Årbok 2025

Page 1


Årbok 2025

Leiaren har ordet

Så vart det igjen opprykk for A-laget frå 5. divisjon til 4. divisjon i fjor. Det skal spelast 10 kampar i kretsligaen denne sesongen. Walter Høyvik Jr. som tidlegare har vore både trenar og spelar, skal vere trenar for A-laget denne sesongen. Årets trenar har tidlegare også spelt mange kampar for andre lokale klubbar i nærområdet og har etterkvart også ei god trenarutdanning. Det blir spennande å følgje laget, som er ei blanding av unge og godt rutinerte spelarar.

Det er i forkant av sesongen etablert eit tett samarbeid med STIF, noko som vil styrke begge klubbane.

Fotballen stiller med 9 aldersbestemte lag denne sesongen. 11 mai skal idrettslaget arrangere kongleriketurnering for barn i alderen 6-9 år. Dette vert eit stort arrangement, der vi får besøk av 15 klubbar frå Nordfjord.

Handballen har nettopp avslutta denne sesongen og har stilt med heile 4 aldersbestemte lag.

På Vestkystcup i fjor, vart J13 laget tildelt Fair Play-prisen.

Handballen har også brukt mykje ressursar på å styrke trenarrolla og mange har også tatt dommarkurs.

I tillegg til aktivitetane handball, fotball, fjelltrim og open hall (småbarnstrim), arrangerer idrettslaget bingo og basar.

Idrettslaget spelar ei sentral rolle i bygda både som arena for fysisk aktivitet og samlingspunkt for folk i alle aldrar. Våre aktivitetar syter for at barn og unge får ein plass å utvikle seg, både individuelt og som ein del av eit fellesskap. Dette fellesskapet handlar ikkje berre om konkurranse, men også om å lære seg viktige verdiar som samarbeid, respekt, inkludering og ansvar. Gjennom idrettslaget sine aktivitetar styrkar vi både folkehelsa og det sosiale nettverket i lokalsamfunnet vårt.

Frivillige spelar ei uunnverleg rolle i drifta av idrettslaget, men det er ofte mange oppgåver på få personar, noko som gjer det sårbart. Eg vil derfor oppfordre privatpersonar som ynskjer å bidra litt ekstra for fellesskapet, til å melde seg til teneste. Idrettslaget vil ta imot deg med opne armar!

Takk til trufaste sponsorar som hjelper oss med å halde hjula i gong.

Sportsleg helsing Anette Igland -Leiar Bremanger idrettslag-

Leiar og trenarans.

Teodor S. Hauge

Leiar aldersbestemt

Janne Kjerstad Hem

Leiar senior

Martin Igland

Senneset

Materialforvaltar

Steinar Ryland

Dommaransvarleg

Roger Nygård

Attestantansvarleg

Robin Eikeset

ANNLEGG

Leiar

Ole Nigardsøy -

Torbjørn Førde

Øyvind Nesje

Dan Grotle

Roger Svarstad

Stig Atle Naustdal

Leiar

Johanne Nygård

Nestleiar

Margritt Myklebust

Sportsleg leiar

Irene Seim

Økonomiansvarleg

Hildegard Strømmen

Arrangementansvarleg

Jeanette K. Grotle

HOVEDSTYRET

Leiar Liv Turid K. Hauge

Klargjering /speaker

Kjell B. Varpe

Speaker Eirik Grotle

Svein Arne Torvanger

Leiar Monicha Terdal

Sølvi Verø Hanne F. Rylandsholm

HOVEDSTYRET

Leiar: Anette Igland

Nestleiar, Leiar arrangement, ansvarleg

Nettside/ Facebookside: Kjell Bjarte Varpe

Økonomiansvarleg for hovedstyret, Bremanger Trim, og rekneskap fotballgruppa: Reidar Håvardstun

Styremedlem: Marius V. Frøyen

Styremedlem: John Håvard Vike

Revisor: Jan Torvanger, Anne Kristin Førde

BINGO

Leiar

Randi Ferstad

Renate Naustdal

Hilde Klungreset

Anne Sofie Hauge

Igland

Annette Svarstad

Anita Fosse Igland

FJELLTRIM

Marius Valaker

Frøyen

BARNETRIM

Sara Nygård

BREMANGER

IDRETTSRÅD

Steinar Ryland

BASAR

Leiar

Irene Seim

Renate Naustdal

Fotballgruppa
Leiar
Valnemnd

Lykke til med sesongen!

Sertifisert av Kontrollrådet henhold til NS-EN 206 for alle typer fabrikkblandet betong. Normal og Utvidet kontroll.

Leiaren har ordet: Handballgruppa

Bremanger IL Handball har no runda sesongen 2024/2025. Det har vore ein sesong med mykje aktivitet, handballglede og ikkje minst god utvikling for spelarane og laga våre. Vi har hatt fire påmeldte lag i seriespel denne sesongen - G10, J13, J14 og G14 – med spelarar frå Bremanger, Kalvåg og Davik.

I løpet av sesongen har vi arrangert heile 30 kampar i Bremangerhallen. Heimekampane er eit høgdepunkt for både spelarar og trenarar, og det er alltid mykje publikum og god stemning på tribuna!

I september var dei eldste laga våre på Vestkyst Cup i Florø. Gutelaget kom på 2. plass i A-sluttspelet, og

Bremanger vart tildelt Fair Play-prisen etter at jentelaget vart nominert av dommarane. Dette var utruleg stas både for spelarar, trenarar og foreldra som var med. I april reiste G14 på Rosecup i Molde, der dei kom heilt til bronsefinalen.

For sesongen 25/26 ynskjer vi å gje eit speletilbod til alle frå 1.-10. klasse, og har meldt på 5 lag til seriespel, samt fleire lag på minihandball.

Dette er rekord for Bremanger IL Handball! Det er kjempekjekt at så mange vil vere med oss og spele, og vi har alltid plass til fleire.

For å oppretthalde det gode tilbodet vårt, er vi avhengige av fleire trenarar og frivillige som vil gjere ein jobb for at spelarane våre skal ha ein god idrettskvardag. Kunne du tenkje deg å bidra i handballgruppa?

Ta gjerne kontakt med underteikna om du ynskjer å vere med på laget!

Til slutt vil vi takke alle trenarar, dommarar, lagleiarar, foreldre og andre som stiller opp på treningar, køyring, kioskdugnad, i sekreteriatet og organiserer lagsaktiviteten.

Utan dykk – inga handballgruppe.

Leiar, Bremanger IL Handball

Venleg helsing

Last ned Enivest-appen!

Ordrestatus

Kanalveljar

Med vårt MH24 kort får du rabatt på hver tanking.

Våre stasjoner:

Fosnavåg

Kulen

Almenningsfjellet

Moldøen

Ålesund

Kolset

Florø

Måløy

Bryggja

Furuholmen

Klubbevika

Byrkjelo

Haugsbygda

Utvik

Leirvik

Bremanger

Smørhamn

Sørbøvåg

Dragsund

Åheim

Stryn

Elkem støttar idretten i Bremanger Kommune!

Nytt boligfelt på Eikeset i Bremanger

Drømmer du om ny bolig? Vi har fem ledige tomter på vakre Eikeset, med fjordutsikt og nydelige solforhold. Vi har tegnet inn boligforslagmen her står du fritt til å velge. Husk at du kan søke om bustadstilskot fra Bremanger kommune på 200 000 kr.

Vi tilbyr også tjenester innen tømrer- og betongarbeid. Les mer om hva vi tilbyr og drøm deg bort i vår huskatalog på norgeshus.no

BOLIG HYTTE NÆRINGSBYGG

Tlf: 57 85 46 44

E-post: post@stormbygg.no

facebook.com/stormbygg stormbygg

Leiaren har ordet: Fotballgruppa

Endeleg er tida inne for å kome i gang med fotballsesongen 2025! Bremanger IL stiller med tre lag i aldersbestemte seriar i sesongen 2025: G10, G11 og G13/14, i tillegg til Konglerike og seniorlag. Vi bur i ein kommune med få barn, og derfor har vi ofte lag med ei blanding av gutar, jenter og ulike aldersgrupper. Likevel vil eg sei vi har god aktivitet i idrettslaget vårt.

Nytt for i år er samarbeidet med Frøy IL i Konglerike-turneringane. Dette gjer at vi kan stille med reine jente- og gutelag. Tusen takk til Frøy for samarbeidet!

Etter to spennande kvalifiseringskampar mot Vik, enda fjorårets sesong med opprykk til Kretsligaen. Med ny hovudtrenar, Walter Høivik Jr., blir det spennande å følgje A-laget i den sterke Kretsligaen i år. I tillegg har vi i år fått tilbake samarbeidet med Svelgen på seniornivå, som gjer det mogleg å tilby kamptilbod til alle som er med i A-lags stallen. Laget vil heite Svelgen/ Bremanger 2 og spele i 6. divisjon.

Bremanger Fotball har, saman med kretsen, arrangert klubbdommarkurs i vinter.

Dette er eit viktig steg mot vårt langsiktige mål om å få ein dommar som kan dømme på seniornivå i vår krets.

Vi har også satse stort på trenarutdanning. A-lagstrenar Walter har delteke på trenarveilederkurs. Som vil gå utover heile 2025. Noko som på sikt vil gjere oss i stand til å kurse våre trenarar i grasrotkursa og gje dei betre oppfølgje.

Gjennom året vil fotballgruppa arrangere Konglerike miniputtturnering 11. mai, og Tine fotballskule i august. Det blir mykje aktivitet i bygda, og vi vil òg starte arbeidet med å revidere den gamle sportslege planen vår. Der målet er å leggje til rette for aktivitet og fotballglede for alle i åra som kjem.

Til slutt vil eg ønskje alle lag lukke til med sesongen og oppmode alle om å kome på kamp – enten det er aldersbestemte kampar i Bjørsvika eller A-lagskamp på stadion.

Teodor Svarstad Hauge Leiar, fotballgruppa

«Utan dommar – ingen kamp»

Bremanger IL Handball har dei siste

åra gjort ei satsing på dommarsida. Det har ført til at vi i sesongen 2024/2025 har hatt 4 aktive dommarar på regionalt nivå, som dømmer klassane 12 år og eldre. I tillegg har 9 av dei eldste spelarane våre gjennomført kurset «Dommer barnehåndball», og kan dømme kampar til og med 11års-klassen. Desse fekk dømme sine første kampar i år.

To av dommarpara våre har delteke i utviklingsgrupper i regi av Norges

Håndballforbund Region Vest. Irene

Seim og Emilie Førde har vore ein del av Regional utviklingsgruppe 3 (sone 1-3) og Stian Vike og Sander Vike (dømmer for Florø) blei tatt ut til Regional utviklingsgruppe 2.

I januar tok Stian Vike og Johanne

Nygård kurset «Dommerutvikler 1». Som dommarutviklar skal ein bidra til tryggleik og legge til rette for utvikling av nye dommarar.

Dommarkontakt i Bremanger IL

Handball - Johanne Nygård

Helsing frå Stian og Sander

Året 2024 er fordelt på to handballsesongar, slutten på sesongen 23/24 og starten på 24/25. På vårparten dømte vi berre kampar i gamle Sogn og Fjordane. Forutan ein kvinner 4.divisjon kamp, dømte vi berre aldersbestemte kampar, for det meste G/J 16 år.

Ved oppstarten av sesongen 24/25 blei vi tatt ut til å delta i Regional Utviklingsgruppe 2. Dette er eit tiltak for dommarar som ynskjer å utvikle seg ved å få tett oppfølging av utviklarar og få meir utfordring i form av å dømme på eit høgare nivå. Vi fekk høve til å dømme Bringserien då den gjekk føre seg i Bergen. Gjennom sesongen har vi hatt observatørar og veiledarar med oss på kampane slik at vi får tilbakemelding på dømminga vår. Dette førte til at vi fekk dømme ein kamp i 3.div. kvinner i slutten av november.

I løpet av 2024 har vi dømt 60 kampar saman. I tillegg har vi dømt ca. 10 kampar på kvar saman med andre dommarar. Vi har dømt på Vestkyst cup i Florø og på Førde-cup. Stian

fekk òg sjansen til å dømme i hjarteligaen, ein serie for menneske med funksjonsutfordringar.

Vegen vidare: starten på 2025 har vore spennande og utfordrande. Vi har debutert i 3.div. herre og 2. div. kvinner. Vi har sett viktigheita av å ha gode utviklarar som ser oss i aksjon på bana. Dette har vore vår inspirasjon til å ta dommarutviklar 1 -kurs. Då kan vi òg vere med å utdanne nye dommarar. Sesongen 24/25 er snart over, og vi skal avslutte den med å reise til Larvik for å dømme Peter Wessel Cup. Etter dette tar vi sommarferie og ladar opp til ein ny sesong!

Sportsleg helsing frå Stian og Sander Vike

Kvart einaste år samarbeider SFE med fleire titals lag, organisasjonar og arrangement i Sogn og Fjordane, dei fleste frå regionen som utgjer grunnfjellet i verk semda vår. SFE er glade for at vi kan bidra til vekst og utvikling, og sjølv veks og utviklar vi oss som selskap i samspel med folk rundt oss.

Vår lagspiller, rørlegger

Tore Rylandsholm tar ansvar både på jobb og på fotballbanen. Lykke til med sesongen!

Tlf 57 85 10 44

Gate 1 129, 6700 Måløy post@husevaag-ror.no

www.husevaag.no

Lykke til i 2025!

Vi heiar på sport og aktivitet i kommunen!

Takk til alle frivillige lag og organisasjonar som skapar liv i bygdene våre.

Bremanger kommune hadde ikkje vore det same utan dykk!

Bremanger IL har gleda av å tilby sesongkort for kommande sesong.

SESONGKORT 2025

Sesongkortet gjer fri adgang på alle heimekampane i 5. divisjon i 2024.

Bestilling kan sendast på e-post til bremanger.fotball@enivest.net, eller til Bremanger Fotball på Facebook.

Pris kun 500,- / stk!

Terminliste HERRE 2025

Dato Dag Heimelag Bortelag Stadion

12.04 lørdag Dale Bremanger Dingemoen idrettspark 11 ar

27.04 søndag Jølster Bremanger Skei Storhall

04.05 søndag Bremanger Førde 2 Bremanger stadion 11 ar

10.05 lørdag Bremanger Årdal Bremanger stadion 11 ar

16.05 fredag Florø Bremanger Florø stadion 11 ar

24.05 lørdag Bremanger Sogndal 2 Bremanger stadion 11 ar

31.05 lørdag Sandane Bremanger Sandane Idrettspark

07.06 lørdag Bremanger Kaupanger Bremanger stadion 11 ar

14.06 lørdag Stryn Bremanger Stryn stadion

21.06 lørdag Bremanger Høyang Bremanger stadion 11 ar

27.06 fredag Eid Bremanger Eid stadion

09.08 lørdag Bremanger Dale Bremanger stadion 11 ar

16.08 lørdag Bremanger Jølster Bremanger stadion 11 ar

24.08 søndag Førde 2 Bremanger Hafstadparken 1

30.08 lørdag Årdal Bremanger Hafstadparken 2

06.09 lørdag Bremanger Florø Bremanger stadion 11 ar

13.09 lørdag Sogndal 2 Bremanger Fosshaugane Campus

20.09 lørdag Bremanger Sandane Bremanger stadion 11 ar

27.09 lørdag Bremanger Eid Bremanger stadion 11 ar

04.10 lørdag Kaupanger Bremanger Kaupanger Idrettspark hovudbane 11 ar

11.10 lørdag Bremanger Stryn Bremanger stadion 11 ar

18.10 lørdag Høyang Bremanger Sletta

Lurer du på kva som skjer i BremangerIL?

Hold deg oppdatert på Facebook

”Like ” oss på Facebook og hald deg oppdatert på aktiviteter og nyheiter i heile idrettslaget.

@Bremanger Idrettslag

@Bremanger fotball

@Bremanger IL handball

Besøk nettsida vår

Du kan også gjerne besøke nettsida vår: bremanger-il.idrettenonline.no

Bli medlem

Bremanger Idrettslag får støtte frå Noregs Idrettsforbund ut i frå antal medlemmar i idrettslaget. Har du hugsa på å melde deg og dine inn som medlem?

Bli medlem ved å sende ein mail til: anette.igland@gmail.com.

Trenaren har ordet: A-laget

Sesongen 2024 blei svært positiv for BIL, som var særs gode på hausten og tok steget opp i 4. divisjon etter at Vik blei slått 5–2 samanlagt. Kampen i Vik la grunnlaget for opprykket med ein sterk 4–0-siger på heimebane og eit knipent 1–2-tap borte i Vik.

Torbjørn og spelarane gjennomførte ein flott sesong som resulterte i opprykk til Kretsligaen 2025. Vi starta årets første trening 3. januar med meg som ny hovudtrenar for BIL.

