Skip to main content

ORIGOD Nyhetsbrev 1-2017

Page 1

Ei bru til arbeidslivet NYTT FRÅ ORIGOD AS

I

MARS 2017

Origod leverer på fleire plan

Unike gåver frå Kinn – made in Florø

Derfor engasjerer Siv Merete seg

ORIGOD BISTÅR FOLK TILBAKE TIL ARBEID Ønskjer du å få rettleiing i jobbsøking? Treng du å få utført ei mekanisk teneste? Ønskjer du ein samarbeidspartnar i rekrutteringa? Då er Origod bedrifta for deg. Vi er lokalisert i Havreneset i Florø og er ei attføringsbedrift med 50 tilsette. Origod leverer attføringstenester til NAV.


Her må vi

levere på fleire pla Alle som produserer noko i Florø brukar oss, fortel Hans Jørgen Prestrud, på veg gjennom kystbyen frå verkstaden i Havreneset til Ramco på Fjord Base. Vi har dei fleste kundane våre her i byen, men har også oppdrag både i Førde og resten av fylket. Ramco er ein viktig kunde, og vi legg vekt på å levere når dei treng det. I den mekaniske avdelinga utfører Origod produksjon innan alle materialtypar, som vanlig stål, rustfritt stål og aluminium – og leverer til store delar av industrien i Florø. Frå venstre: Mikael Eriksson, Hans Jørgen Prestrud, Raphiphat Disungnoen, John Rune Holm og Gaute Barstad.

Prestrud som jobbar på verkstaden til Origod fortel at dei har ei todelt rolle. Vi tek på oss oppdrag med dreiing, fresing, brenning og produserer delar og enkle maskiner for det lokale næringslivet. Samtidig er det minst like viktig at vi jobbar med arbeidsutprøving og arbeidstrening for folk som treng det. Kjenner folk og fag Her får folk som av ulike grunnar slit litt med å komme ut eller tilbake i ar-

beidslivet prøve seg på det verkelege arbeidslivet. Vi har ein god kombinasjon av utprøving og læring. Vi som jobbar her fast er ikkje pedagogar, men vanlege arbeidsfolk med ulike fagbrev og lang erfaring frå industrien. Hans Jørgen Prestrud, som sjølv er maskinoperatør, legg vekt på at dei er trygge i faga sine. Samtidig må vi ha ei viss evne til å hjelpe folk litt vidare på vegen mot arbeidslivet. Suveren levering


Origod er suverene til å levere delane og maskinene når vi treng dei, skryt Clive William Hopkinson i Ramco (t.h.), og får overlevert ein viktig komponent – levert på døra av Hans Jørgen Prestrud.

an

For Origod er det avgjerande å levere – både med å hjelpe folk inn på rett veg i yrkeslivet og på produksjonssida. Clive William Hopkinson, som tek i mot oss i hallen til Ramco på basen er klar i sin tale. – Vi er heilt avhengige av verkstaden til Origod fortel han, og tek i mot maskindelen Hans Jørgen har med til dei. Dei gjer ein kjempejobb, skryt PCU formannen i Ramco, og fortel at dei leverer heile tida – anten det er søndag eller måndag. Alt av drivverk og alle akslingar vi treng kjem frå Origod. – Eg trur at alt vi brukar har dei fingrane borti, smiler Clive William fornøgd før Origod-bilen igjen svingar ut igjen i Havreneset for å ta fatt på nye oppdrag for industrien og samfunnet.

Ann-Magritt Banne har designa dei nye kassane i lag med Bjørn Storøien, med utgangspunkt i gamle ølkasser

