Skip to main content

La Fanny 2019

Page 1

LA

FANNY Laurdag 3. august 2019 - 8. årgang

UTM AT TA FØ R FE S TE N E R I G ANG Nokre lag legg ned så mykje innsats i å vinna premiefatet for beste antrekk på Bocciafest, at dei knapt har

meir å gi når turneringsdagen er der. The Highfives er eit slikt lag. I dei mest kaotiske vekene er det direkte

helsefarleg å vera i og rundt laget. La Fanny kan no visa premiefatet si bakside. Side 4-7.


L A FA N N Y

LA

FANNY

UTGJEVAR: Bocciafest 2019 OPPL AG: 500

La Fanny er ei uavhengig avis for Torgbakken. Rettar seg etter god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Per Tanque. Grafisk utforming: Lynni Svendsen.

OM BOCCIAFEST

DEN ÅRLEGE og uformelle sportsturneringa midt i Leirvik sentrum blir arrangert av Erlend Thoresen, Nils Eivind Horneland, Anne Lillebø Gjerstad og Vidar Hope. FØRSTE TURNERING gjekk på torget på Leirvik i 2008. Andre året blei det flytta til Nysæter grusbane. Frå 2012 har Bocciafest blitt avvikla i og rundt Osvald pub. Sjølve spelet minnar om petanque, men med tilpassa reglar frå arrangøren si side. Banane er noko mindre enn petanquebanar (sjå reglane på baksida). FOR Å VINNA vandrepokalen i Bocciafest til odel og eige, må ein vinna turneringa tre år på rad. Det har ingen greidd. Bocciafest blir fulltalig kvart år. Rekordmange 206 deltakarar stiller i dag. Over 20 lag stod på venteliste for å få plass på Bocciafest.

Anne Lillebø Gjerstad (f.v.), Vidar Hope, Erlend Thoresen og Nils Eivind Hornerland. Foto: Boccialicious.

TAKK FOR SIST, 2018

Foto: Simon Snusen

INNHALD

Sjokkerte på trekking ...................... Side 8-9 Det heile starta i ein hage ............. Side 10-11 Kommentatoren ................................ Side 14 Reisebrev ........................................... Side 16 Det store bildet ............................. Side 18-19

VINNAR AR AV BO CCIAFE S T

2008: KITL A R A N E

2015: TE A M A R AG O N E S

2009: CRO CH PU NTE R S

2016: TE A M U S A

2012: O S VA LD B O CCI A TE A M

2017: N U T S PÅ R I V E R

(Arild Skjæveland, Henrik V. Vervik, Magnus Kongestøl) (Benjamin Caldarera, Luke Caldarera, Kenneth Vik) (Tore Hatlevik, Arve Bremnes, Inge H. Sørensen) 2013: KITL A R A N E

Lagpresentasjonar ........................ Side 24-33 Afterboccia .................................. Side 26-27 Reglane................................................. Side 36

(Arild Skjæveland, Henrik V. Vervik, Sindre Vikanes) 2014: G U DMU N D I N H O S

(Gudmund Yttredal, Kjersti Andersen, Fred Andersen Grov)

2

Tarjei Haga, Sindre Ekornrud, Johannes Tornes) (Magnus Losnegård, Lars Sleen, Ken Joar Føyen) (Knut Arve Haukefær, Eivind Sakseid, Kenneth Ingebrigtsen) 2018: KR Å KO F I S K , KR E P S & B O CCI A

(Sverre Hagerup Sørensen, Frode Hagerup, Harald Gjøsæter)


L A FA N N Y

H ja r t e suk k

Dagens ros

Dagens kl age

Me vil senda eit stort hjartesukk og -stønn til arrangørane og deltakarane på Bocciafest som i fjor gjekk midt i vegen nett som om dei skulle vore syklistar. Er det dette me betalar bompengar og andre vegrelaterte avgifter for? Bruk fortauet neste gang! Herregud.

Her kjem ein stor bukett med verbale roser og tulipanar til Inge H. Sørensen for solid trykking av La Fanny. Nett i år let eg meg særleg imponera av densiteten.

Til den som stal i av fisk-, kreps- og bocciateinene mine (dei beste, sjølvsagt), frå kaien utanfor naustet mitt på Kråko: Om du skulle koma til å eta fangsten du får i teina, vonar eg du får ei evigvarande forstopping! At du beint fram aldri meir får drita!

Helsing oppsitjar i Hillarhaugen

Jan Hevrøy og Arnfinn Saue

Helsing Sverre H. Sørensen

Dages ros ii

H ja r t e sukk ii Då me onsdag skulle reisa til Frankrike med Norwegian, fekk me ei oppleving me aldri vil gløyma. 10.000 fot over Sør-England skulle lunsjen serverast. Men der var verken østers eller champagne. Dette var siste gong de hadde oss om passasjerar, Norwegian. Boccialicious

Dagens kl age ii Go’ungen Hipp hurra for gladguten Rune Valvatne Ask som i dag endeleg fyller 48 år. Du er søt, snill og god som gull. Me er kjempeglad i deg! Bursdagsklem frå Helge Verner og Njål Tore

Her kjem ein nedovervendt tommel til Grand. Den årlege kapteinsfrukosten for Bocciafest-meistrar på hotellet er det eg gler meg mest til. Men nett i år var det ikkje meir nugatti i buffeten. Så no stiller eg altså til start på tom mage. Arild Skjæveland, Kitlarane

H ja r t e suk k iii Me ser at det blir laga kunstgrusbanar på fleire bocciaanlegg rundt om i distriktet. Det er me imot. Boccia har alltid vore best på naturgrus, slik det òg er internasjonalt. Eg håpar dette blir ei viktig sak i valkampen denne hausten.

Great Boules of Fire

GARD & GREND

Dagen i dag - 3. august Den 215. dagen i året, 216. i skotår. Det er 150 dagar igjen av året.

KOn ta k ta nnons e Mann (35) søkjer nye eventyr etter å ha blitt svikta av sine eigne. Tidlegare Team Top Gun-medlem

Sigrun Økland, 4 kønts under

S t rip o

Me vil senda ei stor takk til alle. Ja, absolutt alle. Å komma på andreplass i Bocciafest i fjor er det største som har skjedd. For oss er sølv godt som gull! Kanskje vinn me ein ny sølvmedalje i år? :)

Oline, Oliver og Olve har namnedag.

Kong Haakon VII av Noreg (1872) , Martin Sheen (1940) , James Hetfield (1963) og Tore Renberg (1972) blei fødd. På denne dagen i 1492 drog Christofer Columbus frå Palos med tre skip: «Santa Maria», «Niña» og «Pinta» på si første reise over Atlanterhavet.

av e r l e n d t h o r e s e n

1958: The Billboard Hot 100 blei grunnlagt.

1982: Drammen tangerer noregsrekorden

for høgaste temperatur i august.

1987: Def Leppard gav ut albumet

«Hysteria».

2004: Den amerikanske romsonden

Messenger vart skoten opp mot planeten Merkur.

2018: Heile Noreg sin fjernsynskokk Ingrid

Espelid Hovig døydde, 94 år gammal.

3


L A FA N N Y

Her er Lena Langøy Aarbø (t.h.) på veg til Heiane for å kjøpa ei ekstra stor saks. Hedvig Steinsvåg Hansen leitar etter favorittnåla.

4


L A FA N N Y

Livet som innsats i jakta på premiefat Dei ser alltid bra ut. Men bak fasaden skjuler det seg eit kaos. Slik er The Highfives.

T E K S T: PER TANQUE FOTO : LY N NI SVENDSEN

Heime i Ådlandslio er det unntakstilstand, fattige to veker før årets Bocciafest startar. Silje Fjøsne ser på klokka medan ho spør seg sjølv om ikkje lagveninnene Lena Langøy Aarbø og Hedvig Steinsvåg Hansen snart kjem og bankar på døra. Det ligg stoff overalt i stova. Ein glovarm symaskin durar på tomgang i det fjerne, og Fjøsne tek lange steg frå rom til rom på jakt etter meir stoff og fleire nåler.

Hansen. I år har laget også fått med seg Monica Korsvik Sætre som backup, då Steinsvåg Hansen er truande til å fø. Laget har hanka inn fleire premiefat for «beste antrekk» på banketten Afterboccia. Det sportslege er underordna. The Highfives har eitt mål, og det er å sjå best ut. Dårleg tid. I Ådlandslio har Fjøsne funne fram limpistolen. – Eg hadde ikkje greidd meg utan denne, seier ho, med pistolløpet tilfeldig vendt mot lagveninnene, som no har dukka opp. Ho ramsar opp fleire sesongar der kostyma dei har jobba døgnet rundt

Fat. The Highfives blei etablert i 2014 av nemnde Fjøsne, Aarbø og Solveig Aksnes. Dei siste tre åra har sistnemnde hatt sabbatår for å konsentrera seg om andre saumar. Inn kom Steinsvåg

Silje Fjøsne har teke ei leiarrolle i T he Highfives. Her med blå limpistol.

5

med er i ferd med å gå opp liminga og saumane. Då ladar Fjøsne pistolen og skyt kostyma på plass. Med det same ho skal til å sy saman ein overlocksaum, beordrar ho Aarbø inn i eit fortapt garnnøste, medan Steinsvåg Hansen får slengt eit par strikkepinnar i armane. Her skal det jobbast. Høgt tempo. For å forstå The Highfives lyt ein gå grundig til verks. Trioen er som tunfisken, i kontinuerleg rørsle. Med éin gong dei stoppar opp, døyr noko i dei. I 2014 stilte dei med temaet «cheerleaders». Det var også der dei fann lagnamnet. Året etter var dei

BLA OM


L A FA N N Y

ed ch ee rl ea D et st ar ta m på se g. Så ba lla de t

de r- ko st ym

e.

ra litt «Når me skal ve me er, s som s å n n in f l u e n c e r a n d r a o s s . m å m e a l l t id f o r ig b o r in g » ld G j e n t a k in g e r v e ø L en a l a n gø y a a rb

n. ns vå g H an se H ed vi g St ei lje Fj øs ne og Si , bø ar A e: Le na L. Co sp la y/an im

6


L A FA N N Y

«blomsterpiker». I 2016 gjekk dei under kategorien «mad hatters», medan 2017 var året for cosplay/anime. I fjor stilte dei i det som kan kallast «dia de los Muertos», eller Jahn Teigen sitt Grand Prix-kostyme frå 1976, som andre ville ha sagt. I årets Bocciafest er «steampunk» stikkordet. – Når me skal vera litt sånn influencers som me er, må me alltid forandra oss. Gjentaking er veldig boring, seier Aarbø som no ser ut til å ha grei kontroll på nøstet. Livsendring. Iveren etter å heile tida forandra seg og bli ein annan har ført til ein del endringar i liva til kvinnene. Dei har alle slutta i jobbane sine, og dei har flytta vekk frå familiane sine. Dei fungerer enkelt og greitt ikkje saman med folk som gjentar seg sjølve. – Dei tidlegare kollegaene våre kunne gå på jobb måndag og torsdag med nær sagt dei same fargekombinasjonane. Eg heldt på å spy, seier Fjøsne og fjertar. Produksjonen av kostyme til Bocciafest startar eitt år i forvegen. Først ligg kostyma på teiknebrettet i eit par månader. Der blir det gjort millimeterpresise vurderingar frå alle vinklar. Dei resterande ti månadane går med til å henta inn materiale og setja i stand kostyma. Ofte lagar dei fem-seks ulike versjonar før dei til slutt landar på sluttproduktet. Blodig. Fingrane til dei tre kvinnene La Fanny møter er prega av arr frå nålestikk. På det travlaste mistar The Highfives så mykje blod grunna arbeidsuhell med nåler og symaskinar at dei må innom Stord sjukehus og få påfyll. – Me er evig takksame for at det finst så mange blodgjevarar. Hadde det ikkje vore for dei, hadde ikkje me vore her. For å seia det slik, forklarar Fjøsne. Den knappe halvtimen La Fanny fekk med det travle laget er brått over. – De finn vegen ut sjølv, sant? seier Fjøsne, før veninnene kastar seg inn i sluttfasen av årets «steam punk»kostyme. I tankane kvernar allereie korleis neste års kostyme bør sjå ut.

Mad hatters: Solveig Aksnes, Lena Aarbø og Silje Fjøsne.

« Me e r e vig

ta kks ame for at de t finst s å m a nge blodg je va r a r » Silj e fj ø s n e

7


L A FA N N Y

Her har Nils Runnane akkurat sleppt ut ein fis – midt i trekkinga. Frå venstre: Njål Tore Berger (B-laget), Nils Runnane (De tre små griser), Tarjei Haga (Team Aragones), Helge Verner Skjæveland (B-laget) og Henny Førland Berger (Jækla stålstrenger).

Feis midt i trekkinga Nils Runnane trudde han hadde kitla ein lydlaus promp ned i korgstolen til Robert Delis. Men prompen var alt anna enn lydlaus. T E K S T: PER TANQUE FOTO : JOSTEIN K ROKSLEIVEN

– Eg blei overraska sjølv, medgir Nils Runnane på De tre små griser. Søndag kveld var han med på trekking. 60 lag skulle klemmast inn ti grupper. Men det er smellet frå bakenden til Runnane dei rundt 25 frammøtte vil hugsa best frå kvelden.

– Eg trudde eg hadde klar ein beskjeden, lydlaus smygar. Men då han var halvvegs ute i sommarkvelden forstod eg at her blir det bråk, seier Runnane til La Fanny. Då braket – som var så stort at det kom krusningar på ein elles stille Vikaflé – hadde lagt

seg, kunne trekkinga halda fram. La Fanny sin sportsmedarbeidar Melvin Snerken ser ikkje nokre grupper som skil seg ut som «dødens» i år. Det er med andre ord svært ope spel i kampen om avansement frå gruppespelet.

8

– Gruppe D har to tidlegare Bocciafest-vinnarar (Kitlarane og Gudmundinhos). Det kan bli tøft for dei andre laga å slå ut desse. Men me må aldri gløyma at nemnde Kitlarane blei slegne ut i gruppespelet i 2015, seier han. I år var Bocciafest svært nær

ved å få ei gruppe utelukkande med kvinnelag. Gruppe D har fem reine kvinnelag og eitt mixlag. – Det kjem til å bli mykje kakling i den gruppa, seier den svært så mannssjåvinistiske Snerken til La Fanny.


L A FA N N Y

Emilie, Line, Malene og Nina vann fat

Boccialicious-Ingjerd

for beste lagnamn i 2018.

oppdaterer instaen.

GRUPPE A

GRUPPE B

GRUPPE C

GRUPPE D

GRUPPE E

Boru Geisha (Boccia Geisha)

Silver Stars

The Highfives

Duracellene

Archicast

Marie Hatlevik Tvedt Silje Føyen Nilsen Lisbeth Særsten Alvsaker

Les filles folles

Anne Gjøsæther May Britt Hagerup Aase Aurbakken Rusten

Kiskrigerne

Lars Ankervold Styrk Matre Grimstad Fredrik Sørgård Sigbjørn Aasheim Johansen

Le Bocce Vita

Nina Barek Sørli Caroline Wolff Ida Tjessem Dahl Kristina Breivik

Black and white socks Thor Egil Waage Even Tyse Lars Andreas Pedersen Simen Hatlevik

FC Fitjar

Maj R. Engevik Maren T. Odland Martha Stockmann Marita Nysæther

The Great Gatboules

Randi Sævareid Henriette Thorsen Anne Margrethe Madtsen

Gul’gutane

Per Svein Sakseid Øyvind Bjørkås Pål Johansen

Eirik Spjeld Øyvind Nyhammer Bjarte Salomonsen Mikael Søgaard

Nordom bocciaen

CougerCampers

Gry-Jeanette S. Stokka Marie Emilie Isdahl Marianne Tveit Unni

4 kønts under

Line Aas Vad Ellen Salomonsen Hege Aas Vad

Sigrun Økland Kjersti Ottesen Anne Kristin Rønsen Kristine Olsen

Angry Birdies

Fruktsalat

Øystein Sørebø Jon Tvedte Marius Knutsen

Bocciamons

Maiken Taranger Marita Natvik Hilde Irgens

De tre små griser

Trond Atle Nesse Nils Eivind Horneland Jo Kjetil Nielsen Amund Horneland

Gudmundinhos (meister 2014)

Fred Andersen Grov Gudmund Yttredal Kjersti Andersen

Kitlarane (meister 2008 og 2013) Arild Skjæveland Sindre Vikanes Magnus Kongestøl

Rebecca Hammersland Frida Pedersen Nygård Helene Holm Grasdal Sandra Linnèa Lindwall

Kaptein Ebenezers

Tropisk Nektar

Boulerinas

Heiane idrettslag og velforening

BallStars

Susanne Nesse Thea Hinderaker Henriette Hansen Helen Matre

Jostein Øgård Jon Oscar Handeland Vegard Kvernenes

Berit Haga Vikanes Marina Haga Hilde Koppang Nystøyl Silvia Horneland Liv Jorunn Alvsåker

Matrosane

GRUPPE F

GRUPPE G

GRUPPE H

GRUPPE I

GRUPPE J

Nuts på river (meister 2017)

Bankiers

Naughty Eagles

Odd Arne Lillebø Lars Tore Løvtangen Carl Ruben Ericson

Jækla stålstrenger

Ofboccia

Sigurd Litlabø Lars Peder Langeland Ørjan Stokka Gjermund Vik

Hildegunn Skjelten Lena Ask Jannike Sørheim Henny Førland Berger

Brita Andrianne Grov Malene Rosland Eldøy Camilla Seljebu Ragnhild Kambo Grov

Kastekameratene

40-årskrisa til Danielsen

Even Sætrevik Jan Ivar Westvik Lars Gundersen

Busty Boccia Babes

B-laget

Arve Bremnes John André Njåstad Lars Aga Tommy Kvarsvik

Helge Verner Skjæveland Rune Ask Njål T. Berger

From Hell

Anna Aas Eriksen Margrethe Framnes Neset Helga Grov Bekkenes Ingebjørg Aaland

Knut Arve Haukefær Kenneth Ingebrigtsen Eivind Sakseid

Make Vikjo greit again 2019

Johanne Engevik Haga Oda Totland Bongom Elisabeth Helland Lunde Ida Titlestad Sandvik

Die Mannschaft Erlend Thoresen Åsmund Natås Andreas Bjordal

Diskokulene

Odd Arne Ulversøy Adrienne Saarnak Vegard Stautland

Superclub

Henriette Thorsen og Øystein Sørebø.

Emilie Aaserud Hystad Line Hystad Nina Grøsvik Ådnanes Malene Grøsvik Dahle

Beste antrekk 2019

Lene Haga Almås Janne Haga Almås Monica Haga Almås

Sindre Dahle Marius Monsrud Henrik Haukefær

Knut Marius Sundt Kjetil Kolltveit Stian Rørlien Terje Veivåg

Trekkesjef Vidar Hope og Tarjei Haga.

Boccia gonna do about it?

Silje Fjøsne Hedvig Steinsvåg Hansen Lena Langøy Aarbø Monica Korsvik Sætre

Nils Runnane Jarle Grov Trond Sandvik

I Wish I was a fisherman

Arve Bremnes og John André Njåstad.

Ole Angeltveit Kirsten Angeltveit Ingrid Angeltveit Geir Angeltveit Magne Blokhus

Stian Iversen Audun Egenberg Cathrine Dreyer

Jorunn Lillebø Gjerstad Helge Gjerstad Vidar Hope

Morten Tofte Thomas Danielsen Vegard Hvidevoll

Lonen og dei

John Hope Jon Emmerhoff Vegar Ottesen

Team Aragones (meister 2015)

Bård Aksnes Johannes Tornes Tarjei Haga

Alkohooligans

Christian Brink Øyvind Sætre Jonas Angeltveit

Sleivkast

Rune Bekkevold Roar Kyvik Arne Bjelland

9

Petter Mortensen Håvard Knutsen Elizabeth Calise Tore Engevik

Bocciapappa.blogg.no

Boule movement

Andreas Vallestad Runar Bjørkvik Mæland Anders Andersson Chris-André

TT by Jon Paul

Bjarte Urdal Kjetil Ekroll Espen Torlei Olsen

Bellullto

Lise Ingebrigtsen Malena Grov Ottesen Anne Ottesen

Boccia-Bob and the Bald-wins

Nils Olav Svarstad Lars Erik Solberg Knut Olav Solberg Robert Brandvik

Gøran Odland John Almås Roger Almås Alexander Horneland

Leif Erik Laukhammer Rolf Hansen Nils K. Blom Sigurd Sævareid

Plan B

Great Boules of Fire

Kråko fisk, kreps og boccia (meister 2018)

Jonas Engelsen Landro Amund Engelsen Landro Jon Vikanes Buchvold

Sverre Hagerup Sørensen Frode Hagerup Harald Gjøsæter

Petit Petanque

Tada

Anette Angeltveit Thoresen Gro Sissel Langeland Bjordal Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt

Anne Lillebø Gjerstad Bjørn Andreas Maurseth Kjetil Hetlevik Johansen Max Sverdrup Nygren