For meg var det ei spelargruppe med både nye og kjende fjes. Eg har vore både spelar og trenar i Bremanger tidlegare, og kjenner godt til klubben og bygda. Mor mi kjem frå Grotle, så alle somrane og feriane har vore brukte ute på Grotlesanden i alt slags vêr.

Den indre motivasjonen for å trene

BIL igjen har vore stor, sidan Bremanger og klubben alltid har betydd noko spesielt for meg. Eg har eit stort ønske om å bidra på ein

positiv måte, både for A-laget og rundt klubben.

Eg har starta på ei trenarrettleiarutdanning som skal vere med på å styrkje kvaliteten på barne- og ungdomsfotballen i klubben. Rollen skal bidra til å skape trygge og gode utviklingsmiljø for spelarane og trenarane i barne- og ungdomsfotballen.

Vi har valt å ta opp att samarbeidet med Svelgen for å kunne gi alle spelarane våre ein kamparena for utvikling. Vi har mange unge som treng kamptrening og erfaring i seniorfotballen. Begge klubbane har utfordringar med rekrutteringa, og vi håpar at eit samarbeidslag skal bidra positivt og styrkje begge klubbane. Vi håpar at så mange som mogleg tek turen og støttar Svelgen/ Bremanger 2 i årets sesong.

Etter at eg tok over gruppa i januar, har fokuset vore å bli betre kjent med spelarane, byggje gode relasjonar til dei og andre rundt klubben som gjer ein viktig jobb.

Positivitet, samhald og vennskap skal styrkje lagkjensla, slik at vi kan bli betre saman.

Eg håpar at så mange som mogleg ønskjer å ta turen på årets kampar og støttar oss i jakta på fornya kontrakt i Kretsligaen 2026. Skal vi greie det, må både spelarar og publikum yte sitt aller beste på Bremanger stadion i år.

Vel møtt til sesongen 2025!

Walter Høivik Jr

Seriekampar DAME 1973-2010

Siste sesong med damelag i Bremanger var sesongen 2010. Totalt 89 spelarar er registrert med seriekampar for Bremanger sitt damelag.

Seriekampar HERRE 1973-2023

*=debut i 2023-sesongen

Spelarar merka med raudt var i aksjon i 2023-sesongen.

Vil du annonsere i årboka?

Eller ha skilt på stadion?

Sponsorgruppa i Bremanger Idrettslag kontaktar årleg lokalt og regionalt næringsliv med spørsmål om samarbeid, men vi rekk ikkje over alle.

Du må gjerne kontakte sponsorgruppa til Bremanger IL på e-post: bremangerilsponsor@gmail.com for å melde interesse for samarbeid.

Gjennom stadionskilt, trykk i kampprogram (papir og digitalt), nettside, Facebook og eventuelt drakttrykk for hovedsponsorar, byggjer du og ditt føretak lokalt eigarskap og engasjement.

Prisane er ikkje avskrekkande, og vederlaget er ryggrada for eit breidt og aktivt idrettslag for alle aldersgrupper gjennom heile året.

Stor takk til alle!

Prisar for annonsering i 2025

1:4 side: 1000,1:2 side: 1600,1:1 side: 2600,-

Stadionskilt er 1000,- per lm, per år.

Våre entreprenørtenester

- Graving

- Riving

- Muring

- Sprenging

- Planering

- Asfaltering

- Massetransport

- Drenering

Maskinentreprenør Jimmy Nore & Sønn AS er din lokale entreprenør i Måløy og omegn.

Sit du på eit oppdrag som krever ein entreprenør med lang røynsle og fagleg tyngde, kontakt oss i dag.

Maskinentreprenør Jimmy Nore & Sønn AS

M/S NIGARDSØY STØTTAR FOTBALLEN

passasjertransport, havfisketurar og sightseeing i Bremanger. Godkjent fartøy – sertifisert mannskap

Utleige av Nigardsøybua - 2 moderne leiligheter med 2 soverom på Iglandsvik.

Tlf: 952 83 533 e-post: ole.nigardsoy@gmail.com

Fjelltrimmen

i Ytre Bremanger.

Vil du bli med?

100,- til Vipps 585777

Merk betalinga fjelltrim 2025.

1 p Hesten (275 moh)

2 p Rydalshornet (391 moh)

3 p Geitenipa (420 moh)

1 p Holehornet (251 moh)

3 p Langevasshornet (591 moh)

4 p Svartevasshornet (585 moh)

4 p Veten (527 moh)

2 p Leianipa (534 moh)

2 p Huseheia (521 moh)

2 p Steinfjellet (681 moh)

3 p Karihaugen (643 moh)

Alle deltakarar som besøker alle topppane i løpet av året får 14 bonuspoeng pr. fullførte ”runde”. Poenga vert lagt til Georeg-poenga når fjelltrim-året er avslutta. (31.12.25 kl 23:59)

4 p Smalerabben (544 moh)

1 p Lågeide (163 moh)

1 p Høgste (267 moh)

1 p Blandevatnet (261 moh)

1 p Rabben (420 moh)

1 p Kvitefjellet (247 moh)

1 p Bremangerskaret (321 moh)

2 p Steinfjell-sendaren (638 moh)

3 p Oldeidsmannen (418 moh)

Last ned Georeg, registreringssystem for fjellturar.

Besøksadresse Florø: Leirvåggata 13, 6900 Florø

Besøksadresse Bremanger: Iglandsvik Næringspark, 6727 Bremanger

HANDBALL, JENTE 13

Bak frå venstre: Nora Torvanger, Oda Louise Førde Rognes, Henny Matilda Hamre, Amanda Nyborg, Hedvig Hauge. Framme frå venstre: Coleen Linnea Gonzales Nesje, Lone Nygård Igland, Emma Strømmen, Aleksandra Grinvalde Varpe

Ikkje til stades: Mina Skålerud / Lagleiar: Benedicte Solbakken Hamre

Trenar: Johanne Nygård

HANDBALL, JENTE 14

Frå venstre: Tilde Brekke, Hannah Kristine Førde Rognes, Andrea Strømmen, Astrid Marie Solheim Frøyen, Maja Svarstad Hauge, Synnøve Vike

Lagleiar: Torill Susanne Føred Brekke

Trenar: Johanne Nygård

HANDBALL, GUTT 10

Bak frå venstre: Timofej Sumakovs, Liam Ramsvik Pedersen, Emil Nygård Igland, Curt Arild Gonzales Nesje, Emil Hauge Frøyen. Framme frå venstre: Mie Linnea Jørgensen Schei, Leana Hellesø, Elisa Myklebust Nesje, Julie Seim Skjølberg, Live Røys Erlandsen, Oline Kjærstad Hem

Lagleiar: Janne Kjærstad Hem

Trenar: Sverre Førde Værø

HANDBALL, GUTT 14

Bak frå venstre: Vilhelm Hauge Vedvik, Noah Hauge Frøyen, Anders Svarstad, Helge Martin Nyborg, Christian Molina. Framme frå venstre: Martin Kjærstad Hem, Liam Nathaniel Elde, Ådne Førde Værø, Chrisander Ramsvik Pedersen, Oliver Igland Naustdal

Lagleiar: Jeanette Kristiansen Grotle

Trenar: Sverre Førde Værø

FOTBALL GUTT 6

Frå venstre: Igor Cinal, Per Nygård Furnes, Matheo Leander Elde, Olai Nygård Igland, Chrisander Grotle Silkebækken, Victor Bakke

Trenar: Jeffery Bakke

Lagleiar: Hege Nygård Igland

FOTBALL G/J 8

Frå venstre: Alfred Nesje, Iver Kjærstad Hem, Erik Nygård, Loise Brakke, Signe Torvanger. Dei som manglar på det bilde er: Håkon Nyborg, Maxim Silva, Julie Seim Skjølberg

Trenara for gruppa: Svein Arne Torvanger, Tom Hem, Øyvind Nesje, Robin Eikeset. Lagleiara: G8- Tom Hem, J8- Svein Arne Torvanger

FOTBALL GUTT 10

Frå venstre: Eirik Nygård, Aaron Bakke, Emil Igland, Snorre Bakke Nesbakk, Ramon Calmerin Førde. Nede frå venstre: Elisa Nesje, Oline Kjærstad Hem, Alfred Nesje. Dei som mangla på bilde er: Hans Petter Restad og

Olav Magnus Solheim Frøyen

Trenar: Marius Valaker Frøyen, Paul Stian Igland, Ronny Bakke

Lagleiar: Ulrikke Bakke Andersen og Tore Røys Nesbakk

FOTBALL GUTT 11

Frå venstre: Daniel Grotle, Brian Elias Bakke, Noah Pedersen, Timofej Shumakov. Framme frå venstre: Emil Hauge Frøyen, Eirik Førde Torvanger, Vetle Bakke Nesbakk, Curt Arild Nesje.

