Skip to main content

Programbladet 11.09 Hovdebygda

Page 1

Foto: iStockphoto.com


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no


DAGENS MOTSTANDAR Bergsøy - Hovdebygda 29 kampar - 15 sigrar - 4 uavgjort - 10 tap Målforskjell 69-41 Statistikken mot Hovdebygda virkar bra når eg ser at en historisk sett har vunne over 50% av kampane, men dei fire siste kampane har derimot endt med 3 tap og 1 uavgjort. Dei to siste heimekampane mot Hovdebygda har endt 1-1 og 1-2. Bergsøy møtte Hovdebygda for første gang i 1955, og dei første fem kampane fram til 1961 endte med 4 tap og en uavgjort. Det betyr at 7 av Hovdebygda sine 10 sigerar mot Bergsøy skjedde enten i dei 5 første eller 5 siste kampane laga har møttest, mens i perioden imellom frå 1962 til 2024 (62 år) tapte Bergsøy berre 3 gangar på 20 kampar. Dei to mest vanlige resultata i kamp mot Hovdebygda er då enten 1-2 tap eller 3-1 siger, noko som begge deler har skjedd 4 gangar. Flest kampar mot Hovdebygda er det Fredrik Muren som har hatt med 11 kampar - flest mål er det Frank Sverre Skorpen som har med sine 8, og Arild Kvalsund med 7. Begge opplevde å score hattrick på heimebane mot Hovdebygda. Statistikk heime mot Hovdebygda: 13 kampar - 9 sigere - 1 uavgjort - 3 tap, 39-15 i målforskjell. Historikk.com PS. Ifølge min statistikk blir dette Bergsøy sin offisielle kamp nr 1500

www.historikk.com


Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer


Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com


Trenarkommentar Velkomen til kamp på Havila Stadion Fosnavåg! Sidan sist vi spelte heime har mykje skjedd. Etter den solide 4-1-sigeren mot Ravn har vi følgt opp med to svært sterke bortesigrar, først 3-1 mot serieleiar Rollon og deretter 2-1 mot Spjelkavik 2. Desse resultata har ført oss heilt inn i tetstriden, og vi går inn til dagens kamp med stor tru på eigne ferdigheiter og eit tydeleg mål om å vinne vår fjerde kamp på rad. Resultata er ekstra imponerande når vi ser på utfordringane spelargruppa har stått overfor den siste tida. Også sidan førre heimekamp har vi mista ein viktig spelar. Elias Skoge Hauge har tatt steget vidare til Spjelkavik i 3. divisjon. Elias kom til oss frå MTG for to år sidan og har hatt ei flott utvikling i klubben. Det er sjølvsagt eit stort tap for oss sportsleg, men samtidig er det noko vi er stolte av. At spelarar utviklar seg i Bergsøy og får moglegheiter på høgare nivå, er eit teikn på at det blir lagt ned mykje godt arbeid både av spelarane sjølve og miljøet rundt laget. Tidlegare i år gjekk også Sander Vike vidare til Hødd, noko som understrekar det same. Til dagens kamp må vi også klare oss utan Roald Runde, som har reist på sjø etter å ha levert tre svært gode kampar på rad. I tillegg er Fredrik Muren framleis ute med skade. Samtidig gir slike situasjonar nye spelarar moglegheita til å vise seg fram. Kevin Vike får i dag sin første kamp frå start for A-laget, noko han har jobba hardt for over tid. Vi har også med oss to debutantar frå G16-troppa på benken. Markus Lima Rogne og Mahmoud Zaki Saidi får kjenne på Alagsmiljøet for første gong, og vi ønskjer dei lukke til. Det er kjekt å sjå at det stadig kjem nye spelarar opp som bankar på døra til seniorfotballen. Vi veit at dagens kamp blir ei ny tøff utfordring, men dei siste vekene har vist kva denne spelargruppa er god for. Med hardt arbeid, samhald og vilje til å ofre seg for kvarandre har vi skapt eit godt utgangspunkt for hausten. No handlar det om å halde fram med den same innstillinga og bygge vidare på det vi har fått til. Vi håpar mange tek turen til Havila Stadion Fosnavåg og støttar laget. Energien frå tribuna betyr mykje for spelarane våre, og saman håpar vi å kunne feire nok ein god prestasjon når sluttsignalet går. Vi ønskjer motstandarar, dommarar og publikum hjarteleg velkomne til kamp! Mvh Anders Helsem Hoff


SMARAGDAS Vist øt t arBer gsøyI LFot bal l


HAV CUP 2026

Nok eit år har vi gleda av å invitere til vår tradisjonsrike HAV CUP som går av stabelen imorgon! Fotballturnering i Fosnavåg for jenter og gutar 6-12 år 2 kunstgrasbaner og fotballhall Klubbhus kafè, grilltelt, kiosker og tribune m/stolar og tak. Aktivitetar som Sunnmørsbadet (badeland), kino, skatepark, tennisbane, ballbinge, sandvolley, sandhandball m.m. Barnefotball (6-12 år) 3èr, 5èr og 7èr bane. 1 x 18 min. Laurdag frå kl 10.00 REKORDPÅMELDING! Sammenlikna med tidligare år etter pandemien er det rekordpåmelding! 112 lag og 174 kampar skal spelast frå morgon til sein ettermiddag!


HAV CUP 2026 Alle spelarar får etter sin siste kamp utdelt pokal, diplom og cup t-skjorte! 50% rabatt på inngong Sunnmørsbadet ved å møte opp i HAV Cup t-skjorta. Velkommen! HAV Group er ein av Bergsøy IL Fotball sine hovudsponsorar, og har navnet på vår tradisjonsrike fotballcup. "Bergsøy IL Fotball har over lang tid drive god samfunnsbygging gjennom å tilby aktivitetar til barn og unge i Herøy, og det er derfor naturleg for HAV Group å gi vår støtte som hovudsponsor. Vi ønsker å bidra til gode oppvekstmiljø, idrettsglede, mestring og inkludering for barn og unge, og er stolt overå kunne sette vårtnamn på HAV Cup. Vi ønsker alle deltakarar til årets cup lykke til!," seier Gunnar Larsen, CEO i HAV Group www.havgroup.no


Vår offisielle utstyrsleverandør


MIKROBALL 3-5 år

60 glade born var samla då vi arrangerte Mikroball for 3, 4 og 5-åringar! Dette er eit tilbud der ein fokuserar på leik og ballspel med fokus på koordinasjon, motorikk og samhandling! Første økt var søndag 30.august kl 10.00 i Fiskarhallen, og vi fekk besøk av kretsen som hjalp oss fint i gong! Opplegget drivast saman av foreldre. Det er derfor viktig at mor og/eller far er til stades og følger barnet under aktiviteten. Ved interesse og påmelding til neste økt, meld deg og ditt barn inn i Spond med spondkode: WZHWL


Damelaget

Seier 5-4 i siste kamp i "vårsesongen" som blei spelt 01.09 mot Sykkylven2. Damelaget skal denne hausten spele 5div og i sin divisjon er det kun Bergsøy, Hareid, Hasundgot og Vanylven som er med. Dei spelar enkel serie som vil seie dei møtar kvarandre kun ein gong. Ta turen til Havila Stadion Fosnavåg når dei får besøk av Hareid 22.09 og Vanylven 14.10 :) Heia Bergsøy!


BERGSØY 2

Bergsøy 2 har fått ein god start på haustsesongen. Etter eit litt ufortjent 3-2 tap i åpningskampen mot Sæbø har dei vunne 3-1 mot Ørsta2 og seier 1-0 i lokaloppgjeret mot MTG. Det er dags for nok eit lokaloppgjer for desse gutta når Sande2 er motstandar fk søndag kl 18.30! Ta turen! I tillegg til gode resultat er det også kjekt å sjå at fleire spelarar som har vore av og på i fotballen har komt tilbake etter oppstarten av Bergsøy2. Det lovar godt:) Vi ønsker dei lykke til denne hausten! Heia Bergsøy!


A-LAGET HERRE 2026

12. Pedro Luis Moreno Gonzales

31. Ruben Bjørlykke Storøy

2. Elias Holstad Walaunet

7. Enrique Crespo Søvik

8. Nils-Erik Engen

9. Magnus Waade Myklebust

11. Alexander Lillenes Hestad

14. Elias Skogen Hauge

16. Daniel Jøsok Kvalsvik

17. Tomas

20. Niklas Nerland Elveseter

23. Fredrik Muren

25. Roald Andreas Knoph Runde

77. Dani Rønnestad Hansen

22. Sander Schanche

10. Kjetil Steinsvik Paulsen

Matuszczyk

30. Eliah Hjelmeseth Nybø

19. Franjo Tepuric


VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre plass å bu. Vi skal vere ein arena for alle der målet er at vi skal inkludere flest mulig, behalde alle lengst mulig, og legge til rette for å verte best mulig.


www.fosnavagshipping.no


A-LAGET DAME 2026

1. Frida Muren Longva

3. Eilen Kvamme

6. Mathea Mork

7. Tonje Christin Hide

9. Ida Kvalsvik Vestnes

11. Vilde Bakke Flusund

13. Susann Brobakke

14. Hedda Victoria Helde Holm

16. Thea Ertesvåg

18. Iselin Refsnes Løvøy

19. Veronica Nerland

20. Maja Vattøy

22. Emilie Bjåstad Hide

23. Lena Jantana

Pettersen

Madsen

4. Malin Gjelseth Bendal

Berge


LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKAL SPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg - Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no


Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT

EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80


Bergsøy A-lag Herre Terminliste og Tabell 2026


Eliteturnering i Bergen Jakob Hydle Kvalsvik representerte Hødd G13 på Eliteturnering i Bergen i august. Etter seier mot Sarpsborg, uavgjort mot Hamkam og tap mot Brann blei det bronsefinale, der dei tapte mot eit sterkt Fredrikstad-lag. Verdifull læring å ta med seg tilbake til Bergsøy!


Bergsøy A-lag Dame Terminliste og Tabell 2026


Vi leier ut lokaler på klubbhuset Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar? No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy. Interessert i å leige? Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.


HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

HERØY MALERSERVICE


Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i fra 3.klasse - 7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Økta rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball. Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre. HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften. Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve. Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar. Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no


Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg Tlf. 700 80 700 Email: post@e-s.no


Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!


FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo. Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner. Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

EIN ARENA FOR ALLE

STØTT våre annonsørar - dei støttar oss!


,


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Programbladet 11.09 Hovdebygda by bergsoy - Issuu