PRO Aktiv – Sal, service og reiseliv

Page 1

Sal, service og reiseliv


Med lidenskap for syklar, ski og sal Ny dag – nye moglegheiter, kjem det friskt frå lærling Erik Alnes Litsheim (19), i det han entrar læreplassen sin Chatlet Sport1 Førde. Eg må ha ein god kopp kaffi før fingrane er klare for å skru på syklane, smiler han til fagansvarleg Silje Valle Ytterhaug. Ho fortel at det er første gongen dei har lærling i butikken, – og vi har kursa oss litt for å kunne gjere ein god nok jobb. Lærlingen kjente vi frå før, sidan han har vore ekstrahjelp på butikken i eit par år. Ja, eg har brukt to år på å selje meg inn, kjem det kvikt frå Erik. staden. Han skremde meg litt då eg starta med å seie; «Viss du trur du er ferdig utlært, så er du ikkje utlært – men ferdig». Fordelen med å ha ungdommar i butikken, som er interesserte i faget, er at dei tar ting veldig kjapt, skyt Silje inn. Dessutan er det viktig å få inn litt nytt blod i kollegiet. Erik er utvilsamt eit friskt pust, som likar å prate med alle, og som heller ikkje er redd for å spørje om råd når han treng det.

Førdeguten Erik er 2. års lærling, og stortrivast i sportsbutikken på Førde Torg. Eg jobbar først og fremst på sykkelverkstaden og med montering av ski på vinteren, men elles er eg stort sett ei potet. Erik er glad i å prate med folk, og trivast godt med sal og servicefaget. Det er veldig kjekt å kunne hjelpe kundane. Når kundane er fornøgde veit eg at eg har gjort noko ordentleg.

Skulelei på ungdomsskulen Planen min var nok i utgangspunktet å gå studiespesialisering, men så vart eg så dritlei det siste året på ungdomsskulen. Det var ein fin måte å få arbeidserfaring å starte på faget sal og service, og så jobbe som ekstrahjelp her på butikken. Tanken var at eg skulle gå VG3 og påbygg, men så kunne eg jo vere lærling her – og det passa meg veldig godt. Lønn under utdanning og å kunne få jobbe med ting som interesserer PRO Aktiv

meg er heilt supert. Tidlegare var eg aktiv i fotball, sykling og ski, men no har eg enda opp med langrennsporten som satsingsområde.

Lett kontakt med folk Eg får mange forskjellige oppgåver her, alt i frå å skru syklar og hjelpe kundar, til å hente posten, rydde, ta telefonen og køyre papp og boss til Hesjedalen. Erik får lett kontakt med folk, og fortel at dei også har godt samarbeid med dei andre butikkane på huset. I tillegg har vi vareutveksling og samarbeid med Chatlet butikkane på Sandane og Eid. Erik er ein sosial type og er ikkje redd for å prøve nye ting.

Interesse for faget Sjølv om eg prøvde å selje meg inn som sykkelreparatør, så kunne eg nok ikkje så mykje då eg starta her. Eg har lært utruleg mykje av Kai Ytterhaug, som er sjef på verk2

Lage eigen kampanje Til helga skal butikken ha nattope, og då har Erik får i oppdrag å lage sin eigen kampanje – som ein del av førebuinga til fagprøva. På spørsmål om framtida er han meir usikker. Eg er ikkje så god på langtidsplanlegging, og har i grunnen nok med å stille vekkarklokka til neste morgon. Eg skal i militæret når eg er ferdig med fagprøva, så får vi sjå. Kanskje står eg plutseleg her og bankar på døra igjen.

www.pro.sf.no


Malene koordinerer og administrerer Malene Nummedal Bryn (21) kjem frå Vik i Sogn, der mamma har jobba innan sal og service i 25 år. Eg har vore med ho på både jobb og messer i oppveksten, så eg viste tidleg kva retning eg skulle satse på. I 10. klasse hadde eg dessutan utplassering på Fleischer Hotell på Voss, og den sommaren eg var 16 år hadde eg jobb som resepsjonist på hotellet. Å få vere med å påverke og forme gode opplevingar for gjestane gav meirsmak, smiler Malene. På Sogndal VGS gjekk eg «Service og samferdsle», og «Sal, service og sikkerheit». Etter det flytta eg og ei veninne til Førde, og eg starta som lærling først hos Biltema og så på Spar. Med fagbrev i salsfaget starta eg så å jobbe på Power. Eg stortrivast med å jobbe i butikk, og har god erfaring med meg frå ulike butikkbransjar. – Men, etter eit halvt år i jobb var eg klar for fagbrev nummer 2, fortel ei energisk Vikajente.

Orden og system Her på PRO-Vestland opplæring skal eg vere lærling i eit år før eg kan gå opp til fagprøva i «Service og administrasjon». Malene får god bruk for sine evner for struktur, orden og system. Ho styrer all postbehandlinga til opplæringskontoret. Kontoret har også ein 48-timers regel som seier at alle skal få svar innan denne fristen. Det er det mi oppgåve å passe på.

Rutinar gjer livet lettare Malene likar å ordne opp for folk, og det får ho verkeleg gjort i denne jobben. 21-åringen sørger for å booke møter og kurs, og får PRO Aktiv

alle lærlingane inn på rett plass i systemet – slik at alle veit kven som skal på kva kurs og samling. Eg sørger for å sette ting i system, og at det blir følgt. Rutinar er viktig, og gjer ting lettare for alle.

Internasjonalt arbeid Å vere lærling her betyr at ein får vere med på ting ein aldri får på andre arbeidsplassar, slår ho fast. Vi er med i eit europeisk utvekslingsprosjekt ERASMUS og eg har fått jobben med å koordinere turen med utanlandske gjestar i Norge. I den samanheng fekk eg vere med som observatør på ein tur til Frankrike, i tillegg til yrkes-EM i Gdansk. Neste år skal yrkes-NM gå av stabelen her i Førde, og dette er viktig læring for det arrangementet.

Kundeservice er eit isfjell Malene er veldig fornøgd med den vegen ho har tatt med tanke på utdanning, og seier at det ho driv med eigentleg er kundeservice. Det er som eit isfjell, forklarar ho. Salsdelen er toppen av isfjellet som du ser. Service og administrasjon er den delen du 3

ikkje ser. Det er det som må til for at alt skal gå rundt i ei bedrift.

Frå budsjett til skulebesøk I mitt fag er det uendeleg mange moglegheiter, smiler Malene fornøgd. Ho vurderer å ta økonomi og leiing på fagskulen i kombinasjon med påbygg etter at fagbrevet er på plass. Førebels er eg godt fornøgd med det eg held på med. Eg får prøve meg på alt frå budsjett til å reise på konferansar og skulebesøk. www.pro.sf.no


Målet er fornøgde kundar Vi er her for kundane, slår dei to lærlingane Silje Avsnes (18) og Martine Tjønneland (19) på Coop OBS Bygg fast. Anten vi skal lage til ei utstilling eller hjelpe kundar med å finne det dei leitar etter, så er hovudfokuset vårt kundepleie og god service. Butikken har eit overveldande vareutval, av alt frå lamper til skap og verktøy, og dei to lærlingane kan fortelje om ein variert arbeidsdag. Silje og Martine, som er 1. og 2. årslærlingar har begge starta på sal og service faget, fordi dei ville ta ei utdanning der dei kombinerte skule med arbeid. At ein kan tene pengar i læretida er eit ekstra pluss, smiler dei to fornøgd. Mange er skuleleie og veit ikkje kva dei vil når dei skal velje linje på vidaregåande. Då er det veldig greitt å ta eit fag der ein får både arbeidspraksis, løn og kjem ut med eit fagbrev.

Varierte oppgåver Martine har bestemt seg for å ta påbygg når fagbrevet er i boks. Målet er å bli eigedomsmeklar, og då trur eg det er veldig nyttig å ha eit fagbrev i salsfaget i botnen. Silje som er ferskare i faget vil i første omgang fokusere på fagbrevet i sal og service. Begge lærlingane skryt av arbeidsmiljøet på Coop OBS Bygg, og fortel at dei får vere med på alt frå å hjelpe kundar, vere i kassa, fylle på varer, bestille inn varer og å lage kampanjar og salstorg. Ingen

dagar er like og vi får heile tida utfordre oss sjølve.

Aldri kjedeleg Fornøgde kundar og kjekke medarbeidarar som har ein god

tone og støttar kvarandre, er den viktigaste grunnen for at vi trivast på jobb. Vi har aldri ein kjedeleg dag på jobben, og om vi gjer ein god innsats får vi meir spennande og utfordrande oppgåver.

Sal, service og reiseliv 2. år

3. år

Vg1 – Vidaregåande trinn 1

Vg2

Vg3, 4 – opplæring i bedrift

Sal, service og reiseliv

Service, tryggleik og administrasjon

Service- og administrasjonsfaget

Sal og reiseliv

Reiselivsfaget

Tryggleiksfaget

Salsfaget

4. år

A til Å • atilaa.no

1. år


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.