Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
Januar 2021
tema utdanning Utdanning
11
Utdanning Temabilaget er eit samarbeid mellom Firda, Firdaposten og Sogn Avis
Foto: Egil Aardal
12
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Dei er unge, dei er ulike, men har dette til felles:
– Vi trur på ei framtid BYJENTE: Leonora Cecilie
Lundgren (17) er oppvaksen i tjukkaste byen, men trivst best blant bønder og bygdefolk. Ho er ikkje framand for å verte bonde, men siktar i første omgang mot vidare utdanning i landbruksmekanikk.
ODELSJENTE: Ingeborg Hagheim Hove (17) er nesten oppvaksen i fjøsen og klar til å ta over garden når ho er ferdig med agronomutdanninga på Mo.
VESLEBROR: Henrik Alme (16) er frå gard, men står ikkje først i køen til å ta over. Han har større sans for dei praktiske faga enn til dømes engelsk, og har tenkt seg til havs på fiske fram til han kanskje får ta over garden.
Naturbruk: Ei odelsjente frå Sogn, ei byjente frå Sandnes og ein bondeson med eldre sysken frå Nordfjord har det til felles at dei satsar på ei framtid i landbruket. Bjørn Sølsnæs
bjorn.solsnes@firda.no
Dei går første året på naturbrukslinja ved Mo og Øyrane vidaregåande skule og fortel om eit sterkt samhald og gode dagar på jordbruksskulen på Mo. – Det er kjekt å gå her, kjekke vener å vere med og mykje kjekt å finne på, seier Henrik Alme (16). Når Firda møter dei, er dei ute på isen for å trekkje auregarn, ein aktivitet som sorterer under faget «naturbasert aktivitet». – Som du ser, så driv vi med fiske, tur, vedhogst og all slags aktivitet, og er ikkje berre i fjøsen, seier Leonora Cecilie Lundgren (17).
Byjenta: – Trivelegare her Ho er oppvaksen midt i Sandnes og fortel at ein må tre ledd bakover i slekta for å finne bønder. Kva var det så som fekk ei byjente til å satse på landbruket? – Eg likar å vere ute og i aktivitet, og eg er glad i dyr, seier Leonora. – Frå før kan eg mykje om mykje, men lite om landbruk, så her kan eg lære noko nytt og få nye opplevingar. Samstundes opplever ho at ho kanskje ikkje er heilt som byjenter flest, og eigentleg kjenner seg meir heime hjå klassekameratane på Mo. – Her synest folk eg er interessant, og det er eit mykje trivelegare miljø her, smiler ho, og legg til at ho godt kan tenkje seg å verte bonde sjølv om ho førebels ikkje har nokon gard i sikte.
Ingeborg fortel at ho likar dyr og har lyst til å jobbe med det, og ho legg engasjert ut om kor kjekt det er å produsere norsk mat. – Vi kan ikkje satse alt på import av utanlandsk mat, for då vert det ikkje nok mat i verda til slutt.
Veslebroren: Avventande Henrik Alme (16) frå Sandane er også oppvaksen på gard, men har ei eldre syster som går føre han i odelsrekkja. – Eg har vakse opp med gardsdrifta og håpar på å få ta over, men det er avhengig av kva systera mi vil, og det veit eg ikkje enno. Difor tek Henrik sikte på å slå inn på den blå retninga innan naturbruk. – Eg reiser til Måløy neste år for å bli fiskar, for eg likar meg godt ute på havet, og så får vi sjå med tida om eg kjem att for å ta over garden.
Håpar landbruket står seg For Ingeborg er vegen heim litt kortare, og det er eigentleg opp til henne kva tid ho skal ta over. – Pappen har sagt at eg kan ta over, og så kan han finne på noko anna å gjere. Viss eg vil då. Og det vil ho, men først skal ho i alle fall fullføre agronomutdannin-
ga, med eller utan påbygg til studiekompetanse. – Eg ser landbruket som eit sikkert val, seier Ingeborg. Venninna Leonora fylgjer opp: – Eg håpar landbruket står seg, for vi må jo ha mat. Men heime i byen er det mange miljøaktivistar som skuldar bøndene for miljøproblema. Det gjer meg litt uroa, for det kan gjere det vanskeleg å drive landbruk i framtida. Og det er trist, for eg opplever at dette er folk som veit lite om kva landbruket er.
Mogelegheiter for alle Denice Van Dijken (17) frå Svelgen har satsa på hestelinja, som er mindre retta mot vanleg gardsdrift enn den tradisjonelle agronomlinja. – På ungdomsskulen var eg lei av å ha dei same teorifaga heile vegen, men her får ein med seg alle teorifaga ein treng for å gå vidare, samstundes som ein får mykje praksis. – Kva kan ein eigentleg bli når ein har gått hestelinja? – Ein kan utdanne seg vidare innan hest, og verte til dømes hovslagar, eller ein kan ta påbygg og verte alt frå lærar til politi, smiler ho, og legg til: – På naturbrukslinjene er det mogelegheiter for alle!
Odelsjenta: – Vil ta over
HESTEJENTE: Denice Van Dijken (17) trivst best i stallen, og meiner jordbruksskulen byr på mogelegheiter for alle.
Men det har Ingeborg Hagheim Hove (17) frå Vik i Sogn. – Eg er nesten oppvaksen i fjøsen, og det har vore veldig kjekt, seier Ingeborg, som er odelsjente på slektsgarden som er med i ei av dei to store mjølkesamdriftene på Hove. Og ho er ikkje i tvil om kva planar ho legg for framtida: – Eg vil ta over garden og har eigentleg vore ganske bestemt på det sidan eg var liten.
ISFISKE: – No må det ha kome ein stim, for her er det meir enn éin på meteren, seier lærar Jarl Devik, når han og førsteklassingane dreg opp garnet dei har sett under isen i faget «naturbasert aktivitet». Det er fire år sidan sist dette lét seg gjennomføre.
DU ÒG KAN FÅ BETALT JOURNALISTOPPLÆRING SØK INNAN 15. APRIL www.nynorskavissenter.no
norsk AV I S S E N T E R
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
Januar 2021
tema utdanning
13
i landbruket
LIKE OG ULIKE: – Vi har tru på ei framtid i landbruket, seier (f.v.) odelsjenta Ingeborg Hagheim Hove frå Vik, byjenta Leonora Cecilie Lundgren frå Sandnes og bondesonen alle FOTO: Bjørn Sølsnæs Henrik Alme frå Sandane.
Vi utdanner deg til FREMTIDENS YRKER SPORT
Vi vil gi våre studenter et best best mulig faglig tilbud med tett oppfølgning av hver enkelt student. Forelesninger på nett, et et internasjonalt studie- og forskningsmiljø og utplassering i bedrift. til naturopplevelser i verdensklasse. bedrift. Et nært og sosialt studiemiljø, med kort vei til Hos oss kan du ta ta en bachelor eller master innen: sykepleie, vernepleie, logistikk, økonomi, sport, juss, samfunnsfag og IT.
SØKNADSFRIST 15. APRIL I www.himolde.no
14
tema utdanning
Startar opp med e-sport frå neste skuleår:
– Me håpar at jenter også kan tenkja seg dette
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
E-sport: Frå neste skuleår kan elevar velja dataspel som toppidrettsfag ved VG1 studiespesialisering.
med på dette. – No er det i all hovudsak gutar som er medlem i Årdal Esport, men eg er sikker på at det er mange jenter som også kan tenkja seg dette.
– Seriøst opplegg
Morten Sortland morten@sognavis.no
– Me må følgja med på kva som er i vinden om dagen, og esport er i kjempevekst, særleg no under koronaepidemien, seier Geir Kjetil Øvstetun, rektor ved Årdal vidaregåande skule.
Fem timar i veka E-sport er kort fortalt elektronisk konkurransespeling der utøvarane konkurrerer mot kvarandre i ulike dataspel på datamaskiner eller spelkonsollar. Det var porten.no som først skreiv om denne saka. Saman med Årdal E-sport har dei hatt ein diskusjon om ei satsing gåande i eitt års tid. – Frå neste skuleår blir det mogleg å velja e-sport som programfag. Då er det snakk om fem timar i veka, to timar i skuletida som går meir på trening, helse, livsstil, matvanar og heile den biten der, som våre lærarar skal stå for. Så blir det lagt opp til tre timar på ettermiddag/kveld i lokala til Årdal Esport, der dei har lærarar/instruktørar som følgjer opp elevane. Her blir elevane vurdert
SATSAR PÅ E-SPORT:
På Årdal vidaregåande skule kan elevane ved VG1 studiespesialisering velja E-sport som valfag frå neste skuleår. Det er rektor Geir Kjetil Øvstetun godt nøgd med.
Foto: Morten Sortland
på same måte som i andre fag, seier Øvstetun. I første omgang er e-sportsatsinga eit prøveprosjekt på eitt år. – Me er spente på om dette påverkar søknadane våre og at dette kan vera interessant for elevar frå Lærdal. Me håpar å få mellom 12 og 15 elevar til å velja dette faget, seier Øvstetun, som ikkje legg skjul på at utfordringa etter kvart blir å få jenter
Årdal vidaregåande skule blir dermed blant dei første skulane i heile Vestland som kan tilby esport som valfag. – Me er tidleg ute og me vil prøva å etablera eit miljø som på sikt kan bli fast toppidrettstilbod til Årdal vidaregåande skule. Det var i desember 2019 at eit stort fleirtal i fylkestinget gjekk inn for at fylkesrådmannen skulle utvikla ein e-sport strategi for fylket. I spissen Frp-politikar Frank Willy Djuvik. Han synte til at esport er verdas raskast veksande sport, og Vestland fylke har gode føresetnader for å ta ein nasjonal og internasjonal posisjon. E-sport-klubben i Årdal vart formelt stifta 10. februar, som ein av dei første klubbane i Sogn og Fjordane. Klubben er i organisert på same måte som eit anna idrettslag, og har i dag 65 medlemmer.
