Page 1

Jubileumsfesten 18.–22. september

Bla

om

www.sfj250.no


Bli med på festen Det er eit mål at 250-årsjubileet blir markert i alle kommunar i fylket. I tillegg blir det ei rekke større arrangement og konferansar. Små og store arrangørar er innbedne til å delta i jubileet. Gjennom heile 2013 har vi søkelys på historie, samtid og framtid i Sogn og Fjordane. Det skjer gjennom aktivitet, underhaldning og debatt, der heile fylket er med.

Hovudkomiteen • Fylkesordførar Åshild Kjelnes, leiar • Jenny Føllling, leiar i KS i Sogn og Fjordane • Nils Gjerland, leiar i Hovudutvalet for kultur • Fylkesmann Anne Karin Hamre. • Bård Haukedal, Den norske kyrkja

Prosjektleiing Administrasjonen av jubileet er lagt til kulturavdelinga i fylkeskommunen og til fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad. Prosjektleiar er Edvin Helgheim.

www.sfj250.no E-post: postmottak.kultur@sfj.no


Velkommen til jubelveka 18.–22. september

Historieseminar «Folk og fylke, før og no» Sogndal/Høgskulen 18. september kl 10-15.30

Bursdagsfesten Leikanger, 19. september frå kl 10. Opning av Amststova Opptog, torg med mat og aktivitetar, utstillingar 4 veteranbåtar legg til kai Mentsen Ernst spring i mål Kulturfest og ungdomskonsert i Saften

Framtidskonferanse Balestrand, 20. september kl 09.45-15.30 Ein konferanse der ungdom legg premissane

Kyrkja markerer jubileet 22.september Festgudsteneste i alle kyrkjelydar


Folk og fylke, før og no Historieseminar, Sogndal 18. september Eit firebandsverk om historia til Sogn og Fjordane er under arbeid, og forfattargruppa vil presentere ulike tema frå historia til fylket . Det blir eit spennande møte med tiledels ukjende sider i fylket si historie. Forvaltning og styring 1763, 1862, 1964: Anders Timberlid tek føre seg utviklinga i amtsmannsembetet. Flyttinga av embetet den fyrste tida og plasseringa på Leikanger frå 1862. Hege Roll-Hansen går inn på i «stortida for fylkeskommunane» etter 1964, mellom anna det krevjande tilhøvet mellom demokratisk styring og effektiv tenesteyting. Meir opprørske eller lydige? Harald Krøvel ser på tilhøvet mellom folk og styrande på 1600- og 1700-talet, mellom anna om folk i Sogn og Fjordane var meir opprørske eller meir lydige enn andre stader. Oddmund L. Hoel vil ta føre seg tilhøvet mellom politiske val og kulturelle særdrag ved fylket i tiåra fram mot andre verdskrigen. Seminaret går frå 09.30–15.30 i auditoriet på Høgskulen. Seminaret er gratis. Påmelding innan 15. august.

Fullstendig program og påmelding: www.sfj250.no


Framtidskonferansen Balestrand, 20. september

Innleiarar utanom representantar for elevbedrifter og studentmiljø: - Heidi Aabrekk, dagleg leiar i In Tempo AS - Njål Hansen Wilberg, dagleg leiar Beat - Carol Dralenga, forskar Vestlanadsforskning - Justin Mulindabigwi, rådgjver Lotteri og stiftingstilsynet - Knut vareide, regional utvikling trelemarksforskning - I panelet utanom innleiarar: Arvid Andenes, Jan Heggheim og Åshild Kjelsnes Målgruppa for konferansen er ungdom, studentar, politikarar, offentleg administrasjon, næringslivsaktørar m.fl. Konferansen går på Kviknes Hotell 20. september kl. 09:30–15:30 Konferanseavgifta er sett til kr. 750, og påmeldingsfristen er 15. august.

For meir informasjon og påmelding: Sjå www.sfj250.no

A til Å - www.atilaa.no

Korleis ser ungdomen på ei framtid her i fylket, og kva er gode strategiar for gode lokalsamfunn og vekstkraftig næringsliv? Elevbedrifter og ungdomar vil presentere sine scenario og visjonar for framtidas Sogn og Fjordane, og vi får også høyre om unge gründerar sin erfaringar med å skape og drive bedrift her i fylket. Konferansen ser og på vellukka integrering av minoritetar, og kva som skal til for å sikre auka medverknad i samfunns- og arbeidsliv. Ungdomsvisjonar og øvrige programbidrag vil utgjere bakteppet for ein paneldebatt om framtidsutsiktene for Sogn og Fjordane der sentrale næringslivstoppar i fylket vil delta.

Trykk: Natvik

Konferansen blir eit spennande møte mellom ungdom og samfunns- og næringsliv rundt problemstillingar som er relevante for framtidas Sogn og Fjordane.


Den store bursdagsfesten Leikanger 19. september 10:00 Opning av Amtskontoret. Fylkesmannen og kommunen arrangerer. Folkemusikk av Myklemyrjentene. Amtskontoret blir ope heile dagen, orientering og utstilling 12.00 Veteranbåtane kjem inn. Opne båtar heile dagen. Svanhild, Haugefisk, Nybakk. Fjordaferd med Atløy. 12.00 «Forhøyr» i bibelsoga. 13.00 Folketog/kostymetog. Hest og kjerre med Amtmann,prest og lensmann. Spelemann, musikklaget. Skulane i Leikanger, frivillige organisasjonar og alle som vil er velkomne. 14.00 Stort kulturprogram i Saften. Med dei beste vi vi har i Sogn og Fjordane. Markering av bursdagen. Gratis! 15.45 Torget opnar. Sal av tradisjonell og kortreist mat, grilling. Leikanger mannskor og damekor, jakt- og fiskelaget og lokale bedrifter deltek. Utstillingar: Kvinnerøyster frå Sogn og Fjordane og biologisk mangfald (i Saften), og utstillingar på veteranbåtane. Herman og Fjordkroa vil selje mat heile dagen. 16.00 Mensen Ernst går i mål! Terje Lyngstad i lag med idrettslaget SYRIL

9.00 Ungdomskonsert i Saften. 1 Tone Damli og lokale aktørar. Billettar: Følg med på www.leikanger.kommune.no

Sfj 250 jubileumsprogram  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you