Skip to main content

Programbladet 25.06 Langevåg

Page 1


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

DAGENS MOTSTANDAR

Bergsøy og Langevåg har møtt kvarandre i 60 serie og cupkampar sidan 1970, og det er ikkje mykje som skiller laga reint resultatmessig. Bergsøy står med 25 sigerar mens Langevåg har 26, og 9 kampar har endt uavgjort. Målforskjella er 116-139.

Mens Bergsøy har vunner 4 av 5 cupkampar mot Langevåg, så er det gultrøyene som leiiar seriestatistikken med 25 sigerar mot 21. Men vi ser det også dei siste åra at kampane og resultata har vore jamne. Sist laga møttest i serien i september ifjor vann Langevåg 4-3 på Havila Stadion. Det var et frustrerande tap, og noko Bergsøy helst vil unngå i siste kamp før sommarferien. Laget har nemlig 3 tap på rad før denne kampen, og ønsker å gå inn i ferien med en god opplevelse.

Det mest vanlige resultatet på heimebane mot Langevåg er 2-1 til Bergsøy. Noko anna som også har vore vanlig er at Enrique Crespo Søvik har kome på scoringslista mot Langvåg. Crespo har nemlig scora i dei 6 siste kampane mot Langevåg på rad, og står med 9 mål i løpet av dei kampane. Vi må tilbake til september 2002 sidan sist kamp der han ikkje scora mot Langevåg, som også er einaste kampen han ikkje har scora mot Langevåg. Langevågs Andre Fylling står med 19 mål og Bergsøys Fred Frantzen har scora 14 mål i desse kampane.

Bildet: Bergsøy vann 2-1 heime mot Langevåg i 2006. Det mest vanlige resultatet i desse heimekampane mot Langevåg. Kjetil Paulsen er einaste spelar som er igjen i årets stall som spelte den kampen for 20 år sidan. Bergsøyspelarar frå venstre til høgre: Kjetil Paulsen, Martin Molnberg, Egzon Abazi, Jonny Leikanger, Arve Helsem Leine.

www.historikk.com

Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

Trenarkommentar

Velkomen til kamp på Havila Stadion Fosnavåg!

Vi kjem inn i dagens kamp etter ein tung periode med tre strake tap. Resultata mot Rollon, Valder og sist Brattvåg 2 er ikkje gode nok, og det er vi fullt klar over.

Prestasjonane har variert for mykje, og vi har ikkje klart å stå fram som det laget vi ønskjer å vere over tid.

Samtidig ligg det ei sterk vilje i gruppa til å snu dette.

Vi har hatt fokus på det vi kan kontrollere, jobba godt på trening den siste tida, og brukt tid på å finne tilbake til det som skal kjenneteikne oss – energi, samhald og tydelegheit i spelet vårt.

Vi er også noko reduserte inn mot kampen. Franjo og Kjetil må stå over grunna skade, medan Crespo og Magnus er usikre av same årsak. Det gir moglegheiter for andre til å ta ansvar og gripe sjansen.

I dag er siste kamp før sommarpausen, og dermed ei viktig moglegheit til å avslutte på ein betre måte. Vi ønskjer å vise reaksjon, både i haldning og prestasjon, og gi publikum noko å vere stolte av.

Det handlar om å vere til stades frå start, vinne duellane, og stå saman gjennom heile kampen. Gjer vi det, gir vi oss sjølve eit langt betre utgangspunkt.

Med dykk på tribuna håpar vi å få det løftet vi treng.

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til kamp!

Mvh

Anders Helsem Hoff

Fotballturnering i Fosnavåg for jenter og gutar 6-12 år

2 kunstgrasbaner og fotballhall

Klubbhus kafè, grilltelt, kiosker og tribune m/stolar og tak.

Aktivitetar som Sunnmørsbadet (badeland), kino, skatepark, tennisbane, ballbinge, sandvolley, sandhandball m.m.

Barnefotball (6-12 år) 3èr, 5èr og 7èr bane. 1 x 18 min. Laurdag frå kl 10.00

Påmeldingspris pr lag i klasse;

6 år - Gratis for alle lag!

7 år - kr 725,- inkl.avgifter

8-12 år - kr 933,- inkl. avgifte

Det er også muligheit for overnatting for lag i klassene 9-12år!

HAV CUP 2026

Alle spelarar får etter sin siste kamp utdelt pokal, diplom og cup t-skjorte!

50% rabatt på inngong Sunnmørsbadet ved å møte opp i HAV Cup t-skjorta.

Påmeldingsfristen er søndag 30.August!

Velkommen!

HAV Group er ein av Bergsøy IL Fotball sine hovudsponsorar, og har navnet på vår tradisjonsrike fotballcup.

