Foto: iStockphoto.com
A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.
havilashipping.no
DAGENS MOTSTANDAR Både Bergsøy og Ravn tapte 3 av sine 4 siste kampar før sommarferien, men i den første haustrunden overraska Ravn med å slå topplaget Rollon 4-2. Bergsøy på sin side tapte 4-0 borte mot Stordal som ligg på 2.plass, noko som gjorde at det blei meir spenning om førsteplassen. I april vann Bergsøy 2-1 borte mot Ravn etter mål fra Tomas Matuszczyk og Sander Makipera Vike. No har Sander meldt overgang til Hødd, og Bergsøy har i tillegg til toppscoraren sin mista fleire spelarar no i haust. Bergsøy er foreløbig plassert ganske midt på tabellen, men det er gjerne heimekampar som dette som er artig å få poeng fra skal en sleppe å måtte rekne for mykje på avstanden ned til nedrykkslaga. Kampen er viktig for begge lag: Det skiller berre 3 poeng mellom dei seks laga som ligg nederst på tabellen, med Ravn som det øverste av dei laga. Om Ravn skulle vinne mot Bergsøy vil dei være berre to poeng bak Bergsøy. På den andre siden, om Bergsøy skulle vinne vil dei være 8 poeng foran Ravn - altså et viktig steg bort fra bunnen av tabellen. Bergsøy har berre spelt heime mot Ravn en gang før, det var i en 2-1 siger der Franjo Tepuric og Nils Erik Engen scora måla. Vi håper på en ny heimesiger denne gangen!
www.historikk.com
Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer
Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry
We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.
mmcfirstprocess.com
Trenarkommentar Velkomen til kamp på Havila Stadion Fosnavåg! Vi tek fatt på haustsesongen med blanda kjensler. Før sommarpausen fekk vi ein viktig og fortent seier på heimebane, noko som gav oss ein god avslutning før ferien. Samtidig fekk vi ein tøff start på hausten då vi tapte borte mot eit sterkt Stordal-lag som kjempar i toppen av tabellen. Sidan sist har også spelartroppa blitt betydeleg redusert. Fleire av spelarane som har vore viktige bidragsytarar gjennom sesongen har forsvunne i løpet av sommaren. Sondre Olsen, Sander Bøe og Dani Rønnestad har reist ut for å studere, medan Elias Walaunet og Jonathan Hoff er inne til førstegongsteneste. I tillegg har Sander Vike og Mathias Steinsvik valt å gå vidare til Hødd. Det er sjølvsagt spelarar vi gjerne skulle hatt med vidare, både for kvalitetane dei har på bana og for det dei bidreg med i garderoben. Samtidig er dette ein naturleg del av fotballen på vårt nivå, og det gir rom for nye spelarar til å ta større ansvar og vise seg fram. Sander Schanche er tatt opp som fast medlem i A-stallen, og Kevin Vike har tatt steget opp som hospitant. Kevin fekk debuten sin i kampen mot Stordal. Gratulerer så mykje! Til dagens kamp må vi også klare oss utan Fredrik Muren, som er suspendert. Trass i utfordringane opplever vi ei spelargruppe som jobbar godt og står samla. Vi veit at vi må hente fram dei kvalitetane som har gitt oss gode prestasjonar tidlegare i sesongen: høgt arbeidstempo, aggressivitet i duellane og vilje til å stå saman når kampen bølgjar fram og tilbake. Vi ser fram til å spele framfor eigne supportarar igjen, og håpar på god støtte frå tribuna. Med dykk i ryggen ønskjer vi å levere ein prestasjon som både vi og publikum kan vere stolte av. Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til kamp!
Mvh Anders Helsem Hoff
SMARAGDAS Vist øt t arBer gsøyI LFot bal l
HAV CUP 2026
Nok eit år har vi gleda av å invitere til vår tradisjonsrike HAV CUP! Fotballturnering i Fosnavåg for jenter og gutar 6-12 år 2 kunstgrasbaner og fotballhall Klubbhus kafè, grilltelt, kiosker og tribune m/stolar og tak. Aktivitetar som Sunnmørsbadet (badeland), kino, skatepark, tennisbane, ballbinge, sandvolley, sandhandball m.m. Barnefotball (6-12 år) 3èr, 5èr og 7èr bane. 1 x 18 min. Laurdag frå kl 10.00 Påmeldingspris pr lag i klasse; 6 år - Gratis for alle lag! 7 år - kr 725,- inkl.avgifter 8-12 år - kr 933,- inkl. avgifte Det er også muligheit for overnatting for lag i klassene 9-12år!
