1 minute read

Øyhopping til Nord Solund s

ØYHOPPING TIL NORD SOLUND

Opplev historiske Buskøy. Bli kjend med historien og nyt den vakre naturen heilt ute i havgapet i Nord Solund.

Frå Hardbakke kan du bli med båten MS Solvik på øyhoppingstur i Nord Solund. Båten vil stort sett gå i roleg farvatn der ein passerar tronge sund og små bustader. Båtførar guider undervegs. Båten stoppar på Buskøy der ein får guida omvising til avrettingsstaden. Etterpå kan du utforske den gamle handelsstaden på Buskøy på eige hand. Her får du innblikk i stadens historie og dei ulike verksemdene som har vore på den gamle handelsstaden.

Etter stoppet på Buskøy fortset turen gjennom dei små øysamfunna før den går i retur til Hardbakke. Det vil bli sal av drikke, kaffi og vaffel på Buskøy. Det er også mogleg å kjøpe lunsj med suppe og brød. Lunsjen må tingast på førehand gjennom bookingsystemet.

INFORMASJON OG BESTILLING

SESONG Kvar torsdag og sundag i perioden 24. juni – 15. august

BESTILLING Kjøp billett på fjordkysten.no/nordsolund eller reserver plass ved å ringe 57 74 30 00 seinast dagen før.

DETTE OPPLEVER DU

11.00 Avreise med båten frå Hardbakke i Solund 12.00 Ankomst Buskøy med guida tur til avrettingsstaden 12.45 Besøk den gamle handelsstaden og utforsk Buskøy på eige hand. Her kan du nyte eit godt måltid medan du nyt utsikta over hamna. 14.15 Avreise frå Buskøy 15.00 Ankomst Hardbakke

PRIS Vaksen/Honnør: 600,- Barn (4 – 16 år): 300,- Barn (0 – 3 år): GRATIS

This article is from: