Skip to main content

Programbladet 25.09 Hareid

Page 1

Foto: iStockphoto.com


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no


DAGENS MOTSTANDAR Bergsøy mot Hareid : 61 kampar gjennom 73 år. Ikveld er det klart for seriekamp mellom Bergsøy og Hareid i Fosnavåg - merk kampstart kl 19:00. Publikumsrekorden kom i 1982: Det var 1142 betalande i kampen Hareid - Bergsøy den gang. Den første kampen mellom laga skjedde i 1953 da Bergsøy tok båt frå Fosnavåg for å vinne 6-1 på Hareid. Returkampen i Fosnavåg vann Bergsøy 9-1. Bergsøy hadde taket på Hareid og har forsåvidt hatt det stort sett sidan også. Det er ingen lag Bergsøy har slått meir og det er ingen lag Bergsøy har bedre målforskjell mot. Ser vi tiår for tiår så er Bergsøy bedre totalt sett mot Hareid i samtlige tiår. Untatt 1970-tiåret. Fordi klubbane møttest ikkje til hverken serie eller cupkampar dette tiåret. Og da Asbjørn Gjerde scora fire mål i ein kamp mot Bergsøy eine året så svarte Kolbjørn Wickstrøm året etterpå å scora heile 5 mål i ein 6-0 siger. Klubbane har møttest til cupkampar tre gangar, og Bergsøy har vunnet alle tre gangane. Bergsøy sin største siger mot Hareid er 9-1, mens Hareid sin største siger mot Bergsøy er 4-0. Og vi gløymer nok heller ikkje perioden 2006-2023 der Bergsøy gjekk 18 kampar mot Hareid på rekke og rad uten tap. Det var først i 2024 at Hareid tok sin revansje for å bryte rekka, og i 2025 vann Hareid ein og spelte en uavgjort. I vårkampen vann Bergsøy med 5-2 på Hareid. Kva blir resultatet i kveldens kamp?

Bildet: Bergsøy mot Hareid for over 70 år sidan www.historikk.com


Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer


Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com


Trenarkommentar Velkomen til toppkamp på Havila Stadion Fosnavåg! Sidan sist vi spelte heime har det vore både jubel, frustrasjon og dramatikk. Etter den sterke 4-0-sigeren i førre heimekamp reiste vi til Ørsta med eit mannskap som var hardt ramma av fråvær. Vi mangla fleire sentrale spelarar og fekk det tøft mot eit godt heimelag. Kampen enda opphavleg med 4-0-tap, men i etterkant viste det seg at Ørsta hadde nytta ein spelar som skulle sona karantene. Klubben leverte protest, fekk medhald, og resultatet vart omgjort til 3-0 siger til Bergsøy. Dermed heng vi framleis godt med i toppen av tabellen. Før dagens kamp ligg vi på fjerdeplass, berre tre poeng bak serieleiaren Stordal, to poeng bak andreplassen og likt på poeng med dagens motstandar Hareid. Dei ligg føre oss på målforskjell, noko som gjer dagens oppgjer ekstra viktig. Det er vanskeleg å sjå for seg ei meir spennande ramme rundt ein kamp enn det vi får i dag. Hareid kjem til Fosnavåg utan tap på sine ti siste kampar, medan vi står med fem sigrar på rad. Begge laga har blikket retta oppover tabellen og ønskjer å ta opp jakta på Stordal. Samtidig veit vi at den som taper i dag, får eit tøffare utgangspunkt i kampen om dei øvste plassane. Det ligg med andre ord mykje på spel. For vår del har haustsesongen vore nærast eit lite fotballmirakel. I løpet av sommaren mista vi åtte spelarar frå troppa, og i enkelte kampar har fråværet vore endå større. Trass i utfordringane har spelargruppa vist ein imponerande vilje til å stå saman, jobbe hardt for kvarandre og finne løysingar. Resultata dei siste månadene er eit bevis på kva som kan oppnåast når ein gruppe verkeleg dreg i same retning. No ventar ei ny og svært krevjande oppgåve mot eit formsterkt Hareid-lag. Vi veit at vi må prestere på vårt aller beste dersom vi skal ta den sjette sigeren på rad og halde fram den fantastiske hausten vi har opplevd så langt. Vi håpar mange tek turen til Havila Stadion Fosnavåg for å støtte laget i det som kan bli ein av dei mest spennande kampane denne sesongen. Energien frå tribuna betyr mykje for spelarane våre, og vi trur ramma rundt kampen kan bli noko heilt spesielt. Vi ønskjer motstandarar, dommarar og publikum hjarteleg velkomne til kamp! mvh Anders Helsem Hoff


