
1 minute read
Kvernsteinparken s
KVERNSTEINSPARKEN
Bli med på steineventyret!
Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Vi tar deg med på ei reise tilbake i tid då det var stor aktivitet i Hyllestad! I hundrevis av steinbrot jobba steinhoggarar og tok ut kvernstein etter kvernstein. Kvernstein var noko alle måtte ha. Utan kvernstein ikkje noko mjøl – og ingen mat! Kvernstein i hundretusental forlét Hyllestad og vart seld i heile Noreg, Danmark og Sverige. Her er det snakk om stor industri, dyktige handverkarar, drevne handelsfolk og mykje pengar!
I Kvernsteinsparken ventar deg ein fin tur gjennom steinbrotslandskapet. Etter turen kan du prøve deg som steinhoggar, male korn, bake brød, lage klebersteinsmykke eller kose deg ved bålet med kaffi og noko godt å ete.
OPNINGSTIDER
19. juni – 15. august, tysdag – sundag kl. 11.00 – 16.00. Utanom opningstida kan du gå tur gjennom parken på eiga hand. PRIS: Vaksne kr. 60,- / Barn (7 – 17 år) kr. 30,- / Barn (under 7 år) GRATIS MAT: Vi serverer kvernsteinsbrød, sveler og kaffi. GRUPPETILBOD: Omvising på norsk, engelsk, tysk (1 t, kr. 1.000,- maks 25 personar) KONTAKT: Tlf. 458 71 940 · post@kvernstein.no · kvernsteinsparken.no