Lerkene

Linpusane

Gro Aasheim Ragnhild Titlestad Hildegunn Eskeland

Nils Kårevik Jørgen Horneland Torolv Kviteberg Egil Tveit


L A FA N N Y

Kula fr å tidenes morgon til no For å forstå kor grunnleggande og viktig premissleverandør boccia/petanque er for alt som kom etter, teiknar me opp nokre linjer som fører oss tilbake til, ja faktisk, tidenes morgon og fram til i Bocciafest 2019. T E K S T: NILS THE VET. HOR NELAND, ARCHICAST

Å kasta kuler er grunnleggjande. Dette spelet er funnen i pyramidar som vert daterte 5000 år tilbake og er av Guinnes rekordbok kåra til verdas eldste sport. Historia går likevel endå lenger tilbake enn dette. Dette er eit forsøk på å teikna opp historia til kuleleiken, og nokre av avleggjarane, på eit oversikteleg og plausibelt vis. I byrjinga var Adam og Eva åleine i hagen og alt var vel. Epla smaka godt. Etter at Eva hadde ete frå syndens tre, var ikkje eple lenger ei frukt å rekna med – ikkje på mange hundre år. I staden vart epla brukt til andre ting, som grisemat, gjødsel, massasjematter og så vidare, men grunna si runde, gode form, vart det også brukt til spel og leik. Eitt av dei aller første spela som vart leika etter tidenes morgon vart difor epleleik. Eller kuleleik som det seinare vart kalla. Då epla igjen kom inn i varmen som gangbar frukt, også til ganebruk, vart appelsinar, dei suraste, brukte i staden. Det var faktisk valfritt lenge. Ein kunne bruka kva ein ville. Sjølvsagt var det dei

med rundast frukt som hadde best vinnarsjansar og stil. Eit slags klasseskilje mellom dei som hadde råd og ressursar til å kasta med appelsin, og dei stakkarane som måtte kasta med sitron eller bananar kan ein berre tenkja seg var påfallande. Då ein stakkar kom med ei lita nype skulle alt endra seg. Fyren vart jaga heim og kalla useriøs og til og med gris. Sidan den vesle nypa var kasta så låg ho der på banen til spott og spe. Leiken med å prøva å knusa nypa er byrjinga til det sentrale punktet i petanque, nemleg grisen. Etter kvart som bølgjene og havet skura fram runde, flotte steinar, så vart dette brukt oftare. Dette ser ein også på som den opplagte inngangen til steinalderen. På denne tida vart det også ein del krangling og usemje. Sjølv om klasseskilja vart så godt som utviska på petanque-bana etter at frukt ikkje lenger vart brukt; ein kunne vera fattig, men heldig i fjæra på leit etter ein rund og god stein. Så var det ikkje enkelt å bli samde om storleiken. Somme seier at det på dette tidspunktet var fare for heile sporten grunna dei

store steinane som vart kasta etter kvart. Det heile såg ut som ein styrkeprøve. Heldigvis kom ein til ei ordning då dei med størst behov for å kasta tunge ting langt staka ut ei heilt ny grein som me i dag kallar kulestøyt. I kaldare strøk, sør for Mongolia ein stad, vart det uungåeleg å spela på isete bane. Der også vart det til slutt etter mange diskusjonar om etikette og kasteteknikk ein deling av interesser. Nokre ville fortsetja med å kasta, medan andre ynskte å finna flate steinar der det var mogleg å skyva steinen bortetter isen. Opphavsmannen kalla seg den gong Khan Ling, og er det sikraste namnet me kan spora sporten curling til. Då ein kom så langt som til jernalderen vart kuler støypte og dei flottaste kulene minna om dei kulene me brukar i dag på Bocciafest. Klasseskiljet kom igjen svært merkbart tilbake til sporten. Det var berre velståande folk og adelen som kunne praktisera sporten slik han skulle vera. Sjølvsagt var det grupperingar som heldt fram med steinar og

10

trekuler, men det var i mørke bakgater og blant fattigfolk. Blant bondetampar og leiglendingar vaks det fram ei bueforma grein frå petanquesporten. Det var først stallgutane som byrja med det. Dei var for late og fantasilause til å kasta grisen om att og om att. Det vart for uføreseieleg og det vart for mange reglar for dei. I staden planta dei ein pinne i bakken og brukte ikkje kuler av tre eller steinar, nei det var ikkje staseleg nok. Dei ville kasta jern, stormannsgalne som dei var. Slik vart hesteskokasting til. Etter dette er linjene relativt rette fram mot i dag. Stålkuler vart allemannseige og sporten vaks fram som den folkelege idretten me kjenner han som i dag. Ja, ikkje berre som petanque for ekte idrettsglede har mange namn; som boules, boccia og så bortetter. Grunnforma er likevel den same og den passar for gammal, ung, tjukk, brei og den er som vist i denne teksten: grunnleggjande. Etikette er noko som følger sporten om du er gentleman eller ei dame med hatt.

Mange fleire sportsartar kom til med petanque som utgangspunkt, men det vert vanskeleg å gå innom alt i denne korte teksten. Eit par namn må likevel nemnast; Geir Olf reiste til Skottland der han vart møtt av landskap som innbydde til lange distansar. Banane vart laga så lange at ein tok i bruk ein spesiell type køller for å få kulene fram. Dessutan var skottane så gnitne at det ikkje vart brukt nok stål i kulene. Kulene vart bittesmå og for å finna grisen brukte ein små flagg. Det enda med hål i bakken og endå større avstandar. Sporten vart oppkalt etter opphavsmannen: G. Olf. I Asia også vart petanque utvikla til heilt nye idrettar av menn som Bo W. Ling og Bee R. Pong, men det må eg nesten komma tilbake til i neste La Fanny. Ha ei strålande turnering og hugs: De er ikkje dei første som står der med kula skjelvande mellom beina i frykt for å bomma på grisen.


L A FA N N Y

HISTORIE

Det heile starta her, i syndens hage.

11


L A FA N N Y

Af terboccia f r å k lok k a 20.00

i k v eld på Osva ld pub. Ba nke t t e n er ope n for a ll e . Det blir utdeling av vinnarpokal, den rause hovudpremien frå Brilleriet og minst seks relativt fine gjenbruksfat. Det blir også enormt fengjande underhaldning frå scenen.

12


L A FA N N Y

13

Følg @bocci a fest pü instagr am


L A FA N N Y

Foto: Bocciaballerinas

V IL V INN A N A MNE FATE T Aldri før har det vore så mange nye namn på Bocciafest. Staute namn som Kanboccianarane og Bocciabitches er historie. Det same er Hustredalen swingersklubb, Campylobacter og Boccia Ballerinas. – For meg kan det verka som at fleire innser at beste antrekk-fatet heng for høgt i frukttreet. Difor gjer fleire det dei kan no for å sikra seg det nest beste fatet, altså beste lagnamn, seier Melvin Snerken, La Fanny sin sportsmedarbeidar. – Til dømes har Kanboccianarane no blitt Lonen og dei. Eit klart signal på at dei ikkje vil gå tomhendt ut av banketten, legg han til.

B O CCI A FE S T Måsane skrik og klagar Nokre tyske turistar badar Lufta frå sjøen, pilsen og grusen Trivselsfaktor erlik tusen Sylvblanke kuler som flyr Kroppen vert varm og yr Alle stig ned frå sin høge hest No er det endeleg tid for Bocciafest

Egil Tveit, Linpusane

Møt opp på banen «White Hart Lane» i ettermiddag og få med deg årets finale - og ikkje minst kommentatoren. Kanskje er laget ditt med der? Her ser me fjorårsfinalen mellom Kråko fisk, kreps og boccia og Great Boules of Fire.

BO CCI A FES T S IT T S VA R PÅ ROA R S TO KKE Nils Pierre Runnane stiller tradisjonen tru som kommentator på årets finale. T E K S T: MELVIN SNER K EN

FOTO : SIMON SNUSEN

Med ein mikrofon i den eine handa og eit glas husets raudvin i den andre, har Runnane leia publikum gjennom ei rekkje spennande finalar på Bocciafest. Tilskodarane let seg begeistra av den enorme kunnskapen kommentatoren har om kvar spelar, måten han formidlar den relativt komplekse sporten på og ikkje minst korleis han greier å uttala dei vanskelege etternamna til spelarane.

– Runnane har gjort ein for mange stiv og snobbete sport folkeleg med sitt vinnande vesen, seier Erlend Thoresen, dommarsjef i Bocciafest, til La Fanny. – Måten han snakkar på gjer at folk enkelt kan la seg riva med og kjenna på spenninga, legg han til. Runnane seier han blir varm av rosen. – Eg har alltid likt måten Roar Stokke formidlar Cham-

HJELPER BOCCIAFEST MED Å BYGGJA BANAR!

14

pions League på. Det eg gjer i finalane på Bocciafest er så tett opp mot Stokke eg greier å komma, seier Runnane. Sjølv spelar han på laget De tre små griser. Men ettersom det laget aldri tek seg heilt til finalen, stiller han alltid som finalekommentator. – Kva av finalane du har kommentert er den beste? – Eg hugsar ikkje, seier Runnane.


L A FA N N Y

TA LKNUS A RE N I TE LTE T Robert Brandvik går ikkje glipp av eit einaste siffer under Bocciafest. T E K S T: MELVIN SNER K EN FOTO : JOSTEIN K ROKSLEIVEN

Datamaskinen i partyteltet i enden av bocciakomplekset er sjølve hjarta i turneringa. Sluttar det å slå, blir det kaos. Robert Brandvik er til dagleg profesjonell bocciaspelar på eliteserielaget Boccia-Bob and the Bald-wins. Han har i tillegg teke på seg jobben med å rekna ut kva lag som går vidare i turneringa på Bocciafest. I år er det ny rekord i tal på lag. – 60 tre- og firemannslag skal kjempa om vandrepokal og medaljar. 206 spelarar er i aksjon, altså 3,43 spelarar per lag. 44 prosent kvinner og 56 prosent menn, seier Brandvik til La Fanny. Medan andre i sommar har sløva seg med pils og prosecco i stranda i steikjande sol, har talknusaren gått nøye gjennom årets deltakarar. – I år er talet på spelarar med forbokstav M mest vanleg. Fak-

tisk 23 stykk. Eit anna interessant funn er at ingen har eit fornamn som startar med bokstaven D, seier han entusiastisk. Brandvik legg til at det er spesielt vanleg blant kvinner på årets turnering å ha eit fornamn som startar på M. Éin av fem er M-arar. – Blant menn er første fornamn som startar med J det mest vanlege, forklarar han. I år er det 31 reine herrelag, 23 reine kvinnelag og seks mixlag. – Det skal bli spelt 150 innleiande kampar og 31 sluttspelkampar, totalt 181 kampar. Tek me utgangspunkt i at kvar kamp blir vunne med siffer 13-11, skal det delast ut totalt 4344 poeng denne dagen, seier han. Dommarsjef Erlend Thoresen i Bocciafest minnar om

Robert Branvik (t.h.) har stålkontroll på alle laga på Bocciafest. Her saman med dommarsjef Erlend Thoresen.

kor viktig det er at lagkapteinane melder inn resultatet fortløpande til sekretariatet. Jo raskare dei greier å få inn resultatet, jo mindre venting blir det for neste fase av turneringa,

og desto tidlegare får dei i gang finalerundane. Thoresen seier det kan bli enormt jamt mellom laga i dei ti gruppene i år. – Slik det skal vera i boule-

sporten. Og slik det er, fortel han, medan han sender ein serie på tre taktfaste fisar ut i dagslys.

IN S PIRE R T AV BO CCI A FES T Alle vil bli som Bocciafest. Sist i rekkja er ordføraren på Stord. T E K S T: MELVIN SNER K EN

At Bocciafest er årsaka til at Stord har fått ein petanqueboom, er ei kjend sak. No har fleire retta blikket mot folketurneringa i Leirvik sentrum. Idrettslaga Stord, Solid og Trott har alle fått opp augo for korleis ei sukessturnering skal avviklast. Dei tre laga, saman med Stord kommune, har funne kvarandre gjennom

gatefotball under arrangementet «Folk i sentrum». Men dei er ikkje heilt i mål enno. «No håpar me å byggja gatecupen litt ut etter modell av bocciafesten, og me har invitert fotballklubbane til å bli med å utvikla konseptet», seier ordførar Gaute Epland til Sunnhordland.

Med Bocciafest som inspirasjon går ordførar Gaute Epland, Maren Mettälä (Solid IL), Roger Matre (Stord fotball) og Birger Grov (Trott IL) inn for å løfta gatefotball på Stord eit par hakk. (Faksimile frå Sunnhordland 29. mars 2019)

15


L A FA N N Y

Arnhild Myklebust synest det er litt ekkelt å halda i sølv… Ingjerd K. Kolstad har eit godt grep rundt gullet.

Eit lukkeønskje fr å fr ansk j rd Kjære, gode medspelarar. Det var med tungt hjarta Boccialicious måtte la Bocciafest 2019 passera. Men me kunne ikkje la sjansen gå i frå oss då invitasjonen om å delta i den gjævaste meisterskapen på fransk jord landa i innboksen – Tour Mandelieu Petanque – i sjølvaste petanquens heimland. Sidan gullspelar Anette A. Thoresen nyleg har produsert og ferdigstilt ein potensiell Boccialicious-arvtakar, er det me – Arnhild Myklebust og Ingjerd K. Kolstad – som representerer Boccialicious i Frankrike i år. Anette blir igjen på Stord, og vil representera oss på Bocciafest, men det i ein heilt ny drakt og under ei anna fane. Sidan gullstrupa vår Ingjerd ikkje

kan steva på Afterboccia i år, vil me dela teksten her, slik at dette kan verta ein allsong (på det gul(l)e arket). Me føreslår Helge Skjæveland som forsongar. Me saknar Bocciafest av våre pumpande gullhjarter og ynskjer særleg Kitlarane, men òg de andre gode medspelarar, lukke til!

Bocciafest-stevet (Mel: «Den dag kjem aldri»)

På Osvald, Vikjo der er det bakkar, der gjenge jente i stutte stakkar, og under stakken der er det mus, som gutan bruke te kukehus, som gutan bruke te kukehuuuus

Mandelieu-la-Napoule 2. august 2019, Boccialicious

16


L A FA N N Y

G LO HE IT S ILLYS E A SO N Det har vore enorm aktivitet i overgangsmarknaden gjennom heile sommaren. T E K S T: PER TANQUE

Etter at stjernespelar Sindre Ekornrud på meisterlaget Team Aragones måtte stå over årets turnering grunna skade, har fleire profilerte namn vore lenka til klubben. Like før overgangsfristen gjekk ut, hadde laget fått inn den ukjende spelaren Bård Aksnes, som har vore utan kontrakt dei siste åra. Også Die Mannschaft har gjort store utskiftingar. Kontraktane til Arne Valvatne og Ian Kolstad gjekk ut i vinter. Inn kjem Andreas Bjordal og Åsmund «Åzzybassen» Natås. Begge desse profilane har vore på radaren til speidarar frå både Lerkene og Sleivkast. Det har vore knytt stor spenning til om B-laget ville bla

opp for ny spelar. Me kjenner til at dei har snusa på Nordom Bocciane-profilen Ellen Salomonsen, utan å få napp. B-laget har mangla det vesle ekstra, men lagleiar Helge Verner Skjæveland går altså for ny runde med det same mannskapet. Haugesunds-klubbane Tada og Superclub har brukt mest pengar på overgangsmarknaden denne sommaren. Fleire ekspertar spår også desse som overgangsvinnarar. På minussida kjem saknet etter storspelaren Ross Wilkins frå Bristol, som i år er ute med skade i kastearmen. Til gjengjeld er formsterke Cathrine Dreyer inne for Superclub.

Mange spår haugesundslaga som overgangsvinnarar denne sommaren. Ross Wilkins (til høgre) er ute med skade i kastearmen. Men Kjetil Hetlevik Johansen (t.v.)har bladd opp for erstattarar. Bosman-spelar Kjetil Sande (i midten). Arkivfoto: Simon Snusen

Stein serverer tasty lunsj til svoltne Bocciafest-deltakarar

OPE FRÅ 10.00 - 22.00

17


L A FA N N Y

DET STORE BILDET

No må eg ikkje søla

Han kjem garantert til å søla

Ka e’ ditta for slags freakshow?

Feis Jarle no igjen?

18

Ser eg bra ut frå sida, John?

Du ser alltid bra ut, Vegar


L A FA N N Y

Tissen i fjeset eller naso i skrittet? Hm ...

Hva er “grisarompo?”

Veit du kva tid de t er verst å ha bind fo r augo?

Det har seg sånn at eg e’ ein knalltøffe haugesundar

Kva er dette for eit feakshow? End åe Eg e in lunsj ? r me d!

Verst å ha bind for augo?

19


L A FA N N Y

Dei er bitre, men prøver så godt dei klarer å halda fasaden. Laget Beste antrekk 2019 fryktar nye premiefat av den negative sorten i årets turnering. Øyvind Nyhammer (frå venstre), Mikael Søgaard, Bjarte Salomonsen og Eirik Spjeld.

Tek eit oppgjer med Bocciafest Laget Beste antrekk 2019 føler seg mobba og meiner arrangøren er ute etter å ta dei. T E K S T: OLLVAR O. K LEPPEVOLD FOTO : JOSTEIN K ROKSLEIVEN

– Dette har gått altfor langt, og no føler eg at det kanskje er på tide å seia ifrå, seier Eirik Spjeld, lagleiar på Beste antrekk 2019. Saman med lagkameratane Bjarte Salomonsen, Øyvind Nyhammer og Mikael Søgaard, har han invitert La Fanny på lunsj i ein fasjonabel restaurant på Sunnhordlandskaien. Spjeld viser fram eitt av mange relativt fine fat kjøpt på ein gjenbruksbutikk nokre kilometer sør for Osvald pub. På det eine fatet, som dessutan prydar eit kart over ferieøya Lanzarote, står det «Verste antrekk». Spjeld tok imot fatet under banketten til Bocciafest 2017. Same kvelden måtte han fram på podiet endå ein gong for å ta imot premiefatet «Verste lagnamn». Stabelen

med fat er etter kvart høg. «Verst» følgjer med på alle fata. Boblar over. – Utfrysing er vel ordet som greiast kan skildra det me har vore gjennom dei siste fem-seks åra, iallfall, fortel Spjeld medan sidemannen Salomonsen skjenkjer meir Salon Le Mesnil de Blancs Brut (1999) i glaset til lagleiaren. Ifølgje Spjeld handlar det ikkje berre om at laget hans har vore verst kledd og hatt verst namn. – Når alle er imot oss, går rullegardina mi ned. Me har på oss heilt vanlege klede, kvar einaste gong. Denne hettegenseren med store bokstavar både framme og bak kjøpte eg hos Klingsheimen, seier Spjeld og viser fram eit bilete

av genseren på telefonen. – Kva tid blei ein slik hettegenser «verst antrekk»? spør han retorisk. Kvartetten som no er i ferd med å forsyna seg av kongekrabbeklør dynka i ketjap manis og ingefær, har heller ikkje nokre sportslege resultat å visa til. Også der meiner han at turneringsleiinga må ta sin del av æra, for å «ha jobba mot dei i fleire dommaravgjerder», som Spjeld sjølv uttrykkjer det. – Forresten så måtte me stå på venteliste i år. Det ser eg på som endå eit stikk mot oss. Det var på håret at me kom med, legg han til. Meir bobler. Det er deltakarane på alle laga som stemmer fram årets best og

20

verst kledde lag, og årets beste og verste lagnamn. Spjeld sitt lag har vunne verstfatet med solid margin fleire år på rad. – Kva tenkjer du om at så mange har røysta på laget ditt? – Komplott. Avtalt spel. Samansverjing. Alt organisert av den korrupte turneringsleiinga. – Det er krefter i denne turneringa som vil oss vondt, fastslår Spjeld, medan sidemannen Salomonsen bestiller ei flaske Dom Pérignon Oenothèque (1996) til lagkameratane sine. – Berre vent og sjå. På årets turnering har me heilt sikkert med oss to nye fat på heimturen, seier Spjeld, idet ein kverulerande fis treff stolsetet som har tyngda frå skinkene til den lågmælte adjunkten over seg.


L A FA N N Y

I krig og boccia Leik er ikkje berre moro. I desse førkrigstider skal me ta ein kik på likskapane mellom Bocciafest og krigføring. AV JOSTEIN B. ØGÅR D OG JON OSC A R H A NDEL A ND (K A PTEIN EBENEZER S)

21


L A FA N N Y

D

u har dei som seier at Bocciafest er berre er på gøy. Til desse seier me: Tvi! sjølv dei olympiske leikane har sitt utspring som førebuing på krig — eit storstilt treningsopplegg for bystatane i Hellas, eit folkeferd som kriga så mykje seg i mellom at dei berre kunne leika saman kvart fjerde år. Ja, slik har leiken og krigen påverka kvarandre, at den som er god til det eine er god til det andre. Kvifor skulle Bocciafest te seg annleis? Sniken Machiavelli gjorde seg nokre tankar om krig i boka «Krigskunst», ein slags tidleg TED-talk. Denne er framleis aktuell, og dannar bakteppet for det me i dag skal snakka om. Førebuing Det første ein gjer i både krig og boccia er å velja mannskap. Delecium, utveljing, er sentralt i Machiavellis krigskunst. Han seier at gode soldatar, kulekastarar i vårt tilfelle, finn ein i tempererte område. Ikkje for varmt, av di dei er dyktige, men mistar motet. Ikkje for kaldt, for dei er modige, men slett ikkje dugande. Her har laget From Hell truleg gått på ein smell. Ein solid taktikk i møte med dei må vera å dra ut kampane så lenge som mogeleg, då dei vil bli sure og gå heim. Gjerne må ein få grisavstand nøyaktig målt av sekretariatet etter kvart kast? Vel dessutan folk frå landet. Dei er vane med eit barskare liv — er meir hardbalne, rett og slett. Spelarar frå urbane område er gjerne forfina og dekadente etter eit langt liv vane med fri flyt av caffe latte og restaurantar som er opne fleirfoldige år i slengen. Kort fortalt løner det seg å henta dei som er vane med å svinga ljåen, ikkje sølvskeia. Fitjar og Fjellgardane vil gjera det godt i år òg, medan me ønskjer laga frå haugesundsmetropolen vel heim. Dette med landet må me moderera litt.

For fiskarar og skjemtegaukar skal ein styra utanom, seier Machiavelli. Busty Boccia Babes, med si besetning frå Austevoll og Odda (industrisamfunn er ynglegrunn for skjemtegaukar), er dermed best tent med å gå for den alltid aktuelle taktikken: å vinna banketten. Dog, på Bocciafest er dette ofte den mest konkurranseutsette greina.

det betyr ikkje at prinsippa ikkje er til stades. Økonomi er som me veit smøringa som held krigsmaskina i gang. Når eit lag paraderer rundt i gullbelagte klede eller vippar fram eigne kuleklutar, om det er lov å seia, er det eit signal om at her møter du nokon med meir ressursar enn deg. Tenk deg at du losnar litt på handleddet og kastar litt solidarisk fordi du sit med inntrykk av at du møter eit lag frå gamleheimen, berre for å innsjå at du har blitt rundlurt. Dette med kamuflasje er tett knytt opp til krigføring, som det òg er til Bocciafest.

Capo di tutti capi Dersom kapteinen på Kitlarane finn det for godt å kasta terningar i Frugardselva og kryssa over til Nordom Bocciaen, følgjer han i fotspora til store namn som Cæsar et.al. Om spelarane hans følgjer sin store leiar, høyrer Kitlarane brått fortida til. Det er slike situasjonar Machiavelli vil unngå med sitt neste råd: Kapteinsrolla bør rullera. Dersom spelarane blir lojale til éin person – i staden for laget – kan det få store følgjer. Før Bocciafest får drenert myra, er det enno ein pøl av korrupsjon i form av halvlitrar over bordet og cash under det, lovnader om at «eg kjøper ei til deg i kveld» og «gjer oss ei beine så går me begge til kvarten». Ei øl i rette neven kan fort føra til spontan samanslåing av to lag i løpet av kvelden, med katastrofale følgjer for dei som tel poeng. På Kaptein Ebenezers har me løyst dette ved at kapteinen er vår dårlegaste spelar. Skulle han snu frakken hin vegen går skipperhatten berre til nestemann.

Kynisk krigføring Machiavelli er best kjent som ein sjukt slu snik. Til oss utan fullkomen besetning, prydfjører eller hand-auge-koordinasjon har han underarmskasta ei livline i form av kynisk krigføring. Ein lyd-fis i rette augneblinken kan senda ein elles god svingarm ut av balanse. Ta gjerne mostandar i handa, men bruk venstre. Dra litt fleire «kuler er ballar»–kommentarar enn du er komfortabel med. Distraher så godt du kan, for i krig og boccia er allting lov. Fredskonferansen Eller «banketten» i vårt tilfelle. Bocciafest tar, som krigar flest, slutt. Då er det viktig å behandla motparten humant. Fiendskapen blir lagt bort og stridskula pakka ned. Vinnarar skal ha byttet sitt. Fat skiftar nevar og ordet «gris» skiftar meining. Sorgar skal druknast og vinnarar hyllast. Begge på same viset. Lesing mellom linene gir oss nokre siste ord frå Machiavelli som får vera til trøyst for oss som ikkje når opp i år heller. «Når krigen har tatt dei beste, er berre resten att.» Ohoi, kumpanar. Me gler oss til neste år.

Beautiful plumage «Det er utsjånaden som tel.» Ja, dette seier Machiavelli. Det er lang tradisjon for utkledning på Bocciafest, men dei som trur dette berre er leik og kalas må tenka om att. Fjørpryd, sterke fargar og høge hattar har alltid vore nøkkelelement i krigføring. Å skremja vitet av motparten ved å ha på seg skallen til ein familiemedlem på hovudet har til no vore uglesett på Bocciafest, men

22


L A FA N N Y

23


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

Boule Movement Anders Andersson Andreas Vallestad Runar Bjørkvik Mæland Chris-André Elvik 1. Ein gjeng med amatørar. 2. Deltaking i Bocciafest 2018. 3. Ein god Boule Movement.

FC Fitjar Maj R. Engevik Maren T. Odland Martha Stockmann Marita Nysæther 1. FC Fitjar vart stifta ein våt og sein kveld i 2017. Skribenten valte lagnamn - såre enkelt for ein fitjarpatriot. Har fått litt tyn for dette i ettertid, då ikkje alle på laget syntest dei kler den grøne drakta. Synd. Alle på laget har fått utlevert ein heilt ok dose konkurranseinstinkt. Kan framstå som noko ufordragelege for andre, men er greie. 2. Me har ikkje fått lurt inn treningsleir på Justi i år. Går nok greitt. Planen er å få i seg eit par øl, koma med oppmuntrande ord innad i laget og slenga litt skit til andre vegen. Så skal de sjå det går seg til.

Les filles folles Marte Gjøsæther May Britt Hagerup Anne Gjøsæther 1. Damene bak vinnarlaget 2018. 2. Firedagers treningsleir med regjerande meistrar på Kråko, med krabbe og kuler. 3. Prosecco. Prosecco. Prosecco.

3. For å vinna banketten må ein ta på nye, reine sokkar i danseskoa og skaffa barnevakt som har ungane på overnatting. Håret kan vera laust eller sett opp i strikk. Viktigast av alt er å ta seg heilt ut.

Boccia gonna Bl ack and do about it? white socks Emilie Aaserud Hystad

Thor Egil Waage Even Tyse Lars Andreas Pedersen Simen Hatlevik

1. Laget består av fire jenter med gull på tenno. Me fyrer bocciakuler og knuser menno. Me skal vinna, me skal slåst. Boccia gonna do about it? That’s us.

1. Fire tullingar som kastar kuler éin gang i året.

Line Hystad Nina Grøsvik Ådnanes Malene Grøsvik Dahle

2. Spionert på petanquefolket. 3. Ha med Even Tyse.

2. Det har vore stort fokus på restitusjon sidan fjorårets bocciafest. Me har hatt eit bra transfervindauge som har resultert i eit nytt tilskot til troppen. 3. For å vinna banketten på Osvald på kvelden hjelper det ikkje med beste lagnamn eller utkledning. Her er det lagdansen som vil spela ei stor rolle. Det kan potensielt enda opp med å ikkje berre bli ein lagdans, men bankettdansen. Kanskje vil det gå globalt på YouTube i ettertid?

Gul’gutane boccia mons Maiken Taranger Marita Natvik Hilde Irgens 1. Eit lite utdrag av det store hobbyvolleylaget Vollitas. 2. Eit par treningsøkter ved Storddøra og Ådlandsvatnet, elles har det gått i pokemonjakt. 3. Gotta catch ‘em all!

24

Per Svein Sakseid Øyvind Bjørkås Pål Johansen 1. Me køyrer tradisjon og tryggleik i laget. Alle innspel er viktige, så lenge me vinn til slutt. 2. Me treng ikkje mykje trening så lenge me er friske og vakne. 3. Me er alltid klar for ein feste som måtte komma.


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

Bilete?

The Highfives

Silver stars

Silje Fjøsne Lena Lynet Aarbø Hedvig Steinsvåg Hansen Monica Korsvik Sætre

Kirsten Angeltveit Ole Angeltveit Ingrid Angeltveit Magne Blokhus Geir Angeltveit

1. Over gjennomsnittet glade i å kle oss ut, har me funne ut. Byrjar sjeldan og aldri planlegginga før eit par dagar før, og endar som regel opp med å måtte døgna for å rekka å sy/klippa/lima/skru/montera saman kostyma i tide. Som regel vert dei siste stinga sett på veg inn på arenaen.

2. Me har som vanleg ikkje førebudd oss sportsleg. Planlegging av antrekk krev all vår energi. Årets første kule blir kasta i årets første kamp på årets einaste (og desidert kjekkaste) turnering.

1. Laget er eit familielag , og me er godt samspelte. (Alle kastar same vegen)

3. I fjor var to av tre gravide, i år er berre éin av tre. Oddsen for å kunna gjera ein real innsats på banketten er allereie betre enn i fjor.

2. To av laget sine medlemmer har drive grasbanetrening fram mot turneringa, medan dei andre har vore på NM i petanque. Me er truleg nokolunde i rute med formen. 3. For å vinna må ein stilla i eit praktfullt kostyme og med eit særs godt humør som smittar andre. Gjerne med nyinnkjøpt godlukt frå sørlege strøk.

Team Ar agones

Bocciapappa. blogg.no

Sindre Ekornrud Johannes Tornes Tarjei Haga

Even Sætrevik Jan Ivar Westvik Lars Gundersen

1. Laget med to kapteinar, voldsom konfliktappetitt og eit legendarisk Bocciafest-gull frå 2015. Årets utgåve vil også som alltid bidra til å spre vinnar- og petanquekultur.

1. Fedre på jakt etter unnskyldning til å ta seg ein fest.

Boccia-Bob and the Bald-wins Nils Olav Svarstad Lars Erik Solberg Knut Olav Solberg Robert Brandvik

2. Terping med tunge Libero i hagen. 3. Då må mødrene garantera for avspasering på søndagen.

2. Lukka treningar.

1. Hello!

3. Den sigeren tek me i alle høve på forskot.

2. My brain hurts! 3. Hello!

25

Busty Boccia Babes Arve Bremnes John André Njåstad Lars Aga Tommy Kvarsvik 1. Me meiner at me har det som skal til for å delta i Bocciafest 2019, og om me skal seia det sjølv, så er me fire spelarar på laget. Dette gjer at det nok blir ein del intern krangling om kven som til ei kvar tid skal kasta, men me satsar på at dette løyser seg ved at me bruker ei ekstra kule som motstandarlaget ikkje legg merke til. Skulle me likevel enda opp med å tapa, går me for fair play-fatet! 2. Me har dette året valt å fokusera på det mentale i førebuinga til Bocciafest, då denne prestisjeturneringa som kjent er forbunden med eit enormt psykisk press, der frykta for ikkje å få i seg nok øl ofte tar overhand. Denne umenneskelege påkjenninga har me ikkje tatt nok omsyn til tidlegare, men etter å ha fått hjelp av dei beste psykologane, føler me at me no er i stand til å fokusera på sjølve spelet. 3. Her er me usikre. Kanskje det blir ei utlodding eller noko, der den som trekker vinnarloddet vinn banketten? Dette er nok det mest rettferdige.


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

Dur acellene Lena Haga Almås Monica Haga Almås Janne Haga Almås 1. Laget består av tre systrer. Der Monica durer på, og me to andre heng på.

Pl an B

2. Laget har valt å ligga på lading, slik at ikkje batteria blir tomme under turneringa.

Anna Aas Eriksen Margrethe Framnes Neset Helga Grov Bekkenes Ingebjørg Aaland

3. Hoppande glede, gulrot og nytt sett med batteri.

1. Fire jenter med fire ulike eigenskapar. Ei som er god til å kasta grisen. Ei som er god på dei lange kasta. Ei som let tilfeldigheitene avgjera. Ei som trur ho har god presisjon. Så me satsar på overprestering og maksimal utteljing på flaksen. 2. Går for same taktikk som tidlegare år, ikkje trena i forkant. 3. Sjarm.

Lerkene

BallStars

Gro Aasheim Hildegunn Eskeland Ragnhild Titlestad

Leif Erik Laukhammer Rolf Hansen Nils K. Blom Sigurd Sævareid

1. Må ikkje forvekslast med gjøk og sisik, trost og stær. 2. Me har jubla høgt i sky, og me har ringt våren inn på ny. Frost og snø har me måtta fly, men no er det sol og glede. 3. I år går me faktisk for kråkestup og bukkesprang.

1. BallStars er eit lag som spring ut frå det meir kjende Leif Erik Starteam. Starteam finn du ofte på Vikahaugane i romjula. Me er eit lag som set pris på gode opplevingar. Ein stor del av laget er òg glade i mat.

Ofboccia

2. Førebuinga starta fem minuttar etter fjorårets fiasko. Sigfred Stangeland ut, Rolf Hansen inn.

Brita Andrianne Grov Malene Rosland Eldøy Camilla Seljebu Ragnhild Kambo Grov

3. Det kjem an på det sportslege.

26

1. Me er fryktbare. 2. Blir trening torsdag kveld. 3. May the Lord open.


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

Nordom Bocciaen Line Aas Vad Ellen Salomonsen Hege Aas Vad 1. Dette prisvinnande laget består av tre svoltne spelarar på jakt etter fleire titlar. Me deltek for sjuande året på rad, og er meir kjent for entré enn kor flinke me er i ringen. 2. Denne gongen har me kvilt oss i form. Me har vore lettvektarar tidlegare år, men har no den tyngda som trengs for å lukkas i sandkassen (og kanskje på banketten?).

Lonen og dei Gudmundinhos Espen Lone John Hope Vegar Nævdal Ottesen

Gudmund Yttredal Kjersti Andersen Fred Andersen Grov

1. Etter mange år med stong ut har me no vore på overgangsmarknaden og funne den mest dopa bocciaspelaren me kunne finna. Emmerhof er ute og Lone er inne.

1. Eit lag tufta på flaks og kriser. 2. Ikkje vore så dårleg førebudd sidan

me vann sist. Det bør skremja dei fleste. 3. Fin, jamn flyt og minimal forflytting etter ferdig konkurranse er viktig. Med flaks treff ein av toppane banketten. Då er det gjort.

2. Me satsar alt på nysigneringa frå Teinehaugen. 3. Med danseløva Lone på laget vert banketten ein leik.

3. Boccialicious er rydda av banen og det er ingenting som kan stoppa oss. Ein kombinasjon av øl, godt humør og dansemoves vil gjera oss uslåelege.

Archicast M ATROSANE Jorunn Lillebø Gjerstad Helge Gjerstad Vidar Hope 1. Eit lag fylt med godt sjømannskap. 2. Staka ut kursen til Vikaflé. 3. Setja sjøbein så tidleg som mogeleg.

Trond Atle Nesse Jo Kjetil Nielsen Nils Eivind Horneland Amund Horneland

Naughty Eagles Lars Tore Løvtangen Odd Arne Lillebø Carl Ruben Ericson

1. Laget innehar føresetnader for gode konsept og ein grei handlingsplan. Kjem til å fokusera ein del på funksjon, ein del på estetikk – resten på gjennomføring.

1. Tre ivrige golfarar, busett i Stavanger, som jagar eagles.

2. Alle deltakarane på Archicast er sendt til ulike treningsleirar: Frankrike: Boule prestige, Bømlo: Spissøy Brusamband, Hardanger: Tørrvikebygd Oselvar- og skiferbråt og til slutt: Skottland: St Andrews Old Course avd. Horse and Hound.

2. Ein spelar hadde ein treningsleir i Frankrike for tre år sidan, samt nokre kast i fylla på «Summergames», regissert av Sigfred Stangeland i fjor. Éin kunne kasta liten ball minst 20 meter på ungdomsskulen, medan siste mann såg på «Summergames» i fjor, og syntest det såg lett ut.

3. Halda oss inne med Boulerinas i løpet av dagen og kanskje flørta oss frampå nok til å by dei på ein iskald Hapusa hos Robert, før banketten startar.

3. Eit strålande humør, sjølv om dei har blitt utslått av Naughty Eagles i ein av dei tidlegare rundane.

27

Tropisk Nektar Susanne Nesse Thea Hinderaker Stine Aamodt

1. Laget består av ein sjukepleiar, ein lærar og ein logoped. Det må vel bli bra. 2. I år køyrer Tropisk Nektar ny taktikk. Den har gått ut på å røra kulene minst mogleg fram til den store kampdagen. Me vel altså å spara på flaksen. Me har også valt å ta med ein nybyrjar på laget. På denne måten legg me mesteparten av vekta over på ho då me har stor tru på nybyrjarflaks! 3. Hæææ? Må me vinne den òg?!


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

Petit Petanque Anette Angeltveit Thoresen Gro Sissel Langeland Bjordal Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt

Kiskriger ne Lars Ankervold Styrk Matre Grimstad Fredrik “Fjudde” Sørgård Sigbjørn Aasheim Johansen 1. Kiskrigerne har sitt opphav djupt inne i gruvene på Litlabø. Me hadde ikkje mykje å gle oss over, men me hadde i alle fall kis.

3. Som det står i dei gamle bygdebøkene; Ein gruveslusk jobbar for to og drikk for fire. Dette mottoet held me i hevd. Me vinn banketten så lenge Osvald har nok øl i krana.

No kjem me ut av tunnelen for å læra vikabuen å kasta kuler. 2. Heile livet vårt har bygd opp mot denne turneringa. Etter mange år med sprenging i fjellet har me bokstaveleg tala krut i armane, og dette let seg visa i håplause skot og grunnlause vurderingar.

1. Petit Petanque er solide amatørar med stort potensiale innan petanque. Anette har i alle år kasta for Boccialicious, medan Gro Sissel og Anne-Beate er rykande ferske for festen. Sidan me var innom Boccialicious, kjennes det rett med ei forklaring. Arnhild Myklebust og Ingjerd Kannelønning Kolstad er reist til meisterskapsturnering i La France, noko som var setla då dato for Bocciafest vart bestemt. Dei vil sjølvsagt aldri gå på same smellen igjen. Anette er ikkje med i detnturnamenten grunna ny baby, og nyttar høvet til å kasta med Gro Sissel og Anne-Beate meir lokalt. Saman lovar me jordnære og kortreiste kuleplasseringar og organiske samanstøyt. Det blir ikkje like mykje glitter, men også me går for gull. 2. I førebuingsfasen har laget hatt fokus på restitusjon og det å vera sjølvforsynt av naturlege talent. Den gode kasteforma kjem ikkje av hardtrening åleine … .

Bellullto

From Hell

Malena Ottesen Lise Ingebrigtsen Anne Ottesen

Gøran Odland Roger Almås John Almås Alexander Horneland

K astek a mer atene Knut Marius Sundt Kjetil Kolltveit Stian Rørlien Terje Veivåg

1. Me er laget frå Galtvort, høgare skule for hekseri og trolldom.

1. Tre lange og ein godt fyldig ein.

2. I oppkøyringa til Bocciafest har me spelt mykje rumpelboccia, øvd på trylleformar og kokt griseeliksir.

2. Det blir nokre intense treningstimar på Justagjerdet bocciastadion dagane før konkurransen.

1. To austlendingar, to vestlendingar, åtte venstrearmar. Dette luktar svidd.

3. For å vinna banketten på Osvald kjem me til å slenga rundt oss med fiffige trylleformlar, og dei som vil kan få låna sopelimane våre.

3. Me drit i sånne gøye dameting.

2. Heller labert. 3. Det får du spørja nokre vinnarar om.

28

3. For å vinna banketten på Osvald må ein skapa inntrykk. Uttrykk skapar inntrykk, og med ettertrykkelege danserykk melder me på tre stykk i kampen om å skapa inntrykk. Petit Petanque er klar til innrykk!


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

BÕru Geisha (Boccia Geisha) Lisbeth Særsten Alvsaker Marie Hatlevik Tvedt Silje Føyen Nilsen 1. Me er laget frå Kyotos indre bocciakjerne. I fem år har me gått i lære hos Sensei Hiroto for å kunna assosierast med den heiderlege tittelen Bōru Geisha (Boccia Geisha) i tradisjonell japansk bocciakunst. Sensei har lært oss at boccia handlar om å meistra sine indre kjensler, tankar og kropp, og at sjølve kampen berre må vera siste løysinga. Under Sensei Hirotos kyndige instruksjonar har me ikkje berre utvikla våre fysiske evner, men òg den nødvendige sjølvtilliten og trua på seg sjølv for å kunna vinna turneringa og banketten på Osvald. Tolmodet og presisjon har vore nøkkelen gjennom treninga, og me er no gjennom øvingar, teori og praksis i feltet, førebudd for kamp.

Die M annschaft

Kr åko fisk, kreps og boccia

Erlend Thoresen Andreas Bjordal Åsmund Natås

Sverre Hagerup Sørensen Frode Hagerup Harald Gjøsæter

1. Die Mannschaft har vore fast inventar på Bocciafest i ei årrekkje. Stamma i laget har vore den same fram til no, men i år har me hatt storreingjering. Gamle slitarar er bytt ut med nye talent. Dei nye på laget heiter Andreas Bjordal (var på prøvespel under førre Bocciafest) og Åsmund Natås. Kaptein og kontinuitetsberar, Erlend Thoresen, trur dette kan vera året for Die Mannschaft sitt endelege gjennombrot etter mange år med mykje «nesten» og «stang ut».

