folkedialektikk. Reservert for Kamerat Papa, dei. Autentisk lykke for dei arbeidande massane, permanent klassekamp utan å gi seg og utan å seie nåde, den heilage unionen av dei arbeidande klassane, den tredje internasjonale kom-inn-ternen, folkeslag som er altfor
pressa, land som ikkje er på rekka, helvetes koloniar i Afrika og i Asia … Kamerat Papa har så veldig ne setningar at han aldri snakkar til meg: han diskussar til meg. Den o.sielle ideologien vår er Den nye kommunen. Dei dagane som ansiktet hans er slite i trekka av å gruble sånn på den endelege sigeren til alle folk mot monsterkapitalen, gløymer han seg og stoppar midt i ei revolusjonær preiking. Og ser på meg med liksom syndpå eller +au i augene. Dei gongene liker eg altså ikkje. Eg vil ikkje gjere han sku a, så då driv eg politisk aktivt i kvar muskel i sjela mi for revolusjonen. Eg lærer meg utanåt diskussane hans. Med knyttneven rett i vêret, strak arm eller tvinna, peikande nger, opne hand+ater, fast bestemt ansikt, blikk i horisonten, øver eg meg på diskussar alt eg berre kan framfor spegelen eller framfor Yolanda.
Ho forstår ikkje den kommunistfransken, men ho smiler til meg for fulle ne tenner og ser på meg, og ho òg med liksom syndpå eller +au i augene …
Når vi har Yolanda-storkveld, då er ho fullt påkledd og enda penare enn når ho går i kysseogklem-drakt. Ho har med seg fargar, ikkje berre på grunn av kleda sine, men fordi ho snakkar om dei kvite, dei svarte og dei brune. Landet hennar Surinam i indianarane sitt Amerika, er fullt opp med brune frå svartaste Afrika. Dei reiste bort der med makt, på slavearbeid, som er heilt motsett arbeidet til arbeidarane og er arbeidd utan å vere betalt. Ei marxist-leninistisk meiningsløyse, for alt arbeid fortener lønn, seier Kamerat Papa.
Slavearbeidet nst berre inni hovet på slavedriftaren, for slaven er alltid fri i hovet sitt. Det er derfor han er maron, seier Yolanda.
Maron betyr brun. På første sjanse drar han inn i skogen. Dei brune er godt kjende i skogen i Indianar-Amerika, for det er same skogen som der dei kom ifrå, i svartaste Afrika til Maman og Kamerat Papa. Boni-maronane til Yolanda er ein stamme med brune som stakk frå slavesjefplantasjane for å bu i skogen, og det var han Boni som hjelpte dei å stikke av. Men ho vil heller fortelje meg barneforteljingar frå Boni-maronstammen sin i den grøne skogen. Eg liker å høyre på at nederlandsken forandrar seg i munnen på ho når ho fortel meg forteljingar. Ikkje alle orda ho bruker, er dei vi lærer på skulen. Dei dansar på tunga på ho og glir på tennene og rullar på leppene. Ho fortel forteljingar med mykje skratting. Å! Så n munn ho har når ho skrattar.
Når det er leggetid, liker ho så godt når eg er liten unge, og då er eg det. Ho breier meg ned oppi senga. Når ho syng maronsongar frå den grøne skogen, blir målet på tunga til Yolanda totalt utalandsk, men eg høyrer hjartet i ho, så inntil som storgodtane for herrar er på øyret mitt då. Men Yolanda er mykje trøyttare enn eg, det veit eg, med alle kyssogklemmane ho må selje. Så dei einaste kveldane ho ikkje er nøydd til å selje, burde ho heller kvile seg. Eg geispar og stenger inne augene mine så ho trur at eg søv. Men før ho går heim til seg igjen eller drar tilbake til utstillingsglaset for augene til folk, gjer vi teiknet vårt. Med tommelen inni høgre hand+ata si, set ho dei re utspreidde ngrane sine rett på hjartet mitt, og etterpå set ho dei rett på hjartet sitt. Den venstre storgodten for herrar prøver å komme seg ut av den blomstrete skjorta til Yolanda når ho gjer det. Etterpå er det eg som gjer teiknet på Yolanda sitt hjarte og så på hjartet mitt.
Når Ogun skaper menneska av jern og kjærleikjord, har dei re ngrar på kvar hand. Ein dag veks det ut ein nummer fem litt bortafor dei andre. Den gjer sånn at menneska kan gjere masse ting som dei ikkje kan gjere med berre dei andre re. Men framsteget kjem med gode ting og ikkje gode ting i same posen. At nokon folk er vondskapsfulle og egoistiske, det kjem med den femte ngeren. Menneskeslekta deler seg, menneska rivnar opp, og dei mistar alt dei hugsa om lykka som var ein gong. Men i den grøne skogen, der hugsar stammen med Boni-maronar frå Yolanda sitt Surinam den dag i dag, dei, at mennesket blei skapt av jern og kjærleikjord og re ngrar som er likeverdige. Dei gjer teiknet vårt så dei aldri skal gløyme.