Lyrikkforlaget © 2021 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283980745 Omslag: CF media Sats: CF media Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.
mannenpåstien_sats_v6.indd 2
23.02.2021 17:07:52
Magnor Midtun
Mannen på stien
LYRIKKFORLAGET
mannenpåstien_sats_v6.indd 3
23.02.2021 17:07:52
4
mannenpåstien_sats_v6.indd 4
23.02.2021 17:07:52
Mannen på stien
I dag ein gamal mann la ut på kjend sti, minna fylgjer han frå svunnen tid. Varleg frå stein til stein førde mannen sine føter, unngjekk å setja sine bein på blanke, glatte røter. Om meir varsamt han trør enn då føtene raske var, same mål som før han klårt i sitt hovud har. Ein utsiktsplass øvst i lia der mot kveld titt han sat i solnedgangen, sumartida, med kaffi, og bær til mat. Også i kveld han nådde opp til solnedgangen raud, mens gullet låg på kvar ein topp, – for eit gjensyn naturen baud. I lyngen lyser raude bær, ekorn glyttar frå greina ned, sprakande fargespel i vest du ser, – her får sjela ro og fred!
5
mannenpåstien_sats_v6.indd 5
23.02.2021 17:07:53
Under bjørka
Høgt oppe i eit bjørketre sit ei trast, mett av raude bær, ho let ei lita bombe falle ned som full av fræva plantefrø er. På bakken, i laus, fuktig jord, eit livskraftig lite frø slår rot, utover våren det spirer og gror, ein kristtorn renn ved bjørkefot. I solsteiken eit ungt par slår seg ned under bjørka vid og skuggefull, treet ser eit nytt under i naturen skje, neste vår lyder pludring og barnesull.
6
mannenpåstien_sats_v6.indd 6
23.02.2021 17:07:53
Heime
Heime er det godt å vere, her kjenner eg kvar krik og krok, her finn eg alltid noko å gjere, slå gras, måke snø, lese bok. Ei flott dame, slik før ho gjorde, mellom blomar på verandaen står, varslar at dekka er middagsbordet, brisen stryk hennar sølvfarga hår. Kvar gong maten står ferdig, angande os losar oss inn til eit måltid pensjonistar verdig, balsam for kropp og sinn. Sola sprett i aust og glar i vest i eit fargespel mest ikkje til å tru, med god mat blir dagen ein fest, – her vil eg så gjerne få leva og bu.
7
mannenpåstien_sats_v6.indd 7
23.02.2021 17:07:53
Husmora
Du går og steller i ditt hus, det du gjer kjenst så smått målt mot den blest og sus folk i andre yrker har fått. Media fortel om stjerner store, skildrar i alvor og skjemt, rosa blir ting dei sa og gjorde – ei vanleg husmor aldri nemnt. Tenkjer me oss litt om – kven er eigentleg stor? Alle til verda kom, ja, nettopp, ved ei mor. Neppe meir elska er nokon på livsens veg, neppe meir viktige her, enn mødre som deg. Borna fram du bar, stell og føde du dei ga, mamma første ordet var, – første steg mot deg dei la. Du saftar og syltar bær, bakar, steiker og kokar, syr, vaskar, fiksar kler, støvsug i krær og krokar.
8
mannenpåstien_sats_v6.indd 8
23.02.2021 17:07:53
Lærdom du borna gjev der du syng, les og fortel, løn du får for ditt strev når det går dei vel. Ting som skapte lukke sann du gøymde og gav oss del i, gullkorn av barnemunn rann, – skulle glimesteinar i livet bli. Du sende med oss på ferda ein visdom sunn og god, ei bør som er lett å bera – dagleg me brukar av ho. Alltid ved sida ho stod trufaste, kjærlege mor, me ser klårt i vårt minne no, ho var verkeleg stor!
9
mannenpåstien_sats_v6.indd 9
23.02.2021 17:07:53
Kvar går me?
I alle dage, heilt frå tida i Edens hage, har mannen vore i posisjon som nødvendig person for vidare liv på jorderik, – men blir det framleis slik? Om framtidige mødre nektar føde brødre, berre systre, er utsiktene dystre. Kanskje enno nokre år me aller nådigst får setja våre svake spor i roller som donor, men å hevda seg som livets herre vert stadig verre og verre og tek kvinner for trældom igjen kan dei utradere vesen som menn. Har me gjort den siste sprellen under fellen? Ja, går det som media fortel er me snart ute av spel. Det er ein hard dom dei feller, livet kan starte frå eigne celler, mannen bli nyttelaus i verda, får ingen ting her å gjera, svinn bort som dinosauren, – dårlegare stilt enn mauren,
10
mannenpåstien_sats_v6.indd 10
23.02.2021 17:07:53
der hannen eit stykke på veg er med nokre steg, får fræve fagre dronningmøy, før han så må døy. Han er då eit lodd på vekta, får gje sitt tilskot til slekta, mens for ein menneskegut kan det bli heilt over og ut. Mon dei då slik det steller at dei ikkje blir her sjølve heller. Utan gamle Adam vert nok kvardagen tam, og livslysta kvalt, – kva har me då valt? Eit inkjekjønn, ein kald robot, ved elde dumpa som skrot. Slik var då ikkje Eva etla til å leva.
11
mannenpåstien_sats_v6.indd 11
23.02.2021 17:07:53
Å setja spor etter seg
Det seiest at snøen skjuler alle spor, og når månen ring rundt seg fekk, guten, i tiltru til det gamle ord, fatta mot og på friarføter gjekk. Men naturen han var lunefull og lur, gjorde nattefriaren forfjamsa og sprø, då han til sist kom seg ut frå jomfrubur og såg at det for lengst var slutta å snø. Å stille fram seg over tunet liste til inga nytte for mannen var når det i snøen så tydeleg for alle viste kor ferda starta og kor hen det bar. Vete og frost let stega hans stå, saman med spor etter katt og mus, og anna krek, som i natta still og grå, snusar ved naboen sine tun og hus.
12
mannenpåstien_sats_v6.indd 12
23.02.2021 17:07:53
Draum
Det beste syn eg har sett, den finaste draum eg har hatt, ei lita jente, mjukt og lett, kom springande mot meg i natt. Med lyfta hender, tindrande fjåg, tillitsfull, vilter, slik eg før i kvardagen ho ofte såg, i leiken med sine brør. Hennar lyse varmande smil eg kjende så vel att, hennar hår og reine profil, ho var meg så dyr ein skatt. Ho kom så vakker og blid, hjartegod heilt frå grunnen, då eg ville gje ho handa mi, var ho brått forsvunnen. Vaken eg sansar meg til sist, og ynskjer av heile mi sjel å få tilbake ho eg har mist – min Gud kor eg då vart sæl! Eg undrast når ør eg vaknar om draumen er ho som fortel at ho, som eg håplaust saknar, ho er her med oss likevel.
13
mannenpåstien_sats_v6.indd 13
23.02.2021 17:07:53
Døypefonten fortel
Kong Olav til Gulating sender prestar med fat i sine hender for å døypa gulamenner, gjera dei til truskapsvenner. Men då bisp Grimkjell seg til bøndene vende brutalt dei fatet or hendene hans spende. Kongen såg her måtte tyngre saker til. «Ein solid døypefont eg skaffe vil.» Han var ikkje sein, fekk hogd til ein stein, og best det var der eg stod, nett slik de ser meg no. Meg kunne dei ikkje spenna vekk, dei som prøvde store smerter fekk både i fot og legg, kongen smilte i sitt raude skjegg. Og med kvart mange døypte vart. Ikkje lenge det heller drygde før kongen ei kyrkje bygde, og der, ved ein åttekanta altarring, fekk eg, som ein heilag ting, litt murring til trass, min fine heidersplass. Gleda varde ikkje lenge, asatru ville for kristtru stenge, kyrkja ned dei brende, meg ut i uvissa sende. Men kristtrua kunne ingen stanse,
14
mannenpåstien_sats_v6.indd 14
23.02.2021 17:07:53
fram ho vann, frå skanse til skanse, og den store mannedåp gav meg nytt håp, ein stor heidersplass eg skulle få, ved sjølvaste Olavskrossen fekk eg stå. Der eg vyrdeleg står i mange gode år, fylgjer med alle som kjem og går til brått ein vikarprest ideen får å setja meg i kyrkja inn, og atter var plassen ved altarringen min. Eg tenkte, no er det for evig gjort, – dette er verkeleg stort! Medan eg lydde til mektig orgelmusikk kunne eg her med mitt indre blikk, til vakker salmesang, fylgja dei som kom til kyrkjegang. Mange opne og reine hjarte, tankar både kvite og svarte, brytningar mellom tru og tvil, unge med løynlege blunk og smil, mange fine lyse sjeler ved altarringen kneler, men også somme mindre fromme, eg føler sorg ved jordeferd, brudevigslar glad meg gjer. Slik, i trivsel stor, stod eg heilt til i fjor.
15
mannenpåstien_sats_v6.indd 15
23.02.2021 17:07:53