Ei bru til arbeidslivet I
OKTOBER 2016
Foto: Photoevent
NYTT FRÅ ORIGOD AS
HAVGLYTT FOR ALLE Huset er fylt med alt frå yoga til gode kaker. På kjøkkenet er det aktivitet kvar dag – alle kan komme og ete her eller kjøpe med seg ferdig middag heim.
SAMARBEID OG NYTENKING Margunn Frammarsvik tek i mot og rettleiar flyktningane som kjem til Florø. På Innvandrarsenteret koordinerar ho arbeidet med å finne gode løysingar for utdanning og arbeid. Les meir på side 3
Les meir på side 2
«KVALIFISERINGSGRUPPA» KARTLEGG KVA FOLK KAN OG VIL Målet er å få folk tilbake i arbeid. Dette krev tett samarbeid med mellom andre NAV og næringslivet. Les meir på side 4
ORIGOD BISTÅR FOLK TILBAKE TIL ARBEID Ønskjer du å få rettleiing i jobbsøking? Treng du å få utført ei mekanisk teneste? Ønskjer du ein samarbeidspartnar i rekrutteringa? Då er Origod bedrifta for deg. Vi er lokalisert i Havreneset i Florø og er ei attføringsbedrift med 50 tilsette. Origod leverer attføringstenester til NAV.
NYTT FRÅ ORIGOD AS
I
OKTOBER 2016
I kafeen vår kan alle som vil – uansett alder - komme og ete eller ta med seg maten heim. Fremst frå venstre Anja Runde og Wenche Iren Sommersedt Sandvik. Innfelt bilde frå venstre Iona Negrea Seles og Mika Therese Sunnarvik.
STIFTELSEN FLORA ALDERSENTER HAVGLYTT
HAVGLYTT for alle
Anja Runde, som står for den daglege drifta av Havglytt er opptatt av at huset skal vere eit hus for alle. Sjølv om intensjonane er at huset skal vere til fordel for dei eldre – så vil ho gjerne invitere «alle» inn i aktivitetshuset øvst i Hans Blomgate. Vi merkar at eldre ikkje er eldre lenger, seier Anja – og meiner at definisjonen har endra seg med åra. Mange av dagens pensjonistar er svært spreke og brukar tida si på turar og opplevingar. - Det kan godt kombinerast med dei tilboda vi byr på. – Huset er fylt med alt frå yoga til allsong, og på kjøkkenet er det full aktivitet kvar einaste vekedag, fortel Anja og viser inn på kjøkenet der personalet er i sving med dagens middag. Vi lagar gode heimelaga middagar og kaker. I kafeen vår kan alle som vil – uansett alder – komme og ete eller ta med seg maten heim. Vi har ein del faste gjestar, og spesielt torsdagen som er raspeballdag er populær. - Men det er plass til fleire, smiler Anja Runde, som meiner Havglytt har fått eit feil rykte som eit reint alderssenter. Havglytt er ei stifting, og tidlegare var det Flora kommune som drifta huset. Frå 2007 har kommunen bidrege med eit rammetilskot, men sjølve drif-
ta av huset er det Origod som står for, fortel Petter Refsnes. Vi har ein kjernestab på 5 personar i ulike stillingsstorleikar, som tek seg av kafeen, reinhaldet og uteområdet. Mykje av det som skjer på huset er drive av frivillige lag og organisasjonar, og så har vi ein stor grad av utleige av huset. Havglytt blir mykje brukt til minnestunder, og då er det som regel kafeen som leverer mat og elles legg til rette med det som trengs. Til andre tilstellingar som gebursdagar, barnedåp og bryllaup blir huset ofte leigd ut utan at vi leverer noko. Anja Runde fortel at dei har faste aktivitetar på huset, både på dag- og kveldstid. Det viktigaste er at huset er brukt og at folk trivast her.
Dropp inn på SENIORYOGA
Anita Vår Brendø, som til dagleg driv «Senter for levende helse» sit utanfor festsalen og tek varmt i mot godt vaksne personar, som gler seg til ein litt annleis treningstime. – Dette er veldig kjekke timar fortel Anita, som arrangerer senioryoga på Havglytt kvar torsdag klokka 11.00. Vi har ingen påmelding, folk berre kjem og blir med, og betalar kr 50 for kvar gong. Det er uforpliktande, men likevel har vi godt oppmøte. Som regel er vi mellom 15 og 28 personar – for det meste damer - men også eit par menn brukar å vere med. For meg er det heilt supert å få bruke desse lokala, og eg trur det er lettare for senioryogarane å møte opp her, smiler ein fornøgd instruktør. – Yoga passar for alle aldersgrupper, og gir god effekt på bevegelse, styrke, pust, konsentrasjon og kroppsbevisstheit.
NYTT FRÅ ORIGOD AS
I
OKTOBER 2016
HAVGLYTT Vedtaksfesta formål (1975) Å oppføre og drive et alderssenter i Flora til fordel for kommunens eldre innbyggere.
Faste dagaktivitetar: Måndag: Trim Tysdag: korøving seniorkoret «Sangglede». Seniordans. Onsdag: Strikke og maleaktivitetar Torsdag: Yogatrening Fredag (annankvar): Songtime med allsong og trekkspel. Kveldsaktivitetar / aktivitetar som ikkje er faste: 3 kor har øving her. Møtelokale med eller utan mat. Utleige i helgane til konfirmasjon, bryllaup, barnedåp, gebursdagar. Minnestunder med matservering. Faste lokale / kontor utleigd til: Frisør og massaje Frivillighetssentralen Revmatikerlaget.
Samarbeid og nytenking gir folk ein ny start Den viktigaste jobben til Margunn Frammarsvik, som har tittelen programrådgjevar på Innvandrarsenteret, er å rettleie dei som kjem til landet og treng hjelp til å finne vegen vidare i sine nye liv. - Vi tar i mot dei kommunen har vedtatt at dei skal busetje her, og vi er fire her på huset som koordinerer arbeidet med å finne gode løysingar for vidare utdanning og arbeid, fortel Margunn. Origod med sitt kontaktnett med næringslivet er ein veldig viktig samarbeidspart for oss i denne fasen. Mange av dei som kjem her manglar alt av papir og dokumentasjon på kva dei kan og kva dei har jobba med. Det betyr dessverre som regel ein lang veg fram til arbeid og eiga inntekt. Målet vårt er ei så rask avklaring som mogleg, slik at folk får den opplæringa og arbeidspraksisen dei treng. Å kunne språket er ein annan avgjerande faktor for å lukkast i arbeidslivet. Godt samarbeid med andre aktørar og nytenking er viktig for å nå målet. Arbeidserfaring og norskopplæring Margunn presiserer at det er avgjerande viktig at innvandrarane kjem seg ut og får oppleve det norske arbeidslivet. – Mange kjem frå land med ein heilt annan arbeidskultur, og spesielt mange kvinner har liten erfaring med å vere yrkesaktive. Gjennom Origod får dei ein kombinasjon av norskopplæring og arbeidspraksis. Dette gir som regel best læring, og på Origod er dei flinke til å følge opp både dei som er utplasserte og bedriftene.
«Ferien» på Origod På skulen her på Innvandrarsenteret har elevane berre 3 veker ferie, medan lærarane som jobbar her har vanleg skuleferie. Dette har vi løyst på ein god måte i samarbeid med Origod. Det starta sist vinterferie med at elevane var utplasserte på Origod. I sommar hadde dei eit opplegg på 5 veker og denne haustferien har og ein del vore på Origod. Vi får veldig gode tilbakemeldingar frå dei som har delteke på desse opplegga. Kjenne seg til nytte Kombinasjonen av opplæring og jobb gir utvilsamt best læring. Ein annan minst like viktig faktor er at dei kjenner seg til nytte. – For oss som jobbar med dette er det veldig spennande å sjå resultat av arbeidet vi gjer, seier Margunn. - Det viktigaste målet er at folk skal klare seg sjølve og fungere i sitt nye liv i Norge. Dette kan vi klare ved å ta i mot dei på ein god måte, der vi informerer godt og grundig om arbeidslivet og utdanningssystemet i
Norge. Kvar og ein får si individuelle plan, som skal hjelpe dei til måla sine om utdanning og kvalifisering som fører fram til ein jobb. Engasjement Margunn har jobba med innvandrarar i heile si yrkeskarriere, både hos A-etat og seinare NAV og no på Innvandrarsenteret. Ho fortel om ein kjekk og spennande jobb, der ho får innblikk i andre kulturar. Samtidig får vi innblikk i mange sterke historier, legg ho til.– Eg har jobba med innvandrarar sidan dei første tamilane og chilenarane kom til Florø. Det er spennand å jobbe med så mange ulike menneske og ein må kanskje ha eit ekstra engasjement for å holde på så lenge, smiler Margunn. Det er viktig å vere open og positiv til å prøve nye ting, og ikkje minst er gode samarbeidspartar og kollegaer viktige.