"Bergsøy IL Fotball har over lang tid drive god samfunnsbygging gjennom å tilby aktivitetar til barn og unge i Herøy, og det er derfor naturleg for HAV Group å gi vår støtte som hovudsponsor. Vi ønsker å bidra til gode oppvekstmiljø, idrettsglede, mestring og inkludering for barn og unge, og er stolt overå kunne sette vårtnamn på HAV Cup. Vi ønsker alle deltakarar til årets cup lykke til!," seier Gunnar Larsen, CEO i HAV Group

www.havgroup.no

Vår offisielle utstyrsleverandør

Pedro med 100 kampar!

I forrige kamp mot Brattvåg2 runda Pedro 100 kampar for A-laget. Det tok han litt over 4 år og 2 månader å spele 100 kampar for Bergsøy, egentlig ganske kjapt levert. Det seier litt om kor stabilt Pedro har levert for Bergsøy dei siste sesongane, jamnt over 20 kampar pr sesong sidan 2022-sesongen.

Fortell litt om di keeperkarriere?

-Eg begynte å spele i forsvar fordi trenarane satte meg der uten å spørre. Faren min var keeper og eg ville gjere det samme, så etter nokre måneder sa eg at eg ville stå i mål. Har vore i mål sidan den gong og aldri angra på det:)

Har du ei redning du aldri gløymer?

-Ei god redning mot Vinicius på Bernabeu!

Beste motspelar du har møtt?

-Isco Alarcôn, han skora 3 mål på meg!

Kva råd vil du gi unge keepera som drøymer om å spele for A-laget?

-Mykje tålmodigheit og eit sterkt ønske om å lære. Keepera modnast seinare enn andre spelarar. Det krever mykje hardt arbeid og fokus på dei spesifikke teknikkane i keeperposisjonen.

Kva kamp med Bergsøy huska du best av dei 100 du har spelt?

-Huska selvfølgelig mange av dei, men comebacket vårt mot Hareid denne sesongen var fantastisk!

Siktar du deg inn mot 200 kampar for Bergsøy?

-Selvfølgelig, det er målet og eg skal prøve!

Vi ønsker Pedro lykke til vidare i Bergsøy-drakta!

TUSSA SOMMARCAMP 2026

Det nærmar seg påmelding til Tussa Sommarcamp 2026 ⚽

Hold av 11-13 august (tirsdag, onsdag og torsdag)

A-LAGET HERRE 2026

1. Jonathan Sandhaug
2. Elias Holstad
3. Mathias Alstad 5.Sander Hoff Walaunet Steinsvik Bøe
6.Sander Makipera7.Enrique Crespo
9.Magnus Waade Vike Søvik
8. Nils-Erik Engen Myklebust
10.Kjetil Steinsvik
11.Alexander Lillenes14.Elias Skogen Paulsen Hestad Hauge
17.Tomas
19. Franjo
20.Niklas Nerland
16.Daniel Jøsok Kvalsvik Matuszczyk Tepuric
Elveseter
25.Roald Andreas 23.Fredrik Muren Knoph Runde
12.Pedro Luis Moreno Gonzales
30. Eliah Hjelmeseth 31.Ruben Bjørlykke Nybø Storøy

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

A-LAGET DAME 2026

4.Malin Gjelseth Bendal
6. Mathea Mork
1. Frida Muren
9.Ida Kvalsvik
11.Vilde Bakke Vestnes Flusund
14.Hedda Victoria Helde
18.Iselin Refsnes
19. Veronica Nerland Holm Løvøy Madsen
20.Maja
22.Emilie Bjåstad Vattøy Hide
5. Line Sandanger
23. Lena Jantana
7. Tonje Christin Longva
13.Susann Brobakke Hide Berge
3.Eilen Kvamme Pettersen
16.Thea Ertesvåg

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2026

SESONGAVSLUTNING PÅ HAV XTRA

Sesongavslutning på HAV Xtra! ⚽

I dag sette vi punktum for HAV Xtra 2025/2026 med ein innhaldsrik dag:

-Kåring av vinnar av HAV-leikane 2025/2026 som er ein individuell konkurranse gjennom heile året (Gratulerer til Denis)

-Intens VM-turnering der vi skulle finne ut kven som faktisk vinn VM i 2026 Gratulerer til vinnar-laget Norge

-Inspirerande besøk frå Toni, som delte sine erfaringar om vegen til NFFs talentleir som han gjer seg klar for i månedsskiftet juni/juli.

Toni har blant anna vore ein ivrig deltakar på HAV Xtra tidlegare og fortalte at ein må jobbe knallhardt for å nå langt. Han fekk også mange gode spørsmål han svarte på frå ein engasjert gjeng.

Vi ønsker Toni lykke til på samling!

Nyt sommarferien, så ladar vi opp til hausten og nye HAV-økter!

Bergsøy A-lag Dame

Terminliste og Tabell 2026

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00.

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i fra 3.klasse - 7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Økta rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no

Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

våre annonsørar -dei støttar oss!

EIN ARENA FOR ALLE

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Programbladet 25.06 Langevåg by bergsoy - Issuu