Ei bru til arbeidslivet NYTT FRÅ ORIGOD AS
I
MARS 2018
NIPROX TECHNOLOGY
Avhengig av gode lokale leverandørar for å lukkast i marknaden Les meir på side 4
Jobbspesialistane kjem ...
2
2
Nytt flott skilt i Storåsen
ORIGOD BISTÅR FOLK TILBAKE TIL ARBEID Ønskjer du å få rettleiing i jobbsøking? Treng du å få utført ei mekanisk teneste? Ønskjer du ein samarbeidspartnar i rekrutteringa? Då er Origod bedrifta for deg. Vi er lokalisert i Havreneset i Florø og er ei attføringsbedrift med 50 tilsette. Origod leverer attføringstenester til NAV.
NAV FLORØ MED 3 NYE TILSETTE
Skal ut og banke dører Nye kostar kostar best, seier eit gammalt uttrykk. Difor har NAV Florø tilsett 3 heilt nye kostar – som skal ta seg av eit nytt arbeidsområde. NAV sitt mål har alltid vore å få folk i arbeid, men Stine Sortevik, Per-Øyvind Sørbø og Jon Eirik Lerum skal gjere jobben på ein ny måte. Dei har fått titlane «Jobbspesialistar», og det dei skal spesialisere seg på er å få folk raskt inn i varige tilsettingsforhold. Vi skal ikkje jobbe med lange avklaringar om kompetansebehov og andre utfordringar, forklarer Stine. Jobbspesialistane skal få folk rett inn i eit langsiktig arbeidsforhold - med vanlege lønnsforhold og rettar som alle andre ordinært tilsette.
... det som skil oss frå dei andre er at vi tilbyr skikkeleg lønna arbeid med uavgrensa oppfølging etter tilsetting ... Bli kjent med næringslivet Men, kan ikkje desse folka berre søke
på ordinære jobbar - og få ordinær tilsetting? Det er her Jobbspesialistane skil seg frå andre sakshandsamarar i NAV, fortel dei tre. Hugs at 70% av alle jobbar i Norge ikkje blir utlyst. Bedriftene veit nesten ikkje kva kompetanse dei har bruk, før den blir presentert for dei. Difor skal vi banke dører. Dersom vi blir sittande på kontoret er det teikn på at vi gjer ein dårleg jobb, smiler Per-Øyvind. Sjølv er han godt kjent i det lokale næringslivet, men no skal han bli endå betre kjent – og saman med Stine og Jon Eirik skal dei finne jobbar som matchar dei rette kandidatane. Skal bli verdsette Det er mange aktørar ute i denne marknaden, men NAV har heile tida vore oppdragsgjevaren til mellom andre Origod i Florø. Dei gjer gode jobbar med å kartlegge kompetansen og utfordringane folk har, men den delen med å ordne tilsettingar skal NAV meir og meir ta seg av sjølve. Vi skal ikkje berre ut og finne jobbane, forklarar dei tre. For at model-
len vår skal fungere må vi ha skikkeleg motiverte arbeidssøkarar. For mange kan det vere de-motiverande å gå gjennom ei lang mølle med utgreiingar og utprøvingar. Arbeidssøkarane opplever at dei får eit prøve-arbeidsforhold utan at arbeidet blir skikkeleg verdsett med lønn og rettigheiter på lik linje med andre. Det som skil oss frå dei andre er at vi tilbyr skikkeleg lønna arbeid med uavgrensa oppfølging etter tilsetting. Berre jobb Fordelen med at vi gjer dette arbeidet sjølve, presiserer Jon Eirik, er at vi er i eit miljø med dei andre sakshandsamarane hos NAV. Vi jobbar med dei same verktøya, kommunikasjonen går raskt mellom oss og vi får ei god oversikt over kandidatane vi kan tilby næringslivet og vise versa. Jobbspesialistane skal berre jobbe med jobb, dei andre på NAV skal ta seg av mange andre ting. Utfordringa vår er å bygge tillit og bli kjende med næringslivet og dei aktuelle kandidatane.
Det er kvardagsturane som er dei viktigaste, seier Siv Merete Stadheim som er leiar i Flora Turlag. Ho er på toppen av Storåsen i lag med folkehelsekoordinator i kommunen Elisabeth Solheim, Frode Ryland frå Origod og Trond Sagen frå A til Å. Folk i Florø er utruleg gode på kvardagsturar – takka vere åsane som ligg omlag midt i byen. Den flotte utsikta er viktig for turgåarane, og då er det ekstra kjekt at dei no har fått på plass ei tavle med bilde og namn på det ein ser i horisonten.
Frode Ryland frå Orgigod, Elisabeth Solheim, Flora kommune, Siv Merete Stadheim, Flora Turlag og Trond Sagen, Reklamebyrået A til Å.
Stine Sortevik, Per-Øyvind Sørbø og Jon Eirik Lerum skal ut og banke på dørene til næringslivet. Som jobbspesialistar i NAV skal dei få folk raskt inn i faste arbeidsforhold. Dei lovar uavgrensa oppfølging både før, under og etter tilsettinga.
Ny metode Dette er ein ny måte å tenke på for NAV-systemet, og vi må gjere ein del nybrottsarbeid. NAV Åsane har hatt eit pilotprosjekt så vi har kursa oss og lært mykje av naboane i sør. NAV i Førde starta opp nokre månader før oss, så her er
det også litt erfaringar å hente. På spørsmålet om dei berre skal halde seg innanfor kommunen er svaret klart. Vi må sjå heile regionen under eitt. Ein gong kan det vere ein Jølstring som passar for ei bedrift i Florø og omvendt. -Vi må sjå stort på det, og vi trur ikkje Origod blir
arbeidsledige med det første. Dei vil nok merke at vi er komne på bana, men vår metode er eit viktig supplement til andre metodar som er i bruk for å få folk i arbeid. Saman må vi gjere alt for at flest mogleg kan fylle dagen med meiningsfylt arbeid.
VI FORTEL KVA DU SER
- nytt flott skilt på Storåsen Første skiltet er kome på plass på Storåsen, og etterkvart vil det komme tilsvarande informasjonstavle på Brandsøyåsen. Elisabeth Solheim er sikker på at dette vil vere med på å betre turopplevinga. Eg har vore på mange turar der folk står og lurer på kva øyar og fjell dei ser. Det gjeld faktisk like mykje lokale folk som utanbys folk. No kan alle bli lokalkjende i eigen by, smiler ho. Kvalitetssikra Det er Elisabeth Solheim som har koordinert arbeidet. Trond Sagen i A til Å har designa skiltet, fått rett namn på rett plass og skaffa stativ. Båtførarane på skyssbåtane er dei sikraste kjelde-
ne når det gjeld å få på plass namna på øyane, fortel han. Frode Ryland på Origod er den som har hatt den praktiske gjennomføringa med å lage skiltstativet og montere det på Storåsen. Folka på verkstaden på Origod er problemløysarar og fiksar, seier Sagen. Dei kjem med
... dei nye skilta vil gje folk endå ein god grunn for å ta ein kvardagstur på åsane i Florø ...
innspel og tek utfordringa. Har ein følelse av at du kan spørje Origod om det meste. Samarbeid gir turglede Samarbeid må til, konkluderer folkehelsekoordinatoren, og neste prosjekt er å få tilsvarande skilt på Brandsøyåsen. Utan fiskefôrbedrifta Ewos Cargill hadde vi ikkje klart å finansiere dette avsluttar Siv Merete Stadheim i Flora Turlag. Ny statistikk viser at skilting og merking får fleire folk ut på tur. Dei nye skilta vil gje folk endå ein god grunn for å ta ein kvardagstur på åsane i Florø.
NIPROX TECHNOLOGY AS
Reint vatn med reine Florø-produkt
Vi har hatt ein god dialog gjennom mange år, fortel Inge Ellingsund til høgre. Her avtalar han nye leveransar frå Origod med Alan Rossi og Boom Rgphiphat.
Niprox leverer vassborne varme- og kjølesystem til store bygg over heile landet, der dei med si eiga oppskrift fjernar grunnlaget for korrosjon og avleiringar i rør og ventilar. Inge Ellingsund, som er gründeren i bedrifta, fortel at dei er avhengig av gode lokale leverandørar for å lukkast ute i den store marknaden.
... det er kjekt at vi som er gründerar i Florø kan levere frå oss ekte Florøprodukt - i topp kvalitet ...
Kort veg Niprox får månadlege leveransar frå Origod, gjennom heile året – og for oss er det veldig snautt å kunne ta kontakt
når vi treng nye delar. Dei ordnar opp på kort varsel. Sjølv om vi leverer til heile landet - også utanfor landegren-
sene - så er det viktig for oss å ha ein lokal leverandør, presiserer Inge. Det er berre å løfte av røret eller ta ein køyretur ut i Havreneset – så ordnar det meste seg. Reint Florø-produkt Det er kjekt at vi som er gründerar i Florø kan levere frå oss ekte Florøprodukt - i topp kvalitet. Delane som blir produserte hos Origod er med på å gje reint vatn og rør utan korrosjon hos til dømes Skatteetaten sin datahall, Ullevål Sykehus og Carlsberg Bryggeri i København.
ORIGOD AS
Postboks 274, 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 • post@origod.no
www.origod.no
Origod har over 30 års erfaring med levering av attføringstenester til NAV. Vi har vore i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre. I dag er vi ei kompetansebedrift med medarbeidarar som har utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing og pedagogikk - med eit breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.
A til Å - www.atilaa.no
Origod har gjennom mange år levert alt det rustfrie til anlegga våre, og er ein solid underleverandør. På den mekaniske verkstaden i Havreneset produserer og leverer dei rammer og andre delar, og tar seg av sveising av delane til anlegga. Vi har ein veldig god dialog, fortel Inge, og legg vekt på at Niprox alltid får det dei treng frå den lokale deleprodusenten. Det er flinke folk, som leverer kvalitet.