1 minute read

Eldhusbakarane på Tysse

Ein vellukka førjulsarrangement er over og mange kunne gle seg over brød, dessertar og småkaker frå Eldhusbakarane på Tysse, på Lillingstonheimen, som Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane driv. Vi spør Hilde Ramstad Haugsbø i bakarlaget:

Kor mange er de i laget og kor ofte møtast de? Vi er ni damer som møtast annankvar måndagsettermiddag og bakar, i sommarhalvåret. Kor mange gonger vi bakar vil variere frå år til år då vi er avhengige av noko varme i veret for at brøda skal heve. I år kunne vi strekke sesongen noko fordi vi har fått restaurert taket på eldhuset og dermed er det litt lettare å få opp varmen inne.

Alexander Rauboti med bakedamer f.v.: Hanne Grete Øen Brendehaug, Nina Aas, Hilde Ramstad Haugsbø, Henny Vågane, Liv Østrem, Esther Alisøy, Lise Brandal og Hjørdis Åsnes. Foto: 

Kor mykje baka de til «førjulshyggjen» laurdag? Vi sette faktisk ny rekord i tal brød denne helga. Det vart steikt 162 brød i bakaromnen, fordelt på fredag kveld og laurdag føremiddag. For å få dette til måtte vi fyre opp att i omnen laurdag morgon. I tillegg baka vi to sortar lefser og elles 13 ulike sortar søte kjeks og kaker til kakebordet. Vi laga også tre sortar dessertar, heimelaga ripssaft og lemon curd til Alexander sine scones. Alt gjekk med!

Kva går inntekta frå bakarsalet til? Eldhusbakarane på Tysse har som målsetting å vidareformidle kunnskap om bruk av vedfyrt bakaromn og baking. Vi bidreg til opprusting og vedlikehald av eldhuset for å tilretteleggje huset for baking og aktivitetar kring den vedfyrte bakaromnen. Vi brukar litt på bakeutstyr og vi har brukt noko på å kurse oss i baking i vedfyrt omn. No har vi lyst å lære meir om baking med surdeig, så kanskje det vert kompetanseheving i laget. Det er veldig kjekt for oss å samarbeidet med Alexander A. Rauboti på Lillingstonheimen om eit slikt arrangement der han opnar opp huset og vi får bake og vere med å stelle i stand til selskap.

Foto: Hilde R. Haugsbø,Liv Østrem og Guri Høstaker Nordheim