1. Sverre er captain og førsteleggar. Eksepsjonelt presis på førstekasta. Motstander vert ofte psyka ut allereie etter hans kast. Frode, bror til captain, er andreleggar og står for rutinen i laget. Har denne sommaren lagt treningsleiren sin til Frankrike for å spissa forma. Harald, svoger til captain, er anker/ hovudklinkar. Klinkar feilfritt opp til 20 meters avstand. Synd at banane på Bocciafest ikkje er så lange, då hadde det blitt leikestove.

2. Under oppkøyringa til årets turnering har me valt å spreia oss for alle vindar og køyra fullstendig individuelt opplegg utan noko felles forståing av kva som er lurt. Satsar på at alle stiller med sylkvass form.

Kitl ar ane Arild Skjæveland Sindre Vikanes Magnus Kongestøl 1. Me har vore med kvart einaste år, og tidlegare blitt skulda for å vera høge på pæra. Det er me ikkje lenger, no er me audmjuke. 2. Henrik har hatt «Best med mental trening» av Erik Bertrand Larssen på lydbok gjennom heile sommaren. 3. Du kan vinna om du har eit godt forhold til Boccialicious. Det har me!

2. DIB treningsleirar gjennom året. Har òg bygt eigen bane på Kråko for å få ei optimal opplading. 3. Ein viktig føresetnad for å vinna banketten meiner me er å vinna turneringa. (Her snakkar me av erfaring)

3. Me har høyrt at Boccialicious ikkje blir å sjå under årets Bocciafest, så då tenkjer me banketten er up for grabs. Her er det berre å leggja seg i selane!

Superclub Audun Egenbeg Cathrine Dreyer Stian Iversen 1. Superclub er ein super bocciaklubb, og eit endå suprare brettspel. Hadde dette vore ein potensiell promoteringskanal for det fotballbaserte brettspelet Superclub, som vert lansert på kickstarter.com i september, hadde me sagt at dersom du likar fotball, strategispel eller begge delar, kjem du til å elska Superclub.

29

Me hadde også sagt at du kan lesa meir på superclubgame.com. Men det skal me ikkje gjera her, altså. 2. Me har spelt Superclub, eit nyutvikla brettspel som går ut på leia ein nyopprykt fotballklubb til verdsherredøme gjennom anten smarte spelarkjøp, godt speidarnettverk, eit velfungerande spelarakademi, sterke finansar, taktisk klokskap eller aller helst ei blanding. Me satsar på at dette er overførbart til bocciabanen. 3. Me tar med oss ein Superclubprototype, så folk kan komma bort og sjå korleis spelet fungerer. Det må jo bli ein hit.


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

Great Boules of Fire Jon V. Buchvold Amund Engelsen Landro Jonas Engelsen Landro 1. Ifølgje Google Oversetter betyr lagnamnet «Store brannsår». 2. Me har tidlegare vist at det ikkje er behov for trening for å nå finalen. Difor har me i år, som i føregåande år, brukt minimalt med tid på kuler. 3. I utgangspunktet treng me ikkje stela showet - når gullet er sikra vil me vera naturlege midtpunkt. Uansett har me planar om å stilla med stil, og ser fram til å snika oss inn i S&M-rommet til Arild Skjæveland i Hillarhaugen og sjå om det er noko som passar. Viss me ikkje finn noko der vil me truleg gå for eit komfortabelt antrekk med ein liten edge.

Make Vikjo greit again 2019

Fruktsal at Frida Pedersen Nygård Sandra Linnèa Lindwall Helene Holm Grasdal Rebecca Hammersland.

Ida Titlestad Sandvik Oda Totland Bongom Johanne Engevik Haga Elisabeth Helland Lunde

1. Banan, ananas, jordbær og druer, det er fruktsalaten som kan kasta kuler. Me er alle frukteleg gode og rå, rett frå disken du kan oss få. På Bocciafest me skal visast - fruktsalat skal herved prisast!

1. Me er arrogante med stor sjølvtillit og høge mål når me går til kamp. 2. I første omgang har me bygd ein tre meter høg mur rundt øvingsområdet for å hindra spionasje og kulturell påverknad. Elles øver me alltid med store, tunge ballar. Ingen siger utan ballar.

2. Laget har overvintra i drivhuset til familien Hammersland. Pappa Jørgen har besørga tilstrekkeleg mengde med varme og vatn. Litt gjødsel har det også blitt, og «melonane» til dei ulike fruktane har vakse godt. Laget føler seg moden for turneringa og er klar for å hausta premiar.

Nina Barek Sørli

Caroline Wolff Ida Tjessem Dahl Kristina Breivik 1. Gule, svarte, hårete og høyrer til arten med brodd (er ikkje redd for å bruka han). Svakheit: kan bli distrahert av blomar. 2. Førebudd oss med å byta bie på laget. Årets jokerbie, Ida, har eit ekstra par stikk i erme. 3. På Osvald kjem dronningbiene til å sverma rundt kvar sitt ølfat med eit snev av søt honning.

3. Grab ‘em by the balls.

3. Banketten blir juicy. Me stiller nyvaska og skrelt, og fruktsalaten gler seg til å mixa seg med nye ingrediensar.

sett utanfrå. Likevel trivst dei godt i lag på same stilken. Likt mange andre pusar er linpusane seigliva. Om me er ærlege, gjekk det ikkje akkurat overmåte godt i fjor. Men me har ingen planar om å legga opp av den grunn. Hemmelegheita bak seiglivda, ligg ikkje naudsyntsvis i fysisk kondisjon, men snarare i mentalt tolmod og rolege lynne. Utan å avsløra for mykje kan me vel trygt seia at desse pusane malar betydeleg meir enn dei hvesar.

Linpusane Nils Kårevik Torolf Kviteberg Jørgen Horneland Egil Tveit

Le Bocce Vita

1. A) Nils Kårevik, B) Torolf Kviteberg, C) Jørgen Horneland, D) Egil Tveit. Linpusane er eit firkløver samansett av fire relativt ulike blad,

2. Reint sportsleg har me valt å ha ei tilnærming til konkurransen der me nyttar restitusjon som kompensasjon for trening, for på den måten å stilla til start med friske, utkvilte

30

og hyperladde kroppar. Reint bocciasportsleg, sjølvsagt. 3. Skal ein vinna ein bankett, og ikkje mindre ein bankett på Osvald, er det mykje som skal til. Med fare for å falla i flosklars bakhold, er sjarme ein tidlaus og sikker vinnar. Glade smil og blide auge, samt eit veltrent dansesteg kjem ein langt med, trur me.


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

TADA

TT by Jon Paul

Bjør Andreas Maurseth Kjetil Hetlevik Johansen Max Sverdrup Nygren Anne Lillebø Gjerstad

Bjarte Urdal Kjetil Ekroll Espen Torlei Olsen

1. Mestvinnande lag i historien i alt – uavhengig av grein. 2. Store mengder sjampis, jordbær og hår pommenade.

1. Tada er truleg Noregs einaste profesjonelle bocciaklubb. Sjølv om me berre spelar éi turnering i året, Bocciafest, er alle spelarane tilsett i hundre prosent stilling, slik at dei kan konsentrera seg om idretten sin. Kvardagen i Tada består av mykje promoarbeid – det er ikkje gratis å driva profesjonell bocciaklubb, så me må ta ein del reklameoppdrag. Det er difor nokre kallar Tada (tidlegare kjent som Iversen Skogen) for eit reklamebyrå. Men me er ein bocciaklubb. 2. Anne Lillebø Gjerstad har spelt for Tada i mange år, men har uheldigvis vore på utlån til andre klubbar akkurat under Bocciafest. Sånn blir det ikkje i år – Anne spelar for Tada, og då treng me ikkje førebu oss noko særleg meir. 3. For å vinna banketten, må du tapa turneringa. Ingen vil festa med dei jublande, smilande, ekle vinnarane. Me skal ikkje vinna banketten.

3. Vanlegvis ved å møta opp.

Sleivk ast Rune Bekkevold Arne Bjelland Roar Kyvik 1. Laget – som er hyttenaboar – har hovudsete på Kråko, der grunnlaget blir lagt. 2. Me trenar opptil éin gong i vera i snitt gjennom sommarmånadane, så me stiller sterkt.

K astek a mer atene

Beste antrekk 2019

Knut Marius Sundt Kjetil Kolltveit Stian Rørlien Terje Veivåg

Eirik Spjeld Øyvind Nyhammer Bjarte Salomonsen Mikael Søgaard

1. To austlendingar, to vestlendingar, åtte venstrearmar. Dette luktar svidd.

1. Laget – som er hyttenaboar – har hovudsete på Kråko, der grunnlaget blir lagt.

2. Heller labert.

2. Me trenar opptil éin gong i vera i snitt gjennom sommarmånadane, så me stiller sterkt.

3. Det får du spørja nokre vinnarar om.

3. På banketten stiller me nok med dårleg odds, men for å vinna må ein nok starta inntak tidleg og auka etter kvart.

31

3. På banketten stiller me nok med dårleg odds, men for å vinna må ein nok starta inntak tidleg og auka etter kvart.


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

De tre sm å griser

Angry Birdies

i wish i was a Jækl a stålstrenger Fisher m an

Jarle Grov Nils Runnane Trond Sandvik

Jon Tvedte Øystein Sørebø Marius Knutsen

1. Laget har eksistert i mange år, inspirert av dei tre små grisane i Donald Duck. Dei er søte, smidige, tilpasningsdyktige – akkurat som oss. Men spesielt Nils og Jarle har stagnert sportsleg det siste året.

1. Angry Birdies består av presisjonsskyttaren Øystein Sørebø, meisterklinkaren Jon Tvedte og Marius Knutsen.

Lena Bosvik Ask Henny Førland Berger Jannike Sørheim Hildegunn Skjelten

2. Nils brukar all tida si på Felleskjøpet og med Kjersti, medan Jarle går frå tidleg morgon til seine kvelden og et pølse på bensinstasjonar her på øya. Då hjelp det lite at tredjemann kastar kuler fire-fem timar kvar dag.

1. Jækla stålstrenger er eit rutinert og samspelt lag som har fokus på mjuke og harde verdiar, kortreist moro, i tillegg til berekraft.

2. Me var med på ei liknande turnering i fjor.

2. I år har me prøvd å snakka minst mogeleg om turneringa, det har tidlegare fungert godt.

3. Uthald er viktig om ein skal vera konge frå turneringsstart til bankett. Det kan vera lurt å halda seg unna dei siste sluttspelskampane for å garantera ein formtopp fram mot afterbocciaen.

