Legg bedriftssamlinga til

DERSOM EIN SKAL PRESTERE BEST MULEG, MÅ EIN HA DET BEST MULEG
Vi trur at omgjevnader har mykje å seie for kva eit team får ut av ei samling. Nutheim Gjestgiveri, Uppigard Natadal og Lien Fjellgard er alle særeigne og historiske overnattingsstader som er sterkt forankra i den lokale kulturen. Dette er stader som gjer noko med deg. Her møter du forteljande vertskap som fortel om kunstnartradisjonar og om gygrene i fjella rundt.
UTAN MAT OG DRIKKE
God mat er ein grunnleggjande faktor for at samlinga skal bli vellukka. Såleis gjer vi bruk av eigenproduserte og kortreiste råvarer. Våre stader er godt eigna for kurs og workation for grupper på 15 - 20 deltakarar. Vi veit at det er i møte mellom menneske at det magiske skjer. Difor tek vi hand om kursgjestene våre som om dei skulle vera våre private gjester.


Meir info om vare tre unike kurs- og konferansestader i Mytiske Telemark pa de neste sidene!


KAPASITET OVERNATTING
Antall overnattingsrom: 21
Antall sengeplasser: 45

KAPASITET MØTEFASILITETER
Antall møterom: 3
> Undervisningsatelieret, 10 pers
> Høylåven, 24 pers

> Terje Grøstads atelier, 50 pers

NUTHEIM GJESTGIVERI
Har du overnatta i himmelseng nokon gong? Og sett soli sende striper gjennom vindauget og forgylle alle detaljane i romet? Kunsten, rosemålinga, og dei handvevde teppa trer fram og du veit at like i nærleiken ventar heimelaga frukost. Eit besøk på Nutheim er ei sanseleg oppleving der gode måltid, triveleg overnatting, kunst, historie og tradisjon er vevd saman. Den gjestfrie staden byr på restaurant, galleri, kunstbutikk, møtelokale, prestegard med kapell, ein vakker hage og ikkje minst ei fantastisk utsikt. Atmosfæren er upretensiøs og stilfull.

UPPIGARD NATADAL
Uppigard Natadal er ein praktfull eventyrgard med eit ruvande gardstun og mektig utsyn mot fjellet Skorve der segna seier at gygra Tåronn i tråppin held til. Høyr segn og soger som blir fletta inn i notida med humor, og møt eit vertskap som kan kunsten å formidle. Opplev forteljarglede, eigenprodusert mat, heimebrygg og ein atmosfære som gjev inspirasjon og sjelefred. Avslutt kvelden i ein badestamp under stjernene. Gjestfridomen som vertskapet byr på fyller alle husa og skapar eventyrlege rammer for selskap, treningsgrupper og konferansar.


KAPASITET OVERNATTING

Antall overnattingsrom: 19
Antall sengeplasser: 45
KAPASITET MØTEFASILITETER
Antall møterom: 1, 40 pers
Antall grupperom: 3
Antall selskapslokaler: 2
> Salomos høysal, 80 pers
> Hattemakarsalen, 40 pers

LIEN FJELLGARD
Lien Fjellgard er ein ekte Telemarksgard som klamrar seg fast i fjellsida, 700 moh. Tunet har ti gamle, solbrune hus, og flott utsikt mot Skorve. Garden ligg øvst i Svartdal og har overnattingsplass til 55 gjester i gardshus. Vertskapet serverar eigenprodusert og lokal kortreist mat, og byr på heimelaga brød og andre godsaker frå steinomnen på tunet. Slektsgarden frå tidleg 1600-talet har gått i arv frå far til son i tolv generasjonar, og tilbyr skreddarsydde opplevingar for kurs, konferanse og selskap med fokus på mat, tradisjonar og kultur.




KAPASITET OVERNATTING
Antall overnattingsrom: 26
Antall sengeplasser: 60
KAPASITET MØTEFASILITETER
Antall møterom: 1, 40 pers
Antall grupperom: 2
Antall selskapslokaler: 1, 90 pers
BOOK WORKATION ELLER SEMINAR HOS OSS! Lien Fjellgard • www.lien-fjellgard.no • Tlf: 918 60 211 • E-post: post@lien-fjellgard.noNATUR, SOGER OG AKTIVITETAR SOM GJEV EIN BOOST TIL OPPHALDET







Prins Oskar II sa ein gong at Flatdal hadde det finaste utsynet han hadde sett. Og vi menneske treng å kvile augo på det som er langt borte når vi skal vera visjonære. For å bli inspirerte til sjelefred og nye, djerve tankar. Eit spennande turterreng, minikunst-kurs, kultursti med øksekast, muntert kåseri, surdeigskurs eller smaking av eige heimebrygg – aktivitetane våre er høvelege avbrekk i det faglege. Hos oss får du inspirasjon og påfyll, men samstundes ro til å fokusere på det faglege innhaldet.