NYTT FRÅ ORIGOD AS
I
OKTOBER 2016
Denne gjengen har eit allsidig ansvar for å finne ut kva kvalifikasjonar og kompetanse arbeidssøkarar har. Saman med NAV, Innvandrarsenteret og det lokale næringslivet er jobben vår å få folk ut i aktivt arbeidsliv. Frå venstre Joakim Berg Sundsøy, Ole Morten Strømmen, Camilla Øvstetun, Anne Solheim Kleppe, Leif Dolve, Laila Andersen og Ellen Frøyen. Jan Midtbø var ikkje til stades når bildet vart teke.
Kartlegg kompetansen
Alle har rett på tilpassa og individuell opplæring, og gjennom det arbeidet kan dei få dokumentert kva som er deira reelle og formelle kompetanse, seier personalkonsulent Anne Solheim Kleppe. - Hovudoppdragsgjevaren vår er NAV, men også Innvandrarsenteret er etterkvar blitt ein viktig kunde hos oss. På den andre sida har vi det lokale næringslivet som er viktige samarbeidspartar. Dei tar eit stort samfunnsansvar ved å stille med praksisplassar. Tilbake får dei ei god rekrutteringsordning, der dei får prøve ut og bli kjent med arbeidskrafta før dei eventuelt tilset nye folk.
Kompetansebevis som satsingsområde Anne Solheim Kleppe legg vekt på at det skjer stadige endringar i Arbeid & Inkluderingsbedriftene. - Vi er avhengige av å tenke nytt og tilpasse oss marknaden, og er heilt avhengige av eit godt kontaktnett med næringslivet. Eit av dei viktigaste satsingsområda våre no - med så mange innvandrarar utan papir på kva dei kan - er å finne fram til den reelle kompetansen og gi dei eit handfast bevis. Med eit kompetansebevis i handa stiller dei mykje sterkare i arbeidssøkarkøa. Gjennom opplegget vårt kan vi kombinere språkopplæring
med fag som til dømes sal, service og reinhald. Kontaktnett med næringslivet Eit anna viktig arbeidsfelt er den såkalla jobbsøkarklubben. I tillegg til å kartlegge kvalifikasjonane til folk, får dei kursing i å skrive søknader og trening i jobbintervju. Her og er kontaktnettet mot næringslivet og praksisplassar avgjerande. Ole Morten Strømmen har hovudansvaret for å gå ut og skaffe nye kontraktar og han fortel om mange velvillige arbeidsgjevarar. - Men vi stiller sjølvsagt i konkurranse med andre aktørar og skular som også treng praksisplassar, seier han.
Utprøving før tilsetjing NHO sitt opplegget med «Ringer i vannet» er veldig godt mottatt hos næringslivet. Her må vi ut og kartlegge kva behov bedriftene har og inngå ei avtale før vi har ein kandidat klar. Når vi får treff med ein av våre arbeidssøkarar får dei tilbod om å teste ut kvarandre. Med dette opplegget må vi gjere oss godt kjende med bedriftene rundt oss. Her følgjer det dessutan med eit lønstilskot på 6 månader slik at begge partar kan sjekke ut kvarandre før ein går til det steget å tilsetje folk.
ORIGOD AS
Postboks 274, 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 • post@origod.no
www.origod.no
Origod har over 30 års erfaring med levering av attføringstenester til NAV. Vi har vore i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre. I dag er vi ei kompetansebedrift med medarbeidarar som har utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing og pedagogikk - med eit breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.
A til Å - www.atilaa.no
Den viktigaste jobben til «Kvalifiseringsavdelinga» hos Origod er å finne ut kva folk kan og vil, og å få folk tilbake i arbeid. – Vi er åtte personar som har dette som arbeidsfelt, fortel avdelingsleiar for Arbeid & Inkludering Ole Morten Strømmen – og ein viktig faktor for suksess er samarbeidet med bedriftene her i Florø. For dei som strevar med å få seg arbeid er det dessutan viktig at vi jobbar ein på ein. Det vil sei at både arbeidssøkarane og praksisbedriftene har ein fast person å halde seg til. Det skapar tryggleik og tillit.