Skip to main content

Hav av moglegheiter 2021

Page 1

Hav av moglegheiter

Magasin om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane. Gitt ut av Fjordenes Tidende og Firdaposten i november 2021.

Biologen Kristin (24) fann draumejobben i Gadus Group si storsatsing

Side 26 og 27 FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD


2

Hav av moglegheiter 2021

Les meir om desse sakene:

Madeleine trivst som einaste jente på verftet side 22

Havlandet er først ut med landbasert laks

BYGGEKLAR TOMT: Dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen gler seg til å ta i bruk eit nytt Foto: Egil Aardal/Ill: Salt arkitekter høgteknologisk anlegg heilt aust på baseområdet. Side 24

Legg til rette for marin forsking i Måløy Side 34 HAV AV MOGLEGHEITER Dette årlege sjømatmagasinet er det 19. i rekka frå Fjordenes Tidende i Måløy og Firdaposten i Florø. VI som til dagleg konkurrerer om å vere først med lokale nyhende i overlappande dekningsområde, ser heilt klart at vi saman kan lage eit betre og meir komplett produkt. Ansvarlege redaktørar: Svanhild Breidalen, (konst.) Fjordenes Tidende. Svend Arne Vee, Firdaposten Redaksjonsansvarlege: Arve Olav F. Solbakken, Firdaposten og Svanhild Breidalen, Fjordenes Tidende. Journalistar: Arve Olav F. Solbakken Kjellrun Åsebø Egil Aardal Dag Nesbø Frøyen Erling Wåge Gjert Myrestrand Jørn-Arne Tomasgard Prosjektleiar: Rune Henden Marknadsansvarlege: Rune Henden, Fjordenes Tidende Hanne Lid, Firdaposten Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt Opplag : 10.000 eksemplar

Satsar ein milliard på høgteknologisk laksefabrikk

FLORØ: I 2024 skal leiar Kristin Bergstøl Hansen og kollegaene i Slakteriet klippe snora til nytt høgteknologisk anlegg for slakting og bearbeiding av oppdrettsfisk.

Tomta ligg heilt aust på Fjord Base og det er eigedomsselskapet KMC Properties ASA som skal eige tomta og bygningane. Dei har signert ein intensjonsavtale med Slakteriet Holding AS om å bygge eit nytt anlegg. Investeringa er rekna til 620 millionar kroner. I tillegg vil Slakteriet sjølv investere 390 millionar i teknologi og maskiner. – Satsinga gjer at vi kan auke slaktekapasiteten med opptil 250 prosent, styrke konkurranseevna gjennom sterkt reduserte driftskostnader og samtidig få betydelege miljøforbetringar i form av redusert energiforbruk, utslepp

og smitterisiko, seier Kristin Bergstøl Hansen, administrerende direktør i Slakteriet. Anlegget vil ha ein tydeleg miljøprofil og vil blant anna få solceller på taket av bygningane. Slakteriet AS blei etablert i 1989 og er eit av Norges største slakteselskap med store anlegg i Florø i Kinn og Brekke i Gulen. Selskapet er eigd av gründer Ole Eilertsen (23,5 prosent), lokale oppdrettsverksemder (40 prosent) og mange av medarbeidarane i selskapet. Meldinga om milliardsatsinga vart motteken med heiarop frå politikarar og næringslivsleiarar i kystbyen. – Hadde eg vore ung i dag og lurte på kva yrke eg skal satse på , så ville eg vurdert å satse sjømatnæringa, som vil by på mange spanande jobbmoglegheiter, understrekar leiar for Florø Industri- og Næringsforening, Bjørn Hollevik.

Arve Olav F. Solbakken og Egil Aardal


Hav av moglegheiter 2021

3

Har planar og visjonar for 100.000 tonn laks på land Så langt er det berre INC-eigde Havlandet RAS Pilot i Florø som er i drift og har slakta den første landproduserte storlaksen i vår region. På landsbasis er det kring 20 prosjekt som er i emning. Av desse er det fem aktørar i gamle Sogn og Fjordane. Fire av desse vil satse på resirkuleringsteknologi (RAS), medan Bulandet Miljøfisk satsar på gjennomstrøyming med friskt sjøvatn med moglegheiter for å teste ut ein viss gjenbruk av vatn. 1. Sande Aqua i Gulen i Sogn driv med finansiering og grunnarbeidet på det som kan bli landets største landbaserte matfiskanlegg for laks på 33 000 tonn. (RAS)

2. OFS Måløy i Barstadvika på Vågsøy er i gang med å bygge eit pilotanlegg til sitt anlegg med planar for 15.000 tonn. (RAS) 3. INC-konsernet sitt planlagde fullskala-anlegg for laks kan bli på 10.000 tonn. (RAS) 4. Smart Salmon i Smørhamn i Bremanger skal snart vere klar til grunnarbeidet til 1. byggetrinn, som er postsmoltavdeling. Byggetrinn 2 kan brukast til både settefisk og matfiskproduksjon og dei har førebels konsesjon på 5.500 tonn. Framtidig ambisjon er sett til 30.000 tonn. (Aqua Maof -RAS) 5. Bulandet Miljøfisk er snart klar til å setje fisk i pilotanlegget med planlagt produksjon på 1000 tonn. Konsesjonen for neste trinn er 5.500 tonn, medan framtidig potensiale er sett til 20.000 tonn. I tillegg til desse investerer fleire i landbaserte postsmoltanlegg. Steinvik Fiskefarm i Svelgen og Mowi satsar stort på dette i Haukå ved Florø, medan Kalnes Salmon (Eide Fjordbruk/Kvernvik) har store planar på Bryggja som omfattar postsmolt på land og semi-lukka merdar i sjø. Lukka merd i sjø var

MILJØFISK: Slik kan eit fullt utbygd Bulandet Miljøfisk bli sjåande ut. Dette prosjektet stikk seg ut i mengda ved at dei ikkje ønsker å bruke RAS-teknologi, men heller enklare løysingar med å utnytte det reine sjøvatnet i nærområdet.

Sulefisk i Solund først med å prøve ut i liten skala. Denne løysinga er Osland Havbruk i Sogn allereie i gong med å prøve ut kommersielt. For å eliminere lakselusplaga har dei hatt ei eining i prøvedrift for

Foto: Bulandet Miljøfisk

stamfisken sin og startar i år opp med ytterlegare to einingar av Ecomerden til matfiskproduksjon av laks.

Arve Olav F. Solbakken

Laks og ørret av høy kvalitet. Barnslig godt, helt enkelt.

A til Å · www.atilaa.no

SOGN OG FJORDANE: Det er ikkje småtteri – planane i fylket om produksjon av kring 100.000 tonn matfisk av laks i lukka landanlegg. Men full finansiering let vente på seg.

bravoseafood.no


Hav av moglegheiter 2021

Dei trur matfisk på land berre blir eit supplement

fysiske inngrep i landskapet. I framtida trur eg det er viktig å fokusere på tiltak som reduserer energibehovet, som vil vere ein knapp ressurs. Det blir feil å pumpe vatn rundt i system som Vår Herre elles leverer på «døra» i opne oppdrettsanlegg. OM LAKSELUS: Lakselusutfordringa er først og fremst knytt til å beskytte den utvandrande villakssmolten frå elvane. Det er usemje mellom næringa og internt i forskningsmiljøa å kunne seie noko sikkert om skadepotensialet. Uansett betyr dagens regime at oppdrettarane må gjennomføre hyppige lusebehandlingar, noko som bidreg til å svekke dyrevelferden i oppdrettsanlegga. Vi håpar sjølvsagt på ein vaksine, eller ein genetisk framgang som gjer laksen til eit mindre interessant vertsdyr for lusa.

Ola Braanaas Eigar av Firda Seafood

Spørsmål OM MERDOPPDRETT: Kvifor trur du at produksjonen av laks i opne merdar i sjøen blir eller ikkje blir avvikla i Norge i framtida? OM LAKSELUS: Korleis ser du deg for deg løysinga på luseproblematikken dersom ein held fram med opne merdar i sjø?

OM MERDOPPDRETT: Det er lite truleg at produksjon av laks i opne merdar blir avvikla i Norge. Det er nettopp opne merdar som har vore ein av suksessfaktorane for framveksten av næringa i Norge. Det er energiøkonomisk den heilt suverene driftsforma, og det er fullt ut reversible naturinngrep samanlikna med landbaserte anlegg med store

FRAMTID FOR LAKS PÅ LAND: Det er ingen storskala landbaserte anlegg for laks som har lykkast så langt. Nærast er Atlantic Sapphire, som ikkje kan seiast å vere ein suksess så langt. Produksjonssvikt og uhell kombinert med at marknaden reagerer på smak og kvalitet, gjer dette til ein lang veg å gå. Det kan lykkast på sikt etter mykje prøving og feiling. Eg trur ikkje Norge er den rette staden å bygge landbaserte matfiskanlegg, men heller nærare marknaden for halde nede kostnadene og miljøbelastninga frå transport av fisk.

Frequency.no

FRAMTID FOR LAKS PÅ LAND: Kor stor rolle trur du lukka landbasert produksjon av laks nasjonalt og internasjonalt får i framtidas produksjonsmønster i næringa?

A til Å · www.atilaa.no

4

WHEN SAFETY AND RELIABILITY MATTERS · HARBOUR TOWAGE · OCEAN TOWAGE · ASSISTANCE · SALVAGE

PART OF RR GROUP

www.tugs.no · +47 995 42 444 · post@tugs.no

SIKKER JOBB -TRYGG FREMTID VI SØKER LÆRLINGER TIL FREMTIDSNÆRINGENE

Fiske og fangst Akvakultur Matros Motormann

OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG Amtskaia 30 6700 Måløy Mob.: 415 30 834 post@okfh.no | www.okfh.no


Hav av moglegheiter 2021 Gode marginar har ført til at produsentane ser etter andre metodar å produsere laks på. I dag har vi brukbare klimareknskap for laks produsert i sjø. Dette gir klare fordelar sammenlikna med kjøtt. Personleg trur eg at det meste av atlantisk laks vil bli produsert der klimaavtrykket og produksjonskostnadene er lågast. Derfor trur eg at lakseproduksjon i sjø i Norge vil fortsette, og auke om ein finn løysingar mot lakselus. Faktum er også at mengde lakselus er lågare i 2021, sammenlikna med føregåande år, ut frå data frå Barentswatch.

sjø. Grunnen er at dette er den billegaste måten å produsere på. Samtidig er det ei utvikling av lukka og semi-lukka anlegg i sjø, og ikkje minst på landbasert oppdrett. Men det er utfordringar også med desse produksjonsmetodane. For landbasert er t.d. utfordringa at det er svært dyre anlegg å byggje og at det har vore ein del uføresette hendingar med massedød. Så opne merdar vil vere den dominerande produksjonsmåten også dei neste ti-åra. OM LAKSELUS: Luseproblematikken kostar norsk oppdrettsnæring kanskje opp i mot 7-8 milliardar kroner kvart år, og dermed blir det brukt mykje ressursar for å løyse dette. Derfor er eg og ganske sikker på at ein finn løysingar på dette, men kva løysing det blir veit eg ikkje. Men det må vere ei løysing som inneber liten eller ingen handtering av fisken.

Roger Svarstad Assisterande banksjef og bransjeansvarleg fiskeri og havbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane OM MERDOPPDRETT: Det er produksjonskostnaden som vil bestemme kva teknologi/produksjonsmåte det blir satsa på framover. I 2022 er det forventa at det blir produsert 1,58 millionar tonn med oppdrettslaks i Norge. Nesten alt blir produsert i opne merdar i

FRAMTID FOR LAKS PÅ LAND: I 2017 vart det produsert om lag 2,3 millionar tonn oppdrettslaks i verda. I 2022 vil dette auke til nær 3 millionar tonn. Nesten alt er i sjø. Landbasert oppdrett vil vekse både i Norge og resten av verda. Men det er store anlegg som skal byggjast og det er svært kapitalkrevjande Dermed vil det ta tid. Og så må det vise seg å vere lønnsamt. Så min spådom er at landbasert produksjon vil vere mellom 5-10% av den totale lakseproduksjonen om ti år. Om lag halvparten av dette trur eg vil komme frå norske anlegg.

OM LAKSELUS: Vi må fortsette å førebygge, kombinere med større smolt, kortare tid i sjø, og fortsette FOU med hensyn på alternative behandlingsmetodar.

Alf-Helge Aarskog Konsulent og investor, tidlegare konsernsjef i Mowi OM MERDOPPDRETT: I dag blir meir enn 99 prosent av laksen globalt produsert i sjø. Norge produserer over 50 prosent av laksen globalt. På grunn av utfordringar med lakselus, ikkje berre i Norge, har verdsproduksjonen ikkje klart å halde tritt med etterspørselen. Dette har gitt gode prisar over tid.

FRAMTID FOR LAKS PÅ LAND: Landbasert postsmolt vil auke. I Norge vil vi også få landbasert matfiskproduksjon, men det vil vere små volum. Internasjonalt vil vi sjå noko meir landbasert laks produsert nær marknaden. Det er fortsatt store kompetansegap, så det vil ta lenger tid enn mange trur å utvikle store volum. Det er også nødvendig å utvikle gode klimarekneskap for landbasert produksjon. Det trengst store mengder energi og store areal. I dei neste ti åra vil det meste av laks bli produsert i sjø, i lukka, opne og offshore-merdar. Landbasert vil være eit nyttig supplement. Dersom ein finn ei god løysing mot lakselus i sjø, vil landbaserte anlegg ta lenger tid å utvikle.

Fisken først

I Frøy jobber vi på fiskens premisser. God fiskevelferd er bærekraftig og lønnsomt. Med fisken i fokus, utvikler vi i felleskap morgendagens blå næring.

FRØY NORD

FRØY REDERI FRØY AKVARESSURS FRØY AKVASERVICE

Maritim Kompetanse Servicebåter Dykking ROV Kabellegging Sjøentreprenør

FRØY VEST

FRØY VEST BERGEN STAVA SJØ

froygruppen.no Frøy Vest AS- Adresse: - Adresse: Evjeveien 84, 6718, 6718 Tlf: 57 post@froyvest.no Frøy Fr øy Vest Ve st AS Adr esse: Evja Industriområde, Industriområde Indus triområde, 6Deknepollen. 718 Deknepollen. Tlf:85 5700 85 00. 00 00. post@froyvest.no

5


6

Hav av moglegheiter 2021

Trygg på konseptet: Dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik (innfelt) i OFS Måløy har klokkartru på at pilotanlegget dei bygger i Barstadvika mellom Måløy og Raudeberg vil vise at den industrielle satsinga til selskapet blir vellukka. Illustrasjon: NORDWEST 3D / Foto: Gjert Myrestrand

Har montert første tank:

– Vi sel oss ikkje inn på «sto Det vi bygger her har indus Måløy: Dagleg leiar Trond-Inge legget og innarbeide driftsrutinar før vi set fleire tankar i produksjon. Kvernevik i OFS Måløy har klokkar- Dette skil kanskje oss frå ein del antru på at konseptet som selskapet har dre landbaserte satsingar, seier utvikla for landbasert oppdrett blir Kvernevik. ein suksess. No er den første tanken Tett samarbeid med lokale bedrifter på plass i pilotanlegget i Barstadvika Med seg på laget har OFS Måløy eit ved Måløy. konsortium av bedrifter med lokal Det landbaserte oppdrettsanlegget til OFS Måløy AS begynner å ta form i Barstadvika mellom Måløy og Raudeberg. – Vi er veldig tilfredse med erfaringa frå bygginga av den første tanken. Monteringa gjekk såpass knirkefritt at den blei fullført ei veke før plan, seier Trond-Inge Kvernevik. OFS står for Onshore Farming Solutions AS, og OFS Måløy AS blir pilotanlegget til det som etter planane skal bli fleire store kombinerte landbaserte lakseoppdretts- og produksjonsanlegg langs kysten, under konsernet sitt morselskap OFS Norge AS. Når det fullintegrerte anlegget står ferdig, skal det gå smolt inn i eine enden og kome konsumferdige lakseprodukt ut av den andre. – I staden for å bygge alle fisketankane med ein gang, bygger vi eit pilotanlegg for å optimalisere an-

tilknyting som leverer alt frå store tankar i kompositt til røyr, stålstrukturar og automasjon. Koda Composites i Latvia støyper komposittelementa til fisketankane. Stadpipe frå Stadlandet lagar røyrløysingane, Stryvo i Stryn leverer stålarbeidet, og Sætren AS i Måløy har automasjonsoppdraget. Jan Arne Holm frå STIM er fiskehelseansvarleg. – I utviklinga av eit så stort integrert system, der det skjer mykje innovasjon, arbeider vi tett på alle partnarane, frå tankdesign til prefabrikkerte røyrløysingar, sensorikk og automasjon. Denne innovasjonsprosessen er prega av tett samarbeid og langsiktigheit, seier Kvernevik. I tillegg nyttar OFS seg av den store marine næringsklynga i nærområdet. – Eg må berre gjenta noko eg til stadigheit seier. Eg er veldig, veldig fornøgd med den klynga vi er ein

del av i Måløy og omlandet. Den består av mange dyktige menneske og bedrifter, og utgjer for oss ein «onestop-shop» som leverer nesten alt vi treng av utstyr og tenester. Det er praktiske årsaker til at OFS har knytt til seg ulike høgkompetansemiljø langs kysten for å drive fram prosjektet. – Å bygge eit komplett resirkulerande akvakultursystem, altså RAS-system, i Måløy gjennom å rekruttere inn og tilsette heile den kompetansebreidda vi treng no i startfasen, skal halde hardt, seier OFS Måløy-sjefen.

Haldningsendring hos bankane Norske bankar har hatt ei avventande og defensiv haldning til landbasert oppdrett etter å ha tapt pengar på fleire mislykka satsingar dei siste åra, men Kvernevik si oppleving er at dette er i ferd med å snu. – Den underliggande trenden er gradvis aukande tillit frå bankar og andre finansielle aktørar på finansiering av landbasert oppdrett. Dei meiner framleis at bransjen er i ein tidleg fase, men dersom ein klarer å vise til stabil biologisk produksjon og god handtering av risiko, er bankane villige til å satse. Nokon som har vore villige til å satse store pengar på OFS Norge, er

Innovasjon Norge og Sparebanken Vest, som i juni i år gav tilsegn på ein finansieringspakke til pilotanlegget på til saman 58 millionar kroner. – I tillegg til støtta frå Innovasjon Norge er det sjølvsagt flott å sjå at det vi held på med er et av svært å prosjekt innan landbasert oppdrett som er kommen gjennom due diligence-prosessen hos ein større norsk bank, seier Trond-Inge Kvernevik.

Vil gjerne ha med lokale investorar No skal OFS Måløy i første omgang hente inn kapital til å fullfinansiere utbygginga av pilotanlegget i Barstadvika ved Raudeberg. – Det vi bygger her har industriell substans. Det er ikkje berre festtalar, ambisjonar og vyar. Vi prøver å legge ein plan for produksjon og utbygging som baserer seg på stor industriell kompetanse og erfaring. Vi driv ikkje med innsal på rein «storytelling». Det har vi aldri gjort. Vi er veldig industrielle i tilnærminga vår, og meiner vi har den kompetansen som vi treng for å lukkast med prosjektet. Større og mindre investorar i lokalsamfunnet er velkomne til å delta i emisjonen som vi no jobbar med. Ein dato for når den første smol-


Hav av moglegheiter 2021

Teknologi: Yngve Hjertenes i Ontec har jobba mykje med dei teknologiske nyvinningane bak konseptet til OFS.

• Pelagia Måløy Sildoljefabrikk

Foto: Gjert Myrestrand

• Pelagia Måløy • Pelagia Måløy Sentrallager • Pelagia Måløy Health • Pelagia Selje • Pelagia Kalvåg

Mellom Måløy og Raudeberg: OFS Måløy er i gang med å sette opp bygget som skal huse dei to siste fisketankane i pilotanlegget i Barstadvika.

Unik teknologi og tilnærming Det er OFS Norge AS sitt dotterselskap Onshore Technologies AS (Ontec) som over tid har utvikla teknologien i prosjektet. Kvernevik meiner teknologien gir dei konkurransefortrinn. – Vi har teknologi og tilnærmingar til drifta som skil seg frå andre system. Hadde vi ikkje meint det, hadde ikkje Ontec i same grad hatt ein misjon. Alle fisketankane er et eige isolert RAS-system, og med den biologiske risikoen isolert til tanknivå, unngår ein at all fisk i anlegget døyr ned om det skulle skje noko alvorleg med vasskvaliteten. – I tillegg er teknologien veldig fleksibel. Vi kan køyre anlegget med full gjennomstrøyming eller i såkalla gjenbruksmodus, der ein berre fjernar karbondioksid og puttar inn oksygen, i tillegg til full re-

• Produserer ca 270 000 tonn fisk • Sysselsetter over 200 personer • Mange gode jobb muligheter

Foto: Gjert Myrestrand

orytelling». striell substans ten blir sett i tank, ønsker ikkje Trond-Inge Kvernevik å kome med. – Vi har eit stort fokus på biologisk sikkerheit. Det er avgjerande for å lukkast. Effektiv og skånsam flyt av fisk gjennom anlegget er sentralt. Oppstartsdatoen med fisk er underordna det at produksjonsplanen kan køyrast industrielt når ein først set i gang.

PELAGIA I REGIONEN

www.pelagia.com

sirkuleringsmodus. Kvar tank kan til kvar ei tid skjermast frå biofilteret. Det gir oss fleire lag av sikkerheit på tanknivå.

Må rekruttere til neste fase Gjennom konseptet Ontec Academy ønsker OFS Norge også å tilføre kompetanse til bransjen dei sjølve er med på å utvikle. I samarbeid med NIVA, Fagskulen Vestland og Måløy vidaregåande skule har Ontec Academy fått på plass ei driftsleiarutdanning for havbruksoperasjonar og ei tilsvarande utdanning for landbasert oppdrett. Samtidig som fokuset no er på å fullfinansiere og sette opp dei to siste fisketankane, har Kvernevik begynt å tenke rekruttering. – Det er ei stor fagleg bredde og mange nye kompetansefelt i landbasert oppdrett, med interessante arbeidsplassar innan blant anna mikrobiologi og vasskjemi. Vi treng ein større tverrfagleg stab for å fylle alle funksjonane. Derfor må vi no i gang med å sjå etter den kompetansen vi har behov for i neste fase av prosjektet. og det kan gjerne vere folk frå regionen med relevant erfaring som vurderer å flytte heim.

Gjert Myrestrand

Vi kjenner havet selstad.no

7


8

Hav av moglegheiter 2021

Dei er sterke i trua på israelsk «ørkenteknologi»

SMØRHAMN INDUSTRIOMRÅDE: Frå venstre Stig Bakke i Smart Salmon, Knut Stauri i entreprenøren HS Bygg og Petter Bakke i Smart Salmon.

Foto: Arve Olav F. Solbakken

BREMANGER: – Aqua Maof sin teknologi er effektiv, utprøvd i stor skala og reduserer risikoen med lukka resirkuleringsanlegg på land.

Det seier adm. direktør Petter Bakke i Smart Salmon, selskapet som skal starte landbasert produksjon av stor laksesmolt på land i industriområdet i Smørhamn. Avtale med entreprenøren HS Bygg og avtale om tomt og tilgang på ferskvatn med Bremanger kommune er på plass. I sommar starta Alf Kåre Askeland som prosjektleiar for Smørhamn-utbygginga. – Vi jobbar med finansiering av første byggetrinn, eit fullskala postsmoltanlegg for produksjon av 2500 tonn. Vi kjem til å sette grabben i tomta når vi har finansieringa på kring 350 millionar kroner til sjølve anlegget og noko meir kapital til den første driftsperioden, fortel Bakke.

Utnyttar naturkreftene

Sjå video på nett Sjå presentasjonsfilm på nett.

Resirkuleringsteknologien til Aqua Maof skil seg frå den tradisjonelle RAS-teknologien ved å dra meir nytte av naturkreftene. Ved å utnytte tyngdekrafta til transport av vatn gjennom anlegget, blir behovet for vasspumper minimalisert og behovet for bruk av elektrisk energi mindre enn i andre RAS-anlegg. I staden for å reinse vatnet ved å

pumpe det gjennom trommelfiltering, gjer vatnet jobben sjølv gjennom anlegget ved at partiklar sedimenterer naturleg. Etter biofiltrering blir reint vatn pumpa tilbake til den høgaste enden av anlegget. – Ein kan også løfte vatnet til toppen igjen ved bruk av oksygeneringsanlegget. Då er vi ikkje er heilt avhengige av elektrisk energi i drifta. Aqua Maof har aldri hatt tilfelle med at det utviklar seg giftig gass frå nedbryting av organisk materiale i vatnet, som er ei kjent utfordring i RAS-anlegg.

17 ulike artar Aqua Maof er både teknologileverandør og driv oppdrett sjølv, til og med i eit ørkenområde i Israel. Selskapet har erfaring med 17 ulike oppdrettsartar. Dei har eigarinteresser eller partnarskapsavtalar i anlegg i Costa Rica, Belize, Indonesia, USA, Canada, Russland, Malaysia, Brunei, Japan og Polen. – Dei produserer stor matfisk av laks i eit anlegg utanfor Warszawa i Polen, med ambisjonar om ein årsproduksjon på 260.000 tonn. På Newfoundland skal dei bygge eit same type anlegg som vårt for Grieg

Salmon, fortel Bakke. I tillegg til laks og aure, har israelarane solid erfaring med oppdrett av artar som karper, red drum, malle og tilapia.

Fleksibilitet Smart Salmon har avtale med Bremanger kommune om å bruke 300 liter per minutt frå Ryland Vassverk, men kan auke opp dette etter nærare avtale. Første byggetrinn kan gje ein produksjon på 2500 tonn, medan andre byggetrinn er planlagt 5.500 tonn. – Vi vil følge utviklinga i bransjen tett. Det kan godt hende at vi kjem til å satse endå meir på postsmolt gjennom byggetrinn 2. I staden for matfisk av laks på land, kan det hende at det vil vere meir interessant å oppdrette smolt på opp til to kilos storleik. Smart Salmon jobbar også vidare med planane om å bygge eit landbasert matfiskanlegg for laks i Normandie i Frankrike, nær fiskemarknaden i Paris. Det ligg lenger framme i tid.

Arve Olav F. Solbakken


Hav av moglegheiter 2021

100YEARS 1915-2015

Kjøp ørreten vår hos OG over hele landet

Skaar Norway AS Kolkaia 3 • 6900 Florø • Telefon 57757780 • Fax 57757781 E-post: pit@skaar-norway.com

www.skaarint.com

9


10

Hav av moglegheiter 2021

Havlandet først med landbasert slaktelaks FLORØ: I oktober vart INC-selskapet Havlandet historisk med leveranse av den aller første RAS-produserte slaktefisken av laks i Sogn og Fjordane.

Ein milepæl for selskapet Havlandet Ras Pilot, som no har gjort ein første dokumentasjon på at dei kan innfri dei biologiske og kommersielle føresetnadene for ei storskala utbygging av landbasert oppdrett. INC-konsernet har visjonar om eit fullskalaanlegg med 10.000 tonn laks på baseområdet i vest, men dei skal også satse på eit stort RAS-anlegg for torsk.

Fiskevelferd Smolten som kom til anlegg i februar i år, nådde raskt slakteklar vekt og dette markerer starten på det som skal bli det nye industrieventyret på basen. – Vi er opptatt av å handtere fisken skånsamt gjennom anlegget og at den held høg kvalitet. Derfor har vi utvikla ei eiga løysing, slik at fisken renn i vassrøyr ut til brønnbåten, forklarer Geir Johannessen. Han er konsernsjef i INC Invest, men også «hands on» som ingeniør og ansvarleg for satsinga på RASanlegget. Transportavstanden til Slakteriet sine ventemerdar i Florø sentrum er kort. – Fiskevelferda har vore veldig god under heile produksjonen og vi har ikkje hatt sjukdom på fisken. Det skal no bli levert ein sluttrapport ved årsskiftet til dei som har vore med på finansieringa, seier han.

Første generasjon – Vi har lukkast med å makse fôringa til fisken og samtidig evna å ha

god vasskvalitet. Planen var å starte slaktinga tidleg neste år, men no er vi før skjema då fisken har vakse veldig bra. Dette har gått over all forventing, seier ein engasjert driftssjef Fredrik Grahl-Jacobsen. Det landbaserte pilotanlegget for produksjon av laks er eit såkalla RAS-anlegg der ein resirkulerer store deler av vassmengda og filtrerer ut partiklar og avføring frå fisken. No er dei i mål med produksjonen av første generasjon laks i det lukka landanlegget. – Sjølv om det er mykje fisk i kara og dei står tett, ser vi at det ikkje påverkar produksjonen så lenge vi greier å halde vatnet reint. Dette har vi fått til og det er vi sjølvsagt fornøgd med, forklarer han.

Ny teknologi Første gruppa i pilotanlegget var 41.000 laks fordelt på to kar. – Det kjem ny smolt i november, slik at vi får køyrt ein runde til for å bekrefte at vi gjer det rett. I åra framover skal vi også satse stort på torskeoppdrett, seier Grahl-Jacobsen. Yngelanlegget for torsk med gjennomstrøymingsteknologi med kapasitet på 24 millionar i storleik 1-2 gram er under utbygging på Gaddholmen heilt vest på basen. Dette skal stå klart til produksjon hausten 2022. Matfiskanlegget for torsk blir eit RAS-anlegg.

Egil Aardal

Nordfjord Havn IKS www.nordfjordhavn.no

Sentralt på kysten ligger Måløy. Havnen bærer preg av lange og stolte tradisjoner innenfor fiskeri og havbruksnæring. Måløy er en av norges fremste havner for sjømat.

Vi ønsker et tett samspill med lokalt næringsliv for å utvikle Måløy til en god opplevelse for sjømatnæring, industri og turisme.

SJØMATNÆRING

–

INDUSTRI

–

TURISME

– Måløy et hav fullt av muligheter


Hav av moglegheiter 2021

11

Sjå video på nett Videoreportasje frå slakting av laks og prøvesmaking på Sjøkanten i Florø.

BREMANGER KOMMUNE MED HAVROM FOR INNOVASJON OG NYSKAPING Innovasjon og nyskaping er grunnlaget for at lokalsamfunna skal utvikle seg. Bremanger har både ånda, folka og naturen som skal til for å verte ei drivkraft innan desentraliserte innovasjonsprosjekt og utvikling av nye og etablerte næringar. Fiskerihamna i Kalvåg er eit døme på eit prosjekt som kan få store positive ringverknader for regionen og næringa. Bremanger er ein fiskerikommune med eit hardt arbeidande og optimistisk fiskerimiljø. Ei ny fiskerihamn er avgjerande for ei vidare berekraftig utvikling i Bremanger kommune.

Bremanger kommune bremanger.kommune.no

KALVÅG FISKERIHAMN

Frequency.no

STOR STAS: Det var stor stas for adm. dir i INC Invest Geir Johannessen og produksjonsleiar Fredrik Grahl-Jacobsen då den første landbaserte matfisken var Foto: Egil Aardal pakka på Slakteriet i Florø.


12

Hav av moglegheiter 2021

Skal strøyme friskt Nordsjøvatn gjennom landanlegget BULANDET: – Vi reknar med å vere i drift med piloten i april og har no fått tilsett dyktige folk som skal drifte anlegget. Vi møter to av gründerane, dagleg leiar Hans Haddal og rådgjevar Ola Sveen på den hektiske byggeplassen på Gjørøy i Bulandet. Etter veker med synnjakuling og haustregn, skimtar vi endeleg sola gjennom nokon revner i det drivande skylaget. Gravemaskinene er i full sving med gravearbeid til sjøvatninntaket mot nord og på sjølve anleggsområdet, der dei første kara er komne på plass i byggegropa godt under havnivå. Sjøvatn skal pumpast inn i eit høgdebasseng fem meter over havnivå, som gir naturleg trykk på vatnet gjennom anlegget. – Her har vi tilgang på uavgrensa med friskt sjøvatn frå Nordsjøen, heilt fritt for lakselus. Det er den største naturgitte fordelen i det vi kallar Bulands-modellen. Anlegget skal driftast med fiskekar i grupper på fire med kvart sitt maskinrom i sentrum, fortel Ola Sveen, som er bransjeveteran med mykje internasjonal erfaring. – Det er Ola som har utvikla mange av løysingane våre, understrekar Haddal. – Vi satsar på gjennomstrøyming av friskt sjøvatn, og skal prøve oss fram med ein del gjenbruk av vat-

FØRSTE KARGRUPPE: Dagleg leiar Hans Haddal og rådgjevar Ola Sveen er travelt opptekne med å få Bulandet-

modellen i drift til våren.

net. Ideen er å få til ei enklare drift utan biofiltrering og dei teknisk avanserte løysingane som du finn i eit RAS-anlegg, forklarer han. Dei satsar på ei eigenutvikla løysing der avfallsstoffa i produksjonen skal sedimentere naturleg og bli teke ut av sirkulasjon i botn på kara. Vidare skal dei teste ulike straumhastigheiter for å trene fram ein sterk og sunn fisk. Samarbeidspartnarar på forsking og utvikling

Foto: Arve Olav Førde Solbakken

er Akvahub, Universitetet i Bergen og forskarmiljøet i Norce. Første byggetrinn er finansiert i samarbeid med Norne Securities. Investorar som Aquaculture Innovation AS, Jakob Hatteland og Karstein Gjersvik satsar tungt på selskapet. Bulandet Miljøfisk investerer kring 150 millionar kroner i første byggetrinn, som skal sysselsette 5-6 personar. I første byggetrinn vil

selskapet produsere om lag 1000 tonn fisk årleg i piloten i prøveperioden på tre år. Planen er å sette ut 100 grams smolt og i første omgang selje denne som postsmolt på storleik opp til ein kilo. Det langsiktige målet er å drette opp slaktefisk på 4-5 kilo med konsesjon på 5 500 tonn årleg.

