


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.


![]()



A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.


Rollon er på 3.plass på tabellen med 15 poeng
Bergsøy er på 4.plass med like mange poeng men med dårligare målforskjell.
Stordal og Hødd2 er på topp med 16 poeng. Som betyr: Om Bergsøy vinn idag så toppar dei tabellen.
Fordi Stordal og Hødd2 ikkje har kamp før fredag.

Og då møter dei kvarandre. Som igjen betyr: Om Bergsøy skulle vinne to kampar på rad, så har laget 21 poeng når en kjem til neste helg. Mens Stordal og Hødd2 potensielt (om vi er heldige) kan site igjen med 17 poeng kvar.
Det hadde vore fine greier i vårt drømmescenario.
Men la oss ta litt historie:
Bergsøy mot Rollon
-50 kampar. Bergsøy har vunnet 27, 6 uavgjort 17 tap.
-Målforskjell 104-86
-Over 30 % av måla Bergsøy har scora mot Rollon har blitt scora siste 15 minutta. -Bergsøy heime mot Rollon i seriekampar:
23 kampar - 16 sigerar 3 uavgjort 4 tap. Målforskjell 59-30.
Flest mål mot Rollon: Franjo med 10 mål. Asbjørn Myklebust og Fred Frantzen med 9 kvar.
Mest vanlige resultat heime mot Rollon: 2-1 (12%) og 1-2 (8%)
-Største siger mot Rollon: 8-0 (2017)
-Største tap mot Rollon: 0-5 (2024)
God kamp!



Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer
Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.
Velkomen til toppkamp på Havila Stadion Fosnavåg!
I dag ventar ein skikkeleg godbit når vi tek imot Rollon til toppkamp. Laga står med like mange poeng, men gjestane ligg plassen over oss på tabellen. Det ligg med andre ord til rette for ein jamn og spennande kamp der mykje står på spel.
Vi kjem inn i oppgjeret med gode prestasjonar bak oss. I førre heimekamp leverte vi ein solid kamp og vann 2–0 mot Ørsta, der vi viste god kontroll og kvalitet gjennom heile oppgjeret.

Det tok vi med oss vidare til bortekampen mot Hareid, der vi leverte ein offensiv og energisk prestasjon og vann 5–2. Der fekk vi verkeleg vist kva som bur i laget når vi står fram med tempo, kraft og samspel.
No handlar det om å bygge vidare på dei prestasjonane. I ein toppkamp som dette blir det små marginar, og då er det avgjerande at vi held nivået oppe gjennom heile kampen – både i intensitet, kvalitet og disiplin.
Vi ønskjer å vere eit lag som styrer kampane på heimebane, og som gjer Havila Stadion Fosnavåg til ein plass det er vanskeleg å kome.
Med dykk på tribuna får vi det ekstra løftet som ofte er avgjerande i jamne kampar. Vi håpar på god stemning og fullt engasjement også i dag!
Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til kamp!
Mvh
Anders Helsem Hoff




Fotballturnering i Fosnavåg for jenter og gutar 6-12 år
2 kunstgrasbaner og fotballhall
Klubbhus kafè, grilltelt, kiosker og tribune m/stolar og tak.
Aktivitetar som Sunnmørsbadet (badeland), kino, skatepark, tennisbane, ballbinge, sandvolley, sandhandball m.m.
Barnefotball (6-12 år) 3èr, 5èr og 7èr bane. 1 x 18 min. Laurdag frå kl 10.00
Påmeldingspris pr lag i klasse;
6 år - Gratis for alle lag!
7 år - kr 725,- inkl.avgifter
8-12 år - kr 933,- inkl. avgifte
Det er også muligheit for overnatting for lag i klassene 9-12år!


Alle spelarar får etter sin siste kamp utdelt pokal, diplom og cup t-skjorte!
50% rabatt på inngong Sunnmørsbadet ved å møte opp i HAV Cup t-skjorta.
Påmeldingsfristen er søndag 30.August!
Velkommen!
HAV Group er ein av Bergsøy IL Fotball sine hovudsponsorar, og har navnet på vår tradisjonsrike fotballcup.
"Bergsøy IL Fotball har over lang tid drive god samfunnsbygging gjennom å tilby aktivitetar til barn og unge i Herøy, og det er derfor naturleg for HAV Group å gi vår støtte som hovudsponsor. Vi ønsker å bidra til gode oppvekstmiljø, idrettsglede, mestring og inkludering for barn og unge, og er stolt overå kunne sette vårtnamn på HAV Cup. Vi ønsker alle deltakarar til årets cup lykke til!," seier Gunnar Larsen, CEO i HAV Group
www.havgroup.no






Forrige veke flytta Aalesunds FK Kvinner treninga si til Fosnavåg og Havila Stadion Fosnavåg! Bakgrunnen for besøket er at Bergsøy IL i 2025 vart kåra til årets jenteklubb på Sunnmøre.
AaFK Kvinner ønskte å markere utmerkinga ved å flytte ei av treningsøktene sine til Fosnavåg og møte spelarane i klubben.
Mange spente møtte opp for både trening, intervju og autografskriving! Ein kjekk kveld ilag på stadion, takk for besøket!






Hold av 11-13 august (tirsdag, onsdag og torsdag)




Bergsøy IL Fotball har gleda av å invitere jenter og gutar 8år -12 år til årets TUSSA Sommarcamp 11-13 august.
Sommarcampen er for alle, både medlem og dei som ikkje er medlem i Bergsøy. Tirsdag, onsdag og torsdag:
Kl 10.00 - 10.15 Registrering og velkomen. Oppmøte alle daga på tribuna på Havila Stadion Fosnavåg.
Kl 10.20 - 12.00 Trening
Kl 12.00 - 12.30 Lunsj + smoothie
Kl 12.30 - 13.45 Trening
Kl 13.45 - 14.00 Frukt, og takk for i dag
Vi legger opp til ein trygg camp der klubben over fleire år har innarbeida gode rutiner. Ta med eiga matpakke og merka drikkeflaske. Vi står for frukt og smoothie.
Alle deltakarar får giveaways frå TUSSA.
Klubbtrenarane Magnus Myklebust og Franjo Tepuric står for organisering og det sportslege opplegget saman med instruktørar frå våre A-lag.
Alle instruktørar er kvalifiserte med fokus på kjekk aktivitet i trygge rammer.































Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.



































Vi gratulerer desse jentene som gikk til topps i 1.divisjon denne våren i J13-klassa, ein flott prestasjon!
I siste seriekamp i dag vann dei 5-2 mot Langevåg etter uavgjort til pause. Måla blei skora av Nora x2, Sofia, Rosanna og Aurora.
No gjer dei seg klare til Selje Cup neste helg før det nærmar seg ein velfortjent sommarferie⚽
Heia Bergsøy!








Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?
No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.
Interessert i å leige?
Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.


Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag







Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00.
Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i fra 3.klasse - 7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Økta rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.
Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.
HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.
Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.
Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.
Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ
Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no








Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!


Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.
Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.
Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.
våre annonsørar -dei støttar oss!