3. Me er litt usikre på reglane for korleis ein vinn bankettar, men me er med på alt som er gildt.

Sindre Dahle Henrik Haukefær Marius Monsrud 1. Laget er ei samling folk frå Noregs nynorske maritime hovudstad som er svært glad i kulekasting og vederkveging. 2. Me har førebudd oss med alternativ trening i år, då tidlegare års opplading har vore mislukka. 3. Ryktene seie me var første påmelde lag ,og føler difor at me allereie har vunne, noko som er over all forventning. Meir vederkveging gjer nok susen.

3. Me ser endå ein gong på oss sjølve som favorittar til å vinna banketten. Utelukkande på bakgrunn av dei spenstige og veltrente kroppane me stiller med.

B-l aget Rune V. Ask Njål T. Berger Helge V. Skjæveland

Nuts på river Knut Arve Haukefær Eivind Sakseid Kenneth Ingebrigtsen

1. Tre relativt kjekke karar frå sumarøya. Bocciafest-vinnarar i 2017.

teknikkar, trent iherdig sidan januar, spesielt augekropp. 3. Alle er vinnarar, uansett kva som skjer.

2. Sett diverse filmar, øvd på nye

32

1. B-laget er kanskje eit av dei mange laga som kan slå til i år. 2. Førebuingane har vore optimale i år som i fjor og forfjor. 3. Dersom me kjem samla til banketten, kan alt skje.


L A FA N N Y

LAgpresentasjonar 1. Fortel kort om laget. 2. Korleis har laget dykkar førebudd seg sportsleg til turneringa? 3. Kva må til for å vinna banketten på Osvald på kvelden?

Alkohooligans Christian André Brink Øyvind Sætre Jonas Angeltveit 1. Laget kan minna litt om ei middelmådig pop-gruppe frå 2000taler. Frontfigur Christian André Brink er eit levande bevis på kva som ein gong var. Medan sidekicka Øyvind Sætre og Jonas Angeltveit er meir eller mindre uskrivne blad for dei fleste, men som alltid er å finna i den store skuggen Christian André kastar bak seg. 2. I evalueringa etter meisterskapen i 2017, då me nådde finalen, kunne me ikkje finna noko samanheng mellom sportslege førebuingar og sluttresultat. Difor har me valt, som i fjor, heilt medvite å unngå all form for sportslege førebuingar. 3. Å komma seg til banketten på Osvald vil vera ein siger i seg sjølv.

Boulerinas

Bankiers

Berit Haga Vikanes Marina Haga Hilde Koppang Nystøyl Silvia Horneland (innbytar: Liv Jorunn Alvsåker)

Sigurd Litlabø Gjermund Vik Ørjan Stokka Lars Peder Langeland 1. Eit lag som tek tung erfaring frå ein kynisk finansbransje med seg inn i spelet. Er ikkje redd for å spela andre dårlege.

1. Laget har eksistert i mange år, inspirert av dei tre små grisane i Donald Duck. Dei er søte, smidige, tilpasningsdyktige – akkurat som oss. Men spesielt Nils og Jarle har stagnert sportsleg det siste året.

2. Me har sett nokre Youtube-videoar som opplading, med hovudfokus på klinking.

2. Nils brukar all tida si på Felleskjøpet og med Kjersti, medan Jarle går frå tidleg morgon til seine kvelden og et pølse på bensinstasjonar her på øya. Då hjelp det lite at tredjemann kastar kuler fire-fem timar kvar dag.

3. Her har me frå tidlegare år vore dårlege på å stilla då finansbransjen sjeldan gjev deg fri både på dagtid og kveldstid. Så ein føresetnad for å vinna banketten på kvelden er å vera der. Det skal me prøva på i år.

3. Me ser endå ein gong på oss sjølve som favorittar til å vinna banketten. Utelukkande på bakgrunn av dei spenstige og veltrente kroppane me stiller med.

Odd Arne Ulversøy Arvid Ottesen Adrienne Saarnak Thomas Dahl

Petter Mortensen Håvard Knutsen Elizabeth Calise Tore Engevik 1. Heiane idrettslag og velforening (HIV) ønskjer eit friskt og sunt Stord, om du bur sør- eller nordom bekkjen. Mottoet vårt er «Ny giv med HIV». Det fortel mykje om haldninga i denne gruppa, og me vil vera eit framifrå eksempel på god, norsk folkehelse. 2. HIV har ikkje studert fysikk, reglar eller lese seg opp nemneverdig i forkant av årets store turnering. Derimot har me signert ein ny lagspelar frå USA som me håpar kan hjelpa oss til siger. «She AIDS us to victory!» 3. Så lenge ein HIV, så kan ein fort vinna.

The Great Gatboules

1. Laget innehar føresetnader for gode konsept og ein grei handlingsplan. Kjem til å fokusera ein del på funksjon, ein del på estetikk – resten på gjennomføring.

Diskokulene

Heiane idrettsl ag og velforening

Henriette Thorsen Randi Sævareid Anne Margrethe Madtsen

2. Alle deltakarane på Archicast er sendt til ulike treningsleirar: Frankrike: Boule prestige, Bømlo: Spissøy Brusamband, Hardanger: Tørrvikebygd Oselvar- og skiferbråt og til slutt: Skottland: St Andrews Old Course avd. Horse and Hound.

1. Laget består av dei tre som ikkje var på ferie nett denne helga. 2. Laget har førebudd seg akkurat nok til å gjera det skikkeleg bra blant andre som heller ikkje er på ferie.

3. Halda oss inne med Boulerinas i løpet av dagen og kanskje flørta oss frampå nok til å by dei på ein iskald Hapusa hos Robert, før banketten startar.

3. Ein vinn festen ved å hanka inn ei røy frå fjordane med tidenes partytriks. Slik me har gjort.

33


L A FA N N Y

Rett før kompet nær sagt sovna på scenen på Afterboccia i 2018.

Minst fem fat og eit grovt stev Tradisjonen tru blir det Afterboccia på Osvald i kveld. Her er noko av det du har i vente. T E K S T: OLLVAR O. K LEPPEVOLD FOTO : AUR IK E WEDEL-JØRGENSEN

La Fanny har fått innsyn i delar av det superhemmelege programmet arrangøren av Bocciafest har for banketten Afterboccia. Me kan allereie no avsløra at det vil bli delt ut minst fem fat; beste antrekk, beste lagnamn, verste antrekk, verste lagnamn og parademarsjfatet. Alle desse fata er noko av det gjævaste ein kan vinna på Bocciafest, når ein ser

vekk frå sjølve gullmedaljane. Det er framleis usikkert om det blir delt ut eit heidersfat i år – eit fat så gjævt at det svært sjeldan blir delt ut på banketten. Men me har gode kjelder på at det også i år blir livemusikk av trioen Hope, Faith and Glory, støtta av Endre Olsen, frå den fargesprakande scenen. – I fjor sovna nær sagt heile kompet

(trommer og bass) på scenen. Eg er spent på om dei greier å stå oppreist gjennom heile kvelden i år, seier Rassbjønn Svettebekk, La Fanny sin musikkekspert. Mange Ingjerd-fans fekk ein støkk då dei såg at Boccialicious er bortreist på årets turnering. Kravet om å få servert grisestevet til songstrupa blir større for

LEVERER BØTTER MED SAND TIL BOCCIAFEST

Heiane • Tlf. 53 41 77 70 • Fax. 53 41 77 71 www.engevikbyggsenter.no Ope: mån-ons, fre: 7-16.30 - tors. 7-18 - laur. 9-14

34

kvart år som går. – Eg har høyrt at arrangøren har jobba intenst for å få inn ein aktør som kan framføra grisestevet på ein verdig måte i år. Men kven eller kva det er anar eg ikkje, seier Svettbekk.


L A FA N N Y

Ser du ikkje grisen? Bestill synstest pĂĽ Brilleriet.com eller 53 41 10 68

35


L A FA N N Y

DAG E N S V IT S AV A R V E B R E M N E S :

Ungkaren skulle setja inn annonse i avisa for å få seg dame. I redaksjonen blei han spurt, «vil du ha han inn før helga?». «Ja», sa han. «Men det kan du ik kje skriva”.

Slik er reglane på Bocciafest 1. Hugs at regel nummer éin er at alle skal vera kjekke og snille med kvarandre. 2. Kvart lag stiller med tre eller fire deltakarar. Kvart lag har tre kuler kvar. 3. Før kvar kamp tevlar dei to lagkapteinane i konkurransen «stein, saks, papir» for å finna ut kven som skal kasta grisen først. (Å kasta grisen først er ein fordel på Bocciafest.) 4. No handlar det om å nå 13 poeng først. Merk deg at stillinga 13-12 ikkje er gjeldande. Ein lyt vinna med minimum to poeng. (Døme: 13-11, 14-12, 15-13 etc.) 5. Korleis får ein poeng? Jo, kula som er nærmast grisen tel to poeng. Den nest nærmaste gir eitt poeng. Dei andre kulene er verdilause når me skal summera.

6. Tidsskjema er hellig. Difor frys me resultatet etter 15 minuttar på Bocciafest. Viss ein ikkje er ferdig med kampen innan kvarteret, blir stillinga gjeldande. Hugs at laga sjølv har ansvar for å starta stoppeklokka når kampen byrjar. 7. Det er 10 grupper med 6 lag. Dei tre beste i gruppa + dei to beste 4-arane, går vidare til sluttspelet. 8. Me reknar med at alle har lært seg reglementert kasteteknikk. Begge beina på bakken når ein kastar, og knyttneven utovervendt. 9. Kapteinane sitt ansvar er å skriva inn resultata i sekretariatet.

11. Bocciafest baserer seg på tillit, difor er det ikkje dommarar på kvar bane. Skulle det likevel oppstå situasjonar der det er behov for ein tredjepart, skal turneringsleiinga kontaktast for å finna ut kven som har har rett. 12. Viss kula treffer vantet (kva som helst av dei), er ho ute av spel. Om «grisen» treffer vantet, blir det omkast. 13. Erlend Thoresen er over dommar på Bocciafest. Han er ein snill mann. Lukke til!

10. Skulle ein komma i ein situasjon i gruppespelet der fleire lag har lik poengsum og lik målskilnad, blir innbyrdes oppgjer avgjerande.

AUGNEBLIKKET

Tre Hagerup Sørensen-brør med ulik kurs i 2018. Sverre og Frode med gullmedaljar og klar for feiring. Inge nokre meter inn i Rundingen, men utan medalje. Dei som les historiebøker veit at sistnemnde kjekka seg med gull i 2012. Meritterte brør. Foto: Jostein Kroksleiven.

206 D E LTA K A R A R

60 L AG

6 P R E M I E FAT

3/4 S O L B R I L L E R FRÅ BRILLERIET

1 VA N D R E P O K A L


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
La Fanny 2019 by La Fanny - Bocciafest - Issuu