Unike gåver frå Kinn – MADE IN FLORØ

Ann-Magritt Banne har marknad og sal som sitt felt hos Kinn Bryggeri, og er opptatt av å treffe kundane sine forventningar både ute i verda og her i Florø. Sjølv om øl er det einaste vi lagar – så sel vi meir enn berre øl. Folk er ute etter unike varer, gåver og opplevingar – og det legg vi vekt på at dei skal få. Vi har hatt stor suksess med å selje brygget vårt i nostalgiske kassar – og gjerne i lag med ølglas med logoen vår. Kassane som vi har brukt så langt var for spinkle og vi var rett og slett ikkje heilt fornøgde med utforminga. Origod leverer mykje stålutstyr til bryggjeriet, og dermed vart det naturleg å inngå samarbeid om trekassane våre også. Grundig prosess Bjørn Storøien, som leiar tre-avdelinga hos Origod, og eg har vore gjennom ein grundig prosess, før vi kom fram til dagens kassar. Ann-Margritt held smilande fram ein gråbeisa kasse med Kinn-logo og plass til 6 store

flasker. Ho presiserer at det har vore avgjerande å samarbeide med ein lokal aktør. Dei er nært oss og Bjørn er ein kreativ kar som kan faget sitt godt. Unike og lokale Vi ventar inn nye småflasker med logoen prega i glaset, så vi legg sterk vekt på å få fram profilen vår og framstå som unike. Dei nye flaskene er kopiar av dei store og det vil passe med 8 slike flasker i kassane. Dette gler vi oss til å tilby folk. Dei nye kassane med innhald blir ei unik gåve, som mange vil sette pris på å både gje vekk og ikkje minst å få ved spesielle høver.


Avinorsjef og styreleiar i Origod – Siv Merete Stadheim – oppfordrar alle til å engasjere seg, for eit betre samfunn.

Derfor engasjerer Siv Merete seg Skapar resultat Det er mange ulike grunnar til at folk fell utanfor arbeidslivet i periodar av livet, men uansett grunn er det viktig med eit godt apparat for å hjelpe dei tilbake. Eg ser at medarbeidarane på Origod er veldig flinke, og tilpassar seg stadig nye politiske føringar. Det at ei bedrift klarer å skape resultat – og då tenkjer eg ikkje berre økonomisk – gjer det utruleg engasjerande å sitje i styret. Engasjer deg Origod jobbar i ein bransje som er i sta-

dig endring og utvikling på bakgrunn av politiske føringar. Ein sit midt opp i samfunnsutviklinga, og dei tilsette er flinke til å ta tak og tilpasse seg premissane som er i stadig endring. - For meg er det heilt naturleg å engasjere seg i samfunnet eg lever i, og det meiner eg alle burde gjere. Om alle bidreg litt, så blir det litt trivelegare for alle, seier Stadheim – som til dagleg styrer Florø Lufthamn. Ulike bakgrunnar Siv Merete er engasjert i fleire styreverv i fylket, både i næringslivet og

organisasjonslivet. Det er ekstra kjekt å vere i eit styre der vi ikkje er alt for like. - Det veldig givande å jobbe saman med folk som har anna bakgrunn enn meg sjølv, presiserer Siv Merete. I Origod er dagleg leiar Petter Refsnes flink til å halde styret oppdatert, og dette gjer at vi får eit godt grunnlag for å fatte vedtaka i styret. Eg drar vekslar på at eg får lære eit anna fagmiljø enn mitt daglege å kjenne, og eg trur at Origod kan dra vekslar på at eg har mine erfaringar med meg inn i styrerommet og bedrifta.

ORIGOD AS

Postboks 274, 6902 Florø Tlf. 57 75 21 40 • post@origod.no

www.origod.no

Origod har over 30 års erfaring med levering av attføringstenester til NAV. Vi har vore i kontinuerlig utvikling for å gjere metodane og arbeidsmåtane våre betre. I dag er vi ei kompetansebedrift med medarbeidarar som har utdanning og erfaring innan yrkesretta attføring, rettleiing og pedagogikk - med eit breitt kontaktnett mot det lokale næringslivet.

A til Å - www.atilaa.no

Det er utruleg viktig å gje folk sjansen til å komme tilbake til arbeidslivet, seier Avinorsjef Siv Merete Stadheim som har vore styreleiar i Origod sidan 2009. Det er ei viktig livsmeistring for den det gjeld og ei viktig samfunnsoppgåve for Origod. Å skape noko for enkeltpersonar og samtidig løyse ei utfordring for samfunnet rundt oss er avgjerande for mitt engasjement i Origod.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
ORIGOD Nyhetsbrev 1-2017 by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu