SØRE SLETTEVOLLEN FLORØ
NYE OG MODERNE EINEBUSTADER PÅ BRANDSØY
VELKOMEN TIL
SØRE SLETTEVOLLEN
No kan du sikre deg einebustad over to plan i eit familievennleg bustadområde like utanfor Florø, med ein attraktiv kombinasjon av rolege omgjevnader og kort veg til det du treng i kvardagen.
Illustrasjonsbilete
NY OG MODERNE EINEBUSTAD No kan du sikre deg ei moderne einebustad i eit roleg og familievennleg område. Prosjektet består av åtte like frittstående einingar på rekkje. Her får du ei gjennomtenkt planløysing og eit moderne arkitektonisk uttrykk. Bustadene går over to etasjar med tre soverom, bad, bod og direkte tilkomst til carport med sportsbod i første etasje, medan andre etasje byr på ei lys og luftig stove- og kjøkkenløysing med god takhøgd, store vindauge frå golv til tak og utgang til ein romsleg uteplass på over 35 kvm. Her bur du i eit roleg og familievennleg område med kort veg til barnehagar, skular, fritidstilbod og sentrum, samstundes som flotte turmoglegheiter langs sjøen og i naturen ligg rett i nærleiken – ei perfekt kombinasjon av moderne komfort og naturnære kvalitetar.
Illustrasjonsbilete
Illustrasjonsbilde
1
2
3
4
5
6
7
8
N
SØRE SLETTEVOLLEN Flytt rett inn i eit heilt nytt og moderne heim rett ved Solheimsfjorden. Bustadene er planlagde inst i feltet med avkøyring frå Brandsøyvegen. Alle einingane har eigen parkeringsplass i carport, i tillegg blir det opparbeidd parkeringsplassar på sida av kvar bustad. Alle bustadene får flott utsikt frå den store uteplassen i 2. etasje mot Solheimsfjorden.
Illustrasjonsbilde
EINEBUSTAD Bustadene går over to etasjar med ei praktisk planløysing som gir ei god fordeling mellom private og sosiale soner. I første etasje finn du entré med gode garderogemoglegheiter, tre romslege soverom, bad og bod, samt direkte tilkomst til carport med tilhøyrande sportsbod. I andre etasje opnar bustaden seg opp til eit stilreint og luftig opphaldsrom med stove og kjøkken i open løysing. Store vindauge frå golv til tak og god takhøgd gir rikeleg med lys og ei romsleg atmosfære. Frå opphaldsrommet er det utgang til ein stor og solrik uteplass på over 35 kvm, perfekt til både avslapping og sosiale samankomstar. Det er i tillegg mogleg å etablere eit ekstra WC i denne etasjen for auka komfort. Bustadene framstår som moderne og lettstelte, med gode kvalitetar både inne og ute – ideelt for deg som ønskjer ein praktisk og innhaldsrik bustad i eit trygt og godt bumiljø.
Illustrasjonsbilde
PLAN OG FAKTA 1. ETASJE
FAKTA OM BUSTADEN Bruksareal:
139 m²
Total BRA:
140 m²
Soverom:
3
2. ETASJE
TILVALG OG ENDRINGAR
Det er lagt opp til ein god og tidsriktig standard i bustadene. Ønskjer du likevel noko anna enn BoligPartner «original», vil du ha moglegheit til å gjere tilval. Moglegheita for å endre leveransen vil vere tidsavgrensa, og kjøpar vil få beskjed om dette gjennom prosessen. Kjøpar vil bli invitert til eit eige tilvalsmøte, og leveransen baserer seg utelukkande på produkt definert av seljar.
DET ER OPNA FOR KUNDETILVAL PÅ MELLOM ANNA: • Parkett/laminat • Flis og innreiing på bad • Overflater på innvendige veggar • Frontar, benkeplater, handtak og innmat i kjøkkeninnreiing • Elektroleveranse: ulike tilvalspakkar • Val av blandebatteri • Flisstype i entré DET ER IKKJE MOGLEG Å ENDRE: • Planløysing, berande veggar • Fasadar • Plassering av ventilasjonsanlegg, sjakter, nedforingar, innkassingar • Vatn, avløp, sluk osv.
NÆROMRÅDE Bustaden ligg i eit roleg og familievennleg bustadområde like utanfor Florø sentrum, med ein attraktiv kombinasjon av rolege omgjevnader og kort veg til det meste du treng i kvardagen. Området opplevast som trygt og oversiktleg, med lite gjennomgangstrafikk og gode oppvekstvilkår. Frå bustaden er det enkel tilgang til barnehagar, skular og fritidstilbod, noko som gjer dette til ein ideell stad for både barnefamiliar og andre som ønskjer ein praktisk og komfortabel kvardag. For deg som pendlar eller er i arbeid, er det òg kort avstand til sentrum og arbeidsplassar. Florø sentrum ligg berre ein kort køyretur unna, med eit variert utval av butikkar, servicetilbod, kaféar og kulturtilbod. Her finn du òg idrettsanlegg, treningssenter og gode kollektivtilbod.
1
Nærområdet byr på flotte rekreasjonsmoglegheiter med kort veg til både sjø og natur. Enten du ønskjer deg ein roleg spasertur, tur i skog og mark eller aktivitetar langs kysten, ligg alt til rette for ein aktiv og naturnær livsstil.
BUSTADENE FÅR FLOTT UTSIKT
Hjemmekjær er opplevelsen av trygge rammer for nye minner og godt med plass for små som skal vokse.
Innholdet i nabolagsprofilen er hentet fra ulike datakilder, og feil eller mangler kan forekomme. Vurderinger og sitater er innhentet på web og gir uttrykk for BRANDSØYÅSEN hvordan naboene vurderer nabolaget. FINN.no AS kan ikke holdes ansvarlig for feil/mangler i profilen. Copyright © Finn.no AS 2026
SØRE SLETTEVOLLEN
© OpenStreetMap contributors
REMA 1000
EUROSPAR
NABOLAGSPROFIL Nabolagsprofil Søre Slettevollen 5 - Nabolaget Brandsøy - vurdert av 22 lokalkjente
Nabolaget spesielt anbefalt for
Opplevd trygghet Veldig trygt 94/100
Familier med barn Etablerere Husdyreiere
Kvalitet på skolene Veldig bra 81/100
Naboskapet Offentlig transport 4 min
Ålesund Lufthavn, Vigra
118.1 km
Aldersfordeling
12.3 % 19.7 % 18.3 %
11 min
17.6 % 14.4 % 14.5 %
Florø lufthamn
40.1 % 38.5 % 38.9 %
0.3 km
22.1 % 19.1 % 21.2 %
Linje 101, 250, 251, 254, 260
7.9 % 8.3 % 7.2 %
Slettevollen
Godt vennskap 75/100
Skoler Brandsøy skule (1-7 kl.) 101 elever, 7 klasser
Florø ungdomsskule (8-10 kl.) 442 elever, 34 klasser
Flora vidaregåande skule 500 elever
6 min 0.5 km
9 min 7.8 km
Barn
Ungdom
Unge voksne
Voksne
Eldre
(0-12 år)
(13-18 år)
(19-34 år)
(35-64 år)
(over 65 år)
Område
Personer
Husholdninger
Brandsøy
725
286
Kinn kommune
17 131
8 443
Norge
5 425 412
2 654 586
9 min 7.9 km
Mo og Øyrane vgs. 350 elever, 29 klasser
42 min
Barnehager
50.1 km
Brandsøy barnehage (1-5 år) 33 barn
Torvmyrane barnehage (1-5 år) 65 barn
6 min 0.5 km
6 min 3.7 km
Dagligvare Eurospar Krokane Post i butikk, PostNord
Rema 1000 Evja
6 min 5.4 km
6 min
Innholdet i nabolagsprofilen er hentet fra ulike datakilder, og feil eller mangler kan forekomme. Vurderinger og sitater er innhentet på web og gir uttrykk for hvordan naboene vurderer nabolaget. FINN.no AS kan ikke holdes ansvarlig for feil/mangler i profilen. Copyright © Finn.no AS 2026
DIFOR LØNNER DET SEG Å KJØPE NY BUSTAD
Er du lei oppussing og vedlikehold, kalde gulv, trekkfulle vinduer, høye strømutgifter og mye luftfuktighet inne? Å bo i en eldre bolig kan medføre høye bokostnader i måneden. Vel du å kjøpe ny bustad frå BoligPartner, er du garantert ein lun heim med høg komfort, jamn innetemperatur og eit sunt inneklima. Samtidig slepp du store vedlikehaldskostnader dei første ti åra, og du får lågare utgifter til oppvarming.
NY BUSTAD GIR MANGE FORDELAR Det er ingen tvil om at det å bu i ein heilt ny bustad gir mange fordelar. Dette gjeld uavhengig av om du kjøper ein stor einebustad eller ei mindre leilegheit. Dei månadlege boutgiftene blir ofte lågare i ein ny bustad som er bygd etter dagens tekniske forskrifter, samanlikna med ein eldre bustad bygd for 30 år sidan. Dei tekniske krava til nybygg er strenge, og kvaliteten på bygg, vindauge, isolasjon og anna byggjemateriale er høg. Dette bidreg til vesentleg redusert energiforbruk samanlikna med eldre hus og leilegheiter. EIT GODT INNEKLIMA God luftkvalitet gir god livskvalitet. Når du kjøper ny bustad, er du sikra eit moderne, balansert ventilasjonssystem. Dette bidreg til eit godt inneklima med frisk og behageleg luft, samstundes som systemet attvinn om lag 80 prosent av varmen frå den brukte lufta. I tillegg er det godt å vite at isolasjonen vi brukar i dei nye heimane våre både sparer energi ved å halde ei optimal innetemperatur, er svært brannsikker, vassavvisande, lydabsorberande og kan resirkulerast. NÅR ALT ER NYTT Kjensla av å flytte inn i noko som er heilt nytt, er nesten ubeskriveleg. Gled deg til å setje ditt eige preg på alle dei fine, nye romma. Ingen har budd her før deg. Her er det ingen spikarhol som må spark last eller vindaugskarmar som må målast. PS: Ikkje gløym at du også får 5 års reklamasjonsrett ved kjøp av ny bustad.
Kjensla av å kunne flytte inn i noko som er heilt nytt, kan nesten ikkje skildrast. Gled deg til å setje ditt eige preg på alle dei fine, nye romma.
TA KONTAKT Det er Dvergsdal & Sunde Bygg AS AS som står bak prosjektet Knapstadbakkane 4. Tryggleik for kunden er svært viktig for oss, og difor legg vi stor vekt på fagkunnskap, erfaring og solid lokalkunnskap. Som ein erfaren og seriøs bustadaktør følgjer vi Bustadoppføringslova. Det inneber at vi stiller økonomisk garanti i byggjeperioden og i fem år etter overtaking. Det økonomiske oppgjeret blir alltid handtert av eigedomsmeklar eller advokat. Når du kjøper bustad av oss, gjennomfører vi også alltid eittårsbefaring etter innflytting. Skulle det dukke opp avvik, blir desse utbetra. Vi er eit trygt val for deg. Ta kontakt – vi står klare til å svare på spørsmåla dine.
KONTAKTPERSONAR
Andre Sunde 480 09 700 andre.sunde@dsgruppen.no
Narve Dvergsdal 480 02 800 narve.dvergsdal@dsgruppen.no
Ospene 88, 6843 Skrei Det blir teke atterhald om trykkfeil. Alle 3D-illustrasjonar, planteikningar og foto er berre meinte som illustrasjonar og kan avvike frå standardleveranse. For nøyaktig funksjonsskildring og informasjon om den einskilde bustaden, viser vi til leveranseomtale og teikningar i målestokk 1:100. For informasjon om energimerking av bustadene viser vi til boligpartner.no.