SMARAGDAS Vist øt t arBer gsøyI LFot bal l


KRONEKAMPEN 2026 Fredag 23.oktober arrangerer vi Kronekampen når det er serieavslutning og lokaloppgjer i 4 divisjon mot Hødd med gratis inngong for alle! Klubben spelar på lag med det lokale næringsliv som sponsar din inngongsbillett. Jo fleire som kjem på kamp, jo meir sponsar bedrifta klubben. Så ta med deg familie og vennar og bli med på å lage fotballfest på stadion! Før kamp blir det tippekonkurranse med flotte premiar og Fair Play natursti med is til alle som deltek. Det blir innmarsj for dei yngste saman med A-laget, og kanskje Tare stikk innom og blir med? Bruk kampbilletten som du får utdelt til å tippe resulatet i kampen og lever den inn før kampen startar for å vere med i trekninga av premier. På bana blir det som alltid eit intens oppgjer, og vi vil heilt sikkert møte nokre gamle kjente som meldte overgong i år :) I tillegg blir dette Franjo sin siste kamp i Bergsøy-drakta og han fortjener ein stor hyllest :) Vi sjåast på stadion 23 oktober!


JENTEDAGEN 2026 Tirsdag 27 oktober frå kl 17-19 arrangerer vi Jentedagen 2026 der vi får besøk av Jan Åge Fjørtoft som vil lede økta og muligens få med seg eit par gjesta som ikkje er annonsert enda. Her vil alle våre Bergsøy-jenter frå 6 år - damelaget bli invitert, og vi håpar så mange som mulig blir med på denne kjekke ettermiddagen/kvelden. Damelaget vil vere instruktørar.

Bilder frå eit tidligare arrangement.


MIKROBALL 3-5 år

60 glade born var samla då vi arrangerte Mikroball for 3, 4 og 5-åringar første gong! Dette er eit tilbud der ein fokuserar på leik og ballspel med fokus på koordinasjon, motorikk og samhandling! Første økt var søndag 30.august kl 10.00 i Fiskarhallen, og vi fekk besøk av kretsen som hjalp oss fint i gong! Neste økt er satt til søndag 11.oktober kl 10.00. Opplegget drivast saman av foreldre. Det er derfor viktig at mor og/eller far er til stades og følger barnet under aktiviteten. Ved interesse og påmelding til neste økt, meld deg og ditt barn inn i Spond med spondkode: WZHWL


BLI BEDRE KJENT MED... I ein alder av 15 år har Kevin Rafteseth Vike ikkje bere fått debutert på A-laget, men også fått spele frå start! Kevin Vike har denne sesongen spelt på Bergsøy G16 og vore fast inventar på Hødd Nasjonal G15. I haust har han som nevnt fått tillit på A-laget og får mykje skryt frå hovudtrenar Anders Hoff. Her kan du bli litt bedre kjent med Kevin som vi gler oss til å følge i Bergsøy-drakta dei komande åra: 1. Hadde du trudd at du skulle få muligheita å debutere på A-laget allereie i år? - I starten av sesongen hadde eg eit mål om å bli involvert meir og meir rundt a-laget utover i sesongen. I fyrste omgang i treningssamanheng, men at eg kanskje kunne få bli med på nokre kampar mot slutten av sesongen. Eg er litt overraska over at eg har fått blitt med so mykje som eg har gjort, men det er veldig lærerikt og bra for utviklinga mi. 2. Du har også fått muligheita til å starte i en A-kamp som en av få 15–åringa, korleis var den opplevelsen? - Eg har no starta i dei to siste kampane og det har våre veldig kjekt å få den tillita. Eg var ikkje so spesielt nervøs før kampstart, mest spent. Det er god kjemi på a-laget; Spelarane er støttande, det er godt humør og der er mange med lang erfaring som eg lærer mykje av. 3. Kva er ambisjonane dine innen fotball? - Fotball er min store lidenskap og noko eg har prioritert i mange år. I fyrste omgang vil eg fortsette utviklinga og etablere meg meir på a-laget. På lengre sikt drøymer eg sjølvsagt om å spele fotball på eit høgare nivå, og aller helst å leve av å spele fotball


