Lyrikkforlaget © 2021 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283980813 Omslag: CF media Sats: CF media Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.
andedrag_sats_v9.indd 2
09.04.2021 09:45:34
Marthe Haugerud
Andedrag
LYRIKKFORLAGET
andedrag_sats_v9.indd 3
09.04.2021 09:45:34
4
andedrag_sats_v9.indd 4
09.04.2021 09:45:34
Rognebærtreet bløma og lyste opp i sommarnatta utanfor soveromsvindauget. Det var i dette vindauget han hoppa ut. Me laga gravferd med lita kiste og det var berre sorg. Andedraget.
5
andedrag_sats_v9.indd 5
09.04.2021 09:45:34
6
andedrag_sats_v9.indd 6
09.04.2021 09:45:34
Dagane ville inga ende ta. Det var fedre overalt. Alle ville det heile med alle. Blomane bløma, visna og falt til jorda. Andedraget.
7
andedrag_sats_v9.indd 7
09.04.2021 09:45:34
8
andedrag_sats_v9.indd 8
09.04.2021 09:45:34
Kva ville dei alle med meg? Kunne dei ikkje la meg i fred. Sorga tøyt ut av kroppen alle stader, gjorde fjeset mitt grimete og grått. Huda strakk og tøygde seg i alle retningar. Andedraget.
9
andedrag_sats_v9.indd 9
09.04.2021 09:45:34
10
andedrag_sats_v9.indd 10
09.04.2021 09:45:34
Forgifta. Forgifta av sorg, elende og dårleg luft. Tankar og følelsar i sjel og sinn blei forvrengde i dei dystre og mørke avkrokar. Andedraget.
11
andedrag_sats_v9.indd 11
09.04.2021 09:45:34
12
andedrag_sats_v9.indd 12
09.04.2021 09:45:34
Det var pest, men det var som om det ikkje gjaldt no. Den svarte mannen vart drepen på det store kontinentet. Folk gjekk i spinn over heile verda. Ingen fekk puste. Det var noko med å puste.
13
andedrag_sats_v9.indd 13
09.04.2021 09:45:34
14
andedrag_sats_v9.indd 14
09.04.2021 09:45:34
15
andedrag_sats_v9.indd 15
09.04.2021 09:45:34
16
andedrag_sats_v9.indd 16
09.04.2021 09:45:34
Andedraga blei stoppa over heile kloden. Folk visna, blei gravne ned i jorda og sakte men sikkert gløymd. Som dei som falt i krigen. Kven var dei? Dei som falt for landet. Minnestatuettar over dei som ikkje fekk dra anden meir.
17
andedrag_sats_v9.indd 17
09.04.2021 09:45:34