Sjå videoreportasje på nett

Samarbeider om oppstartfasen VÆRLANDET: Bulandet Miljøfisk samarbeider i pilotfasen med Landøy Fiskeoppdrett på Værlandet om utsetting av postsmolt i sjø. – Vi ser fram til den dagen Bulandet Miljøfisk kjem i drift. Vi må sjølvsagt diskutere storleik, utsettingstidspunkt og pris. Vi har hatt utfordringar med at ein del fisk går ut på grunn av hjellebetennelse, ofte kombinert med avlusing. Vi ser også at vi må få til ei lenger brakklegging av lokalitetane våre. Eit par månader er for lite, forklarer dagleg leiar Roar Landøy. Landøy Fiskeoppdrett er medeigar i det nye selskapet Sunnfjord Storsmolt i Hellevik i Fjaler, saman med Sandnes Fiskeoppdrett, Flokenes Fiskefarm og Gjølanger Bruk.

DAGLEG LEIAR: Roar Landøy på landbasen i Kalvøyvegen på Værlandet. Realiseringa av dette anlegget ligg litt lenger fram i tid. På kort sikt vil samarbeidet med Bulandet Miljøfisk vere nyttig, før ein kan ta i mot storsmolt frå eige anlegg. Hans Haddal på side strekar under at dette passar godt inn med Bulandet Miljøfisk sitt langsiktige

mål om matfiskproduksjon på land. – Vi er utviklingspartnarar i denne første fasen. Alt er nytt og vi må finne gode samarbeids- og prismodellar. Så lenge vi produserer postsmolt må vi ha samarbeid med dei som har løyve i sjøen. I framtida vil det sjølvsagt vere godt for kapasitetsutnyttinga at vi produserer ein del postsmolt i tillegg til matfisk. Men eg ser ikkje mørkt på å finne samarbeidspartnarar på dette området inn i framtida, forklarer Haddal og legg til: – Vi set utruleg stor pris på samarbeid med erfarne oppdrettarar i nærområdet. Vi har alle mykje å hente på dette, anten det gjeld leveransar, samferdsle, rekruttering og kompetanse. Postsmolt-samarbeidet er berre ein bit av dette. Landøy-karane er klare på at det er ei brytningstid med store endringar i bransjen. I tillegg til storsmolt følger dei utviklinga av semilukka

anlegg i sjøen med argusauge. – Styresmaktene må komme med viktige avklaringar når det gjeld lukka anlegg i sjø, understrekar Helge Landøy. – I dag er postsmolten per definisjon sett i sjøen og omfatta av den ordinære matfiskkonsesjonen i ei lukka merd i sjøen. Vi treng avklaringar av regelverket. Eit år er ikkje lang tid i denne bransjen.

Arve Olav F. Solbakken

LANDØY FISKEOPPDRETT ■■ Starta av Ingvar og Jarl Landøy

i 1982. No er neste generasjon i førarsetet med Roar Landøy som dagleg leiar. Sju tilsette og ein lærling produserer kring 3000 tonn matfisk i året, fordelt på fire lokalitetar. Verksemda er Global Gap-sertifisert.


Hav av moglegheiter 2021

Her skal dei ha ni tilsette ganske fort. Om fem år kan dei telje hundre FLORØ: Responsen på utlysing av ni oppdrettsjobbar i Havlandet i Florø var enorm. Mange unge ser ei framtid i fisk. Evne til kompetanseutvikling, men også lokal tilknyting, er viktig for Havlandet Marin Yngel. Selskapet ligg i front med knowhow i oppdrett av marinfisk og bruk av RAS-teknologi. Dei utviklar teknologi-sensitiv kunnskap. Då kan det vere ei ulempe å tilsette folk utanfrå som opparbeider seg kompetanse, får spanande erfaring å vise til på CV-en og tek det med seg vidare til ei konkurrerande verksemd. HMY testar, dei lagar prototypar og finn måtar å optimalisere produksjonen på. At basen ligg i ei industriklynge - gjer til at dei kan dra vekslar på ulike fagområde under

LAGAR FISK:

F.v: Eivind Nordvik Hauge (39), Jan Åge Sørbotten (38), Stine Standal (20), Henriette Helle (28) og lærlingen Kristine Fredheim Johannessen (17) på Havlandet Marin Yngel i Florø. Foto: Dag Frøyen

INC-paraplyen. Det gjer det enklare å finne dei smartaste løysingane. – Vi balanserer jo på ein knivsegg til tider - der ørsmå detaljar avgjer

suksess eller fiasko. No har vi resultat som viser at vi får det til og vi blir mellom 10–15 prosent betre år for år. Det er utruleg givande, seier

Eivind Nordvik Hauge i Havlandet Marin Yngel.

Dag Frøyen

Fly frå Florø til Oslo Nyr!nasjonale Inte flyreiser

Ein veg frå

679,-

NOK

Book på

flydat.no

13


14

Hav av moglegheiter 2021

Bureaucratic cock-up tiv herremann, som gjekk i gang med å trykke på alle dei knappane som kunne tenkast å vere nyttige. I det norske Fiskeridirektoratet var det inga hjelp å få. Vi blei nærast avfeia med ein beskjed om at det var berre å forlate EU-sona.

Kommentar Øystein Sandøy

V

åren 1989 låg vi i rimeleg godt fiskeri vest av Irland, i området som blir kalla Black Rock. Det kan vere ein rakkarplass å arbeide på sjølv om straumen er moderat. Men vêret var fint, straumtilhøva gode og dagsfangstane – hovudsakleg lange – var godt innafor det vi rekna med som brukbart. «Sjøvær» var på det tidspunktet forholdsvis ny, og etter det norske målebrevet berre knappe 200 BRT. Dermed var vi fritatt for å ha ein fysisk fiskerilisens for fiske i EU-sona med oss om bord. Det var nok å vere registrert i byråkratiet i Brüssel, noko som var ordna via fiskerisjefen i Måløy og Fiskeridirektoratet. Ein torsdag blei vi borda av det irske fiskerioppsynet. At vi ikkje hadde lisens i form av eit dokument om bord var i orden, men namnet vårt var ikkje å finne i deira dokument. Løyve til å fiske i desse farvatna måtte difor gåast god for av dei rette instansane. Det vart ein voldsom telefonisk aktivitet, men ingen kunne stadfeste at vi var registrerte i Brüssel. Med ei beklagande mine – som sikkert var ektefølt nok, fekk vi beskjed av leiaren i bordingslaget: «Sorry guys! We have to take you in».

Førebels enda det med at agenten fekk i stand eit lite rettsmøte i den vesle byen Letterkenny – ein times biltur inn i landet. Ein advokat ved namn Diarmuid P. Barry blei stilt til rådvelde, og ein greidde å finne fatt i ein dommar, og nokre rettsbetjentar som var villige til å ofre nokon timar på ein fridag. Rettsmøtet var fort unnagjort, der vi letta konstaterte at sympatien var på vår side. Orda «bureaucratic cock-up» gjekk igjen. Skipper Jonny og eg blei eskorterte om bord igjen, med forsikringar om at vi momentant ville bli kontakta dersom det blei ei utvikling i saka. Gramme i hu kom vi attende til Killybegs. Vi frykta det verste. At helga i alle fall ville gå med, og kva som vidare kunne skje kunne berre Gudane vite. Og så; under over alle under: Klokka ni om kvelden kom ein av politimennene som hadde eskortert oss i retten med følgande beskjed: «Alt i orden, karar. Dei heile skuldast ein banal komputerfeil i Brüssel, og alle misforståingar er no oppklarte. De står fritt til å stikke til havs igjen». Der og då hadde vi gladeleg kåra mannen til ein like stor helgen som St. Patrick. Vi fekk laus tampane på rekordtid, og stima glade og atskillige kilo lettare til havs. Men den dag i dag er det oss ei gåte korleis dei heile løyste seg. Kven i alle dagar kunne komme gjennom byråkratiet i Brüssel ein fredagskveld? Vi veit framleis ikkje, men uansett sende vi varme tankar til ein dyktig agent, eit sympatisk og hyggelig politi og rettsvesen som spelte på lag med oss. Vil blei seinare kontakta av advokat Barry. Han ville forfølge saka og kreve erstatning for

tapt fiske. Vi takka høfleg nei – vel vitande om stor fallhøgde ved å prøve krefter mot eit allmektig byråkrati og irske styresmakter – som trass alt behandla oss ordentleg og korrekt. Dette er no over 30 år sidan, og det som vi den gongen definerte som EU-sona er historie. Brorparten av desse farvatna er no under suveren britisk jurisdiksjon etter Brexit. Det skulle etter alle solemerke føre med seg ei forenkling, i og med at vi og britane har lang tradisjon for å fiske i kvarandre sine soner – eit samarbeid som stort sett har gått knirkefritt. Med unnatak av den ovanfor nemnde episoden, har besøk av det britiske fiskerioppsynet vore både hyggeleg og gemyttleg. Vi er blitt handsama på best vis, og det heile har nærast vore ei kjærkomen avveksling i kvardagen. Eventuelle feil og misforståingar har vore avklara der og då, og vi har skilt lag som gode venner så godt som kvar einaste gong. Den etterlengta forenklinga har som kjent uteblitt. I staden har vi fått det verst tenkelege. Utestenging frå britiske farvatn. Eg er freista til å kalle det dramatisk! Lange, brosme, sei, torsk, makrell, kolmule, nordsjøsild og anna fiske i farvatna rundt dei britiske øyane har vore nærast som brød og smør for store delar av havfiskeflåten. Aksjonsradius og utsikter til god fangst er sterkt redusert. For vår eigen del, har vi vanlegvis hatt tre lineturar i britisk sone tidleg vår til tidleg haust. No må vi til Færøysona. Litt har vi fått kompensert, i og med at ein del av den såkalla tredjelandskvoten er overført til norske line- og garnbåtar, men langt frå nok til å dekke opp det vi rekna med frå dei tradisjonelle fiskefelta. Makrellflåten vil også få sitt å stri med. Fisken får dei sikkert tak i, men då så tidleg på hausten at kvaliteten og storleiken er antatt dårlegare enn seinare på året. Toget er gått for i år. Men dette kan ikkje halde fram lenge. Vi er

berre nøydde å få ei balansert avtale med britane. Vi sit med ei uggen kjensle av dei rettar bakar for smed. Avtalene britane fekk med EU blei ikkje på langt nær så gode som dei venta seg og det skal takast att overfor Norge. Vi har fått ein handelsavtale, men sonetilgangen verkar å vere trumfen i den britiske kortstokken. Eg kjenner meg sikker på at dersom David Cameron og Boris Johnson hadde fått velje om igjen, så hadde dei aldri gått inn for folkeavstemming om medlemskapen i EU. Prisen for Brexit blei høg og utan den venta vinsten. I alle fall ikkje enno. På toppen er attpåtil sjølve eksistensen til United Kingdom sett i spel. Skottane bles i sekkepipene og vil heller vere i EU enn UK. Nasjonalismen i Wales og Nord-Irland stikk kloa fram og mykje tyder på Brexit har drege med seg uventa faktorar og uromoment. Kanskje hadde britane vore betre farne innafor EU, når dei først var hamna der. Og med 50 års medlemskap i sekken. Eg likar ikkje EU slik det har utvikla seg. Eg kan vedgå at EU har vore ein fredsbevarande faktor i etterkrigstida. Men det har blitt ein byråkratisk mastodont, der toneangjevande personar ikkje treng å stå til ansvar overfor veljarane. Her kan ein verkeleg snakke om ein «bureaucratic cock-up». Det er milevis unna det salige Charles de Gaulle kalla «fedrelanda sitt Europa». Likevel, når det gjeld norsk fiskeriaktivitet i britiske farvatn, visste vi i det minste kva vi hadde og korleis vi skulle handtere det til ei kvar tid. No heng alt i lause lufta, og britisk byråkratar si evne til alskens «cock-up» står neppe tilbake for dei som sit i Brüssel. Eg oppmodar norske fiskeristyresmakter og forhandlarar: Når det gjeld gjensidig sonetilgang, må de ikkje berre komme på bana. De må vere på bana, stand by!

Vel, vel! Det var sjølvsagt ikkje nokon hyggeleg beskjed å få, men vi rekna med at dette nærast var ei beklageleg misforståing som ville kjapt bli ordna opp i. Vi halte til oss bruket, og kursen blei sett mot næraste hamn, Killybegs på nordvestkysten av Irland. Etter vel seks timars gange var vi inne neste morgon. Skipper og båt blei formelt arrestert, noko som gjekk føre seg i gemyttlege, nesten humoristiske former. Politiet rekna med at vi var offer for det dei kalla «bureaucratic cock-up». Men no seig alvoret meir og meir inn over oss. Dette var ein fredag, og på toppen av det den irske nasjonaldagen, St. Patricks Day. Då var det rimeleg å tru at alt som heiter offentleg verksemd var lukka og låst, og at helga ville gå før vi kunne vente oss ei avklaring. Gode råd var dyre, men heldigvis blei vi sett i kontakt med agenten Jim Parkinson. Ein ytterst hjelpsam og effek-

KILLYBEGS: Killybegs på vestkysten av Irland.

Foto: discoverireland.ie


Hav av moglegheiter 2021

Frå Oslo til Askrova – Praktiske utfordringar eg aldri har tenkt på før Trine Espeseth kom frå tjukkaste Oslo til den «yderste nøgne ø» – og fekk seg litt av ei aha-oppleving. At ein plutseleg ein dag kunne stå utan straum, at vêret avgjorde om ein kom seg til jobb, for ikkje å snakke om netttilgangen. Det var totalt ubrukeleg, og reine bingoen om ein hadde nett eller ikkje. Det var ein stor overgang, fortel Trine som styrer familiebedrifta Aqua Seapro AS frå kontoret i Florø, eller frå garden på øya Askrova i Kinn. arbeid og koordinering. Trine tek seg av det som har med sal og administrasjon, i tett samarbeid med dei to karane som stort sett er ut på oppdrag for familiebedrifta.

Digital gardsdrift Gardsdrifta krev og ein koordinator, og orden i papira. Ein kan ikkje drive gard utan stabilt nett i dag, smiler Trine. Når ein skal ha kontakt med landbruksetaten eller ein skal sende dyr til slakt, så skjer alt digitalt. Tidlegare var dette eit håplaust arbeid, når ein aldri viste kor tid nettet kom og gjekk. For meg var alle desse utfordringane ein stor overgang. At eg må sove 14 dagar i fjøsen i lammetida, og at svigermor må ta seg av ungane er utfordrande og kjekt – men at ein ikkje kan stole på logistikken var ein stor overgang.

Må vere eit hestehovud framfor Det er mange praktiske utfordringar med å vere øybuar, som eg aldri har hatt eit forhold til tidlegare. Eg kan for eksempel ikkje køyre til bensinstasjonen, om vi plutseleg skulle gå tom for brød i heimen. Ein må heile tida vere eit hestehovud framfor, og planlegge meir. Då den nye fiberen skulle på plass i heimen, var det og viktig å tenke framover og ha ei plan. Montørane var veldig i møtekommande, og eg er glad for at vi fekk vere med å meine noko om kvar ting skulle plasserast. I ettertid har vi kjøpt eit mesh-nettverk, som forsterkar og gir eit større dekningsområde på garden.

I ein travel kvardag er eit stabilt nett gull verdt for Trine som sjonglerar logistikken med familiebedrifta Aqua Seapro AS, småbarnslivet og garden på Askrova.

Det er mykje logistikk som skal på plass, når 3 ungar skal på skule og barnehage på fastlandet, mor skal på kontoret og far har sitt virke om bord på dei to servicebåtane til familiebedrifta. I tillegg er det sauer, kyr, hestar, hundar, kattar og høner som skal ha sitt stell heime på garden. Det er Trine og mannen André som er dei formelle drivarane av gardsdrifta. – Men vi hadde aldri klart alt dette utan storfamilien. Vi er som eit stort kollektiv, der dei som er heime må ta i eit tak der det trengs.

Stabilt nett er avgjerande Når kvardagen vår er slik, er vi heilt avhengig av at vi har stabilt tilgang på nett. Etter at Enivest installerte fiber på øyane har vi fått ein heilt ny kvardag, seier Trine. Om ungane er sjuke, eller båten blir innstilt på grunn av vêret, så kan vi likevel få gjort det same arbeidet heime, som på kontoret i Florø. For ungane er det og avgjerande å kunne ha kontakt med skulen, kunne levere oppgåver og det som er naturleg å ha på plass i skulekvardagen.

Administrerer mann og svigerfar Familiebedrifta Aqua Seapro AS, som mannen og svigerfaren til Trine driv saman, er heile tida på farten med dei to servicebåtane «Solkongen» og «Solfjorden» – på oppdrag for fiskeoppdrettarar mellom Bergen og Stad. Vi er til saman 8 tilsette, og har i hovudsak oppdrag for havbruksnæringa med mellom anna notvask og ringspyling. I tillegg tek vi på oss oppdrag med ankerfortøyning, ROV, sveising og kabellegging. Alt dette krev sjølvsagt eit vist kontor-

Servicebåten «Solkongen» på jobb for oppdrettsnæringa på Vestlandet.

Friluftsliv er viktigaste avkopling No framstår arbeids- og kvardagen min som veldig fleksibel. Eg kan ta ein dag på kontoret på fastlandet – og ein dag heime om eg vil. Sjølv om Trine er oppvaksen i Oslo, så har ho alltid vore opptatt av friluftsliv. Eg har alltid gått mykje i skogen og hatt hund, og det kan eg heldigvis drive med her også. Terrenget på Askrova blir flittig brukt, og så har eg oppdaga kajakkpadling. Det er ein fantastisk rekreasjon, der eg ikkje er avhengig av andre enn meg sjølv – og at eg kjenner meg trygg. Ein kjem nær elementa på ein heilt anna måte enn om ein fresar rundt i ein motorbåt. Sjølv om det er travelt å styre familieføretaka og samtidig vere småenivest.no barnsforeldre må ein ta seg tid til å kople ut både nett og arbeid inn i mellom.

15


16

Hav av moglegheiter 2021

STOR STAS: Det var stor stas for adm. dir i INC Invest Geir Johannessen og produksjonsleiar Fredrik Grahl-Jacobsen då den første landbaserte matfisken var Foto: Jørn-Arne Tomasgard. pakka på Slakteriet i Florø.

Brexit førte til at Florø-fiskarar braut med Norges Fiskarlag FLORØ:– Når fiskarlaget ikkje lenger bryr seg om medlemmene sine, då seier eg takk og farvel

Styremedlem i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Kristian Korneliussen, har meldt seg og «Breivik Junior» ut som følge av urettferdig behandling etter utestenging frå fiske i EUsona. – Når interesseorganisasjonen Norges Fiskarlag sluttar å bry seg om rettane til medlemmene og er mest opptatt av kven som klør kven på ryggen, då ser eg ikkje noko poeng i betale fleire hundrede tusen kroner i medlemsavgift lenger. Eg opplever at vi blir haldne for narr, slår han fast. At reiarlaget ikkje lenger får halde fram eit tilnærma normalt fiske i EU-sona får dramatiske konsekvensar for drift og økonomi. Korneliussen-brørne Kristian og SveinMagne kan vise til ein historikk med fiske i EU-sona på 15-16 år.

Store konsekvensar

Å vere med i fiskarlaget er ikkje nokon religion. Når dei ikkje lenger er opptekne av rett og gale lenger, då får vi greie oss sjølve.

– Dei siste åra har vi fiska 7-8 månader der og landa opp til 1500 tonn. Vi får i år ein omsetningssvikt på 7-10 millionar kroner og det er svært alvorleg for oss, understrekar Kristian Korneliussen, som har vore tillitsvald i fiskarlaget kring 20 år. Situasjonen har oppstått som ein følge av Brexit. Norske styresmakter skulle framforhandle ein ny fiskeriavtale med Storbritannia. Det skar seg. I staden blei dei såkalla 3. landskvotane i norsk sone fordelt på den norske fiskeflåten, som ei kompensasjonsordning. Det blei då teke i bruk ein regel som favoriserte autolineflåten. Det gjeld teknisk sett retten til direktefiske etter lange og brosme med line. Den forbløffande konsekvensen

vart at dei delane av banklineflåten, som historisk aldri har fiska i EU-sona, også har fått kompensasjon for eit fiske dei aldri har delteke i. Korneliussen meiner det er oppsiktsvekkande at Norges Fiskarlag legg opp til ein kompensasjon berre etter flåtegruppe, og ikkje etter kven som faktisk har lidd eit økonomisk og driftsmessig tap. Motstykket er garnfiskeflåten i Florø, der særleg «Breivik Junior» og «Fanøyvåg» ikkje blir kompensert for fisket dei har tapt på fiskefelta rundt Shetland. «Skjongholm» taper mindre, på grunn av ei spesiell rettigheit dei har drege med seg frå den førre båten dei hadde.

Ingen religion Etter klage har garnbåtane frå Florø fått ein symbolsk kompensasjon i form av 70 tonn sei. «Nesejenta» frå Sørlandet er også i same situasjon. – Å vere med i fiskarlaget er ikkje nokon religion. Når dei ikkje lenger er opptekne av rett og gale lenger, då får vi greie oss sjølve. Han presiserer at styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag har prøvd å ta opp saka med Norges Fiskarlag for å rette opp skeivfordelinga, men vann ikkje fram. Assisterande generalsekretær i Norges Fiskarlag, Jan Birger Jørgensen, forklarer at administrasjonen har lagt seg i selen for å få til ein kompensasjon for garnbåtar som «Breivik Junior», som er ein av dei store taparane ved fordelinga av kvitfisk nord for 62 N, som britane vanlegvis får fiske i norsk sone. Som kjent braut forhandlingane om ein fiskeriavtale med Storbritannia saman og begge partar har

stengt sine fiskerisoner for motparten.

Avviser korrupsjon Jørgensen minner om at fordelinga av ufordelt 3.landskvote av torsk og hyse nord for 62 N, har bydd på mange vanskelege avvegingar og at det er fleire enn reiarlaget «Breivik Junior» som meiner at dei ikkje blir rettvist handsama. Tradisjonelt har fordelingsspørsmål blitt handtert på gruppenivå for å unngå ytterlegare komplikasjonar med å vurdere situasjonen til enkeltfartøy. Slik også denne gongen. – Men konsekvensen er at fartøy som aldri har fiska i EU-sonar får kompensasjon for eit fiske dei aldri har delteke i? – Utfordringa er at banklinegruppa har hatt ei intern flåtefordeling av fiskefelt, slik at alle ikkje går på dei same felta. Derfor blir det ikkje stilt aktivitetskrav for kompensasjonen, svarer Jørgensen, som har forståing for at Korneliussen meiner det er blodig urettferdig. Han strekar under at kompensasjonen for garnflåten har blitt jobba mykje med og diskutert både med Fiskeridirektoratet og statsråden, men at seikvantumet nord for 62 N på 100 tonn per fartøy ikkje nådde opp på eit nivå som var tilfredsstillande. – Vi kjenner oss ikkje att i påstanden om at her har nokon «klødd kvarandre på ryggen». Desse sakene er eit vanskeleg farvatn å navigere i.

Arve Olav F. Solbakken


Hav av moglegheiter 2021

Må kappfiske etter sild og makrell FLORØ:– Konsekvensen av Brexit for oss er at vi må starte makrellfisket ein månad tidlegare enn normalt og kappfiske etter makrellen før den forlèt norsk sone.

Det fortel skipper Geir Magne Madsen på ringnotbåten «Fiskebas» frå Florø. Vanlegvis har dei starta makrellfisket medio september, men etter utestenginga frå britisk sone gjekk startskotet no tidleg i august. – Vi må jobbe lenger og hardare for å få fatt i makrellen, noko som også er kostnadsdrivande. I haust starta alle båtane tidleg. Det vart stort fiskepress, noko som gjorde at vi måtte leite over store avstandar for å finne den, fortel Madsen. Tidleg start på sesongen påverkar også kvaliteten på råstoffet. Før kunne ein vente med å fiske til storleik og kvalitet på makrellen var på topp. No må ein fiske makrellen før den har nådd optimal storleik. Problematikken rundt fangst av Nordsjø-sild vil bli omtrent den same. Ifølge Norges Sildesalgslag hadde norske fiskarar per 7. september fiska 188.400 tonn makrell. På til-

Vi har sidan 1974 produsert lutefisk og tørrfisk for sal i butikkar, og har også eige fiskemottak. For oss er ikkje fisken bare ei inntektskjelde, men også ein tradisjon vi ynskjer å føre vidare til neste generasjon.

NY SITUASJON: Kappfiske for å fange fisken før den går inn i den avstengde britiske sona er ufordrande for skipper Geir Magne Madsen på «Fiskebas».

Firdaposten arkivfoto

svarande tidspunkt i 2020 hadde norske fartøy fiska 23.400 tonn makrell. Årets sesong starta for alvor ein månad før og nesten alt er fangsta i norsk økonomisk sone.

Q: P E R S TAV E A S

Peder Stave peder@perstave.no Tlf: 416 81 347

Arve Olav F. Solbakken

– Må vurdere andre driftsformer

walcon.no

FLORØ: – I norsk sektor i Nordsjøen er det dårleg mark for oss å drive med garnfiske. No må vi leite og utvikle eit heilt nytt driftsmønster og det kostar oss dyrt.

walcon – et fyrtårn på kysten

Fagarbeid er styrken vår • • • • •

mekanikere rørleggere sveisere stålutrustning hydraulikk

BYGGE OM? Etter brexit må Geir Henning Seljeseth sjå på nye driftsformer. Ombygging av «Fanøyvåg» til andre fangsreiskap er eit av alternativa.

Foto: Arve Solbakken

legge båten i bøya på slutten av året. Dersom utestenginga frå britisk sektor blir langvarig, må reiarlaget vurdere tiltak som å bygge om båten til anna reiskap som til dømes snurrevad. – Vi greier ikkje å drive med forteneste med dagens drift. Håpet no er at det kan bli ei refordeling av torskekvotar på slutten av året.

Arve Olav F. Solbakken

A til Å - www.atilaa.no

Det fortel skipper på Florø-båten «Fanøyvåg», Geir Henning Seljeseth. Denne garnbåten er saman med «Breivik Junior», den som er råka hardast og har falle mellom stolane då tredjelandskvoten blei fordelt til dei fartøya som blei utestengt frå fisket i britisk sektor. Den urettferdige fordelinga fall Kristian Korneliussen så tungt for brystet at han melde Breivik-reiarlaget ut av Norges Fiskarlag. Så langt har ikkje Seljeseth gått, sjølv om også han er provosert over at andre reiarlag har fått tildelt kompensasjon utan å ha fiska i britisk sektor i det heile teke. – Dei siste seks åra har vi fiska store delar av året rundt Shetland. Der er det passeleg med straum, hardare botn og langt rolegare for fisken, særleg sidan det er lite seismikk-aktivitet der, forklarer han. No må Seljeseth prøve og feile med «Fanøyvåg» i norsk sektor i Nordsjøen, der det er mykje seismikkskyting og konkurrerande flåtegrupper som uroar fisken. Dessutan er det ei utfordring for drifta når innblandinga av torsk som bifangst blir for stor. Då kan det i verste fall ende med at ein avbryte fiskeriet og

Rune Stave rune@perstave.no Tlf: 916 21 921

PIPETECH

Telefon 917 20 346 P.b. 1067, Ole Aaserudsgata 7 6909 FLORØ

17


18

Hav av moglegheiter 2021

Trur elektrifisering av fiskeria vil ta tid:

– Det vi gjer her i Norge ser vi igjen i resten av verda MÅLØY: Sjølv om elektrifiseringa av fiskeria og utfasing av diesel kjem til å ta lang tid, meiner skipsdesignarane i både Skipskompetanse og Seacon i Måløy at Norge ligg lengst framme i verda på miljøtenking i fiskeri og sjøfart. – Ein kan hevde at miljøtiltaka som Norge bidreg med er som ei pølse i slaktetida, om ein ser verda under eitt. Men vi skal ikkje gløyme at vi her på berget verkeleg er med på å utvikle teknologien og sette preg på det som går føre seg på havet rundt om på heile kloden, seier eigar og dagleg leiar Per Jørgen Silden i Skipskompetanse AS i Måløy. Roy Haugen, prosjektleiar i Seacon, ein annan sentral aktør i skipsdesignmiljøet i og rundt Måløy, er einig i at Norge er heldige som har ein stat som bidreg med insentivordningar og har ei offensiv haldning til utvikling av miljøteknologi. – Enova dekker opptil halvparten av ekstrakostnadane ein reiar har med å investere i miljøteknologi på båten som skal byggast. Det har gjort at fleire no blant anna har begynt å bruke batteri.

Har ei stor utfordring Skipsdesignarane peikar på at den store utfordringa med alt alternativt drivstoff for båt er at ingenting slår diesel på energieffektivitet. – Det er framleis vanskeleg å sjå kva som skal erstatte diesel i fiskeria, men ein må jo berre starte ein plass og sjå kvar ein endar opp. Kanskje vil ein idé som i dag verkar heilt usannsynleg snu opp ned på ting om nokre år, seier Haugen. Silden trekker parallellar til dei raske teknologiskifta verda har sett, berre sidan tusenårsskiftet. – Det grøne skiftet skapar utvikling og moglegheiter for oss. Ein tenker i nye baner. Det var få som hadde trudd Tesla i løpet av få år skulle bli verdas mest verdifulle bilprodusent, eller at Apple sin iPhone så fundamentalt skulle endre kva ein mobiltelefon er. Kanskje noko liknande må skje i fiskerinæringa.

Struktur og design Silden trur store strukturendringar må skje i norsk fiskeri om ein skal lukkast med å få til ein dramatisk nedgang i klimautslepp frå norsk flåte. – Då oljeprisen var på sitt lågaste var det ikkje nødvendig å fokusere veldig på skrogdesign og optimalisering. Før blei båtar hovudsakeleg

Krev tid og samarbeid: Skipsdesignerane Per Jørgen Silden i Skipskompetanse (t.v.) og Roy Haugen i Seacon peikar på at den store utfordringa med alt alternativt drivstoff for båt er at ingenting slår diesel på energieffektivitet.

teikna for å ha plass til maksimalt med fisk enn å kunne gå gjennom vatnet med minst mogleg motstand, seier han. Etter at både oljeprisen og miljøbevisstheita steig for alvor for rundt 20 år sidan, blei fokus sett på brenselforbruk, og både skrog- og motordesign har gjennom åra bidratt til stadig lågare utslepp. – Mi meining er at vi miljømessig har mykje meir å hente på å unngå at ein båt som fiskar utanfor Finnmark leverer fangsten i Egersund eller i Skagen i Danmark, enn å «tune» skrog og motor endå eit lite hakk. Viss det er slik at ein båt kan gå frå Finnmark til Danmark for å levere, og tilbake, og likevel tener pengar på det, då er det ofte det som skjer. Skal vi verkeleg sjå lågutslepp, må vi sjå på heile organiseringa av næringa, ikkje berre fartøya. Det blir jobba med å finne fram til alternative framdriftsmiddel som biodiesel, LNG, hydrogen, ammoniakk og anna, men dieselen står framleis sterkt og mange hevdar den vil gjere det i tiår framover. – Eg må innrømme at eg per i dag ikkje heilt kan sjå kva som skal erstatte diesel. LNG (Liquified Natural Gas) må oppbevarast nedkjølt i store tankar om bord, med sikkerheitssoner rundt seg, mens diesel kan oppbevarast i botntankar. Då må fartøy som går på LNG byggast større enn dei som går på diesel, seier Haugen. Viss flåte- og kvotestrukturen skal vere som i dag, trur han diesel vil dominere i ganske lang tid framover, sjølv om det vil kome mange

Foto: Gjert Myrestrand

variantar og kombinasjonsløysingar der diesel inngår. – I dag er det berre diesel og LNG som har eit fungerande logistikkog distribusjonssystem for kystflåten, i tillegg til at landstraum i stadig større grad gjer det mogleg ikkje å brenne diesel når ein ligg til kai. Utviklinga knytt til bruk av alternativt drivstoff er enno på forsøksstadiet, og her står det igjen mykje prøving og feiling før ein eventuelt kjem fram til noko, seier Haugen.

Krev innsats Haugen peiker også på myndigheitene sitt ansvar. – Dei må vere villige til å bygge ut den infrastrukturen som trengst for å gjere eventuelle nye framdriftsmiddel tilgjengeleg for flåten langs heile kysten. Den kostnaden kan ikkje reiarane ta sjølve. – Kva kan de som driv med skipsdesign bidra med? – I tillegg til å teikne skrog som er mest mogleg effektive i å skyve båten gjennom vatnet kan vi sørge for at båtar i størst mogleg grad blir spesialbygde til arbeidsoppgåvene. Dei treng ikkje nødvendigvis vere multifunksjonsfartøy med større motor enn nødvendig i dagleg drift. Om gassdrift vil krevje lengre skrog, må vi gjere det vi kan for at det i seg sjølv ikkje skal auke forbruket av drivstoff, seier Silden, som stiller spørsmålet om myndigheiter, utstyrsleverandørar, designarar, verft og reiarlag burde sette seg saman og i fellesskap sjå på korleis ein skal finne løysingar – Eg har inntrykk av at støttemidlane sit laust for enkeltprosjekt der

forslaget står fram som ein ny idé. Det er ikkje dermed sagt at den er betre enn andre.

Norge langt framme Trass i at det kan ta tid å fase ut diesel, meiner både Silden og Haugen at Norge er fremst i verda på miljøtenking i fiskeri og sjøfart. – Det vi gjer her i Norge ser vi igjen i resten av verda etter ei tid. Dei fleste ser til Norge. Mange utanlandske reiarar seier til meg at dei berre følgjer den standarden Norge legg til grunn, seier Silden, og viser til den australske båten «Cape Arkona», designa av Skipskompetanse og bygd av Båtbygg på Raudeberg. – Australia har ikkje støtteordningar for miljøinitiativ som Enova. Reiarlaget Austral Fisheries ville i utgangspunktet ikkje sjå på batteriløysingar. Derimot kunne vi sette av plass til ein eventuell framtidig installasjon. Men motorpakken og designfilosofien var likevel retta inn mot redusert forbruk av diesel. Dei kom til slutt fram til at det var lønsamt å «gå heile vegen» og toppe installasjonen med ein batteripakke, seier Silden, og legg til: – Miljøtenking startar også mellom øyra på dei som bestiller og opererer fartøyet. Det er faktisk målt store forskjellar i forbruk av drivstoff mellom ulike skipperar på same fartøy i same operasjon. Med ei bevisst haldning frå start til slutt, i planlegging, design, bygging, og vidare i drift og operasjonar, kan ein oppnå stor miljøgevinst.

Gjert Myrestrand


Bulandet Miljøfisk AS søkjer

MEDARBEIDARAR • vil du bli med på laget vårt? Bulandet Miljøfisk AS er eit innovativt selskap med løyve til å produsere laks og aure på land. Driftssjef og assisterande driftssjef er på plass. Vi søkjer no etter deg som er interessert i å vere med på driftsteamet. Vi har to (-2-) ledige stillingar som driftsteknikar. ARBEIDSOPPGÅVER: • Vere ein del av driftsteamet som sikrar at fisken har det best mogeleg • Fôring, kontroll og ettersyn av fisk • Kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg • Produksjon og kvalitetsoppfølging av selskapets styringssystem • Delta i arbeidsoperasjonar som mottak, flytting og levering av fisk mm • Delta i vaktordning

Vår høyteknologiske produksjonslinje med robotteknologi leverte i 2020

mer enn 150 millioner fiskemiddager verden rundt

KVALIFIKASJONER: • Fagbrev innan akvakultur eller tekniske fag, som for eksempel elektro, rør eller mekaniske fag • Erfaring frå landbasert fiskeproduksjon og oppdrett i sjø er ein stor fordel • Relevant erfaring frå akvakultur eller andre tekniske yrke kan erstatte utdanningskrav • Førarkort klasse B. Trucksertifikat er en fordel PERSONLEGE EIGENSKAPAR: • Du er ein initiativrik og utviklingsorientert lagspelar med stort engasjement for å lukkast • Du er interessert i korleis fisken har det til einkvar tid • Du forstår verdien av å utvikle og etterleve gode rutinar og prosedyrar for drift og HMS • Du er praktisk anlagt og løysingsorientert, og kan jobbe ute i all slags vêr • Du tek ansvar og kjenner eigarskap til arbeidet du utfører VI KAN TILBY: • 100 % fast stilling i eit godt og spennande utviklingsmiljø • Konkurransedyktige arbeids- turnus og lønnsvilkår • Handlingsrom og sjølvstende • Gode pensjons- og forsikringsordningar Driftsteknikarar rapporterer til Driftssjef i Bulandet Miljøfisk AS. Arbeidsstad er Bulandet i Askvoll kommune. Ta gjerne kontakt med Asbjørn D. Løland på +47 970 86 259, Ola Sveen på +47 908 05 454, for meir informasjon om stillinga. Søknad med CV kan sendast til hans@miljofisk.no innan 10.desember 2021.

19 Rein Design

Hav av moglegheiter 2021

slakteriet-as.no

For welfare and performance Cargill sikrer de beste løsningene for havbruksnæringen ved å sette fisken i fokus. Vår kunnskap om ernæring og evne til å lære raskt, gjør oss i stand til å møte laksens behov gjennom varierende produksjonsbetingelser, skiftede miljøforhold og helseutfordringer.

Se mer på ewos.no


20

Hav av moglegheiter 2021

Lærarane jobbar med haldningar frå skulestart:

– Du treng ikkje vere ei spesiell for å ha havet som arbeidsplas Måløy: – Havet er ein fantastisk arbeidsplass og du treng ikkje å vere ein spesiell type jente for å passe inn om bord. Du treng heller ikkje å vere barskare eller sterkare enn andre. Du kjem langt med arbeidsvilje, teknikkar og litt kreativitet, seier skipper Silje Edvardsen, lærar i maritime fag ved Måløy vidaregåande skule.

I det siste har kvinner i maritime og marine yrke sagt frå, både internt i sine bedrifter, i organisasjonane og i media. Dei er leie av å ikkje vere likestilte med menn, og måtte tole ein god del meir enn menn rundt det som ikkje har med sjølve utøvinga av yrket å gjere. Blant anna skreiv fiskar Susanne Mortensen ein kronikk om upassande kommentarar og seksuell trakassering. Norges Fiskarlag har i etterkant lova å rydde opp. Fjordenes Tidende har møtt lærarar ved Måløy vidaregåande skule og Fagskulen Sogn og Fjordane, avdeling Måløy, innan marine og maritime fag, for å snakke om korleis ein førebur både gutar og jenter på yrket dei skal inn i. Oppfatninga er at der framleis er forbetringspotensial, men at mykje er bra.

– Heng litt igjen enno – Kva er dykkar oppfatning av situasjonen i desse yrka for jenter og kvinner? – Eg har tatt ein liten prat med dei som har vore elevar hos oss tidlegare, og dei fleste er ganske positive. Dei fleste eg har snakka med, som er på båt, får ikkje kommentarar om dei for eksempel er for svake. Det dei har fått beskjed om er at dersom dei lærar seg teknikkane, så er det det viktigaste. Då kan alle greie alt. Og det gjeld på oppdrett også, seier Kariann Myklebust Fagerli, som underviser på akvakultur. Elevane har også fortalt Fagerli at

dei blir tatt godt imot av bedriftene, og at bedriftene prøver å fremme likestilling. – Men så er det nokre av jentene som fortel at dei får kommentarar, som går på at jenter ikkje passar til dette arbeidet og liknande. Men dei seier også at det her kan vere snakk om kulturen i den enkelte bedrifta eller enkeltpersonar. Så det finst nok litt av slike haldningar framleis.

Viktig å lære seg teknikkane Lisbeth Nybakk, som underviser på Fagskulen, er einig med Fagerli at det handlar om teknikkar. Ho seier at det er viktig å få lært seg desse teknikkane skikkeleg, og gir eit eksempel som ikkje handlar om kjønn, men om høgde og styrke. – Det å kunne sjå og lære ein teknikk av ein som er like høg eller lav som deg sjølv, er nyttig. Då lærer du korleis utføre teknikken slik du er. Nybakk har sjølv jobba på sjøen i mange år, og blei skuffa då ho las kronikken til den kvinnelege fiskaren. Ho blei skuffa over at det framleis er mange av dei same kommentarane, og den same åtferda som går igjen. – Eg har mange år på sjøen og kjenner godt til desse kommentarane og haldningane. Og det heng nok litt igjen framleis, sjølv om eg nok trur det har blitt litt betre. Men det er også rett som Kariann seier, at lærer ein seg teknikkane, treng ein ikkje vere så sterk eller høg. Lærarane trur det framleis kan

vere slik at jenter må bevise meir enn gutane at dei duger og kan jobben, og at forventingane er annleis. – Då eg begynte å jobbe på oppdrettsanlegg var det meg og elleve gutar. Gutane ville teste kva eg kunne, og då eg klarte å gjere same jobb som dei, blei eg akseptert. Men eg har aldri sjølv opplevd kommentarar, seier Eli Refvik, som underviser på akvakultur. Silje Edvardsen, som underviser på maritime fag, begynte som skipper for fem år sidan. Då var det forventa at ho skulle vere ein spesiell type jente fordi ho valde eit mannsdominert yrke, litt meir maskulin og barsk. – Spesielt folk som ikkje hadde noko med den maritime industrien å gjere syntest at yrkesvalet mitt var eksotisk, berre fordi eg var jente. Det er framleis landkrabbar som kjem med negative kommentarar om jenter til sjøs, men det begynner å bli meir sjeldan, i alle fall blant yngre, seier ho.

– Alle er gode nok Refvik trur nok at det framleis er slik at ein må forvente å bli litt målt der ein kjem. Men ein skal stille likt, og det er noko som blir jobba med allereie frå ungdom startar på vidaregåande. Lærarane slår ned på kommentarar dersom det kjem, dei førebur elevane på ein litt røffare kultur og språkbruk, men at dei ikkje skal godta dårleg behandling eller upassande åtferd. Lærarane passar på å


Hav av moglegheiter 2021

Vi er stolt støttespelar for fiskeri og havbruk Roger i Måløy er bransjeansvarleg for fiskeri og havbruk og har lang erfaring med bransjen.

Jobbar med haldningar:

l jente ss behandle gutar og jenter likt under skulegangen, og dei jobbar alltid med å skape ein god klassekultur der haldninga at alle er gode nok, uansett kjønn eller størrelse, er sentral. – Jentene eg snakka med fortalde at dei fekk ein del småkommentarar i starten då dei begynte på vidaregåande, men at gutane raskt slutta med dette då dei såg at dei var likestilte på sjøen. Når vi møter elevar, må vi ha den tankegangen at dei er potensielle fiskarar, oppdrettarar eller røktarar, og ikkje gutar eller jenter, seier Fagerli. – Det er ein fordel å gje alle elevar mykje fagleg kunnskap slik at jentene kan heve seg på det området og matche gutane der også. Jentene er ofte meir mottakelege for kunnskap i den alderen vi treffer dei. Kunnskap er også ein måte å vise at ein er likestilte på, seier Monica Kråkenes, som underviser på naturbruk. I tillegg meiner lærarane at det er viktig at bedriftene lar ungdommen høyre at dei er interesserte i alle som potensielle arbeidstakarar, både gutar og jenter. Og dei meiner, basert på det som har kome fram i media, at enkelte reiarlag og båtar heilt tydeleg har ein jobb å gjere med tanke på likestilling.

– Havet er spennande! Dei er også einige i at det verkar som oppdrettsnæringa har kome litt lenger i haldningsarbeidet enn fiskeria.

Monica Kråkenes (f.v), Silje Edvardsen, Lisbeth Nybakk, Kariann Myklebust Fagerli og Eli Refvik opplever at situasjonen for jenter og kvinner i maritime og marine yrke har blitt betre dei siste åra. Dei legg ikkje skjul på at havet er ein spennande arbeidsplass.

Foto: Kjellrun Åsebø

Men ingen av lærarane er i tvil om at ein jobb innan maritime og marine næringar er noko heilt eige. Her er ein midt i den grøne bølga som eigentleg er blå, og der er spennande jobbar som ikkje finst endå, men som kjem. Deira jobb som lærarar er også å utdanne ungdom til å sjå interessante og berekraftige moglegheiter. Og det handlar om å tore å velje å satse på ei marin karriere og stå for vala sine. – Ting er betre no når det gjeld å få tak i informasjon om studiar og dei ulike yrka, og det er viktigare enn å prøve å tvinge jenter inn i mannsdominerte yrke. Det er betre å legge til rette for at dei som vil, eller er nysgjerrige, faktisk får informasjon og kanskje anledning til å prøve seg. Dei rår jenter som tenker på ein maritim eller marin karriereveg til ikkje å tenke på kva utdanningsløp vennane eller venninnene vel, eller kva folk seier om å velje eit typisk maskulint yrke. – Havet er ein fantastisk arbeidsplass med mange moglegheiter, og du treng ikkje å vere ein spesiell type jente for å passe inn om bord. Du treng heller ikkje å vere barskare eller sterkare enn andre. Du kjem langt med arbeidsvilje, teknikkar og litt kreativitet, avsluttar Edvardsen.

Kjellrun Åsebø

Han, eller ein av dei andre rådgjevarane ved dei andre lokalkontora våre, er klare til å finne ei løysing som passar for bedrifta di. Kontakt oss på tel 578 29 700 ssf.no

21


22

Hav av moglegheiter 2021

Trivst: Madeleine Gjengedal frå Flatraket er utdanna automatikar. 20-åringen er einaste kvinne blant montørane hos Ulvesund Elektro. Her er ho saman med ein av sjefane, Geir Saltkjel som er fagleg leiar og eigar av elektrofirmaet Ulvesund Elektro. I bakgrunnen nokre av kollegaene som jobbar på eit nybygg på Stadyard. Alle foto: Erling Wåge

Madeleine stortrivst som einaste kvinne på verftet Måløy: Madeleine Gjengedal trivst godt i jobben sin som automatikar i måløybedrifta Ulvesund Elektro. 20-åringen frå Flatraket bryr seg lite om at alle rundt henne på verftet, der dei jobbar med å bygge ein ny fiskebåt, er menn. Madeleine Gjengedal er einaste kvinna blant åtti menn på Stadyard som arbeider med å bygge den nye fiskebåten Skår Senior som skal vere ferdig ved årsskiftet. Ulvesund Elektro er ein av underleverandørane til Stadyard som leverer elektronikk og det elektriske om bord i den nye båten. Då vi var på besøk om bord i fiskebåten var Madeleine i full sving med å trekke kablar og lage til skap for det elektriske anlegget i maskinrommet.

Tok utdanninga lokalt Madeleine fekk smaken på elektroyrket då ho var utplassert ei veke

hos Ulvesund Elektro ho i niande klasse på ungdomsskulen. Ho fekk den gong vere med på spennande monteringsoppdrag og ei messe. – Det var spennande. Eg vart teken godt vare på og fekk eit godt inntrykk av dei som jobba der, seier Madeleine. Ho tok treårig utdanning ved Eid vidaregåande skule etter ungdomsskulen. Første året tok ho elektro. Då var det fire andre jenter på studiet. Dei to siste åra gjekk ho på automasjon. Då var det berre ei anna jente i klassen, også ho frå Flatraket. – Det var i grunnen heilt tilfeldig at eg søkte på elektro etter ungdomsskulen. Eg visste i grunnen ikkje kva eg skulle studere eller ville bli. Det einaste eg visste var at eg ville utdanne meg til noko praktisk. Eg ville arbeide med hendene. Og så ville eg ikkje sitte på skulebenken i mange år. Eg ville komme meg snarast mogleg ut i arbeidslivet, seier ho og smiler. Etter vidaregåande på Nordfjordeid fekk ho jobb som lærling i Ulvesund Elektro. Ho avslutta læretida med å ta fagbrev, og i dag er ho utdanna automatikar og i fullt arbeid i elektrofirmaet.

Storkosar seg i jobben I dag angrar ho ikkje på at ho valde

nettopp elektro. Ho storkosar seg i jobben. – Det er supert å jobbe i Ulvesund Elektro. Eg har fått veldig god opplæring og støtte. Dei tilsette der er fantastiske, og har vore veldig greie og flinke med meg, seier Madeleine. Det gjer ikkje noko at ho er den einaste kvinna blant montørane ute på diverse anlegg. – Det går heilt fint. Eg kunne sjølvsagt gjerne tenkt meg at det var fleire jenter på jobb. Men eg synest det ikkje er noko problem at eg er einaste kvinne. Eg har faktisk fått beskjed om at eg ikkje må vere beskjeden. Dersom nokon spøkar eller sender kommentarar til meg fordi eg er kvinne, er det berre å svare tilbake med same mynt, ta igjen og ikkje bry seg. Men dei aller fleste er veldig kjekke og hyggelege med meg, seier Madeleine. Ho fortel at det kan vere nokre som seier noko av og til, men at det stort sett går greitt på jobb. – Eg har fått enkelte kommentarar når eg kjem om bord i ein ny båt for å søke etter og rette feil. Det kan virke som at enkelte tvilar på at eg klarer det. Men det har som regel gått bra. Ho veit ikkje om det er fordi ho er kvinne eller om ho berre trefte på

ein litt skeptisk person. – Det veit eg ikkje. Det bryr eg meg heller ikkje så mykje om. I 2021 bør det ikkje vere så nøye med om du er kvinne eller mann. Det viktigaste er at ein kan gjere jobben, seier Madeleine.

Vil satse vidare i yrket Kollegaene som jobbar på den nye båten saman med Madeleine har berre rosande ord. Og sjølv tenker ikkje Madeleine så mykje på at ho er einaste kvinna som arbeider på nybygget. – Eg gjer jobben min og samarbeider godt med dei rundt meg. Kjem det ein spøkefull kommentar, svarar eg berre. Ho utelukkar ikkje vidareutdanning i faget, gå på ein fagskule eller bli ingeniør. – Men akkurat no er fokuset å gjere ein best mogleg jobb, skaffe meg best mogleg erfaring, lære nye ting og tene pengar. Så får tida vise kva som skjer.

Erling Wåge


Hav av moglegheiter 2021

– Vi skulle gjerne hatt fleire som Madeleine. Det er skrikande behov for elektroarbeidarar

Din totalleverandør av fartøy til oppdrettsnæringen

Våre innovative skip og vårt kompetente mannskap har lang erfaring fra bransjen, og leverer alltid tjenester av beste kvalitet med stort fokus på hygiene, miljø og sikkerhet. Vi opererer fra våre norske kontorer i Kristiansund og Førde, og fra våre utenlandskontorer i Skottland, Chile og Canada.

Eit stort behov: Geir Saltkjel er fagleg leiar og eigar av elektrofirmaet Ulvesund Elektro. Han skulle gjerne hatt fleire kvinner som Madeleine Gjengedal i elektrofagyrket. - Det er eit skrikande behov for fagarbeidarar, seier han.

www.aquaship.no

Geir Saltkjel i Ulvesund Elektro skulle gjerne hatt fleire som satsar på elektrofag, og meir enn gjerne fleire kvinner. – Det er stor mangel på denne type fagarbeidarar, seier han. Geir Saltkjel er fagleg leiar og eigar av elektrofirmaet Ulvesund Elektro. Han er også styreleiar i opplæringskontoret for elektrofag i Sogn og Fjordane. Saltkjel er veldig oppteken av rekruttering og arbeidet med skaffe fagarbeidarar til ein spennande bransje som er i stadig utvikling. – Det skjer veldig mykje nytt og spennande i denne bransjen. Og rundt oss er det plenty med oppdrag. Problemet er å skaffe nok fagfolk. Det er for få som vel elektrofagyrket og utdannar seg i ei eller annan retning innan dette faget, seier Saltkjel. Hans selskap er ikkje åleine om denne utfordringa. – Dei aller fleste selskapa som driv i denne bransjen slit med rekruttering av fagutdanna folk. Derfor jobbar vi i opplæringskontoret for elektrofag med å få fleire unge til å ta denne utdanninga. Vi er interesserte i å få tak i både menn og kvinner. Ja, kanskje spesielt det siste. Elektrofag har tradisjonelt vore veldig mannsdominert, og det er det framleis, seier Saltkjel. Ulvesund Elektro er godkjent lærebedrift for elektrikarfaget, automasjon og data/elektronikk. Og dei har lærlingar heile tida. Utfordringa til bransjen er å nå dei unge for å gje dei smaken på yrket, og få fortalt om moglegheitene og den teknologiske utviklinga som skjer. – Det er veldig viktig at dei som tek elektrofag på vidaregåande får ei god læretid for å skaffe seg erfa-

VÅRE STASJONER

FINNER DU ”OVERALT” KUNDEKORT Kjekk jobb: Madeleine Gjengedal i sving med montering av eit elektroskap i maskinrommet på nybygget Skår Senior. ring og få jobbe med det dei har utdanna seg til, seier Saltkjel. Madeleine Gjengedal frå Flatraket er ein av fleire som har vore lærlingar i Ulvesund Elektro. Ho har tatt fagbrev og er no sjølvstendig fagarbeidar. Saltkjel fortel at dei har hatt fleire kvinner som montørar tidlegare, men at Madeleine akkurat no er den einaste kvinnelege montøren. – Madeleine er ein kjekk og flink medarbeidar som har hatt ei veldig god utvikling. Ho er sjølvstendig og kan settast til nesten kva som helst. Madeleine glir godt inn i arbeidsmiljøet vårt, seier Saltkjel, og legg til: – Og ja, vi har plass til fleire fagfolk, og gjerne kvinner.

Erling Wåge

OG LAND KORTET FOR SJØ@mh24.no 57 85 36 50 - kort

EKSTRA RABATT PÅ PUMPEPRIS Søk enkelt på mhservice.no

ÅLESUND FOSNAVÅG DRAGSUND GURSKEN MÅLØY BRYGGJA ÅHEIM UTVIK

BYRKJELO BREMANGER SMØRHAMN KOLSET FLORØ SØRBØVÅG LEIRVIK

Tlf.: 5785 3650 www.mhservice.no MH24 eies og drives av

STASJONER FOR BIL OG BÅT

23


24

Hav av moglegheiter 2021

Hans Ole treng fleire lokale fagfolk – verftet vil ha tilbake studietilbod

Vil ha fleire som desse: Lærlingane Markus Tvendeseter Kupen (20), Arvid Myre Kvalheim (20) og Kevin Halsør (19) er dei tre lærlingane som jobbar ved Båtbygg på Raudeberg i dag. Personalsjef Hans Ole Svarstad (i bakgrunnen) skulle ønske det var lettare å rekruttere endå fleire fagarbeidarar lokalt. Foto: Erling Wåge

Måløy: Personalsjef Hans Ole Svarstad i Båtbygg på Raudeberg ønsker seg fleire som lærlingane Arvid, Markus og Kevin som jobbar ved verftet no, og håpar linja for industriteknologi ved Måløy vidaregåande skule, som blei lagt ned i 2015, blir starta opp igjen.

– Behovet for lokale fagarbeidarar er skrikande. Vi skulle hatt fleire slike unge som interesserer seg for maskin og industrifag, seier Svarstad. Han har nemleg jobben med å skaffe fagarbeidarar til verftet på Raudeberg. Og det er ikkje nokon enkel jobb om dagen. – Vi har problem med å få tak i lokale fagarbeidarar, og spesielt industri- og motormekanikarar. Dette problemet har også andre lokale skipsverft og fleire typar industribedrifter i distriktet. Det er spesielt vanskeleg å få tak i ungdom og rekruttere nye lærlingar, seier Svarstad. Med det aktivitetsnivået som har vore, og framleis er, i bransjen blir resultatet at denne næringa må leige inn utanlandsk arbeidskraft for å kunne halde oppe den store aktiviteten.

Trivst på verftet Arvid Myre Kvalheim (20) starta som lærling på Båtbygg i haust, og fortel at han likar jobben veldig godt. – Det er ikkje to dagar som er like. Arbeidet er spennande og veldig variert. Eg får bruke hendene og får veldig godt oppfølging og opplæring av fagarbeidarane her på Båtbygg, seier Arvid, som får støtte av dei to andre lærlingane ved Båt-

bygg, Markus Tvendeseter Kupen (20) og Kevin Halsør (19) som er einige i at det er spennande å jobbe på eit skipsverft som Båtbygg. Arvid gjekk to år på byggfag, men endra kurs til og begynte på køyretøylinja for å bli mekanikar. Det angrar han ikkje på. Han hadde eigentleg tenkt å bli bilmekanikar, men etter at han fekk to veker utplassering på Båtbygg medan han gjekk på skule bestemte han seg for at han ville satse på skipsverftet.

Viktig skuletilbod blei lagt ned I 2015 vedtok politikarane i fylkeskommunen å legge ned studievalet industriteknologi på vg2-nivå ved Måløy vidaregåande skule på Tennebø. – Det skjedde trass i at lokalt næringsliv jobba hardt for å berge dette viktige studietilbodet. Seks år seinare merkar vi at det er ekstra vanskeleg å få tak i lokal ungdom som vil satse på verft og industrifag. Og det har delvis samanheng med at dette studietilbodet blei borte, seier Svarstad. Han forklarar at for å bli til dømes industrimekanikar må ein først gå eitt år Teknisk Industriell Produksjon (TIP) på vg1-nivå, som Måløy vidaregåande skule tilbyr. Etter det kan ein gå vidare på andre året på

industriteknologi på vg2-nivå, der ein vel å spesialisere seg innanfor ein av rundt 30 yrkesfag. – Vi merkar godt at dette tilbodet forsvann lokalt, seier Svarstad, som peikar på at det i dag berre er Nordfjordeid, Førde, Florø, Dale, Høyanger og Årdal som tilbyr industriteknologi på vg2-nivå.

Vil ha tilbake industriteknologi-linja Norge vil generelt ha for få med yrkesfagleg bakgrunn frå vidaregåande skule i åra som kjem. Etterspurnaden veks sterkare enn arbeidsstyrken for arbeidskraft med vidaregåande fagutdanning retta inn mot industri, bygg og anlegg og handverk, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Derfor er det viktig for personalsjefen å få tilbake dette studiet også på den vidaregåande skulen i Måløy. – Vestland fylkeskommune må vurdere å starte opp igjen tilbodet i Måløy for å hjelpe til med å rekruttere ungdom til industri- og byggenæringa, seier Svarstad, som meiner industrien, men også lærestadane, er nøydde til å ha fokus på å rekruttere folk til denne bransjen.

Erling Wåge


Hav av moglegheiter 2021

25

– Vi lyttar gjerne til næringslivet Fylkespolitikar Sigurd Erlend Reksnes (Sp) meiner det er viktig at næringslivet er sterkt på banen dersom det er ønske om nye yrkesfaglinjer. Reksnes er medlem i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune. Han er oppteken av at dei vidaregåande skulane og næringslivet har eit tett samarbeid og at dei kan utfylle kvarandre. – Det er viktig at det er eit opplæringstilbod som matchar dei behova som er i næringslivet og arbeidslivet i lokalsamfunna. Det må vere eit tett og godt samarbeid om desse tinga, seier Reksnes. I november startar hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune arbeidet med kva studietilbod og linjer som skal lysast ut til neste skuleår. – Er det spesielle behov, må dette

Vil høyre: Sigurd Reksnes seier næringslivet må komme på banen dersom det er behov for spesielle studietilbod. Foto: Gjert Myrestrand Dei lyttar gjerne som politikarar. meldast inn i forkant av den prosessen. Her må næringslivet, næringsforeiningar og kommunane komme på banen om kva dei ønskjer, seier Reksnes. Han seier at han og fleire med han gjerne lyttar til lokalt næringsliv når dei melder inn slike ønske og

behov som ikkje er dekt. Ein viktig føresetnad for å ha eit studietilbod er at det er nok elevar og at det er langsiktigheit både med tanke på lærarkrefter og utstyr. – Men vi vil gjerne samarbeide med og lytte til lokalt næringsliv når kabalen skal leggast. Det har

vore ein positiv trend at fleire har søkt seg til yrkesfag. Det at fleire ser moglegheitene med å ta ei slik utdanning og få seg eit yrkesbrev, opnar mange moglegheiter, seier Reksnes.

Erling Wåge

SKIPSDESIGN, INGENIØR- OG KONSULENTTENESTER

MULTI MARITIME UTVIKLAR: • kostnadseffektive og miljøvenlege forbåtar, brønnbåtar og servicefartøy

A til Å · www.atilaa.no

• miljøvenlege flytande lukka oppdrettsanlegg (FLO) for norske fjordar

PS! Multi Maritime er godkjendt foretak for kontroll og sertifisering av skip opp til 15 m.

www.multi-maritime.no


26

Hav av moglegheiter 2021

No har bedriftene teke tak:

Talet på lærlingar har meir e vi sender ut på læreplassane sine. I Måløy: – Det er ein tillegg har dei jobbar der dei faktisk enorm vekst i talet på tener ganske godt. lærlingar, seier John Fleire grunnar til vekst Heimvik i OpplæringsDet er fleire grunnar til at det har kontoret for fiskeri og blitt så mange lærlingar, meiner For det første er det vekst i havbruk. Talet på lærlin- han. næringa. gar har meir enn fordo– Det er store investeringar på land, som Havlandet Marin Yngel, bla seg dei siste åra. – I 2017 hadde vi 60 lærlingar, og i år har vi heile 127. Så på desse åra har vi opplevd ei fordobling av lærlingar innan marine og maritime fag, seier Heimvik. OKFH har 53 aktive medlemsbedrifter i 2021, det vil seie som har lærlingar i år. Talet er mykje høgare dersom ein tel med bedriftene som har lærlingar, men ikkje nødvendigvis alle år. Av dei 53 aktive bedriftene er det 21 akvakulturbedrifter frå Stad til Arnafjord i Sogn, 31 reiarlag (for elevar frå fiske og fangst, matros og motormann) og ei i sjømathandlarfaget. OKFH får mange gode tilbakemeldingar frå lærlingane. – Det vil jo alltid variere litt når det er så mange lærlingar. Men i hovudtrekk stortrivst dei lærlingane

Onshore Technologies, Bulandet miljøfisk og Steinvik settefisk i Svelgen. Det er utvidingar på Osland Havbruk og Mowi sitt anlegg på Haukå og ny etablering av marine artar på sjø Statt Torsk og Gadus Group, forklarer han. For det andre er naturbruk på vidaregåande skule sitt nivå blitt veldig populært, og for det tredje er det fleire vaksne som etterutdannar seg og er lærlingar. – Vi ser at svært mange søker seg til dei blå studia på vidaregåande. Måløy vidaregåande skule hadde først omtrent berre ei halv klasse i naturbruk, akvakultur og fiske og fangst, og etter nokre år er det no ei heil klasse på kvar. Så 24 av lærlingane våre kjem derifrå, seier Heimvik.

Fleire jenter også Av totalt 69 lærlingar i akvakultur-

Enorm auke: – Det er ein enorm vekst i talet på lærlingar, seier John Heimvik i Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk. Talet på lærlingar har meir enn fordobla seg dei siste åra. F.v Freddy Silden, Monica Venøy og John Foto: Kjellrun Åsebø Heimvik i OKFH. faget i region nord er akkurat no 20 av desse jenter. Der er ei jente som er lærling knytt til fiske og fangst, og to matrosar. – Vi ser også at fleire og fleire jenter søker seg til desse utdanningane, og at talet på kvinnelege lærlingar i marine og maritime bedrifter stig. Det er også veldig gledeleg. Opplæringskontoret driv også

Eg synest--det var fire-------flotte år, og----------den erfaringa------------eg har fått med meg frå næringslivet er svært nyttig å ta med seg vidare.

Måløy vidaregående skule

Yrkes og studiekompetanse

YSK/TAF

• Løn under utdanning • Fagbrev og spesiell studiekompetanse • Teori på skulen, praksis i bedrifter • Fireårig løp

Nysgjerrig? Sjå: www.maloy.vgs.no www.taf.no

med etterutdanning av vaksne. – Vi har veldig mange vaksne som vi har skrive kontrakt med og som ønsker fagbrev innan akvakulturfaget. Desse kjem frå Gulen til Stad. Vi starta opp nytt kurs hausten 2020 med 33 vaksne deltakarar frå ni ulike bedrifter. Dei er ferdige i juni 2022 og tar til slutt privatisteksamen i akvakultur.

YSK/TAF er læring i praksis som gir alle moglegheiter

Studietilbod i Måløy: - Bygg- og anleggsteknikk YSK (TAF) Yrkes- og - Helse- og oppvekstfag studiekompetanse innafor: - Naturbruk - Industriteknologi - Restaurant- og matfag - Helsefagarbeidar - Teknikk og industriell produksjon - Akvakultur - Studiespesialisering -Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Sjå våre nettsider på www.maloy.vgs.no

Måløy vidaregåande skule 6718 Deknepollen Telefon: 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@vlfk.no


Hav av moglegheiter 2021

enn fordobla seg på fire år

Om bord Fanavåg: Styrmann Johannes (f.v), lærling Olav Morten Dagsland, fagleg leiar Geir Henning Seljeseth og lærling Brynjar Berglund på Fanøyvåg.

Foto: privat

Ser ein på statistikken over tal på lærlingar hos OKFK, ser ein at det kvart år frå 2016 har blitt fleire og fleire. Spesielt frå 2018 har det vore eit stort hopp i tal lærlingar frå kvart år. Søkartala til naturbruk på Måløy vidaregåande skule viser det same. I 2018 var det 22 søkarar til dette utdanningsprogrammet, mens det til dette skuleåret

Hos Ervik: Ardian Dypevik er fiske og fangstlærling frå Florø, og Patrick Rysjedal frå Sogn er motormannlærling. Begge er lærlingar hos Ervik Havfiske Foto: privat AS.

var over eit fordobling av søkarar. Heile 47 elevar ville gå naturbruk.

– Eit bankers yrke Heimvik trur det er mange årsaker til at folk vel ei utdanning innan akvakultur og fiske og fangst. – Det er eit bankers yrke. Det blir sagt at det er den nest viktigaste eksportnæringa etter olje og gass. Om

vi driv grønare, og mat må vi alltid ha, så seier det seg sjølv at dette er ei næring som kjem til å vekse framover. Han peikar også på plassen vi bur. – Vi har jo alle desse ressursane rundt oss. Det er ei verdiskaping der dei bur og jobbar – i distriktet. Mange bedrifter spør også etter lo-

Akvakultur: Kristoffer Rundereim er lærling hos Mowi.

Foto: privat

kal forankring. Dersom vi ser på kartet, har vi bedrifter og lærlingar på nesten kvar holme nedover, seier Heimvik og smiler.

Kjellrun Åsebø

Fremtiden ligger i havet – rett under overflaten Mowi er et av verdens største sjømatselskaper og verdens største produsent av atlantisk laks. Vår ambisjon er å produsere næringsrik og velsmakende sjømat av ypperste kvalitet til våre kunder og konsumenter. Vi dekker en femtedel av den globale etterspørselen etter atlantisk oppdrettslaks, og drivkraften vår er kontinuerlig innovasjon og viljen til å produsere laks på en stadig mer bærekraftig måte. For å fortsette å lede den blå revolusjonen trenger vi ambisiøse og engasjerte ansatte med en lidenskap for vår næring. Vi er på jakt etter dyktige personer innen akvakultur, biologi, fiskehelse, næringsmiddelfag, teknologi, økonomi og ledelse. Join the Blue Revolution www.mowi.no/mennesker

27


28

Hav av moglegheiter 2021

Steffen og Kristin er blant d 2025 jobbar for storsatsing

Fått jobb i torskeoppdrett: Kristin Uv Ramsli og Steffen Sande er røktarar på torskeoppdrettet til den hardtsatsande verksemda Gadus avdeling Davik. Medan Ramsli har flytta til – Spanande å vere med på noko nytt der du må finne gode løysingar undervegs, seier dei om jobben. ALLE

Nordfjord: Gadus Group har store ambisjonar for torskeoppdrett, med mål om å skape 600 arbeidsplassar innan 2025. Satsinga gjev allereie lokale ringverknader, mellom anna i Davik der det er kring ti årsverk knytt til aktiviteten.

Ifølgje dagleg leiar Ola Kvalheim i Gadus er det investert nesten 40 millionar kroner i anlegget, og han seier verksemda bidreg med årlege innkjøp av lokale produkt og tenester for 25-30 millionar kroner. Dei to som møter oss på Gadusanlegget i Davik er røktarane Kristin Uv Ramsli og Steffen Sande. Dei fortel at dei jobbar turnus med ei veke på jobb og ei veke fri. Oppdrettstorsken som i sommar vart sett ut i merdane på lokaliteten Svartekari, på neset før du kjem inn til Davik frå Isane, er no nesten to kilo. Neste haust er planen at fisken skal vere 5-6 kg og klar for slakting. Ifølgje dei to røktarane er utviklinga så langt veldig lovande med god framvekst og låg dødlegheit. Dagen vi var der føregjekk eit prøveuttak av fisk som skulle til ein restaurant i Ålesund for testing. Både Ramsli og Sande synes det er eit spanande prosjekt å vere med på. – Eg tok ein bachelorgrad i biologi på Nord Universitet i Bodø, og var på utkikk etter jobb i oppdrettsnæringa. Då kom eg over denne jobben. Det er spanande og fagleg ut-

fordrande å vere med på eit slikt prosjekt der du må prøve deg fram for å finne riktig måte å gjere ting på, seier Ramsli. 24-åringen er opphavleg frå Ås sør for Oslo, og hadde aldri vore i Davik før jobbtilbodet dukka opp. No har ho busett seg i bygda.

Turnus Sande er busett på Stadlandet, og pendlar halvannan time kvar veg dagleg til jobben i Davik. – Det går bra så lenge det er ei arbeidsveke og eg har fri den andre. I friveka driv eg gravemaskinfirma. Morselskapet Gadus Group AS er eigd av Ola Kvalheim, Tor Olav Seim og Kenneth Brandal. Sistnemnde har adresse Stadlandet. – Eg er kompis med Kenneth og det var slik eg kom inn i selskapet. Det er spanande å vere med og bygge opp noko heilt nytt. Vegen blir til der du går. Torskeoppdrett kan bli eit alternativ til laks, og det skaper arbeidsplassar, seier Steffen Sande. I Davik har selskapet base i industribygget der Davik Fiskefarm heldt til. Avdelinga i Davik har så langt 12-13 sysselsette, der seks er

faste driftsteknikarar i turnus, to er administrativt tilsett, ein er lærling og tre-fire er vikarar.

Gründer frå Raudeberg Ola Kvalheim er oppvaksen på Raudeberg, men har i dag adresse Ålesund der også Gadus har hovudkontor. – Ei slik oppdrettsverksemd må av naturlige årsaker vere spreidd på ulike stader. Eg bur litt i Stadsbygd på Fosen der vi har settefisk og yngel, litt på Raudeberg og litt i Davik, i tillegg til Ålesund. Grunnen til at vi har kontoradresse Ålesund er at vi lyste ut ein del stillingar med opning for ulike arbeidsstader, og vi såg at dei fleste søkjarane ynskte å ha arbeidsstad Ålesund, seier Kvalheim. Han fortel at dei er i ferd med å byggje anlegg for slakt og filetering på Raudeberg, eit prosjekt som skal stå klart til neste haust. Slaktinga av fisken som no står i anlegget i Davik, er planlagt frå september neste år. Det står i dag litt under 200.000 fisk i anlegget. Påvekst til sjøklar settefisk på 200-500 gram er tenkt lagt til Tjeldbergodden.


Hav av moglegheiter 2021

29

dei 600 som innan ga til Gadus Group

Fisk i merdane: Oppdrettstorsken i lokaliteten Svartekari er om lag ein kilo. Prosjektet er av stor interesse sidan eit forsøk med oppdrettstorsk for ti år sidan mislukkast. No er stamfisken utvikla vidare, og spørsmålet er om oppdrett av torsk no kan vere lønsamt.

Davik, pendlar Sande frå Stadlandet.

ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Kvalheim og Seim er høvesvis siviløkonom og sivilingeniør og leiar selskapet saman. Begge har bakgrunn fra finansverksemd og har jobba saman i Oslo. Dei tre eigarane har felles bakgrunn frå Mørenot der Kvalheim tidlegare var administrerande direktør. Kvalheim fortel at ein belgisk familie, De Clercq, er med som investor gjennom eit finansselskap. – Dette er eit selskap som har investert i sjømat tidlegare, og som har stor tru på torskeoppdrett. Dei er inne med ein tidshorisont på 30 år.

Satsar 900 millionar Sjølv om Gadus har hovudkontor i Ålesund, planlegg dei ei satsing i ei heilintegrert verdikjede frå Florø i sør til Fosen i nord. Dei planlegg å investere over 900 millionar kroner i satsinga, og målet er å skape 600650 nye arbeidsplasser innan 2025. – Vi jobbar med å få til seks-sju lokalitetar i området frå Florø til Stad. Ting tek tid, og vi har eit tidsperspektiv på fem-seks år, seier Kvalheim. Visjonen er å bli verdas leiande

Test: Oppdrettstorsken i kassene Steffen Sande ber skal til ein restaurant i Ålesund for testing.

Foto: Gadus Group

Godt utstyrt: Lokaliteten for torskeoppdrett i Davik der Kristin Ramsli jobbar er godt utrusta med moderne utstyr.

produsent av berekraftig premium oppdrettstorsk. Misjonen er å sikre verda tilgang på nok mat på en berekraftig måte. Verksemda lovar fokus på fiskevelferd i tråd med strenge sertifiseringar. Dei legg opp til full digital sporing gjennom livsløpet til torsken, og har nullvisjon for bruk av medisinar og CO2-utslepp. Dei forpliktar seg også til FNs berekraftsmål.

Verdssamfunnet krev at vi skal redusere avtrykket og samstundes femdoble produksjonen i sjø. Voluma frå hausting frå havet er fallande. Då er det akvakultur som står att som løysing. For kvar gong vi set ut ny fisk, må vi dokumentere med prøver at vi ikkje påverkar faunaen på ein negativ måte. Ein dårleg lokalitet gjev dårlig økonomi, seier Kvalheim om miljøperspektivet i satsinga.

Gjev mat til verda

– Løyst utfordringar med biologi

Eit mål med satsinga er å produsere mat til verdas befolkning. Folkesetnaden i verda er venta å vekse med 30 prosent til 9,8 milliardar mennesker innan 2050. Gadus meiner oppdrett av sjømat er den mest berekraftige løysinga, og at torskeoppdrett er den mest realistiske og berekraftige vegen å gå for å femdoble verdiskapninga frå sjømat innen 2050, slik norske myndigheiter har som målsetting. – FN har bede Norge produsere meir mat. Verda skal doble proteinproduksjonen innan 2050. Skal ein nå måla, må meir mat kome frå sjøen, med lågare karbonavtrykk.

Sjef og eigar: Ola Kvalheim frå Raudeberg er medeigar og dagleg leiar i Gadus Group.

Oppdrett av torsk har vore forsøkt tidlegare, også i Bremanger. Ei satsing for ti år sidan stranda, mellom anna etter problem med biologi der fisken ikkje utvikla seg som ynskjelig. Stamfisken er teken vare på og jobba vidare med på forskningsstasjonar, og no prøvar fleire miljø seg igjen på oppdrett av denne kvitfisken som blir sett på som ei delikatesse verda rundt. Motivasjonen er sjølvsagt å kunne få til noko liknande verksemda med oppdrettslaks, som for lengst er blitt milliardbutikk. Det er i praksis umogleg for gründerverksemder å kome seg inn

i lakseoppdrett, sidan ein konsesjon no blir omsett for 250-300 millionar kroner i marknaden. Ein konsesjon for oppdrettstorsk er enn så lenge ikkje noko du må betale for. Der ligg eit moglegheitsrom. Men det er samstundes ein risiko sidan ingen førebels har lukkast kommersielt med oppdrett av torsk. Gadus peikar på at torsken no er avla til sjette generasjon, samanlikna med at det var villfisk og første generasjon i 2008-2012 då den førre satsinga fann stad. Dei meiner problemet med tidlig kjønnsmodning er løyst. Yngelkvaliteten er betre, større yngel blir sett ut, kannibalisme er eliminert og vaksiner utvikla. – Så langt er resultatet veldig positivt. På eitt år er fisken vår no like stor som snittvekta etter to år sist det vart satsa på oppdrettstorsk. Hovudgrunnen er at fisken ikkje vert sjuk.

JØRN-ARNE TOMASGARD


30

Hav av moglegheiter 2021

LANGSIKTIG STRATEGI: Halvard Hovland (t.v) har jobba med oppdrettstorsk i INC i 20 år. Her saman med Britt Dalsbotten og Geir Johannessen i INC-

konsernet.

Foto: Egil Aardal

Alle sa torsken var daudfødd som oppdrettsfisk, men eit lite miljø i Florø hadde trua:

No kjem gevinsten av det store vågestykket FLORØ: – Marknaden var stein daud, heilt til den eksploderte, konstaterer dagleg leiar i HMY, Halvard Hovland. I august fekk han oppleve at statsråden la ned grunnstein for ei storsatsing. Etter finanskrisa i 2008 kollapsa torskeoppdrettsnæringa, men gründerane i INC hadde trua på at det var klokt å ta vare på stamfisken. Halvard Hovland er fagmannen som i 20 år har fått utvikle eit unikt genmateriale av torsk for INC-konsernet, parallelt med produksjon av reinsefisk for lakseindustrien. No er etterspurnaden etter torskeyngel skyhøg. I august kom dåverande fiskeriog sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) for å legge ned grunnsteinen for INC-konsernet si storsatsing på havbruk. Heilt vest på forsyningsbasen skal det byggast storskala torskeoppdrettsanlegg på land. Det utgjer ei femdobling av yngelanlegget på Havlandet i dag og det skal stå klart neste år.

Nytt selskap Første steg er eit yngelanlegg for torsk på Gaddholmen. Havlandet Marin Yngel og Norcod slår seg saman om selskapet Havlandet Norcod, med konsesjon på 24 millionar

yngel i året. Ministeren tok runden og helste på eigarar og tilsette som fekk servert torsk produsert på Fjord Base. Utbygginga gjev nye arbeidsplassar, i første omgang treng dei ni tilsette på plass før nyttår. – Her er det folk som har satsa over tid og ikkje gjeve opp. Det er det vi kallar eldsjeler og slike treng vi meir ein nokon gong. Eg er imponert, og det er berre å bukke og bøye seg i støvet, seier Ingebrigtsen.

Eit grønt skifte – At satsinga skjer på ein oljeforsyningsbase er vel spesielt? – Norsk sjømat er eit ettertrakta produkt for eksport til heile verda. Ein viktig suksessfaktor innan lakseoppdrett har vore at ein har fisken tilgjengeleg heile tida for sal, og no er ein i ferd med å få dette til med torsken også. Det aller mest spennande er at ein no er med på å sikre fleire ny heilårlege arbeidsplassar. – Trur du at dei vil lukkast med storskala oppdrett av torsk? – Det ser lovande ut. Det imponerande her er at private, lokale eigarar over mange år har drive med avlsarbeid. Samstundes har også staten jobba med dette, då vi var redde for at vi skulle tape kunnskapen. No ser vi at vi er i ferd med å lukkast og det er gledeleg. – No står vi ved oppstarten av eit

GRUNNSTEINEN: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) markerte oppstarten på INC-konsernet si nye storsatsing innan Foto: Egil Aardal torskeoppdrett. landanlegg, er dette framtida for bransjen? – Vi heier på folk som vil investere og satse, enten det er på land, kystnært eller langt til havs.

Frå bakre rad Ein av dei mest sentrale personane på Fjord Base, Oddgeir Igland, stod i bakgrunnen under det offisielle programmet. Han stiller seg ikkje fremst når bilda skal takast, men følger med frå bakre rekke. – Såg du føre deg at det skulle bli

satsing innanfor fisk og oppdrett på land då basen i si tid vart opna? – Vi har hatt planar lenge, og rett før år 2000 starta vi å tenke på kva vi skulle finne på etter kvart som oljeaktiviteten vart redusert. No har vi mange nye prosjekt på gang som til dømes satsing på hydrogen og etter kvart havvind. Eg er positiv og ser lyst på framtida. Her er rikeleg med moglegheiter og eg er no berre 70 år, ler han.

Egil Aardal


Hav av moglegheiter 2021

Vi skal forvalte marine næringar og ressursar, slik at det vert skapt verdiar for samfunnet, både i dag og for framtidige generasjonar. fiskeridir.no

Laboratorium med lang erfaring og høy kompetanse på mikrobiologiske og kjemiske analyser av næringsmiddel, vann og miljø. 6718 Deknepollen, tlf: 57 85 35 11, lab@matmiljo.no www.mat-miljo.no Akkreditert laboratorium etter NS-ISO/IEC 17025

Livet i havet – Vårt felles ansvar

Framtidas fôrråvarer. Knutepunkt Florø Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt regionen vår til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø.

www.florohamn.no

Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, containerfarty, supplybåtar, fiskefarty, brønnbåtar og fraktebåtar som syner byen sine maritime tradisjonar. Florø si rolle som eit viktig knutepunkt vert i tillegg ivareteke av flyplassen, rett i nærleiken. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen; · Direktefly til og frå Oslo og Bergen · Hurtigrute · Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn. · Regelmessige avgangar. Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@kinn.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40 ORØ HAMN FL

Nordfjord Forsøksstasjon skiftar namn til NorForsk og held fram w

ww no .florohamn.

med å forske på framtidas fôrråvarer.

31


32

Hav av moglegheiter 2021

Seglet: Glasbygget forma som eit segl skal etter planen innehalde visings- og forskingssenter i kombinasjon med kontor.

ILLUSTRASJON: STADSUTVIKLAREN

SjømatStaden satsar på å lande Bryggja: Konsesjonar i miljøteknologiordninga frå Næringsog fiskeridepartementet er ifølgje dagleg leiar Lars Endre Myklebust i Kalnes Salmon midt i gata til storsatsinga SjømatStaden.

Det var i juni at partnerane Kvernevik og Eide Fjordbruk presenterte satsinga SjømatStaden på Kalneset på Bryggja med ei storstilt lansering. Det var stil med kvite dukar på borda, og tett mellom politikarar, byråkratar, finansfolk og sentrale personar i sjømatnæringa. Og illustrasjonane som vart presenterte, med det iaugnefallande bygget «Seglet» sentralt plassert i miljøet, representerer ein type tankegang vi ikkje er bortskjemt med i Nordfjord. Hadde det ikkje vore aktørar med store finansielle musklar involvert, kunne det fort vere grunn til å stille spørsmål ved realismen. Men i Eide Fjordbruk har det lokale selskapet Kvernevik fått inn ein samarbeidspartnar med både oppdrettskompetansen og solid økonomi. Verksemda med base i Hålandsdalen i Sunnhordland hadde ein omsetnad på 812 millionar kroner i 2020. Kvernevik sit på eit av dei største ledige næringsareala i Nordfjord, etter at dei overtok tomta der Sibelco tidlegare skipa ut olivin frå Lefdal Gruve. Her er om lag 100 mål tilgjengelig næringsareal, der 55 mål er tiltenkt sjømatsatsinga. Området har allereie djupvasskai. At fjorden er 300 meter djup i området gjer at det blir sett på som eigna til oppdrettsaktivitet.

– Moglegheitsstudie – Det er viktig å understreke at det som vart lagt fram i samband med presentasjonen, var ein moglegheitsstudie. Men vi ser det absolutt som realistisk å gjennomføre, seier

Lars Endre Myklebust. Ålfotaren er henta inn som ei administrativ kraft i hardtsatsande Kvernevik Gruppa AS, der far og son Oddgeir og Oskar Kvernevik er i ferd med å utvikle maskinentreprenørverksemda til eit konsern som i tillegg omfattar både byggverksemd og sjømatplanar. Myklebust er sentral i arbeidet med SjømatStaden, saman med dagleg leiar i Eide Fjordbruk Sondre Eide og dagleg leiar og styreleiar i Kvernevik Gruppa Oskar Kvernevik. Prosjektet inkluderer både visingssenter og forsking, samt kontorlokale. Det er planar om oppdrett av andre artar, i tillegg til dei tradisjonelle laks og aure. Sjølve forretningsideen går ut på eit landbasert smoltanlegg der yngel står på land til ein viss storleik i eit resirkuleringsanlegg, før han blir plassert i lukka anlegg i sjøen utanfor. I dei lukka anlegga skal ein ta opp slam frå produksjonen og dermed hindre ureining i fjorden. Slammet skal ein på same måte som i eit landbasert oppdrettsanlegg føre inn i kjeda for sirkulærøkonomi, til dømes som gjødsel.

Miljøteknologiordning I august gjekk Nærings- og fiskeridepartementet ut med ei ny miljøteknologiordning, i tillegg til veksten som blir tilboden på vanleg måte gjennom trafikklyssystemet. Nordfjord er for tida i raud sone i dette trafikklyssystemet, og inntil ein kjem seg tilbake til grøn sone, er her ikkje høve til å auke volumet. Med mindre ein klarer å produsere

oppdrettsfisk på nye måtar som ikkje ureinar. – Det er her snakk om ei eiga konsesjonsordning for lukka anlegg i sjø. Ordninga er midt i gata for det vi driv med. Vi jobbar med dette no med sikte på å få på plass ein konsesjon. Blir ordninga søkbar før sommaren og vi får konsesjon, kan det vere realistisk å ha fisk i eit lukka anlegg i fjorden i løpet av 2023 som eit pilotprosjekt. Stad kommune jobbar samstundes med ein plan for sjøareal. Fleire prosessar pågår samstundes i ulike delar av det offentlige systemet. Når det gjeld den kommunale planen, har vi god kontakt med det politiske og administrative miljøet, og har god tru på at vi skal vere med der.

Kappløp Sjølv om tilrettelegging frå myndigheitene si side vart trekt fram som avgjerande for realiseringa då SjømatStaden vart lansert, trur ikkje Myklebust dei nye konsesjonane er skreddarsydd direkte for deira prosjekt. – Det er fleire som jobbar med det same, og det er eit kappløp. Vi er ein av fleire bodbringarar i saka, og har prøvd å informere miljøa som skal ta avgjerdene. Myklebust trur sjansane er gode for å kome i gang, blant anna sidan dei allereie har presentert eit prosjekt med høg miljøprofil. – Den nye ordninga legg opp til oppsamlingsgrad av slam på minimum 60 prosent. I høyringa vil vi vere tydelige på at vi skal gå for luk-


Hav av moglegheiter 2021

Vi har mye å lære av hverandre

Trekløver: Frå venstre Oskar Kvernevik, Lars Endre Myklebust og Sondre Eide var samla i samband med lanseringa av SjømatStaden i juni.

FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Helge Landøy, Landøy Fiskeoppdrett AS

Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære. Vi har også mye å lære bort.

Kan bli slik: Moglegheitsstudien ser for seg at det ferdig utvikla anlegget kan sjå slik ut.

Vil satse her: Det er på dette næringsområdet på Kalneset SjømatStaden skal etablerast.

ILLUSTRASJON: STADSUTVIKLAREN

FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

miljøkonsesjon ka teknologi. Det vil nok bli lagt opp som ein innovasjonskonkurranse, og vi trur lukka teknologi vil gje oss poeng. Det er snakk om 15.000 tonn biomasse i ordninga til saman. Det er ikkje veldig mykje, og det vil nok bli delt opp i fleire prosjekt.

Viktig for Vestlandet Myklebust trur det kan vere ein fordel at dei held til på Vestlandet, sidan det her er utfordrande å skape vekst. – Det er nokre prosjekt i NordNorge, men vårt er spesielt for Vestlandet. Det er her denne type utvikling er mest avgjerande å få på plass sidan vi for tida ikkje kan ha vekst. Det kan vere ein fordel for prosjektet vårt, trur Myklebust og peikar på at ein må tenkje nytt om ein skal nå målet om å femdoble sjømatproduksjonen innan 2050. – Då må vi ha løysingar som ikkje ureinar og vi må ha fleire artar. Vi meiner at lukka anlegg i sjø er vegen å gå om ein skal skape ei meir berekraftig næring. Anlegga i sjø kan enkelt takast bort utan spor, til skilnad frå landbaserte oppdrettsanlegg som set store sår i naturen, seier Myklebust. Han trur tida der ein på ein billig måte kan henge ei not ut i sjøen for å drive oppdrett, snart er forbi. Sondre Eide påpeika under lanseringa at det ikkje er logisk med gratis konsesjonar for landbasert oppdrett, som er både areal- og kostnadskrevjande, medan det ikkje finst regulativ eller økonomis-

ke insitament dersom ein vil flytte tilsvarande miljøvennlige anlegg ut i sjøen. Ordninga er no på høyring med frist 14. januar.

Tiårsperspektiv Myklebust seier utviklinga av anlegget vil skje ved at ein parallelt med å setje fisk i sjøen så raskt som råd, startar grunnarbeidet på land. – Grunnarbeidet for heile prosjektet må skje i ein gong. Så vil utviklinga skje trinnvis. Ser vi framover i eit tiårsperspektiv, tenkjer vi oss at det meste skal vere på plass. Ifølgje Myklebust jobbar dei også videre med planane om ei 3,3 km lang sjøleidning som skal føre spillvarme frå Lefdal Mine Datacenter til Kalneset. Varmegjenvinning vil gje prosjektet nok eit grønt stempel. – Planen er å ta varmen frå røyrleidninga i land og bruke den til oppvarming av bygg og landbasert oppdrett. Lefdal Mine Datacenter er lansert som eit grønt datasenter der serverane blir kjølt ned av vatn frå fjorden. Det er lagt store rørsystem ut og inn av gruva der sjøvatnet går. Prinsippet er henta frå kjølesystem frå båtar og skalert opp. No kan altså varmen frå serverane bli gjenbrukt til oppvarming på Kalneset, i staden for at han går i sjøen.

JØRN-ARNE TOMASGARD

Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære av våre kollegaer i oppdrettsbransjen. Mange tiårs samarbeid med våre partnere i næringen og kunder over hele verden har gitt oss kunnskap som andre kan ha nytte Prat osspåpå telefon 57 75til00 00, jobber med av. Vi vilmed være med å utvikle kompetansen alle som oppdrett, salg og videreforedling av laks8og ørret. eller kom innom Fugleskjærgt. i Florø

besøk oss www.norwell.no Prat med oss på på telefon 57 75 00 00, kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø, eller besøk oss på www.norwell.no Your source of seafood value

Your source of seafood value

ORIGOD – den fleksible samarbeidspartneren

Døgnbemanna vakttelefon 940 15 823 918 08 644

MEKANISK AVDELING Produksjonsavdelinga vår kan tilby eit bredt spekter av mekaniske varer og tenester. Origod AS har lang erfaring innanfor aluminium, rustfritt og syrefast. Maskinverkstaden vår har ein moderne maskinpark der vi kan utføre allsidig bearbeiding. MASKINPARK • Sveisemaskiner TIG/MIG/ MAG • Hydraulisk presse • NC kantpresser • Profil og kombisaks • Platesakser • CNC maskineringssenter • CNC dreiesenter • Dreiebenk

• • • • • • • •

Brennebord Fres Borverk Valse Pulver lakkeringsanlegg Profilvalse Plansliper og bladslipere 5 tonns traverskran

Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no A til Å - www.atilaa.no I

Foto: Photoevent

33


34

Hav av moglegheiter 2021

Med ny biobank skal desse til friskare fisk, auka berekra

MMR Ocean Blue: Med sin «Aqualab» og biobank har forskingsstiftinga MMR Ocean Blue i Måløy utvikla eit konsept som skal gjere det mykje enklare å forske på fisk og andre marine ressursar over tid. Frå venstre: Julie Trollebø Kvalheim, Trond Briskeby, Renate Rimstad Bøe og Marharyta Kryva.

alle Foto: Gjert Myrestrand

Måløy: Forskingsstiftinga MMR Ocean Blue i Måløy har etablert ein biobank som skal gjere det enklare å forske på fisk og andre marine ressursar.

Mobilt laboratorium:

Nordfjord Forsøksstasjon var først ute med å ta i bruk MMR Ocean Blue sin Aqualab. Det mobile laboratoriet står her ved merdkanten til Eide Fjordbruk sitt oppdrettsanlegg ved Isane i Bremanger.

Biobankar, i kombinasjon med tilhøyrande datatenester, er blitt eit stadig viktigare verktøy i biologisk baserte næringar og forsking. Dette skuldast blant anna eit stadig sterkare krav om dokumentasjon på biologiske produkt som mat, fôr og medisinar. Det er også sannsynleg at framtidig forvalting av marine ressursar i større grad vil basere seg på forskingsresultat som er utvikla gjennom analysar av prøver frå marine biobankar. No har forskingsstiftinga MMR Ocean Blue i Måløy ferdigstilt ein pilot-biobank som skal fremje forsking på fisk og andre marine ressursar. Det er det kombinerte sjømatselskapet og reiarlaget Babord AS som har finansiert og bygd lokala til biobanken som ligg på Raudeberg ved Måløy, medan forskingsstiftinga sjølv har investert i utstyret, som fryseeiningar, laboratorieutstyr og overvakingssystem.

Ein heilt spesiell fryseboks Biobanken består i praksis av fryseeiningar som held ned til 80 minusgrader. Desse skal ta vare på biologiske prøver som forskarane i MMR, veterinærar eller andre fagpersonar tar, i for eksempel oppdrettsanlegg i regionen eller på fiskefartøy. Det er også bygd eit eige

laboratorium i tilknyting til sjølve biobanken. – Dette er den sentrale eininga i biobanken, seier forskar ved MMR Ocean Blue, Renate Rimstad Bøe, mens forskarkollega Marharyta Kryva opnar døra til ein stor frysar som står plassert i Babord sine lokale på Raudeberg. Frostrøyken står ut av den store frysaren, som til kvar ei tid held ein temperatur på 80 minusgrader. – Det er i denne spesielle frysaren at vi legg inn eksempelvis vevsprøver for langtidslagring. Når det er snakk om langtidslagring, må det vere så kaldt som 80 minus, fortel Rimstad Bøe. Biobanken er avhengig av at prøver som blitt tatt ute «i felt» på oppdrettsanlegg raskt kan frysast ned, og at prøvene er av god kvalitet. Dette løyser MMR med sin «MMR Aqualab», ei mobil konteinarbasert laboratorieløysing on-site som varetar gode arbeidsforhold og sikrar kvaliteten på prøvene. MMR Aqualab er tilrettelagt for prøvetaking, og inneheld eit lite fryseskap som held ned mot 80 minusgrader, der prøvene raskt kan bli plassert og vere til dei blir overført til den sentrale biobanken. Overføring frå akvalaben til biobanken skjer i ein flyttbar fryse-

boks, som også held svært låg temperatur.

Kan ta prøver ute i felten – Akvalaben som vi leiger ut til Nordfjord forsøksstasjon blir i praksis det vi kallar ein distribuert biobank. Her kan prøver bli lagra mellombels før dei blir flytta hit til den sentrale biobanken av oss, i små mobile frysarar, seier Julie Trollebø Kvalheim, som også er forskar ved MMR Ocean Blue. Ei typisk prøve som blir lagra i biobanken kan vere ei vevsprøve frå tarmen eller ei blodprøve frå oppdrettsfisk. – Gjennom blodprøver kan vi også forske på fisken sitt DNA og genetikk over tid, seier Trollebø Kvalheim. – Konseptet vi har utvikla gjer det mykje lettare å hente inn relevant materiale og data for å forstå det biologiske samspelet i og rundt akvakulturanlegga. Vi ser umiddelbar nytteverdi innanfor viktige fagfelt som dyrevelferd og fiskehelse, utvikling av nye berekraftige produksjonsformer og forståing av lokale økosystem og biologisk variasjon, seier dagleg leiar i MMR Ocean Blue, Trond Briskeby. – Ved å kunne tilby marknaden sikker og langsiktig lagring av bio-


Hav av moglegheiter 2021

e forskarane bidra aft og verdiskaping logiske prøver, utvidar vi moglegheitsområde for auka forsking og kommersialisering av forsking for våre kundar, seier han.

– Tett samarbeid stadig viktigare Professor Øyvind Øverli ved NBMU på Ås har jobba tett med MMR Ocean Blue, og med Aqualab- og biobank-konseptet. – Det blir stadig viktigare med tett samarbeid mellom akademisk sektor og bedriftene for å auke berekrafta innanfor akvakultur og annan sjømatproduksjon. Eit feltlaboratorium ute hos oppdrettar er nyttig for forskingsformål og kan løyse viktige logistikkutfordringar. At MMR kan tilby slike tenester for koordinering og innhenting av relevant biologisk prøvemateriale, kombinert med lagring, biobank og distribusjon, gjer det mogleg med lokalt forankra forskings- og utviklingsarbeid, seier Øverli, og peikar på at NMBU ser ein umiddelbar nytteverdi. – Spesielt innanfor viktige fagfelt som velferd og helse hos oppdrettsfisk, utvikling av nye produksjonsformer, og betre utnytting av ulike naturressursar til mellom anna fiskefôr.

Trur på moglegheitene – Vi ser mange spennande moglegheiter i biobanken, seier dagleg leiar i reiarlaget og sjømatselskapet Babord AS, Agnar Lyng, om biobanken som ligg i eit spesialbygd rom i Babord sine lokale på Raudeberg. Det er Babord som har stått bak både finansiering og bygging av fasilitetane som blir leigd ut til MMR Ocean Blue. – Vi har diskutert korleis vi skal samarbeide, men vi er enno på eit litt tidleg stadium. Vi tenker på moglege forbetringar i heile verdikjeda, frå rogn til konsumferdig produkt. Vi har også planar som har å gjere med båtane våre, der vi kan gjere ulike sammenlikningar i alle trinn frå fangst til kunde. I tillegg kan kanskje satsingar som den lo-

Trur på samarbeid: Professor Øyvind Øverli ved NBMU på Ås har jobba tett med MMR Ocean Blue, og med Aqualab- og biobank-konseptet.

Har bidratt med finansiering:

Dagleg leiar i Babord AS, Agnar Lyng, ser spennande moglegheiter med biobanken. kale torskeoppdrettsetableringa til Gadus Group også dra nytte av biobanken, seier Lyng. Han trur biobanken vil bidra til meir systematisering i forsking og utvikling for selskapa som bidrar. – Alternativet for oss vil vere å leige inn andre forskingsmiljø med eigne biobankar langt unna. Men kvifor ikkje heller samarbeide med eit lokalt kompetansemiljø? Her kan dei jo også trekke til seg doktorgradsstudentar frå NMBU på Ås som kan bruke tid på å forske på ting som har kommersiell verdi for oss som driv med fisk. Eit eksempel kan vere å finne svar på kva som kan gi fisken lenger haldbarheit og auka hylletid.

Gjert Myrestrand

Jobbar mot eit mål: Linn Haug Eide tar doktorgrad i fiskehelse. Ho bruker akvalaben som Nordfjord Forsøksstasjon har plassert ved Eide Fjordbruk sitt oppdrettsanlegg i forskinga si. Målet er å utvikle eit berekraftig fiskefôr basert på alternative råvarer.

WEST 590 Pro

- forbedret og forsterket for fritidsfiske. • • • • •

Lengde 5.9 m Bredde 2.2 m Vekt 500 kg Maks motorvekt 188.5 kg Maks motor effekt 59.8 kW (80 HK)

• • • •

Motor stamme Lang Maks antall personer 8 Maks last 800 kg Maks dybde 0.44 m

Pris starter

175.00på 0,ink. mo m m/40hk s (båt motor)

VERLO AS

57 85 11 77 90 91 91 96

Doktorgrad: Marharyta Kryva er forskar ved MMR Ocean Blue. Ho har doktorgrad i miljøvitskap, og bruker biobanken i sitt daglege arbeid for Foto: MMR Ocean Blue forskingsstiftinga.

www.verlo.no Industrivarer • Spesialvarer Båtslipp • Jernvarer • Mek. verksted

35


Hav av moglegheiter 2021

Havlandet Profesjonell landbasert oppdrett av torsk, laks og berggylt på Fjord Base. Samt laboratorietjenester med våtkjemiske og mikrobiologiske analyser.

Det beste teamet Havlandet Havbruk Eurofins Havlandet Havlandet RAS Pilot Havlandet Marin Yngel


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Hav av moglegheiter 2021 by Bergensavisen - Issuu