BLI BEDRE KJENT MED... 4. Kva er dine største styrkar som fotballspelar meinar du? - Eg har gode basisferdigheiter, og er god med ball med begge beina. Eg har god oversikt på bana (speleforståing) og eg kan spele i fleire ulike posisjonar. Eg likar å trene og ser på meg sjølv som ein som er «coachable»; altså at eg høyrer etter og er interessert i det trenarane ønskjer å lære meg. 5. Kva er favorittklubben din og har du ein fotballspelar du ser ekstra opp til, og ønske å lære av? - Bergsøy og Tottenham. Eg har alltid sett opp til og følgt ekstra godt med på Kevin De Bruyne. Oversikta som han har på bana, og pasningsregisteret og skuddfoten, er noko eg prøver å lære av. 6. Kva vil du seie til andre unge Bergsøy spelarar som drøymer om å spele på A-laget ein dag? - Dei må ha trua på seg sjølv og trene mykje. Samtidig må dei passe på at det er gøy med fotball. Søvn og riktig næring er også viktig. 7. Kva gjer du utenom fotballen? - Eg er veldig aktiv utanom fotballen også. Blant anna held eg gjerne på med frisbeegolf når eg har tida. Elles er eg ein sosial type som likar å «henge» med venane mine. 8. Har du ein funfact om deg sjøl? - Eg likar å lage mat. Vi ønsker Kevin lykke til!

Bildet: Kevin saman med Sander Schanche og kaptein Jøsse etter seieren mot Ravn sist heimekamp.


A-LAGET HERRE 2026

12. Pedro Luis Moreno Gonzales

31. Ruben Bjørlykke Storøy

2. Elias Holstad Walaunet

7. Enrique Crespo Søvik

8. Nils-Erik Engen

9. Magnus Waade Myklebust

11. Alexander Lillenes Hestad

14. Elias Skogen Hauge

16. Daniel Jøsok Kvalsvik

17. Tomas

20. Niklas Nerland Elveseter

23. Fredrik Muren

25. Roald Andreas Knoph Runde

77. Dani Rønnestad Hansen

22. Sander Schanche

10. Kjetil Steinsvik Paulsen

Matuszczyk

30. Eliah Hjelmeseth Nybø

19. Franjo Tepuric


VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre plass å bu. Vi skal vere ein arena for alle der målet er at vi skal inkludere flest mulig, behalde alle lengst mulig, og legge til rette for å verte best mulig.


www.fosnavagshipping.no


A-LAGET DAME 2026

1. Frida Muren Longva

3. Eilen Kvamme

6. Mathea Mork

7. Tonje Christin Hide

9. Ida Kvalsvik Vestnes

11. Vilde Bakke Flusund

13. Susann Brobakke

14. Hedda Victoria Helde Holm

16. Thea Ertesvåg

18. Iselin Refsnes Løvøy

19. Veronica Nerland

20. Maja Vattøy

22. Emilie Bjåstad Hide

23. Lena Jantana

Pettersen

Madsen

4. Malin Gjelseth Bendal

Berge


LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKAL SPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg - Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no


Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT

EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80


Bergsøy A-lag Herre Terminliste og Tabell 2026


HAV CUP 2026 HAV CUP 2026! Fredag 12 september gjekk årets utgave av HAV Cup av stabelen på stadion! Ikkje sidan dei fyrste åra med cupen har vi hatt så mange påmeldte lag! Med uttalige timar arbeid i forkant, både planlegging og rigging. Og deretter over 100 stk som kjem saman på sjølve cupdagen for å legge tilrette for at barn og unge skal få ein skikkelig god cupopplevelse! TUSEN TAKK til alle som stilte opp! Tusen takk til alle tilreisande lag, trenarar, lagleiarar, supporterar, spelarar, dommarar og andre som tok turen! Saman skapte vi ein dag for minneboka! Vi er difor svært stolte av å kunne referere til HAV cup som: ÅRETS VAKRASTE CUPEVENTYR I HAVGAPET! Vi gler oss allereide til neste år!


Bergsøy A-lag Dame Terminliste og Tabell 2026


Vi leier ut lokaler på klubbhuset Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar? No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy. Interessert i å leige? Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.


HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

HERØY MALERSERVICE


Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i fra 3.klasse - 7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Økta rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball. Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre. HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften. Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve. Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar. Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no


Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg Tlf. 700 80 700 Email: post@e-s.no


Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!


FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo. Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner. Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

EIN ARENA FOR ALLE

STØTT våre annonsørar - dei støttar oss!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Programbladet 25.09 Hareid by bergsoy - Issuu