Flotte lokale – Me er kjempeglade for at dette no blir eit programfag på skulen. Det er også viktig med tanke på rekrutteringa til skulen, at ein kan tilby noko
Vil du bli lærling? Sunnfjord kommune kan bli din arbeidsstad
I veke 6 lyser vi ut stillingar for lærlingar på våre nettsider www.sunnfjord.kommune.no
• • • • • •
Vi har lærlingar innan fleire fagområder: barne og ungdomsarbeidar helsefag kontorfag byggdrift kokk IKT
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
tema utdanning
Januar 2021
ÅRDAL E-SPORT: Stian Laberg er ein av mange medlemmer i den ny-etablerte klubben Årdal e-sport. som er i vinden og så attraktivt, seier Kai Wigum, initiativtakar og leiar i Årdal e-sport. Han kan avsløra at dei er berre nokre månadar unna å vera innflyttingsklare i næringslokalet til tidlegare Farnes Storkiosk i Øvstetunsvegen 2. – Me lagar ikkje eit speleloka-
le, men ein møteplass med sofakrok, bordtennis, biljard og meir. I Årdal er det for lite møteplassar for ungdomen i dag og difor vil dette vera eit viktig bidrag for bygda. Wigum rosar seniorgruppa i Jotun som har vore med og pussa opp lokala.
– Dei har verkeleg gjort ein kjempejobb, skryt Wigum.
Same tilbod i Florø Også Flora vidaregåande har bestemt seg for å opprette utdanningstilbod i e-sport som ein del av skulen si idrettslinje frå komande haust.
15
FOTO: Arkiv
Idrettslærar Ingunn Selaas var klar på at ho fekk eit nytt perspektiv på e-sport etter møtet med Frank Willy Djuvik og e-sportklubben i byen. – Store delar av grunnlaget til topputøvarar i denne idretten, overlappar med grunnarbeidet som krevjast i mange andre
idrettar, seier ho til Firdaposten. Mykje av det som skal til for å bli ein god e-sportsutøvar handlar om det same som idrettslinja allereie har kompetanse på. Og så kjem me til å støtte oss på klubben når det gjeld det spesifikke innan sporten, seier Selaas.
Studietilbod 2021/22 Rimelege hyblar i gåavstand til det meste
Bygg- og anleggsteknikk Stort behov for tømrarar eller fagbrev i betong-/murfaget
Vi hjelper deg å lykkes!
Volontør på open skule med mat, prat, musikk, skulearbeid, mekking i verkstad…
Helse- og oppvekstfag/helsearbeidarfag gir deg viktig etterspurd kompetanse til jobbar i helse- og oppvekstsektoren
Fin skulekantine med god og sunn varmmat, salatbar mm.
Påbygging Vg3-teoriår for dei som har gått yrkesfag eller som har teke fagbrev. Gir studiekompetanse
Studiespesialisering gir generell og spesiell studiekompetanse for universitet og høgskular
Teknologi og industrifag/industriteknologi gir deg grundig etterspurd maskinfagleg kompetanse
Søknadsfrist 30. mars. Har du lærevansker eller psykiske/fysiske utfordringer, og trenger ekstra oppfølging for å fullføre en videregående opplæring? Vi gir elever fra hele Norge en unik mulighet i et trygt miljø. •
Elektro og datateknologi
•
Salg, service og reiseliv
•
Informasjonsteknologi og medieproduksjon
•
Påbygg til generell studiekompetanse
Internasjonalisering: 3 veker i London for Helsearbeidarfag og 2 veker i Danmark for Industriteknologi Breiddeidrett med sjølvvalt individuell del, t.d. skyting
Gode fritidstilbod: Velutstyrt treningsstudio ope 24/7, badminton, volleyball, fotball, handball mm. Dans, kor, korps, ungdomslagsaktivitetar og ungdomsklubb Kulturskule med instrumentopplæring eller songundervisning
facebook.com/krokeidevgs firmapost@krokeide.vgs.no instagram.com/krokeide_vgs
www.krokeide.vgs.no
tlf: 57 63 70 00 / www.dale.vgs.no
16
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Klar for innspurt med Nase
Musikk, dans og drama: Konsertar med strøyming, dramatimar på Teams og solodans på ungdomsrommet prega fjorårets undervisning. No er tredjeklassingane i full gang med å lage musikal. Kristiane Nerdrum Bøgwald kristiane.bogwald@firda.no
2020 gjekk nok ekstra langsamt for dei energiske musikk-, dans- og dramaelevane ved Firda vidaregåande skule. Men i år er dei klare til å brette opp ermene og kaste seg ut i arbeidet med musikkspel. Replikkar skal puggast. Kulissar skal gestaltast. Musikk skal øvast inn. «Nasegrevet» skal opp den 19. februar. Det krev dedikert arbeid og nærvær: her og no. Men fjorårets skulenedstenging sit framleis sterkt i minnet hos dei unge kunstnarelevane.
Då skulen stengde dørene – Det var stressande. Plutseleg var det lockdown med heimeundervisning på Teams. Det øydela litt for musikkøvinga, seier musikkelev Ove Hjelmeset (18) frå Sandane. Han har spelt slagverk i fleire år og går no siste året på Firda vidaregåande skule. – Eg var heldig som hadde instrumentet mitt heime. Men samspeløvinga gjekk bort. Det blei ikkje konsertar på vårsemesteret, fortel Hjelmeset, men på hausten fekk dei ha ein adventskonsert i Trivselshagen. Konserten måtte dei framføre to gonger for å følgje restriksjonane om avstand.
Sjølvstendig Også på dramalinja blei undervisninga annleis under nedstenginga. Elevane blei nøydde til å jobbe åleine med monologar som dei sende på video til læraren for vurdering. – Eg spela Lady Macbeth, seier Dina Tjønneland (18), som har fått boltre seg i Shakespeares legendariske kvinnerolle. Ho fortel at ho valde dramalinja fordi ho ønskte meir leik og moro i skulekvardagen. Danseelev Lillian Kandal (18) frå Sandane seier at danseundervisninga under nedstenginga var avgrensa. Med ein meters avstand mellom danseelevane kunne ho til dømes ikkje danse med ein partnar. Men éin fin ting hugsar Kandal frå tida med isolasjon: At danselærarar frå andre skular laga spennande koreografiar som dei delte på youtube. – Vi fekk nye impulsar! seier ho. Interessa for jazzdans har Kandal hatt i fleire år, og ho valde danselinja fordi ho såg på det som ei god moglegheit til å utvikle kreativiteten sin og samstundes halde seg i form. Alle dei tre avgangselevane meiner at dei har blitt meir sjølvstendige etter eit år med koronatørke. – Eg har lært meg å sette meir pris på dei vanlege tinga i livet, seier Hjelmeset.
– Ein litt brysamt lang nase «Nasegrevet», årets musikal for dei tre klassane, er ei familieframsyning skriven av Tor Åge Bringsværd. Det vert
DEDIKERT: Ove Hjelmeset (frå v.), Lillian Kandal og Dina Tjønneland har lagt nedstenginga i fjor bak seg. No skal dei snart på scena. framsyningar i Trivselshagen 19. og 20. februar. Elevane fortel at framsyninga tek utgangspunkt i norske folkeeventyr og kjende figurar frå området. Hovudrolla i musikalen er Nasegrevet. – Ho er ei ung, giftesjuk jente med ein litt brysamt lang nase. Mest av alt ønsker ho å bli elska for den ho er, forklarer Hanne Grete Heen, fagkoordinator for musikk. Musikalen er eit glødande forsvar for stygge jenter og eit forsøk på å avsløre Tyrihans som ein simpel karrierejeger som berre er ute etter rikdom og ære. – Vi skal spele ulike delar av kulissane, til døme ei heksegryte, seier danseelev Kandal.
Angrar ikkje på valet Då dei begynte på skulen hausten 2020, visste førsteklassingane at pandemien ville prege dei utøvande faga i stor grad. På spørsmål om dei vurderte å velje bort den kreative linja ristar Nathalie Rolland (17), Mathilde Aa-Berge (16) og Thomas Myklebust (16) på hovudet. – Det var ikkje aktuelt. Eg har drøymt
om å gå på musikklinja i fleire år. Eg vil ikkje la koronaen stoppe meg, seier Førde-jenta Nathalie Rolland i 1. klasse musikk. – Eg er optimistisk og tenker at han sikkert ikkje vil vare så lenge, seier Mathilde Aa-Berge. Ho fortel at då ho skulle søke på dramalinja i fjor vår, måtte ho sende inn ein video med opptaksprøven på. Ho valde då eit utdrag frå Linn Skåber sin roman «Til Ungdommen».
God energi Elevane legg ikkje skjul på at skulen er ein stad dei liker å henge, sjølv etter skuletid. – Det er kult å gå i klasse med likesinna som liknar litt på deg sjølv, seier Rolland. – Det er ingen som spør deg «kven er så du?» på ein arrogant måte, skyt Thomas Myklebust inn. Han går første året på danselinja og har drive med hip hop, moderne og jazzballett sidan han var seks år gamal. På fritida jobbar han som danseinstruktør for barn i alderen eitt til ti år. Han seier han valde danselinja fordi han ville ut-
trykke seg sjølv gjennom røsle. Det var frustrerande å ikkje kunne gå på dansetrening eller instruere danseklassar under nedstenginga i fjor. Han seier at det blei mange einsame kveldar med solodans på guterommet i Leikanger.
Sceneskrekk? – Men korleis får de bukt med sceneskrekken når de ikkje får trening i å spele for eit direkte publikum? Dei tre elevane ler og seier at sceneskrekk ikkje er noko problem. Dei legg til at dei har fått øve seg på elevar frå dei andre klassane. – Men foreldra mine veit ikkje heilt kva eg gjer på dramalinja, seier dramaelev Aa-Berge. For dei har jo ikkje fått sett noko endå.
På veg ned i spagaten Undervisninga på musikk, dans og drama har brukt å vere tverrfagleg. Men i fjor haust måtte dei tre klassane halde avstand på grunn av koronarestriksjonar. – Eg gler meg til å møte elevar frå dei
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
egrevet
Fredag 29. januar 2021
tema utdanning
Januar 2021
Les meir om oss på
OKSU.NO Det er smart å velje yrkesfag
Ein treng ikkje vere spesielt sterk for å mekke tunge køyretøy. Det viktigaste er å jobbe smart – og be om hjelp. Du må tore å ta dei vala du har lyst til. Eg valde tunge køyretøy fordi det er kulare og tøffare enn dei andre køyretøyfaga. - Andrea Johnsen Sollid, mekanikar på tunge køyretøy på Scania i Stryn
Til foreldre og føresette Yrkesfag opnar alle dører FOTO: Severine Jarnes
Det er tøft å velje mot haldningane til foreldra, rådgjevarane og kompisane. Gjennomgangstonen er at om du er usikker, så ta studiespesialisering – for då er alle vegar opne. Eg vil seie at det er heilt omvendt; Er du usikker så ta ei fagutdanning. - Finn Ove Øen, dagleg leiar hos Åsen og Øvrelid
RETT VAL: Nathalie Rolland, Thomas Myklebust og Mathilde Aa-Berge angrar ikkje på Foto: Severine Jarnes at dei valde musikk, dans og drama andre klassane, seier Aa-Berge med eit sukk. Danseelev Myklebust er klar på at det alltid finst ein veg ut av problema: – Det finst mange måtar å gjere ting på. Saman er vi sterke.
På spørsmål om dei har lært noko spesielt under pandemien, svarar dramaelev Tjønneland: – Eg lærer meg å gå ned i spagaten! Ho forsikrar oss om at ho har komme eit godt stykke på veg.
www.okhm-sfj.no
www.ofelsfj.no
www.t
www.bok-sfj.no www.bilfag.no
www.okfh.no
www.okab.no
www.vestland.byggopp.no
www.noropp.no
www.okosweb.no
SOGN OPPLÆRINGSKONTOR
www.byggmesterforbundet.no
www.pro.sf.no
www.sognok.no
18
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Nathalie (17): – Eg facetimar mor mi kvar gong eg skiftar hårfarge
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Hybelliv: Hybellivet på Sandane kan overraske. Positivt. Severine Jarnes
severine.jarnes@firda.no
Nathalie Rolland (17) flytta heimanfrå for å gå musikklinja på Sandane, og der bur ho på hybel som så mange andre elevar ved Firda vidaregåande skule. – Eg facetimar mor mi kvar gong eg skiftar hårfarge. Det er ganske ofte, folk her er vande med det. Dei tenkjer berre «åh, ein musikkelev». I eit øvingslokale på skulen er Nathalie Rolland i prat med Thomas Myklebust (16), og i kantina dukkar Sigrid Hoddevik Losnegård (17) opp. Alle tre flytte på hybel for å få drive med lidenskapen; anten det er snakk om musikk, dans eller drama. Vi høyrer ofte om einsemd no for tida, og spesielt einsamt kan det vere for den som bur for seg sjølv. Men på Sandane fortel elevane om eit heilt anna liv. – Eg bur på ein liten hybel, men vi besøker kvarandre heile tida. Heime var eg meir aleine. No lagar vi middag i lag. Du har ikkje den vaksne som fortel deg at du må gjere lekser no, men du kan styre deg sjølv, fortel Thomas Myklebust. Han deler hybel med ein annan og bur like ved eit større kollektiv som dei ofte heng saman med.
– Før eg begynte på vidaregåande gledde eg meg til å flytte. Eg skulle på nye eventyr. Eg får styre min eigen økonomi og synest at det er veldig kjekt å bu på hybel, fortel Rolland. No bur ho i eit kollektiv saman med fem andre. – Eg elskar å bu på hybel, eg får lage middag sjølv og får styre meg sjølv. Ho forklarar at stipendet dekker hybelleiga, medan foreldra bidreg med litt pengar til mat. I tillegg har ho ein helgejobb som bidreg til ekstra inntekter. – Dei pengane går mest til kos i helgane om eg vil unne meg noko spesielt.
Sosialt på hybel Rolland skyt inn at dei og får mat på open skule, som er to gongar i veka. På open skule er det sosialt, og dei fortel engasjert om brettspel, bordtennis og andre aktivitetar. Open skule har vore stengt i to veker, men har no opna att. Myklebust fortel og om ein ny aktivitet dei har begynt med. – No står vi på skøyter! Vi var i førre veke, og vi skal i dag og.
Rekk ikkje sakne noko – Korleis er det å bu på hybel under pandemien? – Når eg tenkjer på det, saknar eg familien. Men det tenkjer eg heldigvis ikkje så ofte på, smiler Myklebust. Elevane er einige om at trivselen på skulen er ei god hjelp.
EIN GOD STAD A BEGYNNE! Westcon Yards er ei stor lære bedrift som ynskjer å sikre arbeidskraft med rett kompetanse for fremtida Westcon satsar på rekruttering og kompetansebygging. Vi har lang og god erfaring innan fagopplæring og tek godt vare på våre lærlingar. Westcon har stor variasjon i arbeidsoppgåver og tilbyr det meste innan skipsombygging og -reprasjoner, samt service på rigg.
Westcon prefabrikkerer også stål og røyrkonstruksjonarfor onshore/ offshore-installasjonar og arbeider medstore og små oppdrag. Dette gjev ei allsidig opplæring og godt grunnlag for vidare skule eller karriere innan faget.
Håvard Havn (18)
er ein av seks lærlingar ved Westcon Yards Florø AS. Etter to år på teknologiogindustrifag ved Flora videregåande skule, fekk han lærlingplass i Westcon. Han jobba mot fagbrev som platearbeidar og stortrivast!
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
tema utdanning
Januar 2021
FORNØGDE ELEVAR: Nathalie Rolland og Thomas Myklebust likar seg på Sandane, der omtrent halvparten av vgs-elevane bur på hybel.
AKTIV I FRITIDA: Nathalie Rolland på tur saman med venninna Ina Emerense Sandnes.
OFTE SAMAN: Nathalie Rolland saman med vennene Mira Oppedal og Nikhil Silfverhielm.
– Det er eit godt miljø, og ein kan vere seg sjølv, poengterer Myklebust. – Er det noko de saknar på hybelen? – Det er så mykje positivt i å vere her at vi ikkje rekk sakne noko, seier Rolland.
fekk heimlengsel. Eg reiste heim kvar helg. Det var ein stor overgang, sjølv om eg var klar for det. Losnegård har eit nært forhold til familien. Det var rart å sjå dei berre to dagar i veka, seier ho. Under den første nedstenginga i fjor reiste ho heim. Det gjorde søstrene hennar og. – Heile familien var heime, og alle fekk feire bursdagen sa-
Stor overgang I sitt linjeval har Sigrid Hoddevik Losnegård heile livet vore
inspirert av tanta si. No er ho sjølv elev på teaterlinja. – Eg har alltid visst at eg ville gå skule her. Også ho kan fortelje at ho lenge hadde gledd seg til å flytte på hybel. Ho kjem frå ei mindre bygd og såg fram til å komme seg litt vekk. Overgangen var likevel brå då ho flytta ut heimanfrå. – Det vart eit sjokk likevel, eg
Drømmer du om å bli
FRISØR?
Foto: Privat
Foto: Privat
man. Det er noko vi ikkje har gjort på mange år.
Lett å møte nye folk No trivst ho med hybellivet på Sandane, ikkje minst med at dei er så mange som bur på hybel. – Og alt er så mykje meir tilgjengeleg. Ein kan gjere ting saman med andre, når på døgnet ein vil. Eg har og blitt kjent med
nye folk frå andre plassar. Du får fleire venner som er lik deg sjølv på ein skule med hybelbuarar. Losnegård nemner også fleire og større tilbod i Gloppen enn det er heime i Askvoll kommune. Her har blant anna Natur og Ungdom eit lokallag, NU Gloppen, som Losnegård engasjerer seg i på fritida. No sit ho i fylkesstyret i Vestland fylke.
Velkommen til ein skulen med høg trivselsfaktor. I tett samarbeid med næringslivet tilbyr me opplæring innan programområda: Vg1 Teknologi og industrifag
Vg2 – Industriteknologi Vg2 – Køyretøy Vg2 - Transport og logistikk
Å være frisør er gøy, sosialt og skapende. Ønsker du å ha en jobb der ingen dag er lik og du ser resultater av egen innsats umiddelbart?
Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 – Kokk- og servitørfag
Vg1 Helse- og oppvekstfag
Vg2 – Helsearbeidarfag Vg2 – Helseservice Vg2 – Ambulansefag Vg2 – Barne- og ungdomsarbeidarfag
Som frisør har du mulighet til å jobbe med mennesker, og hjelpe andre med å få frem det beste i seg selv.
Vg1 Elektro og datateknologi
Vg2 – Data og elektronikk Vg2 – Elenergi
Vg1 Sal, service og reiseliv
Vg2 – Sal og reiseliv
Etter bare 5 1/2 måned på Cancam skolen kan du begynne å jobbe som lønnet lærling.
Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
Vg2 – Tømrarfag Vg2 – Betong og mur Vg2 – Anleggsteknikk
Søk enkelt på cancamskolen.no.
Vg1 Naturbruk
Studiestart: august 2021 og januar 2022
Vg2 – Landbruk og gartneri Vg3 – Allsidig landbruk Vg3 – Studieførebuande innan naturbruk
Vg1 Naturbruk m/vektlegging på hest
Vg2 – Heste- og hovslagarfag
Besøk gjerne Mo og Øyrane vidaregåande skule si heimeside for meir informasjon www.moy.vgs.no
Tlf: 70 10 72 76 // post@cancamskolen.no // Ålesund
19
20
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Skal investere 150 mill. i dei blå utdanningane Blå utdanning: – Måløy vidaregåande skule er inne i eit godt driv med å utvikle tilbodet retta mot sjømatnæringa, forklarer prosjektleiar Mona Bakke Svarstad. Arve Olav Solbakken
arve.solbakken@firdaposten.no
Ho er leiar eit treårig utviklingsprosjekt ved Måløy vidaregåande skule, der målet er å vidareutvikle samarbeidet mellom skulen, næringslivet og forskingsmiljøa og ikkje minst; få bygd nye og meir tidstilpassa fasilitetar for undervisninga både innan akvakultur og fiske/ fangst.
– Dei blå næringane veks og utviklar seg i stor fart. Då må vi vere oppdaterte, skape interesse og engasjere unge folk som er interesserte i vere med i utviklinga. Eg reknar med at bygginga av eit nytt landbasert akvakulturanlegg til 20. millionar kroner startar ved nyttår. Målet er at fasilitetane skal bli
som eit stort laboratorium kor elevar kan drifte, øve, eksperimentere og lære i trygge omgivnader» seier prosjektleiaren. Her skal ein kunne gjere feil utan at det får konsekvensar i millionklassen. Sjømatnæringa har, gjennom kartlegging av kompetansebehov, peika på behov for personell som kan drif-
HAR DU LYST Å
PROSJEKTLEIAR: Mona Bakke Svarstad er inne i sitt andre år med å styre utviklingsprosjektet for Måløy vidaregåande skule.
te RAS-anlegg. Dei nye fasilitetane vert også lagt til rette for slik opplæring. På bakgrunn av stor auke i søkartal er det viktigare enn nokon gong å investere i fasilitetar for praktisk opp-
BLI LÆRLING I ENERGIMONTØRFAGET?
BKK Nett har ledige læreplassar i Sunn�ord, ytre Sogn, Nordhordland, Bergen og Sunnhordland. Stillingane vert lyst ut 05.02.2021 på våre nettsider. Les meir om læretida i BKK Nett på BKK.no
Foto: Arve Olav F. Solbakken
læring ved skulen. I desember vedtok fylkestinget i Vestland å gå vidare med planane om å få bygge eit nytt opplæringsfartøy, med ei budsjettramme på 133 millionar
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
tema utdanning
Januar 2021
FAKTA MÅLØY VGS
■■ På skulen er det 330
elevar fordelt på kring 20 klassar
Måløy vidaregåande skule: Heilt til høgre er den planlagde akvahallen teikna inn. kroner. Staten går inn med 20 millionar i støtte. Fartøyet skal vere tilrettelagt for ei rekke fagområde. - Restaurant og matfag - Akvakultur - Fiske og fangst
- Teknisk industriell produksjon (matros og motormann) Måløy vidaregåande skule er også aktuell med eit samarbeid med NIVA og Onshore Technologies om ei utdanning retta
Illustrasjon: Freaquency
mot lærarar i vidaregåande skule som treng å oppdatere seg på resirkuleringsteknologi (RAS). Denne teknologien erobrar no sjømatnæringa og det trengst kompetente lærekrefter snarast mogleg.
– Vi er svært nøgde med å kunne tilby eit slikt kurs. Det viser at forsking, utdanning og næring kan samarbeider om å skape noko nytt, seier avdelingsleiar for naturbruk, Knut Olav Bjørnholm.
Linjene: ■■ Naturbruk med akvakultur eller fiske og fangst ■■ Restaurant- og matfag ■■ Studiespesialisering ■■ Yrkes og studiekompetanse (YSK) med helsefagarbeider/ akvakultur/ industriteknologi ■■ Bygg- og anleggsteknikk ■■ Helse- og oppvekstfag ■■ Info. teknologi og medieproduksjon ■■ Teknologi- og industrifag Måløy vgs er samlokalisert med Fagskulen i Sogn og Fjordane, maritim avdeling Måløy, som har nautisk og skipsteknisk offisersutdanning (ca. 60 studentar). Til skulen høyrer også Sikkerheitssenteret i Måløy, som har utvikla ei omfattande kurs- og oppdragsverksemd innan maritim sektor for både elevar, studentar og næringsliv)
KRISTEN INTERNATSKULE I BALESTRAND
- Kunst, design og arkitektur - Studiespesialisering - Idrettsfag
www.studentpraksis.no
- Vg1 Helse- og oppvekstfag Vg2 Barne- og ungomsarbeidarfag Vg2 Helsearbeidarfag
TAKK til bedriftene som tilbyr relevante deltidsjobbar til studentar i Førde frå hausten 2021:
- Påbygg (3PÅ og 4PÅ)
sygna.no Di bedrift?
21
22
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Mathias (24) og Janni (24) skaffar seg nyttig erfaring:
– Det me har lært på skulen er brukbart i praksis Høgskulen: Mathias Flo og Janni Røssevold er i gang med praksis hjå Rocketfarm i Sogndal. Sigrid Nese Thue
sigrid.nese@sognavis.no
– Det er veldig spennande. Så er det positivt å sjå at de me lærer på skulen er brukbart i praksis, seier studentane.
Ut i praksis I løpet av våren skal 17 studentar ved den nye masterutdanninga i økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet campus Sogndal gjennom-
føra ein 10-vekers praksis hjå ulike bedrifter i Sogn. – Utdanninga er retta inn mot marknadsføring og innovasjon, så praksisen vil vera ein gyllen anledning for både studentar og bedrifter til å dela både fagteoretisk og praktisk kunnskap på desse områda, seier Tore Frimanslund, emneansvarleg for utdanninga. – Tanken er at verksemdene vil kunne nytta arbeidskrafta på ein måte som gagnar dei. På den andre sida vil studenten få unik erfaring frå det lokale arbeidslivet og få betre kjennskap til utfordringar rundt kjernetematikken til utdanninga. Frimanslund håpar bedrifte-
ne vil sjå verdien av ein slik praksis. – Kanskje er dette kimen til framtidig arbeid for fleire av våre flinke studentar. Me er uansett svært opptatt av at alle verksemdene skal sitja igjen med ein meirverdi og eit positivt inntrykk etter at praksisarbeidet er gjennomført.
Tilsette to Mathias og Janni har alt tjuvstarta praksisen sin hjå Rocketfarm, som i dag leiande innan robotikk. Bedrifta har 17 tilsette i Sogndal innan fagfelta robotikk, automasjon og konsulenttenester. – Eg spurde dagleg leiar (Egil
PRAKSIS: Studentane Mathias Flo og Janni Røssevold har praksis hjå RocketMundal) om dei trengde arbeidskraft, fortel Janni. – Han skulle sjekka ut og tok så kontakt igjen like før jul. Dei hadde uansett planar om å tilsetja ein student og har no teke i mot oss to. Mathias og Janni er med på å utvikla eit simuleringsverktøy. Etter kvart er også planen at dei skal koma meir inn i forretningsdelen av Rocketfarm.
– Det blir veldig kjekt. Der er eit inkluderande og bra arbeidsmiljø som er spennande å vera ein del av. Studentane er veldig positive til at praksis er ein del av masterutdanninga. – Det er veldig bra, for fag og praksis heng i hop. Her får me brukt det me har lært på skulen, men samstundes gå litt meir i djupna.
F J O R D 1 H A R C I R K A 6 0 L Æ R L I N G A R K VA R T Å R , O G D E T T E TA L E T S K A L A U K E !
“God og personleg oppfølging frå våre dyktige instruktørar”
SØKNADSFRIST
1. MARS
SOM LÆRLING I FJORD1
2021
“Gode moglegheitar til å sikre deg ei framtidig fast stilling” SOM LÆRLING I FJORD1
“Du vert ein dyktig og ettertrakta arbeidskraft i næringa”
Frequency.no
JAKTA PÅ LÆRLINGANE
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
tema utdanning
Januar 2021
EMNEANSVARLEG: Tore Frimanslund er emneansvarleg for masterutdanninga i økonomi og administrasjon ved høgskulen på Vestlandet campus Sogndal.
farm. Fordelane er også mange meiner dei. – Det er bra å koma seg ut i arbeidslivet og knyta kontaktar. Kanskje kan erfaring frå arbeidslivet vera med på å gjera det lettare å velja ein jobb som ein vil trivast med seinare. – Kunne de tenkja dykk å arbeida i ei bedrift som Rocketfarm når de er ferdige med utdanninga?
– Ja. Dagleg leiar i Rocketfarm, Egil Mundal, er glad for å ha studentane på plass i verksemda.
Stort behov – Dette handlar om to ting, samfunnsrolla me ønskjer å ta viss me har kapasitet og det faktiske behovet. No var behovet stort. – Dette starta som eit behov
me hadde, så det er vinn-vinn. Etter god dialog med Tore Frimanslund ved høgskulen fann me ut at dei kunne hjelpa oss med å møta behovet ved at me tok i mot praksis-studentar. Sidan dei har starta alt no får dei vera her enno meir enn berre sjølve praksisperioden.
– Glimrande moglegheit – Studentane skal simulera uli-
Velkommen til Florø og til Flora vgs!
VG1
BEHOV: Egil Mundal og Rocketfarm hadde behov for ekstra hjelp og er glade for å ha studentar frå høgskulen i praksis. Foto: Arkiv/Anders Huke
ke prosjekt for å finna ut om produkta kan imøtekoma kundane sine behov, fortel Mundal og held fram: – Det er ikkje alle delar i vår verdiskaping som treng ferdigutdanna folk med mykje erfaring. Dette var ein glimrande moglegheit for oss og forhåpentlegvis lærerikt for studentane. Det er strålande å ha ein høgskule med studentar med
VG2
23
god kompetanse. Mundal ser gjerne at Rocketfarm kan ta i mot studentar ved fleire høve også. – Behovet vil bestemma om me vil etterspørja lite eller mykje. Lerum, Kunnskapsparken, SGN og Jatak er mellom dei andre bedriftene som tek i mot masterstudentane frå høgskulen.
VG3
Vi er ein skule med fokus på gjennomføring og godt læringsmiljø. Hos oss får du hjelp til å skaffe hybel. Vi er “Draumeskule” i samarbeid med organisasjonen Voksne for barn. Vi har og open skule med aktivitetar, hybelmiddag, og leksehjelp. Neste år er det ny faginndeling på VG2 Byggfag, og tilbod om e-sport som toppidrett for elevar på idrettsfag.
Har du spørsmål om skulen og tilbodet?
Ring oss på tlf 57 63 76 00 og snakk med ein rådgjevar eller lærar. Avtal gjerne eit besøk eller sjå flora.vgs.no og facebook.com/floravgs/ for meir info.
flora.vgs.no
24
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Har ikkje vore på skulen på Digital undervising: – Eg slit med å følge med. Det er lett å bli distrahert. Med ein skjerm framfor er det lett at alt anna blir fascinerande, som å støvsuge og vaske klede. Severine Jarnes
severine.jarnes@firda.no
Henrik Lund Clasen (24) innrømmer at det er krevjande å følge med når all undervisning er digital. Han går siste året på sjukepleieutdanninga i Førde, men det er lenge sidan han sist var innom høgskulebygget. I staden sit han framfor ein dataskjerm på hybelen sin ikkje langt unna. Julie Marriott (25), som går i same klasse, seier derimot at opplegget passar henne godt. – Eg må seie eg har gjort det veldig bra. Det har ikkje gått på kostnad av karakterar eller prestasjon. Lærarane har vore veldig tilgjengelege, ein får raskt svar.
Får ikkje delt erfaringar Marriott flytta frå Måløy til Førde hausten 2018. Våren etter starta ho studiet på høgskulen i Førde. Ho har merka seg at digital undervisning har fått mykje kritikk i media, men er sjølv veldig fornøgd med opplegget som har vore på høgskulen. Men ho seier at det er på godt og vondt. Ho saknar å vere i klasserommet saman med medstudentar. – Det er tøft. Folk tør ikkje heilt ta ordet under videoforelesing. Ein må automatisk avbryte den som snakkar. I auditorium blei det meir diskusjonar og ein delte erfaringar, som resten lærer mykje av. Men det blir det jo ikkje noko av no. Det er noko vi taper.
Avlyst eksamen I mars i fjor, då landet stengde ned, skulle Marriott og medstudentane ha eksamen. Den vart utsett. – Det kjennest heilt forferdeleg når du er så klar og førebudd. Eg skal vere ærleg og innrømme at eg då smekka igjen boka og lét ho ligge urørt til eksamen. Eg mista piffen då det skjedde. Men det gjekk jo bra då! Du får det liksom midt i trynet. Eg hugsar den dagen. Vi var heilt i sjokk. Å bli sjukepleiar har alltid vore planen for Marriott. – Hadde nokon sagt meg i dag at eg ikkje kunne vore sjukepleiar, då hadde alt berre rasa. Eg hadde ikkje visst kva eg skulle gjort. Når ho ikkje arbeider med studia, jobbar ho på medisinsk avdeling på sjukehuset i Førde. Ho trivst godt på jobben og seier at ho har blitt glad i kollegaene. – Ein heilt fantastisk gjeng. Ein står ikkje aleine, men hjelper kvarandre og kjem i mål i lag. Når Marriott skal kople av, ligg ho heilt flat og ser filmar. – Det er lite tid til det, men det er viktig å slappe av. Ho held også kontakt med vennene sine på Facetime og reiser heim når ho har fri lenge i strekk. – Eg sa det før eg begynte; sjølvsagt kjem eg heim igjen. Men no trur eg at eg blir her, og slår litt rot. Førde er akkurat stort nok. Eg likar å kjenne litt folk. I Bergen er du veldig for deg sjølv. Du veit
TOMME UNDERVISINGSSALAR: Her har ikkje Lund Clasen vore sidan februar i fjor. ikkje kven naboen din er. Og så har eg lyst til å vere i ein slik avstand at det berre er å køyre heim igjen og seie hei. I klassa har dei fleste av studentane valt å reise heim. Men Henrik Lund Clasen frå Halden er mellom dei som er blitt verande i Førde. – Grunnen er i hovudsak det sosiale. Ikkje at det er så mykje av det no. Eg har vore veldig heldig med klassa og blitt god ven med fleire. Og eg vil komme tilbake til Førde for det sosiale.
– Har treft blink Han saknar forelesingane i høgskulebygget. Å studere på hybelen framfor ein skjerm finn han krevjande, men han har laga sine eigne rutinar. – Eg sette meg som mål å vere på alle undervisningane, og å halde ein god
døgnrytme. Sjølv om eg ikkje har obligatorisk opplegg. – Kvifor valde du å bli sjukepleiar? – Det var nesten tilfeldig. Hadde du spurt meg då eg var 18, hadde eg ledd i ansiktet ditt. Clasen tok eit årsstudium i kroppsøving og idrett. Anatomi og fysiologi var fag han syntest var spennande og vart inngangsbilletten til sjukepleiestudium. – Eg har blitt meir og meir sikker sidan eg starta. Eg var nysgjerrig i starten, men no føler eg at eg har treft blink. Klassa har hatt mykje å seie for at det har treft så bra.
Studiemiljø og natur lokka Snittet på sjukepleiarstudium har auka dei siste åra. Clasen måtte difor ta opp fag medan han arbeidde i heimesjuke-
pleia for å komme inn på studiet. Han fekk tilbodet i andre runde av opptaket under fadderveka. Frå han fekk tilbodet om studieplass til han starta på skulen gjekk det berre tre dagar. I Førde har Clasen vore tilfreds med forelesarane. Han beskriv dei som heilt fantastiske. I tillegg til eit godt sosialt studiemiljø, er omgjevnadar noko han verdset. – Naturen her er utruleg fin, fjell og fjord er Norge i eit nøtteskal. For meg som er oppvaksen på flat mark, er det kjempefint å kunne bu her litt. Om vegen vidare fortel Clasen at det ikkje blir å flytte heim med det første, for der er det ingen sjukehus i nærleiken. – Eg vil bu og reise litt før eg etablerer meg. Eg kan tenke meg å flytte til Bergen, men vil ikkje etablere meg der.
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
å lang tid
tema utdanning
Fredag 29. januarJanuar 2021 2021
JOBB & KARRIERE I BYGGEBRANSJEN Gjennom over 20 år har Åsen og Øvrelid AS opparbeidd seg ein solid posisjon i byggebransjen i Sogn og Fjordane. Denne posisjonen skal vi halde også i framtida. Og vi skal møte stadig strengare krav og forventingar frå både marknaden, byggherrar og myndigheiter med solid innsikt, kompetanse og leveringsdyktigheit. For å klare dette treng vi dei beste medarbeidarane. Vi har mange av dei allereie i dag, men vekst og utvikling krev også påfyll av nye talent. Vil du vere med oss vidare? Åsen & Øvrelid AS rekrutterer: FAGARBEIDARAR OG LÆRLINGAR I ULIKE FAG Vi ønskjer å kome i kontakt med dyktige, engasjerte og sjølvstendige fagarbeidarar til prosjekt hovudsakleg i Sogn og Fjordane. Er du ung og nysgjerrig på byggebransjen? Då oppmodar vi deg til å ta utdanning i vidaregåande opplæring. Etter utdanninga er du velkomen til å søkje læreplass hos oss. Fleire av våre leiarar har «gått gradene» i selskapet, så hos oss er det gode karrieremoglegheiter vidare!
alle Foto: Severine Jarnes
PROSJEKTLEIARAR / BYGGEPLASSANSVARLEGE Vi ønskjer å kome i kontakt med engasjerte og sjølvstendig personar, primært med ingeniørutdanning eller teknisk fagskule. Men mangel på utdanning kan kompenserast med solid fagbakgrunn i kombinasjon med leiarerfaring. Vi ønskjer både nyutdanna og personar med røynsle frå prosjektleiing/byggeplassleiing velkomne som søkjarar. For rett person kan også ei slik stilling omfatte prosjekteringsleiing i totalentreprisar. Dersom du har desse eigenskapane, så kan vi tilby ein utfordrande og til tider hektisk jobb, med ordna arbeidstilhøve, gode lønsvilkår, bonus- og forsikringsordningar.
SAKNAR DET SOSIALE: Henrik Lund Clasen føretrekker undervising på høgskulen blant medstudentar.
GJER DET BRA: Sjukepleiarstudent
Julie Marriot.
Åsen & Øvrelid as Fjærevegen 9, 6800 Førde Tlf. 57 72 38 50 firmapost@aasen-ovrelid.no
www.aasen-ovrelid.no www.aasen-ovrelid.no
25
26
tema utdanning
Januar 2021
– Håpar det er over til vi skal starte på vidaregåande
Fredag 29. januar 2021
Bli kjent i koronatid: – Men stakkars dei i åttande! Dei miste nok ein del av det sosiale i bli kjent-tida då dei starta på ungdomsskulen. Bjørn Sølsnæs
bjorn.solsnes@firda.no
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Tiandeklassingane Kasper, Simon, Julie, Yuusuf og Ingrid på Førde ungdomsskule har større sut for åttandeklassingane enn seg sjølve i koronatida. Men snart står dei sjølve på spranget til ein ny epoke, der dei skal bryte opp og finne seg til rette med nye klassekameratar på kvar sin kant.
Saknar møteplassane Dei kjenner alle på at det er litt lite å ta seg til på fritida når alt er stengt og avgrensa, og dei trur det er noko dei vil kjenne ekstra på når dei til hausten skal starte på vidaregåande, dersom dette skulle vare ved. – Vi får berre håpe det har gått litt meir over til vi skal starte, seier Ingrid Krakhellen. For det sosiale livet har fått mindre rom under pandemien. – No skjer det meir på internett, og eg saknar dei gamle fysiske møteplassane, seier Kasper Holme, men legg til at det stort sett går greitt å halde kontakten med vener.
Pregar skuledagen – Eg synest ikkje det har forandra seg så mykje. Fritida er eigentleg meir som vanleg, og det er skulekvardagen som er mest forandra, meiner Yuusuf Yoonies. – Korleis? – Det går greitt, men det er litt slitsamt at vi må halde oss klassevis og ha mesteparten av undervisinga på klasserommet,
EI UTDANNING FOR DEG SOM VIL NOKO MEIR Uansett kva du interesserer deg for, vil ein start på NHH gi deg moglegheit til å finna svar på morgondagens problemstillingar. Bli med å bestemma korleis framtida vår skal sjå ut. NHH.NO Søk bachelor i økonomi og administrasjon innan 15. april.
seier Julie Cathrine Wie Bruås. Femtenåringane fortel at skuledagen er lagt opp slik at dei har to økter for dagen med same faget i tre samanhangande timar. – Det er litt slitsamt.
Ser framover Men den nye skulekvardagen er heller ikkje utan lyspunkt. – Vi ser ein del meir film i timane, seier Julie, og får snøgt
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
tema utdanning
Januar 2021
Vi ser etter lærlingar som ønskjer å gjere ein forskjell.
UNGDOM I KORONATIDA: – Det har vart i snart eit heilt år, så vi har vant oss til det. Og det er ikkje så stor smittefare i Førde, så vi er heldige her, seier tiandeklassingane Kasper Holme, Simon André Myrvang, Julie Cathrine Wie Bruås, Yuusuf Yoonies og Ingrid Krakhellen, som håpar på betre tider innan dei skal byrje på FOTO: Bjørn Sølsnæs vidaregåande til hausten. svar på tiltale av klassekameraten Yuusuf: – Det er betre enn vanleg skulearbeid! Og dei forsikrar om at lærarane legg opp til like god undervising, sjølv om forma er annleis.
Grunnlaget er dermed lagt for vegen vidare, og dei lèt ikkje koronapandemien leggje nokon dempar på framtidsplanane, som inneber alt frå elektro og bygg til studiespesialisering og idrett.
Equinor tok inn totalt 168 lærlinger til 12 fagområder i 2020. 36 av desse har arbeidsstad på Mongstad. Me har omlag 70 lærlingar på anlegget vårt, og har mykje å lære dei om eit komplekst anlegg i ein spennande bransje. Samfunnet treng fagarbeidarar, som lærling på Equinor Mongstad får ein brei arbeidserfaring
under utdanninga. Vi har behov for fleire fagarbeidarar i framtida! Equinor tek opp lærlingar i ei rekke fag. Nye lærlingestillingar blir utlyst kvart år i januar, med søknadsfrist 4. februar.
Det er difor vi treng deg. Les meir på equinor.com
Musikk, dans og drama - Idrett - Studiespes.
Søknadsfrist 1.mars
27
28
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Kathrine (18) og Miriam (18) var på Erasmus-utveksling i Dublin:
– Ei oppleving for livet Utveksling: Fire elevar frå Flora vidaregåande deltok i fjor i utvekslingsprogrammet Erasmus + og fekk to veker i Dublin. To av dei er Kathrine Zakariassen og Miriam Yasmin. Dei gjekk då andre året på helse og oppvekst. I Tallaght, sørvest i Dublin budde alle dei fire frå Florø i same vertsfamilie, men hadde ulike praksisplassar.
– Eg synest det var utruleg kjekt og er veldig glad for at eg utfordra meg sjølv med å reise. Spesielt i barnehagen såg vi veldig skilnad på korleis dei gjer det og korleis vi gjer det, seier Miriam. Kathrine noterte seg at det var meir bruk av meir disiplin i barnehagen der enn vi er vane med, medan Miriam reagerte på uteplassen til «sin» barnehage. – Den var veldig liten og hadde gummimatter på betong, og høgt gjerde. Dei var også veldig lite ute i høve det vi er vane med, sjølv om dei hadde liten plass i høve talet på ungar. Hadde det vore i Norge, hadde det ikkje vore lov.
Oppleving for livet
Blei godt mottekne
– Det var kontaktlæraren vår, Hilde Ellingsund, som fekk oss til å søke. Dette var første året der vi fekk tilbod om å søke utveksling til Dublin, og vi reiste saman med fire frå Sogndal vidaregåande. Både Miriam og Kathrine var utplasserte i Montessori-barnehagar, og begge omtalar turen som ei oppleving for livet. – Det var spennande, men også skummelt i byrjinga. Vi måtte finne oss til rette hos vertsfamilien, finne ut korleis vi skulle komme oss til og frå arbeid, og finne noko å gjere på på fritida, fortel jentene. Men dei synest det var interessant å oppleve livet til den irske vertsfamilien sin.
Dei fire frå Florø rakk akkurat å fullføre opphaldet sitt før koronaen kom og stengde ned samfunnet. – Vi skulle arbeide måndag til fredag i to veker, men den siste veka fekk vi beskjed om å gå heim onsdag, så vi fekk ikkje fullført den siste arbeidsveka. Å komme ut og sjå korleis kvardagen på mange små og store måtar skil seg frå eins eigen, kan vere både spennande og utfordrande. Sjølv om Dublin ikkje er langt borte frå Norge, skil både kultur og veremåte seg frå det vi er vane med. – I Dublin set dei set omtrent på fanget ditt på bussen, dei er mykje meir opne enn oss. Korleis dei snakka til og oppfør-
Liv Standal
liv.standal@firdaposten.no
TAKKSAME: Miriam Yasmin (18) og Kathrine Zakariassen (18) var i fjor på Erasmus +-utveksling i Dublin og synest det var spennande å komme ut og sjå korleis ein FOTO: Liv Standal organiserer barnehagane i Irland.
Klar for ein unik start på arbeidslivet? Framtidsfylket tilbyr 34 varierte traineestillingar til deg som er nyutdanna og klar for å oppdage arbeidsliv i Vestland.
Les meir om traineeprogrammet på framtidsfylket.no Søknadsfrist 15. mars
#vestlandsliv
FRAMTIDSFYLKET VESTLAND
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
tema utdanning
Januar 2021
Erasmus + ■■ Erasmus er EUs program
FORVIRRANDE: Det var ikkje heilt lett å finne ut av kollektivsystemet i Dublin, synest jentene, som hadde over ein times pendling med buss til barnehagen der dei hadde praksis. I rushtida tok det enno lengertid. Her er Miriam på bussen saman med Thea Steinholm.
Foto: Privat
te seg mot oss som framande i deira samfunn – det var ein fin ting. Dei tok veldig godt i mot oss, smiler jentene. Kathrine vedgår at ho sleit med den markante irske aksenten dei første dagane. – Men det var gøy å sjå kor fort tilvenninga gjekk. Miriam opplevde som kortvaksen at ho blei undervurdert i barnehagen der ho jobba. – Eg høyrde dei snakke om kor imponerte dei var over at eg greidde slik og sånn. Men her heime er vi vane med at vi greier å finne våre eigne oppgåver når vi er ute i praksis, slår ho fast. Då dei kom heim, måtte dei rett i karantene, men dei er likevel takksame for opplevinga, alt i alt. – Alt dette har forsterka venskapen vår, smiler dei.
for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Programmet støttar mobilitets- og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet: Barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning, og vaksenopplæring. ■■ Gjennom Erasmus kan ein gjennomføre praksisopphald i bedrifter eller ved opplæringsinstitusjonar i Europa. Tilsette kan også få støtte til å reise ut. Ein kan søke støtte til praksisopphald i EU-landa, EØSlanda, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. ■■ Føremålet er språkleg og kulturell læring (danning), fagleg, pedagogisk og didaktisk utvikling og tettare samarbeid mellom skule, bedrift, opplæringskontor og eventuelt andre relevante aktørar. Du kan søke støtte til: ■■ Reise og opphald for elevar, lærlingar og studentar ■■ Reise og opphald for lærarar, instruktørar og andre som jobbar med opplæring i fag som gir fagbrev/svennebrev eller med høgare yrkesfagleg utdanning ■■ Følgepersonar (reise og opphald) dersom man sender mindreårige eller andre som har behov for noko støtte ■■ Dersom du søker om opphald på 3 månader (VET Pro) eller meir kan du også søke om middel til førebuande besøk for å planlegge og legge til rette for slik mobilitet. ■■ Administrasjonstilskot basert på talet på deltakarar
Bli med på laget! På Norges grønneste forsyningsbase, Fjord Base, arbeider det 650 forskjellige mennesker innen mange ulike fagfelt. Vi er alltid på jakt etter de beste hodene, og tar både i mot lærlinger, traineer og praksiselever. Finn mer informasjon og legg gjerne inn en åpen søknad på vår hjemmeside: www.incgruppen.no/karriere
Kompetanse ogsatser teknologi Vi på hand i hand.
kompetanse BUSSJÅFØR – EIT SIKKERT YRKE
Er du interessert i lærlingeplass?
Vi har fagområda: ► Kjemi-/prosess ► Produksjonsteknikk ► Logistikk ► Dataelektroniker ► Industrimekaniker ► Automatiker
Firda Billag Buss har transportansvar for lokale ruter i Sunnfjord og Nordfjord, i tillegg til ekspressruter som Fjordekspressen og Sogn og Fjordane-ekspressen. Vidare har vi eiga turbussavdeling og samarbeider med andre busselskap om ekspressbussruter.
Firda Billag Buss AS er opptatt av å levere tjenester av høg kvalitet og fokus på at våre passasjerar får ei trygg og god reiseoppleving. Som bussjåfør får du: ● Ein ansvarsfull og sjølvstendig jobb ● Regulert lønn og arbeidstid ● Ein variert arbeidsdag ● Jobbe med mennesker ● Eit yrke med gode framtidsutsikter ● Bruke ny og spanande teknologi ● Bidra til eit betre miljø og klima Ynskjer du å jobbe som bussjåfør hos oss eller har spørsmål om bussjåføryrket, ynskjer vi å høyre frå deg! Send oss gjerne ein e-post til: post@firda-billag.no Vi er fram til å høyre frå DEG!
Bremanger www.elkem.com
29
30
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
ANGRAR IKKJE: Marius Reiakvam (32) er glad han satsa på traineeopphaldet i Enivest.
Foto: Hanna Torsdotter Husabø
SNART PSYKOLOG: Katrine Bortheim (27) håpar på jobb i Helse Førde til hausten.
Foto: Hanna Torsdotter Husabø
BREI ERFARING: Adalheidur Audardottir Oldeide (32) har hatt nytte av den breie erfaringa ho fekk på NRK i Førde.
Foto: Jan M. Lillebø
Katrine, Marius og Adalheid ein flygande start på arbeid Praksisplass: – Det har hatt nesten alt å seie for yrkeskarrieren min, hevdar Adalheidur Audardottir Oldeide (32). Hanna Torsdotter Husabø hanna.husabo@firda.no
Kvart år har nærare 1000 studentar og nyutdanna arbeidspraksis i Førde gjennom traineeopphald, praksisplassar og turnus. I Helse Førde åleine er vel 800 studentar og nyutdanna i turnus eller annan arbeidspraksis i løpet av eit år. Katrine Bortheim (27) er ein av dei. Ho er på sisteåret av psykologistudiet ved Universitetet i Bergen, men flytta heim til Førde då ho trong praksis.
Heim til Førde – Eg og kjærasten har hatt avstandsfor-
hold i seks år. Han har budd på Vassenden medan eg har studert i Bergen. Så eg har alltid visst at eg skulle tilbake. Hausten 2020 skulle Bortheim ha eit semester praksis. Som einaste student fekk ho ha praksisen på psykologisk poliklinikk i Førde. At halvåret med praksis har vore nyttig, er ho ikkje i tvil om: – Det er noko heilt anna å skulle jobbe praktisk enn å lese teori. Pensumbøkene syner gjerne fram prakteksempla på korleis ei behandling skal gå føre seg. Det er veldig annleis å skulle gjere det sjølv med eigne pasientar. Medan psykologistudenten no skriv hovudoppgåva si, har ho ei 50 prosent stilling som psykolog i Helse Førde. – Eg håpar å få jobb her når eg er ferdig utdanna til sommaren. Eigentleg vil eg heller fokusere på jobben enn på hovudoppgåva. Det er jo jobben som er kjekk! Marius Reiakvam (32) var ferdig med
informatikk-utdanning ved NTNU for fire år sidan. Han var førebudd på å måtte flytte frå Førde for å få seg jobb.
– Ikkje angra eit sekund – Eg vaks opp i Naustdal og budde mange år i Førde. Eg har òg familien min her, men utan ein relevant jobb forventa eg at eg kanskje måtte flytte på meg. Plutseleg skulle deltidsjobben på kundesenteret til Enivest i Førde kome til nytte. – Dei lyste ut ei traineestilling innan programmering gjennom Framtidsfylket. Det var midt i blinken for både utdanninga mi og interessefeltet mitt. Reiakvam var ikkje sein med å sende inn ein søknad, og fekk plassen. Det er han glad for i dag. – Eg har ikkje angra eit sekund. Eg lærte meir på eitt år som trainee enn eg gjorde på tre år med skule.
Etter året som trainee fekk han i 2018 tilbod om fast jobb som systemutviklar i same bedrift. – Eg veit ikkje om eg hadde budd her no viss det ikkje hadde vore for traineeopphaldet i Enivest. Jobben var definitivt ein viktig faktor for at eg valde å etablere meg her i Førde.
Mindre stad er lurt Adalheidur Audardottir Oldeide (32) gav seg ikkje så lett og søkte tre gonger før ho fekk praksisplass hjå NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Det synte seg å vere avgjerande for framtida til journalisten frå Holvik utanfor Måløy. – Heilt sidan eg var lita har eg hatt lyst til å bli journalist. Draumen var å jobbe i NRK, og då var Nynorsk mediesenter i Førde ein naturleg inngangsport. Sidan praksisen i 2013 har ho jobba som journalist og er i dag fast tilsett som krim- og
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
dur dslivet gravejournalist i Bergens Tidende. Oldeide er ikkje i tvil om at praksisen i Førde har vore avgjerande for der ho er i dag. – Det har hatt nesten alt å seie. Etter praksisen fekk eg tilbod om vikariat i NRK både i Oslo og Førde. Eg valde Førde framfor Marienlyst og Oslo, nettopp fordi eg trur at det å ha praksis på ein mindre plass kan vere lurt.
Vil ha brei erfaring For Bortheim har det å syne eige initiativ vore nyttig. Aller helst vil ho jobbe med eit firedagars behandlingsprogram for pasientar med panikk og sosial angst: – Eg har allereie fått vere med på vurderingssamtalar som pasientane har i forkant av programmet. Eg trur nok eg har fått vere med på meir
tema utdanning
Januar 2021
Er du oppteken av klimaet og framtida? spennande ting fordi eg har synt tydeleg interesse. Reiakvam meiner det å vere ein del av ei mindre gruppe har vore ein fordel. – Eg var ein del av eit team på tre personar. Eg trur det gjorde at eg fekk større ansvar enn om eg hadde vore ein del av eit større team. Eg fekk nok prøvd meg på arbeidsoppgåver som det ikkje er vanleg at traineear får høve til. Også Oldeide trekker fram fordelen av å vere på ein mindre stad: – Det er ikkje sånn at store ting ikkje skjer på små plassar. Og når store ting skjer, må alle mann til pumpene. Alle må gjere alt. Det gjer at ein får brei erfaring framfor å vere på ein større plass. Det veit eg mine seinare arbeidsgjevarar har sett på som positivt, understreker Oldeide.
Vi ser etter deg som vil bidra i vårt målretta arbeid og engasjement for framtidas løysingar. Hos oss finn du eit stort mangfald av framtidsretta jobbar, frå fagarbeidarar, ingeniørar til eit breitt spekter av administrative fag og leiing. No er vi på søken etter trainee innan berekraft og lærlingar om du ønskjer å ta fagbrev som energimontør eller energioperatør, sjå meir på sfe.no. Søknadsfrist 15. mars
31
32
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
– Har alltid vore nysgjerrig Akvakultur: – Heilt sidan eg var liten har eg vore interessert i fisking, så interessa for akvakultur har grodd ut frå det. Arve Olav Solbakken
arve.solbakken@firdaposten.no
Isabell Andersen Skjølberg frå Florø er snart ferdig på akvakulturlinja og skal ta lærlingtida si på settefiskanlegg i Leikanger i Sogn. Ho er ein av elevane vi treff på naturbrukslinjene på Måløy vidaregåande skule. Denne dagen har vg1 naturbruk og vg2 akvakultur fått inn ein del fisk frå eit anlegg, som dei skal jobbe med.
Kjekt på hybel Medan lærarane går rundt og fortel om fisken sin anatomi, får vi ein rask prat med Isabell om livet på skulen og andre året som hybelbuar. – Det er veldig sosialt og kjekt å bu på hybel. Det var litt skummelt i starten, men no er det veldig fint å ha andre rundt seg. No i år deler eg hybel med ein
SJEKK: Eli Refvik viser elevane kva dei ulike organa heiter og korleis dei bør sjå ut. (Foto: Arve Olav F. Solbakken) god venn i klassen. – Korleis trur det blir å jobbe på fulltid?
– Det blir kanskje litt skummelt i starten, fordi det er ikkje noko eg er vant med. Men eg
har jobba mykje i praksis dette året og kome meg litt inn i korleis arbeidslivet er, fortel Florø-
jenta, som på sikt ønsker seg ein jobb nærare heimstaden. . – Eg trur eg kjem til å jobbe på
Søknadsfrist 1. mars
Vi har eit breitt studietilbod med mange yrkesfag, idrettsfag og studiespesialiserande Sjekk alle studietilboda våre på sogndal.vgs.no sogndal.vgs.no
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
Januar 2021
på fisk og naturen
NATURINTERESSERT: Interessa for naturen og fisk har ført Isabell Andersen FOTO: Arve Olav F. Solbakken Skjølberg inn på akvakulturutdanning. kysten i framtida, men ikkje i nokon så stor by som Bergen. Det vil eg ikkje.
Vil jobbe ute Klassekamarat Balder Viking Vidnes frå Nordfjordeid er tydeleg på kva type jobb han vil ha i framtida: – Det slik at dess lenger opp i systemet du kjem, dess meir
blir du sitjande på kontor. Det har eg ikkje lyst til. Eg har eit mål om å kunne bli driftsleiar på eit anlegg. Eg likar å jobbe med hendene og vere ute og ta i eit tak, slår han fast. Denne dagen undersøker elevane laksefisk både utvendig og innvendig. – Det er viktig for dei å kunne sjå på fisken, både som levande
og daud, for å kunne kjenne igjen det som kan vere gale med den eller korleis ein frisk fisk skal sjå ut, forklarer lærar Eli Refvik.
Meir enn laks Det er ventelister for å komme inn på dei blå linjene for tida. Dei har to fulle klassar på vg1 naturbruk, full klasse på vg2
akvakultur og vg2 fiske- og fangst. Akvakulturbransjen er i stadig i utvikling og skulen har innleia samarbeid med lokale aktørar innan landbasert RAS-teknologi og torskeoppdrett. – Vi har også elevar som har praksis innan produksjon av rensefisk, som også er ein stor
bransje innan for denne næringa, fortel Refvik. – Der er ein del etiske utfordringar ? – Dette med berekraft og tenke heilskap, er kjempeviktig for oss å fokusere på. Det er viktig at ein brukar dei rette metodane og set minst mogleg spor etter oss i naturen når vi driv med eit oppdrett.
Traineestilling Ønsker du å jobbe med Internett og relaterte tenester? Som trainee kan vi gje deg ein spennande start på karrieren din i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for den faglege og personlege utviklinga di. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.
Prosjektingeniør Arbeidsoppgåver:
SØK LÆREPLASS
33
VIL VERE PÅ MERDKANTEN: Balder Viking Vidnes har som mål å bli driftsleiar på eit akvakulturanlegg. (Foto: Arve Olav F. Solbakken)
VELG YRKESFAG Norge treng 100.000 nye fagarbeidarar innan 2030!
tema utdanning
•
Prosjektering, planlegging og prosjektleiing for utbygging av fibernett og annan infrastruktur
•
Oppfølging og koordinering av eksterne entreprenørar, installatørar, leverandørar og samarbeidspartnarar
•
Forhandlingar og utforming av kontraktar
•
Dokumentasjon av nett
Kvalifikasjonar til stillingane og kontaktinformasjon finn du på enivest.no/ledig-stilling www.enivest.no
RIST SØKNADSF2021 S 15. MAR
2021 : August Tilsetting 22 20 til august N B! ar eestilling Alle train nno m je g å p st må søka ylket. Framti d sf
34
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Satsar på god læring gjennom trivsel psykososialt miljø: Gratis skulefrukost og open skule med aktivitetar og gratis middag to gonger i veka sikrar at elevane trivst godt.
smittenivå. Då er det middag og aktivitetar som bingo eller diverse ballspel i Nordfjordhallen. Det kan gjerne også vere aktivitetar i snøen og bruk av treningsrommet, fortel miljøkoordinator og rådgjevar, Anne Grete Gjerde Nygård. I Måløy bur i det i år 87 elevar på hybel. Arve Olav Solbakken – Vi samarbeider med brannarve.solbakken@firdaposten.no og politi lokalt, som har folk ute Dei satsar også prosjektet for å kvalitetssikre hyblane. Då får vi også oversikt «Drømmeskole», ein over kor elevane er, modell for å jobbe om det skulle vere systematisk med alle naudsynt å få fatt i elevane sitt psykosodei. Aktivitetskveldasiale miljø. Målet er å ne er for alle, men er skape eit læringsmiljø kanskje aller mest der elevane kjenner nyttig for hybelbuaseg trygge og at alle rane, forklarer miljøfinn sin plass i felleskoordinatoren. skapen. MilJØ-
Middag og samspel
KOORDINATOR: Anne
Elevmentorar
– Vi har også elevmentorar som hjelpe elevar som ikkje finn seg så godt til rette.Det finst alltid nokon som har det vanske-
Grete Gjerde Nygård.
– Vi har hatt open skule to kveldar i vekaogså no i koronaperioden, så lenge det ikkje har vore raudt
TRIVSEL: Ein av klassane i almennfag jobbar seriøst med å lage aktivitetar og trivsel på skulen.
FOTO: Arve Olav F. Solbakken
leg og då kjem dei til oss som er miljøkoordinatorar og rådgjevarar. Vi prøver å hjelpe til både praktisk og psykososialt. Det å
få snakke med ein annan vaksen enn eigne fordeldre gjer ofte godt. Lærarene og andre tilsette på
Måløy vidaregåande skule og lærarane har fått gode tilbakemeldingar på dei årlege elevundersøkingane.
V i kan tilby de e faga: Maritim avdeling Måløy:
FAGSKULEUTDANNING • DEKKSOFFISER • MASKINOFFISER Avdeling Førde:
2-årig heiltidsutdanning Maritim avdeling Måløy: 2-årig teknisk fagskule deltid med samlingar/nettstudium over 3 år. 2-årig teknisk fagskule heiltid, eller
Førde: ••Avdeling DEKKSOFFISER MASKINTEKNIKK – ANLEGG – KLIMA,•ENERGI OG MILJØ (KEM) • ELKRAFT ANLEGG •• BYGG MASKINOFFISER • ELKRAFT – AUTOMATISERING • AUTOMASJON • KLIMA, ENERGI OG MILJØ 2-årig heiltidsutdanning • BYGNINGSSAKKYNDIG FOR TILSTANDSANALYSAR • BYGG • MASKINTEKNIKK (TAKSTMANN-UTDANNING)
2-årig heiltidsutdanning eller Avdeling Førde: 1-årig fagskule, deltid med samlingar/nettstudium over 2 år. 3-årig samlingsbasert nett-utdanning
•• MJØLKEPRODUKSJON ELKRAFT • BRUK ANLEGG VED AV ROBOTTEKNOLOGI Meir info på vår heimeside: www.fagskulen.no • BIM • AUTOMASJON • KLIMA, ENERGI OG MILJØ Maritim avd. Måløy: tlf. 415 30 840 1/2-årig fagskule, nettstudium•over 1 år. • BYGG MASKINTEKNIKK Avdeling Førde: tlf. 57 63 74 50 • VELFERDSTEKNOLOGI 2-årig heiltidsutdanning eller Søknadsfrist:nett-utdanning 15. april 2015 3-årig samlingsbasert Maritim avdeling Måløy: via www.vigo.no 2-årig maritimSøknad fagskule, heiltid: Meir info på vår heimeside: www.fagskulen.no • DEKKSOFFISER Maritim avd. Måløy: tlf. 415 30 840 • MASKINOFFISER Avdeling Førde: tlf. 57 63 74 50 Meir info på heimesida vår: fagskulen.no Avdeling Førde, tlf 576 37 450 Avdeling Måløy, tlf 415 30 690
Søknadsfrist: 15. april 2015 Søknad viaSøknad www.vigo.no Søknadsfrist 15. april 2021. via samordnaopptak.no
Frisør-, blomsterog interiør og eksponeringsdesign Handverk, design og produktutvikling
Som elev ved Eid vidaregåande skule, får du vere med å jobbe tett opp mot aktivitetar/arrangement i Operahuset, spesielt den årlege skulemusikalen som elevane produserer. Du får samarbeide med elevar frå andre
Elektrofag Teknikk og industriell produksjon
klasser og faglærarar med ulik kompetanse. Gjennom samarbeid med Opera Nordfjord får ein høve til å ta del i arbeidet med ei operaoppsetting og arbeide saman med profesjonelle fagfolk innan kulturfeltet.
Sjekk ut alle våre opplæringstilbod på eid.vgs.no
Firda Firdaposten / Firdaposten / Sogn Avis
Fredag 29. januar 2021
Januar 2021
Kokkeutdanning for både sjø og land
tema utdanning
35
Restaurant og matfag: Med avgangspapir frå restaurant og matfag i Måløy får du også sikkerheitskurset som kvalifiserer for jobb offshore eller på båtar. Arve Olav Solbakken
arve.solbakken@firdaposten.no
Denne utdanninga i Måløy har fostra fleire kokketalent på nasjonalt nivå innan restaurantbransjen siste åra. Det er stort behov for faglærte og ein er garantert læreplass og jobb etter utdanninga. Linja i Måløy er unik ved at dei er samlokalisert med naturbruk og base til opplæringsfartøyet «Skulebas». Her kan elevane vere med å ta i mot fiskefangstane, handtere, sløye og filitere fisk. – Vi er privilegerte ved at vi har uante mengder råstoff frå havet rett ut forbi her. I tillegg får elevane eit grunnkurs som gir dei tilgang til å jobbe offshore, på supplybåtar og andre fartøy. Det opnar veldig mange moglegheiter, forklarer lærar Bente Vonheim.
MASKINPARK • Sveisemaskiner TIG/MIG/ MAG • Hydraulisk presse • NC kantpresser • Profil og kombisaks • Platesakser • CNC maskineringssenter • CNC dreiesenter • Dreiebenk
ORIGOD
VALMOGLEGHEITER: Kittayaphorn Lund får sikkerheitskurs og kan jobbe på både sjø og land. FOTO: Arve Olav F. Solbakken
• • • • • • • •
Brennebord Fres Borverk Valse Pulver lakkeringsanlegg Profilvalse Plansliper og bladslipere 5 tonns traverskran
KURS I FLORØ OG FØRDE Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no A til Å - www.atilaa.no I
Foto: Photoevent
Veidekke + deg = sant I Veidekke er vi nytenkande og framtidsretta, men samtidig bevisst på verdien i dei erfaringane som er gjort tidligare. Difor er vi alltid interessert i kontakt med både deg som er ung og nyudanna, og deg som har erfaring og kompetanse som er relevant for vår virksomhet, og som er på jakt etter ein ny arena å utfolde seg på. Vi treng stadig påfyll av:
KURS • • • • • • •
• NOG 116 Pakking, sikring og transport av last • Truckførarkurs T1, T2, T3 og T4 Truckkurs+ 10 tonn • Masseforflyttingskurs • G-11: Løfteredskap • stroppekurs • Kurs i varme arbeider • Stillaskurs 2-9 meter
Trefelling / Motorsagkurs Anhuker og signalgiverløfteredskap Lift- personløftekurs Fallsikring Traverskran kurs G-4 Fastmontert hydraulisk kran G-20 Førstehjelps kurs
For meir informasjon sjå origod.no eller kontakt kursleiar Jon Ole Solheim: 951 17 653 Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no
• • • •
Trainee – Fundament Ingeniørar og teknikarar innan bygg og anlegg Fagarbeidarar innan tømmer og betong Lærlingar innan tømmer og betong
Fundament er traineeprogrammet for deg som er nyutdanna innan bygg og anlegg, og gir deg ein perfekt start på arbeidslivet ditt. Sjå våre utlyste stillingar og søk jobb her: www.veidekke.no/jobb Ta gjerne kontakt med oss på HR i distrikt Sogn og Fjordane om du har spørsmål om jobb eller utdanning innan bygg og anlegg Christine Aagård Midthjell, tlf 916 12 897, sandane@veidekke.no
36
tema utdanning
Januar 2021
Fredag 29. januar 2021
Firda / Firdaposten Firdaposten / Sogn Avis
Frå hausten gir bygg og anlegg fleire val, men Ole Johan var sikker i si sak Men frå hausten av kan bygg og anlegg sende elevane i fleire retningar. Liv Standal
liv.standal@firdaposten.no
Inneverande år har Flora vidaregåande skule to val etter at ein har gjort seg ferdig med første året på bygg og anlegg: Ein kan velje byggteknikk, som utdannar tømrarar, betongarbeiderar og stillasarbeiderar, eller ein kan velje klima, energi og miljøteknikk, som utdannar ventilasjon, taktekking og røyrlegging. Frå hausten av blir dette endra: Då blir byggteknikk til tømrar, medan klima, energi og miljø blir delt opp i to spesialiserte grupper - nemlig røyrleggar for seg og klima, energi og
miljø for seg. Det vil altså gi tre ulike VG2-val på skulen i Florø. 18 år gamle Ole Johan Vonen var ferdig på klima, energi og miljøteknikk i fjor vår. Han kunne då velje røyrleggar vidare, og har sidan august pendla frå Naustdal til jobben som lærling hos Florø Rør. Nett no jobbar han på den nye bustadblokka som Allbygg reiser i Kinnvegen. Han seier at for han var valet enkelt: Han valde faget fordi han var utplassert hos ei røyrleggarbedrift då han gjekk på bygg og anlegg. – Røyrlegging var kjekt. Det er variert arbeid, ein får prøve mange ting og det utviklar seg heile tida: Det blir meir miljøvennleg, og det kjem nye ting opp heile tida som utgjer forbetiringar, som gjer at det ser betre ut og så vidare.
Han er ærleg på at det praktiske utdanningsvalet kom litt som ein følge av at han var skulelei. – Dessutan verka det som ei kjekk linje då eg var utplassert der på ungdomsskulen, og det er veldig mange moglegheiter etterpå. Om ein vil, kan ta påbygg og skaffe seg studiekompetanse når ein er ferdig, og studere det same som dei som går studiespesialisering. I augeblikket jobbar han med å innstallere sprinkleranlegg i bygget og å få vatn inn i leilegheitene. Han gjekk klima, energi og miljø på Florø vidaregåande og ser føre seg ei framtid som røyrleggar. – Eg skal bli røyrleggar, bekreftar han: – Først og fremst skal eg bli ferdig med fagbrevet og jobbe eit par år. Så ser vi.
TREFTE BLINK: Ole Johan Vonen frå Naustdal trivdest så godt under utplasseringa hos Florø Rør første året på bygg og anlegg at han ende med å velje røyrleggarfaget.
Din kunnskap - vår framtid!
Frequency.no
U Y NT A W E W
RÅ GAR FO IGE IN L R Æ L ER AFT NYE SUP MEST BÆREKR 8 G N E R G VI T TE O DA. I KULAS E D NE I VER E J A T G Å B BYG IG HURT N O N G . I L R R L A E P S U
Tre studieførebuande programområde Medium og kommunikasjon - eit studieførebuande løp for deg som er interessert i foto, film, grafisk design, journalistikk, tekst og sosiale medium. Kunst, design og arkitektur - for deg som er interessert i kunst og design, liker å arbeide praktisk, og som ønskjer ei utdanning med studiekompetanse. Studiespesialisering - eit studieførebuande løp for deg som er interessert i realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.
hafstad.vgs.no