Trenar: Marius Valaker Frøyen, Paul Stian Igland, Ronny Bakke Lagleiar: Therese Midtbø Hauge

FOTBALL GUTT 13-14

Bak frå venstre: Liam Nathaniel Elde, Daniels Novoselcevs, Ådne Værø, Anders Svarstad, Leander Røys Bolset, Torjus Klakegg Hauge. Framme frå venstre: Roman Blagodirov, Kriftoffer Grotle, Isak Nygård, Martin Kjærstad Hem, Illia Pohodaiev.

Liggande fremst: Christian Zion Bakke Molina

Trenara: Teodor Svarstad Hauge og Tobias Igland

Lagleiar: Tom Milan Cvitanovic Hem

FOTBALL A-LAG

Bak frå venstre: Walter Høivik jr, Tore Førde Rylandsholm, August Johan Ommedal, Samuel Ryland, Hubert Karol Wdowiak, Jonas Grotle, Martin Klakegg Hauge, Anders Rogne Midthjell, Eivind Arne Snarberg Nigardsøy, Eirik Førde Rylandsholm. Framme frå venstre: Tor Stenseth Rylandsholm, Vebjørn Igland Nigardsøy, Jørgen Værø, Thomas Grindvals Gytri, Andreas Myklebust Førde, Øyvind Nesje, Teodor Svarstad Hauge. Liggande Fremst: Nikita Berlizov

Trenar: Walter Høivik Jr / Lagleiar: Roal Naustdal

Dei som mangla på bilde er : Casper Igland Naustdal, Evan Bakke Molina, Tobias Igland, Sigve Terdal Igland, Ørjan Nødset Rosø, Henrik Værø, Gøran Larsen, Martin Igland Senneset.

FOTBALL JENTE 7

Frå venstre: Guro Russenes Torvanger, Brenda Bakke, Polina Sumakov, Alba Igland Eikeset, Nikoline Nygård Runningen, Yasmin Bakke

Trenar: Andreas Gjersund Runningen

Lagleiar: Andreas Gjersund Runningen

Fotballtrening

Har du eller din unge lyst og spele fotball?

Vi har et bredt tilbud for alle aldera.

Vi har følgande tilbud:

G6, J7, G8, G10, G11, G13/14

A-lag senior herre, Old boys

Treningsgruppe:

Førskule til 3. klasse: G6, J7, G8, J8

4. Klasse - 6. klasse: G10/11

7.-10. klasse: G12/14

A-lag senior herre

Old boys

Kontakt: Teodor Svarstad Hauge 46127889

U R B A N C R U I S E R

Helt nye Urban Cruiser er en kompakt, helelektrisk SUV som kombinerer kraftfullt design, avansert teknologi og smarte løsninger for hverdagen Med en lengde på 4,28 meter og valgfri firehjulsdrift er den perfekt for både by og fjell Det skyvbare baksetet lar deg enkelt velge mellom maks bagasjeplass eller maks komfort for passasjerene Urban Cruiserlanseres til sommeren – skann QR-koden for å vite mer og reserver din bil i dag!

Kjelstad feriehytter Kalvåg

Tlf: 99226827

Epost: roal-kje@online.no

Kongleriketurnering i Bremanger 11. mai

En spesiell takk til:

HAVLAND

SPAREBANKEN 1 SOGN OG

FJORDANE

VESTFART

HUSEVÅG RØR

SPAR BREMANGER

INTERSPORT MÅLØY

Ein stor takk frå Bremanger IL til alle våre sponsorar!

Bremanger Idrettslag er svært glade for våre samfunnsengasjerte SPONSORAR som gjer vår aktivitet mogleg.

Vil du gje di støtte til BREMANGER IDRETTSLAG?

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velje eitt lag eller éi foreining som du ønsker å støtte – din Grasrotmottakar. Du kan no vere med å bestemme kven som skal motta 5% av det du spelar for hos Norsk Tipping. Alle må no ha spelekort for å kunne tippe, så registrer ditt kort på Bremanger IL.

Vi oppfordrar deg til å støtte oss i BREMANGER

BREMANGER IDRETTSLAG / Organisasjonsnummer: 992 34 5152

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.