HAV CUP 2026 Alle spelarar får etter sin siste kamp utdelt pokal, diplom og cup t-skjorte! 50% rabatt på inngong Sunnmørsbadet ved å møte opp i HAV Cup t-skjorta. Påmeldingsfristen er søndag 30.August! Velkommen! HAV Group er ein av Bergsøy IL Fotball sine hovudsponsorar, og har navnet på vår tradisjonsrike fotballcup. "Bergsøy IL Fotball har over lang tid drive god samfunnsbygging gjennom å tilby aktivitetar til barn og unge i Herøy, og det er derfor naturleg for HAV Group å gi vår støtte som hovudsponsor. Vi ønsker å bidra til gode oppvekstmiljø, idrettsglede, mestring og inkludering for barn og unge, og er stolt overå kunne sette vårtnamn på HAV Cup. Vi ønsker alle deltakarar til årets cup lykke til!," seier Gunnar Larsen, CEO i HAV Group www.havgroup.no
Vår offisielle utstyrsleverandør
MIKROBALL 3-5 år
Vi ønsker tre-, fire- og femåringar velkomne til leik og ballspel med fokus på koordinasjon, motorikk og samhandling! Første økt er søndag 30.august kl 10.00 i Fiskarhallen, og vi får besøk av kretsen som vil hjelpe oss igong Opplegget drivast saman av foreldre. Det er derfor viktig at mor og/eller far er til stades og følger barnet under aktiviteten. Ved interesse og påmelding, meld deg og ditt barn inn i Spond med spondkode: WZHWL
TUSSA SOMMARCAMP 2026 VESTLANDSNYTT: Målfeiringar som minner om landslagsfeiringar frå VM, keeperboom og over 70 ivrige born fylte Havila Stadion tysdag til torsdag forrige veke.
Det blir jubla høgt ute på kunstgraset. Ein flokk gutar kastar seg inn i nye duellar, prøver finter og feirar scoringane med innleving. Måten dei opptrer på, tyder på at sommarens fotball-VM framleis sit friskt i minnet. Vestlandsnytt er på plass onsdag, på den andre av tre dagar med Tussa Sommarcamp. Rundt på anlegget står spelarar frå A-laga og ungdomsavdelinga i Bergsøy klare til å instruere, motivere og rettleie deltakarane.
TUSSA SOMMARCAMP 2026 Midt i aktiviteten møter vi Olve Remøy, Ulrik Sævik Zahl og Felix Leine. Dei tre åtte-niåringane spelar til vanleg på Bergsøy G9 og har lite å utsetje på mengda fotball. Campdagane varer frå klokka 10 til 14, men spørsmålet om det kan bli for mykje, blir raskt avvist. – Nei! For lite, kjem det kontant frå gutane. Det tyngste er visst å kome seg opp om morgonen. – Vi må vakne veldig tidleg. Klokka ni, seier dei, før dei slår fast at dei har følgt godt med på VM – både kampane og høgdepunkta. Favorittlaga fordeler seg mellom Liverpool for Ulrik og Olve og Manchester United for Felix. På lengre sikt er ambisjonane i dette landskapet. – Draumen er å bli proff. Det blir veldig vanskeleg, men ein må berre jobbe masse og vere her kvart år. Det er gode trenarar her, reflekterer Ulrik. Deltakarane har med eigen lunsj, medan klubben byr på frukt og smoothie. Campen gir dessutan ein mjuk overgang frå ferie til skulestart. For gutane som syntest klokka ni var tidleg, er døgnrytmen allereie i ferd med å bli justert. Men lysta på meir fotball er det ingenting å seie på.
A-LAGET HERRE 2026
12. Pedro Luis Moreno Gonzales
31. Ruben Bjørlykke Storøy
2. Elias Holstad Walaunet
7. Enrique Crespo Søvik
8. Nils-Erik Engen
9. Magnus Waade Myklebust
11. Alexander Lillenes Hestad
14. Elias Skogen Hauge
16. Daniel Jøsok Kvalsvik
17. Tomas
20. Niklas Nerland Elveseter
23. Fredrik Muren
25. Roald Andreas Knoph Runde
77. Dani Rønnestad Hansen
Sander Schanche
10. Kjetil Steinsvik Paulsen
Matuszczyk
30. Eliah Hjelmeseth Nybø
19. Franjo Tepuric
VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL
Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre plass å bu. Vi skal vere ein arena for alle der målet er at vi skal inkludere flest mulig, behalde alle lengst mulig, og legge til rette for å verte best mulig.
www.fosnavagshipping.no
A-LAGET DAME 2026
1. Frida Muren Longva
3. Eilen Kvamme
6. Mathea Mork
4. Malin Gjelseth Bendal
5. Line Sandanger
7. Tonje Christin Hide
9. Ida Kvalsvik Vestnes
11. Vilde Bakke Flusund
13. Susann Brobakke
14. Hedda Victoria Helde Holm
16. Thea Ertesvåg
18. Iselin Refsnes Løvøy
19. Veronica Nerland
20. Maja Vattøy
22. Emilie Bjåstad Hide
23. Lena Jantana
Pettersen
Madsen
Berge
LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKAL SPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg - Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no
Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT
EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80
Bergsøy A-lag Herre Terminliste og Tabell 2026
Talentleir jenter på Høddvoll Tidligare i august blei det arrangert talentleir på Høddvoll for jenter Ei helg fylt med læring, mestring og utfordringa Bergsøy var representert med fleire jenter; Celine Frøysa (J13 kretslag) Ane Leine Sævik (J13 kretslag) Natalie Hide (J13 kretslag) Nora Remøy Conradi (Team Møre J14) Helena Kristiansen var også med på samling som ein av fem dommertalent Supre bidrag frå våre flinke Bergsøy-jente
Bergsøy A-lag Dame Terminliste og Tabell 2026
Vi leier ut lokaler på klubbhuset Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar? No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy. Interessert i å leige? Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.
HERØYHAV AS
Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag
HERØY MALERSERVICE
Xtra
Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i fra 3.klasse - 7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Økta rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball. Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre. HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften. Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve. Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar. Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no
Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg Tlf. 700 80 700 Email: post@e-s.no
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!
FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG
Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo. Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner. Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.
EIN ARENA FOR ALLE
STØTT våre annonsørar - dei støttar oss!
,